Sunnivaleia. -ei pilegrimslei frå Kinn til Selje. Foto: Arne K. Lyslo, Fritz Schjølberg, Knut M. Nesse



Like dokumenter
RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Til deg som bur i fosterheim år

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Pilegrimsvandring 2014 Lillehammer Trondheim. Odd Inge Vistad NINA - Avdeling for naturbruk

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Referat frå MINTA møte

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Stemnehandboka for NKSF

Vandring og reisemålsutvikling Døme frå Nordfjord Jens Chr. Skrede

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

5 stk flotte bustadtomter til sals

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Juvet Landskapshotell

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Jon Fosse. For seint. Libretto

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Spørjeundersøking om sentrumsområde

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Brukarrettleiing. epolitiker

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Samansette tekster og Sjanger og stil

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Bruk av reiserekning i Agresso

Månadsbrev for Rosa september 2014

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brukarrettleiing E-post lesar

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Lønnsundersøkinga for 2014

VOLLASETRA I SUNNDAL

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Pilegrim - over sjø og land

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bustadområde i sentrum. Vurdering

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Team Hareid Trygg Heime

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Transkript:

Sunnivaleia -ei pilegrimslei frå Kinn til Selje Forstudie utarbeida av prosjektgruppa Tekst: Sara Marie Ytrøy Foto: Arne K. Lyslo, Fritz Schjølberg, Knut M. Nesse

Innholdsfortegnelse 1.1 Introduksjon... 2 2.1 Pilegrimstradisjonen og den moderne pilegrim i Noreg... 3 3.1 Erfaringar frå eksisterande pilegrimsvegar... 5 3.1.1 Organiserte fellesvandringar... 5 3.1.2 Individuelle vandringar... 7 4.1 Sunnivaleia... 8 4.1.1 Segna om St. Sunniva... 8 4.1.2 Bakgrunn for Sunnivaleia... 9 4.1.3 Prosjektmål... 10 4.1.4 Beskriving av Sunnivaleia... 10 4.1.5 Sunnivaleias eigenart og attraksjonskraft... 18 4.1.6 Opplevingselement langs Sunnivaleia... 20 4.1.7 Sunnivaleias potensielle målgrupper... 21 5.1 Tilrettelegging og tiltak... 24 5.1.1 Realisering av prosjektet og prioriterte tiltak... 24 5.1.2 Plan for marknadsføring... 26 5.1.3 Kostnadskalkyle... 27 5.1.4 Korte og langsiktige mål... 28 Vedlegg 1... 30 Attraksjonar langs Sunnivaleia... 30 Matservering og butikkar langs Sunnivaleia... 34 Overnatting langs Sunnivaleia... 35 Vedlegg 2... 39 Overordna kart over Sunnivaleia... 39 Vedlegg 3... 40 Kart over Sunnivaleia i Flora... 40 Kart over Sunnivaleia i Bremanger... 41 Kart over Sunnivaleia i Vågsøy... 42 Kart over Sunnivaleia i Selje... 43 Vedlegg 4... 44 Døme organisert fellesvandring... 44 Biletmontasje: Arne K. Lyslo og Fritz Schjølberg Framsidebilete: Foto: Arne K. Lyslo 2

Skuleprosjekt frå Kinn. Foto: Knut M Nesse Klostermurane på Selja. Foto: Fritz Schjølberg Introduksjon Bakgrunnen for dette forstudiet er ynskje om å etablere ei pilegrimslei mellom Kinn og Selja, med namn Sunnivaleia. I dette forstudiet blir det kartlagt kva føresetnadar ein har pilegrimsvandring, og kva som må tilretteleggast for at Sunnivaleia skal realiserast. 2.1 Pilegrimstradisjonen og den moderne pilegrim i Noreg Pilegrimsreiser har eksistert sidan middelalderen, og ein pilegrim blei den gong definert som ein person som vandrar frå stad til stad. I middelalderen vandra pilegrimane til ein heilag stad for å komme nærmare Gud. Årsaka til at folk la ut på pilegrimsvandringar var mange; sjuke drog i håp om å bli helbreda mens andre reiste for å takke Gud for at han hadde frelst dei frå sjukdom og synd. Vandringa kunne også vere ei form for bot eller straff viss ein hadde handla mot Gudstrua. Nærleik til Gud og det religiøse er viktig også for dagens pilegrimar. Per K. Uddu, forfattar av pilegrimsrapporten På livets vei, definerar dagens pilegrimar som personar med eit religiøst motiv som foretar ei reise mot eit heilag mål. Ein ser samtidig at det også er andre årsaker til at folk i dag vel å leggje ut på ei pilegrimsvandring, og det er ikkje nødvendigvis alltid det religiøse som er motivet bak vandringa. Det kan vere eit ynskje om ei forandring frå kvardagen, der ein finn stillhet og ro frå kvardagens mas. Mange ynskjer å nyte naturen, og ei pilegrimsvandring kan vere ein annleis måte å oppleve dei norske turstiane og naturen på. Ei pilegrimsvandring kan vere utfordrande, og dette kan også vere eit motiv for mange; klarer ein å gjennomføre heile vandringa? Det er få handfaste tal og statistikkar over kven og kor mange som legg ut på pilegrimsvandringar i Noreg. Informasjon frå Pilegrimsfellesskapet St. Jakob i Oslo, Pilotprosjektet Pilegrimsleden og Nidaros Pilegrimsgård viser at det likevel er ei felles oppfatning av kven pilegrimsvandrarane i Noreg 3

er. I følgje disse aktørane er dei fleste pilegrimsvandrarane i Noreg nordmenn. Dei fleste av disse er kvinner i alderen 45 år og eldre, og dei vandrar i grupper. Aktiviteten knytt til pilegrimsvandring i Noreg er konsentrert rundt høgtider og andre religiøse merkedagar, og dei fleste som vandrar deltar på organiserte fellesvandringar som er knytt til desse merkedagane. Desse vandringane er organiserte på ein annan måte enn dei individuelle vandringane, gjennom at ein for eksempel har bestilt overnatting og matservering på førehand. I tillegg er det vanleg å ha transport som fraktar bagasjen til pilegrimane mellom overnattingsstadane. Denne forma for organisering av vandringane har gjerne ein breiare appell enn det å vandre aleine. Her deltar både truande og ikkje truande, og personar som gjerne ikkje hadde klart å gjennomføre vandringa på eiga hand. Her ser ein også at ynskje om å vere del av eit fellesskap kan vere ein viktig årsak til at mange vel å delta på denne forma for pilegrimsvandring. Slike fellesvandringar er ofte tilrettelagt for at ein kan besøke og få omvisning i kyrkjer og andre kulturminne langs vegen, noko som også er med på å gjere vandringa attraktiv, då ein på denne måten knyt vandringa opp til lokal kultur og historie. Når det gjeld individuelle vandringar ser man ein tendens blant dei norske pilegrimane at dei har overført den norske turtradisjonen med korte turar på 1 3 dagar til sine pilegrimsvandringar. Ein kan dermed omtale dei norske individuelle pilegrimansvandrarane som kortdistansevandrarar. Dette kan tyde på at kortare turar langs pilegrimsleier kan ha eit potensial i Noreg. Det er også eit lite antal utanlandske pilegrimar som vandrar i Noreg. Dei er i hovudsak erfarne pilegrimsvandrarar frå Europa, og kan i større grad omtalast som langdistansevandrarar, då dei gjerne vandrar fleire veker i strekk. Kortdistansevandrar ved Svarstad Foto: Arne K Lyslo Frå området rundt Dalheim Foto: Arne K. Lyslo 4

3.1 Erfaringar frå eksisterande pilegrimsvegar Dei siste åra har det vore auka bevisstheit rundt pilegrimstradisjonane i Noreg, og ein har hatt eit fokus på utvikling av både nye og eksisterande pilegrimsleier i Noreg. Resultata og erfaringane frå dette arbeidet vil vere viktig å ta med i betraktning i utviklinga av ei nye pilegrimslei mellom Kinn og Selja. 3.1.1 Organiserte fellesvandringar Pilegrimsvegen i Valdres er i likskap med Sunnivaleia ein veg som ikkje endar i Nidaros, men som går til eit eige pilegrimsmål, og er difor ein pilegrimsveg det vil vere nyttig å studere arbeidet frå. Pilegrimsvegen i Valdres går frå Hedalen stavkyrkje til St. Thomas kyrkja på Filefjell. At pilegrimsmålet for denne vegen ikkje er Nidaros var ei utfordring for arbeidet med denne leia, då ein opplevde at dette avgrensa mange moglegheiter. Ein fekk til dømes avslag på søknad hos Riksantikvaren om å få bruke den offisielle pilegrimslogoen på leia. Regjeringas nasjonale pilegrimssatsing dreiar seg i all hovudsak om Nidaros, og andre pilegrimsmål i Noreg, som Selja og St. Thomas kyrkja, får i denne samanheng lita merksemd, då det er arbeidet med pilegrimsvegar som endar i Nidaros som prioriterast. Likefullt er vegen i dag en realitet, som følgje av ildsjelar som har lagt ned mykje arbeid i prosjektet. Arbeidet med pilegrimsvegen i Valdres starta i 2004, og ein opna offisielt vegen med ei fellesvandring i 2006. I år har vegen 5 års jubileum, og ein har hausta mange erfaringar som vil vere nyttige å ta hensyn til i arbeidet med Sunnivaleia. Her kan ein trekkje fram viktigheita av godt organiserte fellesvandringar, både når det gjeld å få merksemd og kjennskap til pilegrimsvegen og for å gje pilegrimsvandrarane ei god oppleving. Nidaros er det største og mest kjente pilegrimsmålet i Noreg, og pilegrimsvegen til Nidaros kan tenkast å overleve utan organiserte fellesvandringar. Det same kan ikkje seiast om pilegrimsvegar til andre pilegrimsmål, sjølv om mange tidlegare har valfarta til desse stadane. Dette gjeld både Valdres og Selja. Organiserte fellesvandringar er difor viktige for å bli kjent som pilegrimsmål, og erfaringar frå pilegrimsmiljøet i Noreg viser at dei få individuelle pilegrimsvandrarane vandrar på pilegrimsvegar som er godt etablerte og tilrettelagde. Ei godt tilrettelagt fellesvandring inneberer at bestilling av mat, overnatting og bagasjetransport er nøye planlagt. Det er også viktig å vurdere kor mange deltakarar ein har kapasitet til å ha med. Dette gjeld ikkje berre knytt til overnatting og mat, men også med tanke på at ein skal gå samla. I Valdres har ein konkludert med at ca 25 deltakarar er optimalt. Det må vurderast om dette er eit antal som 5

vil vere passande på vandring frå Kinn til Selja. Prisen på fellesvandringane i Valdres har vore rundt 400 kr per døgn, og om lag 3200 kr for heile turen. Dette inkluderer mat, overnatting og bagasjetransport. Dette er om lag same pris som ein tar på fellesvandringa til Nidaros, og ein bør prøve å leggje til rette for eit tilsvarande prisnivå på fellesvandringane langs Sunnivaleia. Ein reknar at det tar om lag ei veke å gå pilegrimsvegen i Valdres. Dette opplevast som positivt for deltakarane, då dette er ei varigheit som passar i ferieplanane for mange. Dette samsvarar også med tendensen om at norske pilegrimsvandrarar gjerne er kortdistansevandrarar, og er med på å gjere vegen tilgjengeleg og gjennomførbar for fleire. Samstundes er det svært viktig å stille krav til deltakaranes fysiske form. Pilegrimsvegen i Valdres er 162 km lang, og inneberer at ein må gå frå 12 til 28 km kvar dag i 8 dagar, i eit rimeleg tempo. På nokre av vandringane i Valdres måtte ein improvisere med bilskyss kvar dag for å få nokre av deltakarane fram, då dei ikkje var i god nok form. Dette skapte mykje ekstraarbeid for leiarane, samstundes som at tidsskjemaet blei forskjøve. Krav til fysisk form og helse blir dermed viktig å tydeleggjere i marknadsføringa, både når det gjeld kven ein skal henvende seg til og kva kanalar ein skal gå gjennom for å nå målgruppa. På fleire av dei organiserte fellesvandringane deltok det såkalla dagsturistar som gjekk delar av vegen. Sjølv om dei gjerne ikkje kjem inn i gruppa på same måte som dei andre deltakarane, er dei viktige, blant anna for å skape interesse for seinare vandringar. Dette er gjerne lokalbefolkninga i området ein går gjennom, og at desse har moglegheit til å delta er viktig for å skape ei lokal tilknyting til pilegrimsvegen. Av andre element på vandringane som har blitt opplevd som svært positivt, er overraskingar på vegen, som for eksempel ekstra matservering eller likande. Også omvisning på kulturelle attraksjonar har vore eit viktig innslag på vegen. Dette er det gjerne lokale personar som står for, noko som er med på å skape kontakt mellom lokalbefolkninga og pilegrimane. På denne måten oppnår ein samstundes at lokalbefolkninga blir kjent med pilegrimsvegen, og kan vere med på å skape eit lokal engasjement. Dette er viktig, då ein er avhengig av ei engasjert lokalbefolkning for å gjere pilegrimsvegane mest mogleg bærekraftige; det er dei som held leia ved like, og ein nyt godt av å ha ein lokalbefolkning som er stolt av lokalkulturen sin, og ynskjer å vise den fram til pilegrimane. Kontakten mellom pilegrimane og lokalbefolkninga er svært viktig, og ein er avhengig av dette for å ha ei levedyktig pilegrimslei. I Valdres har ein også organisert kortare vandringar, der ein har hatt overnatting av høgre standard med full forpleining. Her får ein ikkje det same fellesskapet som under fellesvandringane der ein for 6

eksempel lagar mat saman, men dusj og gode senger verkar lokkande etter ei lang vandring. Desse vandringane er viktige på den måten at det kan vere inngangsporten til ei lengre vandring på eiga hand. Samstundes kan slike kortare turar vere meir attraktive for andre målgrupper enn dei som deltar på heile fellesvandringane eller vandrar aleine, ved at ein har god komfort og standard på overnattingane. Desse vandringane har i større grad vore tilpassa det moderne menneske, som ynskjer å kombinere både vandring og komfort. Gjennom dei kortare vandringane har ein samtidig lagt til rette for å nytte seg av eksisterande overnattingstilbod, og ein støtter på denne måten opp om det lokale næringslivet, noko som er viktig i eit reiselivsmessig perspektiv. 3.1.2 Individuelle vandringar Sjølv om det no er 5 år sidan arbeidet med Pilegrimsvegen i Valdres starta er den framleis ikkje fullstendig tilrettelagt for individuelle vandringar. Heile vegen er merka, og det er overnattingsmoglegheiter mellom kvar dagsetappe. Likevel har ein opplevd etterspørsel blant dei individuelle vandrarane etter fleire overnattingsmoglegheiter med kortare avstand mellom kvar, og det arbeidast no med å utbetre dette. For at moglegheita for individuelle vandringar skal vere ein realitet er det viktig at heile vegen er godt merka, og at ein har godt vedlikehald av vegen gjennom kontinuerleg rydding, skilting og merking for at den skal vere framkommeleg for pilegrimar som vandrar aleine, og som ikkje er kjent i området. Ein er også avhengig av ei informasjonsformidling om kvar ruta går, kor ein kan overnatte og kva mattilbod som fins langs vegen, i form av ei brosjyre eller informasjonsskriv, i tillegg til å ha tilgjengelege kontaktpersonar. Prosjektgruppa ynskje ei eiga merking av Sunnivaleia. Vårt framlegg er at vi nyttar det tradisjonelle pilegrimsmerket Olavskorset saman med ei blå bylgje (som Nordsjøløypene). Det må innhentast løyve for å få det til, men vi tenkje at det kan vere første steg på vegen mot ein samanhengande pilegrimslei langs kysten mot Nidaros. Då vil dette merket kunne nyttast. Alternativt må vi lage eit eige merke med utgangspunkt i Sunnivasoga og kysten. Som tidlegare nemnd er det svært få individuelle pilegrimsvandrarar i Noreg. Dette gjeld også for pilegrimsvegen i Valdres. I 2006 var det ein person som vandra på eiga hand, og i 2007 og 2008 var det to personar. Dette heng saman med at vegen er relativt ny og lite kjend, og vitnar om at det tar tid å få utvikla ein pilegrimsveg som tiltrekker individuelle pilegrimsvandrarar i større skala. Dette viser at ein i utviklinga av ei ny pilegrimslei bør prioritere godt organiserte fellesvandringar i fyrste omgang, og at utviklinga av ei godt tilrettelagt lei som er framkommeleg for individuelle vandrarar er eit langsiktig arbeid. 7

4.1 Sunnivaleia 4.1.1 Segna om St. Sunniva Bakgrunnen for Selja og Kinn som pilegrimsmål er segna om St. Sunniva. Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå Irland for å sleppe unna ein heidningkonge som ville true henne til å gifte seg med han. Sunniva hadde med seg eit lite følgje, og dei la ut i 3 båtar utan segl eller årar Sunniva stolte på at Gud ville føre dei trygt over havet. Båtane kom frå kvarandre, og ein av dei dreiv i land på Kinn deriblant Borni, syster til Sunniva. Sunniva og resten av følgjet dreiv i land på Selja. Det var ikkje busetnad på Selja, Selje kloster Foto: Fritz Schjølberg men folk på fastlandet brukte å ha buskapen på beite der. Det hende at nokre av dyra kom vekk ute på øya, og Sunniva og følgjet hennar blei skulda for å stele dyra. Bøndene klaga til Håkon Ladejarl, som på denne tida rådde i Noreg. Han reiste til øya med hærfolk for å drepe Sunniva og følgjet hennar. Då Sunniva såg hærfølgjet komme, gjekk ho saman med følgjet sitt inn i ei hole og bad til Gud om å bli verna frå å falle i hendene på jarlens menn. Berget rasa då saman over dei og stengde att hola. Noko seinare begynte det å hende underlege ting på Selja. Nokre kjøpmenn som segla i Ulvesundet sør for Selja såg eit underleg lys over øya. Dei gjekk på land, og oppdaga at lyset kom frå ein hovudskalle. Dei tok med seg hovudskallen til Olav Trygvasson i Trondheim, som meinte hovudskallen måtte vere ein relikvie. Kong Olav tok med seg biskopen i Nidaros og drog til Selja. Der fann dei velluktande menneskebein og kroppen til Sunniva, som var heil og uskadd. I år 996 utnemnde Olav Trygvasson Selja til den fyrste heilage staden i Noreg, og Sunniva til helgen. St. Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og segna om ho var svært viktig i kristninga av Noreg. 8

Segna om St. Sunniva gjorde at mange pilegrimar kom til både Kinn og Selja i middelalderen, og Selja er eit av dei viktigaste og eldste pilegrimsmåla i Noreg. Kystleia var Noregs viktigaste ferdselsåre, og dermed vår viktigaste pilegrimsveg. Kinn og Selja var difor også viktige mål på vegen mot Nidaros, då dei fleste pilegrimane i Noreg reiste sjøvegen og dermed segla forbi Kinn og Selja. Kinn og Selja var naturlege stoppestadar for dei sjøfarande pilegrimane, og begge stadane har ein viktig historisk plass i den norske pilegrimstradisjonen. 4.1.2 Bakgrunn for Sunnivaleia Med bakgrunn i segna om St. Sunniva og den nasjonale satsinga på utvikling av pilegrimsleier i Noreg ynskjer ein å knytte Kinn og Selja saman gjennom ei pilegrimslei kalt Sunnivaleia. Sunnivaleia vil vere den einaste pilegrimsleia i Noreg som går langs kysten, og skal gå gjennom dei 4 kommunane Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Sunnivaleia startar på Reksta og fortset over til Kinn. Bilete frå Kinn Foto: Knut M. Nesse 9

4.1.3 Prosjektmål Prosjektet Sunnivaleia skal leggje til rette for pilegrimsvandring mellom Kinn og Selje gjennom nom å: 1. Merke vegen og gjere kulturminne langs vegen tilgjengelege 2. Skaffe oversikt over overnattingsstader og matservering langs leia 3. Leggje vekt på det åndelege innhaldet i vandringane: bønnene, gudstenester og Sunnivalegenda 4. Kartleggje korleis ein skal legge til rette for organiserte vandringar og eventuelle pakketurar 4.1.4 Beskriving av Sunnivaleia Sunnivaleia i Flora Sunnivaleia vil starte på øya Reksta, vest for Florø. For å komme hit tar ein rutebåt frå Florø til Selvåg, som går både på morgon, ettermiddag og kveldstid. Frå Selvåg vandrar ein langs sørsida av øya til ein kjem til Rognaldsvåg, som er den største bygda på øya. Denne strekninga er ca 6 kilometer lang, og den går langs ein sti i flatt terreng, noko som gjer vandringa lite krevjande. Det er imidlertid ikkje merking langs stien, men det er likevel lett å finne fram. I Rognaldsvåg er det ein liten butikk med kafékrok, der ein kan handle det ein treng før turen går vidare med båt til naboøya Kinn. Pilegrimar på veg til Kinn med rutebåten Foto: Knut M. Nesse 10

På Kinn fortset leia frå kaia og går rundt øya. Dette er ei strekning på om lag 5 kilometer, og med unntak av ei bratt stigning opp Høyskaret er det stort sett flatt terreng. Det er tydelig sti rundt heile øya som tydelig viser kvar ein skal gå. Turen tar om lag 2 timar, og på nordsida av øya kjem ein til Kinnakyrkja, som Borni etter legenda skal ha bygd. Vidare kjem ein til Kinn Gjestehus og det gamle skulehuset, som er overnattingsalternativa på øya. Overnattinga i skulehuset er utvikla spesielt til Sunnivaleia, der ein kan overnatte rimeleg med enkel standard. Huset er omtrent klart til bruk det er kun ferdigstilling av inngangspartiet som gjenstår. Pilegrimar på Kinn Biskop Ole D Hagesæther i Kinn kyrkje Foto: Knut M Nesse Etter å gått Sunnivaleia på Reksta og Kinn må ein tilbake til Florø for å fortsette på leia. I Florø har ein eit godt utval av restaurantar, kafear og butikkar om ein har behov for noko før ein fortsetter på leia. Frå Florø tar ein båt vidare til Smørhamn i Bremanger. Dette er båtruter som går fleire gongar dagleg, og gjer at ein kan komme seg vidare både på føre og ettermiddag. 11

Leia i Bremanger Smørhavn ei naturperle i Bremanger Foto: Arne K. Lyslo Sjøbuder til god og billeg overnatting Foto: Fritz Schjølberg Bremanger vil Sunnivaleia starte i Smørhamn. Kjem ein til Smørhamn på kveldstid vil det vere aktuelt med ei overnatting i gamle huset ved Smørhamn Rorbuer, der ein overnattar i historiske omgivnadar i den gamle handelsstaden. Denne overnattingsstaden skal tilretteleggast for 12

Sunnivaleia, slik at ein også her får enkel og rimeleg overnatting. Det er også fleire andre overnattingstilbod i området, dei fleste i Kalvåg, som ligg om lag 4 kilometer vest for Smørhamn. Sjølve Sunnivaleia fortset nordover frå Smørhamn, men det kan likevel vere aktuelt med ein avstikkar til Kalvåg, der ein blant anna kan besøke Frøya kyrkje og eit av dei best bevarte sjøhusmiljøa i Sogn og Fjordane. Her er det også daglegvarebutikk, restaurant, kafé, post og bank. Når ein fortset på Sunnivaleia går ein langs hovudvegen der dette er nødvendig, men hovuddelen av leia går i terrenget. Terrenget er variert, og krev at deltakarane har god form og helse. Etter å ha gått om lag 15 km kjem ein til Hauge, ein tettstad med butikkar, matservering og overnattingsmoglegheiter i form av hytter, rorbuer og pensjonat. Her bør ein gjerne kjøpe mat og det ein treng til neste dag, då det ikkje er fleire moglegheiter til dette vidare langs leia i Bremanger. Her kan ein også ta ein avstikkar frå løypa til Grotle, der ein finn den kjende Grotlesanden og ein freda gravplass frå 1300 talet. Når ein forset på Sunnivaleia kjem ein litt lenger nord til Dalheim, der ein har moglegheit for enkel overnatting for pilegrimar i eit hus eigd av Nordmisjonen. Ein reknar at det tar om lag ein dagsetappa frå Smørhamn til Dalheim, ei etappe på ca 20 km. Frå Dalheim går leia vidare til Oldeide, ei strekning på om lag 6 km. Her går leia vidare med ferje til Måløy i Vågsøy. Om lag 10 km av leia i Bremanger treng merking og rydding, og dette er arbeid som må gjerast før ein kan gjennomføre vandringar langs heile leia. Vakker natur ved Svarstad Foto: F.S. Overnatting Dalheim Foto: A.K.L Gravplass Grotle Foto: F.S 13

Litt av terrenget fra Svarstad mot Oldeidet Foto Fritz Schjølberg 14

Ferge fra Oldeide til Måløy Foto Arne K.L. Leia i Vågsøy Kjem ein til Vågsøy på ettermiddag eller kveldstid vil det vere nødvendig med overnatting her. Av rimelege overnattingstilbod har ein Måløy Gjestgiveri, med sentral lokalitet. Elles er det mogleg med overnatting på hytter eller camping, men disse ligg ikkje i Måløy sentrum, og ein må då bevege seg vekk frå der ruta skal gå. Ein overnattingstad med tilknyting til segna om St. Sunniva er Ulvesund fyr. Det var her handelsmennene som oppdaga relikvie på Selja skal ha sett lyset frå øya. For å komme hit må ein ta ein avstikkar frå hovudruta, og ein må bruke ein ekstra dag om ein ynskjer å ta turen hit. Sjølve ruta i Vågsøy vil gå langs vegen frå Måløy austover til Nygård, ei strekning på om lag 6 km. Her kan ein gå over på ein 1,5 km lang rideveg. Ridevegen endar på hovudvegen, og ein følgjer denne til Austdalen, der ein går vidare på ein tursti som endar ved Holmely retreatsenter. Undervegs kan ein ta ein avstikkar til Synnevahornet, Vågsøys høgste fjell som er Holmely på bryggja Foto Knut M. Nesse 15

oppkalla etter St. Sunniva. Den første delen av denne turstien er lett framkommeleg og godt merka, men når ein kjem til Inste Raudeggvatnet er stien gjengrodd og det er behov for både rydding og merking. Det er om lag ei dagsetappe frå Måløy til Holmely. Ved Holmely retreatsenter og Fjordly leirstad er det mogleg for rimeleg overnatting. Vidare går leia mot Rimstad og over den gamle postvegen til Selje. Dette er truleg ei gammal ferdselsåre for pilegrimar på veg mot Selja. Det tar ca 30 min å gå frå Holemly til Rimstad. I Rimstad kan ein besøke eit kunsthus der det er mogleg å få servering av enkel mat samt omvisning etter avtale. Vidare tar det ca 3 4 timar å gå postvegen til Selje. Om lag halvvegs er det mogleg med ein kort avstikkar til ein gammal sæter. Stien mellom Rimstad og Selje er lett framkommeleg, men det er behov for merking for at personar som ikkje er kjend i området skal kunne finne fram. Leia i Selje Fra Rimstaddalen til Berstad i vakker natur Foto Fritz S. 16

Postvegen frå Rimstad endar i Berstad i Selje, og Sunnivaleia går vidare langs hovudvegen til Selje. Det er også mogleg å gå på ein sti frå Eide til Selje, men det er uklart kor godt denne er merka. Totalt er leia på fastlandet i Selje om lag 10 km. Når ein kjem fram til Selje tar ein rutebåten ut til øya Selja, der helgenanlegget og klosterruinane er. Her kjem ein til bygda Bø, som truleg var kongsgard då bispesete for Vestlandet låg på Selja. Det er sti rundt heile øya, men det er stien langs nordsida av øya som er mest brukt. Denne er godt merka og lett framkommeleg i flatt terreng. Stien er 1,5 km lang og det tek om lag 20 minutt å gå frå Bø til Klosteret. Stien langs sørsida av øya er meir krevjande og ikkje like mykje brukt. Det arbeidast med å rydde og merke stien, slik at den blir meir framkommeleg. Dette arbeidet er truleg ferdig i løpet av sommaren 2010. Det er likevel mogleg å gå denne 3 km lange stien slik den er i dag, og dette vil ta om lag ein time. Det er også mogleg å gå over toppen av øya, ein tur som tek om lag 1 og ½ time. Å gå Sunnivaleia i Selje er om lag ein halv dagsetappe. Etter å ha vore på Selja vil det gjerne vere naturleg med ei overnatting i Selje, ettersom ein gjerne ynskjer å bruke god tid då ein er komen fram til pilegrimsmålet for Sunnivaleia. For rimeleg overnatting kan Selje Sjøhus vere eit alternativ. I tillegg er det mange attraksjonar knytt til segna om St. Sunniva i Selje som ein gjerne ynskjer å bruke tid på i Selje. Det er også mogleg å fortsette vandringa utover Stadlandet til den historiske staden Dragseide vidare til Ervik, og det er ynskje om å forlengje Sunnivaleia hit. På veg til klosteret Foto Fritz S. 17

For kart over leia, sjå vedlegg 2 og 3. 4.1.5 Sunnivaleias eigenart og attraksjonskraft Sunnivaleia vil vere den einaste pilegrimsleia i Noreg som går både til sjøs og på land. Kysten var den vanlegaste og viktigaste ferdselsåra i middelalderen, og var dermed også Noregs viktigaste pilegeimsveg. Den norske pilegrimen har dermed historisk sett i stor grad vore ein sjøfarande pilegrim. Å ha ei pilegrimslei langs kysten vil difor både vere viktig i ein historisk samanheng, samtidig som ei slik lei har andre særpreg og innhald enn pilegrimsleiane i Spennende veg langs kysten Foto Fritz Schjølberg innlandet. Dette er faktorar som gjer Sunnivaleia unik som pilegrimslei, både i ein norsk og internasjonal samanheng. Dette ser ein også gjennom interessa for ei pilegrimslei langs kysten. Kystvegen til Nidaros har hatt mykje fokus i pilegrimsmiljøet i Noreg, noko ein har merka både på Kinn og Selja. I år har det vore 30 individuelle pilegrimsvandrarar på Kinn, og alle hadde anten vore eller skulle vidare til Selja. Klosteret og helgenanlegget på Selja er den største turistattraksjonen i Selje, og har i år hatt rundt 6 7000 besøkande. Også her opplev ein at interessa for Selja som pilegrimsmål, ikkje berre turistattraksjon, aukar. 18

At Sunnivaleia går langs kysten vil også vere ein styrke og ressurs i forhold til leia som reiselivsprodukt, gjennom at ein ved utvikling av leia styrkar tilboda til turistane i området. Samtidig kan Sunnivaleia vere eit produkt som har ei attraksjonskraft som kan trekke turistar til området. Naturen er utgangspunktet for reiselivsnæringa i området, og Sunnivaleia vil vere er ein unik og ny måte å oppleve denne naturen på. Sunnivaleia er nemleg ikkje berre ei vandring mellom to viktige pilegrimsmål i Noreg på vegen vandrar ein i eit unikt og mektig mektig fjord og kystlandskap frå små viker og sandstrender til høge fjell og fjordar. Ein er innom både by og bygd, og kan besøke små, men levande øysamfunn i havgapet, som nok kan opplevast som eksotisk og interessant for mange. Samstundes går ein gjennom ubebudde områder, der ein kan finne ro og vere utilgjengeleg for kvardagens mas, noko som både er ein viktig del av å vere pilegrimsvandrar og noko mange turistar sett pris på. Samstundes ser ein at eit reiselivsprodukt basert på naturopplevingar gjennom vandring, der ein kan stresse ned og komme vekk frå kvardagens mas er eit tidsriktig produkt. Marknadsundersøkingar viser at vandring og fotturar i naturen er den aktivitetsforma flest nordmenn ynskjer på sin Noregsferie. Det vil difor vere viktig for reiselivsnæringa at ein har eit godt tilbod på dette området. Sunnivaleia vil vere eit viktig bidrag til dette og vil slik komme reiselivsnæringa til gode gjennom at ein får godt merka turløyper noko turistane i området etterspør. Sunnivaleia knytter det historiske anlegget på Selje og kyrkja på Kinn saman. Desse stadene trekkjer alt i dag mange historisk interesserte turistar. Stadene må bevarast for framtida. Det kan berre gjerast ved ein god og bærekraftig bruk av dei. Å etablere Sunnivaleia vil gje desse historiske stadene auka merksemd og pilegrimsvandringa vil vere ein riktig og god måte å bruke anlegga på. Sunnivaleias potensial både som pilegrimslei og turistattraksjon er difor i høgste grad tilstade, gjennom at leia har eit innhald som er attraktivt både for pilegrimar og turistar. Samstundes er tidspunktet riktig for ei satsing på dette område, både sett i samband med dagens fokus på pilegrimstradisjonen i Noreg og det faktum at fleire og fleire etterspør reiser der ein som turist er ein del av naturen. Naturopplevingar er grunnlaget for reiselivsnæringa i området, og ei pilegrimslei mellom Kinn og Selje vil vere eit nytt reiselivsprodukt ein ikkje har andre stadar langs kysten. I tillegg vil leia vere med på å knyte reiselivet i dei 4 kommunane nærare saman, og legg til rette for at turistane kan oppleve naturen og området her på ein ny måte. 19

4.1.6 Opplevingselement langs Sunnivaleia Ein ynskjer å tilrettelegge Sunnivaleia slik at den appellerar til flest mogleg, gjennom å formidle lokal kultur og historie, i tillegg til det religiøse. Då Sunnivaleia vil vere den einaste pilegrimsleia i Noreg som går langs kysten, der ein kombinerer vandring med båtskyss har leia andre opplevingselement enn andre pilegrimsleier i Noreg. På dei individuelle vandringane vil opplevingselementa i hovudsak vere knytt til naturopplevingar og det som finnast av tilbod i området ein vandrar i. For å gje dei individuelle vandrarane ei størst mogleg oppleving er det viktig å formidle informasjon om kva som fins i området rundt leia. På denne måten kan ein samstundes bidra til at dei blir lengre på kvar stad. I vedlegg 1 er det utarbeide ein oversikt over attraksjonar langs Sunnivaleia, samt ein oversikt over kva tilbod ein har innan matservering og varehandel i området. Fra kirkegarden på Grotle Foto Arne K.L og Fritz S På dei organiserte vandringane har ein større moglegheiter til å legge til rette for andre element som aukar opplevinga for deltakarane. Dette er viktig å organisere for å gjere fellesvandringane mest mogleg attraktive for flest mogleg vandrarar. Utover dei tilboda som allereie finnast kan ein på dei organiserte vandringane i større grad leggje til rette for opplevingselement knytt til formidling av 20

lokal kultur og historie, i tillegg til den religiøse bodskapen ein ynskjer å formidle. Eksempel på dette kan vere at ein brukar lokale guidar undervegs, som fortel om den lokale kulturen og historia og området ein er i. Ved å bruke lokalpersonar til dette arbeidet skapar ein samtidig kontakt mellom pilegrimane og lokalbefolkninga. Knytt til det religiøse kan slike element vere friluftsgudstenester, gudstenester i kyrkja på Kinn og ved helgenanlegget på Selja eller kyrkjekonsertar som er opne for alle. Det er også mogleg å legge til rette for avstikkarar frå leia, og her ynskjer ein å legge inn ein båttur til Ulvesund, som er knytt til segna om St. Sunniva, og vidare til Silda ei øy som mange pilegrimar truleg stoppa på på sin veg til Selja. Det vil også vere viktig å legge inn overraskingslemenet i løpet av turen, noko ein har hatt positive erfaringar med i Valdres. Dette kan til dømes vere at ein har ekstra matservering langs løypa, ei utflukt deltakarane ikkje veit om eller liknande. Ein god måte å formidle lokal kultur på er å gjere dette i samband med måltida ein har undervegs. Å nytte kortreist mat, og lage matrettar som er spesielt for regionen kan vere med på å gjere måltida til ei oppleving i seg sjølv, spesielt viss vandrarane får vere med å lage maten. Ein bør også knytte fellesvandringane opp mot dei arrangementa ein har langs leia i samband med ulike merkedagar. Dette er noko som kan forsterke opplevinga for vandrarane, og knytt til Sunnivaleia kan ein arrangere vandringar i tilknyting til Kinnaspelet, Olsok, Seljumannamesse og Sunnivafestspela. Å komme fram til anten Selja eller Kinn til desse arrangementa vil vere ei minnerik avslutning på ei pilegrimsvandring. Det er mange moglegheiter knytt til å gje Sunnivaleia ein brei appell, og til å gjere leia til ein formidlar av lokal kultur og historie, i tillegg til å vere ei religiøs oppleving. Ein må tilrettelegge Sunnivaleia slik at ein drar nytte av dei ressursane ein allereie har for å gje pilegrimsvandrarane ei unik oppleving. Pilegrimsmiljøet i Noreg er lite, og Sunnivaleia vil difor nyte godt av eit positivt omdømme, då deltakarane på fellesvandringane sannsynlegvis vil dele sine erfaringar med andre pilegrimar i Noreg. 4.1.7 Sunnivaleias potensielle målgrupper Basert på informasjonen om pilegrimsvandrarar i Noreg tidlegare i rapporten, kan ein slå fast at hovudmålgruppa for Sunnivaleia som pilegrimsveg er norske kvinner i alderen 45 år og eldre. Samanliknar ein dette med dei demografiske kjenneteikna av nordmenn som er interessert i naturbaserte feriar i Noreg for å oppleve vandring i naturen samanfell resultat, då det er eit fleirtal av kvinner i alderen 40 59 som er interessert i denne ferieforma. Sunnivaleia har med andre ord ei felles demografisk målgruppe for leia som pilegrimsveg og som reiselivsprodukt. Undersøkingar visar også 21

at kvinner er mest interesserte i lokal kultur og historie. Å formidle dette gjennom Sunnivaleia vil vere eit viktig innhald i leia, og er med på å gjere den attraktiv for målgruppa. For at Sunnivaleia skal ha ein brei appell er det viktig at ein har varierte overnattingsmoglegheiter. Marknadsdata frå Innovasjon Norge viser at gode buforhald og overnattingsmoglegheiter er ein drivar for Noreg som reisemål. Det er difor viktig at dei som ynskjer overnatting med god standard har moglegheita til dette. For å appellere til denne delen av målgruppa, bør ein differensiere produktet gjennom å pakke ein tur der ein har god standard på overnattingane. Ein ynskjer å pakke Sunnivaleia på 3 måtar: 1. Organiserte fellesvandringar langs heile leia 2. Kortare fellesvandringar langs delar av leia 3. Individuelle vandringar Organiserte fellesvandringar langs heile leia Deltakarar: Ein har kome fram til at ein skal leggje opp til 20 deltakarar på dei organiserte fellesvandringane som går heile vegen mellom Kinn og Selja. Det er viktig at alle deltakarane har god fysisk form, og klarer å gå mellom 10 til 20 km på kvar etappe. Knytt til påmelding ynskjer ein å marknadsføre turen i god tid, utan at ein har ein fast påmeldingsfris. Det vil vere mogleg å melde seg på heilt til det ikkje er plass til fleire. I forhold til dagsturistar vil det ikkje vere noko maks antal som kan vere med det skal vere mogleg for alle som vil å delta på dei ulike dagsetappane og vandre saman med pilegrimsvandrarane. På denne måten legg ein opp til å inkludere lokalbefolkninga, samstundes som tilreisande turistar som ikkje har høyrt om vandringa på førehand har moglegheit til å delta. Dette vil vere med på skape interesse for Sunnivaleia, og vil vere viktig for å gjere leia kjent. På desse turane vil ein leggje opp til at ein nyttar seg av dei enkle overnattingsmoglegheitene som er tilrettelagt spesielt for Sunnivaleia. I etableringsfasen av Sunnivaleia vil hovudmålgruppa for deltaking på heile vandringa i fyrste omgang vere lokale personar med eit religiøst motiv og dei som er ein del av pilegrimsmiljøet i Noreg. Det er då viktig å ivareta pilegrimstradisjonen med tanken om at ein pilegrim lev enkelt. På desse vandringane vil det religiøse innhaldet vere det viktigaste. Dette formidlast gjennom eit bibelord for dagen, som blir tema for dagens vandring. I tillegg vil det vere 22

viktig å leggje til rette for bøn og stille stunder for refleksjon og ettertanke undervegs. For å formidle den religiøse bodskapen til dagsturistar vil ein ha gudstenester undervegs som er opne for alle. Dette kan vere både friluftsgudstenester og gudstenester i nokre av kyrkjene ein er innom på vegen. Overnatting og mat: På overnattingsstadane ynskjer ein å legge til rette for at ein lagar mat i fellesskap. Her kjøper ein matvarer frå ein lokal butikk i dei ulike kommunane, og får desse frakta til overnattingsstaden. I tillegg til middag, må ein også kjøpe inn mat til både frukost og niste for neste dag. Det er vanleg at pilegrimane sjølve tek med niste til den fyrste dagen. Å lage mat saman styrkar fellesskapet, og vil vere ei naturleg ramme for deling av erfaringar og tankar om dagens vandring og det å vere pilegrim, noko som er viktig når ein vandrar saman mot eit felles pilegrimsmål. Transport: Det er vanleg å organisere bagasjetransport på slike fellesvandringar. På Sunnivaleia inneberer dette at ein må frakte bagasjen både med båt og bilskyss. Ein kan kombinere bagasjetransporten med at båtskyssen også fraktar pilegrimane i den delen av leia der dette er naudsynt. På denne måten er ein ikkje avhengig av rutegåande transport, og står såleis meir fritt med tanke på korti ein skal reise. I tillegg vil det ved å leige inn eigen transport vere enklare å legge inn avstikkarar frå løypa. Har ein imidlertid ikkje nok deltakarar til at dette lønnar seg, må ein nytte seg av den rutegåande transporten. Pris: Som tidlegare nemnt er rundt 400 kronar per døgn vanleg på dei andre fellesvandringane langs pilegrimsvegar i Noreg. Denne prisen inkluderar overnatting, mat og bagasjetransport. Ein bør prøve å legge seg på eit tilsvarande nivå for fellesvandring langs Sunnivaleia. Då ein i motsetning til andre pilegrimsvegar i Noreg ikkje kan gå heile vegen, men er nøydd til å nytte seg av båtskyss, må totalprisen per døgn, der transport er inkludert, bli noko høgare. Vel ein å leggje inn andre opplevingselement i turen, som til dømes guiding undervegs, er dette også noko som vil trekkje prisen opp. Det vil då vere viktig å få fram at ein besøkjer attraksjonar undervegs, noko som rettferdiggjer at prisen er høgare. Det er likevel viktig at totalprisen ikkje blir for høg, men svarar til innhaldet på turen, då det er ei vanleg oppfatning at ein pilegrim ikkje treng å ha eit stort reisebudsjett. For døme på organisering av fellesvandring, sjå vedlegg 4. 23

Kortare fellesvandringar For å gje Sunnivaleia ein breiare appell ynskjer ein å organisere kortare fellesvandringar med høgare standard på overnattingane. Her skal ein gå delar av Sunnivaleia, og nytte seg av eksisterande overnattingstilbod med god standard, der gjerne frukost og middag er inkludert. Her kan ein til dømes gå Måløy Kinn eller Måløy Selja. Den religiøse bodskapen skal framleis formidlast, men på desse vandringane vil det gjerne vere kultur og naturopplevingane, samt formidlinga av den lokale historia som er det viktigaste innhaldet i turen. Knytt til organisering gjeld mykje av det same som for dei organiserte fellesvandringane, med unntak av transport av mat. Knytt til pris er denne delen av målgruppa ikkje like prissensitive som dei som ynskjer å leve enkelt på vandringa. Individuell vandring Å mogleggjere individuell vandring stiller høge krav til tilrettelegging og vedlikehald av leia. I tillegg må ein utarbeide grundig informasjonsmateriell til vandrarane, slik at dei er godt førebudd til turen og klarer å finne fram på eiga hand. Dette gjeld informasjon om den geografiske ruta for Sunnivaleia, kor krevjande den er, båtruter, overnattingsalternativ og attraksjonar langs leia. For å gjere det enklast mogleg for vandrarane burde ein prøve å leggje til rette for at ein kan kjøpe eit båtpass som inkluderar transporten langs heile leia, og også overnatting på dei eigne overnattingsstadane knytt til Sunnivaleia om vandrarane ynskjer dette. Det burde også vere mogleg å avtale ein eigen pilegrimspris med aktørar innan overnatting på dei ulike stadane langs leia. Det er også naudsynt med eit mottakssenter i Florø og Selje, der pilegrimsvandrarane får informasjonen dei treng før vandringa og blir tatt i mot når dei er komen fram, og som kan kontaktast undervegs om dette er naudsynt. 5.1 Tilrettelegging og tiltak 5.1.1 Realisering av prosjektet og prioriterte tiltak Nedanfor følgjer prioriterte tiltak som er naudsynte å gjennomføre for å få realisert prosjektet: 1. Grunneigaravtalar 2. Rydding og merking av løypa 3. Knytte kontaktar lokalt og følgje opp desse 4. Opprette eiga stilling som arbeider vidare med prosjektet 24

5. Ferdigstille overnattingane på Kinn og Dalheim 6. Mottakssenter for pilegrimane i Selje og Florø 7. Arbeide med merkvarebygging av Sunnivaleia og utarbeide naudsynt materiale til marknadsføring 8. Tilretteleggje for individuell pilegrimsvandring langs leia Grunneigaravtalar: For å gå i gang med arbeidet med å rydde og merke leia er ein avhengig av å få på plass avtalar med grunneigarane i området. Dette er også naudsynt å få på plass før ein søkjer om midlar til finansiering av prosjektet. Rydding og merking av løypa: Når grunneigaravtalane er på plass må ein byrje arbeidet med å rydde og merke løypa. Dette bør gjerast i samarbeid med turlag, idrettslag og andre interessentgrupper i kvar kommune. Knytte kontaktar lokalt og følgje opp desse: Det er svært viktig å knytte kontaktar lokalt og følgje opp desse. Ei berekraftig og levedyktig pilegrimslei er avhengig av eit lokalt engasjement. Dette arbeidet inneber at ein følgjer opp kontakten med dei som har vist interesse, og at ein arbeider med å skape interesse og tilknyting blant lokalbefolkninga. Sunnivaleia vil vere ein ny arena for kyrkja å vere tilstade på i dei ulike kommunane. Kyrkja kan bidra til å gjere leia kjent lokalt gjennom å nytte den i samband med friluftsgudstenester, i samarbeidet mellom kyrkja og skulane, i trugsopplærings og konfirmantarbeid. Sistnemnde har ein erfaring med i både Flora, Vågsøy og Selje. Gjennom bruk av leia utanom sommarsesongen sikrar ein at den held seg ved like, og viser at den kan brukast i forskjellege samanhengar lokalt. Opprette eiga stilling som arbeider vidare med prosjektet: For å sikre framdrifta og realisering av prosjektet ynskjer ein å opprette ei eiga stilling til dette formålet. Ferdigstille overnattingane på Kinn og Dalheim: 25

Nordmisjonens hus på Dalheim kan nyttast til overnatting slik huset er i dag, men kunne hatt behov for noko oppgradering. På skulehuset på Kinn gjenstår det noko arbeid med inngangspartiet som må gjerast ferdig før ein kan nytte det til overnatting. Mottakssenter for pilegrimane i Selje og Florø: Ein ynskjer å opprette eit mottakssenter for pilegrimane i Selje og Florø, for å markere byrjinga og slutten av pilegrimsleia. Slike mottakssenter vil gje pilegrimane den informasjonen dei treng før dei legg ut på vandring, og ta i mot dei slik at vandringa blir avslutta på ein god måte. Merkevarebygging av Sunnivaleia: Det vil vere viktig å arbeide med merkevarebygging av Sunnivaleia, der ein utarbeidar strategi og naudsynt materiale til marknadsføring av leia. 5.1.2 Plan for marknadsføring Når det gjeld marknadsføring av leia gjeld det å nytte seg av eksisterande marknadsføringskanalar som når dei ulike målgruppene. For å nå pilegrimsmiljøet i Noreg vil vere viktig å nytte seg av bladet Pilegrimen og internettsidene www.pilegrim.info og www.pilegrim.no, som allereie har omtalt arbeidet med Sunnivaleia ved fleire anledningar. Dette kan gjerast ved å informere om utviklinga av arbeidet og kor langt ein er komen i prosessen for å sikre ei vedvarande merksemd rundt Sunnivaleia. Dei bør også brukast aktivt når det er klart for pilegrimsvandringar langs Sunnivaleia, då pilegrimsmiljøet i Noreg er ein viktig del av leias målgruppe. Då norske kvinner i alderen 45 år og eldre er hovudmålgruppa kan det også vere nyttig å bruke magasin som til dømes Hjemmet, Allers eller Familien som kommunikasjonskanal. Omtale i slike medier og anna PR er ei truverdig form for marknadsføring som ofte når fleire i målgruppa enn bruk av tradisjonell reklame. Slik form for marknadsføring vil vere viktig for å skape interesse og merksemd rundt leia. Les personar i målgruppa om Sunnivaleia her slepp ein å konkurrere om merksemda på same måte som ein gjer når målgruppa får informasjon om andre pilegrimsleier samtidig, som er tilfelle i dei marknadsføringsverktøya nemnd i førre avsnitt. Ein kan også få omtale i lokale og regionale medier i samband med dei første vandringane, offisiell opning av leia og dersom ein organiserer fellesvandringane i samband med Sunnivafestspela, Kinnaspelet og liknande, som er arrangement pressa dekkjer kvart år. 26

Samarbeid med lokale aktørar vil også vere viktig for å klare å selje produktet, særleg ovanfor dei som ikkje har ei spesiell interesse for pilegrimsvandring generelt. Eit slikt samarbeid kan vere med dei lokale turlaga, turistinformasjonane og andre aktørar i reiselivsnæringa som er lokalisert langs og rundt leia. Slik kan ein nå dei i målgruppa som ikkje er kjend med produktet når dei kjem til området. Eit samarbeid med dei lokale turlaga er også sentralt knytt til vedlikehald av leia. Samarbeid med turistinformasjonane er også viktig då dei er ein naturleg formidlar av naudsynt informasjon til vandrarane, samt sal av pilegrimspass og liknande. Ein bør også knytte seg opp mot Reisemål Stryn & Nordfjord og Fjordkysten, som driv marknadsføring av området Sunnivaleia går gjennom. Det vil også vere viktig å arbeide med utvikling av Sunnivaleia som eige merke eller brand, der ein utarbeider ein profil som skal brukast kontinuerlig i all marknadsføring av leia. Dette er ekstra viktig om ein ynskjer å utarbeide eit eige symbol som ein nyttar til merking av leia, og vil i tillegg vere nyttig i utarbeiding av ei eiga heimeside, brosjyrar og anna informasjonsmateriell. Å ha ein heilskapleg marknadsføringsstrategi er viktig i etableringa av eit nytt produkt, og vil komme til nytte i arbeidet med å gjere det kjend, då det gjer det enklare å kommunisere det ein ynskjer målgruppa skal forbinde med Sunnivaleia. 5.1.3 Kostnadskalkyle Nedanfor presenterast ei overordna kostnadskalkyl e for vidare arbeid med realisering av prosjektet: Administrativ stilling 400 000 kr Tilrettel egging av leia, herunder; 600 000 kr Merking og rydding av sti Oppussing av overnattingstilbod Marknadsføring og utforming av naudsynt materiell Totalt 1 000 000 kr Til finansiering av prosjektet vil det arbeidast med å få tippemidlar til oppretting og merking av løypene. Dette forutsetter at grunneigaravtalar er på plass og at ein har ein plan for drift og vedlikehald av leia. 27

5.1.4 Korte og langsiktige mål Til vidare arbeid med prosjektet har ein satt opp følgjande korte og langsiktige mål: Kortsiktige mål Kort fellesvandring frå Måløy til Kinn i samband med Kinnaspelet Frå Kinn til Selje i samband med feiring av Seljumannafesten på Selje Frå Måløy til Kinn i samband med feiring av Seljumanna I Kinnakyrkja Vandring i samband med Sunnivafestdagane på Selje Tidspunkt for gjennomføring Kommentar 17.06.10 20.06.10 Prøvevandring. 28.06.10 04.07.10 Prøvevandring. 05.07.10 08.07.10 Prøvevandring. Samordne med eksisterande opplegg for pilegrimsvandring i tilknyting denne markeringa. 02.09.10 05.09.10 Prøvevandring. Samordne med eksisterande opplegg for pilegrimsvandring i tilknyting denne markeringa. Offisiell opning av Sunnivaleia Sommaren 2011 Leia ferdig rydda og merka. Mottakssenter i Selje og Florø. Tilrettelagt for individuell vandring Sommaren 2011 Etter opninga av leia skal den vere tilrettelagt for individuell vandring. Som nemnd i kommentarfeltet, ynskjer ein at vandringane sommaren 2010 skal vere prøvevandringar. Her vil ein få nyttige svar på korleis organiseringa og den praktiske gjennomføringa fungerer og kva som må utbetrast slik at ein er godt førebudd før ein offisielt opnar leia. Dette gir ein også moglegheit til å få nyttige tilbakemeldingar frå vandrarane som deltar, samt lokale personar som er involvert, slik at ein har gode føresetnadar for å gjere Sunnivaleia til ei best mogleg pilegrimslei og reiseliveprodukt. 28

Langsiktige mål Faste vandringar i sommarsesongen Utviding av leia til Dragseide og Ervik Produktutvikling Kystvegen til Nidaros Knytte kontaktar austover over fjellet Kommentar Faste vandringar langs Sunnivaleia utanom fellesvandringane. Rydde og merke løype vidare ut over Stadlandet. Leggje til rette for bruk av leia i ein lokal samanheng i utarbeiding av nye produkt. Til dømes guiding langs delar av leia lokalt. Arbeide med å knytte Sunnivaleia til ein pilegrimsveg langs kysten som endar i Nidaros. Etablere ein kulturutveksling mot vest Dei langsiktige måla legg til grunn at ein arbeidar kontinuerlig med utviklinga av leia, noko som er naudsynt for å bli godt etablert som pilegrimsveg i Noreg. Stadig fornying og utvikling av tilboda langs leia og ei eventuell forlenging vil vere med på å gjere leia levedyktig og kunne bidra til at stadig fleire kan dra nytte av den positive effekten ei pilegrimslei langs kysten vil føre med seg. 29

Vedlegg 1 Attraksjonar langs Sunnivaleia I Flora: Kinn og Kinnakyrkja Starten på Sunnivaleia. Kyrkje frå middelalderen. Knytt til segna om St. Sunniva. Fint turområde med det kjente seglingsmerket Kinnaklova. Kinnaspelet Spel som blant anna handlar om segna om St. Sunniva. Arrangerast kvart år, tredje helga i juni. Florø kyrkje Hovudkyrkja i Kinn prestegjeld. Bygd i 1882. Ligg i Florø sentrum. Kystmuseet, Florø Ustillingar om sildefisket, oljeutvinning i Nordsjøen og lokal kysthistorie. Golfbane I Brandsøy, om lag 7 km frå Florø sentrum ligg det ei golfbane med driving range med 10 utslagsmatter, ein putting green med 6 hol og ei bane med 4 hol. Havhesten, Florø Badeanlegg for store og små. Svanøy På øya Svanøy sør for Florø kan ein besøke Svanøy hovedgård og eit hjortesenter. Fint turområde. Sykkelutleige. Ein dags avstikkar frå løypa. Kvanhovden fyr Nordsjøløype til Kvanhovden fyr på øya Hovden, der det også er mogleg å overnatte på fyret. Ein halv dags avstikkar frå løypa. Ausevika hellerisningsfelt Eit av Noregs største hellereisningsfelt med over 300 figurar. 40 km søraust for Florø. Avhengig av biltransport. Ein halv dags avstikkar frå løypa. Batalden Havbu Gards og fiskebruk frå 1820 på øya Store Batalden. Fiskerimuseum og galleri. Mogleg for overnatting. Ein halv dags avstikkar frå løypa. 30

I Bremanger: Smørhamn Handelsstad Levingar etter den gamle kyrkja på Grotle frå 1300 talet. Frøya kyrkje, Kalvåg Kyrkje bygd i 1865. Bremanger kyrkje, Hauge Kyrkje frå 1914. Kalvåg Det største og best bevarte sjøhusmiljøet i Sogn og Fjordane. Bremanger kyrkje, Hauge Kyrkje bygd i 1914. Hornelen Nord Europas høgste sjøklippe. Ein dags avstikkar frå løypa. Vingen hellereisningsfelt Noregs nest største hellerisningsfelt med rundt 1500 figurar. Kan kun besøkas med godkjent guide. Ein halv dags avstikkar frå løypa. Grotlesanden Flott sandstrand vest for Iglandsvik. Kort avstikkar frå løypa. Grotle kyrkjegard Kyrkjegard frå 1300 talet. Like ved Grotlesanden. Kort avstikkar frå løypa. I Vågsøy: Sør Vågsøy kyrkje Kyrkje i Måløy bygd i 1907. Nord Vågsøy kyrkje Kyrkje på Raudeberg bygd i 1960. Totland kyrkje Kyrkje ved Bryggja bygd i 1912. Ulvesund fyr Knytt til segna om St. Sunniva. Kafé, kunstutstillingar og mogleg for overnatting. Ein dags avstikkar frå løypa. Synnevahornet Vågsøys høgste fjell, 689 moh. På grensa mellom Vågsøy og Selje. 6 timars avstikkar frå løypa (tur/retur). Kunsthuset, Rimstaddalen Kunstutstillingar og kurs i fotografi, måling og teikning. Omvisning og enkel servering etter avtale. Ligg ved byrjinga av postvegen til Selje. Kannesteinen, 10 km vest for Måløy Havet har gjennom tusenvis av år slipt Kannesteinen, og gitt den ein spesielle utsjånad. Kjent landemerke. Ein dags avstikkar frå løypa. Refviksanden Ei av Noregs finaste sandstrender. Ca 10 km nordvest for Måløy. Ein dags avstikkar frå løypa. Kråkenes fyr Fyr på den nordlegaste og mest vêrharde plassen på Vågsøy. Avhengig av transport. 31