Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtedato 20.02.2017 Møtestad Kvanto, Rådhuset Møtetid 10:15 14:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Bodil Våge Medlem SP Malena Aasen Nestleiar Vidar Ask Medlem Øyvind Skogseth Medlem Sverre Vevelstad Leiar Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Solveig Hus Hansen møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Ved starten av møtet vitja vi Rosendalstunet og vart ønskja velkomne av einingsleiar Leif Kongestøl. Han fortalde oss om utviklinga av utbyggjinga her, og synte oss teikningar som på ein god måte illustrerte kva dei hadde å sjå fram til når heimen etter planen skulle stå ferdig 1/1-2018. Kommunen sine nettokostnader ved utbyggjinga låg kring 100 millionar, og etter innflyttinga ville det verte plass til 90 bebuarar totalt under føresetnad av at alle avdelingar frå 1997-utbygginga vart oppretthalde. Eldrerådet vil på eit seinare tidspunkt få omvising i sjølve nybygget, og vil for øvrig følgje nøye med utviklinga vidare når det gjeld utnytting av eksisterande og nye plassar, og likeså vidare drift av Varaldsøy aldersheim i ei eller anna form, med tanke på eldrebølga som er i anmarsj. Permisjonar: Ingen. Kvinnherad kommune side 1
Inhabile: Ingen. Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Tilleggssaker: Ingen. Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr 2017/1 2017/2 2017/3 2017/4 2017/5 2017/6 2017/7 2017/8 2017/9 2017/10 2017/11 Innhald Referat og meldingar Årsmelding 2016 Livsgledesjukeheimar Revisjon av aktivitetskalendaren fordeling av oppgåver Framtida for Varaldsøy Sjukeheim Bygging / leige av omsorgsbustadar i kommunen. Samarbeid mellom kommune/stat/private Oversyn over frivillig innsats frå skuleelevar til heimebuande eldre Innspel frå seniorgruppa v/ Kvinnherad Frivillighetsentral Handlingsplan for 2017 Eventuelle saker frå sakslista til kommunestyret 23.02.2017 Ymse 2017/1 Referat og meldingar Velferdsteknologi møte på Husnes var ca 70-80 personar, og på Hatlestrand ca 20 personar. Begge plassane sakna dei tilsette i kommunen og folkevalgte. Aktive eldre presentasjon v/ alders og sjukeheimane Søknad om midlar til Husnes Storsenter leiar vil etterlyse svar Fagforbundet inviterte til møte før jul, som leiar deltok på. Tema for møtet var bustadar og møteplassar for eldre. Kulturkafè ein gang i månaden. Den 28. mars er tannlege Anne Sigrid Totland og tannpleiar Ann Karin Bekvik, invitert til å orientere om sitt arbeid rundt tannhelsa til eldre. Leiar har delteke på møte om Folkehelseprioriteringar. Han vil sende ut skriv han har motteke i høve dette. 2017/2 Årsmelding 2016 Eldrerådet godkjente årsmeldinga som leiar presenterte. Kvinnherad eldreråd - Årsmelding 2016. Medlemmer: Pers.varamedlemmer: Sverre Vevelstad (leiar) Svein Ingvald Opdal. Malena Aasen. (nestleiar) Otto Blokhus. Vidar Ask. Sigmund Nordfonn. Øyvind Skogseth. Arny Vårdal. Bodil Våge. (pol. vald) Oddbjørg Heimark. (pol. vald). Sekretær for eldrerådet: Solveig Hus Hansen. Kvinnherad kommune side 3
Oversyn over møte og handsama saker: Møtetid: Saker handsama: 22/1: Konstituerande møte. Val av leiar og nestleiar. Sendt uttale til høyring om forslag til felles likestillings- og diskrimineringlov. 23/2: Møte- og handlings-plan for vårhalvåret. Aktivitetskalendar for eldre. Planprogram for Kvinnherad kommune. ( 2 medl. frå eldrerådet deltok i plannemnda). Betalingssatsar 2016 helse- og omsorg. Sendt uttale. Reguleringsplanar til uttale. 29/3: Dette møtet vart avlyst p.g,a, mangel på saker (kommunestyret 31/3 avlyst). 25/4: Orientering om tildelingskontoret sine oppgåver v/leiar Mona Enæs. Orientering om Den kulturelle spaserstokken og Eldredagen v/ kultursjef Kristian Bringedal. Sendt uttale til saka om kjøp av kommunale bustader. Sendt uttale til Planstrategi for Kvinnherad kommune for 2016 2019. Felles uttale,saman med Rådet for funksjonshemma, til saka Reglement for politiske organ. Saker meldt til eldrerådet frå organisasjonar/pensjonistforeningar; a) Tryggleiksjukepleiar. b) Matlevering til institusjonar i kommunen. c) Sending av medisinar frå apoteket til brukarane i kommunen. Desse 3 sakene vil verte jobba vidare med i seinare møte. Vidare arbeid med aktivitetskalendaren. 23/5: Orientering om prosjektet «I trygge hender» v/ Gunvor Teigland og Trude Steinsletten og Demensarbeidet i kommunen v/demenskoordinator Aslaug Hellesøy. Tryggleikssjukepleiar. Kvardagsrehabilitering. Rådet ønskjer å ta desse to sakene opp med rådmann og ordførar. Leiar vil utarbeide skriftleg henvendig til desse to til neste møtet i rådet. Orientering om matproduksjonen til insitusjonane i kommunen v/rådmann Odd Ivar Øvregård. Rådet til kome attende med ein uttale i saka når sakspapira ligg føre. Uttalen også sendt til lokalavisene. Førebuing av felles samling for eldreråda i Sunnhordland på Fitjar 1/6 2016. Kvinnherad kommune side 4
20/6: Frisklivskoordinator Geir Ove Fosse orienterte om arbeidet med Frisklivssentralen og Folkehelseprofilen. Rådet sluttar seg til forslag frå leiar om Tryggleikssjukepleiar og Kvardagsrehabilitering om skriv til rådmann og ordførar. Handlingsplanen for hausten 2016. Møteplan for hausten 2016: Måndag 19. sept. Måndag 24. okt. Måndag 21. nov. Måndag 12. des. Sosiale møteplassar for eldre i kommunen. Trafikksikringstiltak. (denne saka vert utsett til seinare møte). 19/9: Motteke informasjon frå apotekar Ingunn Kroka Raudstein i høve førespurnad om levering av medisin til eldre gjennom Posten. Avtale inngått med Pensjonistforbundet v/tone Bye om å kome til Kvinnherad 17/1 2017 for å redegjere om Velferds- teknologi ( På Husnes og Hatlestrand). Evaluering av husleige kommunale bustader. Eldrerådet sender uttale til kommunestyret. Eldrerådet vedtek å sende uttale til rådmannen om kreftsjukepleiar si plassering i organisasjonen. 24/10: Møtet starta med 2 orienteringar etter invitasjon frå rådet: Tannklinikksjef Anne Sigrid Totland og tannpleiar Anne Karin Bekvik orienterte om tannhelsetilbodet til eldre. Nytilsett sektorleiar Bjørg Wangensten presenterte seg og orienterte om sine ansvarsområde i den nye organisasjonen. Ho stadfesta m.a. at tryggleikssjukepleiar/ kvardagsrehabilitering vil verte prioriterte satsingsområde i pleie- og omsorg for 2017 og framover. Eldrerådet sin aktivitetskalendar er revidert pr. sept. 2016. Besøksteneste/telefonkontakt vil takast opp på seinare møte. Høyring av framlegg til kommuneplan arealdelen vil verte handsama på neste møte. Val av 2 repr. til Eldrerådskonferansen i Bergen 1. og 2. nov. 21/11: Dette møtet var lagt til Varaldsøy alders- og sjukeheim, og medl. fekk i starten av møtet omvising her og høve til å helse på bebauarane og dei tilsette. Referat frå Eldrerådskonferansen. Invitasjon sendt prosjektleiinga for «Aktive eldre» v/tor Engevik om å vitje Husnestunet 7/12 og Ølve Alderspensjonat 14/12 for å demonstrere prosjektet. Svært vellukka samlingar, som vil verte ført vidare for dei andre 3 institusjonane i 2017. Røynsle etter dei 2 eldrefestane i samband med eldredagen. Uttale sendt kommunen i høve framlegg til kommuneplan arealdelen 2016 2026. Kvinnherad kommune side 5
Tilleggsuttale sendt i høve saka om evaluering av husleigesatsar i Kvinnherad kommune. Økonomiplanen 2017 2020. Uttale sendt kommunestyret. 12/12: Økonomisjef Geir Mogren orienterte rådet om budsjett-framlegget for 2017. Eldrerådet sender uttale til kommunestyret. Det er søkt midlar frå Husnes Storsenter til innkjøp av utstyr til prosjektet «Aktive eldre» for utdeling til alle 5 institusjonane i Kvinnherad. Eldrerådet vedtek å sende uttale i høve saka om Trafikksikker kommune. Saka om middagslevering til Halsnøytunet var oppe til diskusjon, og rådet vedtok å sende uttale til kommunestyrerepr., med gjenpart til avisene. Førebuing av samlinga om Velferdsteknologi, 17/1 2017. Møteplan for våren 2017: 20/2-20/3-24/4-15/5-19/6. (møta vil verte spreidde rundt om i kommunen.) Samandrag: Det er avvikla 9 møte i rådet i meldingsåret, inkl. konstituerande møte saman med Rådet for funksjonshemma. Det er hansama 51 saker, nokre av desse har vore teke opp til diskusjon i fleire møte, og nokre vert jobba vidare med i det komande året. Møtedeltaking/representasjon: 2 av medl. deltok som referansegruppe under utarbeideing av ny planstrategi for Kvinnherad kommune 2016 2019. På samling for alle eldreråda i Sunnhordlands-regionen på Fitjar, 1/6, deltok heile styret. 1.og 2. nov. deltok leiar og nestleiar på Eldrerådskonferansen i Bergen i regi av Fylkeseldrerådet i Hordaland. 2017/3 Livsgledesjukeheimar Leiar orienterte. Eldrerådet vil ta sak om Livsgledesjukeheimar opp med sektorleiar Bjørg Wangensten. 2017/4 Revisjon av aktivitetskalendaren fordeling av oppgåver Gjennomgang og fordeling av oppgåver. 2017/5 Framtida for Varaldsøy Sjukeheim Informasjon om at Sanitetsforeininga på Varaldsøy, ser for seg at dette skal bli omsorgsbustadar og base for heimesjukepleien, når det nye Rosendalstunet er ferdig i 2018. Dette vil vere ei sak som rådet ynskjer å drøfte med sektorleiar Bjørg Wangensten. Kvinnherad kommune side 6
2017/6 Bygging / leige av omsorgsbustadar i kommunen. Samarbeid mellom kommune/stat/private Sjå uttale i sak 2017/10. 2017/7 Oversyn over frivillig innsats frå skuleelevar til heimebuande eldre Orientering om sak ved leiar. Leiar har kontakta dei aktuelle skulane i kommunen om kva tilbod dei har og informerte rådet om dette. 2017/8 Innspel frå seniorgruppa v/ Kvinnherad Frivillighetsentral Eldrerådet tek saka til orientering. 2017/9 Handlingsplan for 2017 Rådet vil vidareføre plan frå 2016, og ha fokus på mellom anna: - Livsgledesjukeheimar for eldre - Velferdsteknologi - Kreftsjukepleiar - Hørselslege - Syns- og audiopedagogisk avtale - Sosiale møteplassar for eldre - Universell utforming - Trafikksikring - Varaldsøy Aldersheim - Omsorgsbustadar - Vedlikehald kommunale vegar 2017/10 Eventuelle saker frå sakslista til kommunestyret 23.02.2017 Eldrerådet har komme med fylgjande uttalar til kommunestyret: Sak 2017/6: Bustadpakken - kjøp av bustader på Husnes. Kvinnherad eldreråd gav i sak 2016/8 denne uttalen til saka kjøp av kommunale bustader. Sitat:" Kvinnherad eldreråd er oppteken av at det vert satsa på kommunal utbygging av omsorgsbustader/bufellesskap for eldre i fleire bygder i kommunen, gjerne i samarbeid med private og Husbanken. Desse bustad-klyngene må vere supplert med personalbase og fellesareale for bebuarane og andre eldre i nærområdet, slik at desse fellesareala og kan tene som eit eldresenter der frivillige og bebuarane sjølve kan ta ansvar for kafe og div. aktivitetar. Desse bustadane må kunne leigast ut, då ikkje alle eldre har økonomi til å kunne kjøpe seg inn i dyre private burettslag t.d." Til gjeldande sak i Kommunestyret 23/2-2017 (sak PS 2017/2) vil vi kome med denne tilføyinga: Vi ser dette som starten på kommunal tilrettelegging av bustader for alle aldersgrupper, og spesielt vil vi framheve pkt. 2 i rådmannen si innstilling som svært positiv. Vi ber i tillegg om at Verdighetsgarantien si 3 må verte lagt til grunn for dei tiltak som vert sette i verk m.o.t. plassering av bustader for eldre. Kvinnherad kommune side 7
Sak 2017/10: Valkrinsane i Kvinnherad. Kvinnherad eldreråd har ikkje prinsipielle motførestillingar mot å halde fram ordninga med 4 ordinære valkrinsar i kommunen, som ved siste kommunestyreval i 2015. Føresetnaden for dette må vere at den skisserte ordninga med førehandsrøysting vert gjennomført ifølge saksframstillinga, og at den ambulerande røystinga vert ekstra vektlagt for dei som treng dette. 2017/11 Ymse Eldrerådet vil invitere sektorleiar Bjørg Wangensten til neste møte i rådet ( 20/3 ) og be ho redegjere nærare for desse sakene: a) Korleis vil kommunen gjennomføre den vidare prosessen med innføring av Velferdsteknologi fram mot 2020? b) Ev. bruk av dobbeltrom på sjukeheimar i kommunen. c) Tal overliggjedøgn på sjukehus for pasientar frå Kvinnherad. d) Bruken av midlar i heimetenestene i kommunen. e) Arbeidet med utarbeiding av forskrifter/kriterier for å få sjukeheimsplass i kommunen ( Frist frå regjeringa 1. juli). f) Tal sjukeheimsplassar ved dei ulike institusjonane i kommunen. g) Ordninga med kreftkoordinator/kreftsjukepleiar. h) Varaldsøy aldersheim si framtid etter 1/1-2018. i) Ordninga med livsglede-sjukeheimar. Kvinnherad kommune side 8