Høyring av NOU 2016: 4 om ny kommunelov - svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Like dokumenter
Høyringsintansane er oppmoda om å vise til kva kapittel i utgreiinga dei uttaler seg til.

Endringar innan økonomidelen kva konsekvensar får dette? Flåm 30. mai 2016

Ny kommunelov til høyring NOU 2016:4. Overlevering NOU 10. mars 2016 Kommunelova 26.mai

Ny kommunelov til høyring NOU 2016:4. Kommunekonferansen 19. mai 2016

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

NOU 2016:4. Ved kongeleg resolusjon av 21. juni 2013, vart det sett ned eit utval som skulle gjere ein heilskapleg gjennomgang av kommunelova.

Nye kommunar i Møre og Romsdal

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Økonomiforvaltning i ny kommunelov

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Høyring av lovframlegg om statleg godkjenning av kommunale låneopptak og leigeavtalar før iverksetjing av kommunereforma

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Økonomibestemmelsene i ny kommunelov

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Kommunelovutvalet. Fagkonferanse kontroll og tilsyn Utvalsleiar Oddvar Flæte. Kommunelovutvalet - FKT 4. juni 2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Kommunestruktur og økonomi

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

VEDTEKT av februar 2007

Vestnes kommune. Tema. 14. November Martin Gjendem Mortensen rådgivar. Robek Forpliktande plan Den økonomiske situasjonen i Vestnes

Bremanger kommune kontroll av revidert budsjett og økonomiplan

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring


Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

MØTEINNKALLING Formannskapet

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Ny kommunelov Økonomibestemmelsene

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

21/12 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING FOR BØMLO KOMMUNE UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET

Godkjenning av Flåm, Gudvangen, Aurlandsvangen og Undredal i Aurland kommune som typiske turiststadar

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2012.

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Rettleiar. Innbyggjarforslag

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Økonomiplan med budsjett for 2013

Foto: Carl-Erik Eriksson

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Høyring - forslag til endringar i kommunelova og enkelte andre lover (eigenkontrollen i kommunane m.m.)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Høyringsuttale - Forskrift om miljøvurderingar av tiltak etter sektorlovar, kapittel 14 i plan- og bygningslova

Transkript:

Sakshandsamar: Jorunn Fosse Fidjestøl Vår dato Vår referanse Telefon: 57643156 06.10.2016 2016/1413-320 E-post: fmsfjfi@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 06.04.2016 Kommunal- og moderniseringsdepartementet Pb 8112 Dep 0032 OSLO Høyring av NOU 2016: 4 om ny kommunelov - svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Vi viser til høyringsbrev dagsett 06.04.2016 om NOU 2016: 4 - ny kommunelov. Vi positive til det nye framlegget, og meiner generelt at utvalet med lovframlegget har klart å realisere føremålet med gjennomgangen; å styrke det kommunale sjølvstyret, lage betre struktur på reglane, flytte føresegner frå særlover forskrifter inn i lova, og lovfeste ulovfesta gjeldande rett. Vi har prioritert å kommentere dei delane av lovframlegget som er mest relevante for fylkesmannen sitt arbeid, og vi har lagt særskilt vekt på å uttale oss om reglane som gjeld økonomiforvaltninga i kommunane. Vi har delt inn fråsegna etter kapitla i lova, slik det er bede om i høyringsbrevet. Når det gjeld punkt 29.4 i NOU-en om tvisteløysing mellom stat og kommune, viser vi for ordens skuld til høyringsfråsegn frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dagsett 26.04.2016 til særskilt høyring om dette. Kapittel 1 Føremål og verkeområde 1-1 Føremålet med lova Utvalet har vore delt i synet på korleis føremålet med lova skal formulerast, der mindretalet ønskte å halde fast på føremålsparagrafen i gjeldande lov. Vi støttar fleirtalet sitt framlegg til formulering og grunngjevinga for denne i NOU-en punkt 3.3. Vi finn det naturleg at føremålsparagrafen vert modellert på nytt ved ein så omfattande lovgjennomgang som her er gjort. Kapittel 2 Det kommunale og fylkeskommunale sjølvstyret 2-1 Kommunalt og fylkeskommunalt sjølvstyre Vi er positive til lovfestinga av det kommunale sjølvstyret, og støttar utvalet si grunngjeving for dette i NOU-en punkt 4.7. Sjølv om fleire enkeltføresegner i lovframlegget også er utforma for å underbyggje det kommunale sjølvstyret, vil ei lovfesting av sentrale element i det kommunale sjølvstyret klargjere det juridiske innhaldet i omgrepet, og såleis motverke press på sjølvstyret gjennom statleg styring og detaljert regulering. 2-2 prinsipp for nasjonale styresmakter sitt forhold til det kommunale og fylkeskommunale sjølvstyret Vi støttar fleirtalet i utvalet, og er såleis positive til at 2-2 i lovframlegget tydeleg formulerer at sjølvstyret ikkje skal avgrensast meir enn naudsynt for å nå nasjonale mål, nærleiksprinsippet og fullfinansieringsprinsippet. Bruken av «bør» i ordlyden medfører at prinsippa ikkje er juridisk bindande, og vil såleis ikkje endre gjeldande rettstilstand. Likevel meiner vi det er positivt at det kjem Telefon 57 64 30 00 Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstad fylkesmannen.no/sfj E-post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde

2/8 tydeleg fram i lova at vurderingar frå nasjonale myndigheiter som kan påverke det kommunale sjølvstyret, bør byggje på desse prinsippa. Kapittel 7 Folkevalde Vi støttar framlegget frå fleirtalet til 7-11 andre og fjerde ledd, som gjev høve til å suspendere ordføraren eller ta frå ordføraren vervet. Kapittel 14 Økonomiforvaltning Generelt Eit sentralt føremål med økonomireglane er å støtte opp om det kommunale sjølvstyret slik at kommunestyret kan foreta naudsynte lokalpolitiske prioriteringar, ha ei effektiv drift og sikre lokalt handlingsrom. Slik kan innbyggjarane ha tillit til at ressursane blir forvalta på beste måte og at dei får dei tenestene dei skal ha. Vi er positive til at viktige prinsipp som krav til budsjettbalanse og plikt til å dekke inn meirforbruk drift skal bli finansiert av løpande inntekter avgrensingar med omsyn til føremål ved låneopptak og garantistilling krav til finans- og gjeldsforvaltning statleg kontroll med kommunar i økonomisk ubalanse (Robek) blir vidareført i den nye lova. 14-1 Overordna føresegner. Vi er einige i at det i 14-1 kjem ei ny innleiande hovudføresegn i økonomiforvaltinga. At kommunane har ansvar for å forvalte sin økonomi slik at den økonomiske handleevna blir ivareteken over tid, er viktig å presisere, og slik understreke at det ikkje alltid er nok å oppfylle minstekrava. At 52.3 i gjeldande lov blir erstatta med strengare krav til finans- og gjeldsforvaltning med tanke på risiko og avkastning, er bra. 14-2 Kommunestyret og fylkestinget sine plikter Ny bokstav c i 14-2 som seier at kommunestyret har plikt til å fastsetje finansielle måltal som hjelpemiddel for den langsiktige styringa, er positivt å få formulert i lova. Måltal for netto driftsresultat, frie driftsfond, langsiktig gjeld og utvikling av folketal er gode styringsparameter. Desse gir nyttig informasjon om utvikling i kommunen både for folkevalde og innbyggjarar. Vi er einige i ny bokstav d i same paragrafen om plikt til å fastsetje reglar for kommunens økonomiforvaltning (økonomireglement). Dette saman med finansreglementet vil gi eit tryggare grunnlag for at kommunen greier å levere dei tenestene han skal. 14-4 Økonomiplan og årsbudsjett. Vi er positive til at økonomiplanen blir delt inn i ein driftsdel og ein investeringsdel, slik rekneskap og budsjett blir. Prinsippet med å skilje mellom driftsdel og investeringsdel bør vere det same i økonomiplanen som i rekneskap og budsjett. Det vert opna for at økonomiplanen kan fungere som kommuneplanens handlingsdel etter plan og bygningslova 11-1. Det er bra med ei sterkare kopling mellom desse dokumenta. Det er positivt at det kjem forskriftsreglar som skal vise oversikter på kommunens gjeldsutvikling, type gjeld og netto renteeksponering i budsjett og økonomiplan. Dette vil gi eit betre grunnlag for å ta økonomiske avgjerder i kommunane.

3/8 14-5 Årsbudsjettet sin bindande verknad. Budsjettstyring. Vi er einige i nytt punkt om at kommunedirektøren har ei plikt til å føreslå endringar på inneverande års budsjett dersom utviklinga tilseier at det vil oppstå vesentlege budsjettavvik. Det er ikkje lenger nok at kommunedirektøren berre melder frå om at det må forventast eit avvik. Dette gjeld og dersom det er lagt fram eit årsrekneskap med meirforbruk i driftsrekneskapen. Kommunestyret har så ei plikt til å vedta korleis meirforbruket skal handterast. Det er viktig å kome tidleg i gang med nødvendige tiltak for nedbetaling av eit meirforbruk. 14-6 Årsrekneskap og bokføring Paragrafen inneheld framlegg om ny plikt til å utarbeide eit samla (konsolidert) årsrekneskap for kommunen. Dette betyr at både kommunekassa, kommunale føretak og andre verksemder som er ein del av kommunen som rettssubjekt, skal vere med i eit samla årsrekneskap. Vi meiner dette vil gi ei meir fullstendig oversikt om kommunen sin økonomiske situasjon og utvikling, både for politikarar og andre. Det vil og gjere analysar ved bruk av nøkkeltal frå Kostra meir korrekte, av di alle då har rapportert konserntal. Endring av måten årsrekneskapen skal avsluttast på inneber at meirforbruk i årsrekneskapen skal bli redusert i rekneskapsavslutninga med bruk av disposisjonsfond, så sant kommunen har slike midlar. Framføring og dekking av meirforbruk til seinare år kan berre skje dersom ikkje kommunen har att midlar på disposisjonsfond. Det er fornuftig å redusere eit meirforbruk same året mest mogeleg. Mindreforbruk i årsrekneskapen skal først nyttast til å dekke inn eventuelle tidlegare års meirforbruk. Mindreforbruk ut over dette skal avsetjast til disposisjonsfond. Dette betyr vidare at årsrekneskapen ikkje vil bli avslutta med eit mindreforbruk på botnlinja. Vi er samd i desse presiseringane. 14-7 Årsmelding Vi er positive til at det no vert lagt opp til at også årsmeldinga skal omfatte kommunen si samla verksemd nytt krav som inneber at det må gjevast ein vurdering av om økonomisk utvikling tek i vare den økonomiske handleevna over tid og at vesentlege avvik mellom årsbudsjett og årsmelding må omtalast. 14-9 Skiljet mellom drift og investering Vi er samde i at kommunen si drift (løpande utgifter) berre skal finansierast av dei løpande inntektene, og at delinga mellom drift og investering blir vidareført. Prinsippet om å ta vare på formuen må framleis bli lagt til grunn. Prinsippet med deling mellom drift og investering må omfatte både rekneskap, budsjett og økonomiplan. Forskrifter og god kommunal rekneskapsskikk må fastsetje nærare fordelinga av inntekter og utgifter mellom drift og investering. Det kan til dømes vere behov for nærmare reglar om utbytteinntekter og skiljet mellom vedlikehald og påkosting. Vi er einige i at investeringstilskot ikkje skal kunne finansierast med kommunens kapitalinntekter eller låneopptak, og at dagens reglar for finansiering blir vidareførde. Tilskot frå kommunen til andre sine investeringar må fortsatt finansierast over kommunen sitt driftsbudsjett. Fleirårige tilskot må framleis bli utgiftsførde i kvart av åra dei blir gitt. Siste ledd av paragrafen er nytt og seier at departementet i særlege tilfelle kan gi dispensasjon til å finansiere drifta med inntekter frå realisasjon av kapitalverdiar. Dette kan eksempelvis skje ved sal av

4/8 fast eigedom eller aksjar, eller ved tilbakebetaling av tidlegare kapital som er betalt inn i kommunale eller fylkeskommunalt eigde selskap. Bakgrunnen for forslaget er å unngå at det blir lagt for sterke bindingar på formueverdiar og at det slik ikkje vert høve til å nytta noko av denne kapitalen til driftsføremål. Vi meiner at det ikkje er riktig å opne for denne dispensasjonen. Vi meiner det vil bli vanskeleg å praktisere ei slik ordning og at dette vil føre til ulik praksis mellom kommunar og fylke. Dette bryt med dei grunnleggjande prinsippa som økonomiforvaltninga byggjer på. Føresegna skal sikre at kommunane ikkje nyttar inntekter frå sal av varige verdiar til å finansiere drifta. Ein kommune som har underskot i drifta eller ønskjer å auke nivået, kan ikkje selje ein varig eigendel, t.d. ein bygning, kraftaksjar eller andre varige kraftrettar for å finansiere eit driftsunderskot eller ein driftsauke. Skulle det vere mogleg, vil det vere stor fare for at kommunane blir tappa for verdiar som ofte er bygde opp over generasjonar, som òg høyrer til framtidige generasjonar. På andre sida ser vi at det kan vere vanskeleg for folk flest og kommunestyra å forstå at dei ikkje kan ta av kapital kommunen eig, for å dekkje inn eingongsunderskot. Dette kom på spissen i nokre av terrakommunane, der konklusjonen vart at regelverket ikkje opna for dispensasjon. Vi meiner likevel det må vere eit avgjerande omsyn at kommunane må syte for å ha ein sunn økonomi, der løpande inntekter utgifter berre skal dekkjast av løpande inntekter. Prinsippet skal oppmode til å halde eit ansvarleg nivå på utgiftene, og også motverke spekulasjonar i finansielle instrument eller andre risikable investeringar. Ein dispensasjonsheimel svekkjer prinsippet og kan gje eit uheldig signal om at det er mogleg å «ta ein snarveg» dersom ei investering eller ein kostnad viser seg uheldig. Difor rår vi å frå å innføre dispensasjonsheimelen. Dersom dispensasjonsheimelen likevel skal innførast, bør han formulerast snevrare enn i framlegget. 14-13 Finansforvaltning Vi er einige i dei nye punkta om plikt til å gjennomføre tiltak dersom finans- eller gjeldsforvaltninga avvik frå reglane i finansreglementet, og at ein avtale er ugyldig dersom kommunens avtalepart kjende elle burde ha kjent til at avtalen strir mot forbodet mot vesentleg finansiell risiko i 14-1. 14-14 Låneføremål og vilkår for å ta opp lån Vi er samde i at det framleis skal vere høve til å ta opp lån til vidareutlån når låntakar nyttar lånet til investering og låntakar ikkje driv næringsverksemd. Det er framlegg om også å presisere at utlånet ikkje kan innebere vesentleg økonomisk risiko. Når det gjeld å kunne låne til kjøp av aksjane i eigedomsselskap, kan dette vere fornuftig så lenge eigedomsselskapet ikkje har andre oppgåver enn å eige den faste eigedomen og drifta av denne, at dei ikkje har vesentlege plikter og har berre ein tilsett dagleg leiar. 14 15 Mottekne avdrag på vidareutlån. Avdrag på lån Mottekne avdrag på vidareutlån vil kunne finansiera avdrag på innlån eller nye utlån, eventuelt bli sette av til bundne fond. Mottekne avdrag vil kunne finansiera avdrag på eitkvart innlån. Vi er positive til at regelverket i denne samanheng vil gi større handlefridom. Dersom det blir opna for at mottekne avdrag kan bli nytta til å betala avdrag på ordinære investeringslån, må det kome klårt fram i regelverket at slike avdrag kjem i tillegg til minimumsavdraga i driftsrekneskapen. Det er positivt med ein ny utrekningsmodell for minimumsavdrag. Dagens modell har vore vanskeleg å praktisere. Forslaget går ut på at reglane for minimumsavdrag blir endra slik at det blir enklare å

5/8 berekne avdraget og at dette blir meir riktig med tanke på avskrivingane. Ein unngår då ei urimeleg lang avdragstid. 14 16 Garantiar Andre ledd i framlegget er nytt og seier det er forbod mot å garantere dersom det er vesentleg økonomisk risiko. Den økonomiske risikovurderinga vil både omfatte garantien i seg sjølv og risiko ut frå kommunen sin økonomi, det vil seie om kommunen har økonomi til å bere eit økonomisk tap. I tredje ledd blir forbodet mot å garantere for næringsverksemd vidareført. Fylkesmannen må vurdere den økonomiske risikoen ved godkjenning av kommunale garantiar og bedømme om den økonomiske risikoen er vesentleg eller om dette er næringsverksemd. Kommunane må sjølve vurdera garantien ut frå EØS-regelverket. Ei slik presisering vil bidra til meir varsemd hjå kommunane og godkjenningsmyndigheita. Kapittel 28 Lovlegkontroll Vi er positive til at eksisterande lov 59 er erstatta av dei fire paragrafane 28-1 til 28-4, slik at reglane vert betre strukturerte og lettare å forstå. Vi støttar også dei presiseringane og klargjeringane som er gjort i lovframlegget. Vi har merka oss at bruken av omgrepet «vedtak» omtala i NOU-en s. 373-374: «Begrepet er ment å omfatte alle avgjørelser uavhengig av om det er omfattet av forvaltningslovens definisjon av begrepet vedtak.» Vi er usamde i at bruken av omgrepet «vedtak» i kommunelova med dette i enkelte tilfelle ikkje vil vere i tråd med definisjonen av omgrepet «vedtak» i forvaltningslova. Vi meiner det er prinsipielt uheldig at eit så sentralt omgrep skal tolkast ulikt i ulike lover, og ikkje minst er dette uheldig og forvirrande når det gjeld to av dei mest sentrale lovene som regulerer kommunen si verksemd. Vi forstår at meininga ikkje er å endre gjeldande rett for kva avgjerder som kan takast opp til lovlegkontroll. I så fall bør gjeldande omgrep «avgjørelse» vidareførast. Kapittel 29. Statleg kontroll med kommunar og fylkeskommunar med økonomisk ubalanse (ROBEK) 29 1 Robek-registret Vi er positive til vidareføring av kriteria om at det framleis vil vere grunnlag for registrering når kommunar vedtek driftsbudsjett eller driftsdelen av økonomiplan med meirforbruk, eller gjer vedtak om planlagt inndekning utover to år på å dekka inn meirforbruket. Det er teke inn eit nytt kriterium i første ledd bokstav d, om at dersom akkumulert meirforbruk i driftsrekneskapen til kommunekassen utgjer meir enn tre prosent, skal kommunen registrerast i Robek. Dette er positivt av di nødvendige tiltak kan setjast i verk på eit tidlegare tidspunkt enn slik ordninga fungerer i dag. Dersom økonomiplan, budsjett og årsrekneskap ikkje blir vedteke innan fristane, vil det etter framlegget vere grunnlag for registrering. Vi ser at det er føremålstenleg å ha dette med som kriterium i tillegg til dei andre kriteria. Å ha høve til å gi dispensasjon frå kriteria for registrering dersom det er heilt klårt at det ikkje er behov for godkjenning og kontroll, er positivt.

6/8 29 3 Kontroll med årsbudsjett og låneopptak. Lovlegkontroll av årsbudsjett og godkjenning av lån og langsiktige leigeavtalar av bygg, anlegg og varige driftsmidlar, blir vidareførde. Det er vidare positivt at departementet kan fastsette ei øvre ramme for årets låneopptak, slik at godkjenningsordninga ikkje knyter seg til enkeltopptak av lån. 29 4 Orienteringsplikt og tiltaksplikt. Det er positivt at det no vert ei plikt for kommunane til å vedta ein tiltaksplan med tidsfristar for å få økonomien i balanse, og at denne skal sendast til departementet for orientering. Kapittel 31 Statleg tilsyn 31-5 Partsrettar Vi saknar ei grundigare vurdering av og refleksjon rundt kvifor ein kommune, som er ei offentleg styresmakt, i tilsynssaker skal likestillast med ein privat part når det gjeld partsrettar etter forvaltningslova. Utgangspunktet er at forvaltningslova har laga eit klart skilje for avgjerder om forvaltningsorgan sine rettar og plikter. For avgjerder som berre kan treffast andsynes forvaltningsorgan, er ikkje forvaltningsorganet gitt partsrettar. For avgjerder som etter sin art også kan treffast andsynes private, gjev forvaltningslova 2 fjerde ledd partsrettar til forvaltningsorgan. Forvaltningslova 2 fjerde ledd er meint for tilfelle der kommunen har «samme interesse eller stilling i saken som private parter kan ha». Framlegget til ny 31-1 vidarefører avgrensinga frå gjeldande 60a ved at «reglene i dette kapitlet er avgrenset til tilsyn med oppfyllelse av plikter som bare er pålagt kommunene eller fylkeskommunene». Det vil seie plikter som er pålagt desse i eigenskap av å vere lokale forvaltningsorgan etter kommunelova. Reglane, med unntak av 31-6 og 31-7, skal såleis ikkje regulere tilsyn med at kommunen eller fylkeskommunen etterlever reglar som rettar seg mot alle som driv ein aktivitet eller tilbyr ei teneste. Såleis fell statlege avgjerder i samband med tilsyn etter kapittel 31 i framlegget klart innanfor den delen av forvaltningslova som ikkje gjev offentlege organ partsrettar. Utvalet grunngjev framlegget til endring slik at kommunane får partsrettar etter forvaltningslova, med at det er naturleg at kommunane/fylkeskommunane bør ha dei same partsrettane, samanlikna med andre private verksemder det vert ført tilsyn med. Ut frå det vi har nemnt over, meiner vi at det ikkje er ei opplagt samanlikning. Etter vår meining er det ein vesentleg skilnad på ei offentleg styresmakt som kommunen er, og ein privat part, og vi kan ikkje sjå av NOU-en at utvalet har reflektert utfyllande over dette. Det er vidare ein vesentleg skilnad mellom tilsyn og klagesakshandsaming. Klagehandsaming er det mest gjennomregulerte området i forvaltningslova, der siktemålet er å lage gode reglar som sikrar at private partar får rettane sine. Tilsyn er eit verkemiddel for å gjennomføre statleg politikk på område kommunane er ansvarlege for, der den viktigaste ønskte effekten er læring for framtida. Nye kapittel 31 vil regulere tilsyn med at kommunen yter forsvarlege tenester til befolkninga og sikrar innbyggarane deira lovfesta rettar. Brot på kommunepliktene, som det her skal førast tilsyn med, kan ha som indirekte eller direkte konsekvens at private partar vert råka ved at dei får eit lågare nivå på tenestene.

7/8 Såkalla hendingsbaserte tilsyn har den tilleggsdimensjonen at ofte er det ein privat meldar som har bede om tilsyn, og han eller ho er ikkje å rekne som part, sjølv om meldaren kan ha særskilt definerte rettar etter særlover. Utvalet går lite inn i kva føremålet med tilsyn er og kva motståande interesser som kan vere aktuelt ved eit tilsyn. Før dette er klarlagt, bør det etter vårt syn ikkje gjevast reglar som utan vidare gjev kommunen partsrettar i alle tilsynssaker. Vi meiner etter dette at den noko uklare rettstilstanden som følgje av tolkinga av uttrykket «saker om pålegg» kanskje bør løysast på ein annan måte enn framlegget medfører, eller i alle fall at det bør tenkjast grundigare gjennom og definerast særskilt kva partsrettar ein kommune bør ha. Forvaltningslovutvalet arbeider no med framlegg til ny forvaltningslov. Dersom ei ny forvaltningslov endrar partsrettane, vil, etter framlegget til ny 31-5 i kommunelova, ei slik endring også omfatte dei partsrettane ein kommune får ved tilsyn. Vi meiner det er uheldig dersom ei eventuell endring av partsrettane til ein privat part i ei forvaltningssak, utan konkret grunngjeving for ulike rettar, skal gjelde for statleg tilsyn med ein kommune. Dessutan, utforminga av ny forvaltningslov, som altså har til siktemål å regulere tilhøvet mellom offentlege organ og private borgarar, bør kunne gjerast utan å ta omsyn til at kommunelova i tilsynssaker gjev kommunar tilsvarande rettar som private partar i forvaltningssaker. Vi saknar såleis ei grundigare vurdering av kva del av tilsynet som eignar seg for å gje kommunen fulle partsrettar etter forvaltningslova, og stiller spørsmål om kommunane kan ivaretakast på andre måtar enn gjennom å generelt vise til partsrettane i forvaltningslova, til dømes ved særskilt definerte rettar i kommunelova. 31-6 Samordning av statlege tilsynsstyresmakter Når det gjeld samordning av tilsyn, så støttar vi framlegget frå fleirtalet i utvalet til ny 31-6. Eit utvida ansvar gjer at fylkesmannen får ei større rolle med å koordinere den regionale staten. Dette vil vidareføre dagens praksis der vi samordnar praktiske sider, men det får ein ny dimensjon når også prioriteringar og gjennomføring skal inn under vår samordning. Ei god samordning krev stor kunnskap både om kommunane og om det ansvaret som ligg til ulike statlege tilsynsorgan. Men det passar godt saman med det samordningsansvaret fylkesmannen har på andre samfunnsområde. Disposisjonar gjort utan fullmakt eller mynde avsnitt 8.8 Høyringsinstansane er særskilt oppmoda om å uttale seg om ei mogleg regulering av spørsmålet om kommunen vert bunden dersom nokon i kommunen går utover fullmaktene sine eller myndet sitt. Det typiske dømet kan vere at ein tilsett eller folkevald i kommunen inngår ein avtale på vegner av kommunen, utan å ha fått delegert fullmakt til det. Når det gjeld utøving av offentleg mynde, er vi samde med fleirtalet i utvalet om at kommunelova ikkje er rett plass å regulere verknaden av personell kompetansemangel, fordi dette naturleg høyrer inn under forvaltningslova. For privatrettslege disposisjonar er vi samde med utvalet i at kommunelova er eigna til å regulere problemstillinga. Vi er positive til at rettstilstanden vert klargjort i lova. Vi er samde med utvalet i at omsynet til ein føreseieleg og klar rettstilstand kan vege tyngre enn risikoen for at regelen ikkje vert heilt treffsikker for alle tenkelege tilfelle.

8/8 Utvalet har i NOU-en punkt 8.8 lansert tre aktuelle alternativ, utan sjølv å ha teke stilling til kva alternativ som bør veljast. Vi har vurdert resonnementa frå utvalet, og vi meiner at alternativ 1, ingen legitimasjonsverknad, eller 2, legitimasjonsverknad berre for avtalar om daglegdagse tilhøve, er dei mest føremålstenlege og best grunngjevne framlegget til regulering. Vi rår frå alternativ 3, som i sjeldne unntakstilfelle kan få dramatiske konsekvensar for økonomien i ein kommune i lang tid framover. I valet mellom alternativ 1 og 2, er vi noko i tvil. Alternativ 2 kan skape vanskelege avgrensingar, men gjev truleg rimelegaste resultat i dei fleste tilfella. Med vekt på det siste, går vi inn for alternativ 2. Med helsing Gunnar O. Hæreid ass. fylkesmann Jorunn Fosse Fidjestøl seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.