KUD Kulturdepartementet Postboks 8030 Dep 0030 OSLO Norge Dykkar ref.: Vår ref. Dato: 16/1748 Sak/dok.: 16/00294-146 19.08.2016 Ark.: 008 Høyring om endring i forskrift om stadnamn Kartverket viser til Kulturdepartementet sitt høyringsbrev av 11.05.2016 om endring i forskrift om stadnamn. Vårt høyringssvar følger avsnittsinndelinga i høyringsnotatet som var lagt ved. Kommentarar til innleiing i avsnitt 1 og 3.1 Språklege føringar i forskrifta Kartverket er samd i at det noverande dokumentet «Forskrift om skrivemåten av stadnamn» kan verke uoversiktleg og vanskeleg å finne fram i. Likevel har det vore formålstenleg for brukarane at alt har vore samla på ein stad. Rettleiingsdelen må derfor framleis vere lett tilgjengeleg for folk flest. Kartverket støttar departementets forslag om å ta store delar av rettleiingsdelen ut av forskrifta for å gjere det klarare at rettleiinga har ein annan status enn lov og forskrift. Vi meiner likevel prinsipalt at ein bør ta dei detaljerte språklege føringane (i rettleiinga er desse punkt 3, underpunkt 1-3) inn i forskrifta. Fram til forskrifta blei endra i 2007, var dei språklege føringane ein del av sjølve forskrifta. Kartverket har etter forskriftsendringa i 2007, fortsatt praktisert dei detaljerte språklege føringane som påbod og forbod. Rettleiinga har til dels også blitt oppfatta som ein del av forskrifta. Grunngivinga for at vi meiner forskrifta bør innehalde detaljerte språklege føringar er for det første at dette forenklar oppgåva når Kartverket gjer vedtak. Føringane er svært viktige for vedtaksorgana i arbeidet med fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. Kartverket meiner for det andre at det er naturleg at ei forskrift som skal regulere skrivemåten av stadnamn, nettopp inneheld språklege føringar. Resultatet av å endre dei språklege føringane frå reglar til «gode råd», utan faste reglar for kva som er rett og gale, vil lett bli at ein får tilfeldige vedtak som ikkje samsvarar frå sak til sak. Ved å ha detaljerte språklege føringar i ei forskrift, vil ein i større grad sikre lik praksis ved vedtak om skrivemåten til stadnamn. I tillegg vil det vere enklare for kommunar og andre offentlege organ, lokale organisasjonar og privatpersonar å forstå grunngjevinga av eit vedtak om skrivemåten av stadnamn, viss dei kan sjå dei detaljerte språklege føringane i forskrifta. Kartverket Besøksadresse: Kartverksveien 21 Hønefoss Postadresse: Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss Telefon: 08700 Telefax: 32 11 81 01 E-post: post@kartverket.no Organisasjonsnummer: 971 040 238
Kartverket meiner subsidiært at dei detaljerte språklege føringane bør vere bindande instruksar frå departementet til underordna vedtaksorgan. Det vil derfor vere ein fordel at dokumentet som inneheld detaljerte språklege føringar har ei anna nemning enn «rettleiing», då tittelen verkar noko uformell og mindre bindande. Om ikkje nemninga «instruks» blir brukt, burde ein i alle fall bruke nemninga «rundskriv» eller liknande. Vi kan ikkje sjå av høyringsnotatet om rettleiinga skal vere eit dokument som blir utgitt av departementet, som overordna organ, eller om Språkrådet aleine skal vere ansvarleg for rettleiinga. Dette kan ha noko å seie for den vekta rettleiinga/rundskrivet har som rettskjelde. Som overordna organ kan departementet pålegge underordna å følgje departementets tolking. Dei kan instruere om utøving av forvaltningsskjønn, dei kan seie kven som skal ta avgjerda, og korleis saksbehandlinga skal vere. Språkrådet er underordna Kulturdepartementet, men det er lite truleg at Språkrådet kan bli rekna som overordna organ i relasjon til Kartverket og kommunane i saker om stadnamn. Kartverket meiner atter subsidiært at om departementet kjem til at dei språklege føringane skal vere i ei rettleiing, at Kulturdepartementet bør stå som ansvarleg eller vere godkjenner av rettleiinga. Det bør komme klart fram av dokumentet. Skoltesamisk Vi er samde i at skoltesamiske stadnamn skal kunne skrivast etter skoltesamiske rettskrivingsprinsipp. Stadnamntenesta Departementet ønsker å forenkle ordninga med namnekonsulentar, fordi ho er administrativt og økonomisk ressurskrevjande. Desse delane av forskrifta er foreslått tekne ut. Vi meiner at dagens ordning fungerer godt og at ho bør fortsette. Det er positivt for Kartverket og våre regionalt namneansvarlege å ha ei regional stadnamnteneste med best mogleg lokalkunnskap. Med ei sentralisert ordning vil det bli meir tilfeldig kor god den lokale kunnskapen blir. Før namnearbeidet vart regionalisert i 1991 i samband med at lov om stadnamn trådde i kraft, vart både namnekonsulenttenesta og Kartverket ofte møtt med kritikk av typen «kvifor skal det sitje folk i Oslo og på Hønefoss og meine noko om namna våre?» Regionaliseringa av arbeidet er sers viktig fordi fleirtalet av namnesakene nå for tida vert initierte av adresseringsarbeidet i kommunane, der kommunane sjølv er vedtaksorgan. Og adressenamnsakene fører ofte med seg saker om skrivemåten av andre namn som også er sers viktige for lokalsamfunnet (gardsnamn, naturnamn, grendenamn osb.) fordi desse namna t.d. inngår i førsteleddet i adressenamna.» Fleire endringar i lova? Departementet vil vurdere om det er behov for fleire endringar i lova enn det som vart gjennomført i 2015. Vi meiner at det ikkje er nødvendig med fleire endringar nå, men at lova som vart vedteken i 2015 må prøvast ut over nokre år. Kommentarar til dei einskilde føresegnene i avsnitt 3 Til 1 Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn (3.2.1) Det er foreslått eit tillegg i andre ledd, tredje punktum: "Skrivemåten av stadnamn kan fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp dersom skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd." - 2 -
Dette er henta inn i forskrifta frå rettleiinga og forarbeida til lova. Ein slik regel bør etter vårt syn ikkje komme inn i forskrifta. Det vil opne for at t.d. eigarfastsette skrivemåtar av bruksnamn vil bli tekne i bruk allment, t.d. i adressenamn. Regelen vil være i motstrid med formuleringa i Prop. 105 L (2014 2015) om at eigarfastsette skrivemåtar ikkje skal ha innverknad på skrivemåten til andre namneobjekt som fell saman med skrivemåten til eit eigarfastsett bruksnamn. Regelen i forskrifta kan bli nytta generelt som grunnlag for å krevje bruk av skrivemåtar som er i strid med hovudregelen for normering av stadnamn altså vil punktet i forskrifta komme til å fungere som ein utholingsparagraf som ikkje er i samsvar med 1 i lova om å ta vare på stadnamna som språklege kulturminne osb. Til 2 Normering av lydleg lånte stadnamn i fleirspråklege område (3.2.2) Dette er forslaget til ei ny overskrift (og uendra første ledd) i 2: " 2 Normering av lydleg overførte stadnamn i fleirspråklege område Lydleg lånte stadnamn som har fått ein innarbeidd uttale, skriv ein etter rettskrivingsreglane i låntakarspråket." Her er det ikkje samsvar mellom termane i overskrift og i første ledd i paragrafen sjå dei utheva orda. Departementet skriv at det "foreslår ingen endringar i 2 utover at eksempla blir tekne ut av forskrifta". Er det da tenkt at overskrifta framleis skal vere "Normering av lydleg lånte stadnamn i fleirspråklege område"? Viss ein har tenkt å endre overskrifta, har vi framlegg til ein endra ordlyd av første ledd i 2: "Lydleg overførte stadnamn som er tilpassa lydstrukturen i mottakarspråket, skriv ein etter rettskrivingsreglane i dette språket." "Overføring" er ein meir generell term enn "lån", om "lån" blir rekna som språkleg tilfang som språkbrukarar av eit språk hentar inn i språket sitt frå eit anna språk. "Lån" føreset altså at ein har brukarar av to ulike språk, og at ei av gruppene tek i bruk eit språktrekk frå eit anna språk, t.d. eit namn, og innlemmar namnet i namnetilfanget i sitt eige språk. Men ein stor del av stadnamna som har opphav i eitt språk og er tekne i bruk i eit anna språk, har ikkje komme inn i dette språket ved lån. Om eit samfunn har gjennomgått språkskifte, kan ein heller sjå på stadnamn med opphav i språket som blei brukt tidlegare i samfunnet som eit framhald av namnebruken som har vore der heile tida, og ein term som "tradering" av namn er meir dekkande enn å snakke om "lån". Ein term "overføring" vil kunne dekke både "lån" og "tradering", og er derfor å føretrekke. I staden for termen "innarbeidd" er "tilpassa" ein term som høver betre til terminologien innanfor feltet språkkontaktforsking. På engelsk nyttar ein termen "adapt" og "adaptation" der eit språkleg fenomen frå eit språk gjennomgår ei endring ved at språktrekket blir teke i bruk på eit anna språk. På norsk er "tilpasse" og "tilpassing" dei tilsvarande brukte termane. "Mottakarspråk" har eit anna fokus enn "låntakarspråk" eit mottakarspråk er det språket som "får" noko frå eit anna språk, mens termen "låntakarspråk" seier at eit språk "tek" noko frå eit anna språk. Om ein utelet termen "lån", vil det vere logisk at ein finn ein annan term i staden for "låntakarspråk" også. Motsetnaden til "mottakarspråk" er "donorspråk" eller "kjeldespråk", men termen "opphavsspråk" kan likevel nyttast. Framlegget til andre ledd lyder slik: "Ikkje-innarbeidde namneformer skal skrivast i samsvar med reglane i opphavsspråket." - 3 -
Vi foreslår følgande endring: "Namn som ikkje har blitt tilpassa til lydstrukturen i mottakarspråket, skal skrivast etter reglane i opphavsspråket." Framlegget til tredje ledd lyder slik: "Om eit lånt stadnamn inneheld eit ledd, oftast forledd, som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan namneleddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet, oftast etterleddet, skriv ein i samsvar med rettskrivingsreglane i låntakarspråket. I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i låntakarspråket." Vi meiner framlegget er langt og vanskeleg og forstå og foreslår i staden denne forenklinga: "Stadnamn som inneheld namneledd frå to språk, oftast eit lydleg overført forledd og eit omsett etterledd, skal ein som hovudregel skrive etter reglane i mottakarspråket." Med denne formuleringa «som hovudregel» blir det opna for at såkalla hybride namn namn som består av språkgods frå to språk kan finnast, men vi meiner det ikkje er naudsynt å nemne det eksplisitt. Til 3 Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn (3.2.3) Det er foreslått å fjerne tredje ledd fordi det er overflødig etter endringa av lova i 2015. Dette er vi ikkje einig i. Vi minner om at hovudregelen for skrivemåten av bruksnamn etter lova 8 andre ledd framleis er at skrivemåten av gardsnamn skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Ordinært er det framleis Kartverket som gjer vedtak om skrivemåten av bruksnamn, slik som før lovendringa i 2015. Slike vedtak om skrivemåten av bruksnamn etter 8 har høgare status enn eigarfastsette skrivemåtar etter lova 6 andre ledd, fordi dei skal brukast vidare i anna namngjeving, t.d. adressenamn. Det er rimeleg at vedtaksorganet i denne saksbehandlinga, slik som tidlegare, skal leggje særleg vekt på grunneigaren sitt ønske. Dersom eigaren ikkje når fram med ønsket sitt, kan han som neste utveg, velje å bruke den nye regelen i lova 6 andre ledd. Til 7 Bruk av fleirspråklege namn (3.2.7) Det er send to alternativ på høyring. I båe alternativa er det foreslått at kommunen skal fastsetje rekkjefølgja, men i det eine er det tatt med at i forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk (som i dag). Vi har forståing for at dagens rekkjefølgjeregel i forvaltningsområdet for samisk kan ha verka mot hensikta. Men vi meiner at det bør inn ein regel om at det ikkje kan vere ulike rekkjefølgjer innan ein og same kommune. Dette vil forenkle føringa av namn i SSR, på kart og på skilt. Til 8 Saksbehandling (3.2.8) I andre ledd er det foreslått at eigaren kan fastsetje skrivemåten av bruksnamn utan lokal høyring og tilråding frå namnekonsulentane. Det er viktig at det her blir vist til 6 andre ledd i lova, eller at det er ein føresetnad at skrivemåten er dokumentert. I fjerde ledd andre punktum bør starten endrast til: "Med daglegnamn er her meint namn ". - 4 -
I vanleg forstand er daglegnamn allslags namn som er i daglegdags bruk. I femte ledd andre punktum bør starten endrast til: "Er dette namnet eit nedervd bruksnamn ". Det kan sjå ut som om "dette" refererer til namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, men det peikar sjølvsagt attende til same namnet. Dersom ein tolkar ordlyden feil, kjem ein på ville vegar. I femte ledd andre punktum bør den siste delen endrast. Presiseringa av at det ikkje trengst å reisast namnesak for det tilsvarande gardsnamnet, er mangelfull. Primærnamnet treng ikkje vera eit gardsnamn, det kan vera eit naturnamn eller kva som helst anna namn, t.d. andre bruksnamn. Det bør heller stå at dersom eigaren ynskjer å fastsetje skrivemåten etter 6 i lova, treng ein ikkje ta andre primærnamn eller sekundærnamn med i saka. Eit nytt sjette ledd? Vi saknar noko om at ein skal kunna gjere vedtak om avleidde namn på «nye» namneobjekt i saker der det ikkje er usemje om skrivemåten av primærnamnet. «Nye» tyder her namn som ikkje har vore i offentleg bruk før 1991. Det skapar ofte mykje byråkratisk ekstraarbeid at ein må ta med t.d. gardsnamn og ei rad avleidde bruksnamn og naturnamn i tilfelle der ein berre ønsker å gjennomføre namnesak om skrivemåten av t.d. eit avleidd tunnelnamn eller eit naturnamn. Eit konstruert døme: Ein gard heiter Haug. Nokon foreslår Haugneset som namn på ein naturlokalitet, men det er usikkert om det heiter Haugnes eller Haugneset på folkemunne. Vi må gjennomføre namnesak. Men så finst det 20 bruk under garden som heiter Haug, og 5 andre avleidde naturnamn. Spørsmålet om Haugnes/-neset genererer dermed namnesak for totalt 27 namn: gardsnamnet (primærnamn) + 20 bruksnamn + 5 naturnamn + Haugnes(et). Mange namnesaker eser såleis kraftig ut, og det er ikkje føremålstenleg. Til 9 Vedtak (3.2.9) Fordi skrivemåten av bruksnamn framleis vert fastsett etter hovudregelen i 8 første og andre ledd, bør siste punktum i fjerde ledd endrast til «For vedtak om skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn skal likevel kommunen sende melding til eigarane av bruk som vedtaket får verknad for.» I siste ledd bør «men som ikkje er part i saka» strykast. Det bør gå klart fram at kommunen generelt skal gjere vedtaket kjent for dei som har klagerett lokalt. Til 11 Klagenemnda for stadnamnsaker (3.2.11) I andre ledd er det foreslått å fjerne parentesen etter KS i første punktum. Endringa er ikkje kommentert i merknaden til 11 i høyringsnotatet. Vi meiner at eit initialord bør ha ei forklaring i samsvar med prinsippa for klart språk, og synest at «(kommunenes arbeidsgiver-, interesse- og medlemsorganisasjon)» bør bli ståande. - 5 -
Til 12 Verknad av klage (3.2.12) Denne paragrafen er foreslått flytta uendra til 10, nytt fjerde ledd, men dette leddet manglar i del 4 Gjeldande forskrift og nytt utkast spegel og i del 5 Utkast til revidert forskrift om stadnamn. I merknaden til 12 står det at reglane i forvaltningslova 42 om utsett iverksetjing av vedtak etter klage gjeld for saker etter stadnamnlova. Dette er ikkje riktig. Vi viser til stadnamnlova 6 fjerde ledd: «Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.» Forvaltningslova 42 er med i kapittel VIII, og den gjeld derfor ikkje for saker stadnamnlova. Til 15 Sentralt stadnamnregister (3.2.15) I femte ledd er det kome inn ein trykkfeil. Ordet "rapporering" må skrivast rapportering. Det same gjeld i del 4 og 5. I sjette ledd er det teke med eit nytt andre punktum. Dette er unødvendig, for denne presiseringa går fram av den første delen av første punktum i sjette ledd. Vi ønsker eit nytt ledd som seier noko om kven som kan føre i Sentralt stadnamnregister (SSR). Forskrifta seier noko om dei oppgåvene Statens kartverk har, men ikkje om føringa av registeret. Grunnen til dette ønsket, er at vi får spørsmål frå kommunar som ønsker å føre namn i SSR. Vi ønsker også at SSR reint teknisk kan tilpassast ønsket frå kommunane. Venleg helsing Jens Christian Leonthin juridisk direktør Cathrine Brenden Rønning juridisk rådgjevar Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent i samsvar med interne rutinar. - 6 -