BARNEOMBODET. Høyring rapport om «Avhøyr av særleg sårbare personar i straffesaker»



Like dokumenter
BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Til deg som bur i fosterheim år

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Høringsuttalelse om avhør av særlig sårbare personer i straffesaker

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Melding om behov for representant

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyring - Demensplan 2020

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Aurland kommune Rådmannen

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Minnebok. Minnebok NYNORSK

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Saksbehandling kva er no det?

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Styresak. Forslag til vedtak

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Du må tru det for å sjå det

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m.

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Tone Viljugrein 5. november 2015

Til Kunnskapsdepartementet

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

LDO og NHO reiseliv. Saman mot utelivsdiskriminering

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Klage frå Fyresdal kommune over Politidirektoratet si avgjerd av 13. januar 2017 om endringar i lokal struktur i Sør-Øst politidistrikt

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Plan for selskapskontroll

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

INNHOLD. LOV nr 21: Lov om film og videogram.

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Informasjonshefte Tuv barnehage

Transkript:

BARNEOMBODET Justis- og beredskapsdepartementet, politiavdelingen Postboks 8005 Dep 0030 OSLO Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandlar: Arkivkode: Dato: 13/00315-2 Frøydis Heyerdahl 008;O;KRI 11.4.2013 Høyring rapport om «Avhøyr av særleg sårbare personar i straffesaker» Barneombodet viser til høyringsbrevet datert 16. januar 2013, der rapport om "Avhøyr av særleg sårbare personar i straffesaker» blir sendt på høyring. Mandat Barneombodet skal i fylgje lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tekne tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområde. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgiving til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei forpliktingane Noreg har etter FN sin konvensjon om barn sine rettar. Mandatet til ombodet er avgrensa til barn under 18 år. Samandrag Her er eit kort samandrag av nokre av Barneombodet sine kommentarar: Barneombodet støttar at ansvaret for avhøyr av barn og psykisk utviklingshemma blir lagt til politiet. Barneombodet støttar at avhøyra skal leiast av ein politijurist, men meiner det som hovudregel bør vere eit krav til utdanning. Det bør stillast formelle krav til kompetansen til avhøyraren. Dette bør vere den klare hovudregelen i alle saker, og eit absolutt krav i alle saker om integritetskrenkingar. Barneombodet meiner aldersgrensa for å kome under forskrifta bør hevast til 18 år. Subsidiært vil vi behalde dagens aldersgrense på 16 år. Barneombodet meiner at aldersgrensa for når det er obligatorisk å bruke barnehusa bør vere 18 år, ikkje 15 år. Vi oppmodar departementet om å leggje opp til ein vid bruk av barnehusa. Postadresse: Besøksadresse: E-post: Postboks 8889 Youngstorget Karl Johansgate 7 post@barneombudet.no 0028 OSLO 0154 OSLO www.barneombudet.no Tlf 22 99 39 50 Fax 22 99 39 70 Org.nr.: 971 527 765

Barneombodet støttar at det vert sett ein frist på ei veke for gjennomføring av avhøyr i alvorlege saker, men vi meiner det er urealistisk dersom ein ikkje gjer drastiske endringar i haldningar og ressursar hos politiet. Nærmare kommentarar til forslaga i rapporten Barneombodet støttar at saker om seksuelle overgrep og familievald blir likestilte i ein ny avhøyrsmodell. Her følgjer kommentarar til nokre av dei andre forslaga. 1. Ansvaret for avhøyr av barn og psykisk utviklingshemma blir lagt til politiet, jf. punkt 5.2.2 Barneombodet støttar Arbeidsgruppa (heretter AG) sitt forslag om at ansvaret for avhøyra i all hovudsak blir lagde til politiet utan involvering av domstolane. Vi er einige med AG i at det er kvaliteten på avhøyret som er avgjerande for bevisvurderinga, og ikkje kven som har ansvaret. 2. Krav til kompetanse a. Krav til den som skal leie avhøyret, jf. punkt 5.2.4.5 AG foreslår at avhøyra skal leiast av ein politijurist, og at Politihøgskolen skal få i oppdrag å utarbeide eigne kurs for påtalejuristar som skal leie slike avhøyr. Dette høyrest fornuftig ut. Gruppa konkluderer likevel med at det ikkje bør stillast som eit formelt krav at avhøyrsleiaren har gjennomgått eit slikt kurs. Barneombodet vil understreke at det har stor verdi at den som skal leie avhøyra har tilstrekkeleg kompetanse. Manglande kunnskap vil kunne gjere at avhøyra vert avbrotne på feil tidspunkt, eller at det vert tillete spørsmål som ikkje burde vore stilt, noko som vil kunne få store konsekvensar for både etterforskinga, verdien avhøyret har som bevis og barnet si oppleving av avhøyret. Krav til utdanning bør vere den klare hovudregelen, og så kan det bli gitt ein snever unnataksregel for dei tilfella der det er praktisk umogeleg å gjennomføre. Dette bør kome klart fram av ny forskrift 5. b. Krav til den som gjennomfører avhøyra, jf. punkt 7.3-7.4 AG seier i rapporten at dei meiner avhøyra alltid bør gjerast av utdanna avhøyrarar, men at formelle kompetansekrav bør knytast til avhøyr av vitne og fornærma i saker som gir rett til bistandsadvokat. Vi registrerer samtidig at forslag til ny forskrift 5 seier at avhøyret skal gjennomførast av ein person med godkjenning, men at politimeisteren med godkjenning frå fyrstestatsadvokaten kan vedta unnatak frå kompetansekravet. Men her legg ein ingen føringar for kva unnatak som kan gjerast. Etter det vi kan sjå er det ikkje samsvar mellom forslaget frå AG på side 69 og forslaget i forskrifta. Barneombodet støttar at det bør stillast formelle krav til kompetansen til avhøyraren. Dette bør vere den klare hovudregelen i alle saker, og eit absolutt krav i alle saker om integritetskrenkingar. 3. Kva barn fell inn under forskrifta og kven kan bruke barnehusa? a. Aldersgrense for å bli omfatta av forskrifta, det vil seie at ein blir avhøyrt utanfor rettsmøte etter ein tilpassa modell, jf. punkt 5.3 AG foreslår å senke aldersgrensa for kven som skal omfattast av forskrifta frå 16 til 15 år, men slik at det er alder på tidspunktet for det første avhøyret, og ikkje tidspunktet for hovudforhandling som avgjer om ein må møte i retten eller ikkje. Barneombodet støttar at det 2

er alderstidspunktet for det fyrste avhøyret som er avgjerande. Vi er likevel skeptiske til at aldersgrensa blir senka. Også 15-, 16- og 17-åringar utsette for krenkingar kan vere svært sårbare. Prinsipalt ønskjer derfor Barneombudet at aldersgrensa blir hevd til 18 år. Subsidiært vil vi behalde dagens aldersgrense. AG grunngir å senke aldersgrensa til 15 år med at det er positivt å samordne så mange aldersgrenser som mogeleg. Barneombodet ser poenget med å samordne aldersgrenser, men meiner andre omsyn må vege tyngre her. Vi saknar ei nærmare grunngiving frå AG på kvifor 15 år er riktig aldersgrense ut frå eit utviklingsperspektiv. Vi minner om at barnekonvensjonen sine reglar om vern og tilrettelegging gjeld alle barn under 18 år. Det er ikkje berre sjølve avhøyret som vil vere meir tilrettelagt for barn i ein avhøyrsmodell utanfor retten. Oppfølginga før og etter avhøyret er langt betre enn den ein får dersom ein møter som vitne i retten. Dette er ikkje minst viktig der det er snakk om krenkingar frå nære familiemedlemer eller der ein kan gå ut frå at familien ikkje sjølv har ressursar til å hjelpe barnet å få hjelp. Barnekonvensjonen artikkel 3 om barnet sin beste skal vere førande ved val av avhøyrsmodell. Det betyr etter vår vurdering at alle under 18 år bør få tilbod om avhøyr etter forskrifta som er foreslått. Ei systematisk forskjellsbehandling der eldre barn får eit dårlegare tilbod kan innebere aldersdiskriminering i strid med barnekonvensjonen artikkel 2. Ei forskjellbehandling kan berre aksepterast dersom den er sakleg og rimeleg. Barneombodet meiner det er tungtvegande omsyn som taler for at barn i aldersgruppa 15-18 år bør få høve til å bli avhøyrt etter ein tilpassa modell utanfor retten. Nokre ungdomar vil kunne ønskje å vitne i retten, eventuelt via videokonferanse. Moglegheita til å bli avhøyrt på førehand bør ikkje vere til hinder for at barnet sjølv vel å vitne under rettssaka. Dersom regjeringa går for å senke aldersgrensa, eventuelt oppretthalde dagens aldersgrense, bør det setjast i verk særlege tiltak som sikrar ei betre oppfølging av 16- og 17-åringar som vitnar i retten. Barneombodet støttar elles at det kan brukast videokonferanse frå barnehusa under rettssaka for barn over 15 år og andre med særlege behov. Det vil kunne avhjelpe noko på belastninga det er å vitne i retten. Det er også positivt at AG legg opp til å opne for avspeling av tidlegare avhøyr, før vitnet forklarer seg. b. Om barn sin rett til å kome på barnehus, jf. punkt 6.2.2 AG kjem med forslag til kven som skal bruke barnehusa både i forhold til alder og personkrins. Barneombodet er glad for at AG foreslår å gjere bruken av barnehusa obligatorisk for barn i enkelte sakstypar, men vi meiner at aldersgrensa bør vere 18 år, ikkje 15 år, jf. argumenta over om at forskrifta bør gjelde opp til 18 år. AG foreslår at spørsmålet om det er obligatorisk å bruke barnehusa skal knytast til om barnet har rett til bistandsadvokat. Barneombodet er usikker på om det er ei heldig avgrensing. Det er fleire straffeføresegner som ikkje gir rett til bistandsadvokat i dag, men som likevel vil kunne innebere alvorlege integritetskrenkingar, eksempelvis 201a, den såkalla «groomingparagrafen». Vi ber departementet vurdere om avgrensinga bør skje på ein annan måte. 3

AG foreslår at barnehusa både kan og bør brukast i andre saker, men vel å ikkje gi forslag til detaljerte retningslinjer. Gruppa kjem i den samanhengen på side 59 med ei noko pussig vurdering av kven barnehusa bør vere for, basert på ein argumentasjon om at barn frå 14-15 års alder blir utsett for andre typar overgrep enn mindre barn. At det oftare er personar utanfor familien som er overgripar, og at typen overgrep endrar karakter. Vidare står det at overgrepa i større grad skjer i helgar og om natta, noko som krev ein annan type beredskap enn barnehusa har i dag, og at desse saktypane ofte gir andre behov for og vern og behandling enn overgrep og vald i nære relasjonar. Barneombodet finn dette veldig konstruert. Overgrep og vald i familien skjer også heile døgnet, og det at barnehusa i dag ikkje har eit akuttilbod er ikkje eit argument for at ikkje barnehusa skal kunne brukast til avhøyr av eldre barn. Vidare vil behovet for ivaretaking og oppfølging kunne vere like stort sjølv om overgrepet skjer utanfor familien. AG påpeikar sjølv at frå eit sosialmedisinsk synspunkt kan ei avhøyrsordning med låg terskel for bruk av barnehus gi stor effekt over tid, og det er liten tvil om at for eksempel ungdomsgruppa over 16 år som blir utsette for vald og overgrep utanfor familien, også kan ha behov for spesialkompetansen i barnehusa og tilpassa lokale. AG overlét dei nærmare vurderingar av kven som skal til barnehusa til departementet. Barneombodet støttar AG i vurderinga av at bruk av barnehusa kan ha stor effekt også i andre saker enn den opphavlege kjerneverksemda, og vil oppmode departementet om å leggje opp til ein vid bruk av barnehusa i desse sakene. 4. Retten til å få valt bistandsadvokat, punkt 5.2.1 AG foreslår at retten til å få oppnemnd bistandsadvokat blir utvida til også å omfatte brot på straffelova 227-229 i visse situasjonar. Barneombodet støttar dette forslaget. Det er særleg viktig dersom bruken av barnehus blir knytt opp til retten til bistandsadvokat. Det bør derfor også vurderast om andre straffeføresegner bør inkluderast, slik som straffelova 201a. Det er uansett uklart for oss kva AG sitt forslag inneber. Gruppa viser til at handlinga anten har skjedd i bustaden, eller av ein «personkrins som blir omhandla i rapporten.» I lovteksten som er foreslått i straffeprosesslova 107a står det derimot at det inkluderer handlingar som har «skjedd i bustaden» eller som er antatt gjort av «nokon vedkomande har eit særleg tillitsforhold til.» Vi saknar ei nærmare drøfting av kva som blir lagt i desse omgrepa. Tenkjer ein f.eks. ein lærer, ein nabo, ein trenar? Omfattar bustad også samværsforeldre? Vi ber departementet klargjere bruken av desse omgrepa. 5. Forklaringsplikt, jf. punkt 8.4.4 og 8.4.9 Barn under 12 år har i dag vitneplikt sjølv om barnet har nært slektskap med den sikta. Slik er det ikkje for større barn og vaksne. Fleirtalet i AG foreslår å heve denne aldersgrensa til 15 år i saker som gir rett til bistandsadvokat etter 107 a. Vidare foreslår dei at dette også skal gjelde for straffeprosesslova 123, om moglegheita til å bli friteke for å svare på spørsmål. Barneombodet støttar at ein samordnar straffeprosesslova 122 og 123. Barneombodet er i tvil når det gjeld å heve aldersgrensa for forklaringsplikt. AG rører i liten grad ved dei omsyna som er bakgrunnen for kvifor vaksne har fritak frå vitneplikta når det gjeld nærståande. Dei same omsyn vil som utgangspunkt også gjere seg gjeldande for barn. Det skal tunge argument for å behandle barn og vaksne forskjellig på dette området, og jo eldre 4

barnet er dess større innverknad skal barnet ha. Barnet sin rett til å få seie meininga si, jf. barnekonvensjonen artikkel 12, skal normalt ikkje avgrensast av barnet sin rett til vern då det er ein sjølvstendig rett etter konvensjonen. Eit viktig moment for å heve aldersgrensa til 15 år er at det ikkje vil vere aktuelt å presse barnet til å uttale seg, og det følgjer ingen straffesanksjonar dersom barnet ikkje seier noko. I praksis vil dermed fritak frå forklaringsplikta i realiteten berre innebere at barnet får vite at det ikkje treng å forklare seg. Her skil barnet sin situasjon seg frå vaksne. At barnet blir informert om moglegheita til å ikkje seie noko vil kunne setje barnet i ein vanskeleg situasjon. Barnet kan kjenne seg ansvarleg for at eit familiemedlem eventuelt blir straffa, og kan også bli pressa til å ikkje si noko. Konsekvensen kan vere at barnet heller lever vidare med alvorleg vald og overgrep. Det vil kunne vere lettare for barnet at ein annan fastset at han/ho må forklare seg. Dette er omsyn som også gjer seg gjeldande for vaksne. Barnekonvensjonen gir likevel staten eit særleg ansvar for å verne barn, og Barneombudet heller derfor mot at omsynet til å verne barnet forsvarar å heve aldersgrensa for fritak for forklaringsplikta til 15 år i saker der barnet har rett til bistandsadvokat. 3. Kven skal få høve til å følgje avhøyret, jf. punkt 5.5.2 AG foreslår at det vert forskriftsfesta at barnevernet skal kunne følgje avhøyret med mindre den avhøyrde ikkje vil forklare seg, eller omfanget av forklaringa vil bli avgrensa. Barneombodet er einig med AG i at ein del barn kan ha eit vanskeleg forhold til barnevernet. Barneombodet vil understreke at det er viktig at barnet får den informasjonen som er nødvendig for at barnet skal ha tillit til den prosessen som skjer. Det er viktig at barnet ikkje blir ført bak lyset. Informasjonen må vere alders- og sakstilpassa det enkelte barnet. Dei profesjonelle aktørane må forvalte dette ansvaret med profesjonalitet. Her har tilsett ved barnehuset ei særleg rolle i å følgje opp barnet på ein god måte. 4. Frist for avhøyr, jf. punkt 5.5.3 I dag er det store brot på fristen for å gjere avhøyr ved alle barnehus. Dette er svært alvorleg. Barneombodet støttar at det blir vidareført ein slik frist for avhøyr, men vi stiller oss spørjande til korleis ein har tenkt seg å overhalde ein frist på ei veke i alvorlege saker dersom dei økonomiske rammene ikkje blir auka vesentleg. Rapporten slår fast at tidsbruken primært skuldast ressursmangel eller manglande prioriteringar i politiet. Det er med andre ord heilt essensielt at ein får ei haldningsendring i politiet som gjer at desse sakene blir prioriterte umiddelbart, og at det blir gitt meir ressursar til politiet som gjer det mogeleg i praksis. AG foreslår at fristen på ei veke kan forlengjast av omsyn til etterforskinga. Det er lett å misbruke denne moglegheita til forlenging. Det bør derfor synleggjerast i forskrifta at dette er ein snever unnataksregel. Barneombodet er også uroleg for at firevekersregelen i andre saker vil vere for lang, og at det i praksis vil bli ei «sovepute» som gjer at sakene vil ta enda lengre tid. 5. Avhøyr av små barn, jf. punkt 5.4.1 og 5.4.2 Barneombodet støttar AG i at reglane om observasjon ikkje blir vidareførd i ny forskrift. Men vi vil understreke at det er viktig at det blir jobba med å styrkje kompetansen på å avhøyre små barn, og at desse bør gjennomførast av personar med særskild opplæring i slike avhøyr. 5

Det er interessant å lese om forsøksordninga med sekvensielle avhøyr av barn som har vore gjennomførde, sjølv om det dessverre ser ut til at det ikkje har vore sett av tilstrekkelege ressursar til forsøket. Barneombodet støttar AG i at det må løyvast ressursar og komme på plass rammer som i størst mogeleg grad mogeleggjer erfaringslæring, metodeutvikling og kompetanseheving på dette området. 6. Dekning av kostnader, jf. punkt 6.3 Barneombodet støttar AG i at det er viktig at det finst ei løysing for utgiftsdekning som sikrar barn og psykisk utviklingshemma lik tilgang til barnehusa, uavhengig av kor dei bur i landet. Det er avgjerande at dette ikkje er avhengig av økonomien i politidistrikta. Venleg helsing Anne Lindboe barneombod Frøydis Heyerdahl seniorrådgiver Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur. 6