Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Like dokumenter
Elevenes psykososiale skolemiljø. Til deg som er forelder

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Skolemiljøutval. Rettleiar til medlemmene

Elevenes skolemiljø. Til deg som er elev

Skolemiljøutval. Rettleier til medlemmene

Skjemaet brukes både i forbindelse med saker som angår det fysiske og det psykososiale miljøet.

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a

Elevane sitt skulemiljø. Kapittel 9a i opplæringslova

Statens tilsyn med opplæringsloven kapittel 9a

Opplæringsloven noen sentrale bestemmelser

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Til deg som bur i fosterheim år

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)


HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Opplæringsloven kap. 9A

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Gressvik ungdomsskole

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Saksopplysninger Skolemiljøutvalget består dette skoleåret av følgende personer:

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

Elevenes skolemiljø. Kapittel 9a i opplæringsloven

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Forord

Opplæringsloven kapittel 9a elevenes skolemiljø. Samling 8.april 2015 Clarion Hotel Royal Christiania, Oslo

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø Lyngdalsskolen

Opplæringsloven og Forvaltningsloven. Kort innføring for skolesektoren

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

FORSKIFT OM ORDENDSREGLEMENT FOR GRUNNSKOLENE I HOLTÅLEN KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

TILSYNSRAPPORT. Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale skulemiljø og kommunens system for vurdering og oppfølging på det same området

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

TILSYNSRAPPORT SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT PSYKOSOSIALE MILJØ. Vaksdal kommune Dale barne og ungdomsskule

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Sørum kommunes plan for elevenes psykososiale miljø, grunnskole

Rutine for handlingsplikten jf. opplæringsloven 9a- 3, andre ledd

Skolenes arbeid med psykososialt miljø Grethe Hovde Parr

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Udir Systemrettet arbeid etter opplæringsloven kapittel 9a

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Retningslinjer for skole hjem samarbeidet i grunnskolen i Molde kommune

Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

9a-2 i opplæringsloven, Det fysiske miljøet og 9a-3 i opplæringsloven, Det psykososiale miljøet

Heilt einig. Litt einig

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Elevklage på fysisk og psykososialt miljø

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Tom Lassen Havnsund Arkiv: 009 A20 Arkivsaksnr.: 14/3685

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Endringer i Opplæringsloven 9A Trygt og godt skolemiljø

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

Informasjon til elevane

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Transkript:

Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder

Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør ta kontakt med skolen, og korleis du bør gå fram dersom du vil klage. Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette følgjer av opplæringslova 9a-1. Godt psykososialt miljø på skolen Det psykososiale miljøet på skolen handlar om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skolen. Med psykososialt miljø er det her tenkt på dei mellommenneskelege tilhøva på skolen, det sosiale miljøet og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale miljøet handlar også om korleis elevane opplever læringssituasjonen. Alle elevar har rett til eit godt psykososialt miljø. Det vil seie at skolemiljøet skal fremje helsa, trivselen og læringa til elevane. Dei skal mellom anna ikkje utsetjast for krenkande ord og handlingar korkje frå medelevar eller lærarar. Krenkande ord og handlingar kan til dømes vere mobbing, vald, rasisme og utestenging, eller enkeltståande utsegner om utsjånaden eller funksjonshemmingar. Elevane si oppleving av det psykososiale miljøet avgjer om det er godt nok Det er eleven si eiga oppleving av det psykososiale miljøet som er avgjerande. Dersom det psykososiale miljøet ikkje fremjar helse, trivsel og læring, vil det seie at det psykososiale miljøet til eleven ikkje er godt nok. Rektor, lærarar eller medelevar skal ikkje bagatellisere det eleven opplever. Rektor kan til dømes ikkje vise til at det generelt er lite mobbing på skolen. Dersom eleven opplever at noko er ubehageleg og krenkande, skal skolen ta det på alvor.

Skolen har plikt til å syte for at elevane har eit godt skolemiljø. Korleis? Kommunen som eig grunnskolane, og fylkeskommunen som eig dei vidaregåande skolane, har eit særleg ansvar for at krava i opplæringslova med forskrifter blir oppfylte. Skolen må arbeide aktivt, kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. Skolen skal ha skriftlege planar for skolemiljøet. Planane skal seie noko om korleis skolen arbeider for å førebyggje, avdekkje, hindre og handtere krenkande åtferd. Ei oversikt over det psykososiale miljøet skal til dømes innehalde ei kartlegging av om elevar blir utsette for vald, mobbing eller utestenging frå fellesskapet av andre elevar eller lærarar.

Kva skal skolen gjere? Skolen har eit spesielt ansvar for at alle elevane har eit godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Kva kan du som forelder vente frå dei tilsette og leiinga på skolen? Skolen skal sikre at kvar elev har det bra Skolen har plikt til å sikre at kvar enkelt elev får oppfylt sin rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dei tilsette på skolen har ei særleg plikt til å gripe inn dersom dei mistenkjer eller har kunnskap om at ein elev har blitt eller blir utsett for krenkande ord eller handlingar. Dei skal undersøkje saka, varsle rektor og gripe inn direkte dersom det er nødvendig og mogleg. Skolen skal gripe inn dersom noko skjer Alle tilsette på skolen har plikt til å gjere noko dersom dei får vite om eller har mistanke om at det psykososiale skolemiljøet ikkje fremjar helse, trivsel og læring for alle elevane. At tilsette får vite, gjer at dei har kunnskap om at ein elev blir utsett for noko frå elevar, lærarar eller andre ved skolen. Det kan vere at ein tilsett sjølv ser noko, eller at dei blir fortalde om det. Døme på hendingar kan vere at ein kontormedarbeidar ser at ein elev blir slått eller plaga, eller at ein lærar høyrer at ein elev seier noko negativt om utsjånaden, kleda, trua, den seksuelle legninga eller dialekten til ein annan elev. Tilsette kan òg få høyre om slike hendingar frå eleven som har blitt utsett for det, eller frå andre elevar. At tilsette har mistanke om noko, inneber ei kjensle eller gjetting om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar. Det kan til dømes vere mistanke om at ein elev blir plaga eller utestengd frå fellesskapen. Får tilsette mistanke om at noko er gale, er det viktig at dei finn ut kva som har skjedd.

Skolen skal undersøkje kva som skjer Alle tilsette på skolen har plikt til å undersøkje om elevar har opplevd krenkande ord eller handlingar, og finne ut kva som faktisk har skjedd. Det er viktig at dei tilsette undersøkjer saka så fort som mogleg. Dei skal ikkje vente og sjå, men ta tak i det så raskt som mogleg. Tilsette skal gripe inn dersom det er nødvendig Dei tilsette har plikt til å gripe inn dersom det er nødvendig og mogleg. Dei tilsette på skolen har til dømes plikt til å stanse uønskte handlingar så raskt som mogleg, slik at elevane ikkje blir skadde, eller skadane blir så små som mogleg. Tilsette skal varsle rektor Etter at dei tilsette har undersøkt saka og funne ut at dette er noko som skolen bør følgje opp, har dei plikt til å varsle rektor eller leiinga på skolen. Skolen må ha rutinar for når dei tilsette skal varsle rektor, og korleis varslinga skal skje. Kva skal rektor gjere? Rektor avgjer kva skolen skal gjere vidare i saka, slik at det psykososiale miljøet til eleven fremjar helse, trivsel og læring for eleven. Rektor har plikt til å syte for at alle sakene det blir varsla om, blir følgde opp. Rektor skal ta tilsette som varslar på alvor, og rektor har òg plikt til å undersøkje saka nærmare, dersom han eller ho meiner det er behov for det. Deretter har leiinga ansvaret for å setje inn tiltak som han eller ho meiner kan gjere situasjonen betre. I tillegg skal rektor informere deg som forelder om kva som blir gjort. Rektor skal gjere eit vedtak dersom foreldra ber om tiltak Rektor har òg plikt til å behandle førespurnader frå deg som er forelder, og frå elevar etter fastsette saksbehandlingsreglar. Dersom du ber om tiltak knytte til det psykososiale miljøet til eleven, skal rektor gjere eit enkeltvedtak, der han eller ho skriv kva for tiltak som blir sette i gang for å forbetre dette.

Skolen skal ta dykk med på råd Du som er forelder har, saman med elevane, rett til å bli høyrd! Skolen bør derfor ta deg med i arbeidet med skolemiljøet. Du kan vere med og gi råd til skolen gjennom arbeid i foreldrerådet, arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) og skolemiljøutvalet.

Kva kan du gjere dersom du meiner at skolemiljøet til elevane ikkje er godt nok? Du har rett til å be om tiltak Skolen skal lytte til deg dersom du meiner at elevane bør ha det betre på skolen! Dersom du trur at ein eller fleire elevar blir erta, mobba eller opplever annan krenkande åtferd, kan du be om at skolen gjer noko med det. Dersom det er barnet ditt som opplever dette, kan du be om tiltak for å betre hans eller hennar psykososiale skolemiljø. Lova seier at dersom nokon til dømes er utsett for krenkande ord eller handlingar, og eleven eller du som forelder ber om at noko blir gjort, så skal skolen behandle saka. Det er eleven si oppfatning av skolemiljøet som tel. Må du vite kva skolen bør gjere for å be om tiltak? Nei, skolen har ansvaret for at noko blir gjort, men det kan vere lurt at du seier ifrå om at skolen bør gjere noko. Du som forelder har ikkje ansvaret for å foreslå dei beste løysingane, men du kan be om tiltak du trur vil fungere. Du kan òg be skolen setje i gang tiltak som dei meiner er passande, og spørje skolen om kva som blir gjort for å løyse problemet. Dersom du har gode forslag til kva skolen bør gjere, så kan du sjølvsagt be om at skolen høyrer på forslaga dine. Korleis ber du om tiltak? Du kan be om tiltak både skriftleg og munnleg, men vi tilrår at du gjer det skriftleg. Det gjer at du i ettertid kan vise til kva du har bedt om. Du kan be om tiltak per e-post, brev eller på annan måte. Dersom du er usikker på korleis du vil formulere deg, kan du laste ned ein mal frå www.udir.no/elevenes-skolemiljo. Du kan kontakte skolen åleine eller saman med andre. Til dømes kan du og barnet ditt saman be om tiltak, eller fleire foreldre kan be om tiltak saman. Foreldrerådet, FAU, samarbeidsutvalet eller skolemiljøutvalet kan òg be om at skolen set i verk tiltak dersom det gjeld ei gruppe elevar.

Korleis skal skolen behandle førespurnaden? Dersom du tek kontakt med skolen og ber om tiltak, skal skolen snarast mogleg behandle førespurnaden. Skolen skal følgje forvaltningslova når dei behandlar førespurnaden. Det vil mellom anna seie at skolen skal undersøkje saka og syte for at saka er best mogleg opplyst. Deretter skal skolen fatte eit enkeltvedtak om kva som vil bli gjort i saka. Førespurnaden din vil vere unnateken det offentlege dersom han inneheld informasjon om personlege tilhøve til ein eller annan. At førespurnaden er unnateken det offentlege, inneber at skolen berre kan fortelje om saka til dei som må vite om saka for å medverke til å løyse ho. Skolen kan be om hjelp frå PP-tenesta eller andre med fagkunnskap for å få sett i gang gode tiltak. Kva er eit enkeltvedtak? Når skolen gjer eit enkeltvedtak, avgjer dei noko som gjeld rettar eller plikter for ein eller fleire personar. Når du ber om at noko blir gjort med det psykososiale miljøet, skal skolen gjere eit enkeltvedtak. Enkeltvedtaket skal seie noko om kva skolen vil gjere vidare i saka, og det skal innehalde ei grunngiving. Vedtaket skal som hovudregel vere skriftleg, og det må innehalde opplysningar om at det er mogleg for deg å klage og om klagefristen.

Kva KAn du gjere DErsom du ikkje er nøgd med tiltaka? Du som forelder har rett til å klage Du som forelder har rett til å klage dersom - du ikkje er nøgd med tiltaka eller innhaldet i enkeltvedtaket - skolen ikkje gjennomfører dei tiltaka som er tekne inn i enkeltvedtaket - skolen ikkje gjer eit enkeltvedtak om tiltak sjølv om du har bedt om det - skolen ikkje gjer eit enkeltvedtak innan rimeleg tid - skolen ikkje tek førespurnaden din på alvor - saksbehandlinga tek lang tid - det er andre saksbehandlingsfeil Når kan du ikkje klage? Du kan ikkje klage om du ikkje er nøgd med det pedagogiske opplegget, det faglege nivået, kvaliteten på opplæringa eller dei pedagogiske rammene ved skolen. Korleis klagar du? Det er få krav til korleis du skal utforme klagen, men det er ein del ting du bør vere klar over. Skolen har plikt til å rettleie deg, og skal eventuelt hjelpe deg med å utforme klagen dersom du har behov for det. Klagen bør vere skriftleg og vere underskriven av deg. Det er ein fordel at du nemner det enkeltvedtaket du har fått frå skolen. Det er òg lurt at du grunngir kvifor du ikkje er nøgd med dei tiltaka skolen har teke inn i enkeltvedtaket.

Det kan òg vere ein fordel om du tek med i klagen kva for tiltak du ønskjer, og kvifor du trur desse tiltaka vil fungere betre. Dersom du er usikker på korleis du skal klage, kan du laste ned ein mal frå www.udir.no/elevenes-skolemiljo. Når kan du klage? Du må klage innan tre veker etter at du har fått enkeltvedtaket, dersom det er innhaldet i vedtaket du klagar på. Dersom du ikkje har fått eit enkeltvedtak innan rimeleg tid, kan du òg klage, og skolen har plikt til å behandle klagen din. Kven sender du klagen til? Du skal sende klagen til skolen ved rektor. Fylkesmannen er klageinstansen og har det endelege ordet. Før Fylkesmannen kan behandle saka, må skolen ta stilling til klagen din. Dersom skolen gir deg medhald og endrar vedtaket, sluttar saka der. Dersom skolen ikkje vil gjere endringar, er det skolen som skal sende saka vidare til Fylkesmannen. Det er Fylkesmannen som er klageinstans, og det er Fylkesmannen som skal behandle og avgjere klagen din dersom ikkje skolen gir deg medhald. Fylkesmannen har myndigheit til å avgjere om den retten eleven har etter opplæringslova kapittel 9a, er oppfylt eller ikkje. Dersom Fylkesmannen finn ut at den retten eleven har, ikkje er oppfylt, kan dei påleggje skolen å setje inn nødvendige tiltak straks. Kven er Fylkesmannen? Fylkesmannen er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen utfører forvaltningsoppgåver og er klage- og tilsynsmyndigheit med oppdrag frå fleire departement. Fylkesmannen medverkar til å sikre folks rettstryggleik ved å vere klageinstans for ulike kommunale avgjerder, mellom anna i saker som gjeld det psykososiale skolemiljøet til elevane.

Korleis skal skolen ta dykk med på råd? Foreldrerådet og FAU Foreldrerådet og FAU skal arbeide for å skape eit godt samarbeid mellom heimen og skolen og leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane. Skolemiljøutvalet Kva er eit skolemiljøutval? Alle grunnskolar og vidaregåande skolar har plikt til å ha eit skolemiljøutval. Skolemiljøutvalet skal arbeide for at elevane, foreldra, skolen og dei tilsette deltek i arbeidet med skolemiljøet. Skolemiljøutvalet er eit rådgivande organ for skolen. Organet kan ikkje gjere bindande vedtak. Elevar og foreldre skal vere i fleirtal. Kvifor delta i skolemiljøutvalet? Korleis kan DU medverke til at skolekvardagen blir betre? Du som forelder kan gjere ein forskjell! Eit skolemiljøutval skal sikre at elevar og foreldre får auka innverknad på skolekvardagen. Som representant i skolemiljøutvalet er det for deg som forelder mogleg å påverke dagen til sonen din eller dottera di. Kva for oppgåver har eit skolemiljøutval? Dersom du blir med i skolemiljøutvalet, får du ansvar for å halde deg orientert om det fysiske og psykososiale miljøet på skolen. Utvalet bør leggje fram forslag om tiltak dersom dei meiner at tilhøva bør bli betre. Døme på oppgåver er å følgje med på at skolen har skriftlege planar for det psykososiale miljøet å passe på at planane blir følgde opp i praksis

å gi råd om kva for åtferd som er akseptabel, og kva for åtferd som skal få konsekvensar Skolemiljøutvalet kan òg foreslå trivselstiltak for elevane, ta initiativ til å følgje opp resultata frå Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga, og be om tiltak dersom dei meiner skolen bryt opplæringslova eller forskriftene. Det kan til dømes vere at utvalet meiner skolen har for dårlege rutinar for skolemiljøarbeidet, eller at dei må setje inn tiltak fordi ei gruppe elevar blir utsette for krenkande ord eller handlingar. Samansetjing av skolemiljøutvalet Skolemiljøutvalet i grunnskolen skal bestå av representantar for elevane, foreldrerådet, tilsette ved skolen, skoleleiinga og kommunen. Elevane og foreldra skal til saman vere i fleirtal. Skolemiljøutvalet i den vidaregåande skolen skal bestå av representantar for elevane, tilsette ved skolen, skoleleiinga og fylkeskommunen. Elevane skal vere i fleirtal. Rettleiar for skolemiljøutval Vi har laga ein rettleiar for medlemmene i skolemiljøutvala, som du kan laste ned frå www.udir.no/skolemiljoutvalg

RESSURSaR Dette er nokre nyttige vegar vidare, dersom du vil setje deg inn i kva for lover og reglar som gjeld for skolen og det psykososiale miljøet. Lovene finn du på www.lovdata.no. I opplæringslova kapittel 9a finn du regelverket for skolemiljøet til elevane. I opplæringslova kapittel 11 finn du regelverket for brukarmedverknad i skolen. I forvaltningslova finn du reglane for korleis skolen skal behandle saka di. Du kan òg gå inn på www.udir.no/elevenes-skolemiljo. Der kan du finne malar og annan nyttig informasjon om skolen sitt arbeid med skolemiljøet. Kontaktinformasjon til Fylkesmannen i ditt fylke finn du på www.fylkesmannen.no Du kan òg kontakte Foreldreutvalet for grunnopplæringa, sjå www.fug.no.

Schweigaards gate 15 B Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon 23 30 12 00 www.utdanningsdirektoratet.no Utgitt desember 2011 www.sisteskrik.no Illustrasjoner: Jill Moursund