VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Livsløpsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: 21.11.2012 Møtet tok til 13:00 Møtet slutta 16:45. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 15.11.2012. Aina Ersvåg Wefring leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Aina Ersvåg Wefring Leiar FRP Sølvi Aud Brandal Nestleiar AP Paul Sindre Vedeld Medlem KRF Ane Malene Søvik Nygård Medlem H Leif Løvold Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Lars A Ervik Myklebust Medlem V Svein Arnulf Nordal Medlem FRP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Kjartan Otneim Svein Arnulf Nordal FRP Magne Øystein Berge Lars A Ervik Myklebust V 7 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Gunvor Strand Kommunalsjef kultur- og oppvekstsektor. Ikkje i sakene 57/2012, 59/2012, delar av sak 56/2012 og Eventuelt. Arnhild Nordaune Kommunalsjef helse- og sosialsektor. Ikkje i sakene 57/2012, 59/2012 og Eventuelt. Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Sak 58/2012 vart handsama etter sak etter sak 54/2012. Underskrifter: Vi stadfestar at det som står i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel PS 52/2012 PS 53/2012 PS 54/2012 PS 55/2012 Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Innmelding av saker til Eventuelt Samanslåing av tenester i sektor for helse- og sosial PS 56/2012 Budsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 PS 57/2012 Livsløpsutvalet - møteplan 2013 PS 58/2012 Tildeling av kulturprisen 2012. Eventuelt EKSTRASAK PS 59/2012 Kommunedelplan for anlegg for idrett og friluftsliv delrullering 2013
PS 52/2012 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 53/2012 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 54/2012 Skriv og meldingar Leiaren orienterte om at ho har hatt møte med kommunalsjef Arnhild Nordaune i samband med at barnevern er overført til helse- og sosialsektoren. Det er oppretta ei ny avdeling: Barn og unge. Kurs i regi av KS i februar 2013. Livsløpsutvalet vil få rapport frå kurset. Vidare orienterte ho om at ho, Paul Sindre Vedeld og Øystein Blom har hatt møte med kommunalsjef Gunvor Strand vedk. skulebussruter frå neste skuleår. Føreslegne mindre endringar er oversendt Fjord 1 Buss Møre. Ser ut som forslaga vil verte imøtekomne. Framlagde orienteringar vart tekne til vitande. PS 55/2012 Samanslåing av tenester i sektor for helse- og sosial Det vart gjort slik samrøystes Livsløpsutvalet vedtek slik samanslåing av tenester i sektor for helse- og sosial: - Matombringing. Ni tenester vert slått saman til to tenester med to ulike prisar. - Trygde/ omsorgsbustader. 10 tenester vert slått saman til seks tenester med seks ulike prisar.
PS 56/2012 Budsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 Tilråding: I: Budsjett 2013 1. Driftsbudsjett for 2013 med fordeling på sektorane og opplista investeringsprosjekt slik det går fram av taloppsett i saksutgreiinga vert godkjent. 2. Låneopptaket i 2013 på kr 39.583.000, inklusiv 1.500.000 til vidareformidling av startlån, vert godkjent. 3. I samband med oppføringa av Vanylven helse- og omsorgssenter vert det tatt opp byggelån på kr 51.000.000 som skal mellomfinansiere statstilskot til prosjektet. Byggelånet skal stå fram til utbetaling av tilskotet våren 2014. II: Økonomiplan 2013 2016 Økonomiplanen for 2013-2016 for drift og investeringstiltak vert godkjend slik den går fram av taloppsett i saksutgreiinga. Kjartan Otneim opplyste at Frp vil levere eige forslag til budsjett 2013 og evt. forslag til økonomiplan 2013 2016. Kommunalsjef Arnhild Nordaune orienterte om budsjettforslag for helse- og sosialsektoren Kommunalsjef Gunvor Strand orienterte om budsjettforslag for kultur- oppvekstsektor. Framlegg frå Sølvi Brandal: Tillegg til punkt 1 under I Budsjett 2013:.med desse endringane: a) 1 million i auke på rammetilskot / skatt / skjønnstilskot. b) 1 million i minus på lønsreserveposten. c) Endringane vert å fordele med 1 million på KUOP og 1 million på HESO. Dette gjer at Åheim ungdomsskule ikkje vert lagt ned no og nattevaktstillinga på Syvdetun vert vidareført. Tilrådinga frå administrasjonen saman med framlegget frå Sølvi Brandal vart samrøystes tilrådd. Livsløpsutvalet tilrår: I: Budsjett 2013 1. Driftsbudsjett for 2013 med fordeling på sektorane og opplista investeringsprosjekt slik det går fram av taloppsett i saksutgreiinga vert godkjent med desse endringane: a) 1 million i auke på rammetilskot / skatt / skjønnstilskot. b) 1 million i minus på lønsreserveposten. c) Endringane vert å fordele med 1 million på KUOP og 1 million på HESO. Dette gjer at Åheim ungdomsskule ikkje vert lagt ned no og nattevaktstillinga på Syvdetun vert vidareført. 2. Låneopptaket i 2013 på kr 39.583.000, inklusiv 1.500.000 til vidareformidling av startlån, vert godkjent.
3. I samband med oppføringa av Vanylven helse- og omsorgssenter vert det tatt opp byggelån på kr 51.000.000 som skal mellomfinansiere statstilskot til prosjektet. Byggelånet skal stå fram til utbetaling av tilskotet våren 2014. II: Økonomiplan 2013 2016 Økonomiplanen for 2013-2016 for drift og investeringstiltak vert godkjend slik den går fram av taloppsett i saksutgreiinga. PS 57/2012 Livsløpsutvalet - møteplan 2013 Tilråding: Livsløpsutvalet har møte desse dagane i 2013: 23. januar, 6. mars, 24. april, 5. juni, 21. august, 9. oktober, 20. november. Møta skal normalt starte kl. 13.00. Framlegg frå Leif Løvold: Møta skal normalt starte kl. 12.00. Votering: Tilrådinga frå administrasjonen om møtestart kl. 13.00 fekk 4 røyster. Framlegget frå Leif Løvold om møtestart kl. 12.00 fekk 3 røyster. Elles vart tilrådinga frå administrasjonen samrøystes vedteke. Livsløpsutvalet har møte desse dagane i 2013: 23. januar, 6. mars, 24. april, 5. juni, 21. august, 9. oktober, 20. november. Møta skal normalt starte kl. 13.00. PS 58/2012 Tildeling av Kulturprisen 2012 Det vart gjort slik samrøystes Vanylven kommune og Sparebanken Møre sin kulturpris for 2012 vert tildelt Magne Sørdal. Som kunstnar vert vald Michelle Nordal Santos.
PS 59/2012 Kommunedelplan for anlegg for idrett og friluftsliv - delrullering 2013 Tilråding: Livsløputvalet vedtek endringane i Kommuneplan for anlegg for idrett og friluftsliv slik det framgår av saksutgreiinga for delrullering 2013. Samrøystes vedtak som framlegget med slikt tilegg: Livsløpsutvalet vil utvide handlingsprogrammet for 2004 2014 med eit nytt punkt punkt vedk. uteområde for barneskulen i Syvde under nærmiljøprosjekt 9.2.1b. Livsløputvalet vedtek endringane i Kommuneplan for anlegg for idrett og friluftsliv slik det framgår av saksutgreiinga for delrullering 2013. Livsløpsutvalet vil utvide handlingsprogrammet for 2004 2014 med eit nytt punkt vedk. uteområde for barneskulen i Syvde under nærmiljøprosjekt 9.2.1b. VANYLVEN KOMMUNE SI PROSJEKTPRIORITERING FOR 2013 10 Ordinære anlegg TYPE STAD TILTAKSHAVAR PRIORITET Kunstgrasbane Eidsåvoll Vankam FK, VK 1. prioritet Kunstgrasbane Skuleidrettsbane Åheim IL, VK 2. prioritet 2 Nærmiljøanlegg TYPE STAD TILTAKSHAVAR PRIORITET Løypetrase Vassdalstraseen Syvde IL 1. prioritet Buldrevegg Fiskå Flòget klatreklubb 2. prioritet Friidrettsdelen av kunstgrasutbygging Merking av turløyper utvide prosjektet Åheim Skule Åheim skule / Åheim 3. prioritet IL Vanylven Vanylven Idrettsråd 4.prioritet
Eventuelt: Magne Øystein Berge tok opp permisjonen for kommunalsjef kultur- og oppvekstsektor. Vedkomande har fått 1 års permisjon frå 1. januar 2013. Leiaren opplyste at det internt er lyst ut stilling som skulefagleg rådgjevar i permisjonsperioden. Denne prøveordninga inneber meir ansvar til rektorar og barnehagestyrarar. Kva med kulturarbeidet vart det spurd om. Sølvi Brandal tok opp resultata frå nasjonale leseprøver for elevane i skulen i Vanylven. Ikkje bra nok. Kva kan gjerast for å få betre resultat? Ynskjer nærare informasjon, gjerne sak til livsløpsutvalet. Rett utskrift 23.11.2012 Kåre Kvangarsnes