ÅRSMELDING SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA



Like dokumenter
ÅRSMELDING SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA

Skog og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Ingunn Kjelstad, dagleg leiar

DIS- Sogn og Fjordane

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Vegliste Mai S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Kontrollutvalet. Målet i dag

Saman for framtida (Ref # )

Saman for framtida (Ref # )

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Vestskog. Kven er me og kva jobbar ein med i skogbruket? Dagleg leiar Kjetil André Rødland Hotell Alexandra,

12/100 SPESIALTRANSPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Vegliste /65 MOBILKRAN M.M. Fylkes- og kommunale vegar Oktober Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Svensbakken

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

12/100 SPESIALTRANSPORT

Vegliste April S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming: Dato: Saksnummer: 12/17 Referanse: 17/1228

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK/LANDBRUK

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

SEKOM-sekretariat Årsmelding 2018

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

DB

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Er vi førebudd på store skogskader? Ingunn Kjelstad, dagleg leiar

Samhandlingsreforma i Sogn

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus Møtedato: Tid: 09:00-15:20

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Dialogmøte med kommunane i Hafs

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kontrollutvalet i Suldal kommune

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sogn og Fjordane fylkeskommune, vassområdekoordinator. Vassområdekoordinator gjekk igjennom hovudpunkta i årsmeldinga.

INNKALLING TIL ANDELSEIGAR /ÅRSMØTE I SKOGEIGARLAGET

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Møteprotokoll. Sakliste

17/14 ÅRSREKNESKAPEN 2013 ASKVOLL KOMMUNE. Utval Dato Saksnr. Vedtaksorgan

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Melding om Kystskogbruket (2015) - Oppfølging av ny melding. v/stein Bomo fylkesskogmeister

Status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltninga i Hordaland

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Lønnsundersøkinga for 2014

Invitasjon til å teikne aksjar i Stad Vekst AS

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Tilbodsinvitasjon Skildring av oppdraget

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming Dato: Saksnummer: 12/18 Referanse: 18/1377

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Transkript:

ÅRSMELDING 2013 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA

Årsmelding 2013 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA Sogn og Fjordane Skogeigarlag er eit samvirkeforetak med føremål å arbeide for andelseigarane sine økonomiske interesser knytt til skogeigedomen deira. Dette skal Skogeigarlaget gjere ved å tilby tømmeromsetting til best mogleg pris og avsetning på eigarane sine produkt, sikre best mogleg næringsmessige rammevilkår, tilby skog- og utmarkstenester og fagleg rettleiing og arbeide for auka bruk av skog-, utmark- og treprodukt. Sogn og Fjordane Skogeigarlag med sine eigarar er tilslutta Norges Skogeigarforbund. Org.nr.: 989 050 605 Postboks 185, 6801 Førde Telefon 96 22 90 00 Telefaks 57 83 23 02 Epost post@sfskog.no Web www.sfskog.no NØKKELTAL Andelseigarar Leverandørar Omsett tømmer, m3 Gjennomsnitt leveranse, m3 2011 2012 2013 1 115 1 112 1 103 268 462 585 32 974 74 159 118 796 123 160 203 Tømmerpris,Gjennomsnitt kr per m 317 284m3 tømmerpris, kr per 3 Driftskvantum, m 17 442 51 693 350 286 3 Plantetall, stk. 300 250 200 350 150 300 100 250 50 200 0 150 114 000 89 000 90 099 355 000 Gjennomsnitt tømmerpris, kr per m3 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 100 50 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Tømmeromsetting, m3 140 000 120 000 100 000 80 000 140 000 60 000 120 000 40 000 100 000 20 000 80 000 0 60 000 40 000 20 000 Tømmeromsetting, m3 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013-2-

Årsmelding 2013 ÅRSMELDING FOR 2013 Andelslaget har hovudkontor i Førde, med distriktskontor i Sogndal og Hornindal. Vegplanleggar har kontor i Stryn. Pr. 31.12.2013 var det 1.103 andelseigarar i laget, mot 1.112 ved inngangen av året. Styrearbeidet Styret i Sogn og Fjordane Skogeigarlag var i 2013 samansett av Halvor Brosvik, styreleiar, Jakob Hammer, nestleiar og styremedlemmene Olav M. Hjelle, Anne Karin Kleiven Rynning og Anders Ljotebø. Det var halde 6 ordinære møte og 2 telefonmøte i 2013 og handsama 51 saker. Årsmøte Årsmøtet vart halde over to dagar i Gloppen den 9. og 10. april. Kvelden 9. april var det 40 års jubileumsmiddag for Sogn og Fjordane Skogeigarlag. På årsmøtet deltok 30 personar. På jubileumsmiddagen deltok 52 personar. Det vart ein veldig triveleg kveld med underhaldning og kort samandrag av laget si 40 årige historie. Lokallaga Bremanger, Askvoll, Hyllestad og Årdal hadde ingen representantar i møtet. Ingeniør Tormod Dyken frå Dyken AS orienterte om moglegheitene for å bygge tømmerkai av tre i Kaupanger. Fylkesskogmester Torkel Hofseth informerte om moglegheitsstudien for treforbrukande industri Sogn og Fjordane. Styremedlem Bengt Drageset orienterte frå Skogeigarforbundet. Service-avgift På årsmøtet i 2013 vart serviceavgifta etter forslag frå styret sett til kr 500 per andelseigar. Avgifta gjekk ned frå kr 600 per andelseigar i 2012. Avgifta vart i si tid innført for at ikkje dei som leverer tømmer skal bere heile kostnaden med organisasjon, informasjon, næringspolitikk og vidareutvikling av andelslaget. Eigarar som står med ubetalt avgift i 2 år, må gå ut av laget. Val av tillitsvalde Halvor Brosvik, Gulen vart vald til ny styreleiar etter Ingunn Kjelstad, Gaular. Nytt styremedlem vart også Anne Karin Keiven Rynning, Flora. Andre styremedlemmer som var på val, vart attvalde av årsmøtet. Merete Støfring, Jølster vart vald til ny årsmøteordførar. Administrasjon og likestilling Ingunn Kjelstad vart tilsett som dagleg leiar i april 2013. Atle Gimmestad gjekk over i stilling som økonomiansvarleg på same tidspunkt. Peder Magnussen og Morten Fosse vart tilsett som skogbruksleiarar i februar 2013. Peder Magnussen arbeidde 60% som skogbruksleiar og 40% for Feiosprosjektet ut 2013. Han arbeider frå nyetablert distriktskontor i Hornindal. Morten Fosse arbeider 100% som skogbruksleiar ved distriktskontoret i Sogndal. Johannes Nygaard vart tilsett på utmarkavdelinga i september 2013. Han arbeider 50% med utmark og 50% med transportorganisering på skog. 2013 har vore prega av fleire nytilsettingar for å nå måla om auke i omsetningskvantumet frå 2012 til 2013. auken i bemanninga har resultert i rekordomsetting av tømmer gjennom Skogeigarlaget. Skogeigarlaget hadde ved utgangen av 2013 12 personar i arbeid. Ni eige tilsette og tre innleigde. Sjukefråveret ligg lågt, og arbeidsmiljøet vert vurdert til å vere godt. Av dei tilsette er 2 kvinner. I styret er det ein kvinneleg styremedlem. Styret legg vekt på at mannlege og kvinnelege tilsette vert handsama likt. I lokallaga er kvinnedelen framleis låg, og styret oppmodar valnemndene i lokallaga og årsmøta om å arbeide for å auke kvinnedelen. VERKSEMDA I 2013 Distriktstenesta Orkanen Dagmar i romjula 2011 skapte mykje vindfall i granskogane i Sogn og Fjordane, spesielt i dei indre fjordstrøka. Det omfattande oppryddingsarbeidet krevde mykje større kapasitet til administrasjon, avverking og tømmertransport, enn det Skogeigarlaget disponerte ved inngangen til 2012. Det vart difor lagt ned ein stor innsats gjennom 2012 med å bygge opp distriktstenesta, slik at Skogeigarlaget kunne få kapasitet til å avverke og omsette eit høgare volum enn nokon gong tidligare. Dette byrja vi å sjå resultat av i 2013. Utviklinga var slik: I januar 2012 hadde vi 1 skogbruksleiar på heiltid i heile fylket. I 2013 hadde vi etablert 3 skogbruksleiardistrikt Nordfjord, Sunnfjord/Ytre Sogn og Indre Sogn med 3 skogbruksleiarar på heiltid. I januar 2012 hadde vi 2 små skogsentreprenørar i arbeid. I 2013 hadde vi 4 store lokale hogstmaskiner, 3 store lokale taubaner og 3 små lokale entreprenørar i arbeid for Skogeigarlaget. I tillegg hadde vi 2 store hogstmaskiner frå Austlandet i arbeid gjennom halve året. - 3 -

Årsmelding 2013 I januar 2012 hadde vi 3 tømmerbilar på deltid i arbeid. I 2013 hadde vi 4 lokale tømmerbilar, som til saman arbeidde meir enn 5 skift, og 2 lokale tømmerbiler på deltid i arbeid for Skogeigarlaget. I tillegg hadde vi tømmerbilar frå Hallingdal og Hordaland i arbeid delar av året. Dei 3 skogbruksleiardistrikta og den lokale hogst- og transportkapasiteten lagar grunnlag for vidare utvikling av aktiviteten innan skogbruket i fylket. Skogbruk i Sogn og Fjordane er ei næring i vekst. Ein stadig større del av granareala fra skogreisingsperioden på 1950 og 1960 talet vert hogstmodne dei komande åra. Samtidig er det eit stort kvantum av hogstmoden furuskog. Tømmeromsetting All avverking og tømmeromsetting i 2013 hadde, som i 2012, sitt utspring i opprydding av vindfall. For å skape ei betre arrondering vart det ved dei fleste vindfalldrifter også tatt ut ståande skog. Til saman i 2012 og 2013 har Skogeigarlaget frå slik avverking omsett om lag 190 000 m 3 tømmer. Av dette vart om lag 51 000 m 3 avverka av skogeigarane sjølv, medan Skogeigarlaget avverka 50 000 m 3 med taubaner og 89 000 m 3 med hogstmaskiner. Den 1.juli 2013 nedla Södra den store cellulosefabrikken på Tofte i Oslofjorden. Som følgje av dette var det gjennom 1.halvår en del uro og usikkerheit omkring leveransemoglegheitene for norsk massevirke. Dette løyste seg imidlertid utover hausten. Skogeigarlaget leverte massevirke til tyske og andre norske kjøparar. Det har til saman, over nokon år, blitt nedlagt en betydelig treforedlingskapasitet Norge, Sverige og Finland. Det er framleis avsetning for alt massevirke, men den totale etterspørselen er mindre og kjøparane står sterkare i prisforhandlingane. Dette forventar å påverke prisutviklinga for massevirke framover. Andel 2012 2013 Pris pr. m 3 Andel Pris pr. m 3 Sagtømmer gran 62 % 326,- 52 % 349,- Skurslip gran 7 % 235,- 15 % 270,- Massevirke gran 31 % 207,- 33 % 194,- I alt gran 100 % 282,- 100 % 286,- I 2013 begynte ein større del av vindfallstømmeret frå Dagmar å få redusert kvalitet. Vi såg ei klår auke av andelen skurslip og massevirke på bekostning av sagtømmer. Så på trass av prisoppgangen på sagtømmer og skurslip, ble gjennomsnittsprisen for gran i 2013 kun ubetydelig høgare enn i 2012. Tømmeromsetting fordelt på skogbruksleiardistrikta m 3 Distrikt 2011 2012 2013 Nordfjord 12 430 46 490 72 770 Sunnfjord og Ytre Sogn 14 430 8 530 25 790 Indre Sogn 6 120 19 130 19 590 Anna 0 0 650 Totalt i Skogeigarlaget 32 980 74 150 118 800 I 2013 vart i overkant av 114 000 m3 sagtømmer og massevirke levert på tømmerkaiene og sendt vidare til kjøparane med båt. Ca. 4 000 m3 vart seld til ulike lokale kjøparar. Det vart omsett knapt 3 000 m3 furu og nokon få hundre kubikkmeter sitka og lauv. Resten var gran. Det var god etterspørsel etter sagtømmer i heile 2013. Skogeigarlaget sin hovedkjøpar var i 2013 det store sagbruket Ilim Nordic Timber på Østersjøkysten av Tyskland. Ei viss forventing om ei betring av trelastmarknadane og god etterspørsel etter sagtømmer, førte til ein prisoppgang for sagtømmer og skurslip i 2.halvår. Mot slutten av året begynte norske kroner å svekke seg mot euro. Det var også fordelaktig for Skogeigarlaget, då den største del av vårt salg var i euro. - 4 - Skogkultur Som følgje av den store auken av foryngingsareal etter opprydding etter vindfall og auken i avverking av gran i 2012, avgjorde Skogeigarlaget å satse målretta på bidra til at ein størst mogleg del av areala vart gjenplanta. Det er kun ein liten del av skogeigarane som har tid og kapasitet til å plante sjølv. Det krev ei omfattande organisering og administrasjon å få til ein effektiv plantedistribusjon og eit godt og tilstrekkeleg tilbod av plantegjengar. Det var difor svært gledeleg med den positive og omfattande respons skogbruksleiarane opplevde, då dei tok kontakt med skogeigarane og tilbaud at Skogeigarlaget kunne utføre plantearbeidet. Dette visast i den svært store auken av plantetalet i 2013. Skogeigarlaget sin planteaktivitet 2008 2009 2010 2011 2012 2013 88 000 stk 56 000 stk 59 000 stk 114 000 stk 89 000 stk 355 000 stk Transport og tømmerkaier Kostnaden for tømmertransport i Sogn og Fjordane har i 2013 (og tidligare) vore svært høg samanlikna med kostnaden i dei tradisjonelle skogstrøka i Norge. Sjølv om riksvegane og mange av dei viktigaste fylkesvegane i fylket har en bra standard, har deler av dei sekundære fylkesvegar og dei kommunale vegar ein så låg standard og

Årsmelding 2013 bruksklasse at effektiv transport med store vogntog er vanskeleg. Med same vegstandard og transportprisar i Sogn og Fjordane som på Austlandet, ville tømmerprisen til skogeigar i 2013 vore minst kr 30,- høgare pr. m 3. I skogstrøka har dei i fleire år, hatt lov til å bruke tømmervogntog som er 22 meter lange og som har ei totalvekt på 56 tonn. For å bidra til å auke konkurransekrafta til skognæringa i Norge opna myndigheitene i 2013 for å ta i bruk tømmervogntog som er 24 meter lange og har ei totalvekt på 60 tonn. Større tømmervogntog reduserer transportprisen. I tillegg blir det behov for færre turar. Dette reduserer CO2 utsleppet frå tømmertransporten. Og høgda på lasset på eit 22 meter eller 24 meter langt vogntog er lågare enn høgda på eit 19,50 meter vogntog. Dette er gunstig for trafikksikkerheita. I Sogn og Fjordane var i 2013 tillatt vogntoglengde for tømmervogntog 19,50 meter og totalvekt 50 tonn. Etter Skogeigarlaget si oppfatting, som delast av mange transportkyndige eksperter, er det fullt mogleg å nytte tømmervogntog på 22 meter og 56 tonn på de fleste vegstrekningar i Sogn og Fjordane, som i dag er tillatt for vogntog på 19,50 meter og 50 tonn. Skogeigarlaget sendte difor i 2013 eit brev til Statens vegvesen, Region vest, der vi ba om at dei fulgte myndigheitene si oppfordring og skreiv opp dei vegstrekningar i veglista, som er aktuelle for 22 meter og 56 tonn tømmervogntog. Dette skjedde ikkje i 2013, men det var ved utgangen av året kontakt med vegkontoret angåande den vidare framdrift i saka. I tillegg til ein høg basis transportpris, blir skogeigar belasta med kippetillegg, når det kun er lov å køyre med singel bil (maks. lengde på kjøretøyet 12,40 meter). Dette er tilfelle på ein betydeleg del av dei kommunale vegane og på ein del av dei sekundære fylkesvegane. Skogeigarlaget begynte i 2013 å jobbe målretta og aktivt med søknader til kommunane og vegvesenet, for å få midlertidige løyver til å køyre med fulle tømmervogntog, når vi må hente tømmer på slike veger. I 2013 ble grunnlaget for utviding av tømmerkaien Kaupanger gjort ferdig. Det vert jobba vidare med gjennomføring av byggeprosjektet i 2014. Eikefjord og Dalsfjorden tømmerkaiar vart omsøkt til Statens Landbruksforvaltning hausten 2013, utan at ein i denne omgang fekk tilsagn om midlar. Desse prosjekta vert jobba vidare med i 2014. Det tømmerkvantum som vart levert med båt i 2013 utgjorde ca. 25 båtlaster, det vil si omtrent 1 båt kvar 14 dag gjennom heile året. Båtane laster ca. 4 600 m 3. På grunn av at våre tømmerkaier er små, må båtane innom og laste på 4-6 kaier på kvar tur. Frå tømmerkaien på Faleide leverte vi i 2013 ca. 33 000 m 3 tømmer, frå kaien på Sande i Gloppen leverte vi 26 000 m 3. Med desse kvantuma var kapasiteten på kaiane periodevis sprengt. Det skal kun ein mindre auke til i aktivitet over disse kaiene, før det vil bli vanskeleg å få skipa ut alt tømmeret. For tømmer frå dei søndre deler av Sunnfjordsdistriktet brukte vi i 2013 fortsatt den alt for lille og svake kaien i Vadheim. Skogeigarlaget står overfor ein betydeleg auke av avverkinga i dette området. Det er difor heilt nødvendig med ei framtidsretta kailøysning i Høyangerområdet i Sognefjorden eller i Dalsfjorden. Det same er tilfelle i Ytre Sogn og på sørsiden av Sognefjorden. Den sterke auken av tømmerkvantum i 2013, har gitt oss ny kunnskap om og forståing for behovet for utbygging av kaifront og baklagerplass på tømmerkaiane. Skogeigarlaget arbeider kontinuerleg med dette. Utan ein relativ betydeleg utbygging av kaikapasiteten i fylket, vil det bli vanskelig og svært kostnadskrevande å få seld og levert alt tømmer, som blir hogstmodent i løpet av dei neste 10-15 årene. Vegplanprosjektet Arbeidet har også i 2013 vore prega av sløyfing, byggjemøter og oppfølging av vegprosjekt i tilknytning til vindfallet etter orkanen Dagmar. Vegprosjekt utan vindfall har blitt nedprioritert. Ikkje alle skogeigarar som har ønskt synfaring har fått det dette året. Desse prosjekta kjem ein tilbake til i 2014. Statistikk for 2013: Kommune m/ bilveg m/ traktorveg Vegmøter Oppfølging tal byggeprosjekt Eid 17000 810 6 4 Stryn 5700 2900 6 4 Gloppen 0 800 5 1 Bremanger 2200 1100 0 3 Vik 7000 0 1 3 Sogndal 900 0 0 0 Jølster 3400 0 2 0 Gaular 1050 0 0 0 Gulen 750 700 0 0 I tillegg har det vore mange synfaringar som ikkje har ført til teikning av vegforslag, samt tre møter med Statnett, og eitt møte med Statens Vegvesen. Vegplanleggaren har delteke på samlingar for skogsvegplanleggarar i Ørsta og Nordfjordeid. Skogtaksering og skogbruksplanlegging Skogeigarlaget har sluttført arbeidet med skogbruksplanar i Feios i 2013. Planar for Leikanger er under produksjon. I 2013 starta ein markarbeid for ny områdetakst i Naustdal. Dette blir gjort etter ein metodikk der ein baserer seg på tidlegare bestandsinndeling og nye flybilete. Avdelinga har i tillegg hatt oppdrag med taksering av ein kraftlinetrase mellom Naustdal og Førde og eit område som er vurdert for friviljug vern på Fimreite. - 5 -

Årsmelding 2013 Utmark Utmarksavdelinga har vore felles for Vestskog og Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Forretningsadresse for avdelinga er. Avdelinga har hatt 1-1,5 årsverk fordelt slik: Lindis Bergland/ Johannes Nygaard 0,5 årsverk kontorstad Førde Arve Aarhus 0,5-1 årsverk kontorstad Suldal Avdelinga hadde noko vakanse gjennom sommaren. Lindis slutta i mai og Johannes byrja september. I tillegg er arbeidsutføring også basert på anna innleigd personell frå Norsk Hjortesenter og Utmarksressurs AS. 2013 har vore prega av arbeid på hjortesida med oppstart av prosjektet Forvaltning av hjortebestand 2013-2017. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane og skal utvidast til 4 fylke etterkvart. Prosjektet har hatt stor aktivitet og vil auke i omfang i 2014 og åra framover, med oppstart i Hordaland og Møre og Romsdal først, og deretter Rogaland. Avdelinga har drifta skadefellingslag i Rogaland og Sogn og Fjordane i tett dialog og samhandling med forvaltninga og småfenæringa. Det var i 2013 gitt skadefellingsløyve for jerv både i Rogaland og i Sogn og Fjordane. I tillegg til gjennomføringane har vi hatt fagsamlingar for deltakarane og delteke på møter/seminarer der vi informerer om arbeidet vi gjer. Avdelinga har arbeidd med Tau Elveeigarlag om fiskeforvaltning i Tau vassdraget. Det har vore rapportert på forprosjekt småvilt, og hatt ymse anna mindre tenesteyting på utmarksarbeid, samt ytt service som fagorgan utmark for andelseigarar og andre for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det har i 2013 ikkje vore prioritert arbeid med å feste utmarksarbeidet inn i organisasjonane Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog. Dette arbeidet opplever vi som viktig og vil søkje å auke merksemda på dette i 2014, med klargjering i form av m.a. utarbeiding av strategi for utmarksarbeidet. med gardsvarme basert på bioenergi er at ein kan nytte skogressursane på gardsbruka til oppvarming. Prosjektleiaren har skipa til fagdag bioenergi i Fjaler, samt fagtur til Sogn, der ein fekk synfaring på ulike fyringsanlegg basert på skogsråstoff. Fleire aktørar i fylket har rekna på anbod på levert varme basert på skogråstoff, men ingen av desse har foreløpig nådd fram med tilboda sine. I desse dagar er det tre prosjekt under utgreiing, der større bygningsmassar er planlagt oppvarma av skogsråstoff. Når det gjeld grot frå taubanedrifter, har det ikkje blitt levert slikt råstoff i 2013. Det blir fortsatt arbeidd med å få eksportert greiner og toppavfall som flis ut av fylket til forbrenningsanlegg som kan nytte dette. Anna prosjektarbeid 2013 var det siste året av det 3-årige prosjektet Kompetanse og Aktivitet i skogen i Sogn og Fjordane. Prosjektet er todelt. I del 1 er målet motivasjon og kompetanseheving for skogbruk hjå skogeigar og i ålmenta. Del 2 går på ei betre satsing på avsetning for tømmeret, spesielt treslaga sitka og furu, samt ei bevisst oppbygging av entreprenør- og transportkapasitet. Prosjektet medverka til at det i 2013 vart etablert nye hogstmaskinlag og transportørar som gjer det mogleg å etablere avverkinga på eit høgare nivå i fylket. Eit meir aktivt arbeid mot skogeigarar har gjeve større interesse for avverking. Aktivitet genererer aktivitet og hogstmaskiner og taubaner vekkjer interessa for skogbruk både i media og i ålmenta. Omsettingskanalar for furu og sitka har blitt etablert. Sitka har ein avsetting for ved behov. Furu er meir komplisert i høve tilstrekkeleg store leveransar, logistikk og utskiping. Men her har utfordringane og skrankane ved på sikt utvikle ei meir stabil og omfattande omsetting av furu i fylket, vorte synleggjort. Skogeigarlaget takkar Fylkesmannen og Fylkeskommunen for medfinansiering og positive haldningar i samband med prosjekta. Bioenergiprosjektet Bioenergiprosjektet Sogn og Fjordane er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Sogn og Fjordane Bondelag, Fylkesmannen og Fylkeskommunen. 2013 er prosjektet sitt nest siste prosjektår. Arnt Laukeland er prosjektleiar, og i styringsgruppa sit representantar frå alle eigarane av prosjektet, samt representantar frå marknadsaktørane Fjordane Bioenergi og Sogn Biovarme. Trass i låge energiprisar er det fortsatt god vilje til å satse på gardsvarmeanlegg. 6 nye søknader gardsvarmeanlegg har fått innvilga støtte frå Innovasjon Norge i 2013. Trenden er at anlegga blir større. Det blir gitt støtte både til flis og vedfyrte anlegg. Innovasjon Norge har auka støtta i 2014, og investeringsstøtta ligg no på 40%. Fordelen - 6 - Informasjonsarbeid Det skriftelege informasjonsarbeidet ut til skogeigar har i 2013 avgrensa seg til bladet Skog og Vestnytt. Vestnytt er eit fire siders vedlegg til Skog, med informasjon frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog. Vestnytt vart distribuert 5 gongar i 2013 mot 4 gongar i 2012. I tillegg har arbeidet med etablering av ny nettside blitt prioritert, og denne er planlagt å vere på plass i løpet av våren 2014. Det vart helde regionmøter i tre distrikt, Nordfjord, Sunnfjord/Ytre Sogn og Indre Sogn i november 2013. Alle styremedlemmer i lokallaga og interesserte medlemmer vart invitert. Totalt deltok 60 personar på desse møta. Utover dette har det i 2013 vore ein auke i antall skogdagar spreidd rundt i fylket.

Årsmelding 2013 Næringspolitikk Næringspolitisk engasjement på vegne av vestlandskogbruket og skogeigaren i Sogn og Fjordane synast å vere viktig for den framtidige utviklinga av næringa. I 2013 har Skogeigarlaget helde fram med å aktivt synleggjere skogbruket sitt behov for utbetring av infrastruktur og verkemiddel tilpassa fylket. Nettverket har blitt større og det gjev resultat i at Skogeigarlaget vert i større grad invitert inn i fora for å informere om behov og framtidig strategi. Det næringspolitiske arbeidet foregår både gjennom deltaking i nettverk og gjennom samarbeid der ein kan påverke, men også i større grad i oppsøkjande verksemd og direkte dialog med offentlege styresmakter og politikarar. Tømmerkaiar, skogsvegar og flaskehalsar på det offentlege vegnettet er sentrale næringspolitiske tema for Skogeigarlaget. Ein del av det næringspolitiske arbeidet fell på styreleiar gjennom arbeid i styret i Norges Skogeierforbund, gjennom Skognæringsforum i Sogn og Fjordane, gjennom Skognæringa Kyst og ved samarbeid og initiativ i fellesskap med Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge. I tillegg har skogeigarlaget eit positivt samarbeid med andre faglag og samvirkeorganisasjonar innan landbruk i fylket. Her samarbeider ein om felles næringspolitiske utfordringar og om tiltak for å utvikle og sikre rekruttering til eigen organisasjon. Skogeigarlaget deltek også med representantar i ulike utval i høve strategi for regionalt bygdeutviklingsprogram og regionalt miljøprogram i landbruket. Miljøpåverknad Skogeigarlaget legg vekt på å gjennomføre aktiviteten på ein miljømessing god måte, utan forureining av det ytre miljøet. Laget er miljøsertifisert og har felles miljøstyringssystem med Vestskog BA. 2013 vart Sogn og Fjordane Skogeigarlag reserifisert av Det Norske Veritas. Alle avvik frå 2013 er lukka. Industriengasjement Skogeigarlaget har siste åra hatt eit lågt fokus på industriengasjement. Dette skuldast både utvikling i norsk treindustri, men også Skogeigarlaget sin eigen økonomiske situasjon. Skogeigarlaget ser det som tenleg å bli gode og stabile råvareleverandørar, og dermed legge til rette for betre rammer for lokal industri. Skogeigarlaget har i 2013 sett nærare på moglegheitene for etablering av treforbrukande industri langs kysten. Gjennom ein moglegheitsstudie som vert ferdig i 2014 håpar vi at kan synleggjere kva moglegheiter og skrankar i høve etablering av treforbrukande industri i vår region. Skogeigarlaget sine 25.464 aksjar i Norske Skog vart oppskrive ved utgangen av året. Dette gav eit positivt utslag på resultatet på 18.334,- kr. - 7 -

Årsmelding 2013 REKNESKAPEN FOR 2013 Den svære aktivitetsauken i 2013 set også sit preg på rekneskapen, på fleire måtar. På ettersommaren vart ein klar over at den høge aktiviteten, spesielt med dyre taubanedrifter, ville føre til at ein ville bruke meir enn tilgjengelege tilskotsmidlar for 2013. Med minstegarantiar for netto til dei fleste skogeigarane er skogeigarlaget avhengig av desse tilskota for å innfri driftsavtalane mot skogeigar. Med positive signal frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane valde ein i hovudsak å fullføre inngåtte driftsavtalar med skogeigarane, sjølv om tilskota ikkje ville bli utbetalte før i 2014. Etter at tilskotsløyvingane for 2014 var kjende og mesteparten av det aktuelle kvantumet for tilskot var innmålt i starten av 2014, viste det seg at ein heller ikkje med tilskotsløyvingar for dette året fullt ut ville dekke tilskotsbehovet. Det er kalkulert med ei underdekning i tilskot til oppryddingsdrifter på kr 1 359 000, og styret har funne det rett å avsetje kr 1 359 000 som reduksjon i opptente skogsdriftsinntekter. I tillegg har det vore endring i avsetning til eventuelle tap på kundar, slik at samla auke i avsetjing til tap og inntektsreduksjon er på kr 1 416 890 per 31.12. 2013. Aksjane i Norske Skog ASA hadde dette året ein verdiauke på kr 18 334. Det er gode utsikter til at løyvingsrammene for tilskot til drift i vanskeleg terreng blir auka i 2014. På denne bakgrunn meinar styret at det er realistisk at underdekning av tilskot i 2013 blir dekka inn ved auka løyvingar i 2014. I 2013 er det innbetalt andelskapital med kr 264 795. Pr 31 12 2013 er andelskapitalen kr 2 760 042 og eigenkapitalen er kr 2 541 635, noko som utgjer ca 16 % av totalkapitalen. Årsresultatet viser eit underskot på kr 44 998 og rekneskapen er oppgjort med føresetnad om framleis drift. UTSIKTENE FOR 2014 Styret ynskjer å halde oppe og auke det aktivitetsnivået ein er komne opp på i 2013. Ein ynskjer også å halde oppe og utvikle skogeigarlaget si stilling som den viktigaste reiskapen for skogeigarane i Sogn og Fjordane når det gjeld å nytte skog- og utmarksressursane på ein god måte. Skogeigarlaget vil også i 2014 vere det viktigaste kompetansemiljøet for skog og utmark i Sogn og Fjordane. Samtidig vil styret ha sterkt fokus på skogeigarlaget si økonomiske stilling, og ha som mål å betre eigenkapitalsituasjonen i åra framover. Styret vil oppmode skogeigarane til å medverke til auka hogst, til at areala vert forynga med vekstkraftig skog og å passe på å forsikre verdiane. TAKK FRÅ STYRET 2013 har vore eit lærerikt år. Administrasjonen vart bemanna opp og omsetninga auka ytterlegare. Skogsdriftene etter Dagmar, og forventningar til opprydding frå allmenta, har gjeve oss mange erfaringar på kompleksiteten i å ta ansvar i orkanopprydding. Vi er nøgde med det betydelege arbeidet som vart lagt ned i å skape verdiar av vindfallstømmeret, og dreg med oss lærdomane i vår eiga handtering av stoda. Utsiktene for vestlandskogbruket er gode. Stigande tømmerprisar, oppbygging av lokal kompetanse og omsettingsapparat for tømmer, og aukande interesser frå skogeigarar som ønskjer tenestene våre, er teikn på det. Vi vil med dette takke alle som har vore med å bidra i det løftet som skogbruket i Sogn og Fjordane har hatt siste året. Skogeigarar, lokale skogeigarlag, entreprenørar, transportørar, samarbeidsorganisasjonar, kommunar og fylkeskommune, Fylkesmannen, Sparebanken Sogn og Fjordane, politikarar som engasjerer seg for næringa og dei tilsette i Skogeigarlaget. Samarbeidet mellom og med dykk alle har vore utslagsgjevande, og vi håpar de alle vil vere med oss i den vidare utviklinga. - 8 -

Årsmelding 2013 REPRESENTASJONAR OG VERV: Styret i Norges Skogeierforbund: Halvor Brosvik Sogn og Fjordane Landbruksselskap: Halvor Brosvik Skognæringsforum for Sogn og Fjordane: Ingunn Kjelstad Regionalt Bygdeutviklingsgruppe: Halvor Brosvik Utvida Regionalt Miljøprogram-gruppe: Olav M. Hjelle ANDRE TILLITSVALDE I ANDELSLAGET: Ordførar Varemedlemmer i kontrollutvalet Merete Støfring, Vassenden Anders Tjugum, Balestrand Kristoffer Dale, Balestrand Varaordførar Valnemnd Kjell Magne Åshamar, Nordfjordeid Jan Myklebust, Balestrand Varamedlemmer til styret Ørjar Eiken, Fjaler Hans Arne Vikheim, Sogndal Hallvard Hauken, Gaular Ole A. Gimmestad, Sandane Varamedlemmer valnemnd Erik Skogli, Årdalstangen Ole A. Gimmestad, Sandane Kontrollutval Edvin Øvrestrand, Gaular Olav J. Bøtun, Fresvik (leiar) Rune Roset, Blaksæter Sonja Skåre Esperø, Stryn -9-

Årsmelding 2013 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA Sentralbord 962 29 000 post@sfskog.no Distriktskontor i Nordfjord 452 82 680 Distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn 907 40 503 Distriktskontor i Indre Sogn 414 17 060 Grodåsbygget 6763 Hornindal Hafstadvegen 48 6800 Førde Granden 23 6856 Sogndal Skogbruksleiar Nordfjord Peder Magnussen 452 82 680 peder.magnussen@sfskog.no Skogbruksleiar Sunnfjord og Ytre Sogn Skogbruksleiar Indre Sogn Torgrim Østgård 907 40 503 torgrim.ostgard@sfskog.no Morten Fosse 414 17 060 morten.fosse@sfskog.no Transportleiar Johannes Nygaard 938 81 201 johannes.nygaard@sfskog.no Instruktør Prosjektleiar Arnt Laukeland 991 63 200 arnt.laukeland@sfskog.no Skogsjef Mads Jensen 906 86 844 mande-j@online.no Tømmersekretær Aud Nyhamn Engvik 962 29 000 aud.engvik@sfskog.no Økonomisjef Atle Gimmestad 481 37 615 atle.gimmestad@sfskog.no Dagleg leiar Ingunn Kjelstad 901 03 837 ingunn.kjelstad@sfskog.no Skogbruksplanleggar Leif Laache 905 78 759 leif.laache@sfskog.no Vegplanleggar Asle Lyslo 991 52 801 asle.lyslo@sfskog.no Utmarkskonsulent Johannes Nygaard 938 81 201 johannes.nygaard@sfskog.no Utmarkskonsulent Arve Aarhus 480 95 556 aaarh@online.no - 10 -

Årsmelding 2013 REKNESKAPSÅRET 2013-11 -

Årsmelding 2013-12 -

Årsmelding 2013-13 -

Årsmelding 2013-14 -

Årsmelding 2013-15 -

Årsmelding 2013-16 -

Årsmelding 2013-17 -

Årsmelding 2013-18 -

Årsmelding 2013-19 -

Årsmelding 2013-20 -

Årsmelding 2013-21 -

Årsmelding 2013-22 -

Årsmelding 2013-23 -

Årsmelding 2013 Tømmeromsetting per lokallag - m 3 2011 2012 2013 Eid/Vågsøy 4 507 8 810 18 913 Hornindal 152 921 775 Stryn 4 222 18 999 26 201 Vikane 738 6 200 6 433 Gloppen 2 490 10 804 18 461 Bremanger 347 464 1 986 Jølster 1 045 1 074 7 535 Førde 1 187 4 631 10 154 Naustdal 4 975 1 139 1 662 Flora 97 156 810 Askvoll 0 42 331 Gaular 6 248 745 2 678 Fjaler 329 475 2 084 Kyrkjebø 167 157 324 Hyllestad 109 36 36 Gulen 96 77 136 Balestrand 2 127 3 691 4 409 Sogndal/Leikanger 135 12 933 11 689 Fresvik/Feios 18 0 479 Vik 2 657 1 395 1 663 Årdal 803 61 30 Luster 281 950 1 341 Andre 244 390 667 Totalt 32 974 74 150 118 797-24 -

Årsmelding 2013 Oversikt lokallag Namn Leiar vald 2013 Tal eigarar pr. 31.12.13 Tal leverandørar 2013 Enkelteigarar 5 5 Eid/Vågsøy Geir Ove Hundeide, Eid 100 84 Hornindal Arne Svor, Hornindal 24 9 Stryn Magne Garlid, Stryn 129 110 Vikane Arne Solheim, Utvik 45 28 Gloppen Ole A. Gimmestad, Sandane 126 82 Bremanger Knut Dombestein, Davik 29 14 Askvoll 13 3 Førde Otto A. Fauske, Førde 85 62 Naustdal Inge Svorstøl, Naustdal 76 22 Jølster Gunnar Huus, Skei 54 35 Gaular Jomar Bergheim, Bygstad 88 27 Fjaler Oddvar Vassliås, Flekke 55 10 Flora Asle Magne Ellingsund, Eikefjord 36 4 Gulen Kjell Virkesdal, Dalsøyra 19 3 Hyllestad 21 1 Kyrkjebø Inge Brekke, Bjordal 36 7 Balestrand Jan Myklebust, Balestrand 35 19 Vik Bjørg Hønsi Aafedt, Vik 40 15 Sogndal/Leikanger Hans Arne Vikheim, Sogndal 50 29 Luster Per Ivar Lomheim, Hafslo 33 15 Årdal Erik Skogli, Årdalstangen 4 1 1103 585-25 -

Årsmelding 2013 Til andelseigarane i Postadresse: Boks 185, 6801 FØRDE Kontoradresse: Hafstadgården, FØRDE Telefon: 96 22 90 00 Telefax: 57 83 23 02 Føretaksregisteret: 989 050 605 Bankgiro: 3700.05.12916 Epost:post@sfskog.no Dato: 06.03.14 Innkalling til eigarmøte i I samsvar med 9 i vedtektene for andelslaget vert det med dette kalla inn til eigarmøte i valkrinsane. Eigarmøtet vert halde i samband med årsmøtet i det lokale skogeigarlaget. Sakliste for eigarmøtet 1. Opning v/lokallagsleiaren 2. Godkjenning av innkalling og sakliste 3. Godkjenning av eventuelle fullmakter 4. Innstilling til årsmøtet i andelslaget om årsmelding og rekneskap. Gjennomgang v/styremedlem/representant frå 5. Orientering NSF blir SKOG Norge 6. Val av utsending(ar) med personleg(e) varautsending(ar) til årsmøtet i andelslaget Med helsing - 26 -

Årsmelding 2013 LOKALLAGSÅRSMØTE/ EIGARMØTE I 2014 LOKALLAG STAD DATO KL. FRÅ ANDELSLAGET Kyrkjebø Lavik Fjordhotell 24.03.14 20:00 Halvor Brosvik Flora Inspire, Eikefjord 24.03.14 19:30 Anne K Kleiven Rynning Eid/ Vågsøy Nordfjord Hotell 25.03.14 19.30 Olav M Hjelle Balestrand Midtnes Hotel 25.03.14 18:30 Halvor Brosvik Bremanger Dampen, Davik 25.03.14 20:00 Anne K Kleiven Rynning Jølster Helgatun, Årdal 26.03.14 19:30 Jakob Hammer Vik Sognefjord Gjestehotell 26.03.14 20:00 Anders Ljotebø Gloppen Gloppen Hotell 27.03.14 13:00 Ingunn Kjelstad Gulen Nordgulfjorden grendahus 27.03.14 20:30 Halvor Brosvik Førde Utstillingssalen, Førdehuset 31.03.14 19:30 Mads Jensen Sogndal/Leikanger Frydenbøbygget, Granden 23 01.04.14 20:00 Jakob Hammer Årdal Frydenbøbygget, Granden 23 01.04.14 20:00 Jakob Hammer Luster Eikum Hotell 03.04.14 19:30 Anders Ljotebø Stryn Kulturhuset 08.04.14 20:00 Jakob Hammer Naustdal Håjen Kafe 09.04.14 20:00 Jakob Hammer Hornindal Smia 09.04.14 20:00 Peder Magnussen Fjaler Fjalerhuset 09.04.14 20:00 Anders Ljotebø Hyllestad/Askvoll Fjalerhuset 09.04.14 20:00 Anders Ljotebø Gaular Sande Kro 09.04.14 20:00 Mads Jensen Vikane IMI-hotellet 10.04.14 20:00 Olav M Hjelle - 27 -

Retur:, Postboks 185, 6801 Førde