SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING 2011. Fylkeslaget har i perioden mars 2011 til mars 2012 hatt desse tillitsvalde:



Like dokumenter
SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2009 til mars 2010 hatt desse tillitsvalde:

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

DIS- Sogn og Fjordane

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Kontoret har ope måndag fredag frå , og det blir fortsatt drift i 2018.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

ÅRSMELDING FOR ROMSDAL UNGDOMSSAMLAG 2011

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Tønsberg lokallag. Tønsberg lokallag omfatter Andebu (minus Kodal), Horten, Nøtterøy, Re, Tjøme og Tønsberg kommuner.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Styret har vore samansett slik i 2012 :

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

ARBEIDSPLAN

Vedtekter for Vestland SV

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Årsmøte 2015 Norsk Kommunikasjonsforening Lokallag Møre og Romsdal

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Hageselskapet Sogn og Fjordane ÅRSMELDING Årsmelding 2016 Side 1

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Finnmark fylkeslag Årsberetning 2014

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA bygdahus.no

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Finnmark fylkeslag. Årsberetning Anne Sofie Soini, Sør-Varanger. Anna Marie Antonsen, Vadsø

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Leiarmøte Søndag 25.november, Scandic Hotell, Førde NFF Sogn og Fjordane

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Organisasjonsbygging. Velkomne til Jakt- og Fiskesenteret på Flå 1. november Org.kontakt: Bjarne Huseklepp

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Det er avholdt 8 styremøter inkludert en delegatsamling i forkant av fylkeslagets årsmøte. Nord-Jarlsberg lokallags styre har behandla 38saker.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til Årsmøte for Opplæringskontor for Hotell- og Næringsmiddelfag i Sogn og Fjordane

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Til deg som bur i fosterheim år

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

REFERAT ÅRSMØTE INDRE SUNNFJORD TURLAG 2015 Fredag 27. november kl 18:00 Scandic Sunnfjord Hotell Det var 32 frammøtte.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

REFERAT. Sak 52/09 Rekneskap pr. november 2009 Frode orienterte om rekneskapsrapporten pr som vart lagt fram for styret.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Stemnehandboka for NKSF

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Møteprotokoll for møte i

Nominasjonsmøte 8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss Sakspapir:

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Styrets årsmelding 2018

Protokoll frå regionstyremøte

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Innkalling til årsmøte torsdag 13.mars 2014 på Kafe Jærbuen kl.19.00

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Transkript:

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING 2011 Fylkesstyret Fylkeslaget har i perioden mars 2011 til mars 2012 hatt desse tillitsvalde: Leiar Arild Weinwick Førde Indre Sogn lokallag Nestleiar Berit Hovland Flora/Bremanger lokallag Kasserar Haldis Daleng Strømmen Førde og omegn lokallag Styremedlem Knut Steinar Eitungjerde Indre Sogn lokallag Styremedlem Bjørn Jonny Blålid Nordfjord lokallag 1. vara Øyvind Lyslo Førde og omegn lokallag 2. vara Merete Moe Flora/Bremanger lokallag 3. vara Åse Moen Nordfjord lokallag Revisor Atle Gandrudbakken Indre Sogn lokallag Valnemnd: Leiar Kristin Løkkebø Nordfjord lokallag Nestleiar: Asbjørn Tyssen Førde og omegn lokallag Medlem Signe Witsø Indre Sogn lokallag Styremøta Det har vore 7 styremøte i perioden frå årsmøtet i mars 2011, fram til mars 2012; i april, mai (telefonmøte), i september, i oktober (telefonmøte), i november, i januar og i februar (telefonmøte). Fylkesstyret har gjennomgang av arbeidsplanen, økonomi, og status på seremonifeltet som faste postar i møta. Det har vore særleg fokus på konfirmasjonsprosjekt og ressursar til Sogn og Fjordane, stillingsstorleik på fylkeskontoret, m.m. Jfr fråsegn frå årsmøtet i 2011. Vestlandsseminaret har også vore på sakskartet på dei fleste av styremøta dette året. Fylkeskontoret Organisasjonssekretæren (OS), har fast kontortid måndag til torsdag, og er vanlegvis tilgjengeleg for både Hordaland (Seremonibase konfirmasjon) og Sogn og Fjordane mellom kl 9 og kl 15 fire dagar i veka. Desse to stillingane fungerer godt saman, med fleksibilitet og tilpassing begge vegar. I periodar blir det meir enn 50% i den eine stillinga, men dette jamnar seg ut over tid. I periodar vil det vere meir reising, møte og skulebesøk som gjer at sekretæren kan vere litt mindre tilgjengeleg. Kontoret har fått nytt telefonsystem gjennom sentral avtale på hovudkontoret. Fastnummeret til fylket eksisterar framleis, 57675390, og blir i kontortida automatisk kobla

til sekretæren sin mobil. Utanom kontortid vil publikum bli møtt av ein telefonsvarar. Tillitsvalde og andre aktive i fylkeslaget kan nå OS på mobil utanom kontortid ved å ringe 90764484. Landsmøtet Arild W. Førde og Berit Hovland møtte som delegatar på Landsmøtet på Gardermoen 28. - 29. mai 2011. Berit var utpeikt som ein av tre landsmøtedirigentar. OS var referent/funksjonær under delar av møtet. Landsstyremøta På Landsmøtet i juni, vart det vedtatt å gjenopprette Landsstyret som organ. Dette fordi det på same Landsmøtet vart vedtatt å arrangere Landsmøte annakvart år. Arild møtte på Landsstyremøtet i Oslo 22. - 23. oktober. Vestlandsseminaret Sogn og Fjordane var arrangør for Vestlandsseminaret i 2011. Dette er eit seminar som går på omgang mellom Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Denne gongen la vi seminaret til Flåm 23. - 25. september. Påmeldingane var gode, med i alt 32 deltakarar i tillegg til 3 innleiarar og 5 organisasjonssekretærar frå desse tre fylka. 40 humanistar fylte opp Flåmsbrygga hotell denne helga. Flåm viste seg frå si beste side, og bidro til svært gode rammer for seminaret, med kåseri med Finn Tokvam fredag kveld, haustfargar i opphaldsver, cruisanløp og turistar både laurdag og søndag, og ikkje minst det prisvinnande microbryggeriet Ægir, med presentasjon og prøvesmaking av minst fem ulike ølsortar. Det faglege innhaldet i seminaret sto mellom andre Didrik Søderlind for. Han starta laurdagen med å snakke om høgreekstremisme og islamofobi. Eit alvorleg, men svært interessant tema. Neste tema var Kulturarven, - med Kjartan Sælnes som innleiar. Dette tema hadde vi valt å leggje til Otternes bygdetun, - eit klyngjetun frå 1700-talet. Der fekk vi spekemat-tallerken med mykje god og lokalprodusert mat, før Kjartan slapp til med sitt innlegg. Laurdag ettermiddag hadde Tommy Sørbø eit føredrag han kalla Religiøs ekstase i kunsten porno i guds namn. Tommy Sørbø hadde også innlegg søndag morgon, der tittel var Når nissen flytter med på lasset Er sekulær symbolikk mogeleg?. Titlane på føredraga var spenstige, 2

men dei høge forventningane til ein del av deltakarane blei ikkje innfridd fullt ut. Tilbakemeldingane frå deltakarane generelt, var svært positive om stadval, hotell og program, men dei fleste var einige om at det hadde vore for lita tid til debatt. Tommy Sørbø ga oss eit fagleg, kunsthistorisk innblikk, men mange meinte han dvelte for mykje ved religionen i kunsten, og at han fekk for stor plass i programmet. Vi som arrangørar tar dette med oss til seinare høve, og vil prøve å bli enno meir presise i våre bestillingar til innleiar. Økonomien rundt seminaret gjekk i balanse. Kurs Konfirmasjon Magni Hjertenes Flyum deltok på det sentrale kurset for konfirmasjons-instruktørar på HEF sitt hovudkontor i Oslo 2. - 4. september 2011. Fylkeskurset for kursleiarane var i Bergen 4. - 6. november. Dette er fjerde gong vi samarbeider med Hordaland om kursleiaropplæring. Vi hadde 9 deltakarar i tillegg til instruktør. Alle lokallaga var representerte. På flukt blei for første gong arrangert i Førde i år, der konfirmantar frå Sogn og Sunnfjord deltok. Estetikk Gry Tokvam og Anne Eide deltok på sentralt arrangert estetikk-kurs i Oslo 14. - 16. oktober. Fylkeslaget arrangerte kurs i Førde siste helg i januar, i samarbeid med Hordaland. Fire instruktørar hadde hand om det faglege innhaldet. Hordaland stilte med 5 deltakarar, og Sogn og Fjordane hadde 6. Det vesentlege i denne samlinga er erfaringsutveksling, i tillegg til fagleg påfyll med formidling av innhald frå det sentrale kurset i Oslo. Deltakarane melder tilbake at dei har stor nytte av seminaret. Det var eintydige tilbakemeldingar frå deltakarane om at samarbeidet mellom fylka må halde fram. Kontakt med lokallaga OS har deltatt på 2 styremøte i Førde, og på årsmøta i Indre Sogn og Førde. Fylkesleiar har ikkje vore på besøk i lokallaga i 2011. Kommunikasjonen mellom fylkeslaget og lokallaga er ivaretatt ved gjennomgåande representasjon. (Alle i fylkesstyret har også verv som styremedlem eller varamedlem i lokallaga). OS har god kommunikasjon med lokallagsleiarane på e-post og telefon. Seremoniar Namnefest Det var i alt 16 namnebarn i 2011. (2010: 15) 3

Eid 9. april Florø 30. april Sogndal 28. mai Førde 1. oktober Lavik, 30.juli, vigsel 2 namnebarn 6 namnebarn 4 namnebarn 3 namnebarn 1 namnebarn Konfirmasjon Tabellen under viser utviklinga i deltaking konfirmasjon frå 2006. Som det går fram av tabellen, er det nedgang i tal konfirmantar. 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Nordfjord 17 17 19 19 17 22 11 Flora/Bremanger 20 25 11 17 30 16 14 Førde og omegn 47 28 44 38 38 39 23 Indre Sogn 31 33 30 32 40 31 37 Brevkurs 1 Sogn og Fjordane fylke 117 103 104 106 125 108 85 Prosent av kullet 7,4 6,5 6,8 6,6 8,2 6,74 Alle 14-åringane i fylket fekk informasjon i postkassa i slutten av april, sendt ut frå HEF sentralt. OS har i løpet av våren 2011 besøkt 8 ungdomsskular for å informere om HEF og Humanistisk konfirmasjon. OS og lokallagsstyret i Indre Sogn arrangerte ope informasjonsmøte 26. mai om konfirmasjon i Sogndal. Det møtte 5 foreldre og 4 ungdomar, alle frå Årdal. Det har vore annonsert om påmelding til konfirmasjon i alle lokalaviser i august, og informasjon og påmeldingsskjema blir lagt ut på nettsida vår i slutten av april. Nedgangen i påmelding til konfirmasjon held fram i 2012, med i alt 85 konfirmantar. Vigsel Fylket har 4 sertifiserte vigslarar: Laila Schult i Måløy, Stein Sandemose Bårdsen, Anne Karin Skrede og Astrid H. Bolstad. Det var 15 vigslar sommaren 2011. Ein vigsel hadde namnefest i same seremoni. To av oppdraga vart utførd av vigslarar frå andre fylke. Laila hadde 5 oppdrag, Stein hadde 4, Anna Karin hadde 3, og Astrid hadde 1 oppdrag og hjelpte til på kombinasjonen vigsel og namnefest. Reiseavstand og praktiske omsyn er kriteria for tildeling av vigselsoppdrag. Gravferd Fylket har 3 godkjende gravferdstalarar: Laila Schult, Måløy, Vibeke Johnsen, Sogndal og Jan Sigurd Haugen, Leikanger. I 2011 hadde vi ingen gravferder vår regi. Laila hadde ein seremoni i Vågsøy i april med urnenedsetting. 4

Medlemstal Lokallag 01.01.2011 Inn Ut Døde Endr Intern flytt 31.12.2011 Øk i % Indre Sogn 285 9 2 0 7 8 300 5,3 % Førde og omegn 259 13 1 2 10-3 266 2,7 % Flora/Bremanger 1 4 0-3 1 118-1,7 120 % Nordfjord 173 8 4 1 3-1 175 1,2 % 837 31 11 3 17 5 859 2,6 % Sum på landsbasis 78038 3703 1904 468 1331 39 79408 1,8 % Som tabellen viser, har Sogn og Fjordane hatt større prosentvis medlemsvekst enn landsgjennomsnittet på 1,8%. I 2011 er det størst vekst i Indre Sogn, og ein svak nedgang i Flora/Bremanger. Økonomi Rekneskapen for 2011 ber preg av at vi var arrangør av Vestlandsseminaret. Vi har hatt store utgifter og gode inntekter i samband med seminaret. Med støtta vi fekk frå hovudkontoret og delegatprisen som blei sett, har gjennomføringa av Vestlandsseminaret gått etter planane. Vi har ikkje hatt bekymringar om likviditet i 2011, og gjennomføring av tiltaka vi har hatt på arbeidsplanen har gått etter planane. 2011 gir eit positivt resultat på kr 51 906. Vi hadde budsjettert med mindre tilskot til Vestlandsseminaret enn det vi fekk, og inntekta på delegatavgift blei høgare enn budsjettert. Tilskot frå hovudkontoret til estetikkseminaret var også høgare enn forventa. Til saman har dette gitt oss eit år med svært positivt resultat-, og vi står betre rusta til auka aktivitet i 2012. Frå og med rekneskapen 2012 er det inngått oppdragsavtale med hovudkontoret. Rekneskapen vil bli ført sentralt, men revidert lokalt. Internett Nettsida www.human.no/sognogfjordane blir oppdatert og fornya etter tid og behov. Mange er innom sidene for å finne informasjon om mellom anna seremoniar. Det manglar ein del lokale illustrasjonar og foto, og aktuelle saker frå lokallaga. Medlemskontakt Vestavind, som er medlemsblad for Hordaland og Sogn og Fjordane, kom ut med to nummer i 2011; eitt i august og eitt i desember. 5

Oppfølging av nye medlemer er ikkje sett i eit godt nok system. Nye medlemer får brev eller e-post opp til eit halvt år etter innmelding. Nokre lokallag har nytta seg av e-postutsendingar via medlemsservice på hovudkontoret. Mediekontakt Det har vore annonsert i alle lokalaviser i mars og i august, med informasjon om seremoniane. Organisasjonssekretæren har sendt pressemeldingar om Livssynsnøytralt seremonirom i Sogndal, mars 2011 Om konfirmasjonskurs i fylket, september 2011: Den som ikkje stiller spørsmål, finn heller ingen svar Avslutning Aktive tillitsvalde og frivillige i lokallaga er dei som gjer sitt til at vi kan tilby seremoniar med høg kvalitet i fire regionar i fylket. Innsatsen på lokalplanet, og særleg seremoniarbeidet, synleggjer det humanistiske livssynet på ein særs god måte. Fylkesstyret takkar lokallaga og alle tillitsvalde for godt arbeid i året som har gått. Det økonomiske resultatet for 2011 gir oss større handlingsrom i året som kjem. Styret håpar at dette blir avspegla i auka aktivitet i lokallaga, og at Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane kan bli meir synleg i media. For fylkesstyret, Astrid H. Bolstad 6