Hankjønn Hankjønnsord har ordet ein som ubestemt og endinga en som bestemt artikkel.



Like dokumenter
Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Nynorsk, verb, framhald

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kvifor er bokmål (BM) og nynorsk (NN) ulike målformer, og kva er det som skil dei?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kokebok i nynorsk. Eg lige ikkje nynorsk, eg! (Er siddisar dumme?) Spørsmål: Kor mange dialektar brukar jeg og ikke?

Norsk minigrammatikk bokmål

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NOKON AV DEI VIKTIGASTE NYNORSKE VERBA

Brukarrettleiing E-post lesar

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

6. trinn. Målark Chapter 1 Bokmål. Kan godt. Kan litt. Kan ganske godt. Read and listen. Jeg kan lytte til en tekst og forstå hvor handlingen foregår.

Til deg som bur i fosterheim år

Oppgåver til kapittel 3

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jon Fosse. For seint. Libretto

FANTASTISK FORTELJING


Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

mmm...med SMAK på timeplanen

Del 1 Ordklasser. Leo skriv. Luisa les. Prikken et. Carmen og Arne dansar.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Leksikaliseringsprosessar i samansette verb: Adjektiv eller partisipp?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Utdrag frå boka Ord te gagns

OK, seier Hilde og låser.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Eksamen i LING 1112 Morfologi og syntaks 1. Våren 2013

APPENDIKS D Geminittisk språk/grammatikk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Sjekkliste B2-nivå. 1 Har du brukt stor/liten forbokstav, punktum (.), komma (,) og spørsmålstegn (?) riktig?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Begrep Forklaring Eksempel

«Ny Giv» med gjetarhund

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Grammatisk ordliste Los geht s!

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Høgskolen i Telemark Fakultet for allmennvitenskapelige fag

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Ny rettskriving for 2000-talet

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Kva er økologisk matproduksjon?

SUBSTANTIV... 3 Særnamn og samnamn...3 Kjønn...4 Ubunden og bunden form...8 Substantivbøying ei oppsummering...12 Uteljelege substantiv...

SUBSTANTIV... 2 Særnamn og samnamn... 2 Kjønn... 4 Eintal og fleirtal... 6 Ubestemt og bestemt form... 9 Oppsummering av substantivbøying...

Brannsår, rus eller friheit?

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

NORSK FOR INTERNASJONALE STUDENTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


Morfologioppgåva om Kongo-swahili

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Samansette tekster og Sjanger og stil

Grammatikk Adverb. Forteller oss noe nytt om ord eller setninger

Transkript:

Kort nynorsk bøyingslære for ordklassene substantiv, pronomen (medrekna determinativ), verb og adjektiv, med sideblikk til nokre andre vesteuropeiske språk og i jamføring med bokmål Denne teksten er skriven som eit slags elementært oversyn over dei sentrale delane av bøyingsverket i nynorsk med utgangspunkt i dei ordklassene som har bøying i norsk. Teksten er tenkt som eein halvveges praktisk, halvveges teoretisk innføring i nynorsk grammatikk i jamføring med bokmål. Til utviding av perspektivet har eg drege inn litt jamføring med dei vanlegaste skolespråka i Norge, og framstillinga har dessutan ei systematisk jamføring med bokmål. Dei delane som er skrivne på bokmål, er markerte med ein annan skriftfarge enn resten. 1. Substantiv bøyingsformer Kjenneteikn for substantiv er at dei som regel kan bøyast i bestemt form: hest hesten og : hest hestar. Framfor grunnforma i eintal kan vi bruke talordet ein, som då blir kalla ubestemt artikkel: ein hest. Den ubestemte artikkelen er altså eit eige ord, mens den bestemte artikkelen er ei ending. På dei fleste andre europeiske språk er både den ubestemte og den bestemte artikkelen eigne ord: a horse the horse (engelsk), ein Pferd das Pferd (tysk), un cheval le cheval (fransk). Når vi bøyer eit substantiv, nemner vi derfor vanlegvis fire forskjellige former: ubestemt form eintal (med ubestemt artikkel framfor: ein hest), bestemt form eintal (hesten), ubestemt form (hestar) og bestemt form (hestane). Somme substantiv blir berre brukte i eintal; det gjeld først og fremst såkalla masseord som snø, mold, gras, bestemt form snøen, molda, graset. Eigennamn, som Kari og Ola, blir oftast ikkje bøygde i det heile, men dersom ein snakkar om fleire personar som heiter det same, kan dei bøyast som andre substantiv: det var to Kari-er her i går, det var den same Ola-en som eg snakka med. Kjønn ved substantiv På norsk og mange andre språk har artiklane forskjellige former ved ulike substantiv, f.eks. ein hest hesten, men eit hus huset. Dette kjem av at ordet hest er hankjønn, mens ordet hus er inkjekjønn. På tysk heiter derimot dei tilsvarande orda ein Pferd das Pferd og ein Haus das Haus. Dette kjem av at på tysk er både Pferd og Haus inkjekjønnsord. Ved substantiv er altså kjønnet fast knytt til det enkelte ordet alle substantiv har eit bestemt kjønn. Av døma hest på norsk og Pferd på tysk ser vi at omgrepet kjønn her først og fremst skal oppfattast grammatisk og ikkje seksuelt: Både hest og Pferd kan brukast om dyr av begge kjønn. Omgrepa hankjønn, hokjønn og inkjekjønn er dermed først og fremst grammatiske merkelappar som oftast ikkje har noe noko å gjere med verkeleg kjønn mange daude ting er jo hankjønn og hokjønn; t.d. ein stol stolen (hankjønn), ei bok boka (hunkjønn). Sambandet mellom verkeleg kjønn og grammatisk kjønn er likevel ikkje heilt tilfeldig: Dei fleste ord for levande vesen av hankjønn er hankjønnsord både på norsk og tysk, f.eks. hingsten, oksen, mannen der Hengst, der Ochs, der Mann, mens ord for levande vesen av hokjønn oftast er hokjønnsord: hoppa, kua, kona die Stute, die Kuh, die Frau. På nynorsk og tysk og har substantiva alltid tre kjønn, hankjønn, hokjønn og intetkjønn. På bokmål kan derimot hankjønn og hokjønn falle saman i eit såkalla felleskjønn, som omfattar både hankjønn og hokjønn: hingsten, oksen, mannen hoppen, kuen, konen. Slik er det også på dansk og 1

svensk der har ein også felleskjønn og inkjekjønn. Fransk har også to kjønn, men der heiter dei hankjønn og hokjønn: un cheval le cheval (ein hest, hesten, hankjønn) une vache la vache (kua, hokjønn). På engelsk finst det derimot ikkje grammatisk kjønn i det heile: a horse, stallion, bull, man osv. the horse, mare, cow, woman osv. I språk som har grammatisk kjønn, må ein altså i prinsippet lære kjønnet for kvart ord det er ingen ting verken i form eller tyding som seier til om at norske ord som stol og bil skal vere hankjønn, mens bok og lampe er hokjønn, og bord og tre er inkjekjønn. Dette er inga sak når ein kan språket ingen som snakkar eller skriv sitt eige morsmål, bommar på kjønnet. Når ein skal lære eit framandt språk som har grammatisk kjønn, merkar ein derimot fort at det ikkje alltid er like lett å treffe rett her, og det same gjeld sjølvsagt for utlendingar som skal lære norsk. Bøyingsformer av substantiv på nynorsk På nynorsk er det svært viktig å vite kjønnet på eit substantiv for å kunne bøye det i. Kjønnet ser ein av den ubestemte og den bestemte artikkelen i eintal. Hankjønn Hankjønnsord har ordet ein som ubestemt og endinga en som bestemt artikkel. HOVUDMØNSTER I FLEIRTAL1) HOVUDMØNSTER I FLEIRTAL unntaksmønster i 2) unntaksmønster i unntaksmønster i unntaksmønster i EINTAL FLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM ein 3) hest hesten hestar 4) hestane 4) ein 3) fiskar 4) fiskaren fiskarar fiskarane ein søknad søknaden søknader el. søknadene el. [søknadar] [søknadane] ein sofa sofaen sofaer el. [sofaar] sofaene el. [sofaane] ein gong gongen gonger el. gongene el. [gongar] [gongane] ein mann mannen menn/menner mennene 1) HOVUDMØNSTER I FLEIRTAL: Dei aller fleste hankjønnsord får -ar og -ane i på nynorsk. Dersom ein ikkje veit noko spesielt om bøyinga av eit bestemt hankjønnsord, kan ein dermed rekne med at det følgjer dette mønsteret. 2) unntaksmønster i : Dette mønsteret gjeld først og fremst for alle ord som endar på nad (søknad, skilnad, merknad osv.) og alle hankjønnsord som endar på a, (sofa, villa, tuba osv.). Det er også ein god del enkeltord av hankjønn som følgjer unntaksmønsteret; t.d. gjest gjester, gong gonger, vegg vegger. Alle dei orda som er nemnde til no, har likevel sideformer etter hovudmønsteret. Unntaksmønsteret gjeld derimot obligatorisk i mest alle ord som får vokalskifte i, som fot føter, son søner. 3) ein: Merk at nynorsk har diftong (ei, au, øy) i mange ord der bokmål som regel har monoftong (t.d. veit, laus, løyse = bokmål vet/veit, løs, løse) 2

4) fiskar, hestar, hestane: Merk at nynorsk har a i mange endingar der bokmål har e. På bokmål står a som endingsvokal alltid heilt til slutt ordet, t.d. bygda (el. bygden), kasta (el. kastet). I nynorsk kjem det derimot ofte konsonantar etter a-en (t.d. fiskar, hestar, hestane, kastar, finare, finast). 5) fiskarar, fiskarane: Merk at ord som fiskar, gjetar, tyskar får same sendingar som dei fleste hankjønnsord (dvs. ar og ane, jf. bokmål e og ne: fiskere fiskerne). Hokjønn Hokjønnsord har ordet ei som ubestemt og endinga a som bestemt artikkel. HOVUDMØNSTER I FLEIRTAL 1) unntaksmønster i 2) EINTAL FLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM ei bygd bygda bygder bygdene ei kjerring kjerringa kjerringar kjerringane 1) HOVUDMØNSTER I FLEIRTAL: Dei aller fleste hokjønnsord får -er og -ene i på nynorsk. Dersom ein ikkje veit noko spesielt om bøyinga av eit bestemt hokjønnsord, kan ein dermed rekne med at det følgjer dette mønsteret. 2) unntaksmønster i : Merk at det som er hovudmønster i hankjønn (hestar, hestane) er unntaksmønster i hokjønn. Hovudmønsteret i hokjønn er dermed likt med bokmål (bygder, bygdene). Inkjekjønn Inkjekjønnsord har ordet eit som ubestemt og endinga et som bestemt artikkel. ALLMENT MØNSTER FLEIRTAL I EINTAL FLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM eit1) hus huset hus husa 2) eit eple eplet eple 3) epla eit skjema skjemaet skjema 3) skjemaa 1) eit: Merk at nynorsk har diftong (ei, au, øy) i mange ord der bokmål som regel har enkeltvokal (t.d. veit, laus, løyse = bokmål vet/veit, løs, løse) 2) husa: Merk at alle inkjekjønnsord får a i bestemt form på nynorsk, både dei som kan ha a på bokmål (t.d. barna, beina, fjella, husa el. barnene, beinene, fjellene, husene) og dei som alltid får ene på bokmål (t.d. eplene, møtene). 3

3) eple, skjema: Merk at ingen inkjekjønnsord får ending i ubestemt form! Det vil seie at ubestemt form eintal og ubestemt form av inkjekjønnsord alltid er like på nynorsk også der bokmål alltid har ending (t.d. bokmål epler, møter = nynorsk eple, møte). 4

Bøyingsformer av substantiv på bokmål På bokmål bøyes hankjønns- og hunkjønnsord vanligvis likt i flertall, mens entallsformene kan være like eller ulike. Dersom entallsformene også er like, sier vi at bokmålet har felleskjønn. Kjønnet ser vi av den ubestemte og den bestemte artikkelen i entall. Hankjønn/felleskjønn Hankjønnsord har ordet en som ubestemt og endelsen en som bestemt artikkel. ENTALL FLERTALL HOVEDMØNSTER I FLERTALL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM en1) hest hesten hester 2) hestene 2) en fisker 2) fiskeren fiskere 3) fiskerne 3) 1) en: Merk at bokmål har enkeltvokal i mange ord der nynorsk som regel har diftong (ei, au, øy) (f.eks. vet/veit, løs, løse) = nynorsk veit, laus, løyse) 2) fisker, hester, hestene: Merk at bokmål har e i mange endelser der nynorsk har a. På bokmål forekommer a som endingsvokal bare helt til slutt ordet, t.d. bygda (el. bygden), kasta (el. kastet). 3) fiskere, fiskerne: Flertallsendelsene e og ne gjelder bare ord som betegner personer; oftest betegner disse orda den som utfører ei verbalhandling (fisker, baker, kjøper, selger osv.), men av og til også innbyggere i et område (tysker, italiener, afrikaner). Hunkjønn/felleskjønn Hunkjønnsord har ordet ei eller en som ubestemt og endelsen - a eller - en som bestemt artikkel. HOVEDMØNSTER I FLERTALL ENTALL FLERTALL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM ei/en 1) bygd bygda/bygden 2) bygder bygdene 1) ei/en: Merk at den ubestemte artikkelen kan være både ei og en i hunkjønnsord på bokmål. Dersom en velger artikkelen en i hunkjønnord, betyr det altså at artikkelen blir den samme som i hankjønn med andre ord det vi kaller felleskjønn. 2) bygda/bygden: Merk at den bestemte artikkelen kan være både -a og -en i hunkjønnsord på bokmål (bygda eller bygden). Dersom en velger endelsen -en i hunkjønnord, betyr det altså at vi får samme endelse som i hankjønn med andre ord det vi kaller felleskjønn. Intetkjønn Intetkjønnsord har ordet et som ubestemt og endelsen et som bestemt artikkel. 5

ENTALL FLERTALL UBESTEMT FORM BESTEMT FORM UBESTEMT FORM BESTEMT FORM MØNSTER I et 1) hus huset hus husa/husene 2) MØNSTER II et eple eplet epler 3) epla/eplene et skjema skjemaet skjemaer 3) skjemaene MØNSTER III et mønster mønsteret mønster/mønstre 4) mønstra/ mønstrene 4) 1) et: Merk at bokmål har enkeltvokal i mange ord der nynorsk som regel har diftong (ei, au, øy) (f.eks. vet/veit, løs, løse) = nynorsk veit, laus, løyse) 2) husa/husene: Merk at alle intetkjønnsord kan få ene i bestemt form flertall på bokmål dvs. den samme endelsen som hankjønns- og hunnkjønnsorda. 3) epler, skjemaer: Merk at mange intetkjønnsord får er-endelse i ubestemt form flertall på bokmål dvs. den samme endelsen som hankjønns- og hunnkjønnsorda. Det gjelder særlig flerstavelsesord, mens enstava intetkjønnsord gjerne er uten endelse, som på nynorsk. 4) mønster/mønstre, mønstra/mønstrene: Denne bøyinga gjelder intetkjønnsord på er. Merk at disse orda ikke bøyes som hankjønnsord som fisker osv. i hankjønn faller nemlig aldri e-en bort foran r: fiskere, fiskerne, jf. mønstre, mønstrene. 6

Pronomen nynorsk Pronomen betyr i staden for nomen, dvs. substantiv. Pronomen blir altså brukt til å gjenta personar, ting og omgrep som har vore omtala før. Når vi har nemnt eit substantiv, kan vi seinare anten ta det opp att i bestemt form eller erstatte det med eit pronomen, t.d. slik: Vi såg ein bil. Bilen/Han var raud. Vi såg ei bok. Boka/Ho var grøn. Vi såg eit hus. Huset/Det var gult. Vi såg to bilar. Bilane/Dei kjørte fort. Som vi ser, skifter pronomenet form alt etter kva det viser til: Dersom det er eit hankjønns-, hokjønns- eller inkjekjønnsord i eintal, bruker vi formene han, ho eller det, avhengig av grammatisk kjønn, er det et sord, bruker vi dei. Men pronomen har også andre funksjonar. Når ein person blir kalla du, betyr det at denne personen er den vi vender oss til i ein kommunikasjonssituasjon. Vender vi oss til fleire, bruker vi i staden de. Den som snakkar eller skriv sjølv, omtaler seg som eg, er det fleire, bruker ein i staden forma vi. Denne bruken av pronomen har altså å gjere med kommunikasjonssituasjonen kven som er avsendar og kven som er mottakar. Den som er avsendar, kallar vi første person og det er knapt tilfeldig kvar og ein er seg sjølv nærmast! Den som er mottakar, blir kalla andre person mottakaren er jo alltid på ein eller annan måte til stades i situasjonen anten reint fysisk eller via eit eller anna kommunikasjonsmedium munnleg eller skriftleg. Den eller det som verken er avsendar eller mottakar, men berre omtala, slik som mannen, boka, huset og bilane i dømet ovanfor, blir då tredje person. Pronomen i første eller andre person blir ikkje bøygde i kjønn vi kan aldri sjå av pronomenet om eg eller du er mann eller kvinne. I tredje person kjem derimot kategorien kjønn inn i biletet i eintal, derimot ikkje i dei kan vise til alle slags sord. PERSONLEGE PRONOMEN Dei pronomena vi har sett på til nå, kallar vi personlege pronomen, og grunnen er naturleg nok den at dei m.a. kan bøyast i person. I tredje person eintal kan dei som vi har sett også bøyast i kjønn. Men mange personlege pronomen kan dessutan bøyast i kasus; såkalla subjektsform og avhengig form. Subjektsform er dei formene vi har brukt ovanfor: eg, du, ho, vi, de osv. Dei avhengige formene av dei same orda er meg, deg, henne, oss, dykk. Subjektsforma bruker vi som namnet seier når pronomenet er subjekt, mens dei avhengige formene blir brukte i dei fleste andre tilfelle. 1. Eg liker henne. 2. Ho sit hos deg. 3. Vi tenkjer på dykk. 4. Meg liker ho ikkje. I desse setningane er alle dei kursiverte orda avhengige former; i nr. 1 er henne objekt for verbet liker, i 2 er deg utfylling til preposisjonen hos, i 3 er dem utfylling til preposisjonen på, og i 4 er pronomenet meg igjen objekt for verbet liker, men her er objektet flytt fram i spissen av setninga for å framhevast. 7

I 3. person eintal og fins det eit eige pronomen for såkalla refleksiv bruk, dvs. dersom eit pronomen som ikkje er subjekt, er identisk med subjektet i setninga. Skilnaden på ikkje-refleksiv og refleksiv bruk går fram av desse døma: Han vaskar henne. (ikkje-refl., 3. pers. eintal) Han vaskar seg. (refl., 3. pers. eintal) Dei vaskar dei (ikkje-refl., 3. pers. ) Dei vaskar seg (refl., 3. pers. ) I 1. og 2. person (både eintal og ) finst det ikkje noko spesielt refleksivpronomen: Han vaskar meg. (ikkje-refl., 1. pers. eintal) Eg vaskar meg. (refl., 1. person eintal) Ho vaskar deg. (ikkje-refl., 2. pers. eintal) Du vaskar deg. (refl., 2. person eintal) Dei bøyingsformene som finst mellom dei personlege pronomena er altså 1., 2. og 3. person eintal og, og subjektsform og avhengig form. I 3. person eintal får vi dessutan inn grammatisk kjønn hankjønn, hokjønn og inkjekjønn med eigne former: Når vi snakkar om bilen, bruker vi pronomenet han, om boka seier vi ho, og om huset seier vi det. Det fullstendige systemet av personlege pronomen på nynorsk blir då sjåande slik ut: eintal 1. pers. 2. pers. subj.form eg du avh.form meg deg 3. person 1. pers. 2. pers. 3. pers. hankjønn han vi el. de dei hokjønn ho me inkjekjønn det hankjønn han el. honom oss dykk dei hokjønn ho el. henne inkjekjønn det refleksivt seg seg 8

Tillegg om personlige pronomener i 3. person entall på bokmål På bokmål fins det en ekstra komplikasjon i pronomensystemet i 3. person entall som ikke gjelder i samme grad for nynorsk. I substantivbøyinga vakler nemlig bokmål mellom et system med to eller tre grammatiske kjønn. Ved intetkjønnsord er saken grei; der er pronomenet alltid det enten det er huset, treet eller barnet som omtales. Komplikasjonen oppstår derimot ved de orda som ikke er intetkjønn. På bokmål kan det som kjent hete enten bilen og boka eller bilen og boken. Dersom en velger formen boka, kan vi kalle denne formen hunkjønn, velger vi derimot boken, bør dette kalles felleskjønn, for da skiller man ikke mellom grammatisk hankjønn og hunkjønn. Men når ord som bil og bok skal omtales med pronomen på bokmål, spiller det ingen rolle om man velger hunkjønn boka eller felleskjønn boken pronomenet blir i alle tilfelle den akkurat som ved hankjønnsordet bilen. I pronomensystemet har altså bokmål felleskjønn alle en-ord og alle a-ord kan vises til med pronomenet den dersom det ikke viser til personer. Er det derimot tale om personer, må man bruke han eller hun, men da ikke ut fra formen på artikkelen både dama og damen må omtales som hun, mens mannen omtales som han. Her er det altså ikke grammatisk kjønn som er avgjørende, men virkelig kjønn, også kalt sexus. I diagrammet nedenfor er grammatisk kjønn i 3. person entall angitt som felleskjønn og intetkjønn, mens virkelig kjønn er angitt med symbolene (mannlig) og (kvinnelig). Det fullstendige systemet av personlige pronomener på bokmål blir da seende slik ut: subj.form avh.form entall 1. pers. jeg meg 2. pers. du deg flertall 3. person 1. pers. 2. pers. 3. pers. felleskj. intetkj. felleskj. intetkj. ikkepers. person det ikkepers. person det den den han hun han el. ham henne vi dere de oss dere dem refleksivt seg seg 9

Determinativ I ein del nyare grammatiske framstillingar blir determinativ rekna som ei eiga ordklasse, mens andre reknar dei som ei undergruppe av pronomena. Her er dei sette opp saman med pronomena, men med doble namn på dei tre undergruppene A-C som er omtala her. A. EIGEDOMSPRONOMEN (POSSESSIV) Dei personlege pronomena er den viktigaste gruppa av pronomen. Men det finst også andre pronomen som liknar meir og mindre på dei personlege. Den gruppa som liknar mest på dei personlege, er dei såkalla eigedomspronomena, som har spesielle former for 1., 2. og 3. person både i eintal og, akkurat som dei personlege. Dette finst berre i desse to ordgruppene. Det som skil eigedomspronomene frå dei personlege, er tyding og bruk. Når det gjeld tyding, ligg det i namnet at dei m.a. kan uttrykkje eit eigedomsforhold: Det som eg eig, kan kallast mitt, det som du eig, kan kallast ditt, det han eig, kan kallast hans osv. Dessutan blir dei ofte brukte saman med eit substantiv: t.d. mitt hus, ditt hus, hans hus osv., noko som aldri er tilfellet med personlege pronomen i 1. og 2. person, dei kan berre stå i staden for eit substantiv, ikkje saman med det. Vi kan altså ikkje seie eg hus, du hus, vi hus, de hus osv. (Derimot kan 3. personspronomena det og dei stå sammen med substantiv: det huset, dei bilane osv.; jf. nedanfor om peikande pronomen.) Nokre av eigedomspronomenena rettar seg dessutan i kjønn og tal etter det substantivet dei Pstår saman med; t.d. min bil (hankjønn), mi bok (hokjønn), mitt hus (intetkjønn), mine bilar () osv., men det gjeld ikkje alle: hans, hennar, deira bil, bok, hus. Denne typen bøying kallar vi samsvarsbøying og blir omtala nærmare under adjektiv. Heile systemet blir då slik: ikkjerefleksive eintal 1. pers. min, mi, mitt, mine 2. pers. din, di, ditt, dine 3. person 1. pers. 2. pers. 3. pers. hankjønn hans hokjønn hennar el. [hennes] vår, vårt, våre dykkar deira el. [deires] inkjekjønn - refleksivt sin, si, sitt, sine sin, osv. Eigedomspronomenet kan anten setjast føre substantivet, som i døma ovanfor (min bil osv.) eller etter: bilen min osv. Men på nynorsk er det plassering etter substantivet som er det normale; eigedomspronomenet står berre føre substantivet når det skal ha spesiell vekt: Det er ikkje di bok, det er mi bok. B. PEIKANDE PRONOMEN (DEMONSTRATIV): DEN/DET/DEI OG DENNE/DETTE/DESSE Peikande pronomen bruker vi liksom eigedomspronomena oftast saman med substantiv, men tydinga er her ikkje å vise eigedomsforhold, men å peike ut eit bestemt individ; t.d. den mannen som står der borte, er den beste vennen min. 10

Skilnaden mellom den/det/dei og denne/dette/desse ligg prinsipielt i avstanden til det som blir peika ut: eg vil ikkje ha denne kaka (dvs. den nærmaste), men den kaka (dvs. den der borte). Dei peikande pronomena har desse formene: eintal hankj./hokj. inkjekjønn den det de denne dette desse Vi ser altså at formene det og dei, som vi før har kalla personlege pronomen, dukkar opp att her. Dessutan finn vi her også forma den, som også blir bruka som personleg pronomen på bokmål; jf. bilen, boka: den, mot nynorsk: bilen han, boka ho. Denne skilnaden heng saman med at skilnaden mellom grammatisk hankjønn og hokjønn ikkje spelar nokon rolle for val av pronomen på bokmål. C. UBESTEMTE PRONOMEN (KVANTORAR) Dei viktigaste medlemmene i denne gruppa er nokon og ingen, som blir bøygde slik: eintal hankjønn hokjønn inkjekjønn nokon el. [noen] noka el. [noen] noko el. [noe] nokre el. [noen] ingen inga inkje el. ikkje noko ingen Til denne gruppa kan vi også rekne ordet ein, som berre kan brukast om personar og berre i eintal, og berre som subjekt: ein kan seie det. Derimot er det ikkje rett å seie t.d. dette overraska ein; for her står pronomenet som objekt, og det går ikkje da må en i staden seie t.d. dette overraska folk ein blei overraska over dette. Merk at vi aldri bruker ordet man på nynorsk, berre ein. Om forholdet mellom personlege og peikande pronomen (demonstrativ) på engelsk og tysk Som vi har sett nå, bruker vi dels same ordet som personleg og som peikande pronomen (demonstrativ) på norsk: I hankjønn og hokjønn har vi både eit personleg pronomen og eit peikande pronomen, nemleg han og ho (personleg) og den (peikande), mens inkjekjønn og har berre fellesform (det og dei). Dette er annleis på tysk og engelsk; der har dei dobbelt sett i alle former. På tysk, som har tre grammatiske kjønn (i eintal), blir det då slik: TYSK personleg pronomen eintal hankjønn hokjønn inkjekjønn er sie es sie peikande pronomen eintal 11

hankjønn hokjønn inkjekjønn der (Hund) die (Kuh) das (Lamm) die (Hunde osv.) Merk at på tysk er det peikande pronomenet der/die/das identisk i skrift med den bestemte artikkelen. Der Hund, die Kuh osv. kan altså bety både hunden, kua osv. og den hunden, den kua osv. Skilnaden mellom bestemt artikkel og pronomen ligg då berre i trykket: Når der Hund betyr hunden, er der trykklett, når det betyr den hunden, er der trykktungt. På engelsk, som ikkje har grammatisk kjønn i det heile, men derimot skil mellom personar og ting i det personlege pronomenet i eintal, blir systemet slik (symbolet står for person av levande hankjønn, for person av levande hokjønn): ENGELSK personleg pronomen eintal ikkje-person he she it they peikande pronomen eintal that (dog, cow, lamb) those (dogs osv.) Og systemet i nynorsk blir slik: NYNORSK personleg pronomen eintal hankjønn hokjønn inkjekjønn han ho det dei peikande pronomen eintal hankjønn hokjønn inkjekjønn den (hunden) den (kua) det (lammet) dei (hundane osv.) 12

Verb GENERELT OM BØYING AV VERB Kjenneteiknet på eit verb er at det kan bøyast i tid eller med eit framandord tempus. Norske verb har to tempusformer: presens og preteritum. Når verbet står i den eine av desse formene, kan det fungere aleine som verbal i ei setning: jenta smiler (presens) jenta smilte (preteritum) Verbet har også to andre bøyingsformer som ikkje kan danne verbal aleine, nemleg infinitiv og supinum. Når vi bruker desse formene i ei setning, må vi også ha med eit hjelpeverb, som då må stå i presens eller preteritum: jenta kan (hjelpeverb i presens) smile (hovudverb i infinitiv) jenta kunne (hjelpeverb i preteritum) smile (hovudverb i infinitiv) jenta har (hjelpeverb i presens) smilt (hovudverb i supinum) jenta hadde (hjelpeverb i preteritum) smilt (hovudverb i supinum) Desse fire formene infinitiv, presens, preteritum og supinum kallar vi hovudformene av eit verb. Her er bøyingsmønsteret for dei to verba smile og kjøpe: smile smiler smilte smilt kjøpe kjøper kjøpte kjøpt Når vi bøyer verb, bruker vi å nemne desse fire formene. Hjelpeverb som blir brukte føre infinitiv, er dei såkalla modalverba, t.d. kunne, vilje, måtte, skulle. Hjelpeverb som blir brukte føre supinum, er først og fremst ha (jenta har kjøpt boka), men også få (jenta fekk kjøpt boka). Til dei fleste verb finst det også to andre former som kan fungere på same måte som adjektiv. Desse formene kallar vi partisipp. Akkurat som det finst to tempusformer, presens og preteritum, så finst det også to partisipp, presens partisipp og perfektum partisipp. Her er eit par døme som viser at adjektiv og presens partisipp kan fungere på samme måte: ei glad jente (adjektiv) ei smilande jente (presens partisipp) jenta kom glad inn (adjektiv) jenta kom smilande inn (presens partisipp) Perfektum partisipp liknar formelt på supinum, men fordi det er eit partisipp, liknar det meir på eit adjektiv i bruk: jenta har kjøpt boka (supinum) boka er kjøpt (perfektum partisipp) 13

boka er fin (adjektiv) Partisippet kan dessuten samsvarsbøyast i tal, akkurat som eit adjektiv: to fine bøker (adjektiv) to kjøpte bøker (perfektum partisipp) Når perfektum partisipp står som predikativ, dvs. etter dei usjølvstendige verba bli, vere og verte, blir partisippet ikke samsvarsbøygd på bokmål, mens nynorsk har samsvarsbøying her også, akkurat som ved vanlege adjektiv: bøkene blir/er kjøpt (ikkje samsvarsbøying på bokmål) bøkene blir/vert/er kjøpte (samsvarsbøying på nynorsk) bøkene blir/er fine (samsvarsbøying både på bokmål og nynorsk) Passiv I dei siste døma med perfektum partisipp som predikativ etter bli og vere seier vi gjerne at verbet står i passiv, i motsetnad til alle dei andre setningane der verbet står i aktiv. Dei normale formene av verbet kallar vi altså aktiv (t.d. eg skal kjøpe boka) mens passiv anten blir uttrykt med hjelpeverba bli eller vere + perfektum partisipp (t.d. boka skal bli/vere kjøpt) eller med ei særskild bøyingsform av verbet, som endar på st: boka skal kjøpast. I aktivsetningar er subjektet altså den som utfører verbalhandlinga (i dømet her: skal kjøpe boka; der eg er subjekt), mens subjektet i passivsetningar anten er den som verbalhandlinga går ut over (i døme over altså boka, som blir kjøpt), eller eit såkalla upersonleg subjekt: det blir jobba med problemet. S-forma kan også uttrykke andre ting enn passiv, t.d. gjensidigheit: Vi møttest = vi møtte kvarandre. Når s-forma ikkje uttrykkjer passiv, kan ho prinsipielt brukast i alle hovudformene: (vi skal) møtast (vi) møtest (vi) møttest (vi har) møtst Når s-forma uttrykkjer passiv, blir ho derimot normalt berre brukt i infinitiv etter hjelpeverb som kunne, skulle og ville, og på bokmål også i presens, mens både preteritum og supinumformene ikkje blir brukte i st-form; her vel ein i staden konstruksjonen med hjelpeverbet bli/verte eller vere: Nynorsk: (boka skal) kjøpast - - - (boka skal) bli/verte kjøpt (boka) blir/vert kjøpt (boka) blei/vart kjøpt (boka har/er blitt/vorten) kjøpt Bokmål: (boka skal) kjøpes (boka) kjøpes - - (boka skal) bli kjøpt (boka) blir kjøpt (boka) ble kjøpt (boka har/er blitt) kjøpt 14

BØYINGSFORMER AV VERB PÅ NYNORSK Endingar for alle verb i infinitiv og presens partisipp Alle verb som ikkje er einstava i infinitiv (såkalla kortverb, som døy, gå, tru osv.) endar i nynorsk anten på e eller a; t.d. kjøpe, kaste, rive, smile eller kjøpa, kasta, riva, smila. Nedanfor er det brukt infinitiv på e, men -e og a er valfritt. Presens partisipp endar derimot alltid på ande: døyande, gåande, truande, kjøpande, kastande, rivande, smilande. Dessutan har infinitiv ofte ein j føre infinitivsvokalen som manglar på bokmål; t.d. byggje, tenkje, krevje, sitje osv. = bokmål bygge, tenke, kreve, sitte. Dersom presens har ending, følgjer denne j-en med også der: byggjer, tenkjer, men derimot ikkje dersom presens er einstava: krev, sit. Dei fleste av desse j-verba har tillatne sideformer utan j, t.d. [bygge], [tenke], [sitte], som dermed stemmer med bokmål. BØYINGSKLASSER Vi deler først verba inn to to hovudklasser sterke verb og svake verb. Kjennemerket for alle sterke verb er at preteritumsforma er einstava. (Unntak frå dette er verb med førestaving (prefiks) som bedra (pret. bedrog) eller samansette verb som inndra (inndrog), jf. dra el. drage, pret. drog, med ei staving). I svake verb er derimot preteritumsforma alltid fleirstava. Verbet rive er derfor sterkt fordi det heiter reiv (ei staving) i preteritum, mens smile er svakt, fordi det heiter smilte (to stavingar) i preteritum. Dei fleste sterke verb har dessutan vokalveksling; jf. rive reiv, men dette gjeld ikkje alle; jf. sove, pret. sov. Dei fleste svake verb har derimot same vokal i alle former; jf. smile smilte, men somme svake verb har også vokalveksling, t.d. spørje pret. spurde. Vi kan dermed seie at det er typisk for sterke verb at rotvokalen vekslar (jf. rive reiv), mens det er typisk for svake verb at rotvokalen ikkje vekslar (jf. smile smilte). Det er likevel talet på stavingar i preteritum som avgjer om eit verb skal reknast som sterkt eller svakt. Verbet sove er derfor sterkt trass i at vokalen ikkje vekslar, og spørje er svakt endå han gjer det. Ein kan ikkje sjå på infinitivsforma av eit verb om det skal bøyast svakt eller sterkt det må ein berre vite eller lære seg, dersom ein ikkje kan det frå før! Det hadde jo i og for seg ikkje vore noko i vegen for at verbet smile heitte smeil i preteritum, men ei slik form førekjem knapt nokon gong. Derimot kan ein nok i alle fall høre ungar bruke rivde som preteritumsform av rive, jamvel om denne forma er feil både i skriftmålet og i talemålet til dei fleste vaksne. Når ei form som rivde kan dukke opp hos ungar, kjem det av at den svake bøyinga på ein måte er enklare eller meir regelmessig enn den sterke, og under språkinnlæringa er det ofte slik at regelrette former kan trengje ut meir innvikla bøyingsformer. Og av og til går den nye forma over i vaksenspråket: I gammalnorsk heitte verba slå og flå slo og flo i preteritum. I dag seier og skriv vi framleis slo, men flo er blitt flådde. I dag er altså slå eit sterkt og flå eit svakt verb, mens begge verba var sterke i gammalnorsk. I visse tilfelle kan same verbet bøyast både sterkt og svakt. Det gjeld t.d. heite, som i preteritum anten kan vere sterkt (het) eller svakt (heitte). Nokre verb er sterke på nynorsk (t.d. lese, pret. las) og svake på bokmål (lese, pret. leste), andre gonger er det omvendt (t.d. treffe, pret. nynorsk trefte, bokmål traff). 15

SVAKE VERB Svake verb kan delast inn i to hovudgrupper: a-verb og t/d-verb. Desse namna viser til formene i preteritum og supinum: I a-verba endar begge desse formene på a (eg kasta eg har kasta), i t/d-verba inneheld endinga oftast ein t eller d, og formene i preteritum og supinum er aldri like (eg tenkte, bygde eg har tenkt, bygd/bygt). Alle a-verb blir bøygde heilt likt. Innafor t/d-klassa er det derimot fleire undergrupper og uregelmessige verb. a-verb Kjenneteiknet for desse verba er at preteritum og supinum alltid har same form, og endar på a. kaste kastar 1) kasta 1) 2) kasta1) 2) 1) kastar, kasta: Merk at nynorsk har a i mange endingar der bokmål har e. På bokmål står a som endingsvokal alltid heilt til slutt ordet, t.d. bygda (el. bygden), kasta (el. kastet). I nynorsk kjem det derimot ofte konsonantar etter a-en (t.d. fiskar, hestar, hestane, kastar, finare, finast). 2) kasta: Merk altså at nynorsk aldri har verb-former som endar på et (som bokmål husket, ventet, funnet, sunget = nynorsk hugsa, venta (a-verb) funne, sunge (sterke verb)); den einaste et-endinga som finst på nynorsk, er bestemt form eintal av inkjekjønnsord (huset, ordet osv.), der t-en aldri blir uttala. A-verba er den absolutt største av alle verbklasser når det gjeld talet på verb som hører heime der. Det er dessutan den einaste såkalla produktive klassa, dvs. den klassa der alle nye verb automatisk hamnar; jf. nye importord som surfe, rafte, gaide osv., pret. surfa, rafta, gaida osv. Unntaket er importverb som endar på ere, dei går inn i den andre hovudgruppa av svake verb, t/d-klassa (sjå nedanfor); t.d. inspisere, kontrollere, regjere osv., pret. inspiserte, kontrollerte, regjerte osv. Derimot får ingen nye verb sterk bøying alle sterke verb er gamle i språket. Alle a-verb blir bøygde nøyaktig likt her finst ingen uregelrette verb og ingen undergrupper. Dette er sikkert også grunnen til at a-verba er produktive inga anna gruppe har så enkel og regelrett bøying. A-klassa på nynorsk svarar i prinsippet til a-/et-klassa på bokmål. Det betyr at dersom eit verb har preteritumsform på a på nynorsk, vil det tilsvarande verbet som regel ha a eller et på bokmål. Når det heiter kasta i preteritum på nynorsk, så kan ein dermed gå ut frå at det heiter kasta eller kastet i preteritum på bokmål, og omvendt: Når det heiter kasta eller kastet i preteritum på bokmål, så kan ein dermed gå ut frå at det heiter kasta i preteritum på nynorsk. Men i visse tilfelle stemmer dette ikkje. På nynorsk kan verba svare og tale heite svara eller svarte og tala eller talte i preteritum, mens bokmål berre har formene svarte og talte. I andre tilfelle er det omvendt: På nynorsk heiter det alltid t.d. levde og trykte (pret. av leve og trykkje), på bokmål kan det derimot heite både levde og levet, trykte og trykket. Dette betyr også at ein ikkje kan gisse seg til om eit svakt verb skal bøyast som a-verb eller t/d-verb det må ein også i prinsippet vite eller sjå etter i ordboka om ein ikkje kan det frå før! 16

t/d-verb Kjenneteiknet for desse verba er at preteritum og supinum aldri har same form, og at supinum er einstava, mens preteritum er tostava (som i alle svake verb). Dessutan er det som regel ein t eller d i endinga derav namnet t/d-verb. I t/d-klassa er det fleire undergrupper. Dei fleste t/d-verba hører til den undergruppa der presens endar på er. Den kan derfor kallast er-gruppa. -er-verb Kjenneteiknet er altså at presens endar på er, mens preteritum endar på -te eller -de, og supinum på t eller -d. reise reiser reiste reist leve lever levde levd el. levt greie greier greidde greidd el. greitt kjenne kjenner kjende el. [kjente] kjent byggje byggjer bygde bygd el. bygt Verb som reise, med te i preteritum, har lik bøying på nynorsk og bokmål. Det same gjeld verb som leve, med de i preteritum, der supinum har valfri ending d el. t. Er-verb som har diftong i rota t.d. greie og leie, får dde i preteritum og dd el. tt i supinum: pret. leidde, sup. leidd el. leitt. På bokmål får slike verb de og d (greide, greid osv.) Men gruppa med de i preteritum er ein god del større på nynorsk enn på bokmål; jf. nynorsk kjende mot bokmål kjente. Men i dei fleste tilfelle har nynorsk også sideformer i preteritum som stemmer med bokmål: [kjente]. Som kjenne går dei fleste er-verb der stammen endar på nn, -nd og mm; t.d. brenne, sende, tømme; preteritum brende, sende, tømde, med sideformer på [-te]: [brente], [sendte], [tømte]. I nokre nynorske er-verb er dessutan endingane te og de jamstilte i preteritum; t.d. føre, pret. førte el. førde, med ulik vokal: høyre el. høre, pret. høyrde el. hørte, køyre el. kjøre, pret. køyrde el. kjørte. Kortverb Dette er verb som er einstava i infinitiv, dvs. at dei endar på rotvokalen; t.d. bli, få, smi, spa. Kortverb kan bøyast både sterkt og svakt, slik desse døma viser, der dei to første er sterke (pret. blei og fekk), mens dei to siste er svake (smidde og spadde). Det går altså ikkje an å sjå på infinitiven av eit kortverb om det er sterkt eller svakt. Presensforma av kortverb både sterke og svake er også lik og endar på -e: blir, får, smir, spar. Dersom eit kortverb blir bøygd svakt, hamnar det automatisk i t/d-gruppa, og det får då denne bøyinga: 17

nå når nådde nådd el. nått døy døyr døydde døydd el. døytt j-verb Dette er ei undergruppe av t/d-verba på nynorsk som er kjenneteikna ved at presens er einstava og infinitiv inneheld alltid ein j; t.d. krevje krev; spørje spør. Som regel har j-verba vokalskifte i preteritum og supinum det gjeld t.d. krevje og spørje men somme har same vokalen i alle formene, t.d. selje og setje. krevje krev kravde kravd el. kravt spørje spør spurde el. [spurte] spurt skilje skil skilde skilt selje sel selde el. [selte] selt setje set sette sett Som vi ser, er j-en berre med i infinitiv; i alle dei andre formene (bortsett frå presens partisipp, som endar på jande: krevjande, spørjande osv.). J-verba er ei bøyingsklasse som ikkje finst på bokmål. For det første har ikkje desse verba j i noen former på bokmål (jf. kreve, spørre, selge, sette), og for det andre er bøyinga som regel også annleis på bokmål (unntaket er verbet spørre, som har einstava presens spør i begge målformer elles har bokmål er i desse verba som i dei fleste andre verb: krever, selger, setter). Det er verdt å merke seg at ikkje alle verb med j i infinitiv hører til denne gruppa. Slike verb kan også vere sterke, som sitje og liggje, pret. sat og låg, eller a-verb, som herje (pres. herjar; pret. herja), eller er-verb som byggje, søkje, tenkje (pres. byggjer, søkjer, tenkjer; pret. bygde, søkte, tenkte). Vi kan dermed altså seie det slik at ikkje alle verb med j i infinitiv hører til bøyingsklassa j-verb, men alle j-verb har j i infinitiv! Uregelrette svake verb Både på nynorsk og bokmål finst det ein god del verb både svake og sterke som ikkje passar inn i dei større gruppene. Desse verba er ikkje mange i talet, men dessverre! er mange av dei desto vanlegare, slik at ein stadig vekk risikerer å støyte på dei i tekstar. Dei uregelrette verba er som regel dei same både på nynorsk og bokmål, men formene kan vere noko ulike. Her er nokre døme på uregelrette svake verb på nynorsk: pløye pløyer pløgde pløgd el. pløgt gjere el. [gjøre] gjer el. [gjør] gjorde gjort vete el. vite veit visste visst eige eig åtte ått kunne kan kunne kunna måtte må måtte måtta el. mått skulle skal skulle skulla 18

vilje vil ville vilja Dei fire siste av desse verba kunne, måtte, skulle og vilje er såkalla modale hjelpeverb, dvs. at dei oftast blir brukte saman med infinitiv; t.d. eg kan, må, skal vil lese osv. STERKE VERB Kjenneteiknet for sterke verb er som nemnt at preteritum er einstava; t.d. beit, braut, fann, grov, kom, sov, infinitiv bite, bryte, finne, grave komme, sove. Dei fleste sterke verb har dessutan vokalveksling i preteritum, ofte også i supinum, av og til også i presens. Men det finst også somme sterke verb som har same vokal i preteritum og infinitiv, som dei to siste ovanfor. Dei sterke verba kan delast vidare inn i ulike undergrupper. Grunnlaget for denne inndelinga er vokalen i preteritum. I to av undergruppene er det diftong i preteritum: (beit, braut). Alle andre sterke verb har berre ein einskildvokal (monoftong) i preteritum, og her finst det til gjengjeld mange å velje i, men som oftast er det same vokal på nynorsk og bokmål. Presens av sterke verb Dei fleste sterke verb har same vokal som i infinitiv og inga ending i presens; t.d. bit, flyg, finn. Men dersom vokalen i infinitiv er a, o eller u, får presens oftast vokalen e, ø eller y; t.d. grave grev, komme kjem, sove søv, suge syg. Sterke verb som endar på rotvokalen (såkalla kortverb), får r i presens, akkurat som svake verb av denne typen; t.d. bli blir, gå går, by byr (eller med langform i infinitiv: byde byd). Ending i supinum av sterke verb Dei fleste sterke verb endar på -e eller i i supinum; t.d. bite, floge, funne, grave, komme, sove, soge eller biti, flogi, funni, gravi, kommi, sovi, sogi. Men sterke kortverb har supinumformer som liknar på supinum av svake kortverb; t.d. blitt, gått, bydd (el. med langform : bode, jf. inf. byde). Preteritum med diftong ei-verb Kjenneteiknet på desse verba er i i infinitiv, ei i preteritum og i i supinum. bite bit beit bite el. biti drive driv dreiv drive el. drivi skrike skrik skreik skrike el. skriki slite slit sleit slite el. sliti au-verb Kjenneteiknet på desse verba er y i infinitiv, au i preteritum og o i supinum. bryte bryt braut brote el. broti 19

flyte flyt flaut flote el. floti fryse frys fraus frose el. frosi krype kryp kraup krope el. kropi Preteritum med enkeltvokal Desse verba utgjer inga einskapleg gruppe, ettersom det er mange ulike vokalar både i preteritum og i andre former, men det som er felles for dei alle, er at ingen av formene har diftong, i motsetnad til ei- og au-verba. Her er nokre døme på slike verb det finst fleire andre vokalskifte som ikkje er viste her. springe spring sprang sprunge el. sprungi finne finn fann funne el. funni dette dett datt dotte el. dotti trenge treng trong trunge el. trungi syngje syng song sunge el. sungi ete et åt ete el. eti komme kjem kom komme el. kommi falle fell fall falle el. falli Uregelrette sterke verb Alle dei sterke verba vi har sett på til no, er regelrette på den måten at alle er einstava både i presens og preteritum, og at supinum endar på e el. i, slik det skal vere i sterke verb. Det som derimot vekslar, er vokalane, men det er normalt i sterke verb og unormalt i svake. Men det finst også ein del sterke verb der konsonantar kjem til eller fell bort under bøyinga, og slike verb kan dermed kallast uregelrette sterke verb. Her er nokre døme på slike verb dei uregelrette formene er kursiverte: binde bind batt bunde el. bundi gå går gjekk gått stå står stod stått sjå ser såg sett leggje legg la lagt seie seier sa sagt 20

BØYING AV STERKE VERB PÅ BOKMÅL Kjennetegnet for sterke verb er som nevnt at preteritum er enstava; f.eks. beit el. bet, brøyt el. brøt, fant, grov, kom, sov, infinitiv bite, bryte, finne, grave, komme, sove. De fleste sterke verb har dessuten vokalveksling i preteritum og ofte også i supinum. Men det finst også noen sterke verb som har samme vokal i alle former, som de to siste ovenfor. De sterke verba kan inndeles videre i forskjellige undergrupper. Grunnlaget for denne inndelinga er vokalen i preteritum. I to av undergruppene kan det være diftong i preteritum: (beit/bet, brøyt/brøt). Alle andre sterke verb har bare en enkeltvokal (monoftong) i preteritum, og her er det til gjengjeld mange å velge i, men som oftest er det samme vokal på nynorsk og bokmål. Presens av sterke verb På bokmål har alle regelmessige verb både sterke og svake de samme endelsene dvs. er dersom verbet har e i infinitiv (kaste, møte, bite kaster, møter, biter), og r dersom verbet ender på rotvokalen i infinitiv (nå, bli når, blir). Merknad: Dette stemmer dersom vi tar utgangspunkt i presensformen slik den viser seg i skrift. Det stemmer derimot ikke så bra dersom vi går ut fra uttalen. Det viser seg da nemlig at de fleste svake verb har såkalte tonem 2, også kalt tostavingstonelag, mens nesten alle sterke verb har tonem 1, også kalt enstavingstonelag. Dette merker vi dersom vi sammenligner uttalen av presensformer som møter og biter med flertallsformer som bøker (flertall av bok) og biter (flertall av bit). Når vi hører etter, merker vi at tonemet i møter (pres.) og biter (flert.) er likt tonem 2 mens biter (pres.) og bøker (flt.) har tonem 1. De to presensformene har altså forskjellig tonem, og det samme gjelder de to flertallsformene. Denne forskjellen har ei språkhistorisk forklaring: De orda som har tonem 1 i dag, var enstava i gammalnorsk (norrønt), mens de orda som har tonem var tostava, slik som vist i dette skjemaet: gammalnorsk nynorsk bokmål mtir (presens) møter møter bítr (presens) bit biter bkr (flertall) bøker bøker bitar (flertall) bitar biter I gammalnorsk hadde altså de formene som i dag ender på er med tonem 1 bare én stavelse endelsen bestod bare av konsonanten r, og en konsonant kan ikke danne noen stavelse aleine. I nynorsk har presensformen av sterke verb mista r-en slik at presensformen fremdeles er enstava. Endelse i supinum av sterke verb På bokmål har sterke verb ofte enstava form på tt: blitt, gått, tatt; bitt, brutt osv. Dette forekommer først og fremst i kortverb (jf. bli, gå, ta) og ved andre verb der stammer ender på -t eller -d (jf. bite, bryte, by(de)). Dersom stammen ender på andre konsonanter, ender supinum vanligvis på et, jf. drevet, funnet osv., infinitiv drive, finne osv. 21

Preteritum med diftong eller monoftong ei/e-verb Kjennetegnet på disse verba er i i infinitiv, e/e i preteritum og i eller e i supinum. bite biter beit el. bet bitt drive driver dreiv el. drev drevet skrike skriker skreik el. skrek skreket slite sliter sleit el. slet slitt Når vi sammenligner med nynorsk, ser vi at supinumformen i denne gruppa er langt mer variabel enn på nynorsk, både når det gjelder endelse (-tt og et) og rotvokal (i og e), mens nynorsk har både samme endelse i alle verba (-e eller i) og samme rotvokal (e; bite eller biti osv.). øy/ø-verb Kjennetegnet på desse verba er y i infinitiv, au i preteritum og o i supinum. bryte bryter brøyt el. brøt brutt flyte flyter fløyt el. fløt flytt fryse fryser frøys el. frøs frosset krype kryper krøyp el. krøp krøpet Også her ser vi at både endelsen i supinum på bokmål (-tt og et), men enda mer rotvokalen varierer mye mer enn på nynorsk (u, y, o og ø); nynorsk har derimot også her samme form ved alle verba (brote eller broti osv.). Preteritum med enkeltvokal Disse verba utgjør ingen enhetlig gruppe, ettersom det er mange forskjellige vokaler både i preteritum og i andre former, men det som er felles for dem alle, er at ingen av formene kan ha diftong, i motsetning til ei/e- og øy/ø-verba. Her er noen eksempler på slike verb det fins flere andre vokalvekslinger som ikke er vist her. springe springer sprang sprunget finne finner fant 1) funnet dette detter datt dettet synge synger sang sunget ete eter åt ett komme kommer kom kommet falle faller falt 1) falt 22

Også her ser vi mer uregelmessighet i supinumformene på bokmål enn på nynorsk, både når det gjelder endelser (-et, -tt og t) og vokalvekslinger. 1) fant, falt: Disse formene er spesielle på den måten at vi her får en konsonantendelse i preteritum (fan+t, fal+t). Slike former forekommer også en sjelden gang på nynorsk; f.eks. halde pret. heldt. Disse preteritumsformene er likevel sterke, fordi de har bare én stavelse; jf. et svakt verb som kjenne kjente, der preteritum er tostava. Disse sterke preteritumsformene på t forekommer regelmessig på bokmål i alle sterke verb der stammen ender på ll/ld og nn/nd; jf. smelle, holde, vinne, binde; pret. smalt, holdt, vant, bandt. Disse verba er dermed ikke uregelmessige på bokmål, ettersom de går inn i et fast mønster. Uregelrette sterke verb Alle de sterke verba vi har sett på til nå, er regelrette på den måten at alle er enstava i preteritum, som jo er hovedkjennetegnet for sterke verb. Det som derimot veksler, er vokalene, men det er normalt i sterke verb og unormalt i svake. Men det fins også en del sterke verb der konsonanter kommer til eller faller bort under bøyinga, og slike verb kan dermed kalles uregelrette sterke verb. (Preteritumsformer som fant og falt er derimot regelrette på bokmål; jf. merknad ovenfor.) Her er noen eksempler på uregelrette sterke verb de uregelrette formene er kursivert: gå går gikk gått stå står stod stått legge legger la lagt si sier sa sagt 23

Adjektiv bøyingsformer nynorsk GRADBØYING -- KOMPARASJON Kjenneteiknet for dei fleste adjektiv er at dei kan gradbøyast eller med eit framandord: komparerast. Eit adjektiv har tre gradbøyingsformer: Grunnform eller positiv, samanlikningsform eller komparativ og den høgaste graden eller superlativ. Dette kan illustrerast med to typiske adjektiv som kort og lang: positiv komparativ superlativ HOVUDMØNSTER kort kortare kortast unntaksmønster lang lengre lengst Som vi ser, er det to hovudmåtar å komparere adjektiv på: HOVUDMØNSTERET: Ved å leggje til endingane are og ast og halde på den same rotvokalen i alle former, eller unntaksmønsteret: Ved å leggje til endingane re og st og endre rotvokalen. Dei fleste adjektiv følgjer hovudmønsteret (som kort), men ein god del av dei vanligste adjektiva følgjer det unntaksmønsteret (t.d. stor, større, størst; ung, yngre, yngst). Nokre få adjektiv har heilt uregelrette former, dvs. at dei dannar komparativ og superlativ av ein heilt annan stamme. Det dreiar seg om desse orda: positiv komparativ superlativ liten mindre minst god betre best vond verre verst gammal eldre eldst mykje meir mest Som vi ser, er det ikkje mange ord knapt fleire enn desse fem. Til gjengjeld er dei altså veldig vanlege. Det finst også adjektiv som ikkje kan gradbøyast med ending, men der ein i staden bruker komparativ og superlativ av ordet mykje i gradbøyinga. Det gjeld m.a. alle adjektiv som er danna av verb, som kjent eller interessert, men også ein del andre; t.d. framand eller distré: positiv komparativ superlativ kjend meir kjend mest kjend interessert meir interessert mest interessert framand meir framand mest framand distré meir distré mest distré SAMSVARSBØYING KONGRUENS Den andre typen bøying vi finn ved adjektiv, er det vi kallar samsvarsbøying eller med eit framandord: kongruens. Slik bøying finn vi også i mange pronomen, m.a. eigedomspronomena: min 24

bil, mi bok, mitt hus, mine bøker osv. Her er det altså kjønn og tal ved substantivet som bestemmer forma på pronomenet som står saman med substantivet. Slik er det også ved adjektiv, men her er forma i hankjønn og hokjønn lik ved dei fleste orda: hankjønn/hokjønn inkjekjønn stor bil, bok stort hus store bilar, bøker, hus fin bil, bok fint hus fine bilar, bøker, hus Dei fleste adjektiv har altså inga ending i hankjønn/hokjønn, -t i inkjekjønn og e i. Men dersom substantivet har bestemt form, får adjektivet alltid e: den fine bilen/boka, det fine huset, de fine bilane osv. Nokre adjektiv får berre e-ending, altså ikkje t i intetkjønn. Det gjeld m.a. dei som endar på ig og leg og dei fleste som endar på sk: eintal ein farleg veg, eit farleg kryss ein historisk roman, eit historisk møte ein norsk bil, eit norsk flagg farlege vegar, kryss historiske romanar, møte norske bilar, flagg Nokre adjektiv blir ikkje samsvarsbøygde i det heile: ei bra, framifrå, nymotens bok, eit bra, framifrå, nymotens stykke, bra, framifrå, nymotens bøker, stykke. Adjektivet liten har ei helt spesiell samsvarsbøying, der vi får fleire ulike former enn ved noko anna adjektiv: hankjønn hokjønn inkjekjønn ein liten bil ei lita bok eit lite hus små bilar, bøker, hus bestemt form eintal best. form den lisle/litle/vesle bilen, boka, det lisle/litle/vesle huset dei små bilane osv. Adjektivet eigen har ei bøying som liknar på bøyinga av liten, men med færre uregelrette former: hankjønn hokjønn inkjekjønn ein eigen bil ei eiga bok eit eige hus eigne bilar, bøker, hus bestemt form eintal best. form den eigne bilen, boka, det eigne huset dei eigne bilane osv. Andre adjektiv som endar på en, har lik form i hankjønn og hokjønn, men går elles som eigen: hankjønn/hokjønn inkjekjønn ein open bil, ei open bok eit ope el. opi hus opne bilar, bøker, hus bestemt form (eintal og ) den opne bilen, boka, det opne huset; dei opne bilane osv. 25