ÅRSMELDING 2005 1. Innleiing Folkemusikkarkivet i Telemark har fast drift ved to avdelingar, i Rauland og i Bø, med arkivar tilsett i halv stilling kvar stad. Telemark kulturnettverk (tidl. Telemark musikkråd) har driftsansvar for arkivet, medan Telemark fylkeskommune er arbeidsgjevar for arkivarane. Det har tidlegare vore signalisert frå fylket at arbeidsgjevaransvaret kan kome til å bli overført til andre, men det har ikkje kome nye signal om dette i løpet av 2005. Dei tilsette har vore: Herdis Lien, 50% ved avd. Rauland, har hatt permisjon dette året. Kari Lønnestad, 50% ved avd. Bø, i tillegg 50% vikariat ved avd. Rauland frå 01.01. til 01.10. og 35% frå 01.10. Frå denne datoen har Kjell Bitustøyl, som deler kontor med arkivet i Rauland, vore engasjert til å yte service til arkivbrukarar der i kontortida si, slik at arkivet har vore tilgjengeleg også utanom den tida arkivaren sjølv har vore til stades. Finansieringa av arkivet er delt mellom fleire partar. Fylkeskommunen løyver midlar til stillingane, og driftskostnadene elles skal vere eit spleiselag mellom kommunar og andre brukarar. I 2005 har tretten kommunar 1 og Høgskulen i Telemark bidratt til dette spleiselaget. Sikringssituasjonen for lydopptaka er framleis ikkje endeleg avklart. Det har vore arbeidd i perioden med planar om og finansiering av digitalisering og lagring av materialet på harddisk, og dette vonar ein skal falle på plass i 2006, slik at det praktiske arbeidet kan starte opp. 2. Innsamling Arkivet driv innsamling ved eigne opptak i felt og innlån og kopiering av materiale. På denne måten har det i 2005 kome inn ca 27 timar lydopptak og 4 timar videoopptak. I tillegg kjem 6 stk fonogram og ei samling på 7 cd-plater med folkemusikkinnslag frå NRK Telemark, frå deira serie «I tradisjon etter». Totalt sett har det innsamla materialet god geografisk spreiing, og m.a. er både Skien og Porsgrunn representerte. I blant får arkivet større samlingar av gamle lydband og anna materiale. I 2005 har det m.a. vore arbeidd med å få oversikt over materialet i ei samling opptak som har tilhøyrt Lars Jysereid, og som arkivet har fått tidlegare. 1 Dei deltakande kommunane er: Bø, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Notodden, Porsgrunn, Sauherad, Seljord, Skien, Tinn, Tokke og Vinje. 1
Arkivet arbeider også med å bygge opp ei samling av skriftleg materiale. Avisklipp, artiklar m.m. blir samla kontinuerleg, og ein har kjøpt inn bøker i den grad økonomien har tillete det. (Avd. Rauland har ikkje prioritert dette då ein der har tilgang til høgskulens bibliotek.) Feltarbeid Bjørg Haugen Bakkane og Kristian Hanto, Sauherad, dans (video) Evelyn Tveitan, Skien, song/intervju (lyd) Ingebjørg H. Bratland og Anders Blystad, Vinje, musikk (lyd) Kittil Brekke, Bø, song/intervju (lyd) Brynjulf Apalen, Tinn Austbygd, song/intervju (lyd) Trispann, konsert (lyd) Birthe Slåtta Riis og Ånon Egeland, konsert (lyd) Kvedargruppe, Vinje (video) Paul Vibeto, Ulefoss, intervju (video) Øving i Vårlengt, Porsgrunn (video) Cato Johnsen, Ulefoss, lagar seljefløyte (video) Frå støylsstemne i Vinje (video) Telemarkfestivalen, Bø, opningskonsert (lyd) Karlsprudnad, konsert TF (video) Elias og Veronica Akselsen, konsert TF (lyd) Gåte og Knut Buen, konsert TF (lyd) Torgeir Straand, Bø, musikk (lyd) Leif Neset, Skien, musikk/intervju (lyd) Ingvill Marit Buen Garnås, konsert (lyd) Aslaug Wilhelmsen, Bø, song/intervju (video) Fått/lånt/kopiert Birgit Landsverk, Vinje, song, frå utøvaren Aslak Brekke, Vinje, song, frå Norsk Folkemusikksamling Fam. Buen, Jondalen, song og spel, frå Bjarne Bratås, har tilhøyrt Jon Lillebuen Tone Magnushommen m.fl., Kviteseid, song, frå Torgrim Hovda. Brita Bratland, Sigrid Bratland og Eivind Norheim, Vinje, song, eldre NRK-opptak Olga Homme, Rauland, song, frå Per Spilling/Olga Homme Div song og spel frå Sauherad, frå Anne Gunn Sættem/Jorid Vale Jon Bondal, Tuddal, song, frå Ellen Marie Tangen «I tradisjon etter», serie med programinnslag med folkemusikk frå NRK Telemark Fonogram Anund Roheim: Jon Vestafe/Vårlengt, 78-plate, frå Tore Hvål Gunleik Smedal: Gibøens minne/guro Heddelid, 78-plate, frå Tore Hvål Talleiv Røysland: Hølje Plassen/Pål sine høner, 78-plate, frå Tore Hvål Hanning Kanning, demo-cd, frå utøvarane Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen: Gåtesong. Frå Etnisk Musikklubb Absolutt Hilme 2004, dvd. Frå Valdres folkemusikkarkiv Bøker, periodika Kvedarposten, medlemsblad for Norsk kvedarforum Kvinten, utgitt av Norsk folkemusikk- og danselag Munnharpa, medlemsblad for Norsk munnharpeforum Ressem, Astrid Nora m. fl. (red.): Balladar og blue Hawaii. Festskrift til Velle Espeland, Oslo 2005 Spelemannsbladet, utgitt av Landslaget for spelemenn Telemark Historie - Fra svartebok til fastlege. Årsskrift for Telemark historielag 2003 Thedens, Hans-Hinrich (red.): Revitalisering av tradisjoner. Norsk Folkemusikklags skrift nr. 18, Oslo 2005 Vinje Spilemannslag Spelemannslaget Falkeriset 1953-2003. Jubileumsskrift 2004 Årbok for norsk folkemusikk 2005 2
Anna materiale Avisklipp, artiklar m.m. om folkemusikk Diverse skriftleg materiale frå Bjarne Bratås Tre permar med diverse klipp om folkemusikk, samla og gitt av Bjarne Bratås 10 songar om Bø, frå Bø samtalelag Ei historie om Margit Hjukse, frå Andreas Røstad Visetekst, frå Ivar Skifjeld 3. Arkivering Arkivet nyttar databasen FIOL for registrering av opptak. Dette blir nytta av dei fleste folkemusikk-arkiva i landet. Vi har lisensavtale med Folkmusikens Hus i Rättvik, Sverige, som har ansvar for oppgradering og vidareutvikling av FIOL. Registrering av materialet foregår ved avdelinga i Bø. Ved utgangen av 2005 var det registrert 14.338 avsnitt (postar) i databasen, ei auke på 760 det siste året. Arkivet har også ein enkel database for skriftleg materiale. Avisartiklar utgjer hovudtyngda her. I skriftdatabasen var det ved årsskiftet registrert 4350 postar, ei auke på 556 postar siste år. 4. Formidling Begge avdelingane tek imot henvendelsar frå publikum som resulterer i service av forskjellig slag - rettleiing og informasjon pr. telefon eller e-post, besøk i arkivet, utkopiering av lyd eller skriftleg materiale m.m. Statistikken for 2005 viser følgjande tal på tenester og besøk: Rauland Bø Sum Forespørsler 35 80 115 Besøk 42 67 109 Utkopiering lyd, stk. MC/CD 14 24 38 Utkopiering skrift, stk. A4 6 9 15 Forutan å yte tenester til enkeltpersonar som vender seg til arkivet, driv arkivarane også formidlingsverksemd gjennom ulike presentasjonar, utgjevingar, kurs o.l. Dette året har det vore arbeidd med ei plateutgjeving med kvedaren Olav Haugen, som ikkje er ferdigstilt. Arkivet har også hatt følgjande formidlingsoppgåver: Presentasjon og overrekking av cd-samling Evju bygdetun, og kontakt med presse/kringkasting i samband med dette prosjektet (som elles vart gjennomført i 2004) 3
Opptak med Torgeir Straand, som del av cd-utgjeving med spel på historiske instrument Orientering for 4. klasse Folkestad skule, Bø Orientering for kvedarkurset ved Bø musikkskule Deltaking på møte i Bø samtalelag om bygdesong for Bø «Ope arkiv» med tema: Folkemusikk knytt til jul og førjulstid 5. Fagleg oppdatering, representasjon m.m. Arkivarane deltar kvart år på ymse kurs, seminar og møteverksemd på vegne av arkivet. Dei blir også i blant nytta som fagpersonar i ulike samanhengar. Dette året har Kari vore domar på Vinterkappleiken i Rauland deltatt på årleg seminar for folkemusikkarkiv site i styringsgruppa for folkemusikkprosjektet ved Bø Museum deltatt på representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans deltatt på konferanse for norske lydarkiv hatt orientering om arkivet for hovudutval for kultur og identitet, Telemark fylkeskommune 6. Rekrutteringsarbeid Avd. Bø har hatt ansvar for rekrutteringsarbeid i samarbeid med Telemark Folkemusikklag. Dette arbeidet blir gjort for særskilde rekrutteringsmidlar frå Telemark fylkeskommune, og skjer altså utanfor den faste stillinga til arkivaren. Sommarkurset UngFolk er det tiltaket det har vore arbeidd mest med, og arbeidet har gjennom året tilsvart omlag 8% stilling. 4
HANDLINGSPLAN Generelt Avklare framtidig organisering og eigarstruktur Vera pådrivar for å få med dei resterande kommunane Innsamling Auke mengda av innsamla materiale frå nedre del av fylket Drive variert samtidsdokumentasjon Auke mengda av videodokumentasjon Arkivering Drive kontinuerleg registrering av innkome materiale Kome i gang med digitalisering av lydopptaka Formidling Utføre tenester for brukarar Ferdigstille cd-utgjeving med Olav Haugen Etablere opplæring/samspelgruppe i langeleikspel Halde nettstaden og katalogen oppdatert og tilgjengeleg for publikum 5
Regnskap 2005 Folkemusikkarkivet i Telemark Driftsregnskap Reknskap 2005 Budsjett 2005 Regnskap 2004 Budsjett 2004 Inntekter: Div. salgsinnt. 1 30 000 Off. tilskot 2 179 694 165 000 213 825 165 000 Andre tilskot 1 10 000 17 000 33 000 33 000 Refusjonar 3 612 1 000 1 732 4 000 Leieinntekter 3 417 5 000 Sum inntekter 196 723 213 000 248 557 207 000 Kostnader Lønnskostnader 71 018 64 000 69 534 60 000 Kostnader lokale 33 684 30 000 29 214 29 000 Inventar / kontorutstyr 15 000 38 649 25 000 CD, dat, foto, video 20 749 35 000 30 139 35 000 Vedlikeh / rep 5 000 7 824 15 000 Div. rekvisita 4 259 10 000 9 987 9 500 Tlf. porto frakt 11 733 10 000 7 123 12 000 Reise / diett / overantting 28 869 28 000 15 478 15 000 Marknadsføring 280 4 000 702 3 000 Kontingentar 500 Møte / konferanse-kostnader 1 094 700 Tilskot til andre Andre kostnader 1 4 463 54 000 4 010 3 500 Sum kostnader 176 149 255 000 213 860 207 000 Årsresultat 3 20 574 (42 000) 34 697-1 Budsjettert CD-prosjekt ikkje ferdig gjennomført i 2005, derfor er rekneskapspostene lavere enn budsjett. 2 Telemark fylkeskommune 39 694 Driftstilskot frå kommunane 140 000 3 Akkumulerte midler Folkemusikkarkivet pr. 1/1-06 er på kr. 73.698. 6
Budsjett 2006 Folkemusikkarkivet i Telemark Budsjett 2006 Inntekter: Salgsinntekter 1 30 000 Off. tilskot 2 187 000 Andre tilskot 1 32 000 Refusjonar 3 000 Sum inntekter 252 000 Kostnader Lønnskostnader 82 000 Kostnader lokale 30 000 Inventar / kontorutstyr 40 000 Lydband / kassettar 35 000 Vedlikeh / rep 5 000 Div. rekvisita 10 000 Tlf. porto frakt 12 000 Reise / diett / overantting 30 000 Marknadsføring 4 000 Kontingentar Møte / konferanse-kostnader Tilskot til andre Andre kostnader 1 53 000 Sum kostnader 301 000 Resultat 3-49 000 1 CD-prosjekt I "Andre tilskot" er budsjettert med 17' til dette prosjektet. (Tilsagn fra Norsk Kulturråd / RFF) 2 Telemark fylkeskommune (rekrutteringsarbeid ): 25' + 37' i lønnsm. (avd. Vinje) Skien (15'), Notodden (10'), Bø (15'), Sauherad (10'), Tinn (15') Hjartdal (10'), Kviteseid (5'), Nissedal (5'), Fyresdal (5'), tokke (10'), Vinje (15') 3 Budsjettert avsetning Folkemusikkarkivet pr. 1/1-07: Kr. 24.698 7