ÅRSMELDING Hardanger og Voss museum



Like dokumenter
Forslag frå fylkesrådmannen

BØMLO KULTURHUS KF ÅRSREKNESKAP 2014

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Årsrekneskap 2018 Jakob Sande-selskapet

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

RESULTATREKNESKAP JAKOB SANDE-SELSKAPET. DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER Note

Fjordly Ungdomssenter

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsregnskap 2015 for Dill AS

8. Museum og samlingar

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

ÅRSREKNESKAP FOR VALEN VASKERI AS. Org.nr Mva

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSREGNSKAP Idrottslaget Jotun. Innhold: Årsmelding Resultatregnskap Balanse Noter. Utarbeidet av Visma Services Norge AS

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsregnskap. AS Eidsvold Blad. Org.nr.:

ÅRSMELDING Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Noter til regnskapet for 2015 Fosen Folkehøgskole

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Resultatregnskap. Låter Vasslag SA

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ÅRSREGNSKAP 2012 IL JOTUN. Innhold: Årsmelding Resultatregnskap Balanse Noter. Utarbeidet av Visma Services Norge AS

Årsoppgjøret KEM - Kunstnernes Eget Materialutsalg SA. Innhold: Resultat Balanse Noter Revisors beretning. Org.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kjerneområde Fornying. Kystkultur Industri Kunst Immateriell kulturarv kr til ny fast utstilling ved Norges Fiskerimuseum,

Årsoppgjøret KEM - Kunstnernes Eget Materialutsalg SA. Innhold: Resultat Balanse Noter Revisors beretning. Org.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Bergen Teknologioverføring AS Org.nr

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Årsregnskap 2009 for. Studentkulturhuset i Bergen AS. Foretaksnr

Oslo Fallskjermklubb. Årsrapport for Årsberetning. Årsregnskap - Resultatregnskap - Balanse - Noter. Revisjonsberetning

Rådgivning Om Spiseforstyrrelser. Årsrapport for Årsberetning. Årsregnskap - Resultatregnskap - Balanse - Noter. Revisjonsberetning

REKNESKAPSSAMANDRAG FOR STORD HAMNESTELL 2012

Årsregnskap 2014 for Merkur Regnskap SA. Organisasjonsnr

Årsmelding. For Hardanger og Voss Museum

Årsregnskap 2013 for. Studentkulturhuset i Bergen AS. Foretaksnr

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Årsregnskap 2014 for Drammen Håndballklubb. Org. nummer:

Finansiering av dei offentlege fagskolane

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Regionrådet Nordhordland IKS

Årsregnskap. Holmen Idrettsforening. Organisasjonsnummer:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

6 ØKONOMI RESULTATREGNSKAP Vedlagt følger resultatregnskap, balanse, og noter for Skollenborg Kraftverk DA for 2006.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Innkalling av Kraftfondsstyret

Buggeland Barnehage SA

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Årsregnskap. Velledalen i Balanse AS. Org.nr

Buggeland Barnehage SA

Årsrekneskap. Sogn og Fjordane Turlag. Org.nr.:

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Årsregnskap Vi arbeider for at alle mennesker skal få høre evangeliet på sitt eget språk.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

BRUNSTAD KRISTELIGE MENIGHET HAMAR 2322 RIDABU

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Årsregnskap VELLEDALEN I BALANSE AS STRAUMGJERDE. Org.nr

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

1. Mål med samhandlingsreforma

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Transkript:

ÅRSMELDING Hardanger og Voss museum 2012 2011

HARDANGER OG VOSS MUSEUM Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum som omfattar to folkemuseum, eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunsthus for moderne visuell kunst og kammermusikk, eit freda mellomaldertun av nasjonal verdi og eit nasjonalt fartøyvern - senter. Fram til 2013 har museet også drive ein offentleg godkjend barnevernsinstitusjon. Museet er regionsmuseum for hardangerkommunane og Voss kommune. Forretningsadresse er Utne. FØREMÅL Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna utfordringar. Museet yt fagleg hjelp i museums- og kultur - minnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen. Hardanger og Voss museum skal driva eit nasjonalt senter for fartøyvern. ORGANISASJON Styret Eva von Hirsch har vore styreleiar. Styret hadde 8 styremøte og handsama 48 saker i 2012. Styret hadde fylgjande samansetning: Styremedlem Eva von Hirsch Bjørn Christensen Knut Nes Astrid Farestveit Selsvold Jan Gunnar Strand Torleif Ljones Beate Gauden Anne Lise Brask Eriksen Heidi Richardson Anders Geertsen Oppnemnt av Kvam bm/ Ingebrigt Vik museum Voss folkemuseum Hardanger folkemuseum Hordaland fylkeskommune Agatunet/Granvin bygdemuseum Hardanger fartøyvernsenter Hardanger fartøyvernsenter Dei tilsette Dei tilsette Dei tilsette Styret i Hardanger og Voss museum 2

Rådet Rådet har hatt eitt møte. Ordførar Solfrid Borge er rådsleiar. Rådsmedlem Oppnemnt av Anved Johan Tveit Ordførar i Eidfjord Ingebjørg Winjum Ordførar i Granvin Jon Larsgard Ordførar i Jondal Asbjørn Tolo Ordførar i Kvam John Opdal Ordførar i Odda Solfrid Borge Ordførar i Ullensvang Hans Petter Thorbjørnsen Ordførar i Ulvik Hans Petter Ringkjøb Ordførar på Voss Rigmor Skeie Petersen Voss folkemuseum Astrid Soldal Lirhus Voss folkemuseum Erling Aga Agatunet Lars Brekke Granvin bygdemuseum Sjur K. Jaastad Hardanger folkemuseum Martha Rykkje Hardanger folkemuseum Martin Vik Ingebrigt Vik Museum Dagfinn Vik Kvam bygdemuseum Iril Schau Johansen Hordaland fylkeskommune/kabuso Ågot Valle Hardanger fartøyvernsenter Arne Julsrud Berg Hardanger fartøyvernsenter Personale I 2012 har det vore utført 65 årsverk totalt. 163 personar tok imot løn frå Hardanger og Voss museum. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn, men dei er ulikt fordelt mellom yrkesgruppene. Kvinnene i museet er tilsett i akademiske og merkantile stillingar, medan det berre er tilsett ein kvinneleg handverkar. Direktøren og fem av i alt åtte avdelingsleiarar er kvinner, medan det er fem kvinner i styret. Det var tilsett ny leiar på Voss folkemuseum og me fekk ny Økonomi- og administrasjonssjef. Det har vore halde bedriftsintern leiaropplæring over fire dagar. Hardanger og Voss museum diskriminerer ikkje tilsette eller besøkande i høve alder, kjønn, funksjonshemming, truvedkjenning, kulturell bakgrunn eller seksuell orientering. Dei tilsette på Hardanger folkemuseum tok ut 100- års gåva frå museumssenteret i Hordaland: «ein drømmedag på Salhus». 3

Helse, miljø og tryggleik Museet si HMT målsetting er at museet skal ha eit helsefremmande og inkluderande arbeidsmiljø der ingen blir skada eller sjuke som følgje av arbeid eller arbeidsmiljø. HVM er ei IA-verksemd og medlem av bedriftshelsetenesta Grend. Museet er delt i to verneområde med eigne verneombod men felles AMU (arbeidsmiljøutval). AMU hadde fire møte og handsama 31 saker i 2012. I høve nedlegging av ungdomsavdelinga ved Hardanger Fartøyvernsenter vart det gjort risikovurdering av det psykososiale arbeidsmiljøet. Det har vore to mindre kuttskadar med konsultasjon av lege og ei ulukke på Hardanger fartøyvernsenter. Ein handverkar fall ned frå eit stilas. Ulukka blei handtert etter gjeldane interne prosedyrar der beredskapsplan blei sett i verk og politi og arbeidstilsyn blei varsla. Sjukefråværet har gått noko opp frå 5,7 til 6,1 %. Det er langtidsfråveret som sterkast påverkar sjukefråversprosenten. Hardanger og Voss museum har ikkje skada eller påverka det ytre miljøet negativt i 2012. Alle tiltak og planar blir vurdert ut frå prinsippet om universell utforming. Miljøfyrtårn Museet sitt mål er å vera eit miljøvenleg museum, og me er godkjent som miljøfyrtårnverksmed. For å driva fram dette arbeidet er det utpeika ein miljøfyrtårnleiar og AMU f ølgjer opp miljøfyrtårnarbeidet på alle AMU-møte. I tillegg til registrering av energibruk, forbruksvarer og flyreiser, er det eit større fokus på enøktiltak basert på gjennomført enøkanalyse. Som del av sertifiseringa har me forplikta oss til å kjeldesortera avfall, og få ned energiforbruket generelt, men særleg knytt til driftsbygningane våre. Energiforbruket gjekk dessverre opp siste del av 2012. Dette skuldast først og fremst nokre store straumkrevjande prosjekt ved Hardanger fartøyvernsenter. Økonomi 2012 har vore eit vanskeleg år for Hardanger og Voss museum av di me har hatt svært lågt belegg på ungdomsavdelinga. Bufetat betalar berre for dei plassane dei til ei kvar tid nyttar, medan me som leverandør må stilla lokaler og bemanning for fullt belegg. Det fører med seg at denne verksemda er svært risikoutsett. Frå og med august har me berre hatt to av sju plassar fylt opp. Me såg oss nøydd til å permittera tilsette og innføra sparetiltak, likevel gjekk ungdomsavdelinga med eit underskot på 2,3 millionar kroner i 2012. I tillegg er avdelinga belasta med 1,2 millionar kroner i avsetjing til restrukturering. Samla underskot for barnevernsavdelinga i 2012 er såleis på 3,5 millionar kroner. I september 2012 fekk museet beskjed om at Bufetat ikkje lenger såg behov for det tilbodet vår barneverns - institusjon har gjeve vanskelegstilt ungdom i over 20 år. I styremøte 3.12.12 vedtok derfor styret i museet å leggja ned denne delen av verksemda. Fram til no har ungdomsavdelinga stått for nær 40 % av eigeninntektene til museet og 20 % av den totale omsetninga. Avdelinga har hatt eit budsjett på nær 13 millionar kroner, 4

Det blei servert god mat på Mathilde, med kokk Elke Stangeland. 5

og bidrege til fellesskapet med 2,5 millionar kroner. Etter nedlegginga må Hardanger fartøyvernsenter sin administrasjon kutta dei faste driftsutgiftene tilsvarande denne summen. Ressursane til og organiseringa av dei administrative oppgåvene i Hardanger og Voss museum, har vore basert på inntekter frå alle avdelingane inklusive barnevernsavdelinga. Konsekvensane av nedlegginga er derfor store for heile verksemda. I tillegg til å måtte sei opp alle dei tilsette ved barnevernsavdelinga (11 årsverk) har me måtte redusera museumsverksemda og administrasjonen med til saman 3 årsverk. Me står no igjen med ein svært spinkel administrativ støttefunksjon noko som vil påverka alle deler av den museums- og kulturminnefaglege delen av verksemda vår. Løn- og personalkostnadane ved museet utgjer 69 % av dei totale driftskostnadane og auka monaleg etter lønnsoppgjeret i 2012. Verknadane av lønnsauken på pensjonspremien er merkbar, og dette er utfordrande for museet. Pensjonspremien auka med 40 % frå 2011 til 2012. Museumsavdelingane som har avgrensa tilgang til eigeninntening, merkar denne utviklinga, og me måtte til dømes skjera ned på bemanninga på Hardanger folkemuseum med ei 50 % handverkarstilling for å dekka pensjonspliktene der. På den positive sida har det vore god inntening ved fleire av verkstadane. Både på fartøyvernavdelinga og på reiparbana har det vore god produksjon dette året. Årsresultatet vart betre enn frykta og underskotet er redusert til vel 1 million kroner. Rekneskapen er utarbeidd med føresetnad om fortsatt drift og styret finn at føresetnadene er til stades. Nesheimstunet på Voss. Draken Harald Hårfagre. Frå riksantikvarens rundreise i Hardanger og Voss. 6

Fornying, mangfald og internasjonalt arbeid Hardanger og Voss museum arbeider med utvikling og fornying på fleire områder. På det administrative feltet blir det no jobba systematisk med effektivisering av arbeidsprosessar. I 2012 har elles dei største satsingane vore knytt til hardingfela, turisme og kunst. Me arbeider for å trekkje til oss nytt publikum og for å driva brei formidling. I 2012 har me hatt eit prosjekt med den kulturelle spaserstokken der me har besøkt aldersheimar med eit historisk bildespel og forteljingar. Gjennom det nystarta folkemusikkscena på Utne der ein satsar på solokonsertar med sosial samvær i etterkant, har nye brukargrupper søkt til museet. Hardangerjakta Mathilde segler 8 veker i året med museumsopplegg og besøkjer hamner rundt om i heile Hordaland. På denne måten kjem me ut til eit publikum som elles sjeldan besøkjer museet. Me hadde også eit lite, men spannande prosjekt der to elevar frå vaksenopplæringa laga ei fotoutstilling om eldhus som blei vist på Hardanger folkemuseum. I sommar tok me opp igjen arbeidet med kulturutveksling på det maritime feltet med Maritim museum of Gdansk, og søkte Eøs-midlar til eit større samarbeidsprosjekt. Også i år hadde me volontør på Mathilde. Ei ung jente frå England var om bord både i seglingssesongen og under vedlikehaldsarbeidet på hausten. Me har no fått godkjenning for inntil 4 volontørar i heile Hardanger og Voss museum. Hausten 2012 inngjekk me samarbeidsavtale med firmaet Bygdagnist. Dei skal på oppdrag frå oss drive Kvam bygdemuseum på Storeteigen og har formulert fylgjande mål for verksemnda: Gje bygdamuseet attende til bygdefolket gjennom kreativ og moderne drift. Metodikken er å skapa lokalt engasjement gjennom inkluderande aktivitetar, involvering av lokalsamfunnet og gjestfritt vertskap. Storeteigen skal gnistra! Brannøving i Agatunet. 7

MUSEUMSFAGLEG Forvalting Hardanger og Voss museum si samling inneheld både materiell og immateriell kulturarv. Det materielle kulturmateriale blir forvalta gjennom innsamling, registrering, konser - vering/restaurering av gjenstandar. Museet har ein samlingsplan der eit av hovudmåla er å få digitalisert og publisert materiale gjennom Primus og digitaltmuseum. Det har vore arbeid mykje med dette i 2012. Museet har ansvar for vel 137 historiske bygningar og 4 større fartøy. Desse treng eit kontinuerleg vedlikehald. Gjennom dette arbeidet tek me vare på både handverkskunnskapen og gjenstandane. Me har fått støtte både frå Hordaland fylkeskommune og riksantikvaren til dette. Eit av prosjekta har vore ein større jobb på Kalandsbua på Utne der alt arbeidet er gjort prosessuelt, frå golvbord i sjølvlaga skåtbenk, blyglasvindauge med initialar og brannmur med hestehår. Sjølv om museet har eit etterslep på vedlikehald er styret godt nøgd med det arbeidet som blir gjort med det jamne vedlike - haldet. Dette arbeidet har fram til no hindra store øydeleggingar på bygningsmassen. Men museet merkar tydeleg klimaendringane dei siste åra og forfallet og råteskadane på dei gamle bygga aukar. Det er ei utfordring å få nok vedlikehaldsmidlar til den delen av den kulturhistoriske bygningsmassen som ikkje har rett på støtte frå vernemyndigheitene. I Agatunet held me fram med brannsprinkling. Knut Hamre. Frå dendrokronologiprosjektet i Agatunet. Repslagarane på utdrivarbane i Älvängen i Sverige. 8

På grunn forventa auka trafikkmengde etter opning av Hardangerbrua i 2013, har me sett behov for å sikre samlinga på Bu betre. Me har flytta store deler av samlinga til Museumssenteret i Hordaland. Det har vore planlagt eit nytt visningssenter i samarbeid med museet på Buplatået, men desse planane er førebels lagt på is på grunn av manglande lokalt engasjement og nedjusterte trafikktal for brua. Det er starta eit samtidsdokumentasjonsprosjekt på folkemusikk. Fyrste trinn er å spela inn heile repertoaret til Knut Hamre som utgjer vel 400 slåttar. Dette arbeidet starta opp i 2012, og kjem til å halda fram i 2013. På fartøya er vedlikehaldsbehovet stort. I tillegg til raskt forfall må denne delen av samlinga godkjennast av sjøfartsmyndigheitene for å kunne bli tatt i bruk. Me har seglingsløyv på tre av dei fire fartøya, og vil oppdatera på det siste når reparasjonane er ferdige. På reiparbana har me hatt store prosjekt i 2012. Me har produsert rigg til begge vikingeskipa draken Harald Hårfagre og Saga Oseberg. Reipslagaren har vore i lengre periodar i Sverige for å slå tau av store dimensjonar der det er ein intakt utdrivarbane. Utdriverteknologien er ein viktig del av reipslagarhistoria som me har vanskar for å forvalta i Noreg i dag på grunn av manglande produksjonsutstyr. Frå restaurering av Skjykkja på Jåstad. Forsking Hardanger og Voss museum vedtok forskingsplanen sin i 2011. Planen syner at museet har forskingssatsingar innafor ei rekkje viktige tema. Spesielt sentralt står dokumentasjon og kunnskapsutvikling innan handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv. Dette gjeld innafor maritime handverksfag, bygningsvern, hardingfelekunst og handlingsboren kunnskap knytt til drakt og tekstiltradisjonar. Det har vore stor aktivitet i 2012. Me har halde fram på dei to prosjekta Fartøyvern på museum og Hardangerbrua allereie på museum. Etter fleire års dokumentasjons - innsamling blant gamle småbåtbyggjarar i Hardanger har me i 2012 starta arbeide med analyse og systematisering av materialet. Dette skal munna ut i ei bok og utstilling om tema. Prosjekta knytt til rekonstruksjonar av vikingskipa har ført til mykje praktisk forsking knytt til styrke og kvalitet i historisk tauverk av ulikt materiale. Praktisk forsking er også utført gjennom eit dendrokronologiprosjekt i Agatunet. Prosjektet blei gjennomført som kurs der fleire interessentar deltok og fleire hus blei undersøkt. Me har gitt ut det årlege tidsskriftet Fartøyvern der både eigne tilsette og eksterne skribentar bidreg med artiklar. I samarbeid med Voss sogelag gjev me ut den lokalhistoriske boka Gamalt frå Voss. Me hadde også ein artikkel i årboka til Hardanger historielag. Denne omhandla kampen om Hardangerbrua. I samband med utstillinga Kvinnehovudband til ugifte kvinner er det gjort mykje materialinnsamling på Voss og utprøving av ulike teknikkar. Materialet er samla og trykt i eit eige hefte. Hardanger og Voss museum deler ut eit årleg studentstipend til studentar som arbeider med relevante tema for museet. I 2012 gjekk det til historiestudenten Astrid Sekse som skriv mastergrad om Spenningstilhøve mellom allmoge og bygdeelite i Indre Hardanger på 1800-talet. 9

Formidling Avdelingane i Hardanger og Voss museum har tydelege faglege ansvarsfordelingar og det museumsfageleg arbeidet konsentrerer seg rundt dei ulike prioriterte områda. Både samlingane, forskingsprosjekt, undervisningsopplegg og anna formidling byggjer opp rundt desse satsingane. På folkemusea er det ei satsing på bunad og tekstil, hardingfele/folkemusikk og bygningsvern, på Hardanger fartøyvernsenter er fokuset den maritime kulturarven og kunsthuset Kabuso formidlar kunst og musikk på høgt internasjonalt nivå. Det er eit stor produksjon av utstillingar, konsertar, arrangement og anna formidling ved museet. I 2012 vart det opna 9 kulturhistoriske utstillingar og 14 kunstutstillingar. Hovudutstillingane dette året har vore med Bragd i samarbeid med vevar Kristi Skintveit, den eigen - produserte utstillinga om Jentehovudband og to utstillingar med fotografi av Anders P. Wallevik. Utstillingane på kunstfeltet er omtalt i ege kapittel. Det blir produsert under - visningsopplegg for skuleelevar til dei fleste utstillingane våre. Det har vore prøvd ut nye samarbeidsformer med skulane dette året, og nye faste undervisningsopplegg er utvikla, mellom anne eit opplegg med tittel Kva er eit museum? som tek elevane inn i kjerneverksemda til museet. På Kvam bygdemuseum hadde me dette året Gode motiv er lett å finne på Mathilde. Lars Utne 150 år. Jubileumsutstilling på Hardanger folkemuseum. Kurs i Hardangersaum samla deltakarar av fleire nasjonalitetar. 10

eit undervisningsopplegg der målet var å gjera elevane meir medvetne om ressursbruk og endring av dei materielle levekåra over tid. Eit anna samarbeid som særleg bør nemnst er forskingsprosjektet om ferjeminne. Hauso og Brakanes skule deltok i innsamlinga av materiale til prosjektet Hardangerbrua allereie på museum. Elevane samla inn ferjeminne frå sitt nærmiljø og presenterte det for eit publikum i museet. På den digitale fronten har me produsert to digitale forteljingar om ferjehistorier, og me held fram med prosjektet om Gamle Vangen som 3D forteljing. Sjølv om museet har ny og god nettside, er det på facebooksidene den mest dynamiske digitale formidlinga skjer. Facebooksidene til museet blir brukt både til informasjon om aktivitet, men også til statusoppdateringar og dialog med publikum. KUNST Kunsthuset Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad og skal arrangera utstillingar og konserter på eit høgt faglig nivå. Kunsthuset rettar seg mot eit breitt nasjonalt kunst - interessert publikum, og utfordrar samtidig det lokale publikummet med nye/moderne utstillingar. I 2012 gjennomførte Kabuso seks hovudutstillingar og fire foajéutstillingar. Året starta med Bill Viola, antakeleg verdas mest profilerte videokunstnar etterfylgt av Vestlandsutstillinga. I den eigenproduserte utstillinga med Ingebrikt Vik viste me teikningar og skisser av kunstnaren. Ludvik Eikaas var sommarutstillinga på Kabuso. Tilbake - meldingane frå publikum var gode, men besøket var betydeleg under det me venta til å vera ei sommarutstilling. Frå Nasjonalmuseet opna me hausten med ei utstilling med Kurt Johannessen. Formidlingsmessig fungerte utstillinga sers godt, særleg til dei yngre årsklas- Utandørs danseførestilling på Stronde. Opning av utstillinga Voss kunstlag 60 år. 11

EG piano comp i Kabuso. Performance med Kurs Johannessen i Kabuso. 12

sane ettersom den var leikande i karakter. Prosjektet vart avslutta med ein performance av Kurt, som blei ei spanande hending og som ga publikum ei magisk oppleving. Året vart avslutta med ei utstilling av Amaldus Nilsen, som var basert på vestnorske landskap. I tillegg har vi vist ein film av Tone Klev Furnes, som også har kuratert utstillinga. Kombinasjonen av film og bildekunst har vore vellukka. Kabuso sitt konsertprogram er eit viktig bidrag til Kvam herad sitt musikalske miljø og publikum generelt. Samarbeidet med Hardingtonar er godt, og vi har vore i dialog om langsiktig planlegging. FARTØYVERN Året vart mellom anna prega av at dei tre nasjonale fartøyvernsentra hadde lite oppdragsvolum som var finansiert av Riksantikvaren. Det har vore jobba aktivt opp mot sentral forvalting og politisk myndighet for å sikra stabil oppdragsmengde og ein betre forvaltingssituasjon for fartøyvernsentra. Dette året har vi hatt større istandsettingsoppdrag på ti verna eller freda fartøy, i tillegg til arbeid utført på eigne fartøy. Me har også hatt større oppdrag på tre ikkje-verna fartøy. Dei største oppdraga har vore utført på KNM Hitra, D/S Stord 1, M/S Fæmund II, M/S Trysilknut, M/S Arnafjord, M/S Albatross og fullriggeren Sørlandet. Fartøyvernsentra mottek årleg tilskot frå Riksantikvaren til fellestenester. Desse er nærare definert i Nasjonal verneplan for fartøy og i årlege tildelingsbrev. I år har sentra i fellesskap jobba med mellom anna mal for dokumentasjon, forvaltningsplan for freda fartøy, tilstandsvurdering, delebanken, faktaark, sikkerheitssystem og kurs/seminar. Det blir forventa at me driv rådgjeving opp mot verneprosjekt, og dette blir utført i mange samanhengar. I år har me gjort ei synfaring på Statsraad Lehmkuhl, Fullriggeren Sørlandet, Istandsetting av KNM Hitra på Haakonsvern. Fartøyvernsenteret sende 4 båtbyggjarar til Istanbul for å leggje dekk på Skoleskipet Sørlandet. Nytt kjølemne på Gjøa. Reparasjon av rekka på fiskekutter Alia i Troms. 13

Gamle Stoksundferja, Hardangerjakta Gjøa og ti andre fartøy. 16 rapportar er gjort ferdige i 2012, 13 av desse går inn i rapportserien. Dette året har me vore med og halde fem eksterne kurs. Ved Hardanger fartøyvernsenter har det vore arrangert to kurs/seminar retta mot handverkarar innan tradisjonshandverk og kulturminnevern. BARNEVERN Det at museet driv ein barnevernsinstitusjon må forståast i lys av historia. Hardanger fartøyvernsenter starta som eit prosjekt for å hjelpa vanskelegstilt ungdom, og har sidan drive sosialpedagogisk arbeid. Etter kvart har både fartøyvernarbeidet og ungdomsarbeidet blitt profesjonalisert på kvar sin kant, og me har tilpassa barnevernsarbeidet nye krav, godkjenningar og nye avtaleverk. Dei siste åra har me drive med grunnlag i ei rammavtale med Bufdir for sju institusjonsplasseringar. Dei siste åra har institusjonen slite med dårleg belegg, og halvegs ut i 2012 vart det heilt stopp med plasseringane. Styret i Hardanger og Voss museum sende eit brev til Bufdir i september 2012 der dei ba om ei vurdering av den rolla Hardanger fartøyvernsenter som barnevernsinstitusjon skulle ha i norsk barnevern. I brev av 28.9.12 fekk me fylgjande svar frå direktoratet: Tenestene Bufetat skal tilby brukarane er i endring. Ein skal i større grad nytte seg av fosterheimar og tiltak i heimen, og plassering i institusjon skal nyttast i mindre grad. Dette inneber at færre av dei ungdommane som treng eit tilbod i institusjon har eit problemomfang som tilseier at det er høveleg med eit familiebasert institusjonstilbod, slik Hardanger fartøyvernsenter tilbyr. Med bakgrunn i dette, finn ikkje Bufetat det forsvarleg å inngå forpliktande avtaler om å nytte seg av institusjonstilbodet til Hardanger fartøyvernsenter. Det blei etter dette jobba med å sjekka ut alternative driftsgrunnlag, men styret fant det ikkje forsvarleg å gå vidare på dette arbeidet med tanke på resten av verksemda, og valde derfor å avvikla barnvernsinstitusjonen. SÆRLEGE PROSJEKT Hardingfelesenteret Forprosjektet har vore gjennomført i løpet av året og endeleg rapport blir levert 1.2.13. Styringsgruppa som har bestått av representantar frå Hardanger og Voss museum, Ole Bull akademiet, Hardangerrådet, Arne Bjørndals samling og Hordaland fylkeskommune, vil tilrå at ein arbeider fram eit hardingfelesenter som skal arbeida med hardingfele - tradisjonen som heilskap. I dette ligg instrument og instrumentmakinga, spel, dans og samanhengen mellom desse. Senteret skal oppretthalda, styrkja og koordinera det som finst av brukarstyrte arenaer. Styringsgruppa meiner vidare at eit hardingfelesenter skal initiera auka kunnskapsproduksjon, stimulera gode prosjekt og ikkje minst formidla og 14

DS Granvin på Den kulturelle fjorden. gjera tilgjengeleg dei kunstnarlege produkta og kunnskapen som vert produsert. Det vert sentralt å utarbeida og drifta ei nettside. Ein del av arbeidet med forprosjektet har vore å jobba fram gode samarbeidsformer med hardingfelemiljøet i Telemark. Forprosjektet Hardanger - den kulturelle fjorden Eit av Hardanger og Voss museum sine mål er å vera ein aktiv aktør innan reiseliv og kulturbasert næringsutvikling. Museet har som ledd i dette etablert reiselivsprosjektet Hardanger den kulturelle fjorden. Me har samarbeida med NCE Tourism Fjord Norway om å profilera kultur som ein viktigare del av reiselivet. Dette har gitt grunnlag for etableringa av prosjektet og finansieringa av det. Visjonen til prosjektet er å styrka reiselivet og Hardanger si konkurransekraft overfor internasjonale og nasjonale reisande. Produktutviklinga skal ha fokus på opplevingar der kjernen er natur, fjord, historie og kultur. Forprosjektet hadde ei økonomisk ramme på nær 800 000 kroner, og blei finansiert av Hardanger og Voss museum, Hordaland fylkeskommune, Hardangerrådet og Innovasjon Norge. Prosjektet gjennomførte ein svært vellukka pilotperiode på seks dagar med drift av veteranbåten MS Granvin i både Samlafjorden og i Sørfjorden. Det blei gjennomført ei marknadsundersøking som viste at etterspurnaden etter turar på fjorden var rangert høgast blant turistar i dei norske fjordane. Forprosjektet la grunnlag for å utarbeida søknad om eit treårig hovudprosjekt med årleg ramme på kr 1,3 millionar kroner. Ved årsslutt er finansieringsarbeidet endå ikkje avklart. 15

James Turell «skyspace» I 2012 skreiv Hardanger og Voss museum ein avtale med den amerikanske kunstnaren James Turrell om kjøp av kunstverket Skyspace. Skyspace er ein kombinasjon av skulptur og arkitektur, og skal plasserast i nærleiken av Kabuso. Kunstnaren har vore på vitjing ved museet og tomt er vald ut. Styret har gjeve dei nødvendige garantiar for finansieringa og prosjektet vert etter planen ferdig hausten 2013. Herand aktiesagbrug Hardanger og Voss museum har inngått ein intensjonsavtale med Stiftinga Herand aktiesagbruk om å drifta oppgangssaga. Føresetnaden for driftsovertaking er at det offentlege sikrar ei naudsynt grunnfinansiering. Museet står i dag for drift, men det er Stiftinga Herand aktiesagbruk som står ansvarleg. Den tilsette sagføraren sa opp stillinga si vinteren 2012, og ein av båtbyggjarane ved fartøyvernavdelinga sa seg villig til å gå inn som sag - førar. Han fekk naudsynt opplæring og var i praksis ved saga frå starten av mai og til ferien. Ved årsskiftet har ein ikkje funne ei løysing for ein permanent sagførarstilling. Hordaland fylkeskommune understrekar at den immaterielle sida ved oppgangssaga i Herand er svært viktig. I 2012 har vi hatt eit spennande prosjekt med å lage nytt vasshjul til oppgangssaga i Herand. Oppdraget vart ikkje heilt ferdig til årsskiftet, men det er venta montering i januar om veret tillèt det. James Turell på besøk i Øystese. Nytt vasshjul til saga i Herand. 16

Over bekken- utviklingsprosjekt for Hardanger fartøyvernsenter Utviklingsprosjektet er etablert som følgje av Kvam herad si regulering av nabotomta (ICAtomta) til utviklingsareal for fartøyvernsenteret (2006). Prosjektet har som mål å synleggjera senteret sine utviklingsplanar og skaffa finansiering for desse. Prosjektet har sikra kommunal medverknad med vedtak om innløysing av ICA-tomta til vel 12 millionar kroner i 2015. Sjøsida av tomta inngår i den nye kommunale strandvegen mellom sentrum og fartøyvernsenteret der første byggetrinn blei gjennomført i 2012. I desember vedtok heradet å gjennomføre siste byggetrinn med ferdigstilling til sommaren 2013. Diverre klarte ikkje Hardanger og Voss museum å skaffa tilstrekkeleg finansiering til den prosjekterte ferjestøa for MF Folgefonn I som var planlagt utført samstundes med strandvegen. Strandvegen er likevel anlagt med tanke på ferjestøa som må reprosjekterast til ein enklare standard. Det skisserte publikumsbygget på tomta vil også bli endra og tilpassa eit tidsbilde som harmonerer betre med MF Folgefonn I. May Helen Bleie var årets ungdomsutstillar i Agatunet. 17

FRIVILLIG ARBEID Det er fleire frivillige grupper som arbeider for ulike deler av verksemda ved Hardanger og Voss museum. Heile Granvin bygdemuseum blir drive av venelaget i samarbeid med Granvin kommune. Dei har stått for fleire konsertar i samarbeid med kulturskulen, skulevitjingar og andre arrangement. Granvin landbruksdag blei arrangert i tunet, og nær 400 menneske vitja museet denne dagen. Skredhaugens vener er eit av dei andre aktive laga. Dei arrangerte fleire tilstellingar gjennom sesongen og tek eit stort ansvar på Skredhaugen. I Agatunet er det fleire grupper i arbeid. Kunstgruppa arrangerer den årlege sommar - utstillingar. Lars Korff Lofthus, Leander Djønne, Felieke van der Leest, Linda Mowinckel Nielsen og Rudolf Kraft var hovudutstillarar i 2012. Venelaget i Agatunet er etablert, og bidrog til fleire arrangement. MF Folgefonn 1 har også eit eige venelag som deltok i noko av arbeidet på fartøyet. På Storeteigen er eit venelag under etablering. Også fleire bygdekvinnelag, kvinnegrupper og sanitetslag er med på aktivitetar i musea. Venene til Hardanger og Voss museum gjer ein stor og viktig jobb for museet, og me er svært takksamme for dette engasjementet. Me vonar å utvikla dette vidare i åra som kjem. Vennelaga gjer ein stor innsats for Hardanger og Voss museum og dei lokale bygdemusea. Her frå Storeteigen i Kvam. 18

HARDANGER OG VOSS MUSEUM Resultatrekneskap Periode: 1. januar - 31. desember Beløp i TNOK Note 2012 2011 Driftsinntekter Salgsinntekter 28 025 27 994 Tilskot 2 24 973 27 252 Sum driftsinntekter 52 997 55 246 Driftskostnader Varekostnader 2 264 2 214 Personalkostnader 3 36 314 33 470 Av- og nedskrivninger 4 201 186 Andre driftskostnader 10 15 319 17 810 Sum driftskostnader 54 097 53 681 Driftsresultat -1 100 1 565 Finanspostar Andre finansinntekter 440 279 Andre finanskostnader 153 200 Resultat av finanspostar 287 79 Årsresultat -813 1 645 19

HARDANGER OG VOSS MUSEUM Balanse Beløp i TNOK Note 31.12.12 31.12.11 EIGENDELER Anleggsmidlar Eigedom 937 915 Inventar, maskiner og utstyr 444 447 Transportmidlar 475 594 Sum varige anleggsmidlar 4 1 856 1 955 Finansielle anleggsmidlar Premiefond pensjon 5 3 956 3 528 Sum finansielle anleggsmidlar 5 812 5 483 Omløpsmidlar Varer 6 2 337 1 647 Kundefordringar 7 3 331 4 254 Andre fordringar 7 1 176 504 Bankinnskot, kontantar og liknande 8 8 219 6 042 Sum omløpsmidlar 15 063 12 446 SUM EIGENDELAR 20 875 17 929 20

GJELD OG EIGENKAPITAL Eigenkapital Note 31.12.12 31.12.11 Innskutt eigenkapital Grunnkapital 229 229 Opptent eigenkapital Anna eigenkapital 4 948 5 761 Sum eigenkapital 9 5 176 5 990 Langsiktig gjeld Pensjonsforplikting 5 315 315 Lån i bank 10 295 494 Restruktureringsforpliktelse 1 1 200 0 Sum langsiktig gjeld 810 809 Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld 1 302 1 519 Skuldige offentlege avgifter 2 380 2 144 Skuldige feriepengar 3 015 2 814 Forskotsbetalingar 12 5 931 4 126 Anna kortsiktig gjeld 11 2 260 529 Sum kortsiktig gjeld 14 889 11 131 Sum gjeld 15 699 11 940 SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 20 875 17 929 21

NOTAR TIL REKNESKAPEN FOR 2012 Note 1 - Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk for små føretak under føresetnad om vidare drift. Inntekter Inntektene er resultatført når dei er opptent, det vil sei på leveringstidspunktet. Eventuelle rabattar er trekt frå. Bruk av estimat og skjønn Ved utarbeiding av årsrekneskapen har det vore brukt estimater og føresetnader som har påverka eigedelar, gjeld, inntekter, kostnader og opplysing om potensielle forpliktelser. Framtidige hendelsar kan medføre at estimata endrar seg. Endringane vil bli rekneskapsført når det ligg føre grunnlag for å fastsette nye estimat. Klassifisering Eigendelar til varig eige eller bruk og krav med forfall seinare enn eit år frå utgang av rekneskapsåret er oppført som anleggsmidlar. Andre eigendelar er klassifisert som omløpsmidlar, vurdert til det lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Gjeld som forfell til betaling seinare enn eit år etter balansedagen er klassifisert som langsiktig gjeld. Anna gjeld er klassifisert som kortsiktig. Neste års avdrag er likevel bokført som langsiktig gjeld. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar er ført opp i balansen til historisk anskaffelseskost fråtrekt lineære avskrivingar basert på ei bedriftsøkonomisk vurdering av driftsmidlane si økonomiske og tekniske levetid. Det vert føreteke nedskriving til verkeleg verdi dersom eit eventuelt verdifall ikkje forventas å vera forbigåande. Varelager Varelager er vurdert til det lågaste av anskaffelseskost og antatt salspris etter frådrag for salskostnadar. Eigenproduserte varer er verdsett til full tilvirkingskost. Det er gjort frådrag for eventuell ukurans. Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane. I tillegg vert det gjort uspesifiert avsetning for å dekka antatt tap på kundefordringar. Pensjonar Pensjonskostnader er bokført i samsvar med betalt premie og til gode på premiefond. Restrukturering Restrukturering er definert som eit planlagt program som i vesentleg grad endrar omfan-get av verksemda eller måten verksemda vert driven på. Avsetningar til restrukturering vert kostnadsført når programmet er beslutta og gjort kjend, og kostnadene er identifiserbare, kvantifiserbare og ikkje vert dekka av tilhøyrande inn-tekter. Restruktureringskostnadene inneheld både kostnader til personaltiltak og til fristilte lokaler. 22

Skattar Føretaket driv ikkje skattepliktig verksemd. Offentlege tilskot Føretaket mottek driftstilskot frå det offentlege. Tilskota vert inntektsført i samsvar med løyvingane. Mottekne tilskot som ikkje er brukt ved årsskiftet vert avsett på konto for forskotsbetalte tilskot. Einingar Per 31. desember er Hardanger og Voss museum samansett av følgjande einingar: Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum, Agatunet, Voss Folkemuseum og Kunsthuset Kabuso. I avdelinga Kunsthuset Kabuso inngår drift av Ingebrigt Vik Museet og Kvam Bygdetun. Tilskot frå Kulturdepartementet og Hordaland fylkeskommune til Granvin Bygdemuseum, har også gått gjennom Hardanger og Voss museum i 2012. Note 2 Tilskot 2012 2011 Beløp i TNOK Beløp Prosent Beløp Prosent Statlege tilskot 8 339 33 % 8 938 33 % Fylkeskommunale tilskot 11 525 46 % 11 362 42 % Kommunale tilskot 1 565 6 % 1 627 6 % Riksantikvaren 2 521 10 % 4 183 15 % Andre tilskot 1 023 4 % 1 142 4 % Sum tilskot 24 973 100 % 27 252 100 % Tilskota består av ordinære driftstilskot, prosjekttilskot, lærlingetilskot og anna. Note 3 Lønnskostnader og andre godtgjersler Beløp i TNOK 2012 2011 Løn og honorar 28 224 26 858 Arbeidsgjevaravgift 3 775 3 378 Pensjonskostnader 3 753 2 686 Andre ytelsar 562 549 Sum lønnskostnader 36 314 33 470 Gjennomsnittleg antal tilsette 1) 80 90 Gjennomsnittleg antal årsverk 1) 62 65 Antal faste tilsette 31.12 69 69 Antal faste årsverk 31.12 59 58 1) I gjennomsnittstala inngår fast tilsette samt sesongpersonale 23

Det er i 2012 utbetalt kroner 661.672 til dagleg leiar. Av dette gjeld fordel fri telefon kroner 6.000. Dagleg leiar inngår i stiftinga si kollektive pensjonsordning. Det er utbetalt kroner 186.650 i styrehonorar til stiftinga Hardanger og Voss museum sitt styre. Honorar til revisor Kostnadsført honorar til revisor er fordelt på følgjande tenester: Beløp i TNOK 2012 2011 Lovpålagt revisjon 103 98 Andre attestasjonstenester 15 22 Andre tenester utenfor revisjon 28 Sum honorar 146 120 Honoraret inkluderer i tillegg til revisjon av stiftinga Hardanger og Voss museum, revisjon av eigarselskapa Stiftinga Hardanger Fartøyvernsenter, Stiftinga Agatunet og Voss folkemuseum. Note 4 Varige driftsmidlar Inventar og Transport- Eigedom Sum Beløp i TNOK utstyr midlar Kostpris per 1.1 853 895 941 2 689 Tilgang 52 50 102 Kostpris per 31.12. 904 895 991 2 790 Akkumulerte avskrivingar 406 301 27 733 Årets avskriving1.1 55 119 27 201 Akkumulert avskriving 460 419 54 934 Bokført verdi 31.12 444 475 937 1 857 Avskrivingstid 31.12 4-7 år 5 år 20-30 år Avskrivingsprosent 15 25 % 20 % 3-5 % Avskrivingplan Lineær Lineær Lineær Note 5 Pensjonsmidlar/-forpliktelse Hardanger og Voss museum har pensjonsordningar som omfattar alle tilsette. Pensjonsordninga er organisert gjennom ei kollektiv pensjonsforsikring. Ordninga gir rett til ein framtidig definert ytelse. Disse er i hovedsak avhengig av antall opptjeningsår, lønnsnivå ved oppnådd pensjonsalder og størrelsen på ytelsen frå folketrygda. Forpliktelsane er dekka gjennom et forsikringsselskap. Årleg pensjonspremie vert rekna som årets pensjonskostnad. Som følge av overgang til ny AFP i privat sektor av 23.03.2010 er det avsett for underdekning i den gamle AFPordninga. Underdekninga skal dekkas inn via framtidige premiar og eigenandeler i perioden 2013 2015. Pensjonsforpliktelsen vert vurdert årleg. Beløpet per tilsett er estimert til NOK 4.500 i samsvar med anbefalingar frå Den norske Revisorforening. 24

Beløp i TNOK 2012 2011 Pensjonsmidlar 1.1 3 528 3 133 Korreksjon IB 8 Innbetalt i løpet av året 324 326 Renteinntekter 96 69 Pensjonsmidlar per 31.12 3 956 3 528 Pensjonsforpliktelse 1.1 315 Innbetalt i løpet av året 315 Pensjonsforpliktelse per 31.12 315 315 Note 6 Varer Beløp i TNOK 2012 2011 Materiellager (råvarer) 1 306 965 Ferdigvarer 223 60 Varer for vidaresalg 807 621 Balanse 31.12 2 337 1 647 Råvarelageret består av innsatsvarer til nybygging, reparasjon og vedlikehald av fartøy. Ferdigvarelageret består av robåtar av typen Æring, Strandebarmer færing og Hardanger færing. Varer for vidaresalg består av kunstgjenstander, bøker og anna som er til salgs i museumsbutikkane. Note 7 Kundefordringar Stiftinga sine kundefordringar er vurdert til pålydande, redusert med avsetning for tap på krav med TNOK 57. Tilsvarande avsetning i fjor var TNOK 50. Alle kundefordringane forfell innan eitt år. Stiftinga har andre fordringar på: Namn TNOK Hardangerrådet 116 Hordaland Fylkeskommune 141 Kvam Næringsråd 585 Fjord Tours 25 NCE 25 Forskotsbetalingar 236 Andre fordringar 1) 48 1) Andre fordringar består av enkeltbeløp mindre enn TNOK 20. Ingen av dei nevnte fordringane forfell seinere enn eitt år. 25

Note 8 Bundne midlar I bankinnskot inngår bundne skattetrekksmidlar med kroner 1.191.896. Note 9 Eigenkapital Innskutt EK Opptent EK Beløp i TNOK Restrukturering Pensjon Sum Eigenkapital 1.1 229 5 761 5 990 Årets resultat -813-813 Eigenkapital 31.12.2012 229 4 948 5 176 Grunnkapitalen er skutt inn av kommunane i Hardanger og Voss. Stiftinga Hardanger og Voss museum er ei sjølveigande stifting. Note 10 Langsiktig gjeld/pantstillingar og garantiar Av selskapet si gjeld er 295 tusen kroner sikra med pant/realkausjon i eigedom tilhøyrande eigarselskapet Hardanger Folkemuseum. 126 tusen kroner av stiftinga si gjeld forfell meir enn fem år etter rekneskapsåret sin slutt. Kassekreditt pålydande 1,2 millionar kroner er sikra med pant i eigedom tilhøyrande eigarselskapet Hardanger Fartøyvernsenter. Note 11 Restruktureringsforpliktelse Restrukturering Pensjon Sum Avsatt i løpet av året 1 000 200 1 200 Balanse 31.12 1 000 200 1 200 Kortsiktig del av avsetninga 1 000 Langsiktig del av avsetninga 200 Styret i Hardanger og Voss museum vedtok 3.12.2012 å avvikle barnevernsarbeidet ved Hardanger Fartøyvernsenter. I balansen er det avsatt for forpliktelser til dekning av framtidige utgifter. Avsetninga skal dekke netto driftsutgifter i 2013 samt framtidig G-regulering av pensjon. Note 12 Forskotsbetalingar 2012 2011 Forskotsbetalte tilskot 5 831 3 986 Forskot frå kundar 100 140 Balanse 31.12 5 931 4 126 Forskotsbetalte tilskot består av driftstilskot og prosjekttilskot frå offentlege og private samarbeidspartnere. 26

Revisors beretning 27

Ved Hardanger folkemuseum kan ein oppleva hardangerkulturen i eit naturskjønt kulturlandskap. Museet har temautstillingar knytta til folkemusikk, drakt og hardangersaum, samt skiftande utstillingar heile året. I museumstunet finn ein bygningar frå perioden 1200-1900 talet. Kafe og servering. Agatunet er eit freda vestlanske klyngetun. Den unike Lagmannsstova frå 1250 er ein av dei eldste og best bevarte profande trebygningane i Norge. Agatunet har utstillingar, omvisingar og konsertar heile sommaren. Kafe og servering. Ingebrigt Vik Museum inneheld mest alle arbeida etter bilethoggaren Vik (1867-1927). Han er rekna som ein av dei største bilethoggarane i norsk historie. Samlinga etter Vik er utstilt i ein særmerkt og intim bygning, samt i parken utanfor. Visning av filmen og Ingebrigt Vik i Kabuso Voss folkemuseum, Mølstertunet, ligg høgt og fritt på ei slette hundreogsytti meter over Vossevangen. Mølstertunet er eit autentisk tun, der ingen av husa er flytta til eller frå. Museet har også rike samlingar av eldre bruksting og prynadsting. På Hardanger fartøyvernsenter kan du sjå båtbyggjarar, skipssmed og reipslagar utføra gamalt handverk. Du kan og ro ein tur på fjorden, slå ditt eige tau, og byggja ein leikebåt. I aktivitets løypa kan du utfordra og utvida dei maritime kunnskapane dine. Kafeen, biletspela og utstillingane er ope dagleg i sesongen. Kabuso byd på skiftande kunstutstillingar innanfor eit vidt spekter av sjangrar. Konsertar og andre arrangement gjennom heile året, loklisert i ein vakker kammermusikksal med framifrå akustikk. Kafeen har enkel servering og flott utstikt mot fjorden. Ein vakker park bind Kabuso saman med Ingebrigt Vik Museum. Granvin bygdetun omfattar 6 bygningar; m.a. Hovenstova og ei særprega årestove. Ved badeplassen på Eide ligg eit gamalt naust som og høyrer til tunet. Her finn ein m.a ei omfattande museumssamling med gjenstander samla inn lokalt, mellom anna samlinga etter botanikaren Johan Havaas. I Løflotstova er premiesamlinga etter spelemannen Anders Kjerland utstillt. Kvam bygdemuseum ligg på Lundanes i Øystese, og er ein idyllisk stad med gamle klyngetun, smale vegar og nydeleg utsyn over fjorden og Folgefonna. Borgstova i Vikøy prestegard er ei omlag 400 år gamal røykstove med interiør frå 1800-talet. Postadresse: 5778 Utne, Telefon: 40 43 41 00 E-post: mail@hardanger.museum.no www.hardangerogvossmuseum.no