SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.04.2015 Tid: 17:00 Møtedeltakere Kjell aukeberg Tone Fylling Erling Johan Ostnes Terje Vadset Leif Glomset Lidvar Giskeødegård Torbjørn Skodjereite Torunn Mølsæter Gunnar auge Reidun olm Aure Elise Stette Johan onningdal Modolf areide Kari Grindvik Forfall meldt frå følgjande medlemmer Bjørn Andre Stavset Renate Grande Skodje John Ola Røstad Kjell Arve Reiakvam Terje Sortehaug Linda Stavset Rolf Stavset Følgjande varamedlemmer møtte Aina Gundersen Strand Ramzani Bahaman Frode Reiakvam Rune Misund Inge elge Øye Ole Stokke Parti KRF KRF V Parti V Parti V Tone Fylling og Rune Misund vart vald til å signere protokollen
SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 20/15 15/318 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE 21/15 14/1034 FORSKRIFT OM USALDNINGSAVFALL OG SLAM I ÅLESUNDREGIONEN 22/15 14/1704 OPPREISINGSORDNING FOR TIDLEGARE BARNEVERNSBARN I MØRE OG ROMSDAL 23/15 15/270 VEDTAKSREKNESK 1. ALVÅR 2014 24/15 14/1110 SKODJE KOMMUNE EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND 25/15 15/209 FUSJON FOR DESTINASJON ÅLESUND OG SUNNMØRE 26/15 14/1771 KOMMUNESTYREVAL 2015 - STEMMEGIVING EIN ELLER TO DAGAR 27/15 14/1771 KOMMUNESTYREVAL 2015 - VAL AV RØYSTESTYRER - DELEGERING AV MYNDE TIL VALSTYRET 28/15 14/308 SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISK VERV - RÅD FOR PERSONAR MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 29/15 14/951 KOMMUNEREFORM 30/15 15/318 GODKJENNING AV PROTOKOLL
Sak 20/15 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjende. Sak 21/15 FORSKRIFT OM USALDNINGSAVFALL OG SLAM I ÅLESUNDREGIONEN Desse tok ordet: Kari Grindvik for Venstre, Torbjørn Skodjereite for øgre, Lidvar Giskeødegård for øgre, Leif Glomset for øgre, Johan onningdal for Senterpartiet, Gunnar auge for Kristeleg Folkeparti, Erling Ostnes for Fremskrittspartiet Kari Grindvik sette fram følgjande forslag: Det bør gjennomførast utgreiing for unntakssone for renovasjonsavgift for fritidseigedommar. Torbjørn Skodjereite støtta forslaget til Venstre og ba om at denne avgifta skal sjåast i samanheng med eigedomsskatt på fritidseigedommar. Innstilling frå formannskapet var samrøystes vedtatt. Oversendingsforslag frå Kari Grindvik vart samrøystes vedtatt. Kommunestyret i Skodje vedtek endring av forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen gjeldande frå 01.01.2016 i tråd med framlegget til representantskapet i ÅRIM si tilråding. I høve vedlegg 1 til 5 er det ingen unntak i renovasjonsplikta i Skodje kommune, men med fylgjande endring/tillegg: 1. 27 b) vert oppheva. 2. Endringane trer i kraft 01.01.2016. Oversendingsforslag: Skodje kommunestyre ber om å få utgreiing av unntaksreglar for renovasjonsavgift for fritidseigedommar.
Sak 22/15 OPPREISINGSORDNING FOR TIDLEGARE BARNEVERNSBARN I MØRE OG ROMSDAL 1. Skodje kommune sluttar seg til ordninga med oppreising for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal. 2. Skodje kommune godkjenner vedtektene slik dei lyder etter vedtak i Fylkesmøte i KS 19.09.14 og i Fylkestinget i Møre og Romsdal 09.12.14. Sak 23/15 VEDTAKSREKNESK 1. ALVÅR 2014 Vedtaksrekneskapen vart samrøystes vedtatt. Skodje kommunestyre tek vedtaksrekneskap 1. halvår 2014 til orientering. Sak 24/15 SKODJE KOMMUNE EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND Skodje kommunestyre vedtek vedlagte eigedomsskattevedtekter for Skodje kommune.
Sak 25/15 FUSJON FOR DESTINASJON ÅLESUND OG SUNNMØRE Saka blir ikkje handsama då reiselivsnæringa i Stryn og Nordfjord ikkje ønskjer fusjonen. Skodje kommunestyre tek ikkje stilling til den føreslåtte fusjonen, då reiselivsnæringa i Stryn og Nordfjord ikkje ønskjer fusjonen. Sak 26/15 KOMMUNESTYREVAL 2015 - STEMMEGIVING EIN ELLER TO DAGAR Skodje kommunestyre vedtar å gjennomføre stemmegiving ved kommunestyrevalet 2015 på ein dag. Sak 27/15 KOMMUNESTYREVAL 2015 - VAL AV RØYSTESTYRER - DELEGERING AV MYNDE TIL VALSTYRET Skodje kommunestyre vedtek å delegere myndigheita til å velje røystestyrer og blant desse leiar og nestleiar, til valstyret. Skodje kommunestyre vedtek å delegere myndigheita til å velje supplerande varamedlem ved behov til røystestyre til leiar og sekretær for valstyret. Sak 28/15 SØKNAD OM FRITAK FRÅ POLITISK VERV - RÅD FOR PERSONAR MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Desse tok ordet:
Gunnar auge for Kristeleg folkeparti. Forslag til nytt fast medlem, Geir Morten okåsmoen, har flytta ut av Skodje kommune og er dermed ikkje valbar. Charlotte Kleiven Steinnes blir foreslått som nytt fast medlem. Forslag til ny vara: Aase Kristine Bolstad. Formannskapet sitt framlegg til innstilling var samrøystes vedtatt med endringar gjort i møtet. Skodje kommunestyre vedtek følgjande: 1. Wenche Akselsen får fritak frå sitt politiske verv i Råd for personar med nedsett funksjonsevne 2. Modolf areide overtek som leiar i Råd for personar med nedsett funksjonsevne 3. Torunn Mølsæter overtek som nestleiar i Råd for personar med nedsett funksjonsevne 4. Charlotte Kleiven Steinnes overtek som fast medlem i Råd for personar med nedsett funksjonsevne 5. Ny vara: Aase Kristine Bolstad Sak 29/15 KOMMUNEREFORM Det vart gjennomført SWOT-analyse. Skodje kommune har gjennomført SWOT-analyse for: 1. Regionkommune på sunnmøre slik den ligg føre 2. Landkommune på nordre sunnmøre slik den ligg føre. Sak 30/15 GODKJENNING AV PROTOKOLL Protokoll frå møtet vart samrøystes godkjend.
M Ø T E T S L U T T Terje Vadset Tone Fylling Rune Misund