Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no



Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Hei alle sjøstjerneforeldre

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsplan for Hare November

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Minnebok. Minnebok NYNORSK

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Månedsbrev april 2015

Velkomen til Mork barnehage

Studentbarnavisa. Nr /2017. Teikning av barn 3 år på avdeling Måne (sol og ballong)

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Leikande, glade barn og natur hand i hand

6. trinn. Veke 24 Navn:

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Periodeplan For Solstrålen

Til deg som bur i fosterheim år

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Månedsbrev for Nordlys. oktober 2014

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

MÅNEDSPLAN FEBRUAR ANSTENS 2018

Studentbarnavisa Nr /2018 Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Velkommen til nytt barnehageår!

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Informasjon til foreldre

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Bjørnehiet SFO - informasjon

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. september 2018 ********************************************************************************************************

Aktiv kvar dag for menneske innan psykisk helsevern

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :


Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 5763500/ 57673501/ 57673502 E-post: karin.uglum@sisof.no

HEI ALLE SAMAN! Ønskjer alle gamle og nye barn og deira føresette hjarteleg velkommen til eit nytt barnehageår. Vi håpar at vi får eit fint år i lag, og at vi har gode og opne dialogar med kvarandre. Dersom det er noko de lurer på eller vil forandre på, må de komme til oss vaksne og seie ifrå, - dei fleste ting kan vi gjere noko med. INFORMASJON/ KOMMUNIKASJON MED BARNEHAGEN Barnehagen lagar ei avis kalla Studentbarn avisa, den vert lagt ut på våre nettsider sisof.no - barnehage. (om nokon vil ha den i papir, kontakt styrar på kontoret). I avisa vil du få informasjon frå styrar, frå foreldrerådsutvalet, samarbeidsutvalet, evaluering av arbeid på avdelingane, og planar framover med detaljoversikt. Innhaldet vil variere frå periode til periode, avisa kjem ut 5 gonger i året (ei i september, og så i november, januar, mars, den siste avisa kjem ut i mai). Det er styrar saman med avdelingsleiarane som har ansvar for avisa. Sogndal studentbarnehage er ein privat barnehage drifta av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Det er 44 plassar i barnehagen, desse blir i hovudsak nytta av studentungar og tilsette i SISOF/ HISF. Barnehagen har samordna opptak saman med Sogndal kommune. Ved lediggang kan vi tilby plassar til kommunale ungar. Alle avdelingar har eigne tavler der foreldra kan sjå oppslag over vekeplan, og anna informasjon som vedkjem deira barn. OPNINGSTID Barnehagen opnar 7.30 og stenger 16.15. Kjernetida i barnehagen er frå kl. 9.30, dersom barnet tek fri eller om barnet er sjuk er det fint om de ringer om morgonen. Kor mange barn som er i barnehagen er ofte avgjerande for korleis vi legg opp dagen. Tlf.nr. står på framsida, barnehagen har ikkje sentral, så får de ikkje svar på eit nummer må de ringe ein av dei andre. UTVIKLINGSARBEID Ingvild S. Nornes på Stjerne og Bodil Skrede på Måne tek utdanning i leiing, derfor vil dei dette året gjennomføre eit utviklingsarbeid. Utviklingsarbeidet har dei kalla Fysisk og psykisk helse, for meir informasjon om dette arbeidet sjå arbeidsplan Tema for barnehagen 2012-2013 på nettsida www.sisof.no under barnehagen. FORELDREMØTE Det vert arrangert foreldremøte 3. (Måne) og 4. oktober (Sol/ Stjerne) frå kl. 16.30 18.00. Denne gongen er det barnevernet saman med helsestasjonen som vil bruke mest av tida på møtet, barnehagen vil kome inn med berre det viktigaste av informasjon og vi skal ta føre oss

eit val til samarbeidsutvalet. Vi vil freiste å lage god skriftleg informasjon om det vi ikkje rekk å ta opp munnleg denne kvelden. Vi tilbyr banepass til dei av dykk som treng det, det vert sett oppslag på avdelingane som de skriv dykk på. Bli kjent middag I forbindelse med prosjektet vårt entreprenørskap i barnehagen, vart det invitert til bli kjent middag, personalet opplevde dette som ein veldig hyggeleg ettermiddag, takkar alle for at de bidrog til ei så fin stund. Slike tilstellingar vil det verte meir av, det er ikkje sikkert at de har moglegheit til å vere med på alle, -då gjev de beskjed, så er barnet dykk saman med ein av dei vaksne i barnehagen å koser seg. FN - MARKERING MED BASAR I samband med FN dagen vil vi ha ei markering i barnehagen torsdag 25. oktober. Vi har basar der vi sel pølse m/brød og loddar ut gevinstar (gevinstane er gåver vi har fått av våre samarbeidspartnarar, - og sjølvlaga gevinstar) Sjå etter plakat på døra når tida nærmar seg. STUDENTAR Det kjem studentar i barnehagen i perioden vi nå går i møte. Bodil på Måne, Renate på Sol og Ingvild på Stjerne skal ha 3F student med overtakingspraksis frå v. 39-43. PLANLEGGINGSDAGAR Det er planleggingsdag i barnehagen 8. oktober. Barnehagen er då stengd, om nokon har eksamen denne dagen og ikkje får barnepass til sine barn kontakt styrar. Heile personale skal ha felles kursdag samen med kommunale tilsette. FORELDRESAMTALAR Det vil bli foreldresamtalar med alle nye barn i løp av hausten, dei andre får samtaler etter nyttår. Gi beskjed om de ønskjer samtale før denne tid. GENERELL INFORMASJON Gå inn på Sisof sine nettsider www.sisof.no, her ligg ein del generell informasjon. T.d. rammeplan, årsplan, smittevern, Studentbarn avisa, lus informasjon, vedtekter, songperm m.m. LÅN AV BARNEHAGEN Foreldre kan låne barnehagen gratis, kontakt styrar for å låne nøkkel. Den har vore brukt til alt frå bursdagsfeiring, barnedåp, konfirmasjon, eller til å berre vere der å leike ein ettermiddag/ helg. RESERVE KLEDE Dersom de ryddar i skuffer og skap og ser at de har klede som barnet ditt ikkje brukar meir, tek barnehagen imot byteklede med stor takk; truser, strømper, strømpebukser eller stillongs, bukser, genser, m.m..

STYRAR PÅ KONTORET Dersom det er noko de vil snakke med meg om, kom inn på kontoret eller ring. Ingen saker er for store, ingen saker er for små. NB! Porten må alltid takast igjen både med kjettingen og låsen. Lat ikkje bilen stå på tomgang ved henting og bringing i barnehagen. Det er berre anledning å parkere bilane for av og påstiging, ingen langtidsparkering. Helsing Styrar

No er august månad forbi og kvardagen i barnehagen byrja å ta form. Me har i heile august jobba med tryggleik og tilvenning av nye barn og barn som har gått her før. På Sol har dei nå fått full barnegruppe, medan vi på Stjerne ventar på Hilde som startar opp i september/oktober. Dei fleste barna begynnar no å bli trygge i barnehagen og personalet tykkjer at tilvenningsperioden i år har gått fint. Å starte opp i barnehagen er nytt for både barn og foreldre, og ved at vi alle kommuniserer godt i lag, samarbeider og utvekslar idear og nødvendige opplysningar ligg alle føresetnader til rette for at alle skal trivast og finne seg godt til rette i barnehagen. Det me har lagt vekt på denne månaden er å prøve å fylgja dagsrytmen best mogeleg, slik at barna kan få tryggleik i at ting skjer til faste tider. Alle barna har fått sin stol og faste plass ved bordet, dette for å skape tryggleik hos barna. Me vil også no i september ha god tid til å leggja til rette for at alle skal bli trygge og kjende med dei ulike rutinesituasjonane i barnehagen, og me skal jobba med å finna gode rutinar som passar for alle. Har starta opp med fast songstund før frukt kl. 9.30. Me brukar enkle songar med bevegelse som barna lett kan kjenna att og namnesongar. Kvar song har sitt bilde, noko som hjelper barna til å kjenne att songen vi skal synge. Viktig og gi merksemd til den enkelte, og skape tilhøyre og vi føling i barnegruppa. I august har me feira Julian, og i september feira me Emilie som hadde bursdag i sommar. Hurra, hurra!! Bilde frå blåbærtur, og tur på Stedje. LEIK, FYSISK OG PSYKISK HELSE. Leken skal ha en framtredende plass i barnas liv i barnehagen. (Rammeplan s. 25) Ein viktig del i barnehagen er at barna skal kunne leika med andre barn under trygge forhold. Leiken er viktig for barna si utvikling og læring. Gjennom leiken brukar barna kroppen sin, og får slik motorisk trening og kunnskap om korleis kroppen fungerer. Me har og fokus på det å dele, å hjelpa, å vise omsorg for kvarandre. Alle skal føle seg akseptert og like viktige i barnegruppa. Det er viktig i prosessen der barna skal utvikle seg til å vere sjølvstendige og trygge på seg sjølve som individ. Gjennom dette barnehageåret skal Ingvild (Stjerne) og Bodil (Måne) gjennomføre eit utviklingsprosjekt som går på tema fysisk og psykisk helse. Jf. dokument for tema for barnehageåret. I perioden vi no går i møte skal vi legge til rette for fysisk aktivitet ute og inne. Dette vil bli gjennomført som eit samarbeidsprosjekt der heile barnehagen er med. Barna blir oppdelt i grupper. Nokre grupper vil vere inne med tilrettelagt for hinderløype, andre grupper vil vere ute i naturen. Sjå vekeplan for detaljar.

Ved at vi legg til rette for fysisk aktivitet veit me at det også har positiv verknad på barna si mentale helse, evne til sosialt samspel, evne til å konsentrere seg og å lære, og såleis gjer at barna trivst betre. MEG SJØLV No i starten i barnehagen er det viktig å fokusere på kvart enkelt barn, framheva barnet på ein positiv måte overfor dei andre i gruppa. Lære seg sjølv og dei andre å kjenne. Det er naturleg for alle barn å bruke kroppen for å bli bevisst seg sjølv. Difor har me valt å bruke ein del songar som me kan bevega oss etter, og songar som går på kroppen. Me vil også ha formingsaktivitetar som går på dette temaet. Bevegelsesanger: God morgen alle sammen. Hokus og pokus.. Oppe på fjellet... Lille Petter edderkopp.. Lillegutt kan tromme... Hjulene på busse.. Hode skulder kne og tå.. Så klappa me på.. Hendene våre spelar vi med.. Tommelfinger, tommelfinger.. NB! Teksten på sangene ligg på nettsida til barnehagen. For å kunne legge opp til aktivitetar som passar til forskjellige alders- og modningsnivå, vil me dele opp litt etter alder. Eksempel på dette kan vere at dei eldste barna er på tur, og dei yngste er inne. Eller dei eldste er inne og har formingsopplegg, medan dei yngste er ute. Høustsanger: Epler og pærer.. Blada faller ned.. Hausten kommer.. Epler pærer plommer.. HAUST Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle årstider og i all slags vær. (Rammeplan s.38) For små barn opplever vi det er nærliggande å bruke dei ulike årstidene som tema. Det er konkret og noko som i seg sjølv gir grunnlag for gode opplevingar og læring. Hausten står for tur, og me vil bruke denne tida til å sjå på endringane i naturen, og gi barna erfaring med denne årstida. Me vil ta med oss barna ut i naturen.( stien mot Trudvang skule, gamma på Rutlin og elvebakken) sjå på det me finn eventuelt ta det med i barnehagen og bruke det til formingsmateriell, lage haustbilde. Me brukar haustfargar og syng haustsongar. Håper alle føler seg velkommen i barnehagen og at de spør om ting er uklart eller det er noko dikka lurer på Helsing personalet på Sol og Stjerne

MÅNADSOVERSIKT SOL OG STJERNE SEPTEMBER 2012 Måndag 3. Måne.15 Tysdag 4. Stjerne Onsdag5 Torsdag 6 Sol Fredag 7 Lapskaus Måndag 10 Startar opp med grupper på heile huset. Måne.15 Feire Emil år! Tysdag 11 Stjerne Onsdag 12 Turdag i smågrupper Torsdag 13 Sol Formingsaktivitet Fredag 14 Pølse med potetstappe Måndag 17 Tysdag 18 Onsdag 19 Torsdag 20 Fredag 21 Måne.15 Grupper på heile huset. Stjerne Turdag i smågrupper Feire Theo 2 år! Sol Feire Kevin Andre 1 år! Formingsaktivtet Skinke, pasta og pastasus Måndag 24 Tysdag 25 Onsdag 26 Torsdag27 Fredag 28 Måne.15 3 F STUDENT PÅ STJERNE OG SOL FRAM TIL 23 OKTOBER Stjerne Turdag i smågrupper Sol Formingsaktvitet Graut Grupper på heile huset. PS: Dette er grovskisser, sjekk vekeplan for eventuelle endringar.

MÅNADSOVERSIKT SOL OG STJERNE OKTOBER 2012 Måndag 1 Måne.15 Grupper på heile huset. Tysdag 2. Stjerne Onsdag 3 Turdag i smågrupper Torsdag 4 Sol Formingsaktivtet Fredag 5 Fiskekarbonadar, pommes frites og grønsaker Måndag 8 Tysdag 9 Onsdag 10 Torsdag 11 Fredag 12 Barnehagen stengt. Planleggingsdag for personalet Stjerne Sol Pølse med potetstappe Måndag 15 Tysdag 16 Onsdag 17 Torsdag 18 Fredag 19 Måne.15 Stjerne Sol Lapskaus ENNI VERA 2 ÅR! Måndag 22 Måne.15 Tysdag 23 Stjerne 10-11 Onsdag 24 Turdag i smågrupper Torsdag 25 FN- Basar 14.30-16.15 (sjå oppslag på døra når tida nærmar seg) Fredag 26 Graut Formingsaktivitet PS: Dette er grovskisser, sjekk vekeplan for eventuelle endringar.

EVALUERING AV AUGUST, MÅNE Vi er enno i ein bli kjent fase der vi lærer barna å kjenne, og dei lærer kvarandre, personalet og avdelinga sin dagsrytme å kjenne. Tryggleik er noko som er i fokus og som legg grunnsteinane i arbeidet framover. I gangen vil det kvar veke henge ein vekeplan slik at de kan følgje med litt på kva som skal skje frå dag til dag (endringar på planar kan skje undervegs). Annakvar fredag vil vi prøve å henge opp ein fotoreportasje der vi viser litt av det vi har gjort dei siste to vekene. Hausten er på veg til å ta oss med storm og den gir oss muligheit både til sansing og smaking Vi har allereie vore på små turar i mindre grupper i nærmiljøet og til Kaupanger på blå bærplukking. Vi har vore i grønsaksåkeren vår og teke opp både poteter og gulrøter. Entreprenørane våre har starta opp med kafé- drift, dei har vore med på førebuing og gjennomføring av Bli kjent- middag. Spennande og kjekt å få vera med i kafé- gjengen. (Dei eldste i barnehagen). Kjekt at så mange foreldre kunne komme på middagen. I år er det 100 års jubileum for Torbjørn Egner. Vi vil ha fokus på det gjennom heile året ved å låne bøker og velje ut ein månadsong frå forfattarskapen hans. I august var det "Poltimester Bastian" frå boka "Folk og røvere i Kardemommeby". Barna er med og vel ut ny song for kvar månad. I september har vi valt "Tante Sofies vise". I august har me feira to bursdagar; Emilie 4 år og Nikolay 5 år, hurra!

PLANAR FOR SEPTEMBER OG OKTOBER, MÅNE Prosjekt fysisk og psykisk helse: Vi har starta opp med aldersinndelte grupper der vi legg opp til ulike fysiske aktivitetar. Mellom anna hinderløype ute og inne i barnehagen og turar i nærmiljøet. Det vert i første omgang kvar måndag i fire veker. Vi har fått låne nøkkel til gamma på Rutlin av Trudvang Skule. Vi rullerar på dei ulike aktivitetane og kvar måndag vil ei gruppe vere ved gamma. Dei et også lunsj der. Sjå inndeling av grupper og meir info om dette på vekeplan. Barn er skapt for å vere i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår, og det er samstundes den billigaste, enklaste og kan hende også den mest morosame metoden for å få betre helse. Regelbun-den fysisk aktivitet gjev mellom anna betre kondisjon, auka muskelstyrke, betre ledd-funksjon og rørsle, betre søvnkvalitet og eit sterkare immunforsvar. Fysisk aktivitet har også positiv verknad på barns mentale helse, emne til sosialt samspel, emne til å konsentrere seg og lære, og såleis gjere at barn både trivst betre og presterer meir. Tema: Meg sjølv: Dette heng og saman med prosjektet fysisk og psykisk helse. Vi vil auke barn si forståing av seg sjølv og kroppen sin. Fokus på mestringsglede hos det enkelte barnet. Kva kan vi bruke kroppen vår til, hoppe, springe, danse m.m. Kva kler vi på oss? Kva farge har vi på auge og hår? Fokus på at vi alle er litt ulike. Vi ser på bilde av korleis vi ser ut når vi er glade, sinte, lei oss. Og vi vil bruke sanseboksar. Songar er; "Hode, skulder kne og tå", "Vi har to øyner", "Hvis dine ører henger ned", Fingrene våre spiller vi med" og "Buggi, buggi". Tema hausten: Vi ser på haustfargar og at naturen forandrar seg. Barna malar haustbilde og vi skal ha ei epleveke i oktober der barna lagar epletrykk og eplemos. Kafé- gjengen: Barna gjorde ein flott innsats til Bli kjent- middagen, neste prosjekt blir den årlege FN basaren vår i oktober. Fagområda: Dei fagområda vi har mest fokus på i september og oktober er "Kropp, bevegelse og Helse" og "Natur, miljø og teknikk". "Kropp, bevegelse og helse: I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motoriske ferdigheiter, kroppsmeistring, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. "Natur, miljø og teknikk: Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk." (Jmf rammeplanen) Barns medverknad: Vi må legge til rette for og lage rom for at barna skal få komma med sine meiningar, slik at vi kan ta deira meiningar med når vi planlegg barnehagedagen. Og de som foreldre kan og bidra til å formidle barnet sine tankar og ønskjer. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Barnehageloven 3 Barns rett til medvirkning)

Melding heim: Vi er no komne til hausten og temperaturen søkk, minner difor om at de må ta med varme og gode ytterklede og skifteklede, - då vi kan ha mange våte dagar i vente. Det vil bli gjennomført foreldresamtalar for nye barn i oktober. Direkte tlf. nr på Måne: 576 73501 Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt Helsing personalet på Måne

SEPTEMBER 2012, MÅNE 10 11 12 13 14 Prosjekt: Fysisk og psykisk helse. Grupper og aktivitetar sjå vekeplan. Formingsaktivitet Tema: Meg sjølv. Musikksamling Formingsaktivitet Tema: Meg sjølv 1F studentar, praksisdag Graut Feire Emil sin 5 års dag, hurra! 17 18 19 20 21 Prosjekt: Fysisk og psykisk helse. Grupper og aktivitetar sjå vekeplan. Måne.15 10-11 Stjerne Ei gruppe på besøk til brannstasjonen. 2F studentar praksisdag, opplegg med dei som ikkje er på brannstasjonen. Formingsaktivitet Tema: Meg sjølv Sol Pastasaus og makaroni 24 Prosjekt: Fysisk og psykisk helse. Grupper og aktivitetar sjå vekeplan. 3F student i 4 veker framover. 25 10-11 Stjerne 26 2F studentar praksisdag, opplegg i barnehagen, tema musikk. 27 Sol 28 Gryterett og potetstappe Måne.15 Det kan skje forandringar på planane så følg med på vekeplanen i gangen. (Og for meir detaljert informasjon.) Det vert også spontane turar i mindre grupper.

1 OKTOBER 2012, MÅNE 2 3 4 5 Prosjekt: Fysisk og psykisk helse. Grupper og aktivitetar sjå vekeplan. Måne.15 8 Epleveke Lage eplemos 10-11 Stjerne 9 10 Formingsaktivitet: Epletrykk Sol FORELDREMØTE 11 12 Kylling, ris og saus Feire Sander 4 år, hurra! PLANLEGGINGS DAG Tema haust og haustfargar denne veka. Musikksamling Feire Amulya 5 år, hurra! Graut BARNEHAGEN ER STENGD 10-11 15 1 17 18 19 Overtakingsveke, studenten lagar vekeplan Måne.15 Stjerne 13.15-14 10-11 Musikksamling Sol Sjå vekeplan 22 23 24 25 26 Kafégjengen planlegg til FNbasaren denne veka. Måne.15 29 Feire Atulya 3 år, hurra! Stjerne 13.15-14 10-11 30 31 Musikksamling Feire Aurora 5 år, hurra! Musikksamling FN - BASAR (Sjå plakat når det nærmar seg.) Sjå vekeplan Det kan skje forandringar på planane så følg med på vekeplanen i gangen. (Og for meir detaljert informasjon. Det vert også spontane turar i mindre grupper.