Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) Vedlegg til detaljreguleringsplan for Sandvika i Kvinnherad kommune
Metode Det er gjennomført ein grovanalyse for risiko for liv og helse, materielle verdiar og miljø basert på retningslinjer i NS5814:2008 Krav til risikovurderingar, der risiko er definert som Uttrykk for kombinasjon av sannsynligheten for og konsekvensen av en uønsket hendelse. Risiko er knytt til uønskte hendingar, dvs. hendingar som i utgangspunktet ikkje skal inntreffe. Det er difor knytt usikkerheit til både om hendinga inntreff (sannsyn) og omfanget (konsekvens) av hendinga dersom ho inntreff. Analysen føl og retningslinjene i DSBs vegleiar Samfunnssikkerhet i arealplanlegging (rev. januar 2010). Definisjonar Begrep Konsekvens Risiko Risikoanalyse Risikoreduserande tiltak Sårbarheit Sannsyn Definisjon Mogeleg følgje av ei uønskt hending. Konsekvens kan uttrykkas med ord eller som ein talverdi. Konsekvens kan vere knytt til tap av eller skade på til dømes liv/helse, miljø, materielle verdiar, funksjonar, samfunnsverdiar eller omdømme. (NS5814) Uttrykk for kombinasjon av sannsyn for og konsekvensen av ei uønskt hending. (NS5814) Systematisk framgangsmåte for å skildre og/eller berekne risiko. Risikoanalysen blir utført ved kartlegging av uønskte hendingar og årsakar til og konsekvensar av desse. (NS5814) Manglande evne hos eit analyseobjekt til å motstå verknadar av ei uønskt hending og til å gjenopprette sin opphavlege tilstand eller funksjon etter hendinga. (NS5814) I kva grad det er truleg at ein hending vil kunne inntreffe. Sannsyn kan uttrykkas med ord eller som ein talverdi. (NS5814) Kategorisering av sannsyn og konsekvens Sannsynligheitskategori Skildring (frekvens) 1. Lite Sjeldnare enn ei hending pr. 1000 år (>0,1 % årleg heit 2. Moderat I gjennomsnitt ei hending pr. 100-1000 år 3. Sannsynleg I gjennomsnitt ei hending pr. 10-100 år 4. Meget I gjennomsnitt ei hending pr. 1-10 år 5. Svært Oftare enn ei hending pr. år
Tabell 1. Definisjon av konsekvens. Konsekvenskategori Skildring 1. Svært liten Ingen personskade konsekvens Materielle skader <0-100 000> kr/ingen skade eller tap av samfunnsverdiar 2. Liten konsekvens 3. Middels konsekvens 4. Stor konsekvens 5. Svært stor konsekvens Ubetydelig miljøskade Personskade Materielle skader <100 000 >- 1 000 000> kr/ Uvesentleg skade eller tap av samfunnsverdiar Lokale* miljøskader Alvorleg personskade Materielle skader >1 000 000 10 000 000> kr/ Kortvarig eller tap av samfunnsverdiar Regional** miljøskade, restitusjonstid inntil 1 år Dødeleg skade, ein person. Store materielle skader >10 000 000 100 000 000> kr/ Skade eller tap av samfunnsverdiar med noko varigheit Dødeleg skade, fleire personar. Svært store materielle skader > 100 000 000 kr Varige skader eller tap av samfunnsverdiar. Irreversibel miljøskade * Med lokal miljøkonsekvensar er det meint konsekvensar på utsleppsområdet eller i umiddelbar nærleik av utsleppspunktet. ** Regionale konsekvensar omfattar konsekvensar for omgjevnadane i kommunen.
Vurdering av risiko GRØN GUL RAUD Akseptabel risiko risikoreduserande tiltak er ikkje naudsynt. Akseptabel risiko risikoreduserande tiltak må vurderast. Uakseptabel risiko risikoreduserande tiltak er naudsynt. Akseptkriteria for risiko er gitt av dei farga sonane i risikomatrisa under. Tabell 2. Risikomatrise. KONSEKVENS SANNSYN 1. Svært liten 2. Liten 3. Middels 4. Stor 5. Meget stor 5. Svært GRØN GUL RAUD RAUD RAUD 4. Meget GRØN GUL RAUD RAUD RAUD 3. GRØN GRØN GUL RAUD RAUD Sannsynleg 2. Moderat GRØN GRØN GUL GUL RAUD 1. Lite GRØN GRØN GRØN GUL GUL Risikoreduserande tiltak Med risikoreduserande tiltak meiner ein sannsynsreduserande (førebyggjande) eller konsekvensreduserande tiltak (beredskap) som bidreg til å redusere risiko, til dømes frå raud sone og ned til akseptabel gul eller grøn sone i risikomatrisen. Dei risikoreduserande tiltaka medfører at klassifisering av risiko for ein hending blir forskove i matrisa. Raude hendingar risikoreduserande tiltak er naudsynt Hendingar som ligg i det raude området i matrisa, er hendingar (med tilhøyrande sannsyn og konsekvens) vi på grunnlag av kriteria ikkje kan akseptere. Dette er hendingar som må fylgjast opp i form av tiltak. Fortrinnsvis omfattar dette tiltak som rettar seg mot årsaken til hendinga, og på den måten reduserer sannsynet for at hendinga skal inntreffe. Gule hendingar tiltak bør vurderast Hendingar i det gule området er hendingar som ikkje direkte er ei overskriding av krav eller akseptkriterium, men som krev kontinuerleg fokus på risikostyring. I mange tilfelle er dette hendingar som ein ikkje kan førebyggje, men der tiltak bør settast i verk så langt dette er kost- /nyttemessig hensiktsmessig.
Grønne hendingar akseptabel risiko Hendingar i den grøne sona i risikomatrisa inneber akseptabel risiko, dvs. at risikoreduserande tiltak ikkje er naudsynt. Dersom risikoen for hendingane kan reduserast ytterlegare utan at dette krev betydelig ressursbruk, bør ein vurdere å sette i verk tiltak òg for desse hendingane. Fareidentifikasjon og sårbarheitsvurdering Innleiande farekartlegging Tema i tabellen under er henta frå sjekkliste utarbeida av beredskapsseksjonen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fare med tilhøyrande hending Naturgitte forhold Snø-, jord-, steinskred eller større fjellskred Flodbølgjer som fylgje av fjellskred i vatn/sjø Ustabile grunnforhold Flaum eller flaumskred Skogbrann/lyngbrann Ekstremvêr/stormflo medrekna havnivåstigning som følgje av endring av klima Radon Omgjevnad Regulerte vassmagasin i nærleiken, med særskild fare for usikker is Terrengformasjonar som utgjer særskild fare (stup etc.) Fare for oversvømmelse i lågareliggjande område som ein fylgje av tiltaka i planen Verksemdsrisiko Særskilt farlege anlegg Utilsikta/ukontrollerte hendingar i nærliggande verksemder (industriføretak etc.) som kan utgjere ein risiko Brann-/ulykkesberedskap Tilstrekkeleg sløkkjevassforsyning Vurdering om tema skal inngå i denne analysen Temaet blir vurdert i denne analysen. Temaet blir vurdert i denne analysen. Ifølge Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) sitt kvartærgeologiske kart er det grunn til å vente bart fjell med stadvis tynt lausmassedekke i området vest for Ænes. Andre stader i nærleiken er det funne morene/grusavsetningar i mellom fjell i dagen. Det er ingen grunn til å vente vanskelegare fundamenteringstilhøve i planområdet. Temaet blir difor ikkje vurdert. Det er ingen vassdrag i planområdet. Temaet blir ikkje vurdert. Planområdet er avgrensa på alle kantar av høvesvis Fv 551 i sør, fjorden i nord, bebygd område i vest og ein bratt fjellskrent i aust. Temaet blir difor ikkje vurdert. Temaet blir vurdert. Temaet blir vurdert. Dei nye bygga vil bli kopla til anlegg for vassforsyning. Behovet for sløkkjevatn vil ikkje bli auka i stor grad samanlikna med dagens situasjon, og temaet blir difor
Tilkomstruter for utrykkingskjøretøy Infrastruktur Kjende ulykkespunkt på transportnettet i området Utilsikta/ukontrollerte hendingar som kan inntreffe på nærliggande transportårer Transport av farleg gods til/gjennom området Kraftforsyning Påverknad frå magnetfelt frå høgspentliner Særskild klatrefare i høgspentmaster Endring (styrking/svekking) av forsyningstryggleiken i området som ein fylgje av tiltaka Vassforsyning Tilstrekkeleg vassforsyning i området Tiltak i eller nær nedslagsfelt for drikkevatn, eventuell risiko for vassforsyninga Sårbare objekt Bortfall av fylgjande tenester og særskilde ulemper for området: - elektrisitet - teletenester - vassforsyning - renovasjon/spillvatn Særskilde brannobjekt i området Omsorgs- og oppvekstinstitusjonar i området Påverknad/forureining frå tidligare bruk Gruver: opne sjakter, steintippar etc. Militære anlegg: fjellanlegg, piggtrådsperringar etc. Industriverksemd som t.d. avfallsdeponering Ulovleg verksemd Tiltaket i seg sjølv som sabotasje-/terrormål Potensielle sabotasje-/terrormål i nærleiken ikkje vurdert. Tilførselsveg er i planomtalen vurdert til å vere av ein slik kvalitet at utrykkingskjøretøy ikkje vil ha problem med å kome fram, og temaet vil difor ikkje bli vurdert. Det er ingen kjende ulykkespunkt i nærleiken, og temaet blir difor ikkje vurdert vidare. Strekninga på Fv 551 ved planområdet er rett og oversiktleg, og risikoen for utilsikta/ukontrollerte hendingar er liten. Temaet blir difor ikkje vurdert. Tiltaka i planen vil ikkje føre til transport av farleg gods til området. Rett og oversiktleg vegstrekning forbi planområdet tilseier heller ikkje at det skal vere særskild fare knytt til transport av farleg gods på fv551 forbi området. Temaet blir difor ikkje vurdert vidare. Næraste høgspentlinje er om lag 150 meter frå næraste opphaldsområde i planområdet, og temaet blir difor ikkje vurdert vidare. Fritidsbustadane i planen vil bli kopla til anlegg for vatn og avløp frå Ænes. Dette vil sikre tilstrekkeleg vassforsyning. Temaet blir difor ikkje vurdert. Bortfall av til dømes elektrisitet i kortare periodar kan førekome, men vil ikkje føre til særskilde ulemper for fritidsbustadar, som ikkje er meint for permanent busetnad. Temaet blir difor ikkje vurdert vidare. Tiltaka i planen er normalt ikkje rekna som særskilde brannobjekt, og temaet blir difor ikkje vurdert vidare. På bakgrunn av farekartlegginga ovanfor er fylgjande tema vurdert som relevante, dvs. at dei inngår i den etterfylgjande overordna sårbarheitsvurderinga: 1. Snø-, jord-, steinskred eller større fjellskred 2. Flodbølgjer som fylgje av fjellskred i vatn/sjø 3. Ekstremvêr/stormflo 4. Radon
Overordna sårbarheitsanalyse I denne analysen er sårbarheit gradert etter fylgjande: svært sårbart moderat sårbart lite sårbart ikkje sårbart Snø-, jord-, steinskred eller større fjellskred I tråd med tilbakemelding frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til oppstartsmeldinga er dei gamle aktsemdskarta for stein- og snøskred frå Norges geologiske undersøkelse (NGI) (Figur ) lagt til grunn for vurderinga. Planområdet er ikkje markert som potensielt fareområde. Området er difor vurdert som lite sårbart for skred. Figur 1. Aktesmedskart for stein- og snøskred frå Arealis. Raudt område er potensielt fareområde. Flodbølgjer som fylgje av fjellskred i vatn/sjø Fylkesros Hordaland 2009 peikar på at flodbølgjer kan verte utløyst av store snøskred som går i fjorden, men at slike flodbølgjer til no ikkje har representert større fare for liv og helse. Det er ikkje registrert mange snøskred i nærleiken av planområdet (jamfør Arealis kartdata), og området er difor vurdert til å vere lite sårbart for flodbølgjer.
Ekstremvêr/stormflo Areala ligg ned mot sjøen, og skrånande terreng gjer at nedbør ikkje vil samle seg opp i området. Området er difor vurdert til å vere lite sårbart for ekstremnedbør. Sjølv om området ligg ope mot fjorden er det ikkje særskild vindutsett. Dei indre delane av Kvinnherad er langt mindre vêrutsett enn dei meir kystnære områda lenger ute. Området er difor vurdert til å vere lite sårbart for ekstremnedbør. Området ligg ved fjorden, og må reknast som potensielt utsett for stormflo, medrekna havnivåstigning som fylgje av endring i klima. Rapporten Havnivåstigning Estimater av framtidig havnivåstigning i norske kystkommuner (2009) utgitt av Det nasjonale klimatilpasningssekretariatet ved Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap konkluderer med at havnivået langs norskekysten er forventa å stige med rundt 70 cm langs Sørland- og Vestlandskysten i det 21. århundre. Usikkerheit knytt til dei ulike framtidige bidraga til havstigning gjer at havstigninga kan bli 20 cm lågare til 35 cm høgare. Det er utarbeida verdiar for framtidig havstigning for alle kommunar med kystlinje. For Kvinnherad er havstigninga berekna til å vere 23 cm (intervall 15-37 cm) i 2050 og 74 cm (intervall 54-109 cm) i år 2100. Maksimumsverdiar for 100 års stormflo er berekna til 168 cm i 2050 og 224 cm i 2100. Området er vurdert som moderat sårbart for havnivåstigning og stormflo.. Figur 2. Estimert framtidig havnivåstigning. Frå rapporten "Havnivåstigning -Estimater av framtidig havnivåstigning i norske kystkommuner" (2009). Radon Radon er ein naturleg, radioaktiv gass utan farge, lukt eller smak, som blir danna frå nedbryting av radium. Grunnstoffet radium førekjem naturleg i små mengder i dei fleste bergartar og jord. Dei høgaste konsentrasjonane av radon finn ein i område med alunskifter, granittar, pegmatittar og lausmassar eller morenegrunn. Radon treng inn i bygg gjennom utettheiter i konstruksjonen, rundt røyrgjennomføring, sluk og liknande. Radon gjev auka risiko for utvikling av lungekreft. Statens strålevern anbefaler at alle bygg bør ha så låge radonnivå som mogeleg innanfor anbefalte grenser. Tiltaksgrense bør ligge på 100 Bq/m 3, men tiltak kan og vere aktuelt under dette nivået. Maksimumsgrensa bør ligge på 200 Bq/m 3.
Det er ikkje gjort undersøkingar av radon i planområdet. Berggrunnen består av granitt, med eit tynt lausmassedekke over. Dette kan tyde på at det er potensiale for radon i berggrunnen. Området blir difor vurdert som moderat sårbart for radonpåverknad. Val av hendingar til ROS Med grunnlag i sårbarheitsvurderinga er fylgjande representative og beslutningsrelevante uønskte hendingar valde ut for ein meir detaljert risikovurdering Nr. Skildring 1. Havnivåstigning/stormflo 2. Radon
Risikovurdering Hending 1: Havnivåstigning/stormflo Drøfting av sannsyn: Planen opnar for nye bygg på kotehøgde 4m (utleigehytter) og 1-2m (naust). I tillegg ligg eksisterande naust på kotehøgde 0-1m.Forventa havnivåstigning og maksimum stormflo vil utgjere om lag 1,4m i 2100. Nausta vil vere utsett for havnivåstigning, medan utleigehyttene ikkje vil vere utsett, sjølv om stormflo vil kome nære grunnflata til bygga. Det er meget (i gjennomsnitt ei hending pr. 1-10 år) at nausta vil bli utsett for stormflo som når over grunnflata av bygga. Drøfting av konsekvens: Liv og helse: Oversvømming ved stormflo vil ikkje kome hurtig, og det er dessutan ikkje lagt opp til busetnad i dei lågaste områda. Me antar difor at konsekvens for liv og helse vil vere svært liten ingen personskadar. Ytre miljø: Det er ingen kjelder til forureining eller liknande i planområdet som kan tenkast å skade det ytre miljø ved oversvømming. Konsekvens: svært liten. Materielle verdiar: Materielle verdiar som kan verte skada ved oversvømming er kai, flytebryggje og naust. Kai og flytebrygge vil normalt tole oversvømming utan at det fører til skade med økonomiske følgjer. Oversvømming vil kunne føre til skade på nausta, med ein liten økonomisk skade i storleik 10.000 100.000 kr i kvart tilfelle. Konsekvens: svært liten.
Oppsumering: Sannsyn Konsekvens Risiko Verdi 1 2 3 4 5 1 2 3 4 5 GRØN GUL RAUD Liv og X X X helse Ytre X X X miljø Materielle verdiar X X X Hending 2: Radon Drøfting av sannsyn: Vinteren 2000/2001 blei det gjennomført ei fase 1-kartlegging av radon i inneluft i Kvinnherad kommune i samband med den landsomfattande undersøkinga Radon 2000/2001. Det vart gjort undersøkingar i 6 % av husstandane i kommunen. Av dei hadde 3 % ein radonkonsentrasjon høgare enn anbefalt tiltaksnivå på 200 Bq/m 3. Gjennomsnittleg årsmiddelverdi av radonkonsentrasjon vart berekna til 46 Bq/m 3. Berggrunnen tyder på at det kan vere høge verdiar av radon-gass i planområdet. Det er likevel ingenting som tyder på at det er høgare verdiar her enn i andre lokalitetar i området. Det er at det kan vere verdiar over anbefalt tiltaksgrense på 100 Bq/m 3, som kan føre til alvorlege helseskader. Vurderinga av sannsynet for hendingar knytt til radon er i gjennomsnitt ei hending pr. 10-100 år,. Drøfting av konsekvens: Liv og helse: Høge verdiar av radon kan vere svært skadelege for liv og helse. Planen opnar ikkje opp for bygg med fast busetnad. Dei negative konsekvensane av høge verdiar av radon vil difor vere mindre enn til dømes for eit bustadfelt. Med vanlege radonførebyggande tiltak, jamfør byggteknisk forskrift til Plan- og bygningslova 13-5, vil det vere liten konsekvens knytt til radon. Ytre miljø: Høge verdiar av radon vil ikkje føre til skade på det ytre miljø. Materielle verdiar:
Høge verdiar av radon vil ikkje føre til skade på materielle verdiar. Oppsumering Sannsyn Konsekvens Risiko Verdi 1 2 3 4 5 1 2 3 4 5 GRØN GUL RAUD Liv og X X X helse Ytre X X X miljø Materielle verdiar X X X Samla risikoanalyse Risikovurdering Risikomatrisen under viser vurderinga samla for dei to hendingane. KONSEKVENS SANNSYN 1. Svært liten 2. Liten 3. Middels 4. Stor 5. Meget stor 5. Svært 4. Meget 1 MV 3. 2 LH Sannsynleg 2. Moderat 1. Lite 1 LH, YM YM, MV, 2 1) Havnivåstigning/springflo LH - Liv og helse YM Ytre miljø 2) Radon MV Materielle verdiar Konklusjon Det er ikkje funne nokon hendingar med raud, uakseptabel risiko som difor krev risikoreduserande tiltak. Sidan alle hendingane er i grøn sone er det i utgangspunktet ingen tema i planområdet som opptrer med høg risiko.
Risikoreduserande tiltak Sjølv om det ikkje er identifisert høg risiko ved havnivåstigning/springflo eller radon er det likevel tilrådeleg med nokre risikoreduserande tiltak: Havnivåstigning/springflo: Byggemateriale og bruken av nausta må tilpassast slik at konsekvensane ved havnivåstigning/stormflo ikkje blir store. Eit nytt naust bør plasserast høgare enn naustet som ligg der i dag, for å redusere dei negative konsekvensane ved havnivåstigning/stormflo. Radon: Bygningar i planområdet må prosjekterast og utførast med randonførebyggande tiltak, jamfør byggteknisk forskrift til Plan- og bygningslova.