Servicetorget MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomen sitt kommunestyre (UK). Møtestad: Luster rådhus, møterom 2. et. Møtedato: 05. desember 2016. Start kl. 12.45 Slutt kl. 14.40 Til stades på møtet: Medl. og varamedl.: Luster ungdomsskule: Kine Hauge og Sebastian Joranger. Hafslo barne- og ungdomsskule: Inger Anne Bruheim og Helene Selland. Sogndal v.g. skule: Lene Teigen, Karol Jozef Szczupka og Bente Bergum. 4-H: Ida Falkgjerdet Svåi. Idrettslaga: Anja Kvalsøren. Politisk repr.: Kr.f.: Jonatan Hurthi. Meldt forfall: Fråvær: Luster ungdomsskule: Vebjørn Viem Elvekrok. Administrasjonen: Erling Bjørnetun og ungdomskontakt Nanna Steinberg (sak 39/16) og sekretær Liv Helen Nystuen. Andre: Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun, sak 38/16. Saker til handsaming: Sak 34/16 Godkjenning av innkalling. Sak 35/16 Godkjenning av sakliste. Sak 36/16 Godkjenning av møtebok frå møte den 03. november 2016. Sak 37/16 Skriv og meldingar. Sak 38/16 Budsjett 2017, økonomiplan 2017-20 og planleggingsprogram 2017-20. Sak til uttale. Sak 39/16 Aktivitetsplan 2015 2016. Sak 40/16 Ymse. Underskrift: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemane, varamedlemane, barne- og ungdomskontakt Nanna Steinberg, Erling Bjørnetun, ordførar, varaordførar, rådmann, Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule, Luster v.g. skule, biblioteket, Sogn Avis, revisor og fadder for UK i Luster Emma Berge Ness ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
Side 2 Sak 34/16 Sak 35/16 Godkjenning av innkalling. Innkallinga vart samrøystes godkjend. Godkjenning av sakliste. Saklista vart samrøystes godkjend. Sak 36/16 Godkjenning av møtebok frå møte den 03. november 2016. Lene Teigen og Kine Hauge vart valde til å skrive under på møteboka frå møte den 3. november 2016. Sak 37/16 Skriv og meldingar. a) Luster kommune, - Offentleg ettersyn: Formannskapet sitt framlegg til budsjett 2017, økonomiplan 2017-20 og planleggingsprogram 2017-20. b) UKM Norge, - Nyhetsbrev frå UKM Norge. Vedk. pkt. a) blir handsama som eiga sak 38/16. Ungdomen sitt kommunestyre hadde ikkje merknader til pkt b). Sak 38/16 Budsjett 2017, økonomiplan 2017-20 og planleggingsprogram 2017-20. Framlagde dokument: Formannskapet sitt høyringsdokument. Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun orienterte om formannskapet sitt høyringsutkast til budsjett 2017, økonomiplan 2017-20 og planleggingsprogram 2017-20. Arbeidsutvalet si tilråding: Ungdommen sitt kommunestyre (UK) har ingen endringsframlegg til budsjettframlegget som er ute på høyring. Men, - UK vil peika på at det er viktig å koma i gang med rehabilitering av Idrettshallen og etablering av yrkesskulebygget/friskhuset og Motorsportanlegget. Etter orienteringa og drøfting i UK vart det gjort fylgjande samrøystes vedtak: Ungdommen sitt kommunestyre (UK) har ingen endringsframlegg til budsjettframlegget som er ute på høyring. Men, - UK vil peika på at det er viktig å koma i gang med rehabilitering av Idrettshallen og etablering av yrkesskulebygget/friskhuset og Motorsportanlegget. Sak 39/16 Aktivitetsplan 2015 2016. Framlagde dokument: Aktivitetsplan 2015-2016, ajour pr. 03. november 2016. Ida føretok ein gjennomgang av dei ulike tiltaka, jfr. framlagt dokument, og det vart drøfta om det er tiltak UK ikkje skal prioritera og drive med og om det er nye tiltak som skal prioriterast. Opplæring av UK-medlemane. Konstituerande møte vart gjennomført 3. november med stort frammøte av medlemane og varamedlemane. Leiar og sekretær føl opp med innkalling til møte i AU og UK ved behov.
Side 3 Val til ungdomsstyre for ME`N`U. Ungdomskontakt Nanna Steinberg orienterte. Prosjektnamnet ME`N`U står for både Me and You og menu. ME`N`U er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune, Luster frivilligsentral og kyrkja i Luster. ME`N`U har eige ungdomsstyre som planlegg kveldane. Innhaldet varierar frå gong til gong, men hovudvekta vil vera fysisk aktivitet og sosial moro. Det vart vidare orientert om ønskje om å ha ME`N`U skjeldnare, med større og betre kvalitetet på tilboda og bruke Idrettshallen, Fjordstova i Skjolden og i samfunnssalen på Hafslo til aktivitetane. Luster frivilligsentral kjem meir inn i drifta av ME`N`U då Nanna sluttar i stillinga ved årsskiftet. UK handsama saka om val til ungdomsstyret i ME`N`U i møte den 3. november 2016, sak 30/16 og Inger Anne Bruheim vart vald til medlem og Helene Selland vart vald til varamedlem i ungdomsstyret i ME`N`U for skuleåret 2016-2017. Val til folkehelserådet. Her vert det avventa ny organisering i Folkehelsearbeidet før det vert føreteke ev. val av medlem frå UK til folkehelseråd. Nettverkssamling på Skei 19. 20. november 2016. Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane (UPU) inviterarar til samling kvar haust. Samlinga handlar generelt om opplæring i arbeid med ungdomsråd og rammeprogrammet for samlinga. UK handsama saka om val av utsendingar til Nettverkssamlinga i møte den 3. november 2016, sak 31/16 og Anja Kvalsøren, Kine Hauge og Marie Skamsar Aasen vart samrøystes valde som utsendingar til Nettverkssamlinga. LustraLAN. Det har vore gjennomført slike arrangement på Hafslo samfunnsbygg dei siste åra, med bra deltaking. Det siste skuleåret var det ikkje vald medlem frå UK til arrangørteamet. Erling vil kontakte dei siste som var ansvarlege for arrangementet for status og om det er planlagt nytt arrangement. Etter drøfting i UK vart det vedteke å avventa status for nytt LustraLANarrangement før UK ev. drøftar val av repr. til arrangørteamet. Vidareutvikling av Lustramarknaden. Lustramarknaden, som dei siste åra er utvida både i tid og geografisk område, har opna opp for ulike arrangement i heile kommunen ei heil veke. I tillegg til den store marknadsdagen på laurdag vert det arrangert LustRabalder i Parken fredag og laurdag. Korleis ser UK føre seg fleire aktivitetar og meir tilbod til ungdomen i denne veka? Etter drøfting i UK vart det vedteke å gjennomføra gruppearbeid på neste UK-møte for om mogeleg å få idear til fleire aktivitetar/nye tilbod for ungdom i denne veka.
Side 4 Lokalt arrangement av UKM 2017. Nanna Steinberg orienterte. På møte i UK en 3. november 2016, sak 32/16 vart det vedteke at UK gjekk for samarbeid med Sogndal kommune om ei felles lokal UKMmønstring i Sogndal i februar 2017. Som ansvarleg frå UK i Luster inn i arrangørteamet vart Marie Skamsar Aasen vald. Fleire repr. frå Luster skulle veljast på f.k. møte i UK, som også ville omfatte omfanget av hjelp og støtte frå administrasjonen. Frist for å registrere dato for kommunemønstringa 2017 var 1. desember 2016. Nanna orienterte om at det blir lokal mønstring i Sogndal felles med Sogndal og Leikanger, som også har meldt frå at dei går for samarbeid. Første møte i arrangørteamet er 8. desember 2016 kl. 10.00 ved Sogndal v.g.skule. Nanna sluttar i si stillinga ved årsskiftet, difor kan ikkje arrangørteamet rekna med noko særleg støtte frå administrasjonen i Luster ved gjennomføringa av UKM-arrangementet 2017. Etter drøfting i UK kom dei fram til at dei tre representantane Karol Jozef Szczupka, Anja Kvalsøren og Kine Hauge stiller i arrangørteamet dersom dei/uk ikkje finn andre til å stilla for dei. Karol meldte seg til å bli med på møtet i Sogndal den 8. desember. Status ang. arrangørteamet blir lagt fram i første møte i AU. Kulturutveksling. Kulturutveksling med vennskapskommunen til Luster i USA som er Vernon Co., WI. Og byen Viroqua som er senteret i denne kommunen. Utvekslinga føregår på den måten at ungdommar i aldersgruppa 14-17 år frå Luster søker om å få vera med på denne utvekslinga, blir «adoptert» inn i ein amerikansk familie med ungdom på same alder, og gjennomførar eit prosjektarbeid der borte på den tida som vert valt ca. 14 dagar. Tilsvarande for amerikanske ungdomar som kjem til Luster. Her er det naturleg at familien til den som fekk delta i USA vert vertsfamilie, og at det nye familiemedlemet vert teken vare på som ein av «alle» i vedk. familie. Reisekostnadene vil koma på ca. 12.000, men har delvis vorte dekka gjennom eit tilskot frå UK på ca.kr. 5.000. Søknadsfrist har vore 15. mars. I 2016 var det ein søkjar om kulturutveksling, men som i staden valde å ta eit heilt skuleår i USA. Søknadsskjema følgjer som vedlegg til protokollen. Etter drøfting i UK vart det vedteke å satse vidare på kulturutveksling med vennskapskommunen til Luster i USA. Ordninga var lite kjend blant medlemane i UK og dei ber difor om at ordninga med kulturutveksling vert gjort kjend ved skulane i kommunen og annonsert på heimesida til kommunen i god tid før søknadsfristen 15. mars. Stipendordning. UK vedtok på møte den 14. februar 2012, sak 5/12 gjeldande stipendordning. UK si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utvekslings- /læringstiltak for ungdom frå Luster kommune i alder 16 19 år. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år. Søknadsskjema følgjer som vedlegg til protokollen. Etter drøfting i UK vart det vedteke å satse vidare på tilbodet med stipendordninga, med søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år.
Side 5 Fylkesting for ungdom. Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane (UPU) inviterarar til Fylkesting kvar vår. Fylkestinget vert i 2017 arrangert 24. 26. april. På tinget vert det lagt opp til skulering i tale- og debatt-teknikk, gruppedebatter og spørjetime. Det skal også veljast nye representantar til ungdomspolitisk utval. Administrasjonen føl opp dette når invitasjonen til tinget er motteken. Lokale transporttilbod for ungdom (LTU). Sogn og Fjordane fylkeskommune har dei siste 10 12 åra invitert kommunane og ungdomsråda i kommunane til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar. Luster kommune og UK har søkt og fått innvilga tilskot kvart år. For 2016 vart søknaden innvilga med eit tilskot på kr. 50.000. Tilbodet har vore meir nytta i 2016 enn i 2015, og det er rapportert køyring for tilsaman kr. 61.285 f.o.m. november 2015 t.o.m. september 2016. Plakat: «Transport for ungdom mellom 13-19, og busett i Luster» følgjer som vedlegg til protokollen. Administrasjonen føl opp dette når invitasjon om å søkje prosjektmidlar er motteken. Blås grønt. Ungdomskontakt Nanna Steinberg orienterte. UK har dei siste åra hatt samarbeid med ME`N`U om arrangementet «Blås grønt» natt til 17. mai i Gaupne, og UK har valt repr. til arrangørteamet. Det har vore ulike aktivitetar på kvelden og politiet har føreteke «blåsing» rundt midnatt. Det har vore føreteke trekking av 3 4 vinnarar. Ungdomane har hatt eit positivt syn på «Blås grønt». UK drøfta om «Blås grønt» kan knyttast opp til andre arrangement i kommunen, og det vart vedteke å ta saka opp att på første møte i AU. Hobby klubb, Felles ungdomsklubb, Open hall og Ungdomens dag på Sogn skisenter. UK vedtek at dei nemnde tiltaka ikkje vert vurderte å ta inn i aktivitetsplanen på noverade tidspkt., men at det kan vera aktuelt å jobba vidare med dei i ein kombinasjon med ME`N`U sine tilbod utover vintaren. Arbeidsutvalet er ansvarleg for ev. oppfølging. Vedlegg til protokollen: Aktivitetsplan arbeidsåret 2016-2017, vedteke i UK sak 39/16. Sak 40/16 Ymse. Nettverkssamling for ungdomsråd på Skei 19. 20. november 2016. Anja Kvalsøren og Kine Hauge orienterte frå samlinga. ME`N`U. Ungdomskontakt Nanna Steinberg orienterte. Sjå pkt. om ME`N`U i aktivitetsplan. Neste møte i AU: 09. januar 2017 kl. 16.15 på rådhuset.
Aktivitetsplan arbeidsåret 2016-2017: Vedtak i UK 05.12.2016, sak 39/16. Ajour pr. 05.12.2016. Arrangement/ tiltak: Ansvarleg: Frist for oppfølging: Opplæring av UK-medlemane: 03. november 2016 Møte i AU og UK: Val til styret for ME`N`U: Val til Folkehelserådet: Arbeidsutvalet frå førre skuleår og administrasjonen Leiar og sekretær Medlem: Inger Anne Bruheim Varamedlem: Helene Selland Administrasjonen Nettverkssamling på Skei: 19. 20. november 2016 Påmeldingsfrist: 09.11.2016 Påmeldte delt. frå UK: Anja Kvalsøren, Kine Hauge og Marie Skamsar. Vara: Marius Yttri Eide og Emil Øiene Morken. LustraLAN på Hafslo samfunnshus: Vidareutvikling av Lustramarknaden: med ungdoms-arrangement (tiltak/arrangement) Bruke det ein lærte på samlinga i nye møter Rapport til AU Avvente ny organisering i folkehelsearbeidet Avvente status for ev. nytt arrangement Gruppearbeid på neste UK-møte Økonomisk ramme: Ca. kr 21.000 kr. 1.600 pr. pers. + reise Ca. kr. 6.000 kr. 5.000 Lokalt arr. av UKM 2017: Lokal mønstring felles med Leikanger og Sogndal i Sogndal kulturhus 12. februar 2017. - UKM-festival Høyanger 01.-02.04. 17 - UKM-festival Sandnes 21.-25.06. 17 Kulturutveksling: Med vennskapskommunen i USA Ungdom frå landa blir utveksla. UK er økonomisk ansvarleg. Arrangørteam: Marie Skamsar Aasen, Karol Jozef Szczupka, Anja Kvalsøren og Kine Hauge. Frå adm.? Påmelding opna 1. desember 2016. Påmeldingsfrist 01.02. 2017 kl. 23.55. Møte i arrangørteamet: 08.12.2016. 12.01.2017 kl. 09.30. Rapport til AU/UK Utveksling frå USA i 2017. Søknadsfrist innan 15. mars. kr. 25.000 Kr. 25.000 Stipendordning: for ungdom frå Luster som deltek på yrkesretta kompetanseutvikling eller anna utviklings-/læringstiltak. Fylkesting for ungdom: 24. 26. april 2017. Vedteke i UK 14.02.2012. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober kvart år. kr. 10.000 Ca. kr. 2.000 pr. pers. + reise Kr. 5.000 Lokale transporttilbod for ungdom (LTU):. Søknadsfrist ca. 30. april 2017.? «Blås grønt»-arrangement i 2017: (knytt opp til andre arr. i kommunen?) Første møte i AU Ca. kr. 15.000 Hobby klubb: ) Kan vera aktuelt Felles ungdomsklubb: )å jobba vidare med Open hall: )dei i ein komb. med Ungdomens dag på Sogn skisenter: )ME`N`U? Sum Kr. 112.000 Budsjett 2017? Refusjon fylket? Avvik +/-