Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Like dokumenter
Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

Bompengefinansiering av fellesprosjektet E136 Tresfjordbrua og E136 Vågetunnelen - uttale frå Vestnes kommune

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Økonomiske konsekvensar av ferjeanbod Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm

Mogleg kapasitetsauke på sambanda Hareid - Sulesund, Sølsnes - Åfarnes og Eidsdal - Linge

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Saksnr Utval Møtedato SA 61/14 Samferdselsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Planar for bybåtsambanda og turistrute Hardanger

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Konkurranseutsetting av hurtigbåtruta Trondheim - Kristiansund

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Utviklingsprosjekt kollektivtrafikk Ålesund og Giske. Vedlegg til pressemelding

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utviklingsprosjekt kollektivtrafikk på Søre Sunnmøre -

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fråsegn til Jernbaneverket sitt Handlingsprogram

Klage på tildeling av ruteløyve for "hop on - hop off" sightseeing til selskapet Citysightseeing Fjord AS

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak

KID-prosjekt Kollektivtransport i distrikta - SA Sak i samferdselsutvalet

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Heidi Strand MEDL H

Innspel til Regional transportplan

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

1 INNLEIING Bakgrunn Formål Problemstillingar Metode og datagrunnlag Avgrensing Revisjonskriterium 3

Inndekning av auka kostnader i ferjedrifta frå 2020

Regionale møte 2013 Handlingsprogram , Riksveg Synnøve Sørflaten, Vegavdeling Møre og Romsdal

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

FRAMTIDIG KOLLEKTIVTILBOD TIL/FRÅ OSTERØY

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Oppfølging av Skyss sin miljøstrategi. Klimarådet Hordaland 7. november

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Faktatal Pr 1. oktober 2015 hadde vi slike tal drosjeløyve i drift i Møre og Romsdal:

REDUKSIONI RUTEKM- UTKASTTILTILTAKI NETTBUSSM-N, REGIONMØRESØR

Regionalt kjøp av kollektivtransport på veg, sjø og skinner. Mona Haugland Hellesnes, fylkesvaraordfører i Hordaland

Alternativ tilrettelegging for syklistar ved innføring av sykkelforbod gjennom fv. 62 Øksendalstunnelen

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

SØKNAD FRÅ XPRESSBUSS.NO OM RUTELØYVE FOR STREKNINGA BERGEN SENTRUM - BERGEN LUFTHAVN

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

INTERNASJONAL STRATEGI

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Ole Aasaaren Regionsjef

Utfordringar hurtigbåt og ferje i Sogn og Fjordane. Øystein Hunvik, seniorrådgjevar kollektivtrafikk ved samferdsleavdelinga

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Sterk trafikkvekst og mye dårlig fergemateriell hva skjer? mars Arild Fuglseth, samferdselssjef

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Vågsøy kommune Rådmann

MRFK sitt plansystem, mål og utfordringar Handlingsprogram NTP verknader

Hamnsundsambandet. Eit samarbeidsprosjekt mellom lokalt næringsliv og kommunane: Giske Haram Ålesund

Økonomiplan med budsjett for 2013

Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Dialogkonferanse Skyss

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

TS midlar - mindre tiltak - status, korrigering og tiltak for 2018

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Drift av hurtigbåtruter i Møre og Romsdal Spørsmål og svar nr

Ferjesambandet Hareid-Sulesund, avvik 2015 og kapasitet 2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.02.2015 7119/2015 Magne Hanestadhaugen Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 03.02.2015 Offentleg versjon - Konkuranseuttsetjing av hurtigbåtsamband i Møre og Romsdal Bakgrunn I SA-33/14 blir administrasjonen beden om å sende på høyring ei sak om hurtigbåttilbodet i Møre og Romsdal, og at administrasjonen skal kome attende til samferdselsutvalet med kravspesifikasjon for ny kontrakt som gjeld drift av hurtigbåtane. Dei fire hurtigbåtrutene som i utgangspunktet skal konkurranseutsetjast er Hareidruta, Langevågsruta, Nordøyruta og Romsdalsruta. Gjeldande anbodskontrakt for desse sambanda går ut 31. desember 2016. Møre og Romsdal fylkeskommune har motteke høyringsvar frå dei aktuelle kommunane og interesseorganisasjonar, og vil i dette saksframlegget gjennomgå desse. Det vil òg vere eit utdrag av hovudspesifikasjonar for nemnde hurtigbåtsamband, og ei vurdering av Romsdalsruta i høve til tidlegare skisserte alternativ. Høyringssvar Rute 05 Hareid-Valderøya-Ålesund Ulstein kommune set som føresetnad at behovet for gode og moderne samferdsleløysingar vert tydeleg reflektert i anbodsgrunnlaget frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Tilstrekkeleg kapasitet og optimal regularitet i rutetilbodet betyr at det må vere god kvalitet på tilbodet, med moderne utstyr som kan takle dei tidvis ekstreme vêrtilhøva i regionen. Brukarane må transporterast på ein trygg, kundeorientert og attraktiv måte. Ulstein kommune ønskjer å setje inn ein ny tur frå Hareid til Valderøy kl. 04.55 laurdagsmorgon. Hareid kommune ser på hurtigbåtruta som det sentrale knutepunktet i regionen for persontrafikk og soleis eit av dei viktigaste verktya ein har for å sikre, skape og styrke bu, service og arbeidsmarknads regionen. Tilfredsstillande samferdsletilbod er naudsynt for vidare utvikling av regionen, og då er korrespondanse mellom buss, hurtigbåt og fly eit viktig moment. Tilbod knytt til siste fly på kvardagar må dekkast opp, samstundes er det eit behov for auka tilbod på helg, særleg på morgonen. Kommunen nemner òg at venteromsfaselitetane på Valderøya er for dårlege. Giske kommune uttalar at rutetilbodet på hurtigbåten må sjåast på som ein del av det samla kollektivtilbodet og at det må brukast aktivt ved større arrangement på Sunnmøre. Rutetilbodet må vere best mogeleg tilpassa pendlartidspunkt i høve til stopp på Valderøya. Korrespondanse og rutetilbod i samband med reisetrafikken over Ålesund Lufthamn Vigra må styrkast gjennom fleire avgangar og/ eller kortare avgangsintervall for å unngå lange ventetider for dei reisande.

Ålesund kommune uttalar at hurtigbåtrutene utgjør ein viktig del av det totale regionale kommunikasjons-tilbodet, og gir eit tilbod både for arbeidspendlarar og andre med behov for å reise til og frå Ålesund. Hareid ruta er viktig for flyreisande frå Søre Sunnmøre og det er i dag ikkje samsvar mellom hurtigbåt-tilbodet og flytilbodet, spesielt på helg. Rutetilbodet bør i hovudsak behaldast som i dag, der det best mogleg blir tilpassa dagpendlar aktivitet og flytilbodet. Maritim Foreining for søre Sunnmøre ser på Hareid ruta som navet i det regionale trafikkmønsteret og difor minst må bestå som i dag. Det er svært viktig at størrelsen på fartøyet må vere slik at det tilfredstillar behovet for kapasitet, regularitet og tryggleik i sambandet. Det er eit behov for å betre tilbodet på helg der korrespondanse med flyavgangar er spesielt viktig. Samhandling mellom buss og båt må bli betre enn det er i dag, spesielt ved uventa hendingar. Hareid Næringsforum uttaler at ein ikkje kan akseptere ein reduksjon i rutetilbodet på Hareidsruta i åra som kjem. Tvert om blir det forventa, og presisert viktigheita av, at dagens tilbod blir oppretthaldt, samt aukar i takt med utviklinga. Ruta er eit av dei mest sentrale knutepunkta i regionen og soleis eit av dei viktigaste verktøya ein har pr. i dag til å sikre, skape og styrke bu-, service- og arbeidsmarknadsregionen. Rutetilbodet på helg må utvidast og kveldsavgangane på kvardagane må bestå samtidig som fleksibilitet i høve til flytilbodet må innarbeidast i ruta. Rute 23 Langevåg-Ålesund Sula kommune uttalar at det må takast omsyn til at bypakke, bompengering og betre tilrettelegging for kollektivløysingar, vil føre til at fleire vil nytte hurtigbåten. Passasjerkapasiteten må til ei kvar tid vere stor nok og dagens passasjertal kan såleis ikkje leggast til grunn. Kommunen ser på forslaget til stive rutetabellar som positivt, men meiner opningstida ikkje må reduserast morgon eller kveld. Buss korrespondanse må vere ein føresetnad i anbodsgrunnlaget. Møre og Romsdal fylkeskommunen må stille krav om miljøvennlig drift av båten. Ålesund kommune uttalar at hurtigbåtrutene er ein viktig del av det totale regionale kommunikasjons-tilbodet, og gir eit tilbod både for arbeidspendlarar og andre med behov for å reise til og frå Ålesund. At rutene er godt tilpassa dagpendlarar til skule og arbeid bør vere det viktigaste elementet knytt til dette sambandet, og det bør vere eit mål at dei må oppretthaldast på minimum dagens nivå. Rute 24 Ålesund-Valderøya-Nordøyane Giske kommune uttalar at rutetilbodet på hurtigbåten må sjåast på som ein del av det samla kollektivtilbodet og at det må brukast aktivt ved større arrangement på Sunnmøre. Rutetilbodet må vere best mogeleg tilpassa pendlartidspunkt i høve til stopp på Valderøya. Korrespondanse og rutetilbod i samband med reisetrafikken over Ålesund Lufthamn Vigra må styrkast gjennom fleire avgangar og/ eller kortare avgangsintervall for å unngå lange ventetider for dei reisande. Det må bli mogleg å gje høve til stopp på signal på Valderøya for reisande på alle avgangar til/ frå Nordøyane.

Ålesund kommune uttalar at hurtigbåtrutene er ein viktig del av det totale regionale kommunikasjons-tilbodet, og gir eit tilbod både for arbeidspendlarar og andre med behov for å reise til og frå Ålesund. Ruta er eit viktig tilbod for flyreisande frå Nordøyane. Det er ønskjeleg å få behalde eit så godt som mogeleg tilbod, helst på nivå med dagens tilbod. Avgangen på onsdag kveld er eit tilbod som gir mogelegheit for reiser til og frå Ålesund etter arbeidstid, som òg korresponderer med fly tilbodet og såleis bør oppretthaldast. Haram kommune ønskjer i utgangspunktet at rutene skal halde fram slik dei er i dag, men ser at i ein slik prosess må òg dei ta ein del av innsparinga. Dei ber om at eventuelle innsparingar blir vurdert i høve til dei ulempene ei slik nedskjering medfører. Situasjonen til Store Kalvøy blir spesielt nemnd som kritisk i høve til nedskjeringar, og Møre og Romsdal fylkeskommune blir beden om å ta omsyn til dei. Næringslivet har innarbeid bruk av kveldsturen onsdagar, som det er gjort framlegg om å fjerna, der det blir peika på at denne turen høver godt med tanke på korrespondanse med fly. Maritim Foreining for søre Sunnmøre ser at det er viktig at moglegheita til å pendle frå nordre Sunnmøre til søre Sunnmøre blir oppretthalden, der korrespondanse mellom hurtigbåtane er viktig. Dette gjeld særleg turar morgon og ettermiddag då det er pendlarar som nyttar dette tilbodet på alle kvardagar. Rute 39 Molde-Helland-Vikebukt-Sekken Molde kommune vurderar at ei nedlegging av Romsdalsruta får store negative konsekvensar. God kommunikasjon er ein svært viktig føresetnad for busettingsmønsteret i ein felles bo- og arbeids- og sørvisregion. Molde kommune ber Møre og Romsdal fylkeskommune om å oppretthalde hurtigbåtruta Molde-Helland-Vikebukt-Sekken på lik linje med andre hurtigbåtruter i fylket, òg etter at Tresfjordbrua står ferdig i 2015. Rauma kommune sluttar seg til uttale frå andre kommunar og representantar for brukargrupper som konkluderer med at det vil vere feil å legge ned hurtigbåttilbodet over Romsdalsfjorden. Kommunen ser det som særs viktig at kommunikasjonslinjene mellom felles bo- og arbeidsmarknaden som kommunane Rauma, Vestnes og Molde representerer er gode og tidsmessige. Arbeids og skole pendlarar, samt næringslivet er avhengig av eit utvikla rutetilbod, i denne omgang ikkje reduksjon eller nedlegging. Vestnes kommune viser til at Romsdalsruta har stor samfunnsmessig nytte og er ein nødvendig og vesentleg del av kollektivtilbodet i Molde-regionen som felles buarbeids- og sørvisregionen, uavhengig av Tresfjordbrua og Møreaksen. Kommunen ber derfor fylkeskommunen om å halde oppe og vidareutvikle ruta også etter at Tresfjordbrua og Møreaksen står ferdig. Miljømessig er det meir naturleg å vurdere strengare miljøkrav for hurtigbåtdrift generelt og eventuell reduksjon i ruter som går ut av fylket og har større fart og utslepp. Gjermundnes vidaregåande skole, og forbunda Utdanningsforbundet og Naturvitarane ved skolen, oppfordrar på det sterkaste til at hurtigbåttilbodet blir oppretthalde slik at reisetid for elevane ikkje aukar. Eit ferje og buss tilbod i staden for hurtigbåt vil slik dei ser det true skolen sitt eksistensgrunnlag og såleis Gjermundnes videregåande skole sin utviklingsplan vedtatt i Fylkestinget under sak T-72/13.

Elevrådet peikar på at dagens busstilbod vil ein reduksjon i hurtigbåttilbodet på søndag kveld gjere situasjonen vanskeleg for mange av vekependlarane. Vurdering Rute 05 Hareid-Valderøya-Ålesund Rutetilbod Rutetilbodet i rute 05 vil bli tilsvarande dagens tilbod med små justeringar. I tillegg har ein vurdert ønskje om auka opningstid i helgane. Skal ein oppfylle ønskja om korrespondanse med morgonflya laurdag og søndag må opningstida aukast med om lag 4 timar begge dagane. Eit alternativ kan vere å leggje inn denne auka opningstida som ein opsjon i konkuransegrunnlaget. Rute 23 Langevåg-Ålesund Rutetilbod Rutetilbodet i rute 23 blir vurdert i eit eige prosjekt der Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med Sula kommune om ny rutestruktur. I utgangspunktet er det her snakk om stiv rutetabell med halvtimes frekvens i rushtida og timesruter midt på dagen. Det har i prosjektgruppa kome fram eit behov for auka ruteproduksjon. Ruteproduksjonen blir då som i dag med ein ekstra rundtur på laurdagar der opningstida blir auka med ein time. Samstundes blir kveldsturen tysdag og torsdag utvida til å gjelde alle kvardagar. Dette medfører ikkje auka opningstid. Rute 24 Ålesund-Valderøya-Nordøyane Rutetilbod Rutetilbodet i rute 24 vil bli tilsvarande dagens tilbod, med små justeringar. Det vil bli lagt inn atterhald om nedlegging av Nordøyruta, når Nordøyvegen står ferdig. Rute 39 Molde-Helland-Vikebukt-Sekken Denne ruta vart oppretta privat i mars 1987, men både Vestnes og Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune gav etter kvart tilskot til drifta. Hurtigbåttilbodet over Romsdalsfjorden har vore sett i samanheng med ferjetilbodet på same strekninga. 1. april 1993 vart Vikebukt lagt ned som riksvegferjekai og fylkeskommunen fekk då 2 millionar kroner årleg for å styrke det kollektive rutetilbodet for reisande i Vikebukt området. Romsdalsruta vart vurdert i sak SA- 28/94 A Mogleg reduksjon i hurtigbåttilbodet i fylket og overføring av trafikk til Buss-/ferjeruter. Bakgrunnen for dette var vedtak i Fylkestinget T-66/92 der kostnader og omfang av hurtigbåttilbodet sett i høve til parallelle buss og ferjetilbod vart bedt vurderte. Hurtigbåtruta vart i denne saka sett på som ein viktig betring av kommunikasjonen i området og vedteken oppretthaldt. Rutetilbod Møre og Romsdal fylkeskommune har i samband med konkurranseutsettinga av hurtigbåtsamband i Møre og Romsdal gjennomført høyring der det vart lagt fram to alternativ for Romsdalsruta.

Første alternativ der ruta blir foreslått nedlagt og erstatta med eit solid og effektivt busstilbod Vikebukt-Helland-Furneset i korrespondanse med ferja. Andre alternativ var å oppretthalde ruta Helland-Molde i rushtida. Alternativ 1. Nedlegging av Romsdalsruta Kostnader Det er vanskeleg og gi eit eksakt tal på kva ei nedlegging av Romsdalsruta kan gi i årlig innsparing. Kostnader til auka buss og ferjetilbod kjem til fråtrekk. Det kjem vi tilbake til seinare i saksframlegget. Miljø Ei nedlegging av Romsdalsruta vil bety reduserte utslepp til miljøet. Det er vanskeleg og seie kva denne reduksjonen vil vere i ei ny anbodskontrakt då strengare miljøkrav vil føre til mindre utslepp. Ein kan likevel gå ut ifrå ein reduksjon i utslepp av om lag 1500 tonn CO2 i året. Romsdalsruta sto for utslepp av om lag 15 000 kg NOx og 200 kg SO2 i 2014. Det går med om lag 550 000 liter marinediesel for å drifte Romsdalsruta i eitt år. Ei nedlegging av Romsdalsruta skal erstattast med eit solid busstilbod, som vil føre til utslepp, men desse er små i høve til utslepp frå hurtigbåtruta. Som eksempel vil det totale buss tilbodet som er skissert seinare i saksframlegget sleppe ut om lag 100 tonn CO2. I tillegg kjem eit eventuelt auka utslepp frå ferja mellom Molde og Sekken viss bortfall av hurtigbåten der skal erstattast med ferje. Reisekostnader Det kostar i dag 2110 kroner for eit månadskort for ein vaksen person der ein nyttar buss og hurtigbåt frå Måndalen til Molde. Når Tresfjordbrua opnar vil kostnaden for eit månadskort med buss og ferje frå Måndalen til Molde kome på om lag 1335 kroner, då ein vil spare 3 takstsoner med bru kontra å kjøre rundt Tresfjorden. Det blir då omlag 8000 kroner rimelegare å reise med buss-ferje kontra buss-hurtigbåt viss ein legg til grunn at ein reiser i 10 månader i løpet av året. Same reknestykket vil for personar busett på Vågstranda bli ei innsparing på om lag 7500 kroner. For ein person busett på Vikebukt vil kostnaden med månadskort hurtigbåt vere 1680 kroner, ved ei nedlegging vil kombinasjonen buss til Furneset og ferje til Molde kome på 925 kroner i månaden. Ved å nytte oppsatt busstilbod vil ein spare bompengar gjennom Vågstrandstunnellen og Tresfjordbrua. Reisestrekning Buss-Ferje (i dag) Buss-Ferje (bru) Buss-Hurtigbåt Innfjorden-Molde 2065 1615 2400 Måndalen-Molde 1785 1335 2110 Vågstranda-Molde 1490 1070 1815 Vikebukt-Molde 1335 925 1680 (kun båt) Tabellen syner reisekostnader ved kombinasjon buss-ferje og buss-hurtigbåt, i 2015 priser. Reisetid Innsparte kostnader må målast opp i mot ulempa med lengre reisetid. Tek ein utgangspunkt i hurtigbåt turen som går 07.20 frå Vikebukt og som er framme i Molde 07.50 så vil ein med busstilbod til Furneset og ferje avgang 07.30 vere framme i Molde klokka 08.05. Det vil seie 15 minutt seinare. Skoleelevar som går på Romsdal Vidaregåande skole vil då ikkje nå undervisningsstart. Det er no ingen ferjeavgang i tida mellom 06.45 og 07.30 frå Furneset mot Molde, men det er bestemt at det vil bli satt inn ei fjerde ferje i sambandet Molde-Vestnes. Det blir då ytterlegare ein avgang frå Vestnes i tidsrommet mellom 06.45 og 07.30.

Eit busstilbod må dekke denne nye avgangen, og ein vil då ha løyst problemet med at elevar ved Romsdal vidaregåande skole ikkje når undervisningsstart. Reisestrekning Buss-Ferje (3 ferjer) Buss-Hurtigbåt Innfjorden-Molde 1 t 30 min 1 t 15 min Måndalen-Molde 1 t 20 min 1t 05 min Vågstranda-Molde 1 t 10 min 0t 55 min Vikebukt-Molde 0 t 45 min 30 min (kun båt) Tabellen syner reisetid etter Tresfjordbrua står ferdig med bussavgang 06.25 frå Åndalsnes, korresponderande med ferja frå Vestnes 07.30 eller hurtigbåt 07.20 frå Vikebukt. Sjølv med ei tilrettelegging der buss og ferje korresponderer optimalt, så vil ei nedlegging av Romsdalsruta, føre til ei auka reisetid for pendlarar som før har nytta hurtigbåten. Den auka reisetida vil då dagleg vere omlag 30 minutt og oppover. Det er om lag 130 000 reisande med Romsdalsruta i året. Ser ein på kva kostnader dette vil utgjere for samfunnet er det ulike måtar dette kan kostnadsutreknast. Nivået som ligg til grunn i rapport til Fornyings-, administrasjons og kyrkjedepartementet i 2010; Samfunnsøkonomisk analyse av nasjonalt program for eid, er 500 kroner timen for tapt arbeidstid, og 300 kroner timen for privat tid. Reknar vi reisetida som privat tid og 0,5 timar tapt tid for alle reisande, så blir dette då verdsatt til om lag 20 mill. kroner i året. Busstilbod Dersom hurtigbåttilbodet vert nedlagt vil Møre og Romsdal fylkeskommune tilrå erstatte ruta med eit solid og effektivt busstilbod Vikebukt Helland Furneset i god korrespondanse med ferja. I yttarste konsekvens vil dette bety buss kvar time Tresfjord - Vikebukt Helland Furneset Tomra i korrespondanse med ferja til og frå Molde. Ruta frå Åndalsnes/Måndalen til Vikebukt kan eventuelt forlengjast til Helland og Furneset over brua. Ekstra ruter tilpassa skoletidene, til dømes frå Gjermundnes vgs ved skoleslutt og til internatskolen søndag ettermiddag/ kveld må vurderast. Det kan også vurderast å køyre gjennomgåande skolebuss frå Tresfjord til Romsdal vidaregåande skole. Rutetilbodet til Fiksdal og Rekdal, samt på gamlevegen forbi Skorgenes, vil bli om lag som i dag. Togbussen Ålesund Åndalsnes kan eventuelt gå innom Helland i begge retningar. Saman med rutene frå Rauma vil dette gi Helland samband til og frå alle tog på Raumabanen. Med dette opplegget vil tilbodsauken i busstrafikken i Vestnes/ Rauma ha ein meir kostnad. Dersom det skal køyrast gjennomgåande buss til Romsdal vidaregåande skole, blir den årlege kostnaden bli enda høgare. Høyringsuttale frå kommunane Rauma, Vestnes og Molde er eintydig på at Romsdalsruta har stor samfunnsmessig nytte, og er ein nødvendig og vesentleg del av kollektivtilbodet i den felles bu- arbeids- og sørviseregionen som kommunane er ein del av. Kommunane ønskjer å oppretthalde og vidareutvikle ruta med tanke på arbeids og skolependling, og ikkje ein reduksjon i tilbodet. Det har og kome uttale frå ulike aktørar i forbinding med Gjermundnes vidaregåande skole, der dei meiner ein reduksjon i tilbodet vil ha negative konsekvensar for skolen. Administrasjonen vurderar at eit solid busstilbod vil kunne erstatte hurtigbåten, men dei samfunsøkonomiske verknadene må òg vurderast ved ei slik løysing.

Sekken Ei nedlegging av Romsdalsruta vil medføre at hurtigbåt tilbodet til og frå Sekken vil bli borte. Dette gjeld morgonavgang klokka 06.30 frå Sekken. Rutetilbodet frå Sekken og til Molde har vore tilnærma uendra i dei siste 20 år, og ein reduksjon i tilbodet vil ramme innbyggarane. Særleg med tanke på at denne morgonavgangen blir nytta til jobb pendling. Møre og Romsdal fylkeskommune på pårekne å betale ein kompensasjon ved å utvide ferjeruta med ein rundtur, men dette er innanfor opningstida til ruta. Skal ein erstatte turen utført med hurtigbåt vil dette måtte skje utanfor opningstida til ruta. Ein må òg forhandle om utvida opningstid utover ein time, då dette ligg som ei grense i gjeldande kontrakt. I tillegg må ein ta med i betraktning at denne turen vil måtte gå 40 minutt tidlegare enn dagens hurtigbåtavgang for at ferja skal nå neste avgang frå Sekken som kjem til Molde klokka 07.55. Denne avgangen er den viktigaste for skole og arbeids pendlarar, og kan ikkje flyttast seinare. Parkering Ei nedlegging av Romsdalsruta vil føre til auka behov for parkering på Furneset. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje gjort utrekningar på kva dette vil koste, eller gått nærmare inn på korleis dette skal kunne løysast. Busstilbodet som er skissert ved ei nedlegging vil vere omfattande, og kan redusere behov for parkering. Slik situasjonen er i dag, så er parkeringsplassen på Furneset utnytta fullt ut. Konklusjon alternativ 1: Nedlegging av Romsdalsruta. Fordelar ved nedlegging av Romsdalsruta: Innsparing av vederlag for drift av Romsdalsruta Miljøgevinst ved nedlegging av Romsdalsruta. Reisekostnadene for pendlarar vil gå ned. Ulemper ved nedlegging av Romsdalsruta Ei nedlegging vil på sikt kunne svekke felles bu og arbeidsmarknad. Reisetida vil auke og det må takast omsyn til generaliserte reisekostnader. Auke i utgifter som følgje av meirkjøp i ferjeruta til Sekken. Ein har ikkje oversikt over kostnader knytt til infrastruktur på Furneset. Innsparing/Utgift Vederlag Romsdalsruta Innsparte kaikostnader Kostnader auka ferjetilbod til Sekken Busstilbod Kronebeløp i millionar kroner Tillegg gjennomgåande buss SUM 5,9-8,9

Ein har berekna ei årleg innsparing på 6-9 millionar kroner ved nedlegging av Romsdalsruta, når kostnader for auka buss og ferjetilbod er trekt frå. Miljøgevinsten ved ei nedlegging vil vere relativ stor sidan hurtigbåtar er mellom dei transportmidla som forureinar mest. Reisetida for pendlarar vil på trass av eit godt busstilbod auke, og dette har ein kostnad for samfunnet. Denne kostnaden er såpass stor at det kan synest som om det oppveger for fylkeskommunen sine innsparingar. Møre og Romsdal fylkeskommune vil på dette grunnlaget ikkje gå inn for å legge ned Romsdalsruta i denne perioden. Alternativ 2. Rushtidstilbod mellom Helland-Molde Eit rushtidstilbod vil kunne dekke opp i mot 80 % av dei reisande viss ein legg opp til ein reduksjon av tilbodet midt på dagen. Ser ein på alternativet med å oppretthalde ruta Helland-Molde i rushtida så inngår det to faktorar. Ei nedlegging av Vikebukt som anløps stad Ein reduksjon i tilbodet på dagtid. Nedlegging av Vikebukt som anløpsstad. Om lag 12 % av reisene går mellom Vikebukt og Helland, medan 88 % går over fjorden til Molde. 37 % av dei som reiser over til Molde kjem frå Vikebukt. Når Tresfjordbrua står ferdig vil brua gå tilnærma parallelt med hurtigbåtstrekninga Vikebukt-Helland. Ei nedlegging av Vikebukt som anløpsstad vil dermed føre til at alle reisande som har nytta Vikebukt må reise over brua til Helland for å ta hurtigbåten derfrå. Dette stiller krav om busstilbod frå Vikebukt til Helland. Ei slik forlenging av bussrutene må vere ein føresetnad for ei nedlegging av Vikebukt som anløpsstad. Ein må òg vurdere ei ytterlegare forsterkning av busstilbodet frå Vikebukt til Helland på dei avgangane som blir nytta av pendlarar. Dette gjeld avgangane 06.10 og 08.25, då ein allereie er dekt opp på ettermiddagen av noverande busstilbod. Det vil ikkje føre til ei vesentleg auke i reisetid for dei reisande då dei vil ta same hurtigbåt som før til Molde. Kjøretida Vikebukt-Helland med buss vil vere under 10 minutt, som er det same som båten brukar i dag. Ei nedlegging av Vikebukt vil medføre ei innsparing av tur-retur Vikebukt-Helland 9 gonger kvar dag ruta er i drift, men dette er avgrensa til reine driftskostnader for hurtigbåten. Ein vil ikkje spare opningstid i ruta eller mannskapskostnader, men ein vil spare kai kostnadene på Vikebukt. Parkeringsforhold på Helland blir vurdert som tilfredstillande gitt talet påstigande på Vikebukt, sett i høve til busstilbodet som blir forlenga. Miljømessig blir båten i prinsippet erstatta med buss som har vesentleg mindre utslepp. Det er registrert i underkant av 22 000 påstigande på Vikebukt i 2014. Reduksjon av rutetilbodet på dagtid Trafikken i Romsdalsruta er konsentrert om morgon og ettermiddagsavgangane. Trafikktala midt på dagen er svært låge og ein vil ved ei halvering av ruteproduksjonen, der ein går morgon og ettermiddag, dekke 80 % av dei reisande. Det er lite miljøvennleg å nytte ein hurtigbåt med kapasitet på 147 passasjerar når talet på reisande midt på dagen er i området 10 per tur og lavare.

Administrasjonen har vurdert å kutte omlag halvparten av turane i Romsdalsruta. Dette ville medføre ei større endring i rutetabellen frå slik den er i dag, der blant anna Vestnes blir liggestad for hurtigbåten. Når gjeldande kontrakt vart lyst ut var det òg med Vestnes som liggestad for hurtigbåten i Romsdalsruta. Møre og Romsdal fylkeskommune måtte endre ligge kai tilbake til Molde under konkurransen grunna at kaia på Vestnes ikkje var egna som liggekai. Forhold som kai lengde, beskyttelse mot vær, og kai fasilitetar var ikkje tilfredstillande. Desse forholda har ikkje endra seg, og medfører at fylkeskommunen må gjere forbetringar på kaia på Vestnes viss ein skal endre liggestad frå Molde til Vestnes. Dette har ikkje blitt kostnadsutrekna. Kostnadsinnsparingane knytt til ei halvering av ruteproduksjonen vil ikkje vere tilsvarende reduksjon i ruteproduksjon. Grunnen til dette er at kostnadene knytt til drifta av hurtigbåten som for eksempel kapitalkostnader og administrasjonskostnader vil vere lik, uavhengig av ruteproduksjonen. Mannskapskostnader vil heller ikkje reduserast tilsvarande reduksjon i ruteproduksjon då ei halvering av produksjonen ikkje vil gje nok arbeidstid til å forsvare heiltidstillingar og skiftordning. Ein står då igjen med arbeidstid morgon og ettermiddag heile året, noko reiarlaga må ta omsyn til når dei leverer inn tilbod. Møre og Romsdal fylkeskommune ser derfor det som føremålstenleg å redusere produksjonen i tidsrommet det er minst trafikk med 2-4 timar, eller 2 rundturar. Ein reduksjon av rutetilbodet kun på dagtid vil medføre at rutetilbodet på Sekken blir som tidlegare og at ein dermed ikkje får kostnader til ekstrakjøp på ferja Molde-Sekken. Konklusjon alternativ 2: Rushtidstilbod mellom Helland-Molde Fordelar ved rushtidstilbod mellom Helland-Molde Innsparing i vederlag for drift av Romsdalsruta og kai kostnader Vikebukt. Miljøgevinst ved redusert ruteproduksjon. Ulemper ved rushtidstilbod mellom Helland-Molde Reisetida vil auke noko. Innsparing/Utgift Innspart vederlag kutt i ruteproduksjon Innspart vederlag nedlegging Vikebukt Busstilbod Kronebeløp i millionar kroner Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å leggje ned anløpsstaden Vikebukt og erstatte dette med å forlenge gjeldande busstilbod til Helland, og samstundes auke busstilbodet frå Vikebukt til Helland. Ruteproduksjonen reduserast midt på dagen sett i høve til kva som er kostnadseffektivt. Dette vil innebere ein reduksjon på om lag 2-4 timar driftstid, men med moglegheiter for ytterlegare nedkjøp i kontrakta viss ein ser at dette er nødvendig. Innsparingane med å legge ned Vikebukt og redusere rutetilbodet på dagtid er berekna til om lag 1,5 millionar kroner, når kostnadene for auka busstilbod er trekt frå.

I tillegg kjem miljøgevinsten med å kutte ruteproduksjonen og overføre reisande til mindre forureinande transportmiddel. Det vil bli teke atterhald om mogleg nedlegging dersom reisemønsteret etter opninga av brua tilseier det. Hovudkonklusjon Rute 05 Hareid-Valderøya-Ålesund (Hareidruta) Fylkesrådmannen vurderer at rutetilbod og kapasitet på Hareidruta i det nye anbodet skal bli som dagens tilbod, med små justeringar i ruta. Ein vil utvide tilbodet på laurdag og søndag som inneber ei auka opningstid med 8 timar. Dette kan takast inn som ein opsjon i konkuransegrunnlaget. Rute 23 Langevåg-Ålesund (Langevågsruta) Fylkesrådmannen vurderer at kapasiteten på Langevågsruta vidareførast som i dag. Rutetilbodet leggast om til stiv ruteplan der administrasjonen og Sula kommune samarbeider i eit prosjekt for å utvikle Langevågsruta. Ruteproduksjonen vil bli om lag som i dag, med ein auke av ruteproduksjonen laurdag og tre rundturar på kvardagar. Rute 24 Ålesund-Valderøya-Nordøyane (Nordøyruta) Fylkesrådmannen vurderer at rutetilbod og kapasitet på Nordøyruta skal vidareførast som i dag, med små justeringar i rutetabellen. Det vil bli lagt inn atterhald om nedlegging av Nordøyruta, når Nordøyvegen står ferdig. Rute 39 Molde-Helland-Vikebukt-Sekken (Romsdalsruta) Fylkesrådmannen vurderer at Romsdalsruta skal oppretthaldast, men med ein reduksjon av ruteproduksjon i ein periode på dagen. Denne reduksjonen skal vere i området 2-4 timar midt på dagen, og tilsvarar om lag 2 rundturar. Vikebukt leggjast ned som anløpsstad og blir erstatta med å forlenge gjeldande bussruter, samt eit utvida busstilbod Vikebukt-Helland. Det vil bli teke atterhald om ytterligare reduksjon i ruteproduksjon og mogleg nedlegging dersom reisemønsteret etter opninga av brua tilseier det. Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet tek orienteringa om konkurranseutsetting av hurtigbåtdrifta på Hareidruta, Nordøyruta, Langevågsruta og Romsdalsruta til vitande, og ber administrasjonen gjennomføre anbodskonkurransen som det går fram av saksframlegget. Samferdselsutvalet gir administrasjonen mynde til å tildele nødvendige løyver etter yrkestransportlova til den operatør som vinn anbodskonkuransen og blir tildelt kontrakten. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef