FØREBYGGJANDE ARBEID... ÅRSHJUL... OPPLÆRING I SOSIAL DUGLEIK... SKULEN SI FORSTÅING AV ORDA ERTING, PLAGING, MOBBING...

Like dokumenter
TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Skulestart Repetisjon

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING

Øystese barneskule April - 08

Handlingsplan mot mobbing

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Hefte for foreldrekontaktar

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Plan mot mobbing og mistrivsel

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Elevundersøkinga 2016

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Tiltaksplan mot mobbing

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Plan mot krenking og sosial utestenging

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Kvalitetsplan mot mobbing

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Handlingsplan mot mobbing og antisosial åtferd ved Indre Hafslo oppvekstsenter

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Tertnes skole. Aktiv læring, med varme og tydelighet. Skoleåret 2015 / 2016

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kvalitetsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Transkript:

Utvikla i 2010, litt revidert mai 2017 Skarveland skule SOSIAL LÆREPLAN Planen bør reviderast når ny 9A-4 er vedteken i 2017. Handlingsplan mot mobbing vart revidert hausten 2015. Den reviderte ligg ved som eiga fil. Sosial læreplan og handlingsplan mot mobbing bør samkjørast og reviderast hausten 2017. UTVIKLING AV SOSIAL KOMPETANSE Skulen skal i samarbeid med heimen hjelpa til med utvikling av barnet. Sosial kompetanse er ein viktig del av denne utviklinga. Fordi barn og unge i dag brukar ein stadig større del av dagen sin på skulen, er skulen blitt ein sentral læringsarena for sosial kompetanse, der barn lærer å samspela med andre barn og med vaksne i ulike situasjonar Byggjesteinar i omgrepet sosial kompetanse er empati, samhandling, sjølvkjensle, ansvar i leik og arbeid. Skulen må leggja til rette for at sosial kompetanse kan lærast både gjennom systematisk opplæring og gjennom dei daglege pedagogiske aktivitetane. Såleis er det viktig at dette læringsområdet vert oppfatta som heile skulen sitt ansvar. Foreldra har hovudansvaret for sitt barn og må såleis vera informert, engasjert og visa interesse for barnet sin skulekvardag. Denne sosiale læreplanen er delt inn i følgjande kapittel: Innhald FØREBYGGJANDE ARBEID... ÅRSHJUL... OPPLÆRING I SOSIAL DUGLEIK... SKULEN SI FORSTÅING AV ORDA ERTING, PLAGING, MOBBING... TILTAK FOR ELEVAR MED SAMHANDLINGSVANSKAR... TILTAKSKJEDE VED PLAGING/ MOBBING... TILTAKSPLAN VED MOBBING... 1

FØREBYGGJANDE ARBEID Fadderordning Klassemøte Alle nye elevar vert tekne vare på av ei faddergruppe. Skulen har eigen plan for fadderordningar. (5.trinn 1.trinn og 6.trinn -2.trinn) Alle basisgrupper har klassemøte der dei kan drøfta miljøet i basisgruppa og handsama konfliktar. (1 g. pr.veke) Utviklingssamtalar Alle elevar har minst 6 utviklingssamtalar x 15 min årleg med vekt på kompetansemåla i basisfaga. Det bør vera rom for samtalar med vekt på sosial kompetanse og mobbing. Ordensreglar og klassereglar Skulen sine ordensreglar vert gjennomgått og sende heim kvart år ved skulestart og underteikna av foreldre til 1.trinn og 5.trinn. Alle basisgrupper lagar klassereglar som seier noko om samhandling. Reglane kan gjerne lagast i lag med foreldre. Reglane skal vera tydelege og kjende for alle. Heim skule - samarbeid Elevane skal trenast i og vurderast etter faste kriterier innan områda sjølvkjensle, empati, ansvar og samhandling. Skulen nyttar stegark med mål og kjenneteikn. Foreldremøte. Kontaktlærar og foreldrekontaktar førebur i lag. Eitt av tema skal vera klassemiljø Samtalar med foreldre. Alle foreldre vert kalla inn til to samtalar pr år med kontaktlærar. Elevane deltek. Både heim og skule er raske til å ta kontakt dersom elevar strevar med fagleg eller sosial utvikling. Alle basisgrupper har minst eitt ettermiddagsarrangement pr. år saman med foreldre. Klassekontaktane har ansvar. Temaveke- fagdagar der elevar skal arbeida på tvers av basisgrupper og 2

årssteg Uteskule Ei veke skal brukast til tema sjø- skog - vatn på tvers av basisgrupper og årssteg. Ein dag på vårhalvåret skal nyttast til teknologi og design (på tvers av årstrinn) Ein dag i året skal nyttast til ein felles matematikkdag. Ein dag i året skal me ha ein kunst-handverksdag med fokus på ein kunstnar. Alle basisgrupper arbeider med uteskule (minst 1 g. pr.månad). Fleire område på og nær skulen er lagde til rette for leik og læring. Ansvarsoppgåver Tilsyn ute Midttime Kvar basisgruppe har ansvar for rydding av ein del av skuleområdet/klasseromma 1.-2.trinn Uteleikeskur (sandkasseskur) og autsida av skulen 3.-4.trinn Uteskur (nordvest) og gang- og sykkelsti 5.-6. årstrinn har ansvar for mjølk og yoghurt til alle basisgruppene kvar dag og ballplassane. 7.trinn pyntar juletreet til julefest og har ansvar for plantefelt og parkeringsplass. Rutinar for tilsyn ute skal vurderast kontinuerleg. Oppslag finn ein på personalrommet. Vakter skal vera godt synlege. Elevane kan få tilbod om ulike inneaktivitetar i midttimen 1-2 gonger i månaden. Kartlegging av skulemiljøet Skulen skal ha minst ei trivselsundersøking kvart år (haust). Skulen kartlegg mogelege mobbeområde. Elevane på 7.trinn deltek i Elevundersøkinga 7.trinn (haust). Oppfylgjing i etterkant. Overgang barnehage barneskule og barneskule - ungdomsskule Skulen skal ha kontakt med den barnehagen me mottek elevar frå (i 3

Elevråd forkant) og fylgja plan for overgang barneskule ungdomsskule Innskriving: Elevane vert inviterte i eige brev og alle møter til same tidspunkt. Det skal leggjast vekt på samtale med borna, leike- og forteljestund (teiknestund) og samtale med foreldra. Skulekameratane (5-åringane) vert inviterte til julavslutning og til ein skuledag på våren. Alle basisgrupper vel ein representant til elevråd. Elevrådet vel to representantar til skulen sitt miljøutval. Ein lærar hjelper elevrådet i arbeidet deira. Elevrådet utarbeider kvart år eige årshjul for møte og aktivitetar. ÅRSHJUL Viser til årshjul under fana SKULEN på framsida til skulen si heimeside. August: Etablera venskapsklassar 1. og 5.trinn September: Skulefrukost Fjelltur Leikedag Oktober: Morgonsamling SN dagen November: Kunstdag Arrangement (FAU) Desember: Vi syng jula inn (kveld) Lucia Juleverkstad Juleavslutning Januar: Morgonsamling Februar: Karneval? 4

Matematikkdag Mars/April Skidag Mai: Elevdugnad Morgonsamling Arrangement -(FAU) (Tinestafett? for dyrt med skyss?) Juni: Sykkelprøve (5.-7.) Idrettsdag (alle) Bli-kjent dag skulekameratane Temaveke (skog-sjø-vatn) Avslutning 7.trinn LÆRINGSMILJØ - SOSIALT FOKUSOMRÅDE- SKARVELAND SKULE Månad August September Oktober Tema Å vera saman i fellesskap *å helsa på kvarandre *å snakka fint til kvarandre *å halda god orden i garderobe Å vera saman i fellesskap *klassereglar *vera saman i friminutta *ta omsyn, gje arbeidsro og venta på tur *halda god orden i garderobe Venskap *Språkbruk *gode venskapsreglar *me er ulike *solidaritet November Respekt/toleranse *konfliktløysing *omsorg *å le med, ikkje av 5

Desember Januar Februar Mars April Mai Juni Trivnad *å ta vare på kvarandre *yta for fellesskapet Å ta gode val *vera ærleg *kritisk tenking Samarbeid *alle er med Kroppsspråk m.m *gruppepress *setja ord på kjensler *kva verkar best, det me gjer eller det me seier Utemiljø *visa respekt for naturen *me har det fint rundt oss *me trivst i lag Bli kjende med andre *vera i lag på tvers av årssteg *få nye vener Seia takk og unnskyld - og meina det OPPLÆRING I SOSIAL DUGLEIK Vaksne må vera gode førebilete Me må reagera i kvardagssituasjonar og ta opp problem og gode hendingar der og då Me skal bruka sosiale fokusområde (månadsvis frå august- juni :sjå eige ark i dnne planen) Me vert samde om aktuelle felles sosiale mål som me gjer kjent (m.a. på vekeplanar) SKULEN SI FORSTÅING AV ORDA ERTING, PLAGING, MOBBING Erting Godlynt spøk som begge partar oppfattar positivt. 6

Tilfeldig lettare negativ handling, verbal eller fysisk. Mottakaren avgjer om ertinga er akseptabel. Plaging/ mobbing Negativ handling gjentekne gonger og over tid som og kan vera utestenging. Det er ubalanse i styrkeforhold. Negativ handling: Når nokon med vilje påfører, eller prøver å påføra, ein annan person skade eller ubehag. NB! Vår 2017 ny nemning som skal definerast inn i dette skrivet er krenking. Det arbeidet og ny gjennomgang av denne planen tar me hausten 2017. TILTAK FOR ELEVAR MED SAMHANDLINGSVANSKAR Etter det vanlege arbeidet med å snakka eleven til rette, samtalar med foreldre osb., kan ein nytta følgjande tiltak: 1. Fokusera på eitt eller få område som skal betrast. Ikkje leggja vekt på andre ting som ikkje fungerer. 2. Regelmessige samtalar mellom basislærar/ lærar og elev. Gjera skriftleg avtale/ skriva kontrakt for eit avgrensa tidsrom om kva eleven skal betra. Kontrakten skal ha få, klart oppsette mål. Vurdering ved slutten av perioden, med oppsetjing av nye mål. Starta med korte avtaleperiodar. 3. Regelmessige samtalar i møte (telefon) med foreldra; kvar veke, kvar anna veke e.l. 4. Rapportskjema kan sendast heim kvar veke, kvar anna veke e.l. 5. Regelmessige samtalar mellom lærar, elev og rektor, ev. berre mellom elev og rektor. Skriva kontrakt med eleven; kvar veke, kvar månad. Ha kontakt med foreldra. 6. Regelmessige samtalar mellom lærar, elev, foreldre og rektor. Kontrakt der både elev, heim og skule har oppgåver. Kontrakten bør underskrivast av alle. 7. Eleven kan sendast ut av gruppa. Ein i personalet (lærar eller administrasjon) som i augneblinken ikkje har undervisning (bakvakt), kan ha tilsyn med eleven som skal ha skulearbeid med seg. 8. I samråd med lærarane vedtek rektor at eleven kan flyttast til ei anna gruppe for ei kortare tid. Foreldra må informerast. 9. Dersom eleven ikkje roar seg, ringjer skulen til ein av dei føresette og 7

ber dei henta eleven. (Vi har ikkje lov til å visa ut ein elev i barneskulen.) Kvart konkret tilfelle avgjer om punkta ovanfor kan gjennomførast som ein opptrappingsplan og i den rekkjefølgja dei står, eller om ein må velja ut dei punkta som høver. Samarbeid med PPT: Skulen kan be PPT observera i basisgruppa og gje råd om tiltak. TILTAKSKJEDE VED PLAGING/ MOBBING Tiltak Når Ansvar Be den andre halda opp I situasjonen Den som blir plaga Gå vekk frå situasjonen I situasjonen Den som blir plaga Dersom dette ikkje hjelper: gå til ein vaksen og be om hjelp I situasjonen Den som blir plaga Fortelja det heime Snarast råd Den som blir plaga Be plagaren halda opp, ta verbalt parti I situasjonen Andre elevar Ta den som blir plaga vekk frå situasjonen I situasjonen Andre elevar Henta ein vaksen. Fortelja det til ein vaksen på skulen. Individuelle samtalar med den som blir plaga, plagarane kvar for seg, skriva ned kva som har skjedd plagarane samla pluss kontaktlærarar, laga skriftlege avtalar med plagarane, informera føresette, andre involverte, rektor, ha tett oppfølging Konfrontasjon mellom den som blir plaga og plagaren, (der det er tenleg). I situasjonen Snarast råd etter hendinga. Må vurderast i kvart tilfelle. Andre elevar Kontaktlærar og involverte lærarar Kontaktlærar(ar) Arbeida med gruppepåverknad Klassemøte med utgangspunkt i hendingar Snarast råd etter hendinga, men og systematisk gjennom heile skuleåret. Kontaktlærar Samarbeid med rektor Etter behov Kontaktlærar og rektor 8

Kontakta føresette for begge partar. Gjennomføra samtalar/ avtalar Etter behov Kontaktlærar og rektor Kontakt mellom familiane Etter behov Føresette og rektor Kontakta/ samarbeida med PPT, helseteneste, barnevern, politi. Plagaren skifter basisgruppe/ skule Etter behov i alvorlege høve Når det er nødvendig Rektor Rektor, kontaktlærar, føresette TILTAKSPLAN VED MOBBING Reaksjon mot mobbaren straks! Det verste som kan skje, er at ingenting skjer. Når mobbing er påvist av lærarar eller føresette, og du har eitt eller fleire namn, gjer du følgjande: 1. Kontaktlæraren for mobbaren får andre til å ta klassen. 2. Ta mobbaren i einerom. Den første samtalene skal vera kort, men er svært viktig. Du kan seia: Eg veit/ har sett at du mobbar NN. Dette skal vi ha slutt på. Eg skal spørja deg kvar dag i veka framover om det er slutt på mobbinga. Eg skal også spørja NN. Har du forstått kva eg meiner? I morgon skal eg ha ein samtale med deg om på kva måte du mobbar. Du kan gå. 3. Gje beskjed til den som har blitt mobba sin kontaktlærar. 4. Kontaktlærarane til begge partar gjev snarast melding til dei føresette om saka, og om kva tiltak som er sett i gang. 5. Følg opp neste dag med samtale. Spør mobbaren om forklaring og kva som gjer at NN blir mobba. Prøv å unngå å spørja Kvifor i konfliktsituasjonen. Spør om kven, kva, kvar, når og korleis. 6. Same dag har den som blir mobba samtale med sin kontaktlærar. Same spørsmål som ovanfor. 7. Følg opp mobbaren kvar dag den første veka med spørsmål om det er slutt. Kontaktlæraren for den som blir mobba, gjer det same. I dei aller fleste tilfella vil dette vera nok til å setja ein stoppar for mobbinga. 9

Årsaka er truleg den tette oppfølginga frå læraren den første tida etter avsløringa. Dersom mobbinga held fram: 1. Konfrontasjonsmøte mellom mobbar, offer, kontaktlærar og ein frå administrasjon. Dei lagar ein kontrakt mellom elevane. Kontrakten vert vist til dei føresette. 2. Oppfølgingsplan for den som blir mobba. 3. Kontaktlærarar og administrasjon vurderer om andre partar bør trekkjast inn. Oppfølging: Korleis hjelpa den som blir plaga? Målet må vera å trekkja eleven med i eit fellesskap der han kan føla seg trygg. Medvite bruk av gruppearbeid der eleven vert sett saman med utvalde elevar. Medvite bruk av sterke sider som kan gje prestisje. Korleis hjelpa mobbaren? Utgangspunkt er samtalen med eigne forklaringar. Det kan vera nødvendig med same hjelp og metodar som til den som var mobba. Rollespel kan gje ein mobbar innsikt i kor skadeleg mobbing kan vera. Sanksjonar: Følgjene skal helst ikkje vera retta mot eleven sjølv, men mot det han har gjort. Sanksjonar må innebera eit visst ubehag, t.d. Alvorleg samtale med eleven La eleven tilsidesetjast i visse friminutt med tilsyn. La eleven vera ein eller fleire timar i ein annan klasse.. La eleven halda seg nær ein vaksen som har tilsyn i eit visst tal friminutt. Senda eleven til alvorleg samtale med rektor. Ta frå eleven eit gode. Hugs: Dokumentasjon/ referat på det ein gjer, - spesielt frå møte og avtalar.(sjå skjema i mobbepermen.) 10

11