Møteprotokoll. Utval: Fylkestinget Møtestad: Hotel Union Geiranger Dato: Tid: 09:00 Protokoll nr: 11/12

Like dokumenter
Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad (V):

Økonomiplan med budsjett for 2013

INVESTERINGSPROSJEKT

Økonomiplan med budsjett 2013 (tillegg etter behandling i hovudutvala)

Behandling i Fylkesutvalet Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv og Jon Aasen (AP), Per Vidar Kjølmoen (AP), Eva Vinje

Behandling i Fylkesutvalet Toril Melheim Strand (AP) fremma følgjande forslag på vegner av AP, Sml, SP, SV. Uavh, V:

«Fylkestinget vedtek at ein i budsjett og handlingsprogram punkt for skal nytte kommunelova sin adgang til minimumsavdrag på lån.

Undervegs i behandlinga av saka fekk Bjarne Kvalsvik (Sml) permisjon og Inger Johanne Tafjord (Sml) tok plass som vara.

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H Steinar Reiten Medlem KRF

Møteprotokoll. Møtestad: rom 700, Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 14/2014

Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: informasjonssjef. seksjonsleiar konsulent

Fylkesutvalet Fylkestinget

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Mette Belden Medlem UAVH. Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet:

Møteprotokoll. Kultur- og folkehelseutvalet Møtestad: 102, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 13:00 Protokoll nr: 7/15

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Cine Finstad Austnes Medlem FRP Charles Tøsse Medlem H Kirsti Hammerø Medlem H

Møteprotokoll. Utval: Fylkestinget Møtestad: Quality Hotel Alexandra, Molde Dato: Tid: 12:00 Protokoll nr: 9/13

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Steinar Reiten Medlem KRF

ass. plansjef seksjonsleiar konsulent

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Knut Anders Oskarson Leiar H Per Helge Nordstrand Medlem SL/TVP Rolf Bergmann Medlem FRP

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Anne Dyb Liaaen Leiar H Steve Runar Kalvøy Medlem FRP Eva Mariann Vinje Aurdal Medlem AP

Ewa Hildre Medlem H Per Magne Waagen Medlem H Bjørn Jacobsen Medlem SV

Møteprotokoll. Samferdselsutvalet Møtestad: Rom 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 5/15

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

ØKONOMIPLAN MED BUDSJETT 2014

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hege Merethe Gagnat Medlem AP

Møteprotokoll. Utval: Fylkestinget Møtestad: Hotel Union Geiranger Dato: Tid: 09:00 Protokoll nr: 12/12

Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frøydis Austigard Per Vidar Klee Kjølmoen V Margareth Hoff Berg Cine Finstad Austnes UAVH

informasjonssjef kst. seksjonsleiar konsulent

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Møteprotokoll. Kontrollutvalet Møtestad: Distriktsrevisjon Nordmøre IKS, Kaibakken 1, Kristiansund Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/15

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Charles Tøsse Medlem H Iver G. Nordseth Medlem V Frank Sve Medlem FRP

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hatmosø Hoem Medlem AP Hans Olav Myklebust Medlem FRP

Rådgivar, samferdselsavdelinga Seniorrådgivar, Statens Vegvesen

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Pål Farstad Medlem V Åge Austheim Medlem FRP Ina Beate Giske Medlem FRP

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Helge Orten Medlem H

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Frøydis Austigard Medlem V

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Storfold Elde Leiar Utdanningsutvalet Paul-Gustav Remøy Toril Røsand

Charles Tøsse Medlem H Petter Bjørdal Medlem AP

Møteprotokoll. Møtestad: 700, Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 8/2019

Økonomiplan

Møteprotokoll. Møtestad: Finnøya Havstuer, Sandøy Dato: Tid: 20:00 Protokoll nr: 2/2017. Faste medlemer som møtte:

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Iver G. Nordseth Leiar V Oddbjørn Vatne Nestleiar SP Inger Johanne Tafjord Medlem SL/TVP

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Leif Elde Nestleiar SAFO Erik Husby Medlem NAV

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Mellvin Steinsvoll Medlem AP

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Lilly Gunn Nyheim Medlem AP. Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet:

Møteprotokoll. Utval: Fylkestinget Møtestad: Hotel Union Geiranger Dato: Tid: 13:00 Protokoll nr: 1/12

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Auditorium G220, Molde vidaregåande skole Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 2/2017

Møteprotokoll. Møtestad: 700, Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 09:45 Protokoll nr: 15/15

Helge Orten Medlem H Torleiv Rogne Medlem UAVH Randi Karin Asbjørnsen Medlem SL/TVP

Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at bindingane frå NTP står fast og kjem tidleg i perioden.

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 6/2015

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Romsdal vidaregåande skole, Molde, møterom B114 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann-Kathrin Storøy Medlem H Line Hatmosø Hoem Medlem AP John John Bruseth Nestleiar MDG

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Kristin Sørvik Nestleiar SP

Rådet for funksjonshemma. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Monica Molvær Leiar H

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem SL/TVP Line Hoem Medlem AP

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/2014

Møteprotokoll. Møtestad: 700, Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:15 Protokoll nr: 14/2017

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Kvalsvik Medlem UVS Frank Sve Medlem FRP

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hoem Medlem AP

Utdanningsutvalet Oppmøte: Flatakerbygget i Elnesvågen sentrum Møterom, 2. etasje i Flatakerbygget i Elnesvågen sentrum, Fræna vidaregåande skole

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem UVS

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Trond Hansen Riise Medlem V

Spesialrevisor Rådgivar

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Steffen Falkevik Medlem V Syver Hanken Medlem H

Møteprotokoll. Samferdselsutvalet Møtestad: Rom 700, Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/14

Behandling i Fylkesutvalet Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og økonomisjef Gunn Randi Seime orienterte om status i saka.

Medlem Medlem. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Eva Mariann Vinje Aurdal Medlem AP Ina Beate Giske Medlem FRP

Møteprotokoll. Kontrollutvalet Møtestad: 102, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:00 Protokoll nr: 5/2016

MRFK sitt plansystem, mål og utfordringar Handlingsprogram NTP verknader

Utfordringar på fylkesvegnettet

Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: fylkesrådmann ass fylkesrådmann informasjonssjef. internasjonal koordinator kontrollsjef

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem UVS Mellvin Steinsvoll Medlem AP Ann Kristin Sørvik Medlem SP

Møteprotokoll. Utval: Fylkestinget Møtestad: Hotel Union Geiranger Dato: Tid: 09:00 Protokoll nr: 5/12

Funksjon Leiar. Faste medlemer som ikkje møtte: Torgeir Dahl Medlem H

Utdanningsutvalet Møtestad: Møterom, Atlanten videregående skole, Kristiansund Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2018

Tysnes kommune Møteprotokoll

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Kristin Sørvik Medlem SP. Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet:

Møteprotokoll. Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Fylkeshuset, Molde, møterom 102 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/2017

Kultur- og folkehelseutvalet Møtestad: Fylkesbiblioteket, Kirkegata 10 B, 3. etg, 6004 Ålesund Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/15

Møteprotokoll. Møtestad: Scandic Seilet, Molde Dato: Tid: 12:00 Protokoll nr: 4/15

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Storfold Elde. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer.

Fylkeskommunen som vegeigar

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Storfold Elde. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer

Årsrekneskap og årsrapport 2014

Møteprotokoll. Regional- og næringsutvalet Møtestad: Ørskog kommune, rådhuset Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/15

Møteprotokoll. Møtestad: 700, Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:15 Protokoll nr: 6/2017

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Utval: Eldrerådet Møtestad: Kommunestyresalen, Nesset rådhus, Nesset kommune Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/13

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Elin Ous Kari Hoset Ansnes Bjarne Storfold Elde. Leiar Nestleiar Medlem

Økonomiplan med budsjett for Fylkesrådmannen sitt framlegg, presentert 5. november 2010

Transkript:

Møteprotokoll Utval: Fylkestinget Møtestad: Hotel Union Geiranger Dato: 11.12.2012 Tid: 09:00 Protokoll nr: 11/12 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jon Aasen Leiar AP Gunn Berit Gjerde Nestleiar V Toril Melheim Strand Medlem AP Bjarne Storfold Elde Medlem AP Eva Mariann Vinje Aurdal Medlem AP Line Hoem Medlem AP Håvard Jostein Kongshaug Medlem AP Hege Merethe Gagnat Medlem AP Petter Bjørdal Medlem AP Lilly Gunn Nyheim Medlem AP Bjørn Inge Ruset Medlem AP Hanne Notøy Medlem AP Helge Orten Medlem H Anne Dyb Liaaen Medlem H Torgeir Dahl Medlem H Toril Røsand Medlem H Ole Bjørn Sandøy Medlem H Kirsti Hammerø Medlem H Per Magne Waagen Medlem H Knut Anders Oskarson Medlem H Ewa Hildre Medlem H Knut Garshol Medlem H Charles Tøsse Medlem H Frank Sve Medlem FRP Åge Austheim Medlem FRP Margareth Hoff Berg Medlem FRP Geir Stenseth Medlem FRP Cine Finstad Austnes Medlem FRP Steve Runar Kalvøy Medlem FRP Knut Flølo Medlem FRP Hans Olav Myklebust Medlem FRP Oddbjørn Vatne Medlem SP Kristin Marie Sørheim Medlem SP Bergsvein Brøske Medlem SP Kjersti Løge Medlem SP Steinar Reiten Medlem KRF Knut Støbakk Medlem KRF Randi Walderhaug Frisvoll Medlem KRF

Torgunn Nerland Medlem KRF Iver G. Nordseth Medlem V Pål Farstad Medlem V Frøydis Austigard Medlem V Randi Karin Asbjørnsen Medlem SL/TVP Torleiv Rogne Medlem UAVH Bjarne Kvalsvik Medlem UAVH Ingrid Opedal Medlem SV 2 Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Rolf Kårvand Medlem AP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Marit Cathrin Thorstensen Rolf Kårvand AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Willy Loftheim ass. fylkesrådmann Per Vidar Kjølmoen informasjonssjef Hans Blø kontrollsjef Finn Åge Ødegård fylkesrevisjonssjef Gudmund Lode juridisksjef Arvid Blindheim fylkeskultursjef Kari Lilleng konsulent Kari Rundmo konsulent Arild Fuglseth samferdselssjef Bergljot Landstad regional- og næringssjef Sverre Hollen konst. fylkesutdanningssjef Rune S Opstad ass. fylkesutdanningssjef Anthony N Valen fylkestannlege Gro Kosberg økonomisjef Runn Randi Seime budsjettkoordinator Ole Helge Haugen fylkesplansjef Anita Steinbru seniorrådgivar Heidi-Iren Wedlog Olsen ass. fylkesplansjef Per Einar Langseth byggje- og vedlikahaldssjef Per Olaf Brækkan prosjektleiar Stein Ove Lianes fylkeshovedverneombod Sekretariat: Namn Robert Løvik Stilling sekretær Dersom det er merknader til protokollen, ber vi om at dette blir gjort kjent for sekretariatet så snart som råd. År 2012, den 11. desember kl 09.00 kom fylkestinget i Møre og Romsdal saman til fylkesting på Hotel Union i Geiranger under leiing av fylkesordførar Jon Aasen. Følgjande medlemer hadde forfall: Rolf Kårvand (Ap)

Følgjande møtte som vara: Marit Cathrin Thorstensen (Ap) 3 Forfalla blei godkjent og fylkestinget blei lovleg sett med 47 medlemer. Fylkesmann Lodve Solholm var til stades under tingsamlinga. Fylkesordføraren fekk tilslutning i fylkestinget til å begynne med sak T-71/12 Økonomiplan 2013 med budsjett for 2013. T 71-12 Økonomiplan 2013- med budsjett 2013 Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad (V): 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme vgs karrieredagar 1 000 1 000 1 000 1 000 4 000 Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Line Hoem (Ap): 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme samferdsel auka aldersgr. Ungdomskort 1 570 1 570 1 570 1 570 6 280 Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Iver Nordseth (V): 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme samferdsel (trafikktryggleik) 5 000 5 000 10 000 Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott.

4 Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Oddbjørn Vatne (Sp): 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme samferdsel dekkelegging 38 000 38 000 2 A Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme samferdsel tilleggskjøp ferjedrift (Sølsnes- Åfarnes) 2 000 2 000 2B Ein føreset at vedtekne tilleggskjøp ikkje vert kutta i perioden. Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Kristin Sørheim (Sp): 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Tilskott til utviklingstiltak på kulturområdet, inkl støtte til språkåret 500 500 500 500 2 000 2 Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Auka driftsramme tannhelse 900 900 900 900 3 600 Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott.

Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Ingrid Opedal (Sv): 5 1. (1000 kr) Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Vidareføring kollektivsatsing Ålesund 2 000 2 000 2 Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Miljøfyrtårnsertifisering, tilskottsmidlar 200 200 200 200 800 3 Drift 2013 2014 2015 Sum 2013- Prosjekt Tredrivaren 100 100 100 100 400 Auka kostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Forslag frå Torleiv Rogne (Uavhengig): Fylkestinget vil på bakgrunn av at talet på eldre og personar utan bil, inkludert funksjonshemma aukar, og vil krevje ein betre og meir behovstilpassa kollektivtransport, auka satsing på universell utforming når det gjeld rutebildrift/ferjedrift. Også auka satsing på bestillingstransport, kollektivtransport i distrikta (KID), TT-ordninga og kollektivtilboda generelt. l fylgje samferdselsdepartementet sine retningsliner til fylka innan TTordninga, er det behovet for transport som skal leggast til grunn for tildeling, ikkje alder! Fylkestinget føreset at det vert sett fokus på dette i samferdselsutvalets sine rammer. Fellesforslag frå H, Frp, Krf og Sml fremma av Helge Orten (H): Pkt 3, nytt kulepunkt: Det er under utarbeiding ein rapport som dokumenterer tilstanden på dei fylkeskommunale ferjekaiene, bruene og tunnelane. Prioritering av desse prosjekta blir å komme attende til når rapporten føreligg. Pkt 3, nytt kulepunkt: Tilbodet om to ferjer på Sølsnes-Åfarnes blir vidareført med 11 veker sommaren 2013. Kostnadane blir å dekke innanfor gjeldande rammer for samferdsel.

6 Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Bjarne Elde (Ap): 1. (i mill kr) Investeringsprosjekt 2013 2014 2015 Sum 2013- Fagskolen i Ålesund-fornying og oppgradering av utstyr 1,5 1,5 1,5 1,5 6,0 2. Investeringsprosjekt 2013 2014 2015 Sum 2013- Fagskolen i Kr.sund-fornying og oppgradering av utstyr 1,0 1,0 1,0 1,0 4,0 Finansiering ved auka låneopptak og mva-refusjon. Auka kapitalkostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Bjarne Kvalsvik (Uavh): 1. (i mill kr) Investeringsprosjekt 2013 2014 2015 Sum 2013- Planlegging nye 3,0 3,0 3,0 3,0 12,0 bruer (fylkesveg) Nye bruer (fylkesveg) 30,0 30,0 60,0 Finansiering ved auka låneopptak og mva-refusjon. Auka kapitalkostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Eva Vinje Aurdal (Ap): 1. (i mill kr) Investeringsprosjekt 2013 2014 2015 Sum 2013- Ålesund vgs/evt anna disponering ihht utviklingsplan Ålesund 50,0 50,0

7 Finansiering ved auka låneopptak og mva-refusjon. Auka kapitalkostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Iver Nordseth (V): 1. (i mill kr) Investeringsprosjekt 2013 2014 2015 Sum 2013- Mindre utbetringar ferjekaier 30,0 30,0 Finansiering ved auka låneopptak og mva-refusjon. Auka kapitalkostnader vert dekt av auka skatt og rammetilskott. Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Oddbjørn Vatne (Sp): Fylkestinget er innstilt på å forskotere 3. byggesteg Røyr - Hellesylt for å oppnå kontinuerleg framdrift på prosjektet. Endeleg forskoteringsvedtak skal gjerast på junitinget etter at Nasjonal transportplan 2014-2023 er kjent. Votering: Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad om driftsramme vgs. karrieredagar fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Line Hoem om driftsramme samferdsel - ungdomskort fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Iver Nordseth om driftsramme samferdsel - trafikktryggleik fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Oddbjørn Vatne om driftsramme samferdsel dekkelegging og tilleggskjøp ferjedrift fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Kristin Sørheim om utviklingstiltak på kulturområdet og driftsramme tannhelse fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Ingrid Opedal om kollektivsatsing Ålesund, miljøfyrtårnsertifisering og prosjekt Tredrivaren fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Forslaget frå Torleiv Rogne blei samrøystes vedtatt. Fellesforslaget frå H, Frp, Krf og Sml fremma av Helge Orten fekk 24 røyster og blei vedtatt, 23 røysta mot.

Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Bjarne Elde om fagskoleinvesteringar fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. 8 Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Bjarne Kvalsvik om investeringar - bruer fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Eva Vinje Aurdal om investering Ålesund vgs. fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Iver Nordseth om mindre utbetringar ferjekaier fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Fellesforslaget frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Oddbjørn Vatne om 3. byggjesteg Røyr Hellesylt fekk 23 røyster og fall, 24 røysta mot. Det blei deretter røysta over punkt 1 i tilrådinga frå fylkesutvalet blei samrøystes vedtatt. Punkt 2 6 i tilrådinga frå fylkesutvalet fekk 24 røyster og blei vedtatt, 23 røysta mot. Punkt 7 9 i tilrådinga frå fylkesutvalet blei samrøystes vedtatt. Vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget vedtek fylkesrådmannens framlegg til økonomiplan for 2013- for Møre og Romsdal fylkeskommune. 2. Budsjettet for 2013 blir vedteke med sum frie disponible inntekter på 3 420,1 mill. kroner, som blir disponert til følgjande formål: netto finansutgifter 161,9 mill. kroner netto avsetjingar -39,8 mill. kroner overført til investeringsbudsjettet 115,0 mill. kroner til drifta 3 183,0 mill. kroner 3. Det blir vedteke slike fylkestingsrammer for netto driftsutgifter i 2013-kroner for åra 2013-: (i 1000 kroner) Netto driftsutgifter 2013 2014 2015 Fellesutgifter og utg. til fordeling 54 508 40 329 40 329 40 099 Politisk verksemd 25 581 24 754 25 581 24 754 Stabsfunksjonar 72 159 72 009 71 958 71 757 Reservepost 130 000 130 000 130 000 130 000 Vidaregående opplæring 1 438 287 1 436 558 1 436 686 1 436 686 Fagskolane i Møre og Romsdal 43 138 43 138 43 580 43 580 Tannhelsetenester 107 582 108 117 108 117 108 539 Kulturtenester 98 348 100 479 100 479 100 479 Regional- og næringsutvikling 60 422 59 389 54 741 54 741 Samferdselstenester 1 147 365 1 161 483 1 167 596 1 157 407 Sentrale kontrollorgan 5 565 5 565 5 565 5 565 Sum driftsrammer 3 182 955 3 181 821 3 184 632 3 173 607 Innføring av auka aldersgrense på ungdomskortet til 22 år. Kostnadane på

kr 1 570 000 pr. år for åra 2013 - blir å dekke innanfor ramme "Samferdselstenester". 9 Ramme 70- Fylkesvegar: Fylkestinget viser til forslag til NTP 2014-2023. Der blir det på s. 70 og s. 73 foreslått å utgreie kompensasjon for ekstraordinær kostnadsauke innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Vidare blir det foreslått å etablere ei tilskotsordning for rehabilitering av tunnelar, bruer og ferjekaier på fylkesvegane. Dersom desse tiltaka blir vedtekne, blir prioritering av friske midlar å kome attende til ved revidering av budsjett for 2013 og/eller behandling av budsjett for 2014. Ramme "Fagskulane i Møre og Romsdal" vert styrka med kr. 800.000 pr. år i økonomiplanperioden 2013-. lnndekning:'planlagt stillingsauke i utdanningsseksjonen vert ikkje iverksett. Det er under utarbeiding ein rapport som dokumenterer tilstanden på dei fylkeskommunale ferjekaiene, bruene og tunnelane. Prioritering av desse prosjekta blir å komme attende til når rapporten føreligg. Tilbodet om to ferjer på Sølsnes-Åfarnes blir vidareført med 11 veker sommaren 2013. Kostnadane blir å dekke innanfor gjeldande rammer for samferdsel. 4. Fylkestinget pålegg kvar budsjettansvarleg instans i Møre og Romsdal fylkeskommune å leggje opp drifta i 2013 innanfor dei budsjettrammer fylkestinget har vedteke og innrette drifta etter dette frå byrjinga av året. Fylkestinget ber om at det blir iverksett eit effektiviseringsprogram som har som mål å redusere driftskostnadane eller auke driftsinntektene med 15 mill. i 2014, 30 mill i 2015 og 45 mill i. Ein ber om at fylkesrådmannen legg fram ei sak om gjennomføringa av effektiviseringsprogrammet til fylkestinget i april 2013. 5. Fylkestinget vedtek slike investeringar for åra 2013-:

10 INVESTERINGSPROSJEKT (i mill. kroner) 2013 2014 2015 Sum 2013- Opprusting av bygningsmassen 15,0 15,0 15,0 15,0 60,0 IT infrastruktur og nettverk 3,3 0,5 0,5 0,5 4,8 Sum sentrale styringsorg./fellesutg. 18,3 15,5 15,5 15,5 64,8 Utstyr/universell utforming/pedagogisk ombygging 13,0 13,0 13,0 13,0 52,0 Kristiansund vgs, bygg 8, byggetrinn 1 37,0 40,0 - - 77,0 Kristiansund vgs, bygg 04 1,0 14,0 15,0-30,0 Kristiansund vgs, bygg 10 truckhall 7,0 - - - 7,0 Kristiansund vgs, bygg 10 opprusting 7,0 - - - 7,0 Ålesund vgs, Volsdalsberga 21,5 5,0 5,0 80,0 111,5 Romsdal vgs, byggetrinn 2 8,0 80,0 80,0 80,0 248,0 Molde vgs, byggetrinn 2 5,0 40,0 80,0 34,0 159,0 Rauma vgs, brannsikring/opprusting 15,0 15,0 - - 30,0 Haram vgs, opprustning 2,0 15,0 18,0-35,0 Gjermundnes, ridehall 4,0 - - - 4,0 Gjermundnes vgs - 1,0 1,0 15,0 17,0 Sum utdanning 120,5 223,0 212,0 222,0 777,5 Tannhelse utstyr 2,0 2,0 2,0 2,0 8,0 Nye/opprusting av klinikkar 1,0 5,0 3,0 3,0 12,0 Sum tannhelse 3,0 7,0 5,0 5,0 20,0 Ruteinformasjon 1,0 1,0 1,0 1,0 4,0 Elektronisk billettering 2,0 1,0 - - 3,0 Transportadministrasjon 1,0 - - - 1,0 Sanntidsinformasjon 3,5 7,0 1,0-11,5 Fylkesvegar 400,0 215,0 99,8 96,7 811,4 Fylkesvegar- Nordøyvegen 74,9 230,4 587,5 691,2 1 584,0 Rassikring fylkesvegar 90,9 2,0 - - 92,9 Sum samferdsel 573,3 456,4 689,3 788,9 2 507,8 SUM INVESTERINGAR 715,1 701,9 921,8 1031,4 3 370,1 Endring av tabell investeringar. Forsering av Ålesund vgs, Voldsdalsberga (+10 mill i 2014 og +40 mill i 2015), samt ny ramme for investeringar i maskiner/utstyr etc. ved fagskulane: 2013 2014 2015 Sum 2013- Ålesund vgs 21,5 15 45 80 161,5 Fagskulane 2,0 2,0 2,0 2,0 8,0 Rassikring: Fylkestinget viser til behovet for framhaldande drift av rassikringsprosjektet på fylkesveg 60 mellom Røyr og Hellesylt, gjennom snarleg oppstart av 3. og 4. byggesteg. Fylkestinget viser til at dersom desse byggestega vert lagt inn i NTP, vert ei forskottering av 3 og 4 byggesteg å kome attende til ved anten rullering av budsjett 2013, eller for budsjett 2014.

11 6. Fylkestinget vedtek å ta opp 537,9 mill. kroner i lån i 2013 med ei avdragstid på 30 år. 7. Fylkesordføraren si godtgjersle blir fastsett til 100 prosent av fylkesrådmannen si løn for budsjettåret 2013. 8. Når det av fylkeskommunens midlar eller midlar fylkeskommunen står som formidlar av, blir ytt tilskott mv. til offentleg og privat verksemd som elles ikkje er underlagt fylkesrevisjonens kontroll, skal det, dersom ikkje anna er fastsett, overfor mottakaren takast atterhald om at den som yter tilskottet mv. eller fylkesrevisjonen, skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlane blir brukt etter føresetnadene. 9. Fylkesutvalet får fullmakt til å gjere dei endringane i budsjettet som må til for å ta omsyn til lover, reglar, overordna vedtak og tariffavtalar som ein ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeidinga og behandlinga av budsjettet. 10. Fylkestinget vil på bakgrunn av at talet på eldre og personar utan bil, inkludert funksjonshemma aukar, og vil krevje ein betre og meir behovstilpassa kollektivtransport, auka satsing på universell utforming når det gjeld rutebildrift/ferjedrift. Også auka satsing på bestillingstransport, kollektivtransport i distrikta (KID), TT-ordninga og kollektivtilboda generelt. l fylgje samferdselsdepartementet sine retningsliner til fylka innan TTordninga, er det behovet for transport som skal leggast til grunn for tildeling, ikkje alder! Fylkestinget føreset at det vert sett fokus på dette i samferdselsutvalets sine rammer. Steve Runar Kalvøy (Frp) fekk no permisjon for resten av møtet og Rolf Bergmann (Frp) kom inn som vara. T 69-12 Forvaltningsrevisjonsrapport 4/2012: Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring. Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 Fylkestinget tar rapporten Spesialundervisning innan vidaregåande opplæring til vitande og ber om at konklusjonar og anbefalingar i rapporten blir følgde opp. T 70-12 Kontrollutvalet - melding om utført selskapskontroll i 2012 Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 Fylkestinget tar kontrollutvalets melding om utført selskapskontroll i 2012 til vitande. Fylkestinget føreset at det snarast blir gitt eit tilbod om styreopplæring til fylkestingets medlemer og andre som representerer fylkeskommunen i styre for selskap, stiftingar m.m.

T 72-12 Søknad frå Jan Kåre Aurdal om fritak frå fylkeskommunale verv - suppleringsval 12 Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Jan Kåre Aurdal trer ut av sine verv i Møre og Romsdal fylkeskommune med verknad frå 12. desember 2012 og ut valperioden 2011 2015. 2. Som ny 1. varamedlem i samferdselsutvalet i staden for Jan Kåre Aurdal for resten av valperioden 2011 2015 blir valt: 1. vara: Jan Helgøy 2. vara: Marit Valde Singelstad 3. vara: Marian Brennesvik Hansø T 73-12 Papirlause møte i Møre og Romsdal fylkeskommune Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Ole Bjørn Sandøy (H) fremma følgjande forslag til endring av punkt 2: Ordninga blir gjennomført innan første halvår 2013. Votering: Punkt 1, 3, 4, 5 og 6 i fylkesutvalet si tilråding blei samrøystes vedtatt. Punkt 2 i tilrådinga frå fylkesutvalet blei sett opp i mot forslaget frå Sandøy. Forslaget frå Sandøy blei samrøystes vedtatt. Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget vedtek at fylkestinget, fylkesutvalet, kontrollutvalet og hovudutvala inkl. dei rådgivande utvala innfører papirlause møte. Det blir sett av kr 760.000,- til gjennomføringa av dette. 2. Ordninga blir gjennomført innan første halvår 2013. 3. Fylkestinget vel ei løysing der fylkeskommunen kjøper inn ipad 4.gen WiFi + 4G, 32GB minne, inkl. fysisk tastatur og deksel til representantane i desse utvala. 4. Dei representantane som vil nytte privat utstyr, kan i staden for nytt nettbrett motta ein eingongssum på kr 1.500,- i kompensasjon. 5. Det vil bli gitt nødvendig opplæring både gruppevis og for enkeltpersonar som ønskjer det. 6. Innføring av papirlause møte blir finansiert over fylkesutvalets reservepost. Til rest på reserveposten etter vedtak blir kr 265.000,-

13 T 77-12 Prioriteringar i det internasjonale arbeidet i Møre og Romsdal fylkeskommune Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Gunn Berit Gjerde (V) fremma forslag til 2 nye punkt: 3 Fylkeskommunen skal ved starten av kvar valperiode tilby fylkespolitikarane skulering i internasjonalt arbeid. 4 Fylkestinget skal ein gong i året drøfte eitt eller fleire av satsingsområda for internasjonalt arbeid i fylkeskommunen. Steinar Reiten (Krf), Ingrid Opedal (Sv), Oddbjørn Vatne (Sp) og Iver Nordseth (V) fremma følgjande forslag til nytt punkt 5: Fylkestinget ber om at det blir vurdert å inngå venskapsavtale mellom Møre og Romsdal fylke og ein region i den tredje verda. Ein slik venskapsavtale kan mellom anna ha som mål å etablere utvekslingsprogram for ungdom, der internasjonal solidaritet og forståing for fattigdoms- og miljøproblematikk står sentralt. Fylkestinget ber om å få ei eiga sak om dette i løpet av 2013. Ingrid Opedal (Sv) fremma følgjande forslag til nye punkt (2 e blei omgjort til oversendingsframlegg): 2 e (tillegg) Det bør arbeidast aktivt for etablering av fleire INN-kontor, i første omgang i dei største byane. 2 f Miljø og klima er gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen. Desse utfordringane kjenner ingen landegrenser, og kan berre løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Fylkeskommunen vil difor ha eit særleg fokus på desse områda i internasjonaliseringsarbeidet. Knut Flølo (Frp) fremma følgjande forslag til oversendingsforslag: Møre og Romsdal fylkeskommune sitt engasjement i Vest-Norges Brusselkontor skal evaluerast saman med Sogn og Fjordane og Hordaland, med fokus på framlegging av kva resultat dette har gjeve. Sak ang. dette leggast fram til fylkestinget april 2013. Steinar Reiten (Krf) fremma forslag om punktvis avrøysting på Ingrid Opedal sitt forslag. Votering: Tilrådinga frå fylkesutvalet blei samrøystes vedtatt. Reiten med fleire sitt forslag blei samrøystes vedtatt. Opedal sitt forslag til punkt 2 f blei samrøystes vedtatt.

Gjerde sitt forslag til nye punkt blei samrøystes vedtatt. 14 Flølo sitt forslag til oversendingsforslag blei samrøystes vedtatt. Opedal sitt forslag til oversendingsforslag blei samrøystes vedtatt. Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget tek saka til orientering. 2. Føljande prioriteringar skal leggast til grunn for arbeidet med internasjonalisering i Fylkesplan 2013- og andre prioriterte planar i Regional planstrategi 2012-: a) Fylkeskommunen skal arbeide for at ungdom i fylket skal utvikle god kompetanse i språk og internasjonalt samarbeid. b) Fylkeskommunen skal støtte næringsliv og kommunar i internasjonaliseringsarbeidet ved å påverke og bidra med kunnskap om rammevilkår for kommunar og næringsliv i regionen. c) Fylkeskommunen skal initiere og støtte internasjonale prosjekt i kommunar, organisasjonar og næringsliv. Fylkeskommunen skal delta i minst to nye EU-prosjekt i løpet av neste fylkesplanperiode. d) Fylkeskommunen skal vere døropnar for kommunar og bedrifter i land fylkeskommunen har relasjonar til, og vere vertskap for utanlandsk besøk i samarbeid med andre aktørar i fylket. e) Fylkeskommunen skal støtte rekruttering av stabil og kompetent utanlandsk arbeidskraft i fylket. Fylkeskommunen skal samarbeide med kommunane om tilrettelegging av bu- og oppveksttilbod, skuletilbod, språkopplæring, etterutdanningog omskoleringstilbod. f) Miljø og klima er gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen. Desse utfordringane kjenner ingen landegrenser, og kan berre løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Fylkeskommunen vil difor ha eit særleg fokus på desse områda i internasjonaliseringsarbeidet. 3. Fylkeskommunen skal ved starten av kvar valperiode tilby fylkespolitikarane skulering i internasjonalt arbeid. 4. Fylkestinget skal ein gong i året drøfte eitt eller fleire av satsingsområda for internasjonalt arbeid i fylkeskommunen. 5. Fylkestinget ber om at det blir vurdert å inngå venskapsavtale mellom Møre og Romsdal fylke og ein region i den tredje verda. Ein slik venskapsavtale kan mellom anna ha som mål å etablere utvekslingsprogram for ungdom, der internasjonal solidaritet og forståing for fattigdoms- og miljøproblematikk står sentralt. Fylkestinget ber om å få ei eiga sak om dette i løpet av 2013. Oversendingsframlegg: INN-kontor Det bør arbeidast aktivt for etablering av fleire INN-kontor, i første omgang i dei største byane.

Vest-Norges Brusselkontor Møre og Romsdal fylkeskommune sitt engasjement i Vest-Norges Brusselkontor skal evaluerast saman med Sogn og Fjordane og Hordaland, med fokus på framlegging av kva resultat dette har gjeve. Sak ang. dette leggast fram til fylkestinget april 2013. 15 T 74-12 Fylkesplan 2013- - vedtak Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Helge Orten (H) fremma forslag til endringar i tråd med forslaget til endringar og tilføyingar frå fylkesrådmannen (lagt ved tilrådinga frå fylkesutvalet til fylkestinget): Samferdsel Endring side 29, resultatmål 6, utheva i kursiv. Gjennom aktivt arbeid med trafikktrygging vil vi medverke til å nå det nasjonale målet for 2024 om færre drepne og skadde i trafikken*. Andre risikofaktorar som ras og dårlege farleier på sjø skal utbetrast. Verdiskaping Tilføying av tekst på side 24, mellom 2. og 3. avsnitt: Landbruket står i ei særstilling i Møre og Romsdal. Næringa forvaltar store fellesverdiar ut over det å produsere mat og trefiber. Eit aktivt landbruk skaper levande bygder og allsidig sysselsetting. Vi må legge til rette for å sikre produksjonsgrunnlaget og styrke produksjonsmiljø og klynger. Kompetanse Tilføying av tekst etter siste avsnitt s. 20: Møre og Romsdal har eit av landets mest innovative næringsmiljø. Det er avgjerande i det vidare arbeidet for å styrke fagmiljøa ved dagens høgskular at vi stimulerer til sterkare samarbeid mellom høgskulemiljøet og næringslivet i regionen. FoU-strategi for Møre og Romsdal 2013- (T- 88/11) vil vere ein viktig del for å sikre heilskapleg og strategisk perspektiv på dette arbeidet. Ingrid Opedal (Sv) fremma følgjande forslag: Gjennomgåande perspektiv Side 13: Likestilling og inkludering: linje 6 der effektar for kjønn, funksjonsevne, seksuell legning og etnisitet skal vere Side 15: Satsingsområde Kultur: Hovudmål kultur: 3. avsnitt, 3. linje: kulturinstitusjonar, høgskular, forskingsinstitusjonar, fagfolk i kommunane Side 23: Satsingsområde Verdiskaping: Hovudmål verdiskaping: 2. avsnitt siste linje: har, saman med andre folkerike klynger i fylket, ei viktig rolle som motorar i regionen.

16 Torleiv Rogne (Uavh) fremma følgjande forslag: Resultatmål kultur: Nytt pkt. 6 Legge til rette for turvegar som er spesielt tilrettelagt for menneskje med nedsett funksjonsevne, og som og fremjer den generelle folkehelsa. Pål Farstad (V), Bjarne Elde (Ap), Åge Austheim (Frp), Oddbjørn Vatne (Sp), Steinar Reiten (Krf), Torleiv Rogne (Uavh) og Ingrid Opedal (Sv) fremma følgjande forslag til endring/tillegg i tilrådinga frå fylkesutvalet: Resultatmål kompetanse -mål nr.8: Intensivere arbeidet for etablering av Høgskulen i Møre og Romsdal med fire avdelingar (Volda, Ålesund, Molde, Kristiansund), i samsvar med sentrale føringar samt behovet for å sjå rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon i eit meir heilskapleg og strategisk perspektiv. Det er vidare avgjerande at Høgskulen i Møre og Romsdal - som er lokalisert i eit av landets mest innovative næringsmiljø - etablerer eit sterkare samarbeid med næringslivet. Gunn Berit Gjerde (V) fremma følgjande forslag: Under resultatmål verdiskaping: Nytt avsnitt etter 1. Avsnitt: Særleg skal det satsast på å gjere fylket attraktivt for ungdom og kvinner. Åge Austheim (Frp) fremma følgjande forslag til oversendingsframlegg: Tilleggsforslag: Fylkestinget viser til vedtak i sak U-37/11 Høyring prosjektetet MøreAlliansen. Med bakgrunn i Fylkesplanens mål om etablering av Høgskolen i Møre og Romsdal med fire campus (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund) ber Fylkestinget om å få seg forelagt ny sak om MøreAlliansen og hvordan målet om realisering av Høgskolen i Møre og Romsdal skal gjennomføres. Saken legges frem av administrasjonen innen utgangen av februar 2013 og behandles både av Regional- og næringsutvalget og Utdanningsutvalget, før Fylkestinget får den til behandling på apriltinget neste år. Frank Sve (Frp) fremma krav om punktvis avrøysting i fylkesutvalet si tilråding. Votering: Første punkt i tilrådinga frå fylkesutvalet blei vedtatt med 39 røyster mot 8 røyster. Andre punkt i tilrådinga frå fylkesutvalet blei samrøystes vedtatt.

17 Forslaget frå Orten under samferdsel blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Orten under verdiskaping blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Orten under kompetanse blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Opedal under gjennomgåande perspektiv blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Opedal under kultur blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Opedal under verdiskaping blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Rogne blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Farstad med fleire fekk 39 røyster og blei vedtatt, 8 røysta mot. Forslaget frå Gjerde blei samrøystes vedtatt. Forslaget frå Austheim til oversendingsframlegg blei samrøystes vedtatt. Vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 Fylkestinget vedtek Fylkesplan 2013-, regional plan for Møre og Romsdal med desse endringane: - Gjennomgåande perspektiv Side 13: Likestilling og inkludering: linje 6 der effektar for kjønn, funksjonsevne, seksuell legning og etnisitet skal vere - Satsingsområde Kultur: Side 15: Hovudmål kultur: 3. avsnitt, 3. linje: kulturinstitusjonar, høgskular, forskingsinstitusjonar, fagfolk i kommunane Resultatmål Kultur: Nytt pkt. 6 Legge til rette for turvegar som er spesielt tilrettelagt for menneskje med nedsett funksjonsevne, og som og fremjer den generelle folkehelsa. - Resultatmål Kompetanse mål nr. 8: Intensivere arbeidet for etablering av Høgskulen i Møre og Romsdal i samsvar med sentrale føringar samt behovet for å sjå rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon i eit meir heilskapleg og strategisk perspektiv. Det er vidare avgjerande at Høgskolen i Møre og Romsdal som er lokalisert i eit av landets mest innovative næringsmiljø etablerer eit sterkare samarbeid med næringslivet. Intensivere arbeidet for etablering av Høgskulen i Møre og Romsdal med fire avdelingar (Volda, Ålesund, Molde, Kristiansund), i samsvar med sentrale føringar samt behovet for å sjå rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon i eit meir heilskapleg og strategisk perspektiv.

Det er vidare avgjerande at Høgskulen i Møre og Romsdal - som er lokalisert i eit av landets mest innovative næringsmiljø - etablerer eit sterkare samarbeid med næringslivet. 18 Tilføying av tekst etter siste avsnitt s. 20: Møre og Romsdal har eit av landets mest innovative næringsmiljø. Det er avgjerande i det vidare arbeidet for å styrke fagmiljøa ved dagens høgskular at vi stimulerer til sterkare samarbeid mellom høgskulemiljøet og næringslivet i regionen. FoU-strategi for Møre og Romsdal 2013- (T- 88/11) vil vere ein viktig del for å sikre heilskapleg og strategisk perspektiv på dette arbeidet. - Satsingsområde Verdiskaping: Nytt avsnitt etter 1. Avsnitt: Særleg skal det satsast på å gjere fylket attraktivt for ungdom og kvinner. Side 23: Hovudmål verdiskaping: 2. avsnitt siste linje: har, saman med andre folkerike klynger i fylket, ei viktig rolle som motorar i regionen. Tilføying av tekst på side 24, mellom 2. og 3. avsnitt: Landbruket står i ei særstilling i Møre og Romsdal. Næringa forvaltar store fellesverdiar ut over det å produsere mat og trefiber. Eit aktivt landbruk skaper levande bygder og allsidig sysselsetting. Vi må legge til rette for å sikre produksjonsgrunnlaget og styrke produksjonsmiljø og klynger. - Resultatmål Samferdsel Nytt pkt (etter ferjestrekningar): MRFK må sikre at fylket blir ein del av ei framtidig lyntogsatsing ved å arbeide aktivt for Gudbrandsdalen som trasè for lyntog mellom Oslo og Trondheim. Endring side 29, resultatmål 6, utheva i kursiv. Gjennom aktivt arbeid med trafikktrygging vil vi medverke til å nå det nasjonale målet for 2024 om færre drepne og skadde i trafikken*. Andre risikofaktorar som ras og dårlege farleier på sjø skal utbetrast. Oversendingsforslag: Fylkestinget viser til vedtak i sak U-37/11 Høyring prosjektetet MøreAlliansen. Med bakgrunn i Fylkesplanens mål om etablering av Høgskolen i Møre og Romsdal med fire campus (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund) ber Fylkestinget om å få seg forelagt ny sak om MøreAlliansen og hvordan målet om realisering av Høgskolen i Møre og Romsdal skal gjennomføres. Saken legges frem av administrasjonen innen utgangen av februar 2013 og behandles både av Regional- og næringsutvalget og Utdanningsutvalget, før Fylkestinget får den til behandling på apriltinget neste år.

T 75-12 Trafikktryggingsstratgi for Møre og Romsdal 2013-2022 19 Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Ingrid Opedal (Sv) fremma følgjande forslag til oversendingsframlegg: Fylkestinget ber administrasjonen vurdere større grad av deling av gangog sykkelvegar i felt for gåande og syklande. Ein ber og om at vedlikehald/ brøyting/ strøing av gang- og sykkelvegar vert vektlagt med tanke på universell utforming. Votering: Samrøystes som tilrådinga frå fylkesutvalet. Oversendingsframlegget frå Opedal blei samrøystes vedtatt. Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget i Møre og Romsdal tek til orientering Revidert utkast til Trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal 2013 2022 slik den er vedlagt. 2. Strategi for trafikktryggleik skal leggast til grunn for utarbeiding av handlingsprogram til Fylkesplan 2013- og andre relevante regionale planar, t.d. Regional delplan for folkehelse og Regional delplan for senterstruktur. Den skal også leggast til grunn for fylkeskommunal samhandling og samarbeid med andre regionale aktørar som trafikktryggleiksstrategien rører ved. P. 5.2 Mål --- Nytt punkt 5. Det offentlege vegnettet skal vera rassikra innan 2030. Oversendingsframlegg: Fylkestinget ber administrasjonen vurdere større grad av deling av gang- og sykkelvegar i felt for gåande og syklande. Ein ber og om at vedlikehald/ brøyting/ strøing av gang- og sykkelvegar vert vektlagt med tanke på universell utforming. T 76-12 Landbruksmelding for Møre og Romsdal Behandling i fylkestinget - 11.12.2012 Steinar Reiten (Krf) fremma forslag om at saka skulle utsettast. Votering: Forslaget fekk 8 røyster og fall. Torleiv Rogne (Uavh) fremma følgjande forslag til nytt punkt: 4. Fylkestinget syner til den store avgangen av dyrka jord, samt at jorda har eigarar som ikkje er busett i lokalsamfunn/kommune eller region. Dette førere til at bonden vert leiglending og vil på sikt føre til nedbygging av landbruket gjennom manglande moglegheit for kapitaltilgang med utbygging/modernisering av driftsapparatet.

20 Fylkestinget bed sentrale styresmakter auka tilskotet til - og betra finansieringsordningar for driftsbygningar m.m. Hans Olav Myklebust (Frp) fremma følgjande tillegg til tilrådinga: Fylkestinget er skeptisk til eit for sterkt jordvern i fylket. Fylkestinget er skeptisk til å ta frå gardbrukarar råderetten over, og moglegheita til å utvikle eigen eigedom. Gardbrukarane forvaltar kunnskap som er bygd opp gjennom generasjonar om bruk og forvaltning av jordressursane. Fylkestinget har tillit til at kommunane saman med jordeigar forvaltar og planlegg arealdisponeringar på ein god måte. Ingrid Opedal (Sv) fremma følgjande forslag til oversendingsframlegg: Fylkestinget ber administrasjonen setje i verk eit prøveprosjekt der 15 % av maten i storkjøken og kantiner i fylkeskommunen er økologisk. Fylkestinget ber også administrasjonen vurdere å ta initiativ til at Møre og Romsdal vert pilotfylke for kortreist og økologisk mat. Votering: Fylkesutvalet si tilråding blei samrøystes vedtatt. Det blei så røysta over dei to første avsnitta i forslaget frå Rogne. Forslaget blei vedtatt med 27 mot 20 røyster. Det blei så røysta over siste avsnitt i forslaget frå Rogne. Forslaget blei vedtatt med 28 mot 19 røyster. Forslaget frå Myklebust fekk 19 røyster og fall, 28 røysta mot. Oversendingsframlegget frå Opedal blei vedtatt mot 1 røyst. Vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget tek Landbruksmelding for Møre og Romsdal til orientering. 2. Landbruksmeldinga skal leggast til grunn for utarbeiding av handlingsprogram til Fylkesplanen 2013- og andre relevante delplanar, til dømes Regional energi- og klimaplan, Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi, Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap og Regional delplan for senterstruktur. 3. Fylkestinget bed sentrale styresmakter om å gje landbruksnæringa dei rammevilkåra som trengst for at næringa skal nå dei måla som er sette i forhold til inntekt, produksjon, sysselsetjing, kulturlandskap og verdiskaping. 4. Fylkestinget syner til den store avgangen av dyrka jord, samt at jorda har eigarar som ikkje er busett i lokalsamfunn/kommune eller region. Dette førere til at bonden vert leiglending og vil på sikt føre til nedbygging av landbruket gjennom manglande moglegheit for kapitaltilgang med utbygging/modernisering av driftsapparatet. Fylkestinget bed sentrale styresmakter auka tilskotet til - og betra finansieringsordningar for driftsbygningar m.m.

21 Oversendingsframlegg: Fylkestinget ber administrasjonen setje i verk eit prøveprosjekt der 15 % av maten i storkjøken og kantiner i fylkeskommunen er økologisk. Fylkestinget ber også administrasjonen vurdere å ta initiativ til at Møre og Romsdal vert pilotfylke for kortreist og økologisk mat. T 78-12 K104 Romsdal vgs - Byggeprogram BT2 og BT3 Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget godkjenner det framlagte byggeprogrammet for Romsdal vgs kor skolen i hovudsak blir bygd i massivtre med low-tech ventilasjonsløysingar. 2. Fylkestinget sluttar seg til at byggearbeidet i hovudsak blir gjennomført med totalentreprise. T 79-12 K203 Kristiansund vgs - Bygg 08, Btr. 1 - Forprosjekt Samrøystes vedtak i fylkestinget - 11.12.2012 1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt med ei brutto kostnadsramme på 80 mill. kroner. 2. Fylkestinget sluttar seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. Møtet slutt 1730