INFO SLIPPEN No. 1/ 2012 Den tyske Megola motorsykkelen, med 5-sylindra stjernemotor i framhjulet god på vinterføre. Innhald: -Referat frå årsmøtet 2011 -Årsmelding 2011 -Rekneskap for 2011 -Aktivitetar 2012
Referat frå årsmøtet 11. november 2011. Tid og stad: Fredag 11.11. klokka 19:00, hytta til Haram Jeger og Fiskerforening, Vatne. Tilstades var: Styret (T. Vatnehol, G. Eide, A. Morsund, T. Båtnes), Terje Slåtten, Lars Røsok, Arild Gravdehaug, John Nygård, Nina Jones, Roar Indergård, Jan Olav Røysland, Oddvar Skoge, Gunnar Vadset, Steinar Sjøholt, Leif Skorpen, Tore Gagnat, Bjørn Nybø, Stig Brudevoll 1) Godkjenning av innkalling Dei frammøtte hadde høve til å komme med innvendingar til møteinnkallinga, men slike kom ikkje og møtet vart sett 19:05. 2) Val av møteleiar og referent Møteleiar: Torgeir Vatnehol Referatskrivar: Torgeir Båtnes 3) Årsmelding Årsmelding frå formannen vart opplest av møteleiar Vatnehol. Ingen kommentarar frå årsmøtet. Årsmeldinga ligg ved referatet. 4) Reknskap Reknskapet vart lagt fram slik som det ligg ved dette referatet. Vårskjelven, som hadde 108 deltakarar i 2011 gav åleine eit overskot på drygt 12.000,-. Vårskjelven er hovudinntektskjelda til klubben. Samla kan ein notere eit driftsoverskot på 576,- for klubben i 2011, etter at avskrivingar er utførd. Avskriving i reknskapet har vore utført etter påtrykk frå førre årets årsmøte. Avskrivingane er samla 8724,- Medlemskontingenter som har vore utsendt har for det meste vorte betalt, men nokre er likevel ikkje betalte. Dei som ikkje har betalt for 2011 får purring i lag med kontingent for 2012. Ved utgangen av 2010 kan det noterast følgjande midler i klubbens eige: Sum eiendeler er vel 111.000,- medrekna kontantbehaldning vel 57.000,-. Reknskapet vart godkjent av årsmøtet. 5) Val av nytt styre. Desse verva var på val: Formann og Kasserar Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt sitjande formann og kasserar om å ta ei periode til, og det sa dei seg viljuge til. Årsmøtet si innstilling til dei verva i styret som er på val er: * Formann : Torgeir Vatnehol valperiode 1 år * Kasserar : Geir Eide valperiode 2 år Årsmøtet si innstilling for formann og kasserar vart einstemmig innklappa. Atle Morsund held fram som heimesideansvarleg/pressetalsmann. 6) Valkomité for 2012 Ny valkomité for 2012 vert Jørn Høydal og Arild Gravdehaug, då årsmøtet mistenkte dei for å ha hatt ein noko lett jobb som valkomité i 2011. 7) Vårskjelven 2012 Årsmøtet gjekk inn for at Vårskjelven 2012 vert lagt til 01.-03. Juni. Åstad som før, Skoglund Camping. Aktivitetsnivå som for Vårskjelven 2011. Det vil seie få aktivitetar, men med godt innhald. Kveldsmat fredag, frokost laurdag og sundag, middag på laurdagskvelden og ein eller anna form for fellesaktivitet/tur på laurdag dagtid. 1) Styret vil høyre med campingplasseigaren om å leige plass for å lagre utstyr. 2) Styret vil sette vekk middag på laurdag til cateringselskap. 3) Styret anmodar medlemmane om å melde seg friviljuge til å stå på vaktliste for Vårskjelven.
8) Aktivitetar/Fredagsmøta 2012, sjå vedlagt liste. 9) Inkomne forslag/eventualiteter: Ingenting. Årsmøtet vart so heva klokka 20:00, og vi gjorde oss klar til å innta årets julebord. Styret for 2012: Formann: Torgeir Vatnehol Lorgja 6057 Ellingsøy tel. 701 56 513 mob. 928 13 390 tvatnehol@gmail.com Skrivar: Kasserar: Treffansvarleg: Pressetalsmann: Torgeir Båtnes Aurhølå 18A 6036 Mauseidvåg tel. 957 80 975 tbaat@hotmail.com Geir Eide Valle 6260 Skodje tel. 702 76 005 mob. 941 48 609 geira2@mimer.no Styret++ Atle Morsund Ola Fladmarksveg 6 6412 Molde tel. 712 76 043 mob. 408 43 772 atle@morsund.no Snitt av Megola-motoren. Til slutt gjer vi medlemmane merksame på: -Medlemskontingent 2012 Denne er kroner 100, og må betalast inn v.hj. av giroblankett lagt ved denne forsendinga. Frist for innbetaling er sett til: 31. Mars 2012. Vi i styret ynskjer dykk alle eit velsigna og innhaldsrikt Godt Nytt År!
Årsmelding 2011 For NVMC avd. Sunnmøre
Reknskap 2011 for NVMC avd. Sunnmøre
Aktivitetar Vinter / Vår 2012: Fredag 13. Januar Fredag 03. Februar Fredag 02. Mars Fredag 13. April Fredag 04. Mai Karane (og dama) på Headstone MC tek hjarteleg imot med varm kaffi, triveleg atmosfære og fine lokale. Headstone MC i Skutvika, Ivar Aasens gt. 16 i Ålesund. Vi skal ut til Furtebua til Bernhard Øyangen på Slinningen. Om han ikkje er heime, er vi likevel velkomne, det syt gode hjelparar for. Det vankar som regel gode vafle, og eit og anna prosjekt i meir eller mindre statisk fase å kvile auga på. Furtebua ligg på Lingehaugane 1, Slinningen, Heissa pr. Ålesund. Ikkje sit heime i snøfonna og furt, men ring Benna på 900 66 094 og kom til Furtebua og furt i lag med andre furtne motorsyklistar denne kvelden. Formann Vatnehol tek imot på Maritime Partner i Olsvika. Ta av ned forbi Bertel O. Steen (Mercedes) i Breivika, og so ned til styrbord i første T-kryss. Der er det skilta vidare mot Maritime Partners flotte lokaler. Det vert omvisning, MOB-båt køyring/demo om veret tillet og det heile vert runda av med skoldheit kaffi med knask. Ring formann Vatnehol på 928 13 390 om du ikkje skil styrbord frå babord, og havnar i raud sektor. Pressetalsmann Atle Morsund held loftstova varm og fin for oss i Ola Fladmarksveg 6, Molde. Atle treffast enkelt på 408 43 772 for å få presis dirigering om de ikkje finn fram. Arild P. Gravdehaug tek imot oss i lokala til Straumen Bil AS på Skorgenes, Vestnes. Der vil det verte kaffi og knask sjølvsagt, samt ein rep. frå Magna som vil vise fram ymse sveiseutstyr/metodar for umulige material som legert aluminum, magnesium, støypegods og anna. Det vil verte demonstrasjon, samt høve til å ta med seg vanskelege delar for vurdering av ekspertisen. Ring Arild P. på 952 50 534 om du treng bergning. 01. 03. Juni VÅRSKJELVEN 2012 Sjå eiga annonse i Sidevogna og på www.nvmc-sunnmore.no Sprengskisse av Megola motor, der planetgearet på veiva viser.
Aktivitetar Hausten 2012: 31. August - 02. September Rovdetwist! Det vert fellestur med overnatting til Rovdetwist. Rovde sitt svar på Momarkedet. (Les meir om formann Vatnehols opplevingar på Rovdetwist 2011 i årsmeldinga, her gikk vi glipp av mykje, oss som vart att heime.) Det vert høve til telting samt overnatting på flatseng under tak. Partytelt, bålbrenning, grill, frukost, sanitæranlegg+++ det meste vert lagt på fat for oss. Under laurdagen vert det ymse aktivitetar som messestandar, kulturinnslag, matservering og anna. På laurdagskvelden vert det dans. Ring Eldar Almås på 951 77 278 for informasjon om tilstelninga og det praktiske. Fredag 05. Oktober November/Desember Skrivar Torgeir Båtnes tek imot på Fiskerstrand Verft AS på Sula. Denne fredagen kan det verte høve til å få ei omvisning om bord på nybygg om det fell seg slik (uvisst i skrivande stund), eller generell åtgaum kring storskjermen med diverse Youtube-snuttar og løgne opplevingar. Ein skvett kaffi og knask vil det og vanke i pauserommet til teknisk avdeling. Ring Torgeir Båtnes på 957 80 975 om du treng info. Årsmøte/julebord 2012. Eiga innkalling vert sendt ut. «Killinger und Freund», videreutvikling av Megola.