SKODJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: 24.08.2015 Tid: 16:00 Eventuelt forfall kan meldast til regine.bruteig@skodje.kommune.no Varamedlem møter etter nærare avtale. SAKLISTE Sak nr. Arkivsak 16/15 15/677 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE 17/15 15/676 OMSORGBUSTADAR - BRUKARGRUPPE 18/15 15/676 MANDAT OG RETNINGLINER FOR RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA 19/15 15/677 GODKJENNING AV PROTOKOLL Skodje, 17.08.2015 Modolf Hareide Leiar
Sak 16/15 Arkivsak nr: 15/677 16/15 24.08.2015 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vert gjennomgått. RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL VEDTAK: Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjende. Arkivsaksnr.: 15/677 Side 1
Sak 17/15 Arkivsak nr: 15/676 17/15 24.08.2015 OMSORGBUSTADAR - BRUKARGRUPPE SAKSOPPLYSNINGAR: Prosjekt omsorgsbustadar er framleis under planlegging. Skodje kommune vil fokusere på ei brukargruppe i desse omsorgsbustadane, og ønskjer uttale frå eldrerådet knytt til deira vurderingar kring kva brukargruppe som skal kunne nytte omsorgsbustadane. Ass. Rådmann Kristian Skålhavn vil informere munnleg i møtet. RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA SITT FRAMLEGG TIL UTTALE: Arkivsaksnr.: 15/676 Side 1
Sak 18/15 Arkivsak nr: 15/676 18/15 24.08.2015 MANDAT OG RETNINGLINER FOR RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA SAKSDOKUMENT: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne mandat og retningliner SAKSOPPLYSNINGAR: Det vart i møte 08.06.15 drøfta mandat og retningliner for arbeidet til rådet. Det har blitt utarbeidd eit utkast for mandat og retningliner med utgangspunkt i utkastet tilsendt frå leiar. RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL UTTALE: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne støttar rådmannen sitt forslag til mandat og retningsliner for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Arkivsaksnr.: 15/676 Side 1
Sentraladministrasjonen Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - Mandat og retningsliner 1. I medhald av lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne 1 og 2 skal Skodje kommune ha eit råd som skal sørge for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i saker som er særleg viktige for dei. 2. Kommunestyret oppnemner medlem til rådet. Organisasjonar som representerar menneske med nedsett funksjonsevne i Skodje kommune har forslagsrett. Oppnemning av leiar, nestleiar og medlem gjeld for valperioden til kommunestyret. Reglane om høvestalsval i kommunelova gjeld ikkje ved oppnemning av rådet. 3. Rådet skal ha 5 medlem. Kommunestyret kan gjennom vedtak endre talet på medlemmer. To av medlema skal vere kommunestyrerepresentantar. 4. Kommunen skal sørgje for at dei administrative funksjonane for råda blir tekne vare på. Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret opprettar sekretariat, vedtek budsjett og gir utfyllande reglar for saksbehandlinga i rådet. 5. Rådet skal vere løysingsorientert, bidra til open dialog og konstruktiv kommunikasjon og fremme gode samarbeidsrelasjonar. Det skal ha fokus på funksjonshemmande barrierer for alle. 6. Medlemma og leiar skal ha møtegodtgjersle og dekking av reisegodtgjersle i tråd med andre utval og verv i kommunen. Kommunen bør sørge for at det vert stilt midlar til disposisjon for kompetanseheving i rådet og til deltaking i eksterne møte, konferansar og liknande. 7. Rådet skal kvart år legge fram for kommunestyret ei melding om verksemda. 8. Leiaren sørgar for å kalle inn til og leie møta i rådet. Det skal haldast minst 4 møter i året. Leiaren eller minst 2 medlem kan krevje at det blir kalla inn til møte i tillegg til dei faste møta. 9. Kommunen bør stille møterom til disposisjon for rådet som er universelt utforma spesielt med tanke på brukarar av rullestol, hørselshemma, synshemma osv. 10. Sekretariatet sine oppgåver: a. Førebu saker for rådet. b. Lage innkalling med sakliste før møta i samarbeid med leiaren. Desse skal gjerast offentleg. c. Offentleggjere referat frå møta. 11. Rådet sine oppgåver: a. Vere høyringspart i saker som gjeld universell utforming etter plan- og bygningslova. b. Uttale seg om saker som gjeld tilgjenge og tenestetilbod for menneske med nedsett funksjonsevne. c. Uttale seg i andre saker som berører funksjonshemma og som det er naturleg å uttale seg om for rådet. d. Rådet bør delta i informasjonsmøte og strategimøte i samband med utforming av planar, aktuelle byggesaker, budsjett og økonomiplan. e. Rådet kan sjølv ta opp aktuelle saker og tema til debatt samt samarbeide med både brukarorganisasjonar og fagmiljø. f. Rådet kan vere pådrivar ovanfor rådmann og kommunale einingar i aktuelle saker som gjeld universell utforming. g. Skrive årsmelding og formidle den til sentraladministrasjonen.
Sak 19/15 Arkivsak nr: 15/677 19/15 24.08.2015 GODKJENNING AV PROTOKOLL Protokoll frå forrige møte RÅDMANNENS FRAMLEGG TIL VEDTAK: Protokoll frå møtet vart samrøystes godkjend. Arkivsaksnr.: 15/677 Side 1