Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Like dokumenter
Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Trond Roy Pedersen/Ivar Undheim Arkiv: B13 Arkivsaksnr.: 16/ KAPASITETSUTFORDRINGANE BORE SKULE OG KLEPPE SKULE

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Elevtalsframskriving

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Høyringsdokument. Framlegg til revidert rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Kommunedelplan for oppvekst

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

HØYRINGSNOTAT. Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 41/2019 Kommunestyret PS

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Referat Kommunalt foreldreutval Klepp kommune

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune Strukturdel

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Wenche Solheim Arkivsak: 2017/1133 Løpenr.: 7252/2017

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

ii. Utbyggingskostnad ca mill. kroner iii. Investeringskostnader 1,2 1,5 mill kr pr år.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 41/2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

10/60-14/N-211//AMS

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tertialrapport 2 tertial 2015

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

Kvinnherad kommune Høyringsdokument endring krinsgrense

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Folketal, demografi og prognose for Nordhordland. Folketal pr og prognose

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Skulebruksplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Høyringsdokument. Rettleiande forskrift om krinsgrenser. Stord kommune

Lønnsundersøkinga for 2014

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Budsjett 2017 Økonomiplan

Transkript:

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 Org.nr.: 00864969682 Høyringsinstansane Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 13/550-1 6529/13 B13 OPP/OPP/TRP SKULEBRUKS- OG BARNEHAGEBRUKSPLAN 2014-2025 (2050) - HØYRING Til grunn for planen ligg dei same hovudutfordringane som var i planen frå 2011: - Korleis sikra langsiktige, stabile og økonomisk rasjonelle løysingar på utfordringa om å ha barnehageplassar til alle som har lovmessig rett? - Korleis sikra undervisningslokale der skulane vil få kapasitetsproblem dei komande åra? I Kriterier for utforming av bygga til barnehage og skule i Klepp kommune. Universell utforming skal ligga til grunn for alle bygga og utomhusanlegga i Klepp. Barnehagane skal ha minimum 4 m 2 pr barn over 3 år og ca 1/3 meir pr barn under 3 år i godkjent leikeareal. Det skal minimum vera 12 m 2 bruksareal (alle rom utanom symjehall) for kvar elev i skulebygga i Klepp. Alternativt: Det skal vera 82 m 2 til 25 elevar på barnetrinna til baserom og 90 m 2 for kvar 25 elevar på ungdomstrinna til undervisningsrom. Det skal vera løysingar med innsyn frå korridor/mediatek til læringsrom og grupperom. Arbeidsrom må vera i samsvar med retningslinjene i arbeidsmiljølova Det må leggast til rette for samarbeidsrom og rom for konferansar og skjerma telefonsamtalar. Skulane og barnehagane skal vera tilrettelagde med nett for bruk av datamaskinar. Utearealet i barnehagen skal vera om lag seks gonger så stort som leike- og opphaldsarealet inne. Uteområdet for barnehagane og skulane må elles vera i samsvar med lover og retningslinjer. Det må bli tatt omsyn til rom til helsesøster og evt treningsrom for fysioterapi. Det fysiske arealet til barna blir og regulert etter forskrift om miljøretta helsevern. Fagrom og kantine må tilpassast dei til ei kvar tid gjeldande krav. II Barnehageplan Barnehagane må så langt råd er byggast der folk bur. Ved nye utbyggingsområde må det setjast av store nok tomter til barnehagar. Oversikt over barnetal og behov for barnehageplassar framover: e-post: postmottak@klepp.kommune.no - http://www.klepp.kommune.no

Lov om barnehagar 12a gir rett til barnehageplass for dei som er fødde før 1.9. føregåande år. Det er klare signal frå dei politiske partia om at denne retten i løpet av nokre få år blir utvida. Oversikten og planen legg dette til grunn. Erfaringstala syner at talet på barn som søker, er 85 % av barnetalet under 3 år og tilnærma 100 % av barnetalet over 3 år. Ut frå dette er følgande moment nytta for å vurdera behovet for barnehageplassar framover: - Dei siste åra har veksten i barn i barnehagealder vore rundt 3% pr. år. Dette skuldast både tilflytting og store fødselstal. Med dei utbyggingsplanane som er, vil denne veksten halda fram. Det er denne prosentvise auken som behovet fram til 2020 er rekna ut frå. - Retten til barnehageplass vil truleg bli utvida i framtida. I planen blir det lagt opp til at dette skjer frå barnehageåret 2016/17. Frå då er det difor rekna at heile årskullet av 1 åringar har rett til plass. - Demografiutviklinga seiar og at på slutten av perioden vil veksten i barnetalet bli enda større. Frå rundt 2020 vil dei store fødselstala som no er mellom 10 og 19 år byrja å få barn. Det er derfor forventa at kulla kan utgjera 340 born pr årskull frå 2020. Oversikt barnetal: Barnetala i dei ulike årsklassane som er registrert på helsestasjonen i februar 2013. 2008: 279 2009: 309 2010: 274 2011: 271 2012: 295 Behovet for nye barnehageplassar er ut frå dette gjort skjønsmessig og derfor avrunda for dei komande åra. Årskull Tala som er kjende i februar 2013 Barn over 3 år 865 Barn under 3 år med rett til plass 475 85 % av desse 405 Barnehageplassar 2012/13 Behov 2013/14 Behov 2014/15 Behov 2015/16 Behov 16/17 Heile årskullet av 1- åringar er med. 840 865 890 920 945 431 410 420 435 500 Framlegg til plan for nye barnehageplassar:

For å kunne ha ei økonomisk rasjonell administrativ drift av barnehagane framover må ein bygga store barnehagar. Det er difor i fleire av tiltaka gjort framlegg om å innlemma dei små barne hagane i nye store barnehagar (Vasshus, Bore, Steingarden og Horpestad.) Bore barnehage held til i kjellaren til Bore bedehus, desse lokala er dårleg eigna til drift av barnehage ut frå dagens standard. Dette gjeld ikkje minst tilhøva for personalet. Ved bygging av barnehagar på 10 15 avdelingar er det viktig å vera svært bevisst på utforminga av bygget og uteområdet. Dette for å kunne gje barna eit forutsigbart og trygt miljø. Korleis gruppene og personalet blir organisert vil og ha mykje å seia for kvaliteten på tilbodet til barna. Definisjonen av 1 avdeling i denne planen er 18 barn over 3 år eller 9 barn under 3 år. Her vil det og vera rom for å kombinera avdelingar over og under 3 år, alt etter kva behovet er. Udekka behov Løysing Merknad Investeringskostnad August 2014 August 2015 August 2016 Over 3 år: 25 Under 3 år: 10 Over 3 år: 25 Under 3 år: 15 Over 3 år: 45 Under 3 år: 55 Alternativ 1: Desse tala er inkludert 21 plassar frå Vasshus barnehage, for å kunne frigjera plass til Eirik Raude senteret der. Alternativ 2: Desse tala er Påbygg Kleppestemmen Private barnehagar tek inn fleire barn frå Klepp kommune. Orre: 2 avdelingar = 18 plassar over 3 år og 9 plassar under 3 år Ny barnehage Engelsvoll, 8 avdelingar Trygge barnehagar har planar om å bygga på Klepepstemmen bhg med 40 plassar over 3 år og 14 plassar under 3 år I dag har private barnehagar teke inn barn frå andre kommunar. Desse plassane vil gradvis bli frigjort til barn frå Klepp kommune. Dette saman med utvidinga av Kleppestemmen vil dekka behovet i 2015 Auken av barn under 3 år vil fordela seg på alle barnehagane i Klepp, slik at fordelinga over og under 3 år må vera fleksibel. Dersom retten til barnehageplass då ikkje er utvida, kan drifta av delar av barnehagen utsetjast. 0 Orre: Vil koma fram i endeleg plan. Engelsvoll bhg: 40 mill

August 2017 August 2019 August 2020 inkludert 27 plassar frå Kjellaren på Engelsvoll skule, for å kunne frigjera plass til Eirik Raude senteret der. Over 3 år: 60 Under 3 år: 15 (Inkludert plassar som no er i paviljongane på Tu) Over 3 år: 90 Under 3 år: 70 (Inkludert Bore + Engelsvoll/ Vasshus) Over 3 år: 30 Under 3 år: 20 Påbygg Tu Påbygg Myrsnibå Ny barnehage i Borekrinsen, 13 avdelingar Ny barnehage Kleppe området Tu: 3 avdelingar = 42 plassar over 3 år og 6 plassar under 3 år. Desse tala er inkludert barna som i dag er i paviljongne på Tu. Myrsnibå: 3 avdelingar = ca. 28 barn over 3 år og 15 barn under 3 år Denne barnehagen må gje plass til barna som no er i Bore barnehage og evt plassane som er i kjellaren på Engelsvoll barnehage I tillegg kjem auka behov. Denne barnehagen må vera så stor at det er plass til barna i Steingarden barnehage og Horpestad barnehage i tillegg til det auka behovet. Tu barnehage: Bore barnehage Ved påbygg av Kleppestemmen, Orre, Tu og Myrsnibå barnehagar utsett ein behovet for nye barnehagar. Ved desse barnehagane er det tilgjengelege tomter som kommunen eig. Desse barnehagane vil og då få ei meir lønsam drift på grunn av auka storleik. Dette vil ha innverkand på tilskotet til dei private barnehagane, slik at dei og må effektivisera drifta. Frå 2020 og framover må det setjast av ny barnehagetomt i Tu- krinsen. III Skuleplan Folkemengde etter kjønn og alder. Skulekretsar. 1. januar 2010

Kilde: Det sentrale folkeregister Skulekrets I alt Barne- i % Ungdoms- i % trinnet trinnet 0000 240 19 4 0001 Kleppe 4 386 429 9,8 206 4,7 0002 Engelsvoll 2 028 261 12,9 119 5,9 0003 Tu 1 765 177 10,0 71 4,0 0004 Horpestad 867 134 15,5 36 4,2 0005 Orre 1 391 120 8,6 56 4,0 0006 Bore 3 454 407 11,8 188 5,4 0007 Vasshus 803 76 9,5 32 4,0 0009 Orstad 1 984 261 13,2 127 6,4 Klepp kommune 16 918 1 884 11,1 839 5,0 Denne oversikten gir ein peikepinn på kor stor del av befolkningen elevtalet utgjer. Klepp har eit forholdvis høgt elevtal i forhold til folketalet. Men i planlegginga vidare vil eit prosenttal på barnetrinnet utgjera ca 11 % og ungdomstrinnet ca 5 % som ein leietråd i forhold til normaltilstand. Utbygging av nye felt vil ofte medføra overskriding av normalkapasitet i ein periode. Når ein krins ikkje får utbygging, medfører det ledig kapasitet. Jfr Orre skule i oversikten over. Likevel slår normaltalet ut med tåleg stor skilnad i elevtal på skulane kvart år. Eit måltal på 11% og 5 % vil derfor vera i underkant ved berekning av nybygging. Her blir derfor 12 % og 6 % lagt til grun. Demografi I samband med skule- og barnehagebruksplanar er det ein del fråsegn om utvikling av barnetalet som ikkje tek omsyn til demografisk utvikling. Døme på dette kan ein sjå i utviklinga av ungdomstrinnet nå. Så sjølv med vekst i kommunen, går elevtalet ned der. Demografien kan lesast i 25-30 års bolkar. Det vil seia at dei som er i aldersgruppa 20 24 år nå, og som har låge årstal truleg vil medføra ein nedgang i elevtalet att om 5 til 10 år.

Illustrasjonen over syner korleis befolkningsgruppa i alderen 20 34 har ein nedgang i forhold til dei 10 førre åra. Det skal tilseia at fødselstala framover ikkje vil bli høgare enn dei siste åra. Veksten i Klepp gjer at nedgangen vil bli utjamna av den høge tilflyttinga Klepp har hatt. Elevtalsoversikt for skulane for dei åra me kjenner elevtala: ELEVTAL - SKULANE I KLEPP pr. 1.12.2012 Barnetrinnet: Skule årstrinn 1 2 3 4 5 6 7 sum elevtal Bore 2013/14 71 72 64 55 64 48 51 425 2014/15 61 71 72 64 55 64 48 435 2015/16 80 61 71 72 64 55 64 467 2016/17 71 80 61 71 72 64 55 474 2017/18 61 71 80 61 71 72 64 480 Engelsvoll 2013/14 37 48 30 44 32 31 41 263 2014/15 45 37 48 30 44 32 31 267 2015/16 35 45 37 48 30 44 32 271 2016/17 43 35 45 37 48 30 44 282 2017/18 32 43 35 45 37 48 30 270 Horpestad 2013/14 21 13 15 11 19 19 14 112

2014/15 13 21 13 15 11 19 19 111 2015/16 17 13 21 13 15 11 19 109 2016/17 14 17 13 21 13 15 11 104 2017/18 12 14 17 13 21 13 15 105 Kleppe 2013/14 68 70 44 49 75 47 67 420 2014/15 60 68 70 44 49 75 47 413 2015/16 67 60 68 70 44 49 75 433 2016/17 58 67 60 68 70 44 49 416 2017/18 62 58 67 60 68 70 44 429 Tu 2013/14 35 30 37 29 22 20 31 204 2014/15 38 35 30 37 29 22 20 211 2015/16 41 38 35 30 37 29 22 232 2016/17 37 41 38 35 30 37 29 247 2017/18 43 37 41 38 35 30 37 261 Vasshus 2013/14 9 10 8 8 7 9 11 62 2014/15 10 9 10 8 8 7 9 61 2015/16 12 10 9 10 8 8 7 64 2016/17 10 12 10 9 10 8 8 67 2017/18 6 10 12 10 9 10 8 65 Orre 2013/14 16 23 23 17 22 12 20 133 2014/15 17 16 23 23 17 22 12 130 2015/16 21 17 16 23 23 17 22 139 2016/17 15 21 17 16 23 23 17 132 2017/18 22 15 21 17 16 23 23 137 Orstad 2013/14 21 30 35 24 40 39 29 218 2014/15 28 21 30 35 24 40 39 217 2015/16 34 28 21 30 35 24 40 212 2016/17 24 34 28 21 30 35 24 196 2017/18 31 24 34 28 21 30 35 203 Samla oversikt barnetrinnet: 2013/14 2014/15 2015/16 2016/17 2017/18 elevtal Bore 425 435 467 474 480 Engelsvoll 263 267 271 282 270 Horpestad 112 111 109 104 105 Kleppe 420 413 433 416 429 Tu 204 211 232 247 261 Vasshus 62 61 64 67 65 Orre 133 130 139 132 137 Orstad 218 217 212 196 203 Sum 1 837 1 845 1 927 1 918 1 950 Ungdomstrinnet:

årstrinn 8. 9. 10. sum 8. 9. 10. sum elevtal elevtal Orre skule Bore ungdomsskule 2013/14 16 24 14 54 2013/14 63 58 65 186 2014/15 20 16 24 60 2014/15 62 63 58 183 2015/16 12 20 16 48 2015/16 57 62 63 182 2016/17 22 12 20 54 2016/17 71 57 62 190 2017/18 17 22 12 51 2017/18 63 71 57 191 2018/19 23 17 22 62 2018/19 72 63 71 206 2019/20 23 23 17 63 2019/20 82 72 63 217 2020/21 16 23 23 62 2020/21 80 82 72 234 2021/22 17 16 23 56 2021/22 71 80 82 233 2022/23 21 17 16 54 2022/23 92 71 80 243 2023/24 15 21 17 53 2023/24 81 92 71 244 2024/25 22 15 21 58 2024/25 67 81 92 240 Orstad skule Klepp ungdomsskule 2013/14 40 47 49 136 2013/14 137 140 143 420 2014/15 29 40 47 116 2014/15 153 137 140 430 2015/16 39 29 40 108 2015/16 117 153 137 407 2016/17 40 39 29 108 2016/17 148 117 153 418 2017/18 24 40 39 103 2017/18 133 148 117 398 2018/19 35 24 40 99 2018/19 126 133 148 407 2019/20 30 35 24 89 2019/20 161 126 133 420 2020/21 21 30 35 86 2020/21 161 161 126 448 2021/22 28 21 30 79 2021/22 156 161 161 478 2022/23 34 28 21 83 2022/23 160 156 161 477 2023/24 24 34 28 86 2023/24 152 160 156 468 2024/25 31 24 34 89 2024/25 149 152 160 461 Samla oversikt ungdomstrinnet: 2013/14 2014/15 2015/16 2016/17 2017/18 2018/19 2019/20 2020/21 2021/22 Elevtal Orre 54 60 48 54 51 62 63 62 56 Orstad 136 116 108 108 103 99 89 86 79 Bore u 186 183 182 190 191 206 217 234 233 Klepp u 420 430 407 418 398 407 420 448 478 Sum 796 789 745 770 743 774 789 830 846 Samla oversikt barne- og ungdomstrinnet:

2013/14 2014/15 2015/16 2016/17 2017/18 elevtal Barnetrinnet 1 837 1 845 1 927 1 918 1 950 Ungdomstr. 796 789 745 770 743 Sum 2 633 2 634 2 672 2 688 2 693 Elevtala i tabellen for born fødde i 2007 og tidlegare er dei tala skulane rapporterte som aktuelle pr. 1.12.2012. Tala for born fødde seinare, er folkeregisteret sine tal pr. 2.4.2012. Dette omfattar alle born som bur i krinsane, også dei som evt. vel friskular. Elevtalsoversikten bygger på dei kjente elev- og fødselstala. Denne viser ein stabilitet i elevtala dei første åra. Medan det blir ein større auke frå 2015. I skulebruksplanen blei det teke utgangspunkt i den store veksten som hadde vore etter 2000. Det blei derfor planlagt med 40 elevar meir pr årssteg fordelt på skular der aktuell vekst var forventa. Følgande moment ligg til grunn for elevprognosane framover: - Demografioversikten tilseier (sjå over) at Klepp vil stå overfor ei sterk stigning dei komande 10 15 åra. Det bygger på oversikten over dei som nå er i gruppa 15-19 år og 10 14 år. - Det er framleis forholdsvis stor utbygging av mindre leiligheter i Klepp. Mange av dei som flytter inn i desse, er normalt ferdige med produktiv alder. Barnerike familiar flyttar inn i desse. Det var denne erfaringa Klepp gjorde i forhold til Kleppekrinsen i evalueringa av sist skulebruksplan. Det same vil truleg gjera seg gjeldande nå i Verdalen. Dette vil forsterka presset på Bore-skulane. - I tillegg er Klepp ein del av vekstområdet til Stavangerregionen. Det har gjort at Klepp framleis vil vera eit ønska område å busetja seg på. Det var bakgrunnen for at Klepp i førre plan enda på at elevtalet kan bli mellom 25 og 40 elevar meir kvart år enn det elevtalsoversikten syner. - Og fordelinga av auken vil truleg koma i pressregionane Kleppe og Bore. Kapasiteten på skulane For dei enkelte skulekrinsane er dette hovudtrekka: - Dei fleste skulane har rom for elevtalet i den komande 4 års perioden. - Tu skule: Nybygget i 2014 gir god plass der. - Orstad skule har synkande elevtal og vil ha rom for fleire elevar enn planlagt utbygging. - Kleppe skule vil ligga på grensa av kapasiteten i delar av perioden. - Klepp ungdomsskule har kapasitetsproblem. - Bore ungdomsskule vil ha det rom for fleire elevar frå Bore skule fram til 2020 - Bore skule vil bli pressa og vil mangla klasserom frå 2013. Fram mot 2020 kan dette bli 5 rom på det meste. - Vasshus skule har kapasitet til å ta imot fleire elevar. - Engelsvoll, Horpestad og Orre har ein tåleg stabil elevtalsutvikling. Utbygging framover Det vil vera desse behova for utbygging framover:

- Presset på Klepp ungdomsskule kan løysast ved flytta krinsgrenser. Desse tiltaka kan vera aktuelle som løysingar: - Det blir tilrådd å flytta grensa på Engelsvoll slik at ein del elevar får ungdomsskuletida på Orstad skule. Her blir det eiga høyring. - Paviljongane på Tu kan nyttast både til Kleppe skule og Klepp ungdomsskule. - I samband med bygging av ny idrettshall på Kleppe, kan det bli bygd på nye klasserom. - Elevane frå Tu kan på noko lenger sikt gå på ungdomsskule ved påbygging på Orre skule eller i eit samarbeid med Time kommune. - Presset på Bore skule kan løysast ved: - å la elevar på eitt årssteg på Bore gå på Bore ungdomsskule fram til 2020. - Nytta paviljongane på Tu. - Endra krinsgrenser slik at elevar som allereie blir skyssa til Bore skule, heller blir skyssa til Vasshus skule (10 15 elevar). - Endra krinsgrensene ved at det nye feltet, Åna-Grude får Vasshus skule som heimeskule. - Påbygg på Bore skule. - Eirik Raude senter fekk nye lokale i 2009. Alternative lokaliseringar kan vera på Vasshus skule der barnehagen held til nå eller ved å nytta delar av paviljonane på Tu skule. I barnehagebruksplanen blir også frigjering av underetasje på Engelsvoll skule synt som eit alternativ. Forslag til tiltak vil vera i ein balanse mellom ønskelege tiltak og tiltak tilpassa økonomiske rammer. I første omgang bør derfor den totale kapasiteten på skulane nyttast før det blir bygd på skular. Det vil bli tatt initiativ til møte mellom politisk og administrativ leiing i Time kommune og Klepp kommune i mars 2013 for å vurdera om nokre av utfordringane desse to kommunane har, kan løysast i eit samarbeid. Grunnlaget for å endra krinsgrenser er at dette blir gjort som ei forskift i medhald av 8-1. Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Andre tiltak Kleppe skule: Nytt arbeidsrom for dei tilsette stod klar i 2011, men det står framleis att å opprusta nåverande arbeidsrom. Dette er med i handlings- og økonomiplanen i 2013. Engelvoll skule: kan løysa behov for bibliotek og grupperom ved å bygga over atriet. Når barnehagen flyttar ut frå kjellaren, kan desse lokala vera eigna til fleirbruksrom og SFO. Det ligg inne midlar til rehabilitering til Engelsvoll skule i 2013 med 15,5 mill. Men kommunestyret fann ikkje rom for å imøtekoma behova elles frå skulen. Horpestad skule: Skulen har behov for rom til musikk og kunst- og handverk. Dette må fremjast i samband med neste handlings- og økonomiplan.

Vedlikehaldsrunden til LU syner også at det er behov for større vedlikehaldtiltak på fleire av skulane: Kleppe skule, Engelsvoll skule, Orre skule og grendahusdelen av Orstad skule. I tillegg kjem tiltak i forhold til kartlegginga av ventilasjon i dei kommunale bygga. Alle desse tiltaka har kostnadsomfang som ikkje kan bli dekka innanfor vedlikehaldsmidlane og må bli ein del av eit allereie pressa investeringsbudsjett. Bybandet sør Dette er eit utbyggingssamarbeid mellom kommunane Sandnes, Time og Klepp for åra 2010-2050. Planprogram blei vedtatt i kommunestyret i sak 22/10. Planen kan gje ca 15000 innbyggarar innan utgangen av perioden. Orstadområdet vil ta ca 1/3 av desse. Med måltala over vil det gje ca 800 elevar i Orstadkrinsen når det er fullt ubygd. I vekstperiodar vil tala vera høgare. Det vil bety at det må byggast ein ny skule. Om desse nye innbyggarane kjem gradvis med like mange kvart år, vil det vera behov for ein ny barneskule kring 2030. Ungdomstrinnet vil truleg utgjera mellom 350 og 400 elevar. Ungdomstrinnet på Orstad kan ta ca 150 elevar. Det er i dag avsett ei skuletomt på Orstad nær idrettsanlegget. I tillegg er det sett av ei stor tomt (K01) lenger aust. Sidan Bybandet sør også betyr utbygging i Frøylandsregionen, kan denne tomta vera utgangspunkt for samarbeidet mellom Time og Klepp med sikte på å løysa kapasitetsutfordringane for desse to kommunane i lag. Det må og setjast av tomter til nye barnehagar i tråd med folkeauken. Klepp kommune, Trond Roy Pedersen kommunalsjef Dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur.