FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Postboks 90 4302 SANDNES Dykkar ref. Vår ref. Leikanger 2001/04366-9/461.31/BN A 24.09.2001 BERENDSEN TEKSTIL SERVICE AS - UTSLEPPSLØYVE FOR VASKERI I VADHEIM, HØYANGER KOMMUNE Vi viser til søknad dagsett 08.06.2001 og til seinare korrespondanse. Orientering om saka har søkt fylkesmannen om utsleppsløyve i samband med etablering av vaskeri i Vadheim. Det er planlagt å vaske inntil 2000 kg pr. døgn, delt på matter, arbeidstøy og moppar, og det er søkt om utslepp av prosessvatn til 15 meters djup i Vadheimsfjorden via eigen utsleppsleidning. Storleiken på vaskeriet ligg på grensa av kva som normalt blir handsama etter ureiningslova. Vi har valt å handsame søknaden, m.a. utifrå at utsleppet skal skje via eigen utsleppsleidning til sjøen. Med heimel i ureiningslova 11 og 16, jf. brev frå Miljøverndepartementet dagsett 05.05.1993 og 24.02.1994, gjev fylkesmannen utsleppsløyve frå vaskeri i Vadheim i Høyanger kommune../. Ramma og vilkåra for løyvet går fram av vedlegg til dette skrivet. Grunngjeving for avgjerda Søknaden frå blei sendt på høyring og lagt ut til offentleg gjennomsyn i tida 01. 31.08.2001. Det kom inn ein uttale; frå Vadheim Smoltoppdrett AS. Dei har vurdert utsleppet og dei vaskemidla/kjemikaliane som inngår i vaskeprosessen, og konkluderer med at utsleppet ikkje vil utgjere nokon fare for vasskvaliteten ved oppdrettsanlegget. Krava i løyvet er sette utifrå storleiken på vaskeriet, og den resipienten utsleppet skal førast ut i. Utsleppet går til ein sjøresipient der tilhøva med omsyn til vassutskifting og fortynning av avløpet er rekna som gode. Det er difor sett få krav til reinsetiltak på utsleppet. Verksemda oppgjev stor variasjon i ph-verdi i utsleppet (mellom 6,4 og 11,2). Vi har likevel ikkje kravd ph-justering eller utjamning, då vi vurderer fortynnings- og buffereigenskapane i sjøen så gode at ph-verdiane ikkje fører til nemnande skade. Adresse Telefon Landbruksavdelinga Telefon Tinghuset, Skrivarvegen 3 57 65 50 00 Hafstadvegen 48 57 72 32 00 Postboks 37 Telefaks Postboks 14 Telefaks 6861 LEIKANGER 57 65 50 55 6801 FØRDE 57 82 12 05 Epost: Postmottak@fm-sf.stat.no Internett: www.fjordinfo.no/fmsf
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 2 Verksemda må likevel ha eit måleprogram for å kunne kontrollere og dokumentere utsleppet til sjøen. Det er elles ein føresetnad at drifta er i samsvar med dei bestemmelsane som gjeld for avfalls- og kjemikaliehandtering m.v., og at evt. helse- og miljøfarlege kjemikaliar så langt råd blir erstatta med mindre skadelege kjemikaliar (jf. subsitusjonsplikta). AVSLUTTANDE REGLAR OG ORIENTERINGAR Endring eller attendekalling av løyvet Med heimel i 18 i ureiningslova kan fylkesmannen gjere om eller setje nye vilkår i løyvet. Fylkesmannen kan om nødvendig kalle heile løyvet attende. Brot på føresetnadene for eller rammene for løyvet, kan føre til revurdering av vilkåra. Tilsyn og ansvar Fylkesmannen eller den han gir fullmakt, skal til ei kvar tid ha tilgang til alle delar av anlegget, journalar, rekneskap, interne vedtak, m.m. for tilsyn og kontroll, jf. 48 50 i ureiningslova. Drifts- og vedlikehaldsrutinar skal leggjast opp slik at ein til ei kvar tid har oversyn over anlegget og prosessane sine funksjonar og effektar. Ajourført informasjon skal når som helst, og utan ugrunna opphald kunne oppgjevast til kontrollør. Vedkomande som har fått utsleppsløyve er ansvarleg for at anlegget vert halde vedlike og drive slik at det til ei kvar tid svarar til formålet og vilkåra for løyvet. Dette løyvet fritek ikkje søkjaren for å hente inn løyve eller samtykke for andre sider av verksemda, som t.d. arbeidsmiljø, helse- og planlovgjevinga. Alle verksemder som sysselset arbeidstakar, er frå 1.1.1992 pliktige til å ha ein internkontroll som sikrar at lover og reglar innan helse, miljø og tryggleik vert følgd (jf. 52 b i ureiningslova og Internkontrollforskrifta, seinast endra 6.12.1996). I høve miljøvernavdelinga hos fylkesmannen sitt tilsynsområde, vil vi spesielt streke under plikta til å etablere og drive ein internkontroll som vernar om det ytre miljøet (vern mot ureining og ei betre handsaming av avfall). Alle i verksemda eller andre som har tilknyting til aktivitetar i verksemda som kan føre til akutt ureining eller oppdagar akutt ureining, pliktar straks å varsle i samsvar med Forskrift om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning gitt av Miljøverndepartementet 9.7.1992. (Varsle først brannvesenet på tlf. 110.) Varsling kan berre utelatast dersom det er openbert unødvendig. Sjølv om løyve er gitt, pliktar den som ureinar å svare erstatning som måtte følgje av ureiningslova og vanlege erstatningsreglar, jf. kap. 8 og 10 i ureiningslova. Ureiningsgebyr, straff Med heimel i 73 i ureiningslova kan fylkesmannen fastsetje ureiningsgebyr (tvangsmulkt) til Staten for å sikre at tiltak og vilkår vert gjennomførte i samsvar med løyvet.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 3 For ordens skuld gjer vi merksam på at brot på dette løyvet eller pålegg i tilknyting til løyvet, kan straffast etter ureiningslova, jf. kap. 10, dersom tilhøva ikkje vert råka av strengare strafferammer. Om klageretten Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda, eller vilkår i løyvet innan 3 veker etter at avgjerda vart motteke. Eventuell klage bør grunngjevast og rettast til Statens forurensningstilsyn (SFT). Klagen skal sendast om fylkesmannen ved miljøvernavdelinga som kan ta klagen heilt eller delvis til følgje, eller sende den til SFT til endeleg avgjerd. Med helsing Nils Erling Yndesdal fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund seksjonsleiar Sakshandsamar: Bjarne Nes. Tlf. 57 65 51 49 Vedlegg: Vilkår for løyvet Kopi m/vedlegg: Statens forurensningstilsyn, Postboks 8100 Dep., 0032 Oslo Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger Vass, BN
VEDLEGG til Side 4 Utsleppsløyve dagsett 24.09.2001 PRODUKSJON / BRUK AV KJEMIKALIAR Løyvet føreset ei vaskemengde på inntil 2000 kg pr. døgn, delt på 1000 kg av matter, 800 kg av arbeidstøy og 200 kg av moppar. Kjemikaliar som blir nytta og som kan klassifiserast som helse- og/eller miljøskadelege i høve gjeldande helse- og miljøfareforskrifter, bør vurderast erstatta med alternative kjemikaliar med lågare helse- og/eller miljøfare. UTSLEPP TIL VATN Utslepp av sanitæravløpsvatn Utslepp av sanitæravløpsvatn skal skje til kommunalt avløpsnett, eller etter særskilt løyve frå Høyanger kommune. Reinsing og utslepp av prosessavløpsvatn Alt prosessavløpsvatn skal førast via sil/rist eller liknande reinseinnretning som er eigna for fjerning av lo og tøyfiberrestar i avløpsvatnet. Prosessavløpsvatn skal førast ut i Vadheimsfjorden på min. 15 meters djup og på ein slik måte at det skje ein god innblandeing i vassmassane. Verksemda kan etter avtale med kommunen føre prosessavløp inn på kommunalt avløpsnett. Kommunen kan då setje nærare krav til eit slikt påslepp. Prøvetaking og analyse Verksemda skal utarbeide og setje i verk eit program for prøvetaking/kontroll av prosessavløpet. Programmet skal leggjast fram for fylkesmannen innan 4 veker etter at dette løyvet er motteke. Programmet må omhandle dei parameter som er aktuelle utifrå den produksjonen versemda har (type vask og venta innhald av evt. olje, tungmetal m.v.). Prøvene må takast som døgnblandprøver og analyserast ved akkreditert laboratorium. UTSLEPP TIL LUFT For bruk av fyringsolje gjeld Forskrift om svovelinnhold i ulike oljeprodukter. STØY Maksimalt støynivå Verksemda skal sørge for å tilfredstille Retningslinjer for begrensning av støy fra industri m.v. (TA-506) ved næraste/mest støyutsett busetnad.
Utsleppsløyve dagsett 24.09.2001 Side 5 AVFALL Generelt Alle typar avfall skal samlast opp etter kvart og handterast slik at det ikkje oppstår ureining. Dumping i sjø eller vassdrag er ikkje tillate, det same gjeld nedgraving eller brenning. Verksemda må kunne dokumentere avfallsmengda, delt på ulike typar og gjenvinnbare avfallskomponentar, og har rapporteringsplikt til fylkesmannen og Høyanger kommune. Forbruksavfall skal leverast til kommunal renovasjon. Dersom verksemda ønskjer å levere noko av dette avfallet til andre, må dette avtalast særskilt med kommunen eller renovasjonsselskap som opptrer på vegner av kommunen. Produksjonsavfall skal leverast til kommunal renovasjon, med mindre det kan gjenvinnast. Spesialavfall skal lagrast på ein forsvarleg måte, og skal leverast attende til leverandøren, eller andre godkjende mottakarar. (Jf. Forskrift om spesialavfall frå 19. mai 1994, med endringar seinast 10.08.2000). Journal med deklarasjonsskjema skal takast vare på ved anlegget i minst 5 år, og må vere tilgjengeleg ved kontroll. BEREDSKAP Førebygging av akutte utslepp Verksemda har plikt til å gjennomføre tiltak for å unngå, evt. avgrense risikoen for akutte utslepp. Varslingsplikt Akutt ureining eller fare for akutt ureining skal varslast i samsvar med Forskrift om varsling av akutt forurensing eller fare for akutt forurensning. RAPPORTERING, VIDARE GRANSKINGAR/UTGREIINGAR Verksemda skal rapportere tal om produksjon, utslepp, avfallsmengder og avfallshandtering, m.m. i den grad fylkesmannen krev. Dersom fylkesmannen finn det nødvendig, kan verksemda bli pålagt å gjennomføre andre målingar av avløpsvatnet, og/eller utgreie/granske utsleppet sin verknad for miljøet.