Busetting av flyktningar Rune Fjeld, assisterande fylkesmann Staten møter kommunane Solstrand 23.10.2014 1
Forpliktinga Vi er konvensjonsforplikta til å ta imot flyktningar som er utsette for forfølging. Ein del får opphald i landet på ulikt grunnlag: Flyktningstatus (personar som har fått asyl, overføringsflyktningar). Opphald på humanitært grunnlag. 2
Utfordringa Dei som har fått opphald skal bli busette i ein kommune. Utfordringa er: Det er ikkje mange nok vedtaksplassar i kommunane. Busettinga går ikkje raskt nok Mange blir værande uforholdsmessig i mottaka 3
Debatt om busettingsmodellar bakgrunn St. meld. 17 (2000 2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg diskuterte fire busettingsmodellar og gjekk inn for dette forslaget: Kvart fylke skulle ha sitt busettingsutval med representantar frå alle kommunar i fylket, og under leiing av Fylkesmannen. Det heiter i meldinga: «Regjeringa legg til grunn at utvala kjem fram til ei fordeling av plassane i eige fylke.» 4
Bakgrunn for dagens busettingsmodell Kommunane tolka den foreslåtte modellen som tvang overfor kommunesektoren. KS foreslo ein alternativ modell, der KS skulle gå inn som aktiv pådrivar for busetting. Føresetnad: Ordninga skulle framleis vere frivillig for kommunane, som òg skulle vere sikra gode rammevilkår. 5
Den frivillige norske busettingsmodellen Busettingsmodellen som gjeld i dag er avtalefesta i avtale mellom KS og staten. Den første avtalen, som er blitt forlenga, blei inngått 03.04.2009. Nasjonalt utvalg for bosetting er partssamansett. Utvalet vurderer kriterium for fordeling mellom regioner og fylke og fastset den fylkesvise fordelinga. Regionkontora til IMDi fordeler i samarbeid med KS i fylka eit tal på flyktningar til kvar aktuelle kommune, og oppmodar kommunane til å busette i tråd med det. 6
Fylkesmannens rolle i busettinga Embetsoppdrag: «Fylkesmannen skal bidra til rask busetting av flyktningar i kommunane.» Konkret oppgåve: tilsyn med introduksjonsprogramma i kommunane. 7
Busettingsprosjekt i Hordaland Forsøk der Fylkesmannen i Hordaland (og Østfold) får ansvar for å «busette» flyktningar i kvart sitt fylke Det konkrete målet er o o å bidra til at «kommunene i Hordaland ( ) bosetter det antall flyktninger som blir fordelt til [fylket] av Nasjonalt utvalg for bosetting av flyktninger» å bidra til at «kommuner i Hordaland ( ) bosetter flyktninger raskt, i tråd med nasjonale mål.» 8
Avgrensing av prosjektet Systematisk kan vi seie at busetting har tre faser: 1) Vedtaksplassar 2) Utsøking praktisk busetting og overføring frå til dømes mottak til bustad i kommunen 3) Kvalifisering og integrering Vi vil konsentrere innsatsen om å bidra til at kommunane skaffar fleire vedtaksplassar. I tillegg vil vi bidra til god kapasitet og kvalitet i integreringsarbeidet - (1) og (2) 9
Grunngjeving og kva vi håpar å oppnå Bruke større delar av det regionale statsapparatet i arbeidet med busetting Samordne regional stat Kople busettingsarbeidet til Fylkesmannens øvrige oppgåver Det er denne ressursen regjeringa har tenkt også bør nyttast i busettingsarbeidet 10
Korleis vil vi arbeide i Hordaland? Innarbeide busetting i Fylkesmannens dialog med kommunane på viktige område: Kommuneøkonomi Planarbeid Kommuneprosessar Andre oppgåver og verksemdsområde, særskilt utdanning, helse, sosial, barnevern 11
Korleis vil vi arbeide i Hordaland? (2) Fylkesmannen vil bruke skjønnsmidlar til å stø opp under gode kommunale prosjekt Prosjektet kan gi grunnlag for tilbakemeldingar til sentrale styresmakter ut frå Fylkesmannens initiativrett og plikt overfor sentrale styresmakter 12
Organisering av prosjektet Fylkesmannen vil samarbeide nært med IMDi Vest. Prosjektet blir knytt til utdanningsavdelinga vår. Vi vil etablere ei ressursgruppe med i alle fall KS, IMDi Vest, UDI Vest, Nav (Tiltak, Intro og Marked), Bufetat, Husbanken og kanskje eit utval kommunar. 13