VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Rådet for funksjonshemma Møtestad: Møterom ved kantina Rådhuset, Rådhuset Dato: 29.11.2011 Tidspunkt: 14:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Kåre Sandnes Leiar Aud Sissel Løvoll Suoranta Per Gisle Enge Synnøve Lange Odd Jarle Talberg Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Merknadar Odd Jarle Talberg referent Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Underskrift:
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 37/2011 PA 38/2011 PA 39/2011 PA 40/2011 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Oppfølging av sak om Ros for Universell Utforming Arbeidsoppgåver framover. PA 41/2011 Val og konstituering av rådet for funksjonshemma 2011
PA 37/2011 Godkjenning av innkalling
Saksprotokoll i Rådet for funksjonshemma - 29.11.2011 Behandling: Vedtak: Innkalling og saksliste vart samrøystes godkjend.
PA 38/2011 Godkjenning av protokoll frå siste møte
Saksprotokoll i Rådet for funksjonshemma - 29.11.2011 Behandling: Vedtak: Protokollen frå forrige møte vart samrøystes godkjend.
PA 39/2011 Oppfølging av sak om Ros for Universell Utforming
Innstilling Rådet drøftar sak i møtet
Saksprotokoll i Rådet for funksjonshemma - 29.11.2011 Behandling: Saka vart grundig drøfta. Vedtak: 1. Rådet vil gi ros for Universell Utforming til desse fire kandidatane: Tresfjord Lyd å Lys v/ Øyvind Rypdal Idahall v/ Bergfinn Ødegård Vestnes Handelsstand v/ Sindre Sivertsen Rekdal Turistanlegg v/ Hans van de Goor 2. Rådet vil kome attende til nærare grunngjeving og prisutdeling/markering seinare.
PA 40/2011 Arbeidsoppgåver framover.
Innstilling Rådet held fram drøftingane av denne saka
Saksprotokoll i Rådet for funksjonshemma - 29.11.2011 Behandling: Ein oppsummerte og drøfta oppgåver som står for tur, samt både tidligare og innkomne innspel. Vedtak: Rådet ser behovet for ar rådet både må vere inspirator, pådrivar og vakthund. 1. Rådet for funksjonshemma vil følgje opp investeringsaka for 2012, med tanke på ein så god tilkomst til kommunestyresalen som muleg, slik at alle får høve til å delta i politisk arbeid og/eller gjere seg førstehands kjent med aktuelle, politiske saker. Rådet ber difor om at adm.sjef og ordførar vidareformidlar til kommunestyret den 15.12.2011, den bakgrunnskorrespondansen som både ordførar, adm.sjef og leiargruppe fekk tilsendt pr. e-post 30.09.2011. 2. Rådet har mottatt bekymringsmeldingar om dårleg merking på aktivitetsenteret sin 3. etasje når folk kjem ut av heisa og skal orientere seg i gangane. 3. Rådet har mottatt bekymringsmeldingar om manglande (farge)markering av trappetrinna ved Senior Plaza. 4. Rådet har mottatt bekymringsmeldingar om dårleg UU-tilrettelegging ved nye Vestnes Brygge både ute og inne og vil gjerne drøfte ulike tema med planansvarlege på det neste rådsmøtet 17. januar 2012 kl. 13:30. Vedtakspunkta blir oversendt adm.sjef og ordførar
PA 41/2011 Val og konstituering av rådet for funksjonshemma 2011
Innstilling Rådet for funksjonshemma konstituerer seg førebels framover inntil vidare slik:. og melder attende om den førebelse konstitueringa til aktuelle instansar.
Saksprotokoll i Rådet for funksjonshemma - 29.11.2011 Behandling: Saka vart drøfta. Forslaget om sjølv å konstituere seg inntil vidare fekk tilsutning i møtet. Vedtak: 1. Vestnes kommune sitt råd for funksjonshemma konstituerer seg slik inntil vidare: Politisk vald leiar: Geir Kåre Sandnes. Vara: Aud Sissel Suoranta Nestleiar, medlemsvald av HLF: Per Enge. Vara: Per Ottar Bjørdalsbakke. Medlem vald av Vestnes Mental Helse: Synnøve Lange. Vara: Medlem og sekretær vald av adm.sjefen: Odd Jarle Talberg. 2. Rådet viser til eit ønskje og eit behov for å drive ei rasjonell kommuneverksemd og at rådet for funksjonshemma, eldrerådet og eventuelt andre råd/utval bør kunne ha nokre felles møte-/møtetidspunkt kvart halvår med mulegheiter for ressurseffektiv fellespresentasjon.