Sakshandsamar, innvalstelefon Astrid Holte, 55 57 22 22 Vår dato 15.12.2004 Dykkar dato Vår referanse 2004/9873 Dykkar referanse Kjosås Maskin AS 5600 NORHEIMSUND Løyve til drift av anlegg for sortering og omlasting av næringsavfall i Sandvenhagen i Norheimsund, Kvam herad. Kjosås Maskin as er gjeve løyve til drift av anlegg for sortering og omlasting av næringsavfall. Det er sett krav til oppsamling av sigevatn, overbygg over sorteringsplata, støy, beredskap m.v. Det er og sett krav til opprydding ved nedlegging. Vi viser til søknad dagsett 8. juli 2004, med tilleggsopplysningar dagsett 24. august 2004. Det er søkt om løyve til drift av anlegg for omlasting og sortering av næringsavfall i Sandvenhagen i Norheimsund, Kvam herad. Det er søkt om ein kapasitet på inntil 5 000 tonn avfall pr. år. Saksgangen. Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn. Det er ikkje kome merknader til søknaden. Kvam herad har handsama saka. Heradet er positive til flyttinga, og viser til at reguleringsplanen for området og kommunedelplan opnar for etablering av stasjon for omlasting/sortering. Det vert vidare peika på at etableringa må vere innanfor retningslinene i kommunedelplanen, som at det ved planlegging og utforming av uteområda bør leggjast vekt på at industriområdet skal presentera seg på ein positiv måte både internt og i tettstadsmiljøet. Heradet føresett at etableringa får dei same rammene som gjaldt for sorteringsanlegget til Mo Bil og Maskin i Øystese. Vedtak: I medhald av Lov om vern mot forureining og om avfall 11, 16 og 29, får Kjosås Maskin as med dette løyve til å omlaste og sortere avfall på nærare fastsette vilkår. Løyvet gjeld for gnr. 11, bnr. 350, i Sandvenhagen i Norheimsund, Kvam herad. Løyvet omfattar mottak for sortering og omlasting av inntil 5 000 tonn avfall pr. år. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvernavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Vilkår. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Avfallstypar 1.1 Løyvet omfattar mottak av følgjande avfallstypar for sortering og omlasting: A) Næringsavfall, inkludert avfall frå: * industriverksemd * byggje- og anleggsverksemd B) Grov- og finsortert materiale, inkludert: * plast/gummi inkl. bildekk * jern/metall * papir/papp * glas * treavfall 1.2 Løyvet omfattar ikkje mottak av følgjande avfallstypar: * blanda hushaldsavfall, inkl. våtorganisk avfall * farleg avfall * risikoavfall * bilvrak * mat-, fiske- og slakteavfall * flytande avfall * avlaupsslam * avfall som ikkje er omtalt særskilt, men som etter konsesjonshavars vurdering kan føre til fare for forureining av resipient eller ulempe for nærmiljøet. 1.3 Alle kundar skal skriftleg informerast om kva for typar avfall som kan leverast til anlegget. For å hindre ulovleg avfall til anlegget, skal den ansvarlege for anlegget medverke til sorteringsordningar (t.d. kjeldesortering) for dei kundar som har matavfall, farleg avfall eller andre fraksjonar som ikkje kan leverast til anlegget i høve løyvet. Restavfall etter sortering skal leverast til godkjent anlegg for mottak av restavfall (forbrenningsanlegg/deponi). Dersom det vert oppdaga ulovleg avfall til anlegget (t.d. matavfall, farleg avfall), skal dette umiddelbart returnerast til kunde eller vidareleverast til godkjent mottak. Ved vidarelevering skal leverandør varslast skriftleg med ein oppklarande melding. 2. Klargjering 2.1 Det er ei føresetnad at omsøkte verksemd er i tråd med gjeldande arealplanar for området, jf. 11, 3. ledd, i forureiningslova. 2
2.2 All omlasting og sortering av avfall skal skje under tak og på tett flate med fall til sluk. Det skal vere minst 3 tette vegger rundt sorteringa for å redusera flygeavfall, støy- og støvplager og direkte innsyn mest mogleg. Dersom det er naudsynt, skal verksemda etablera avtale med godkjent firma for å halde unna rotter/skadedyr. 2.3 Området skal være inngjerda og avstengd med låsbar port eller bom utanom åpningstidene/når ingen er tilstades. 3. Utslepp til luft og vatn og omsyn til nærmiljø 3.1 Alt sigevatn frå omlasting og sortering og evt. anna forurensa avlaupsvatn frå verksemda skal før påslepp til offentleg avlaupsnett rensast via sandfang og oljeutskillar dimensjonert i samsvar med kapittel 13 i forureiningsforskrifta om utslepp av oljehaldig avlaupsvatn. Sanitært avlaupsvatn skal handterast i tråd med krav frå kommunen. 3.2 Avfallet skal lagrast på ein slik måte at det ikkje er skjemmande eller fører til fare for lukt, avrenning eller annan forureining. Lagring av avfall inkl. utsortert materiale skal som eit minimum skje på tett flate med fall til sluk. Avfallet skal utan unødig lagring sorterast og leverast vidare til gjenvinning eller godkjent forbrenning/deponi. Lagring av usortert avfall/restavfall skal reduserast mest mogleg og er tillatt i maksimum 3 døgn. Totalt lagra avfallsmengde skal ikkje på noko tidspunkt overstige 100 tonn. Ved periodevis behov for lengre lagringsperiodar må det utarbeidast eigne planar for dette som omfattar avfallsmengder og typar, tidsrom, tiltak for å hindre forureining m.v. Slik lagring må klarerast med fylkesmannen på førehand. 3.3 Verksemda er tillatt berre mellom kl 07.00 og 18.00 måndag til fredag og mellom 08.00 og 15.00 på laurdag. Verksemda er ikkje tillatt på søndag eller offentlege heilag- eller høgtidsdagar. Med verksemd er og meint all handtering av containarar eller annan verksemd som fører til støy. 3.4 Støy frå verksemda på sorteringsanlegget skal haldast innanfor grensene i «Retningslinjer for begrensning av støy fra industri m.v.», TA-506, SFT 1985. Det skal gjennomførast ei støyvurdering av verksemda av uavhengig konsulent. Dersom støyvurderinga viser meir støy enn det som går fram av Retningslinjer for begrensning av støy fra industri skal det leggjast fram forslag til tiltak for å bringe støynivået innanfor krava. Støyvurderinga og eventuelle forslag om støyreduserande tiltak skal sendast fylkesmannen innan 01.07.2005. Lokale helsestyresmakter kan skjerpe støykrava. 3
3.5 Konsesjonshavar har plikt til alltid å halde sorteringsanlegget og områda omkring, inkludert næraste tilførselsvegar i orden og fri for forsøpling. Ryddeaksjonar skal gjennomførast etter behov. 3.6 For å unngå støvproblem i nærmiljøet skal vegar og plassar gjerast reine regelmessig, eller andre støvreduserande tiltak setjast i verk. 3.7 Det skal utarbeidast beredskapsplan med handlingsplan for tiltak ved moglege hendingar som brann, tilføring av ulovleg avfall, akutt forureining eller andre uventa hendingar som kan ha følgjer for miljøet. 3.8 Før verksemda tar til skal det utarbeidast driftsplan med driftsinstruks for anlegget. 3.9 Fylkesmannen kan med kort varsel sette skjerpa krav til heile eller delar av verksemda dersom det oppstår støyulemper eller fare for forureining eller forsøpling 3.10 Fylkesmannen kan utan varsel og etter behov stille krav om gransking av støy eller annan forureining frå verksemda. Utgifter til slike granskingar skal dekkjast av eigaren. 4. Registrering, rapportering og kontroll 4.1 Det skal førast dagleg oversikt (loggbok) over type og mengde avfall til anlegget. Registrering av avfallet skal skje på vekt. I loggboka skal mengder og leveringsstader for utsorterte avfallsfraksjonar gå fram. Mengder og mottaksanlegg for restavfallet skal og registrerast. 4.2 Innan 1.3. kvart år skal det sendast årsrapport til fylkesmannen. Fylkesmannen kan be om at standard rapporteringsskjema vert nytta. Rapporten skal minst innehalde følgjande opplysningar: * oppsummering av avfallsmengder og typar inn og ut av anlegget i samsvar til loggboka. * omfang av innslag av ulovlege fraksjonar i avfallet, handtering av dette, samt omtale av førebyggjande tiltak og informasjonstiltak * omtale av status for utslepp til luft og vatn og påverking av nærmiljø i høve krava i løyvet * internkontroll, inkludert ein vurdering av om krava i løyvet er stetta og om verksemda fører til miljøulemper som etter eigaren sin vurdering bør utbetrast. 4.3 Avviksbehandling, journalføring og kontrollrutinar for alle aktivitetar på området som kan føre til forureining skal vere omfatta av internkontrollen. 4
4.4 Representantar frå Fylkesmannen skal til einkvar tid ha tilgang til anlegget for å kontrollera at verksemda vert drive i samsvar med løyvet. 5. Krav ved nedlegging 5.1 Ved nedlegging av verksemda (t.d. ved konkurs), skal det gjennomførast naudsynt opprydding på eigedomen. Det skal utarbeidast plan for opprydding og finansiering av denne. Vi viser vidare til 20 i forureiningslova om nedlegging og driftsstans. Grunngjeving Utsortering av avfall for gjenvinning er i tråd med sentral avfallspolitikk. Reguleringsplanen og kommunedelplanen opnar for drift av sorteringsanlegg for avfall, og kommunen er positive til etableringa. Kommunen peiker likevel på at det må leggjast vekt på utforminga av uteområda. Trafikk- og arealforhold er vurdert ved kommunens planarbeid. Andre forhold som må hansamast etter forureiningslova er tatt omsyn til ved dei vilkåra som er sett i dette løyvet. Det er 2 bustader inne på industriområdet, om lag 100 meter frå sorteringsanlegget, vidare er det 1 bustad om lag 70 meter frå anlegget. Det er viktig at verksemda gjennom oppbygging og drift i størst mogleg grad skjermar desse bustadene mot ulemper. Vilkåra er utforma for å sikre at anlegget ikkje vert til uakseptabel ulempe for naboane og miljøet kring anlegget for øvrig. Sorteringshallen er bygd slik at opninga vender vekk frå bustadene, og uteområdet ligger i hovudsak også på denne sida. Støy frå verksemda vil vere avhengig av kva for fraksjonar som vert handtert, containerhandtering, bidrag frå maskinelt utstyr og støydempande tiltak. Val av støysvakt maskinelt utstyr vil kunne bidra til å redusera støy frå anlegget. Det er sett krav til driftstid for å redusera støyen frå anlegget. Det er vidare sett krav til gjennomføring av støyvurdering. Dersom denne viser uakseptabelt støynivå, vil fylkesmannen vurdere ytterlegare støyreduserande tiltak. Det er sett krav om at lagringa ikkje skal vere skjemmande eller føre til forureining, som t.d. flygeavfall eller liknande. Anlegget skal ikkje ta imot våtorganisk avfall. All sortering skal foregå inne i bygget. Det vert vidare opplyst at lagring av avfall vil skje i containarar som anten vert sett inne i hallen eller står utandørs med lokk. Det er også krav til å halde sorteringsanlegget og områda omkring i orden og fri for forsøpling. Dette er særleg viktig når anlegget ligg nær bustader. For å verne resipienten er det sett krav om å føre forureina vatn til offentleg avlaupsnett. Det er elles satt krav til m.a. opprydding og beredskap. For å hindre at anlegget blir eit mellomlager for avfall er det sett krav til maksimal lagringstid for usortert avfall og restavfall, og maksimal mengde lagra avfall totalt. Med ovannemnde krav er det forventa at miljøet rundt anlegget vil vere rimelig godt sikra mot evt. miljøulemper frå verksemda. 5
Ansvar Kjosås Maskin AS er ansvarlig for at verksemda vert drive i samsvar med løyvet. Brot på vilkåra er straffbart etter kap. 10 i forureiningslova. Gjeldande rammer og vilkår i løyvet skal inngå i Kjosås Maskin AS sin internkontroll, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996. Kjosås Maskin AS må kartlegge den risiko som verksemda representerer for det ytre miljø og utarbeide planar og tiltak for å redusera risikoforholda. Det skal og utarbeidast rutinar for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på krav frå styresmaktene. Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining skal Kjosås Maskin AS varsle brannvesenet i samsvar med forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining, fastset av Miljøverndepartementet 9. juli 1992. Løyvet fritar ikkje for erstatningsansvar i samsvar med gjeldande erstatningsreglar, jf. forurensingslovas 10,2. ledd. Løyvet fritar ikkje for verksemda sitt forhold til anna lovverk. Ein vil spesielt nemne plan- og bygningslova, kommunehelsetjenestelova og arbeidsmiljølova. Kjosås Maskin AS må rekne med pålegg om forureiningsgebyr dersom vilkåra i løyvet vert overskrede, jf. kap. 9, 73 i forureiningslova. I medhald av forureiningslovas 18, jf 86, kan fylkesmannen oppheve eller endre vilkåra som er gitt i samband med løyvet eller gi nye pålegg. Fylkesmannen kan også, om naudsynt, kalle løyvet tilbake. Klage Vedtaket kan påklagast til Statens Forureiningstilsyn innan 3 veker frå melding er motteke. Klage skal vere grunngjeve og skal sendast fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen. Med helsing Kjell Kvingedal e.f. seksjonsleiar Astrid Holte overingeniør Gjenpart: Kvam herad, 5600 Norheimsund BIR, Postboks 6004 Postterminalen, 5892 Bergen 6