Om å førebu tømmer på å bli til hus Kvifor er det ikkje råteskader i dette huset frå 1776?



Like dokumenter
Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

mmm...med SMAK på timeplanen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tradisjonell materialkunnskap

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Brukarrettleiing E-post lesar

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

G A M A L E N G K U L T U R

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vi lærer om respekt og likestilling

Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kom skal vi klippe sauen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for Rosa september 2014

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012


Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Teknikk og konsentrasjon viktigast

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kulturhistoriske registreringar

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Informasjon til elevane


Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Plassebakken Barnehage

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kva er økologisk matproduksjon?

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Med god informasjon i bagasjen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Brukarrettleiing. epolitiker

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

HANDHØVLING AV GOLVBORD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Bilete og figurar i Word

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Jon Fosse. For seint. Libretto


Transkript:

Om å førebu tømmer på å bli til hus Kvifor er det ikkje råteskader i dette huset frå 1776? Huset ligg til dels rett på bakken og er like heilt. Foredrag konferanse om bygningsvern sept 2014. ved Jon Bojer Godal

Tørking No vil eg etter kvart koma inn på nokre særlege teknikkar med å førebu tømmer på å bli til hus. Vi skal likevel ikkje gløyme det grunnleggjande; hogsttid og tørking. Organismar som skal fortære treverk anten det er sopp eller insekt, treng vatn. Drei kan såleis ikkje overleve utan at det er ein viss råme i veden. Grensa er gjerne rekna med ved 25% fukt i veden og med 20% som sikker fråstand frå den. Inntrengjarane kjem inn frå yta, og dei er aktive i den varme årstida. Difor er vinterhogst og berking av tømmeret så bra. Då vil yta tørke før livet startar om våren. Startpakka for sopp er sukker. Det mest tilgjengeleg sukkeret er knytt opp mot svatida om våren. Rått vårtømmer er difor mykje utsett for mygling, blåning og etablering av sopp. Sukkeret er sjølve startpakka. Såleis er det lett forklarlege grunnar til den gamle regelen om å hogge bygningstømmeret før det vårast i lufta. Seinhausten og vinteren fram til i februar vart rekna som best. Å dele opp på sag eller med øks er det også best å få gjort tidleg på våren. Då kan vi få ytetørr material før insekt og sopp er aktive. April er ein god månad for slikt arbeid.

Svaret ser vi her Tømmer er flekkberkt, det er blæka og det har stått slik i fleire år. Vi ser overgroing. Å blæke er ord, og vi har fleire som er knytt til det å få fram kvae i veden: Kvagå, kvablø, kovskyte, slindre. Det er altså noko som har vore så vanleg at det har kome til ein heil del ord i samanhengen. Det vi gjer er å blæke (flekkberkje) eller slindre (slindeberkje). Reaksjonen hos trea er at dei kvablør, blør kvae, det går kva i veden. Vi kan kalle det ein immun-reaksjon. Konsekvensen er at veden blir meir varig. Dette veit vi, men vi veit ikkje kor mykje meir varig veden blir eller kor lenge ein har halde på med slikt

Også denne stokken ser det ut til at det er gjort noko med. Det er påfallande mykje kva i dei avberkte flekkane, men treet har ikkje stått i fleire år, slik som vi såg på førre stokken

Salt Sunndalen får kaldluft heilt frå like nordom Hjerkinn. Eit stort kaldluftområde tømer kaldlufta si ut i Sunndalsfjorden. Slikt blir det rokk av; sjødrefs, salt vatn som piskar veggen kvar gong storkulingen kjem av land. Med 5 % salt i veden er det ingenting som bit på. Det har nok flåbyggane visst. Det er berre på det tømmeret som ikkje får salt at vi ser tydelege spor av blæking. Spørsmålet er no om blækinga på Flå er ei einstaka tilfelle, eller om vi kan sjå tilsvarande i fleire hus.

Vi dreg til grannebygda Tingvoll Der stikk vi oppom Tingvoll museum som ligg på ein gammal gard. Kontoret er i det gamle sauefjøset. Medan vi pratar hyggjeleg over ein kopp kaffi ser eg plutseleg nokre mørke flekkar på himlingsåsane: Ved nærare ettersyn blir det tydeleg. Stokkane er pjåla. Det ser vi på den finéraktige yta. Dei brune flekkane står att etter ei flekkberking, men som nærast er gjort usynleg ved at stokken er sletta med pjål. For det meste er dei synlege teikna på blækinga vekk.

Er vi på sporet av noko? Når trea blir påført sår og kanskje jamvel blir utsett for ein kronereduksjon, vil tilveksten brått slutte. Det ser vi ofte i gamle hus. Stokkane i loftet på Havstein (Tinn 1350) er grove. Dei har vakse fort i mange år og så bråstoppa. Det er ikkje naturleg

Fiskarkapellet frå Fåberg, no på Maihaugen vart bygd på 1400- talet av etter måten småfalle, tilsynelatande rundt tømmer.

Inne møter det oss dette: Veggane har ein finéraktig karakter, lik den vi såg på det blæka tømmeret i fjøset på Tingvoll museum.

I røstmora ser vi mistenkjelege mørke flekkar. I enden av stokken ser vi at han ikkje er meir enn ca 70 årringar, men avslutta vokster. Det er ikkje heilt naturleg.

Loftet frå Stave (1280), som no står på Hallingdal folkemuseum, Nesbyen,er så og seia originalt i alle delar. Berre ringtroet og det som er oppå troet ser ut til å vera fornya. Det er jamvel eit jarbur. Syllstokkane ligg rett på mur og haldsteinar. Det er ikkje klauva opp slik som er gjort med dei fleste bura (på 1700- talet).

Staveloftet har etter tida mange typiske detaljar. Tømmeret er klavedrege (nesten ikkje avsmalning). Det vekslar mellom tjukke og litt grannare stokkar. Dei grannaste ligg ikkje på toppen.

Ein del av tømmeret er av utvaksen gammalskog. Under ser vi ein stokk med berre kring 30 år alved. Meir enn halve radien er geite. Samstundes ser vi at geitveden er gulaktig og liksom feit.

I svala, oppunder raftet, ser vi markerte ringar med mørk ved. Kan vi tru at trea har hatt flekkberking i markerte ringar? Vi ser også den markerte fineraktige yta som dei vi såg på stokkane i fjøset på Tingvoll.

Dette er frå Tveitoloftet (ca 1300), Hovin, Tinn kommune, no Norsk Folkemuseum. Vi ser trint klavedrege tømmer. Somme stokkar er atskilleg retta og dei har synleg geite.

Oppunder raftet er det mistenkjeleg likt som på Staveloftet. Ringar med mørke flekkar og finéraktig yte.

I garlægja ser vi ei føyre.

Denne føyra i same stokken syner tydeleg at det er øks som har vore på ferde og det er lenger opp i treet enn som for blink.

Frå baksida ter Nystu på Bjørnstad (Maihaugen) seg som eit ordinært 1700-talshus.

Det er dei to nedst stokkane på gavlveggen mot sør vi vil sjå nærare på. Vi ser det tyt kvåe av båe. Syllstokken er typisk gammalstokk med aldersved.

Det er vanskeleg å vera påståeleg. Sola er heit i sørveggen, og det kan vera ein tyritopp. Når det har vore nok av godt nok tømmer utan blæking, kan ein ha greidd seg utan.

Nærare gransking dreg likevel tanken mot at dette tømmeret er flekkberkt.

Dette stabburet står på Sulheim på Lom. Det er under vi skal sjå.

Vi har ein tradisjon som går på at det vart spent kjetting rundt trea for å få dei til å kvåe ut. Har det vore spent kjetting her? I alle fall er det ei ikkje fullstendig ringberking som er gjort. Det minner mykje om det vi såg ævune etter på Hovin og Stave.

Å sære treet kan gjerast på fleire måtar. Til venstre har vi eitt som er toppa og kroneredusert. Like under toppen såg veden etter fire år ut som vi ser det på biletet under. Svært mykje kjerneved og han er på tur utover.

Til hjelp for vurderingane nytta vi no ei indikatorvæske. Hå slår ut med brunt der det er kjerneved og med gult i geitveden.

I rotenden ser vi utbuktning av kjerneveden, men det er att mykje geitved. Indikatorvæska er påfallande mørk i geitveden. Det er ein reaksjon, men med blotte auga ser det ut som geitved. Kjemien fortel at geitveden har endra karakter.

I nærbilde ser vi påfallande mykje kvae i geitveden. Vi ser også at dei tre ytste årringane er påfallande smale. Det er tydeleg at vi er på sporet av noko.

Det er gjort mange forsøk. Somme spreidd kringom og ein del nokså omfattande på Dovre. Diverre er det ikkje gjort ei samlande framstilling av resultat. Vi manglar også rotningstestar, slik at vi kan sjå på målbare effektar når det gjeld kor mykje vi betrar råtemotstanden i treverket ved å handtere treet på rot. Til venstre har vi ei furu som fekk kombinert kronereduksjon og slindeberking. Effekten var god, men det var råte i slindra på nordsida. Til høgre har vi ei ung furu som fekk kronereduksjon. Resultat vart mykje nytt bar, men elles liten innverknad vi kunne sjå.

Eit slindeberkt tre som ved stubbeavskjer har ein liknande reaksjon som treet vi kappa toppen av

Nærbilde syner påfallande mykje kvae og utbuktande kjerneved.

Snitt nær toppen av slindeberkina syner litt mindre reaksjon i geitveden, medan det innafor slindrene er rein spiktyri. Overgangen mellom geite og alved er mindre tydeleg enn vanleg for blotte auga, medan indikatorvæske gjev tydeleg utslag.

I nedre del av slindringa ser vi igjen litt mørkare indikatorvæske i geitveden, men ikkje heilt brun. Overgangen er tydeleg i indikatorvæska, men lite synleg for blotte auga.

Her er det Uthusprosjektet på Røros som i samarbeid med Arild Bjarkø er på ferde. Dei har orden på sakene med nr og dato på kvart tre. Det er mange spørsmål som mellom anna omfattar: 1. Tid på året det er best å blæke. 2. Kva alder treet bør ha. 3. Kor lenge det skal stå 4. Kva er ideell mengd av bork som bør fjernast.

Om vassopptak Dette er kapp av eit emne til staur som har fått stå ute. Vi ser det har fått raudråte i ytre delen, men ikkje i den indre. Mari Sand Austigard har i avhandlinga si konstatert at vassopptaket i gran er raskare i yteveden enn i kjerneveden. Vi kan tolke rotningsprosessen i dette staurkappet som uttrykk for opptak av vatn. Dette er eit godt argument for å nytte gammal gran (sturegran) med avslutta vokster på stader som er utsett for væte. Sjølv har eg gjort nokre av det vi kan kalle kjøkenbenkforsøk med vassopptak. Eg vog trestykke, la dei i vatn og vog på nytt etter ei viss tid. Eg vil ikkje gjeva att tal. Det var for upresist. Likevel fekk eg eit inntrykk av at dei ulike trestykka tok opp væte med ulik fart. Rekkefølgja var om lag slik: 1. Blåved (furu) 2. Grønimpregnert furu 3. Vanleg geitved av furu 4. Geitved av sokka furu og yteved gran 5. Kjerneved gran 6. Kjerneved furu Det er verd å merke seg at den sokka furua kom tydeleg betre ut enn vanleg geitved. Før vi kan seia meir lyt det meir omfattande forsøk til.

Å sokke Det heiter å sokke når vi ringberkjer trea nedafrå medan dei står på rot. Det er ein effektiv måte for det vi kallar biologisk tørking. I tillegg får vi utkvåing. Geitveden blir feitare. Dette er ein effektiv måte for å få til mykje betre material innafor eitt år. Det blir mindre sprekkar, meir kvae i veden og vassopptaket går seinare enn i vanleg geitved.

Risiko Ringberking gjev god uttørking, men kan også vera risikofylt. Dette treet har sytått i fleire år og det har fått mykje blåved. Den som skal drive med biologisk tørking lyt passe på som ein smed. Veden blir betre enn vanleg geitved, men han er ikkje gjort om til al.

Grana på bildet vart sokka i påska 1990, og bilda er tekne i påska 1992. Baret er raudt. Det ringberkte feltet er fullt sav kvåe. Veden er nesten tørr. Denne grana hadde ikkje tørka. Det var liv i nokre borkstrimlar. Det var nok til å halde liv i treet. Var det slik tømmeret til dei gamle lofta var berkt på rot?

Vi kan slutte at det er der borken er teken av og oppover derifrå at stammeveden tørkar når treet er sokka. Metoden gjev tilsynelatande effektiv uttørking på to år og etter det eg har erfaring for blir materialen nesten sprekkfri ved vanleg utetørr material.. Avberking her Å felle på kvisten (som det heiter for bartrea sin del), på lauvet (som det heiter for andre lauvtre enn osp og bjørk) eller syrefelle (som det heiter for osp og bjørk) har vore mykje bruka. Då lyt ein vera nøyen med å leggja trea slik at dei får tørke og å ta dei ut av skogen straks dei har visna. Metoden er grei og han er rask, men å sokke synest vera betre.

Denne tømmerrenna vart restaurert for 10 år sidan. No er ho på nytt roten. Den førre sto i minst 70 år.

Bildet talar for seg sjølv.

Denne sponen har lege på taket i 10 år. Før vart det rekna med at eit godt tak med stukken spon skulle liggje i 60 år. Kva er det som skjer? I dag reparerer vi stadig oftare reparasjonar som vart utført for mindre enn 20 år sida. Rotning i nytt kan starte alt etter fem år. Kvifor?

Her er det Uthusprosjektet (Røros kommune) saman med Mycoteam som har forsøk gåande. Førebels resultat er at søkktømmer er mykje meir varig enn nytt tømmer. For 60 år sidan vart mestebarten av tømmeret fløytt. Vi hadde også eit sortiment som heitte vassgått tømmer. Det var krav til at tømmer som skulle nyttast på visse stader hadde vore lenge nok i vatn. Vidare veit vi at gjerdefang helst skulle liggje på botn av ei myrtjønn i eitt år før det vart teke i bruk. Taksponvyrke skulle helst liggje i vatn frå det var hogge og til sponen skulle lagast. Også etter stikking eller høvling var det best om sponen låg i vatn, men i alle fall granspon kunne også tørkast, men bløytast dei siste tre fire dagane før bruk. Førebels veit vi ikkje nok om dette. Vi veit at vassgåing virkar, men kva minste vatningstid er og kor mykje meir varig vyrket eventuelt vil bli, det har vi ikkje greie på.

Dette er stokk i Drøbak kyrkje, bygd 1776 (sendt av Per Willy Færgestad). Stokken har lege så lenge i sjøen at det har etablert seg rur på han. Vatn har vore det vanlegaste transportmediet her til lands før tømmerbilane tok til å rulle i 1950-åra. Såleis er det vel at tømmer som ikkje er transportert i vatn elle er unnataket enn regelen. No vert det hogge heile året og alt tømmer blir transportert på hjul.

Denne kledningen har hange på denne veggen i i om lag 160 år. Holut, men elles like god. Hola skriv seg frå sjømakk. Dei var der då kledningen kom opp.

Desse borda har lege i vatn i tre veker. Vi ser at det har slege seg ned mygl, men ikkje på den ytste tommen. Det kan tyde på at tømmeret bør liggje minst tre månader i sjø eller vatn før søtsakene er godt nok vaska ut.

Vi treng resultat Her ser vi eit tre som er flekkberkt etter det mønsteret som vi såg på Flå i Sunndal. Treet er ikkje følgt opp med seinare undersøkingar. Det er all grunn til å leggje meir kraft forsøksverksemda og i brei omfatning med systematiske opplegg og som strekkjer seg over mange år. Forsøka bør utførast på fleire stader, på ulike bonitetar, med ulik alder på trea og i ulikt klima.

Mange spørsmål Det er gjort ein del registreringar. Mange spørsmål har reist seg utan å få svar. Menge forsøk er sette i verk og med mange variantar, men kor er det samla svaret? Når skal kven ta tak i dette og gjera noko skikkeleg ut av det? Har vi råd til å lata vera? Har vi råd til at kulturarven rotnar fortare etter restaurering enn før? Vi aner at det for å få til det gode og varige tømmeret er spørsmål om mange tiltak. Skogskjøtsel frå å spara på frøtre, om stell og tynning fram til fullmogne tre som for gran vil vera kring 100-150 år og for furu kring 150 250 år. Biologisk tørking, sokking og felling på kvisten, når kor lenge og kva vinn vi? Særing av ymse slags, flekkberking, slindeberking, kronereduksjon. Tid på året, kor mykje skal flekkast av, kva alder er best. Vassgåing, kor lenge i kva slags vatn. Salting, kor mykje og kor rått skal det vera når vi saltar?.

Det er svært mykje å ta fatt i! Vi vinn ingenting ved å vente enno lenger. Sett i gang!