1 GENERELL SØKNADSINFORMASJON: Tittel på forstudiet/forprosjektet: Forstudiar for kommersiell utnytting av sildemelke Søkjarbedrift/organisasjon: Seagarden AS, Pb 194-4299 Avaldsnes, info@seagarden.no. tlf. 52859480 Organisasjonsnr: 977 249 368 Kontaktperson: Kjetil Rein, kjetil.rein@seagarden.no Desse er med på søknaden: Namn på bedrift/organisasjon: Kontaktperson: Rolle i forstudiet/forprosjektet: Seagarden AS Kjetil Rein Administrativ leiing Nofima AS avd. Bergen Henning Egede-Nissen FoU-leiing Norway Pelagic AS avd. Kalvåg Per RØYs Råstofftilbydar Geografisk virkeområde (fylker): Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane Total søknadssum: NOK 250 000 Totalkostnad på forprosjektet/forstudiet: NOK 500 000 Av dette er % offentleg støtte? 50% 2 BAKGRUNN FOR FORSTUDIET/FORPROSJEKTET 2 A GJE EI KORT BESKRIVING AV BAKGRUNNEN FOR Å SETTE I GANG DETTE FORSTU DI ET/FORP ROSJ EKTET: 1
Restråvarer som kjem fram ved filetering av sild går nesten berre til ensilasje eller fiskemjølj-olje med unntak av noko produksjon av rogn. Dette gjev lav verdiskaping for næringa. Sildemelke er kjent for å ha gode ernærings- og helsemessige eigenskapar, men er utfordrande å skilje frå andre restråstoff. leit tidlegare prosjekt i regi av FHF (prosjekt nr. 900547) er det kartlagt kva for løysingar for restråstoff som er til stades på dei ulike fabrikkane, og korleis sildemelke kan omsetjast til eit pulverprodukt. Det er i liten grad sett på moglege marknader for ulike produkt av sildemelke. Difor har det heller ikkje vorte utvikla maskinar for å separere dei ulike restråvarene. 2B KORLEIS ER FORSTUDIET FORANKRA I BRANSJENjNÆRINGAjHJÅ AKTØRANE? Pelagisk næring som fileterer om lag 40% av den totale fangsten av sild i Noreg har lave marginar frå fileteringa. Økt utnytting av restråvarer kan betre denne situasjonen vesentleg. Dei einskilde fabrikkane kan vanskeleg klare utfordringane med ei slik utnytting åleine. Norway Pelagic AS {NP} er ein dominerande aktør innanfor denne næringa på Vestlandet, og har interesse av eitkvart prosjektsamvirke som kan løfte verdien på restråvarene. Anlegget i Kalvåg er store på sildefiletering, og har saman med NP Florø vist veg i utviklinga av restråvarer ved å være fyrst ute med produksjon av lausrogn frå sild. Seagarden AS driv produksjon og marknadsføring av naturlige marine pulver og ekstraktar, og vidareforediar allereie mykje av dei tilgjengelege restråvarene som er tilgjengelege frå fiskerinæringa på Vestlandet. Dei har i dag ein verdsleiande posisjon innanfor leveransar av marine smaksingrediensar til den internasjonale næringsmiddelindustrien. Pulver og ekstraktar frå sildemelke vil kunne ve re eit viktig og godt tillegg til det tilbodet dei har av liknande produkt i dag. Seagarden har nett innvigd ein unik og heilt ny fabrikk for framstilling av marine pulver. Forsking på marine arter og marine ingrediensar er kjerneverksemda til Nofima AS avd. Bergen. Instituttet har sterk kompetanse på framstilling av pulver og ekstraktar i lab- og pilotskala frå ei lang rekkje av marine råvarer, og har lang tradisjon for tett kontakt med industrien på Vestlandet. 3 MÅL FOR FORSTUDIETjFORPROSJEKTET - KVA SKAL EIN LEVERE? Forstudiet/forprosjektet skal levere ein plan for gjennomføring av hovudprosjektet der desse elementa bør vere med: Mål for hovudprosjektet, organisering av hovudprosjekt (kva partnarar skal delta i eit hovudprosjekt, og kva rolle skal desse ha?), tidsplan for gjennomføring og økonomi og finansiering. 3A KVA PROBLEMSTILLING SKAL FORSTUDIETjFORPROSJEKTET TA FØRE SEG OG KORLEIS LØYSE DENNE? Hovudmålet for hovudprosjektet vil vere å utvikla og kommersialisera nye industrielle næringsmiddelingrediensar frå sildemelke. Hovudprosjektet vil tru leg få dei same partnerane som forprosjektet. Norway Pelagic vil primært ha ei rolle som råstofftilbydar, og må greie ut kva for investeringar som må gjerast for å separere ut og kvalitetssikre sildemelka. Nofima og Seagarden vil ha ei tett koordinering når det gjeld produkt- og applikasjonsutvikling, og Seagarden vil utføra marknadsanalyser. I forprosjektet skal det kartleggjast kva som er «state of the art» for utnytting av rein sildemelke, samt samfengt råvare som inneheld sildemelke, som restråstoff for industriell vidareforedling. Vidare vil det i lag med maskinleverandørar verte aktuelt å sjå på automatisk sortering av sildemelke frå anna restråstoff etter filetering. Dette må gjerast på enkelt og kostnadseffektivt vis. Spesifikasjonar av melkeråvare må definerast, som grunnlag for kostnadskalkylar både på råvareleddet og vidareforedlingsleddet. Kostnadar til hygieneåtak, lnnfrvsing, logistikk osv. må takast omsyn til. Vid". må det skaffas eln oversikt over del positive nærings- og r:r 2
Vestlandssamarbeidet - Marin sektor smaksstoffa sildemelke inneheld, og det må kartleggjast kva for teknologiske utfordringar produksjon av pulver og ekstrakt frå sildemelke og samfengt restråvare kan føre med seg. Endeleg må det og vurderast kva kort- og langsiktige marknads- og verdi potensial slike produkt kan ha i den internasjonale næringsmiddelindustrien. Ligg dei nemnde føresetjingar til stades søkjer ein å vidareføra forprosjektet til eit hovudprosjekt. 3B KVA FAKTORAR MÅ OPPFYLLAST I FORSTUDIETjFORPROSJEKTET FOR AT EIN GÅR VIDARE MED ElT HOVUDPROSJEKT (KRITISKE SUKSESSFAKTORAR)? Viktige føresetnader for vidare satsing er at sildemelke kan takast ut på fornuftig sett utan at det krevjast særs fordyrande investeringar. Handtering og logistikk må heller ikkje gje meirkostnadar som ikkje kan verte henta inn i marknaden for marine ingrediensar. Forprosjektet skal gje tydingar på om desse føresetnadene er til stades slik at det er grunnlag for å starte eit hovudprosjekt. Det er og viktig å kartleggja kva for gode næringsog smakseigenskapar sildemelke har, og korleis desse kan passa inn i marknadshøve. Om dei økonomiske føresetnadane vert bekrefta å vera til stades for kostnadseffektiv produksjon av ingrediensar som svarar til dei marknadsmessige kvalitets- og prisnivå som marknaden etterspør, ønskjer ein å gå vidare med eit hovudprosjekt. 4 VARIGHEIT Startdato: 15.01.2012 Sluttdato: 15.07.2012 Tal månader: 6 5 GJENNOMFØRING AV FORSTUDIET Beskriv kort korleis de reint praktisk vil gjennomføre forstudiet? (M.a. om eventuell bruk av ekstern prosessleiar) Utviklingsaktivitetane og mykje av verksemda med å kartleggja status vil verte leia av Nofima. Arbeidet med økonomiske og marknadsmessige vurderingar villeias av Seagarden. Kunnskapen Norway Pelagic sit på når det gjeld råvare og maskinar vil vera heilt sentral, og skal brukast inn mot fangstleddet, maskinleverandørar, og på logistikksida. BUDSJETIERTE UTGIFTER SUM (kr) 1) administrasjonjpersonalkostnader 1) 200000 3
2) driftsutgifter i forstudietjforprosjeket (møter, reise etc) 100000 4) Innkjøp av eksterne FoU tenester 200000 5) Innkjøp av andre tenester (t.d. prosessleiing) O 6) Andre kostnader (spesifiser) O SUM 500000 1) Timesatsen er maks 500 kr/time (ulønna arbeid kan ikkje godkjennast). FINANSIERINGSPLAN SUM (kr) 1) Eigeninnsats i form av arbeid 1) 200000 2) Eigeninnsats i form av kapital 50000 3) Vestlandssamarbeidet - Marin sektor 250000 5) Anna offentleg støtte O 6) Andre private midlar O SUM 500000 1) Timesatsen er maks 500 kr/time (ulønna arbeid kan ikkje godkjennast). 7 RAPPORTERING Når forstudiet/forprosjektet er slutt, skal det innan 3 mnd. sendast inn ein sluttrapport til Vestlandssamarbeidet - Marin sektor. Nærare krav om denne vert gitt i tilsegnsbrev. KRD krev i tillegg ein nettbasert rapportering frå alle prosjekt/tiltak som før økonomisk støtte gjennom midla r dei overfører til fylkeskommunane. Dette skal rapporterast direkte frå prosjektet. Nærare om dette i tilsegnet. Dersom det er større avvik i høve til oppsett plan, skal dette rapporterast til din kontakt i Vestlandssamarbeidet - marin sektor. Revisor sin attestasjon for sluttregnskap er eit krav for tilsegn over kr. 100000, 8 VEDLEGG 4
Vestlandssamarbeidet - Marin sektor List opp eventuelle vedlegg: 1. CV FoU-leiar 2. Firmapresentasjoner: Seagarden, Norway Pelagic, Nofima 8 UNDERSKRIFT C~~H1~'~ Dato: Ansvarleg: ~o~: '1\tQIR~t T~~\\\--\C ~~e0 (Signatur) b\/ ~~ 5