Oversikt over tilsyns-, kontroll- og klagesaker i perioden 01.06.04 25.08.04 Del 1 i oversikten gjeld saker der det statlege tilsyns-, kontroll- eller klageorgan har vendt seg direkte til Helse Vest RHF. Oversikten inneheld - nye saker tilsendt i perioden 01.06.04 25.08.04 - eldre saker dersom desse ikkje var avslutta ved sist rapportering I del 2 er det tatt inn konkrete tilsynssaker som gjeld helseføretaka i regionen. Ein gjer merksam på at denne oversikten ikkje er fullstendig. Som det er gjort greie for i rapportering til styret i mars 2004, vil ein etablera rutinar som gir administrasjonen moglegheit til å ha ei komplett oversikt over desse sakene. Det er gjort avtale med fylkeslegane om at Helse Vest vert gjort til kopimottakar for deira korrespondanse med helseføretaka. DEL 1 Tilsynsmyndigheit Dato for brev Kva saka gjeld Kommentarar/status Riksrevisjonen (1) 18.05.04 Riksrevisjonen gjennomfører i 2004 ein kontroll av dei kjøp dei regionale helseføretaka har gjort i 2003 frå ekstern revisor, og det er bedt om innsending av gjeldande revisjonsavtale. I tillegg er det bedt om innsending av ein oversikt over samla godtgjersle til revisor i 2003 både for føretaksgruppa som heilskap og for det einskilde føretak samt ein oversikt som syner fordelinga på revisjon og andre tenester. I denne samanheng skal det og gjerast greie for art og omfang på det einskilde oppdrag i gruppa andre tenester og om oppdrag som overstiger kr. 200.000,- har vært på anbod. Det skal og gjerast greie for om styret i det regionale helseføretaket eller helseføretaka har satt retningsliner for bruk av revisor som rådgjevar. I så tilfelle skal det Svar på førespurnad sendt 19. juni 2004 etter at nødvendig informasjon var henta inn frå helseføretaka. I svaret er det gjort greie for dei spørsmål som er reist. Det er blant anna vist til at det ikkje er gitt formelle retningsliner frå det regionale helseføretaket vedkommande bruk av ekstern revisor som rådgjevar. Det er likevel gitt signal til føretaka om at dei, ved eventuell bruk av revisor, må sikra at han ikkje blir inhabil i tenesta si. I Helse Fonna har styret gitt råd om å vere varsam med bruk av revisor til ulike konsulentoppdrag. Rådet tas til følgje og føretakets retningsliner blir følgd. I Helse 1
også gjerast greie for kven det er i føretaket som kan gjera slike avtalar. Svarfrist: 10. juni 2004. 28.05.04 Sakshandsaminga i samband med føretaksmøte i Helse Fonna 1. april 2004. Det er bedt opplyst kvifor innkalling til føretaksmøtet i Helse Fonna 01.04.04 vart gjort med ei frist som var kortare enn ei veke. Svarfrist: 18. juni 2004. Førde er det tatt eit bevisst val om ikkje å bruka revisor til konsulenttenester. Helse Bergen har vurdert at alt kjøp av tilleggstenester er omfatta av den opphavelege revisjonsavtalen. Helse Stavanger har ikkje fastsett eigne retningsliner for bruk av revisor som rådgjevar. Svar på førespurnad sendt 1. juli 2004. Bakgrunnen for saka var at det i styret i Helse Fonna var fatta vedtak om å ta i mot eit tilskot frå Stord kommune for å halde fødeavdelinga ved Stord sjukehus sumaropen. I svaret er det vist til at saka reiste prinsipielle spørsmål som Helse Vest som eigar måtte ta stilling til. Når det gjeld spørsmålet om kvifor det var nødvendig å gjera unntak frå lovas hovudregel om innkallingsfrist, er det vist til at dette var ei sak som hadde fått stor merksemd både nasjonalt, regionalt og lokalt. Helse Vest var i jamleg dialog med vår eigar og dei signala vi mottok la press på oss til å få ei hurtig avgjerd i saka. Dette blei ytterlegare styrka ved at saka kom til handsaming i spørjetimen i Stortinget i veke 13. I tillegg blei det i svaret vist til at det med omsyn til ferieplanlegginga ved sjukehuset var nødvendig å gripa inn raskt, dersom det var aktuelt å gjera noko. Med ei føreståande påskeveke var det difor ikkje 2
24.06.04 Riksrevisjonen gjennomførte for regnskapsåret 2003 kontroll av tilskot som dei regionale helseføretaka mottok frå Helsedepartementet. Riksrevisjonen gjer ein oppfølging av kontrollen for regnskapsåret 2003, og det er bedt om innsending av ein oversikt som viser alle tilskotsordningar kor det regionale helseføretak eller underliggande helseføretak rapporterar til Helsedepartementet. Svarfrist: 20. juli 2004. 29.06.04 Informasjon om prosjektet Akuttmedisinsk beredskap i spesialisthelsetjenesten og den rolle Riksrevisjonen har i prosjektet. Formålet med prosjektet er å gi Stortinget og helseføretaka relevant og oppdatert informasjon om måloppnåelse og effektivitet innanfor den akuttmedisinske behandlingskjeda. mogleg å halde seg til ei innkalling med frist på ei veke. Det var og viktig å fa ei rask avgjerd for å redusera det uklåre biletet som etterkvart var skapt overfor brukarane. Svar på førespurnad sendt 16. juli 2004. I svaret er det gitt ei oversikt over tilskot motteke frå Helsedepartementet i 2003. Prosjektet er inne i ein kartleggingsfase, og Riksrevisjonen har tatt direkte kontakt med alle helseføretaka for å henta inn dokumentasjon. Statens helsetilsyn 16.06.04 Kopi av brev frå Helsetilsynet i Rogaland til Statens helsetilsyn om manglande planar for helsemessig og sosial beredskap i spesialisthelsetenesta. Saka gjeld Helsetilsynet i Rogaland si oppfylging. Helsetilsynet i Rogaland/Kontaktfylkeslegen finn ikkje avvik vedrørande planer for helsemessig og sosial beredskap når det gjeld Helse Vest RHF. Helse Stavanger HF har ikkje beredskapsplan etter lov om helsemessig og sosial beredskap. Dette er eit avvik, og Helse Stavanger er bedt om å gjere greie for aktuell status i planarbeidet og tidspunkt for ferdigstilling av beredskapsplanen. 20.08.04 Landsdekkande tilsyn med abortnemndene 2004. Svarfrist: Medio september 2004. 3
Bakgrunnen for saka er at det er oppdaga svært ulik praksis i dei einskilde fylka når det gjeld verksemda i abortnemndene. Det er bedt om ei oversikt over kva helseføretak/sjukehus/institusjonar som gjer slike inngrep, og ei oversikt over personell som av samvitsgrunnar var fritekne frå å gjera slike inngrep. Arbeidstilsynet 18.06.04 I samband med den tilsynskampanje Arbeidstilsynet har satt i verk innanfor sjukehussektoren, er Helse Vest bedt om sende inn smittevernplan utarbeid etter smittevernlova. I tillegg er det bedt om kommentarar til korleis ein sikrar personell i helseregionen i forhold til det overordna ansvar regionføretaket har etter forskrift om smittevern i helseinstitusjonar. Svar på førespurnad sendt 5. august 2004. Datatilsynet Klagenemnda for offentlige anskaffelser Det er ikkje motteke nokre saker frå Datatilsynet i perioden. Det er ikkje motteke nokre saker frå KOFA i perioden. Sivilombudsmannen Det er ikkje motteke nokre saker frå Sivilombudsmannen i perioden. DEL 2 Tilsynsmyndigheit Dato for brev Kva saka gjeld Kommentarar/status Riksrevisjonen (1) 02.07.04 Riksrevisjonen har satt i gang ei undersøking av kvaliteten på den medisinske registreringa i HF. Eit mål er å sjå moglege årsaker til ulik kvalitet på koding. Voss sjukehus, Odda sjukehus og Førde sentralsjukehus er tilskreve for innhenting av informasjon. 4
Statens helsetilsyn 07.05.04 Oversending av rapport frå tilsyn med fødestova, Odda sjukehus 21. 22. april 2004. Hovudkonklusjonen frå tilsynet er at verksemda ved fødestova i Odda er tilrettelagt og blir følgd opp slik at kvinner som skal føde her, får forsvarleg helsehjelp. Det er påpeikt eit avvik: I fleire pasientjournalar er dokumentasjon av vurderingar og tiltak før og under fødselsforløpet ufullstendig. 18.06.04 Oversending av rapport frå tilsyn ved Stavanger DPS avd Randaberg psykiatriske senter. Det er påpeikt tre avvik - det ble gjort vedtak om tvang utan at lege personleg undersøkte/snakket med pasienten - mangelfull dokumentasjon av psykiaterverksemd i pasientjournal - internkontrollen var ikkje tilfredstillande 24.06.04 Oversending av rapport frå tilsyn med Fødeseksjonen, Haugesund sjukehus 3. 4. juni 2004. Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike eller gi merknader. Det er bedt om tilbakemelding innan 1. juli 2004 med omsyn til kva tiltak helseføretaket vil setje i verk for å rette det påpeikte avvik. Helsetilsynet i Rogaland ber om tilbakemelding med plan over lukking av avvik innan 20. august 2004. Datatilsynet Klagenemnda for offentlige anskaffelser Det er ikkje motteke nokre saker frå Datatilsynet i perioden. 03.05.04 Helse Fonna. Norges Taxiforbund har på vegne av fleire leverandørar påklaga konkurranse med forhandling for sjuketransport. Klagen peiker mellom anna på at forhandlingane ikkje har vore ført i samsvar med regelverket og at innklaga har forsømt grunngjevingsplikta. 26.06.04 Helse Førde. Taxi Transport AS deltok i ein anbodstevling for sjuketransport. Det er påpeikt at konkurransegrunnlaget 5
er uklårt, og at tenesta blei utvida etter gjennomført konkurranse samanlikna med det deltakarane kunne sjå ut av dokumenta. 15.07.04 Helse Stavanger. Plan- og designkonkurranse. Klage frå Ottar arkitekter AS. Innklagede gjennomførte en plan- og designkonkurranse der etterfølgende tjenestekontrakt skulle tildeles vinneren av konkurransen. Juryen kåret en vinner, men konkurranse ble avlyst med den begrunnelse at realisering av prosjektet ville medføre budsjettoverskridelser. Avgjerd i klagesak. Klagenemnda kom til at det var usaklig av Helse Stavanger å avlyse konkurransen før tingingar var gjennomført. Vidare fann klagenemnda at helseføretaket braut kravet til forutberegnelighet ved at det ikkje blei opplyst om prosjektets budsjettramme, til tross for at denne var fastlagt før tilbodsfristen. Klagenemnda la til grunn at vilkåra var til stede for å få skadebot for negative kontraktinteressa. Sivilombudsmannen Det er ikkje motteke nokre saker frå Sivilombudsmannen i perioden. 1) I tillegg til dei kontrollsaker Riksrevisjonen har satt i verk i perioden, er Helse Vest pålagt jamleg å senda inn protokollar frå styremøta i Helse Vest RHF samt protokollar frå føretaksmøta i helseføretaka. 6