Gluggen. Nr. 1 2010 Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang. Gluggen tek i bruk nye medier. Vintaren på Brakanes Skule



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

«Ny Giv» med gjetarhund

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjon til elevane

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.


Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brukarrettleiing. epolitiker

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Brødsbrytelsen - Nattverden

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Plassebakken Barnehage

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Informasjonshefte Tuv barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Plassebakken Barnehage

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

/

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Rådgjevarkonferanse 2009

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Plassebakken Barnehage BA

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Hei alle sjøstjerneforeldre


MEDLEMSINFO. august 2009

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Sandeid skule SFO Årsplan

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Transkript:

Nr. 3-2006 Skule- og bygdeavis for Ulvik 33. årgang Gluggen Nr. 1 2010 Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang Gluggen tek i bruk nye medier Nye tider og nye måtar å gjera ting på opplev me alle at me ta i bruk gjennom livet, anten me vil det eller ikkje og no har me kome til eit punkt der me MÅ gjera noko med Gluggen, og me har difor vald å ta eit steg vidare med Skule-og bygde avisa me går på nett. Vintaren på Brakanes Skule Det er litt rart å skrive om jol no når det nærmar seg påske, men det er no ein gong slik det vert når ein skal gjera ein freistnad på oppsummera 3-4 månader på nokre få sider. God lesnad og God Påske! Soleis kan det henda at den utgåva av Gluggen som du har i handa nett no er det siste nummeret som me distribuerar til alle husstandar i Ulvik via Posten. Dette er eit langt steg å ta, fordi me veit at mange av dykk likar å få denne blekka i posten i ny og ne, men no er me kome dit at me rett og slett ikkje har råd til å trykkje og senda ut ei avis på 12 sider til alle. Kostnaden med ei utgåve er i skrivande stund om lag kr 5000 og med 4 nummer i året kjem ein då opp i ein kostnad på kr 20 000, noko me ikkje har budsjett til. Me har tenkt på fleire ulike løysingar, men fann til slutt ut at ei nettside der de som lesarar kan finne stoff om ting som har skjedd og ikkje minst skal skje i bygda vår kombinert med ei elektronisk utgåve av Gluggen, ville verta den beste løysinga. Me vil altså framleis laga Gluggen som før, men no vil de finne den på nett som ei pdf-fil som de kan laste ned og skriva ut om de vil. Me vil og leggja til rette for at de kan abonnera på ei digital utgåve om de heller vil det, men då må de senda oss e-post adressa dykkar, slik at me kan sende ut dei nye utgåvene som rundskriv. Joleverkstad Tradisjonen tru var det joleverkstad for alle i ei av dei siste vekene før jol. Elevane på ungdomsskulen fekk kyndig rettleiing av elevar og lærarar ved blomedekoratørlina på Hjeltnes Gartnarskule og dette resulterte i mange flotte dekorasjonar som vart bore heim med andakt av stolte elevar. I småskulen og på mellomsteget vart det og arbeida flittig, og nedanfor kan du sjå ei flott nissemor laga av ei av jentene på mellomsteget. I ein overgangsperiode vil me og skriva ut nokre eksemplar som vil verta distribuert til Tenestetorget og Ulvik Sjuke og Aldersheim. Den elektroniske utgåva av Gluggen finn de på www.gluggen.org Her vil me og laga eit arkiv over gamle utgåver av Gluggen som me vonar vil vera til glede for mange og nytte for nokon. Hardangerbrua To elevar ved Hjeltnes Gartnarskule har laga ein fin presentasjon av bru prosjektet som kan sjå om du les den digitale utgåva av Gluggen.

I dette nummeret kan du lesa om Ljosvandringa før jol Side 1: Gluggen tek i bruk nye medier Vintaren på Brakanes Skule Side 2: I dette nummeret av Gluggen Ljosvandringa før jol Side 3: Nyttårsball Skiskule Side 4: Stølsregistrering Side 5: Abraham, Lot og Gygrasteinen Skiskulen på Drevtjørn, del 2 Side 6: Reklame Side 7: Reklame Side 8: Badnajazz 2010 Ansvarleg utgjevar: Brakanes Skule v/sten Tore Svennes Redaktør: Anne-Marie Øydvin, post@gluggen.no Annonse ansvarleg: Snorre Bergo, snorre.bergo@ulvik.kommune.no Skribentar: Arne Skjerven Anne-Marie Øydvin Trykk: Brakanes Skule Noko av det siste me gjorde på skulen før jol var å ha avslutningsfest for alle elevane og ein del foreldre. Dei minste elevane starta med program i gymsalen, og så var det på med ytterklede. Lykter og faklar vart tende og så la me i veg på den store ljosvandring. Me gjekk frå Brakanes Skule til Ulvik Sjuke og Aldersheim der alle klassane var innom og song for bebuarane, noko som me veit at dei tykkjer er kjekt. Me stoppa og ved Handelslaget og utanfor Brakanestunet og song nokre songar før me gjekk opp att på skulen. Etter ljosvandringa var det varm saft og peparkaker på skulen, før me avslutta kvelden med å gå rundt joletreet - som stod midt i Hesteskoen Opplag: 500 For å kunne gje ut denne avisa treng me tre ting: 1. Artiklar og bilete om ting som skjer i bygda 2. Annonseinntekter 3. Bladpengar (friviljug, men alle monnar drar) Me ber difor bygdefolk og verksemder i Ulvik om å stø opp om bladet vårt gjennom å tinga annonsar og gje oss stønad gjennom bladpengane. Annonseprisar: Ta kontakt med Snorre Bergo Bladpengar og gåver: 3450.24.02090 No når Gluggen og går over til å verta ei nettbasert avis vil me og åpna for ei ordning med abonnement på ei digital utgåve av Gluggen. Sen ein epost til post@gluggen.org dersom du ynskjer å motta Gluggen i pdf-format rett i den digitale postkassa di. Nettadressa til Gluggen er: www.gluggen.org Kor vidt dette vert ein årleg tradisjon gjenstår å sjå, men me har gjort det to år på rad no, i vekslande ver førre året sprutregna det og denne gongen kraup termometeret langt under null. Tekst og foto: Anne-Marie Øydvin 2

Nyttårsball Skiskule på Drevtjørn Både ungdomsskulen og elevane ved Hjeltnes Gartnarskule har hatt nyttårsball. Her kan de sjå nokre glimt frå ballet til ungdomskule elevane. Fotograf på nyttårsballen var June Nyløy Espelid. 1.-7. klasse har hatt skiskule på Drevtjørn kvar onsdag frå midten av januar. Alle på mellomsteget har vore med kvar gong, medan klassane i småskulen har veksla på det, slik at dei berre har vore ute annakvar onsdag. Her er nokre glimt frå ein dag på Drevtjørn. Elevane stod for all planlegging sjølv, men hadde god hjelp av foreldre og føresette som sytte for mat og vakthald på ballet. Alle var fint pynta og det verka som om alle kosa seg. På side 5 finn de fleire bilete frå skiskulen Foto: Torill Lunde Børsheim 3

Stølsregistrering I fjella rundt Ulvik ligg det mange stølar, nokon er framleis i bruk, men mange er nedlagde og mange er i ferd med å verta borte. Atter andre er borte, og det er berre tuftene som vitnar om at det ein gong var stølsdrift her. Men me er heldige, for det lever framleis folk som veit kvar desse nedlagde og nedfalne stølane er, sjølv om dei ikkje veit så mykje om korleis det var å støla der. Ulvik Sogelag har difor eit ynskje om å kome i gang med registrering av desse, som ei form for vidareføring av stadnamnprosjektet som no er avslutta. Her vil me presentera nokon av desse nedlagde stølane, slik Torbjørn Øydvin presenterte dei på årsmøtet i Ulvik Sogelag no i mars. Kleppe m/ Kvasshovden bak Taumasete Støl til Bagne og Holkasvik. Sommarstøl. Ligg over skogsgrensa, grensar til Døgersdalen. GPS 89955 / 12460. Oml. 740 m.o.h. Gode fjellbeite. Stend tre gamle tømra stølshus, dei vart restaurerte på 1980 talet. Namnet skal koma av fleire bekkjer som taumar seg saman. Fremst på bilete syner to hus murar, husa her vart tekne av mjødlaskreda. Til v. Fjeldaselet til bnr 34/5, i midten Kariteigselet bnr 34/6 (no33/1) og øvst t.h. Holkasvikselet bnr 35/3. Stølen vart sist bortleigd 1950 åra til geita støl av Tomas Meland. Ligg over skogsgrensa NA for garden. GPS. 89289 / 17996. Oml.700 m. o. h. Vårstøl til Øydve. Dorleg med vatn. Der er to tydelege og to noko uklare husatomter. Ingen i dag kjenner til bruken av stølen. Olstøl (Olastøl) Bolstadstølen med Senhovden bak Truleg støl til Bolstad? Ligg over skogsgrensa. GPS 95661 / 11539. Oml. 880 m.o.h, sørom Senanuten. Dorleg m/ vatn. Her viser ei hustomt og eit træe. Ingen i dag kjenner til bruken av stølen. 4 Truleg støl til Lekve og Syse? Gml. sommarstøl. Ligg over skogsgrensa. omlag 800 m.o.h. aust for Vassdalane under eit berga-lag (esja). Gode beite. Langt etter vatn. Viser tomter etter tre steinbuer, + 4-5 lægje under heldrar. Ingen i dag kjenner til bruken av stølen. Det vart sagt at dei flytte derifrå grunna sniglaplaga! Ta kontakt med Ulvik Sogelag om du vil veta meir om dette prosjektet. For Ulvik Sogelag; Tobjørn Øydvin

Abraham, Lot og Gygrasteinen I fyrste mosebok er undergangen og enden av Sodoma og Gomorra skildra. Når ein er ved Daudehavet, så kan dei som tek hand om oss der, - og då meiner eg tek hand om, - for ingen kan gå der dei vil her eller mange andre stader i Israel utan og verta klemde om eller nær sagt leidde, så får ein altså høyra om denne historiske hendinga. Lot må røma Sodoma: Så let Herren det regna svovel og eld frå Herren, frå himmelen nedover Sodoma.. Alt vart øydelagt. Men på rømingsvegen ut av Sodoma hadde dei fått klar melding om ikkje sjå seg attende. Men kona til Lot kunne ikkje la vera.. Då vart ho til saltstein, seier Skrifta. Og me fekk sjå saltsteinen, og me fekk til og med ta bilete av han. Ho var ikkje akkurat liten og nett denne kona til Lot, menn heller ei diger slegge slik ho tonar fram på stor avstand i øydemarka. Kona mi er ikkje av dei største, men ho vert likevel liten samanlikna med dette rytet av ein kona i saltstein eit godt stykke unna. Eg mintest med ein gong ei anna skrift, nemleg bøkene etter Th. Haukanes. Her er ei kone i stein også skildra. Ho er heller ikkje nett eller småvaksen. Ho og er rett og slett eit ryte. Gygrasteinen vert ho kalla, og er elles omtala fleire stader. Om henne vart det i skrift kalla ei segn, men i Skrifta er det kona åt Lot. (Så spørst det elles om han hadde fleire, eller om det var fleire som snudde seg mot Sodoma for å sjå. Berre eit kort stykke lenger nord er det ein liten hær av slike saltsteinar, kvinner eller menn. Men dei er ikkje omtala i Skrifta.). Det hadde dei nok om det hadde vore ei segn i Ulvik. Ho vert dryg ho av stein heller langt borte. Kona til Lot måtte ha vore litt av ei dros. God Påske! Arne Skjerven tekst og foto Skiskulen på Drevtjørn del 2 Skicross er noko som alle må prøve det gjeld å ha tunga beint i munnen! 5

Tide Buss Vi kan tilby: Erfarne & service innstilte sjåførar. Moderne, komfortable turbussar av høg kvalitet Trygg & punktleg transport Tlf. 56 52 69 80 Ulvik Rekneskapslag P/L Pb. 96, 5731 Ulvik Tel. 56 52 64 80 E-post: rekneskapslaget@ulvik.org Rekneskapsføring for landbruk & andre næringsdrivande. Autorisert installatør Johannes Øydvin Tlf. 56 52 66 08 /95 02 69 46 Fax: 56 52 66 59 Handel & Handverk (Promenadebutikken) Tlf. 56 52 64 47 Godt utval i film, foto og gåveartiklar Røyrleggjar Magne Øydvin v/åge Øydvin Tlf. 56 52 62 84/ 90 92 44 77 Fax: 56 52 64 43 Telefon 56 53 65 47 -Vidaregåande skule i Hardanger med grøn profil- Tilbod hausten 2008: Vg1 Naturbruk -Naturbasert reiseliv NY!! (gjev generell studiekompetanse etter 3 år) For Vg1 å kunne Naturbruk gje ut denne gartnar- avisa / anleggsgartnarfag treng me tre ting: 1. Vg2 Artiklar Landbruk og bilete og gartnarnæring om ting som - med skjer vekt i bygda på gartnarfag 2. Vg2 Annonseinntekter Anleggsgartnar/driftsoperatør idrettsanlegg 3. Vg2 Bladpengar Blomsterdekoratør (friviljug, men alle monnar drar) Vg3 Gartnarnæring Me ber difor bygdefolk og verksemder i Ulvik om å stø - Flytt heimanfrå og prøv internatlivetopp om bladet vårt gjennom å tinga annonsar og gje oss stønad gjennom bladpengane. Søknadsfrist 1.mars sjå www.vigo.no Annonseprisar: For meir informasjon: Ta kontakt med Snorre Bergo Hjeltnes gartnarskule, 5730 Ulvik. Epost: post.hgs@post.hfk.no Bladpengar Telf. 56 53 og 88 gåver: 00 Heimeside 3450.24.02090 : http:\\hgs.hfk.no 6

SKEIE TRE AS Tlf. 56 52 76 00 Mob. 97 54 44 28 e-post: knut.sigurd@skeie-tre.no Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 00 www.ulvik.kommune.no 6 7

BadnaJazz 2010 I høvet BadnaJazz en sitt 10 års jubileum vart elevar frå Brakanes- og Bjørgum Skule invitert til å vera med å lage konsert i lag med Side Brok. I januar fekk skulane vitjing av Runar Gudnassson alias Sjef R, og frå midten av januar til midten av mars gjekk epostane med tekstar og lyd filar fram og tilbake mellom Sjefen og elevane. Øvinga og ventinga gav resultat og sundag morgon var dei klare for generalprøve og konsert. Det var venta eit publikum på om lag 650, men dei trudde vel ikkje heilt på oss før dei så alle stolane som vart sett inn, og køen som etter kvart vaks utanfor døra og opp trappa. Og bak scenen steig temperaturen i takt med lengda på køen. No var det like før! Og så synte kalenderen plutseleg 26. mars og det var tid for å reisa til Voss og dei fyrste prøvane. 10 elevar frå 8.-10. klasse og 2 vaksne tok rutebussen til Bjørgum og traska opp bakkane til Bjørgum Skule, der Sjef R og resten av musikarane i Side Brok venta i lag med elevane frå Bjørgum Skule. No var det alvor. Tekstar vart fordelte og sjølv dei som i utgangspunktet hadde både mikrofon og sceneskrekk fekk sitt å gjera, og så var det øving, øving og atter øving, i spedd venting, venting og meir venting. Aldri hadde dei trudd at det skulle vera så mykje venting Som den gode leiar han er, samla Sjef R troppane og gav dei nokon gode og velvalde ord før han entra scenen i lag med dei fyrste og fekk heile salen til å ropa Å-Å så det ljoma. For skribenten som jobba i lag med dei heile helga er det berre å seia det var stort å sjå dei gå på scena, ein etter ein, for å gjera den jobben dei hadde fått tildelt om lag 52 timar tidlegare og som dei meistra med glans, og det er framleis stort å tenkje på at dei har gjort det. Til dykk som var med vil eg seia: Ver stolte av det de gjorde! Og til oss andre: Ver stolte av ungdomen vår dei kan om dei får sjansen. Så er det berre å kryssa fingrane og vona på at me får sjå dei på scenen i lag med Sjef R og Side Brok igjen om ikkje alt for lengje. Tekst: Anne-Marie Øydvin Foto: Katrin Oppheim 8 Ynskjer med dette alle lesarane av Gluggen ei retteleg God Påske med von om at du, midt i din travle kvardag, kan finna tid og rom til å nyta den fantastiske årstida som me no går inn i. Anne-Marie Øydvin