MØTE PROTOKOLL Organ Fylkesrådet for eldre Møtestad Fylkeshuset Leikanger Møtedato 01.06.2017 Kl. 10:00 15.00 Faste medlemer til stades: Harald Ekroll, Kristoffer Skjolden, Anna Sofia Skaar, Aud Karin Netland, Henrik Oppen Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte - og talerett: Sekretariat for møtet: Anne - Kjersti Stavø Stenehjem Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møteprotokoll frå 7. februar vart godkjend utan merknader. Helse - og sosialsjef i Lærdal kommune, Arne Johansen, orienterte i starten av møte om prøveprosjektet ekstra måltid på Lærdal bu - og omsorgsheim, og korleis dette har påverka nattesøvnen til bebuarane på ein positiv måte. Fylgjande skriv vart lagde fram til orientering: Meldesak 1) Fråsegn frå Hordaland fylkeskommune TEK 17 Direktoratet for byggkvalitet arbeider på oppdrag frå Kommunal - og moderniseringsdepartementet med ein gjennomgang av byggteknisk forskrift (TEK 10). Formålet er å forenkle og forbetre byggereglane og redusere byggekostnadane. Hordaland fylkeskommune har sendt inn fråsegn til høyringa om TEK 17. Høyringsfristen var 10. februar 2017. Teke til orientering Meldesak 2) Svar frå KS om høyring om nasjonal ordning for oppbevaring av pasientjournalar ved overdraging og opphøyr av verksemd Helse - og omsorgsdepartementet sendte på høyring forslag om etablering av ei nasjonal ordning for oppbevaring av pasientjournalar ved overdraging og opphøyr av verksemd. KS støttar forslaget om avlevering til den nasjonale ordninga. Heile høyringsuttalen f rå KS er vedlagt. Teke til orientering
Meldesak 3) Innspel til økonomiplan frå fylkesrådet for eldre Fylkesrådet for eldre sende 5. april 2017 fyljande innspel til økonomiplanen 2018-2021: I alt plan - og omstillingsarbeid må det leggast vekt på at dei mest sårbare gruppene ikkje vert spesielt hardt råka Folkehelseperspektivet må ha høgt fokus. Det må leggast til rette for å ta gode val og styrke folkehelsa I planarbeidet med nye fylkesvegar må det også planleggast gang/sykkelvegar. Busst opp må utformast universelt og det er framleis ein del eksisterande stopp som er direkte trafikkfarleg plassert og må byggast om eller flyttast Rassikringstiltak må ha høg prioritet for å gjere kvardagen betre for brukarane Ved ruteendringar eller rutekutt vert som regel utkantane råka. For å kompensere for problema som oppstår, må serviceskyssen byggast vidare ut for å kompensere for bortfall av ruter. Det må vurderast å innføre ei ordning med «bestillingsskyss». Mange i utkantane har problem med å knytte seg til ekspressruter grunna mangel på tilførselsruter. Ei ordning med «bestillingsskyss» kan løyse slike problem Vere ute i god tid med planlegging av Vestlandskonferansen, kor den skal vere og innspel til tema. Meldesak 4) Resolusjon frå P ensjonistforbundet Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane har på sitt årsmøte vedteke ein resolusjon om at eldreråda må få betre arbeidsvilkår. Eldreråda har rett til å uttale seg i saker som vedkjem dei eldre, dei skal få sakene i god tid og dei har krav på god, stabil og kva lifisert sekretærhjelp. Fylkesrådet for eldre v iser til uttalen frå Pensjonistforbundet, og understreker at dette vert fø lgt opp, og viser spesielt til punktet om opplæring. Meldesak 5) Fråsegn frå fylkesrådet for eldre til Naustdal kommun e Fylkesrådet for eldre sende fylgjande uttale på e - post 11. mai 2017: Fylkesrådet for eldre har fylgjande uttale til høyringa om forskrift om rett til sjukeheimsplass: Fylkesrådet for eldre er positive til at Naustdal kommune vedtek retningslinjer for korleis kommunen skal handtere spørsmål kring ventelister for langtidsopphald. Det er viktig at pasientar og brukarar på ventelister vert vurdert fortløpande, då sjukdomsbiletet ofte endrar seg raskt i desse aldersgruppene. Det må vere ei vurdering av alle brukarar som er innanfor kriteria når plassar skal tildelast. Ventelister og vurderingsprosessar må heile tida vere «levande» opp mot den enkelte brukaren sin helsetilstand og behov for omsorgstenester. Dei som er kvalifi sert til langtidsopphald på sjukeheim, bør få plass på sjukeheim straks. Det bør òg vurderast i kva grad kommunen nyttar omsorgsbustader med heildøgnstilsyn, opp mot tilbod om fullverdige sjukeheimsplassar. Sjølv om omsorgsbustader med heildøgnstilsyn er eit godt og rett tilbod for mange, må kommunen ha tilstrekkeleg tal sjukeheimsplassar utfrå normtal for dette, for å gje eit godt nok samla tilbod til brukarane. Meldesak 6) Oppsummering og informasjon frå studietur til Danmark 3. 7. april Medlemmen e i fylkesrådet for eldre (med unntak av Henrik), var på studietur til Danmark. Medlemmene som var på tur, har laga eit utkast til rapport frå studieturen no i etterkant. Lærerik og interessant studietur. Sekretariat justerer på teksten og layout, før rapporten vert lagt ut på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Rapporten vert i tillegg sendt til fylkesrådmannen og fylkesråda i Hordaland og Rogaland. Side 2 av 7
Meldesak 7) Oppsummering og informasjon frå landskonferanse i Ålesund 22. 24. mai Harald og Anna var på landskonferansen i Ålesund, og Harald informerte om tema som hadde vore på landskonferansen. Harald har sendt ut presentasjonane frå landskonferansen til dei andre medlemmene i fylkesrådet. Landskonferansen i 2018, vert i Tromsø. Meldesak 8) Opprop frå råd for eldre og funksjonshemma i Selje Rådet for eldre og funksjonshemma i Selje krev at myndigheite ne snarleg syter for at nettleig a vert lik, ua nsett kva område straumbrukarane bur i. Teke til orientering Meldesak 9) Skriv frå Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane om Pasientreiser Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane vedtok i styremøte 15. april eit skriv i tilknyting til dei nye forskriftene for refusjon av Pasientreiser. Pensjonistforbundet har ynskje om at fylkesrådet for eldre og dei kommunale eldreråda tek saka vidare i sitt arbeid. Fylkesrådet for eldre støttar kravet frå Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane, og sender uttalen til dei same institusjonane som Pensjonistforbundet. Meldesak 10) Uttale frå Fagforbundet sin konferanse for p ensjonist og uføretillitsvald e Fagforbundet sin pensjonisti l l istvald konferanse har sendt utt ale til N AV, der dei krev at N AV etablerer ei ordning der dei som har bruk for det, kan få hjelp og rettleiing til å fylle ut skjema og reiserekningar for refusjon av pasientre iser. Teke til orientering. Meldesak 11) Ymse Vestlandskonferansen - Det vart fremja forslag om Loen som aktuell stad for konferansen, og at velferdsteknologi kan vere eit aktuelt tema. Sekretariatet sender førespurnad til dei andre fy lkesråda om dei har innspel til tema til neste års Vestlandskonferanse. Førespurnad frå Balestrand kommune om informasjon om arbeidsoppgåver og fagområder til kommunale råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. S ekretariat høyrer med l eiar i fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne, om han har høve til å orientere til det kommunale rådet i Balestrand. Side 3 av 7
SAK 5 / 17 Manglande gateadresser - frå eldrerådet i Sogndal Fylgjande uttale vart skriven i møte : Fylkesrådet for eldre viser til brev frå eldrerådet i Sogndal kommune, om manglande gateadresser i Sogndal kommune. Fylkesrådet meiner dette er eit viktig arbeid for kommunen å prioritere, sidan ei presis adresse er ein føresetnad for at ambulanse og andre utrykkingskøyretøy skal kunne finne fram raskt. Fylkesrådet for eldre viser til brev frå eldrerådet i Sogndal kommune, om manglande gateadresser i Sogndal kommune. Fylkesrådet meiner dette er eit viktig arbeid for kommunen å prioritere, sidan ei presis adresse er ein føresetnad for at ambulanse og andre utrykkingskøyretøy skal kunne finne fram raskt. Side 4 av 7
SAK 6/17 Kollektivtrafikk - fylkesrådet for eldre Uttale frå fylkesrådet for eldre etter orienteringa frå samferdsleavdelinga: Fylkesrådet for eldre meinte det var nyttig med orienteringa frå samferdsleavdelinga. Fylkesrådet har fått ei anna oppfatning av kva påverknad samferdsleavdelinga har på rute ne rundt om i fylket. Dei kommersielle selskapa styrer seg sjølv på fylkeskryssande ruter, slik at det kun er på ruter innad i fylket at samferdsleavdelinga har påverknad på tilbodet til reisande i fylket (plassgaranti innan fylket, lik takst, overgang etc.) Fylkesrådet ser òg positivt på signala om at serviceskyssen vil kome på plass i alle kommunane i fylket. Uttale frå fylkesrådet for eldre etter orienteringa frå samferdsleavdelinga: Fylkesrådet for eldre meinte det var nyttig med orienteringa frå samferdsleavdelinga. Fylkesrådet har fått ei anna oppfatning av kva påverknad samferdsleavdelinga har på rutene rundt om i fylket. Dei kommersielle selskapa styrer seg sjølv på fylkeskryssand e ruter, slik at det kun er på ruter innad i fylket at samferdsleavdelinga har påverknad på tilbodet til reisande i fylket (plassgaranti innan fylket, lik takst, overgang etc.) Fylkesrådet ser òg positivt på signala om at serviceskyssen vil kome på plas s i alle kommunane i fylket. SAK 7 / 17 Høyringsutkast frå Gaular kommune. Forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagt for heildøgnstenester Fylgjande uttale vart skrive i møte : Fylkesrådet for eldre har fylgjande uttale til høyringa om forskrift om rett til sjukeheimsplass: Fylkesrådet for e ldre er positive til at Gaular kommune vedtek retningslinjer for korleis kommunen skal handtere spørsmål kring ventelister for langtidsopphald. Det er viktig at pasientar og brukarar på ventelister vert vurdert fortløpande, då sjukdomsbiletet ofte endrar seg raskt i desse aldersgruppene. Det må vere ei vurdering av alle brukarar som er innanfor kriteria når plassar skal tildelast. Ventelister og vurderingsprosessar må heile tida vere «levande» opp mot den enkelte brukaren sin helsetilstand og behov for omsorgstenester. Dei som er kvalifisert til langtidsopphald på sjukeheim, bør få plass på sjukeheim straks. Side 5 av 7
Det bør òg vurderast i kva grad kommunen nyttar omsorgsbustader med heildøgnstilsyn, opp mot tilbod om fullverdige sjukeheimsplassar. Sjølv om omsorgsbustader med heildøgnstilsyn er eit godt og rett tilbod for mange, må kommun en ha tilstrekkeleg tal sjukeheimsplassar utfrå normtal for dette, for å gje eit godt nok samla tilbod til brukarane. Fylkesrådet for eldre har fylgjande uttale til høyringa om forskrift om rett t il sjukeheimsplass: Fylkesrådet for eldre er positive til at Gaular kommune vedtek retningslinjer for korleis kommunen skal handtere spørsmål kring ventelister for langtidsopphald. Det er viktig at pasientar og brukarar på ventelister vert vurdert for tløpande, då sjukdomsbiletet ofte endrar seg raskt i desse aldersgruppene. Det må vere ei vurdering av alle brukarar som er innanfor kriteria når plassar skal tildelast. Ventelister og vurderingsprosessar må heile tida vere «levande» opp mot den enkelte br ukaren sin helsetilstand og behov for omsorgstenester. Dei som er kvalifisert til langtidsopphald på sjukeheim, bør få plass på sjukeheim straks. Det bør òg vurderast i kva grad kommunen nyttar omsorgsbustader med heildøgnstilsyn, opp mot tilbod om fullverdige sjukeheimsplassar. Sjølv om omsorgsbustader med heildøgnstilsyn er eit godt og rett tilbod for mange, må kommunen ha tilstrekkeleg tal sjukeh eimsplassar utfrå normtal for dette, for å gje eit godt nok samla tilbod til brukarane. SAK 8 / 17 Skriv og melding fylkesrådet for eldre 1. juni 2017 Frå sekretariat låg det føre slik t ilråding til vedtak: 1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande 2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak 1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande 2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak Side 6 av 7
Side 7 av 7