Fokus på førebyggjande samfunnstryggleik Førebyggjande samfunnstryggleik, gjennom m.a. arealplanlegging er vektlagt av regjeringa. Tre personar jobbar med samfunnstryggleik i plan hos Fylkesmannen Renate Frøyen Jon Erik Eik Trygve Winter-Hjelm
Blå: Trygve Winter-Hjelm Gul: Renate Frøyen Grøn: Jon Erik Eik Smøla Aure Kristiansund Halsa Rindal Fræna Eide Averøy Gjemnes Tingvoll Surnadal Sandøy Aukra Molde Haram Midsund Nesset Giske Vestnes Sunndal Ålesund Skodje Ørskog Rauma Sula Herøy Ulstein Hareid Ørsta Sykkylven Stordal Norddal Sande Stranda Vanylven Volda
I dag Norsk klimaservicesenter har publisert ein klimaprofil for Møre og Romsdal Nye rettleiarar frå DSB Samfunnstryggleik i kommunal planlegging Havnivåstiging og stormflod Tryggleik rundt storulukkesverksemder Litt om: Samfunnstryggleik i kommuneplanen sin arealdel Samfunnstryggleik i dispensasjonssaker
Klimaprofil Møre og Romsdal Klimaprofilen gjev eit kortfatta samandrag av klimaet, venta klimaendringar og klimautfordringar i Møre og Romsdal. Meint som kunnskapsgrunnlag og hjelpemiddel til m.a. planleggjarar. Funn for Møre og Romsdal: Klimaendringane vil i Møre og Romsdal særleg leie til behov for tilpassing med tanke på kraftig nedbør; Auka problem med overvatn Havnivåstiging (og stormflod) Flaum Skred
Samfunnstryggleik i arealplanlegging Rettleiar frå direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB, 2017) Introduserer ein metode for risiko- og sårbarheitsanalyse i planlegginga Erstattar tidlegare rettleiarar for samfunnstryggleik i plan- og bygningslova Rettleiaren skal: Tydeleggjere kommunane som lokal samfunnstryggleiksmynde Rettleie om krava til samfunnstryggleik i plan- og bygningslova Betre ROS-analysar som kunnskapsgrunnlag for å ivareta samfunnstryggleik i planlegginga
Kommunen sine pliktar Som planmynde følgjer kommunen opp samfunnstryggleik ved å utarbeide planar, stille krav, rettleie og følgje opp planforslag. Kommunen skal sjå til at planar sikrar samfunnstryggleik Ved planar for utbygging skal kommunen sikre at det gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse, jf. pbl. 4-3 Kommunen bør stille kvalitetskrav til denne Kommunen må gjere utbyggjar/tiltakshavar kjent med krav og retningsliner for å ivareta samfunnstryggleik Kommunen skal sjå til at tiltak i planen er tilstrekkelege for å ivareta samfunnstryggleik
Innhald Kapittel 3: Krav til ROS-analysen Kapittel 4: Metode for ROSanalyse i arealplanlegging Kapittel 5: Oppfølging av analysen gjennom planverktøy (arealføremål, omsynssone, føresegn o.l.) Vedlegg 2: Oversyn over kjelder til informasjon Vedlegg 3 og 4: Heimel for fagspesifikke krav til tryggleik, risiko og sårbarheit Litteraturlista er alltid nyttig for den som vil vite meir
Havnivåstiging og stormflod Gjev råd om korleis kommunen kan gå fram for å skaffe oversyn over risiko og sårbarheit knytt til havnivåstiging og stormflod. Ei stor forbetring er at gjentaksintervalla for stormflod er tilpassa krava i byggteknisk forskrift (TEK10). Tryggleiksklassar, TEK10 og stormflod TEK10 7-2 første ledd utbyggingsområdet skal vere trygt mot stormflod Det er ikkje ei løysing å sikre eller tilpasse tiltaket slik at det toler overfløyming TEK10 7-2 andre ledd tre tryggleiksklassar for stormflod Tryggleiksklasse F1 tiltak med liten konsekvens skal stå tilstrekkeleg trygt mot 20-årsstormflod Tryggleiksklasse F2 - tiltak med middels konsekvens skal stå tilstrekkeleg trygt mot 200-årsstormflod Tryggleiksklasse F3 - tiltak med stor konsekvens skal stå tilstrekkeleg trygt mot 1000-årsstormflod
Vedlegg 2 i rettleiaren gjev stormflodtal og havnivåstiging, inkludert tilrådd havnivåstiging for kommunar. OBS: utrekningsmetoden inkluderer ikkje tal for vind- og bølgjepåslag. Dette må derfor leggast til etter ei lokal vurdering av området. Døme: Hareid kommune Tryggleiksklasse F1: 170 cm (middelverdi) for 20-års returnivå + 75 cm havnivåstiging (klimapåslag) 5 cm (kartgrunnlag NN2000) = 240 cm (rundast av til 240 cm) + påslag for vind- og bølgjepåverknad Tryggleiksklasse F2: 188 cm (middelverdi) for 200-års returnivå + 75 cm havnivåstiging (klimapåslag) 5 cm (kartgrunnlag NN2000) = 258 cm (rundast av til 260 cm) + påslag for vind- og bølgjepåverknad Tryggleiksklasse F3: 198 cm (middelverdi) for 100-års returnivå + 75 cm havnivåstiging (klimapåslag) 5 cm (kartgrunnlag NN2000) = 268 cm (rundast av til 270 cm) + påslag for vind- og bølgjepåverknad
Kva med tiltak som naust (F1)? Må ein plassere det på kote 2,4 + påslag for bølgjepåverknad?
TEK10 7-2 opnar for at der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre bygg mot stormflod, kan ein utforme og dimensjonere bygg slik at det toler overfløyming. Til dømes. Naust skal plasserast mellom kote 1,5 og 3. Naust skal utformast og dimensjonerast til å tole overfløyming og bølgjepåverknad opp til kote 2,7.
Tryggleik rundt storulukkesverksemder God arealplanlegging er eit viktig verkemiddel for å hindre storulukker. Rettleiaren peikar på korleis planleggjarar kan bruke verkemidlane i pbl. til å sikre sameksistens mellom storulukkesverksemder og anna aktivitet. Skal vere ein praktisk rettleiar retta mot kommunale planleggjarar
Tre typar problemstillingar/prosessar er spesielt omtala Korleis oppretthalde forsvarleg avstand til innbyggjarar rundt storulukkesverksemder Nye tiltak (endringar) i omgjevnadane rundt storulukkesverksemder Etablering av ny storulukkesverksemd og nye tiltak (endringar) i storulukkesverksemder
Eksplosjon på West Fertilizer Company, Texas
Mogleg årsak: Brann leia til detonasjon av ammoniumnitratgjødsel 15 menneske drepe, over 160 skada Meir enn 150 bygg øydelagt/skada, inkludert pleieheim, skuler, bustadar, leikeplass Gransking avslørte (m.a.): Dårleg kunnskap og manglande planlegging m.a. ingen medviten tanke rundt behov for omsynssoner
Kartlegging og vurdering av storulukkesrisiko Det er tre viktige informasjonskjelder for kartlegging av mogleg storulukkesrisiko Heilskapleg ROS-analyse Kartlegging av verksemdsrisiko Informasjon frå DSB Kommunane får tilgang til FAST anlegg og kart Frå verksemda Eigne risikovurderingar
Omsynssoner rundt anlegg
Døme frå Ålesund
Samfunnstryggleik i plan Fokus på samfunnstryggleik i kommuneplanen sin arealdel og i dispensasjonssaker. Her ser vi at det er ein del ting som går igjen i planane vi får til ettersyn. Men først ein (naudsynt?) avklaring
ROS-analysar Kva er skilnaden på heilskapleg ROS-analyse og overordna ROS-analyse knytt til kommuneplanen sin arealdel? Sivilbeskyttelseslova stiller krav til heilskapleg ROS-analyse Alle uønskte hendingar som kan oppstå i kommunen som geografisk område Forskrift om kommunal beredskapsplikt stiller minimumskrav til analysen sitt innhald Skal ligge til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik, inkludert utarbeiding av planar Er ikkje berre knytt til areal men kan gje nyttige innspel til ROS-analysen knytt til kommuneplanen sin arealdel Plan- og bygningslova stiller i 4-3 krav til ROS-analyse for planområdet «Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er egnet til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følge av planlagt utbygging.»
Gode råd til ivaretaking av samfunnstryggleik i kommuneplanen sin arealdel Kommunen bør i forkant av arealplanlegging vere kjent med om det føreligg risiko- og sårbarheitsforhold som kan ha følgjer for arealbruken. Fylkesmannen tilrår at kommunen utarbeidar ein ROS-analyse på oversiktsnivå for heile kommunen sitt areal, og nyttar analysen som eit grunnlagsdokument før ein startar arealplanlegginga. Vurdere om uønskte hendingar kan ha verknad på både eksisterande og framtidig arealbruk.
Nytt heilskapleg ROS-analyse her kan ein finne relevante tema, vurderingar, funn, tiltak som skal følgjast opp osb. Funn gjort i ROS-analysen skal følgjast opp! Omsynssoner i plankart Planføresegner Synleggjer ROS-analysen sine konsekvensar for arealdelen (gjerne som eige kapittel) Kva tiltak må gjennomførast og korleis? Kartfest det som kan kartfestast
Samfunnstryggleik i dispensasjonsaker Kommunen har eit særskilt ansvar for å ta omsyn til tryggleik i arealplanlegging og handsaming av byggjesaker. Spesielt relevant er 28-1 i plan- og bygningslova. 28-1 gjeld: Alle typar tiltak òg dei som er unntatt krav om søknad Tiltak på bygg i etablerte byggjeområde Uavhengig av om området er regulert eller uregulert Kan overstyre plan og gjev sjølvstendig heimel til å avslå tiltak eller påleggje sikringstiltak
Kommunen er plikta til å vurdere pbl. 28-1 fyrste ledd når dei får inn søknad om tiltak Om kommunen har konkret kunnskap om fare eller ulempe som er omfatta av 28-1, skal dei krevje sikringstiltak, eller avslå søknad om løyve dersom sikring ikkje er mogleg Tiltakshavar har ansvar for å dokumentere tilstrekkeleg tryggleik. Det er ikkje høve til å sjå vekk frå eller dispensere frå kravet til dokumentasjon TEK10 kapittel 7 stiller krav til tryggleik mot skred, flaum og stormflod. Før det eventuelt blir gitt eit positivt vedtak om dispensasjon, må kommunen vere trygg på at tiltaka oppfyller krava til tryggleik i TEK10.
Fylkesmannen sin heimeside Under fana «samfunnstryggleik og beredskap» hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin heimeside står det mykje om samfunnstryggleik i plan Risiko- og sårbarheitsanalyse i plan- og bygningslova Samfunnstryggleik i kommuneplanen samfunnsdel og arealdel Samfunnstryggleik i reguleringsplanar Samfunnstryggleik i dispensasjonar Sjekkliste som kan nyttast i mindre planar/dispensasjonar Klimatilpassing i plan Fjellskred (med påfølgjande flodbølgje) og arealplanlegging Vi er her for å hjelpe og rettleie. Ta berre kontakt om det er noko de lurar på!