10.08.2017 2015/5071/FMMRTHAU/461.5 Saksbehandler, innvalgstelefon Deres dato Deres ref. Overingeniør Thomas Aurdal, 71 25 84 67 Vår dato Vår ref. Giske kommune Rådhuset, Valderhaug 4 6050 VALDERØY Giske kommune - Vedtak om endring av løyve til mudring ved Alnes Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ferdigbehandla søknaden frå Sjøentreprenøren AS om endring av vilkår i mudringsløyvet for Alnes havn. Vilkåra i løyvet blir endra på fleire punkt. Løyvet vil framleis vere gyldig til 31.12.2017. Vi varslar at det vil bli vedtatt eit gebyr på kr 5 900 for behandlinga av endringssøknaden. Vi viser til e-post av 10.08.2017 frå Sjøentreprenøren AS, til vårt løyve av 16.11.2015 til mudring i Alnes hamn, og til anna korrespondanse i saka. Bakgrunn Giske kommune fekk 16.11.2015 løyve til mudring i hamna i Alnes i tilknyting til nedlegging av ei avlaupsleiing. Ei undersøking utført av COWI AS viste at sjøbotnen i tiltaksområdet stadvis var forureina opp til tilstandsklasse IV med koppar og V med TBT, jf. rettleiaren TA- 2229/2007 frå Miljødirektoratet. Konsulenten anbefalte at dei mest forureina sedimenta skulle takast opp på land og leverast til eit deponi, og at arbeidet skulle utførast med siltgardin for å hindre spreiing. Fylkesmannen påla dette som avbøtande tiltak i løyvet. I ein e-post av 10.08.2017 søkte Sjøentreprenøren AS om få å nytte alternative metodar til dei pålagte for å handsame sedimenta og unngå spreiing. Fylkesmannens vurderingar Forureiningslova 18 første opnar for at forureiningsmyndigheita kan endre eit løyve til forureinande tiltak dersom ulike forutsetningar er til stade. Entreprenøren skriv i e-posten av 10. august at opptak av dei forureina massane, som pålagt i løyvet, medfører ein betydeleg risiko for at miljøgifter spreiar seg i vassmassane når sedimenta fraktast oppover i vassøyla. Som ein alternativ metode til opptak ynskjer entreprenøren å nytte ein miljøgrabb til å legge massane forsiktig til sida (flipp-floppmudring) slik at det ikkje blir naudsynt å løfte dei høgt opp i vassøyla. Nokre plassar vil det truleg vere større steinar som må fjernast med graveskuffe fordi miljøgrabben ikkje får fatt på dei. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Organisasjonsnr.: 974 764 067
side 2 av 3 Fylkesmannen meiner at metoden entreprenøren foreslår kan vere eit godt alternativ til opptak av massane. Vi går derfor vekk ifrå kravet om opptak av massane, men det forutsett at arbeidet utførast med fokus på skånsam handsaming. Entreprenøren meiner bølgje- og straumtilhøva i tiltaksområdet vil gjere det vanskeleg å halde ei siltgardin nede på botnen. Fordi tiltaket no berre vil omfatte handsaming av sediment ved botnen, og ikkje lenger opp i vassøyla, meiner dei at det ikkje vil vere hensiktsmessig å nytte siltgardin. Fylkesmannen sluttar seg i det vesentlegaste til denne vurderinga, og finn at vi kan gå vekk ifrå kravet om siltgardin. Vedtak Fylkesmannen i Møre og Romsdal endrar med medhald i forureiningslova 18 første ledd nr. 4 løyve nr. 2015.0779.T for Giske kommune til mudring i hamna i Alnes. Løyvet er endra på dei følgjande punkta: Vilkår 4.2 er utvida slik at det no stillast konkrete krav til undersjøisk massehandsaming basert på skildringa i endringssøknaden. Vilkår 4.3 med krav om opptak og deponering av massar er fjerna. Vilkår 4.4 med krav om siltgardin er fjerna. Vilkår 4.5 med krav til handsaminga av massar som takast opp er fjerna. Vilkår 5.1 og 5.2 om loggføring og overvaking er endra slik at dei er tilpassa den nye metoden. I vilkår 6.1 er det satt ein frist til 31.12.2017 for å gjennomføre registrering av målingar i databasen Vannmiljø. Endra løyve følgjer vedlagt dette brevet. Klagemoglegheiter Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet etter reglane i kapittel VI i forvaltningslova, av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker frå avgjerda er motteke. Ei eventuell klage skal angi kva det klagast over og den eller dei endringar som ynskjast. Klagen skal grunngjevast, og opplysningar som kan ha innverknad på saka bør nemnast. Dersom vedtaket klagast på, kan Fylkesmannen eller Miljødirektoratet etter førespurnad vedta at vedtaket ikkje skal tre i kraft før klaga er endeleg avgjort, jf. 42 i forvaltningslova. Klaga skal sendast via Fylkesmannen. Ei eventuell klage fører ikkje automatisk til at iverksettinga av vedtaket vert utsett. Fylkesmannen eller Miljødirektoratet kan etter oppmoding eller av eiget initiativ avgjere at vedtaket ikkje skal settast i verk før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Avgjerda av spørsmålet om igangsetting kan ikkje klagast på. Varsel om gebyr Vi varslar at det vil bli vedtatt eit gebyr for behandlinga av søknaden, jf. forskrift om begrensning av forurensning av 01.06.2004 kapittel 39 om gebyr til statskassa for arbeid
side 3 av 3 med løyve og kontroll etter forureiningslova, og at tiltaket vil bli plassert under gebyrsats 8, jf. forureiningsforskrifta 39-4. Det inneber at kommunen skal betale eit gebyr på kr 5 900. Vedtak om gebyr vil bli fatta før vi sender ut fakturaen, og vedtaket vil kunne klagast på. Ressursbruk knytt til saksbehandlinga er lagt til grunn ved fastsettinga av gebyrsats. Dette inkluderer gjennomgang av søknaden, korrespondanse med søkjaren, og endeleg ferdigstilling av løyvet. Innsats frå andre fagpersonar hos Fylkesmannen inngår også. Eventuelle kommentarar til varselet om gebyr må sendast til Fylkesmannen innan 2 veker. Fristar Løyvet er framleis gyldig til 31.12.2017 Måledata må registrerast i databasen Vannmiljø innan 31.12.2017. Ein sluttrapport skal sendast til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er utført. Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Thomas Aurdal Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Vedlegg: Endra løyve til mudring
Løyve til mudring ved hamna i Alnes for Giske kommune Løyvet er gitt i medhald av lov av 13.3.1981 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) 11 og i medhald av forskrift av 01.06.2004 om reduksjon av forureining (forureiningsforskrifta) 22-6. Det er satt vilkår etter forureiningslova 16. Løyvet til utfylling kan ikkje nyttast før tiltaket også har vorte klarert etter plan- og bygningslova, hamne- og farvasslova og kulturminnelova. Løyvet er gyldig frå dags dato til 31.12.2017. Tiltakshavar må på førehand avklare skriftleg med Fylkesmannen i Møre og Romsdal endringar den ynskjer å foreta i forhold til opplysningar gitt i søknaden eller under sakshandsaminga, som kan ha innverknad på miljøet. Bedriftsdata: Bedrift Giske kommune Beliggenhet/gateadresse Valderhaug 4, 6050 Valderøya Postadresse Valderhaug 4, 6050 Valderøya Organisasjonsnummer (bedrift) 964 980 721 Lokalitet for tiltaket Hamna ved Alnes på Godøya Euref 89, UTM sone 32 for tiltaket nord: 6931976 øst: 344260 Gards- og bruksnummer for tiltaket Gnr. 126 bnr. 6, 108, 168, 169, 170, 171, 172 og 245 Kommune tiltaket utføres i Giske Saksnummer Anleggsnummer Løyvenummer 2015/5071 1532.0045.01 2015.0779.T Løyve gitt: 16.11.2015 Endringsnummer: 1 Sist endra: 10.08.2017 Anne Melbø fagansvarleg Thomas Aurdal overingeniør Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.
1. Virkeområde for løyvet Løyvet omfattar mudring av om lag 400 m 3 sediment over eit areal på om lag 400 m 2 i tilknyting til legging av ei utløpsleiing. Det skal mudrast ned til eit djup på om lag 1,5 m i sedimenta. 2. Generelle vilkår 2.1 Tiltaket må gjennomførast som angitt i endringssøknaden av 10.08.2017 dersom ikkje noko anna går fram av løyvet eller andre vedtak, eller på annan måte er avklart med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 2.2 Vilkåra til forureiningsmyndigheta skal ikkje vere til hinder for at andre myndigheter kan stille krav med heimel i anna lovgiving. 2.3 Tiltakshavar er ansvarleg for at vilkåra i løyvet vert overhaldt. Tiltakshavar plikter å orientere dei som skal gjennomføre tiltaket om dei vilkår som gjeld, samt dei restriksjonane som er lagt på arbeidet. 2.4 Forureiningsmyndigheta, eller den dei gjev myndighet, skal til ei kvar tid kunne kome inn på området for inspeksjon. 2.5 Fylkesmannen kan oppheve eller endre vilkåra i løyvet, sette nye vilkår, og om dersom det er naudsynt trekke tilbake løyvet, dersom vilkår gitt etter forureiningslova 18 er til stades. Fylkesmannen har på same grunnlag rett til, på eit kvart tidspunkt, å stoppe arbeidet. 2.6 Dersom det viser seg at dei miljøbeskyttande tiltaka som vert skildra i løyvet ikkje har den tilsikta effekten, kan den ansvarlege med ein gong verte pålagt å sette i gang ytterlegare tiltak. 2.7 Ved mistanke om eventuelle funn av kulturminne undervegs i arbeidet skal arbeidet stansast og sjøfartsmuseet i Bergen kontaktast. 2.8 Fylkesmannen skal gjevast beskjed når arbeidet med utfylling startast opp.
3. Internkontroll, beredskap og varsling 3.1 Tiltakshavar skal utan opphald varsle Fylkesmannen om alle unormale forhold som har, eller kan få innverknad på forureiningssituasjonen. 3.2 Tiltakshavar plikter å ha eit oppdatert internkontrollsystem, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) av 6. desember 1996. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda overheld krava i løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrift til desse lovene. 3.3 Tiltakshavar plikter å gjennomføre tiltak for å unngå, eventuelt redusere, risikoen for akutte utslepp frå all verksemd knytt til dette tiltaket. Slike tiltak skal vere basert på ein systematisk gjennomgang av alle element i tiltaksaktiviteten. 3.4 Den ansvarlege skal ha ein nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og redusere verknaden av akutt forureining for all verksemd, jf. forureiningslova 40. Beredskapen til den ansvarlege skal stå i et rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Beredskapsplikten omfattar også utstyr og kompetanse til å fjerne og redusere verknaden av ei eventuell forureining. 3.5 Ved akutt forureining eller fare for akutt forureining som følgje av verksemda, skal den ansvarlege varsle i tråd med forskrift av 09.07.1992 om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Melding om akutt forureining gjerast til brannvesenet, telefon: 110. Kystverket har 24 timer med vaktberedskap (telefon 07847) og får meldingar frå brannvesenet om akutt forureining 4. Mudring av massar 4.1 Mudringa skal utførast i tråd med avgrensa område som vist i kartvedlegget til søknaden. 4.2 Det skal nyttast mudringsmetodar som minimerer faren for spreiing av forureina sediment. Det inneber at massane må handsamast i tråd med skildringa i endringssøknaden frå Sjøentreprenøren AS av 10.08.2017 («flipp-flopp-mudring»). Miljøgrabb skal nyttast under handsaminga, med unntak av eventuelle plassar der større steinar eller liknande tilhøve gjer dette vanskeleg. Massane må leggast skånsamt til sida, og ikkje løftast høgare opp i vassøyla enn naudsynt.
4.3 Tiltaket skal utførast under rolege vind- og bølgjeforhold slik at ein unngår uheldig spreiing av partiklar. 4.4 Mudringa skal utførast utanom sumarsesongen (15. mai til 15. september) så sant dette er praktisk mogleg. 5. Loggføring og overvaking av arbeidet 5.1 Under tiltaksarbeidet må vatnet haldast under oppsikt med fokus på å avdekke uakseptabel oppvirvling og spreiing. Dersom ein kan sjå teikn til kraftig oppvirvling i vassmassane, må arbeidet stansast til vatnet er klarare igjen. Spesielt viktig er det å unngå spreiing ut frå det moloavgrensa området. 5.2 Det skal førast ein enkel logg over arbeidet. Loggen må innehalde eventuelle uheldige hendingar, som episodar der det blir observert stor oppvirvling. Loggen skal vere tilgjengeleg ved eventuelle tilsyn. 6. Rapportering 6.1 Målingar av den kjemiske tilstanda i sedimenta skal registrerast i databasen Vannmiljø. Data skal leverast på Vannmiljøs importformat. På nettsidene til databasen finnast ei oversikt over kva parameter som skal rapporterast, og generell rettleiing. Fristen for å registrere målingane er 31.12.2017. 6.2 Det skal sendast ein sluttrapport til Fylkesmannen innan 6 veker etter at anleggsarbeidet er avslutta. Rapporten skal innehalde: - Ei kort skildring av tiltaket og utført arbeid - Eventuelle hendingar med mykje oppvirvling av sediment, og korrigerande tiltak - Ei skildring av avbøtande tiltak som er gjennomført for å hindre uheldig påverknad på miljøet under arbeidet - Ei skildring av utstyret som vart nytta under tiltaket, og ei oppsummering av dei erfaringane som vart gjort under arbeidet.