NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.



Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

RAMMER OG RETNINGSLINER FOR TAKSERING AV BUSTAD- OG FRITIDSEIGEDOMMAR NAUSTDAL KOMMUNE

MØTEBOK Tysnes kommune

RAMMER OG RETNINGSLINER FOR TAKSERING AV BUSTAD- OG FRITIDSEIGEDOMMAR NAUSTDAL KOMMUNE

S 2015 EIGEDOMSSKATT TAKSERING SK 15/2479. Kravspesifikasjon Vedlegg 1. Sogndal kommune - Innkjøp

Rett utrekning går fram av saksframlegget til dette ekstraordinære møtet

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

Kvam herad. Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen

Møtestad: Hareid rådhus Dato: onsdag, Tid:11:00

Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile Vik kommune

TAKSTVEDTEKTER FOR LUSTER KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTE- VEDTEKTER

Vår ref. 2016/ Sakkunnig ankenemnd eigedomsskatt hadde saka føre i møte som sak 2016/29.

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NAUSTDAL KOMMUNE

SOGNDAL KOMMUNE VEDTEKTER EIGEDOMSSKATT Vedtekne av kommunestyret i sak 50/05 Kap.

EIENDOMSSKATT I SØR-AURDAL RAPPORT FRA ARBEIDSGRUPPE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Sirikit Bakke Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 13/688. Utvida grense for eigedomsskatt Val av takseringsprinsipp

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 97/ Kommunestyret 81/

Til å handsama klagar på utskrivinga av eigedomsskatten kan kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 20 anten

Vår ref. 2016/ Sakkunnig ankenemnd eigedomsskatt hadde saka føre i møte som sak 2016/41.

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 103/ Kommunestyret 99/

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

I samband med budsjetthandsaminga fro 2014 K-sak 185/13 vart det gjort slikt vedtak i pukt 24:

Vår ref. 2016/ Sakkunnig ankenemnd eigedomsskatt hadde saka føre i møte som sak 2016/35.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 16 / av eigedomsskatteordninga

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER. for Balestrand kommune. Balestrand kommunestyre. xx.xx.xxxx sak 13/xxx

KOMMUNESTYRETS ÅRLIGE EIENDOMSSKATTEVEDTAK. - hvor kommunen har innført eiendomsskatt tidligere

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VOLDA KOMMUNE

Eigedomskattevedtekter for Sogndal kommune

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 3,5 promille, jfr eskl 12.

Vedtekter for skattetakstnemnda i Ulstein kommune

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

INNHALD: 1. Sakkunnig nemnd og ankenemnd. 2. Eigedomskattekontoret. 3. Synfarar og andre sakkyndige i takseringsarbeidet. 4. Takseringsarbeidet

Eigedomsskattevedtekter vedteke av kommunestyret i sak 048/14 med presisering i sak 059/14

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE

EIENDOMSSKATT klageadgang takseringsprinsipper

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Videreføring og utskriving av kommunal eiendomsskatt i 2016 for Stor-Elvdal kommune

Den sakkunnige nemnda skal ha fem medlemmer med ein leiar, ein nestleiar og tre medlemmer. I tillegg blir det valt fem varamedlemmer.

Vedtekne av Fitjar kommunestyre i møte 19. desember Dokumentet er justert i samsvar med budsjettvedtak av 17. desember 2014.

SKATT FRÅ KRAFTSELSKAP

Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Eiendomsskatt - tilpasninger til lovendringer i eiendomsskatteloven fra 2019

Første gangs utskrivning av kommunal eiendomsskatt i 2015 for Stor-Elvdal kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HYLLESTAD KOMMUNE

SAMLET SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandler: Børge Jacobsen Arkiv: /16 FORMANNSKAPET /16 KOMMUNESTYRET

Utvidet eiendomsskatt i Sør-Aurdal. Sør-Aurdal kommune

Verdal kommune Sakspapir

Frosta kommune Arkivsak: 2013/672-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Gloppen kommune. Vedteke av sakkunnig nemnd i møte 2. februar 2018

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Vedtekter for eigedomsskattetakst

Takstnemnda skal ha tre medlemar med ein leiar, ein nestleiar og eit medlem. I tillegg vert det valt tre varamedlemar.

Sveio kommune. Sakspapir

HØyanger Kommune. Rammer og retningsliner for fastsetjing av eigedomsskatt for perioden i Høyanger kommune

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Informasjon om eiendomsskatt i Nordre Land. Synnfjellporten

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Gloppen kommune. Rammer for forvalting av eigedomsskattelova. Vedteke av sakkunnig nemnd i møte 2. februar 2018

Taksering av alle eigedomar i Kvam herad er vedteke av Kvam heradstyret den 10. mars 2009.

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR I LEIKANGER KOMMUNE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /09 KAWV

Informasjonsmøte om eiendomsskatt

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

Takseringsprinsipp, rammer og retningsliner for innføring av eigedomsskatt for alle eigedommar i Gulen kommune med verknad frå 1. januar 2009.

12/1303-2/K1-232//AEM EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT FOR STRYN KOMMUNE

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Eigedomsskatteliste for 2017 til offentleg gjennomsyn.

Forskrift om bustøtte

Utvalgssaksnr. Utvalg Møtedato 16/103 Formannskapet /67 Kommunestyret

Vass- og avløpsavgifter

Melding om eiendomsskatt

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Lønnsundersøkinga for 2014

Den sakkunnige nemnda skal ha tre medlemer der éin er leiar, éin nestleiar og éin medlem. I tillegg skal det veljast tre varamedlemer i rekkefylgje.

Kontrollutvalet i Ulvik herad Møteprotokoll

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

GEBYRREGULATIV FOR TEKNISK AVD. (plan, bygge- og delesakshandsaming) I VALLE KOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

RAMMER OG RETNINGSLINJER FOR TAKSERING ETTER LOV OM EIGEDOMSSKATT ETNE KOMMUNE

Rettleiing til RF-1098 Formue av næringseigedom 2018 Fastsett av Skattedirektoratet

Adgangen til å benytte differensierte skattesatser ved utskriving av eiendomsskatt

Masfjorden kommune - ein kommune me er stolt av. Takstvedtekter for sakkunning nemnd og sakkunning klagenemnd. Vedteke i kommunestyret

Takstvedtekter for sakkunnig takstnemnd og sakkunnig ankenemnd gjeld frå

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 139/09 09/661 Sluttrekneskap fleirbrukshall og del av fellesareal Saften AS

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Møteprotokoll for Formannskapet

Transkript:

NOTAT KVAM HERAD STRATEGISK NIVÅ Til Harald Inge Anderssen Strategisk nivå Dato: 19.11.2007 Frå Kjell Helvik Vår ref: 07/801-15/N-102.1//KJHE Eigedomsskatt i Kvam - innføring i heile kommunen Inntektene frå eigedomsskatt i Noreg var i 2006 ca. 4,7 milliardar. Talet på kommunar som skreiv ut eigedomskatt i 2007 var 285, dvs 66% av alle kommunane i landet. Av dei som hadde skrive ut eigedomsskatt var det ca. 20% som hadde skrive ut i heile kommunen, 30% på verk og bruk og bymessige område, og ca 50% som berre hadde på verk og bruk.. I Hordaland er det i 2007, ein kommune (Osterøy) som har skrive ut skatt i heile kommunen, 6 kommunar har skatt på verk og bruk og bymessige område, 19 kommunar har skatt berre på verk og bruk og 7 kommunar har ikkje innført eigedomsskatt. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet. Kvam herad har sidan 1984 hatt eigedomsskatt i sentrumsområda i Ålvik, Øystese og Norheimsund, og på verk og bruk. Samla inntekter frå eigedomsskatt utgjer for 2007 om lag 11,6 millionar. Skatt frå kraftverk og linjer utgjer 8,5 mill kr, og skatt på verk og bruk og bustader 3,1 mill kr Omfanget av eigedomsskatt i Kvam vart handsama av heradsstyret i oktober 2001. Heradsstyret vedtok å vidareføra eigedomsgrensene og skatt på verk og bruk. I juni 2005 vedtok heradsstyret å oppretthalda dei same grensene etter at spørsmålet om ei utviding av grensene rundt sentrumsområda i Øystese og Norheimsund var vurdert. Fram til 01.01.2007 avgrensa lovverket i kva grad kommunestyret hadde høve til å påleggja eigedomsskatt. Det var avgrensa til bymessig utbygde område, men likevel slik at verk og bruk som låg utanfor utbygde område også kunne verta pålagde eigedomsskatt.

Frå 2007 er det i eigedomsskattelova gitt høve til også å skriva ut eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen. Økonomisk effekt av skatt i heile heradet Dersom det er aktuelt å utvida eigedomsskatt til å gjelda heile Kvam herad vil fokus vera på bustad- og fritidseigedommar. For å finna ein parallell til Kvam har vi henta inn informasjon frå Trysil kommune som innførte eigedomsskatt i heile kommunen i 2007. Trysil har vel 6.000 innbyggjarar og er ein fråflyttingskommune. Trysil er ein av Noregs største hyttekommunar med 4.760 hytter, i tillegg til 2.185 einebustader, 1.282 landbrukseigedommar (våningshus og garasjar) og 358 i kategorien verk og bruk Grunnlaget for registering av eigedommar er GAB registeret. I Kvam herad er det registrert ca. 13.000 bygningsnr, dvs. bygningar av eit eller anna slag. Av dette er litt over 2.500 bustader og ca. 900 våningshus. I tillegg er det i registeret over 2.700 fritidsbygg. Resten av bygningane er landbruksbygningar, garasjar, uthus m.m. Det er ut frå GAB-registeret og andre kommunale register vanskeleg å danna seg eit inntrykk av status for denne bygningsmassen (registeret kan også innehalda feil). Når vi skal kalkulera eit grunnlag for ein evt. eigedomsskatt må difor utgangspunktet vera forsiktige overslag og konklusjonane vert berre ein peikepinn på eit framtidig nivå. Eit utgangspunkt kan vera at det er til saman ca. 3.000 bustader og våningshus som er takstobjekt, og 2.500 fritidseigedommar. For bustader har KS gjort ei undersøking som viser at gjennomsnittleg eigedomsskatt er på kr. 2.208,- i 2007. Undersøkinga viser at grunnlaget for eigedomsskatt ligg langt under omsetningsverdien. Det skuldast delvis gamle takstar, generelt låge takstar og botnfrådrag. I Trysil er gjennomsnittstaksten for bustadene kr. 1.200 og for hytter 1.300. Taksten på hytter varierer svært mykje. Med utgangspunkt i KS si undersøking og data frå Trysil kan det vera eit utgangspunkt å nytta kr. 1.500,- per bustad. Det er ikkje nytta fritak for nye bustader. Dette gjev potensielt ei inntekt på 4,5 mill kr. Eigedomsskatt på fritidshus er forholdsvis nytt og det finst lite grunnlagsmateriale å samanlikna med (utan om Trysil). Vi kan i våre utrekninga leggja til grunn 2.500 fritidshus og takst på kr. 1.500 per eining. Det gjev ei potensiell inntekt per år på 3,7 mill kr. Samla sett ser det altså ut til at innføring av eigedomsskatt i heile kommunen kan gje kommunen ei årleg brutto inntekt på mellom 7-10 mill kr. til heradet. Taksering Takseringsarbeidet vil vera omfattande og krev god planlegging. I kommunar, på vår storleik, som har gjennomført taksering i heile kommunen, har dei i takstperioden nytta 15-20 personar i tillegg til ein til to ekspertar. Bygd på røynsle frå andre kommunar (td. Trysil) vil kostnaden for å gjennomføra takstarbeidet liggja i storleiken 2,0 mill kr. Det vil vera naturleg å setja av ei eiga stilling permanent til oppgåva (jfr. Trysil).

Generelt eigedomsskatt Eigedomsskatt til kommunane vert skrive ut etter reglene i lov om eigedomsskatt til kommunane av 16. juni 1975 nr. 29. Gjennom ein lovendring av 16. juni 2006 nr 25 er det opna for utskriving av eigedomsskatt i hele kommunen. Eigedomsskatten er ein kommunal skatt. Kommunestyrets vedtak om utskriving av eigedomsskatt må minst innehalda: Heimel for utskriving av eigedomsskatt, jf. 2 og 3. Om utskrivinga gjelder hele kommunen, berre verk og bruk, berre bymessig utbygde område eller bymessig utbygde område og verk og bruk. Dersom det ikkje skal skrivast ut eigedomsskatt i hele kommunen: Klargjera eigedomsskatteområdet og korleis eigedomsskatteområdet skal avgrensast, jf. eigedomsskattelova 3. Eigedommar som eventuelt skal vera friteke heilt eller delvis for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova 7. Storleiken på et eventuelt botnfrådrag. Eigedomsskattesats, jf. eigedomsskatteloven 11 og 13. Terminar for innbetaling av eigedomsskatt, jf. eigedomsskattelova 25. Oppnemning av medlemmar til takstnemnd og overtakstnemnd (evt. sakkunnige nemnder) med varamedlemmer, samt leiarar og nestleiarar, jf. byskattelova 4. Vedtak om utskriving av eigedomsskatt må gjerast under budsjettforhandlinga for det kommande år. Vedtaket må gjentas kvart år. Like handsaming Prinsippet om lik handsaming av alle skatteobjekta står sterkt i lova om eigedomsskatt. Dersom kommunestyret vel å ikkje nytta alternativet om utskriving av eigedomsskatt i hele kommunen, må ein passa på at prinsippet om lik handsaming vert teke vare på ved utskrivinga av eigedomsskatt. Skatte-objekta. Eigedomsskatten er ein objektskatt i motsetning til formues- og inntektsskatt, som er subjektskattar. Objekt for eigedomsskatt er all fast eigedom i kommunen/ innanfor eigedomsskatteområdet, samt verk og bruk. Til fast eigedom vert rekna både grunn og bygningar, og både bygd og ubygd eigedom. Det er forholda pr. 1. januar i skatteåret som skal leggjast til grunn. Eigedommar som skal fritakast for eigedomsskatt Visse eigedommar er unnateke for eigedomsskatt. Det gjelder dei fleste statseigedommar. Vidare er kyrkje friteke og eigedom som tilhøyrer andre trussamfunn enn statskyrkja

Eigedommar som kommunen sjølv eige direkte er fritekne. Eigedom som blir drive som gardsbruk eller skogbruk skal vera unnateke eigedomsskatt. Våningshus med passande tomt vert ikkje omfatta av unntaket og skal takserast. Skattegrunnlaget. Etter eigedomsskatteloven 8 skal eigedomsskatten reknast ut frå den verdien (takst) som eigedommen blei sett til ved formueslikninga i året før skatteåret. Etter eigedomsskatteloven 8 vert det ikkje gjort ein særskild eigedomsskattetaksering. Eigedomsskattelova 8 er berre sett i kraft for kraftanlegg. Inntil 8 vert sett fullt i verk, må kommunen sjølve gjennomføra taksering. Fristen for taksering. I kommunar (td. Kvam) som har innført eigedomsskatt tidlegare må takseringa vera avslutta så tidlig at eigedomsskatten kan vera skrive ut før 1. mars i skatteåret. Verdsetjing. Omsetningsverdien takstnivå prinsipp for verdisetjing Ved taksering etter byskattelova 5 skal takstnemnda komma fram til det beløp, som eigedommen efter sin beskaffenhet, anvændelighet og beliggenhet antages at kunne avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg. Lovens ordlyd gir m.a.o. retningslinjer for at eigedomsskattetakstane skal svara til eigedommanes omsetningsverdi. I praksis vil ofte eigedomsskattetakstane verta sett lågare enn den reelle omsetningsverdien. Det føreligg ikkje sentrale retningslinjer for taksering etter byskattelova 5. Etter rettspraksis er det i utgangspunktet substansverdien som skal brukast som hjelpemiddel ved fastsetjing av verdi. Substansverdien er gjenanskaffelsesprisen på takseringstidspunktet med frådrag for slit, elde og eventuell ukurans. Skattesatsar og botnfrådrag. Kommunestyret skal i samband med handsaming av budsjettet for det kommande skatteåret fastsetja satsar og gje reglar for utskriving av eigedomsskatt i kommunen, Lova gjev minimum- og maksimumsatsar for eigedomsskattesatsen. Skattesatsen skal liggja mellom 2 og 7 (i Kvam 7. Kommunestyret kan vedta botnfrådrag for bustad- og fritidseigedommar. Eigedommar som vert nytta til næringsverksemd, også verk og bruk er ikkje omfatta av ordninga med botnfrådrag. Kommunestyret kan fastsetja differensierte satsar for bustadeigedommar, grunneigedommar med hus, grunneigedom utan hus, bygning og grunn, verk og bruk, samt avgrensa område.

Kjell Helvik Seniorrådgjevar Mottakarar: Harald Inge Anderssen