Sogndal Arbeidarparti Valprogram 2015 2019
Valprogram Sogndal Arbeidarparti 2015-2019 Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på den sosialdemokratiske grunnmuren. Målet til Sogndal Arbeidarparti er å sikra likeverdige levevilkår slik at alle får størst mogleg fridom til å leva eit liv i samsvar med eigne ønskjer og trong. Dette oppnår me gjennom fellesskap og rettvis fordeling. Det vil seie arbeid for alle, utdanning for alle og gode helse- og omsorgstenester. Sogndal Arbeidarparti vil oppnå dette ved å satse på: - Miljø og trivsel - Oppvekst og utdanning - Bustad, arbeid og aktiv næringspolitikk - Helse og omsorg - Kultur og fritid - Veg og kommunikasjon
I valperioden 2015-2019 vil me arbeide for: 1. Livsløp Barnehage - Barnehageplassar til alle, i alle delar av kommunen. - God og fagleg bemmaning slik Arbeidarpartiet har vore føregangsparti for. - Målet er tre tilsette per avdeling, dette er me i ferd med å nå. Skule Grunnskule - Behalde dagens skulestruktur - God fagleg bemanning og at alle elevar får same føresetnad for læring. - Halde fram arbeidet med kompetanseheving i barnehage og skule. - Vidareføre arbeidet med å utvikle godt fagleg innhald i SFO. Vidaregåande skule og høgare utdanning - Fleire hyblar som er tilpassa elevane med trong for ekstra oppfølging. - Syte for god hybeltilgang til både elevar og studentar. - Lærlingplassar ledig til ei kvar tid innan alle fagområde. - Høgskulen i Sogn og Fjordane er sentral i utviklinga for heile fylket. Som vertskapskommune ynskjer me ein sterk fagleg høgskule, som gjennom eit tett og forpliktande samarbeid med lokale verksemder og andre institusjonar for høgare utdanning sikrar relevant utdanning av høg kvalitet. Helse, sosial og omsorg - Bygge ut Sogndal helse og omsorgssenter (SHOS) slik at den vert dimensjonert og utforma for framtidas behov. - Folkehelse skal vera sentralt i alt planarbeid slik det var ved realiseringa av fjordstien. - Bygge ut tenestene så sjuke og eldre kan bu heime så lenge som mogleg.
2. Arbeid og Næring - Sikre framtidig næringsutvikling med areal som er godt eigna for næring. - Legge til rette for utvikling av gründermiljøa i Sogndal. - Sikre og utvikle offentlege og private arbeidsplassar. - Saman med nabokommunane jobba aktivt for at regionen skal få tilført fleire arbeidsplassar. - Hindra privatisering av offentlege arbeidsplassar. - Vedta ny områdeplan for å utvikle idretten- og friluftslivet sin bruk i Hodlekve. - Utnytte friluftspotensialet som har opna seg i Øvstedalen no når ny veg er på plass og vere pådrivar for å opparbeide nye stiar og sykkeltrasear på Kaupanger. - Arbeide for nattferje Hella-Dragsvik- Vangsnes. - Gode kollektiv tilbod i Sogn og Fjordane.
3. Leva i Sogndal Bustad - Bustadpolitikk med sosial profil. At kommunen beheld bustadfelt og byggjer ut med sosial profil, særskilt med tanke på unge førstegongs kjøparar. Og arbeide for kommunale bustadfelt i randsonen av sentrum. - Heile kommunen bør og må takast i bruk for å stette behovet for bustadtomter. Opne for spreidd busetnad i heile kommunen i form av husklyngjer. - Me vil arbeide for gode gang og sykkelvegar i alle deler av kommunen.
Miljø og trivsel - Kultur som tek vare på tradisjonar og verdiar. - Natur som oppleving, opplæring og mangfald. - Trygge trafikkmiljø mellom skule og bustadområde. - Godt samarbeid med frivillige organisasjonar. - Syte for at det er godt opplyst ved langtidsparkering i Øyane. - Kulturhuset skal vere i kommunalt eige. - Jobbe for at kaibygget vert rehablitert og fylt med aktivitet til det beste for innbyggjarane. - Omsynet til klimaendringar skal vere sentralt i alt planarbeid. 4. Politisk organisering - Sogndal Arbeidarparti vil syta for at me har ein organisasjonsmodell som fører til at viktige avgjersler for kommunen er godt gjennomarbeida politisk. Vi vil evaulere og eventuelt endre dagens modell. - Halde fram med det interkommunale samarbeidet. - Vere positiv til kommunesamanslåing.
Sogndal arbeiderparti si kommuneliste 2015 Namn Fødselsår Poststad 1 Jarle Aarvoll 1958 Sogndal 2 Eline Orheim 1973 Fjærland 3 Senea Sabanovic 1990 Sogndal 4 Kåre Oddvin Stokkenes 1965 Sogndal 5 Liv Anny Bruheim 1962 Sogndal 6 Stig Ove Ølmheim 1989 Slinde 7 Merete Børke Alpen 1971 Fardal 8 Geir Sverre Volle 1961 Kaupanger 9 Kjetil Kvåle 1963 Sogndal 10 Rosa Marie Skovli Øyrehagen 1986 Fardal 11 Arvid Stenehjem 1959 Sogndal 12 Jøran Reppen Endestad 1991 Sogndal 13 Liv Synnøve Bøyum 1964 Slinde 14 Gunstein Lund 1967 Kaupanger 15 Merete Marvik 1974 Sogndal 16 Ole Henrik Stølen 1997 Sogndal 17 Gerd Signe Grinde Håre 1949 Sogndal 18 Bjørn Lærum 1977 Sogndal 19 Katrine Lærum 1974 Sogndal 20 Stian Øye 1988 Sogndal 21 Øyvind Åsarmoen Møller 1989 Sogndal 22 Maryan Mundal 1967 Fjærland 23 Bjørn Skjeldestad 1958 Sogndal 24 Eirin Marie Haukøy 1977 Kaupanger 25 Else Kristine Husabø 1946 Sogndal
www.sogndal.arbeiderparti.no www.facebook.com/sogndalarbeidarparti Foto: Arne Sivertsen og Arvid Stenehjem