NOR/310D0409.sd OJ L 189/10, p. 19-27 COMMISSION DECISION of 19 July 2010 on Common Safety Targets as referred to in Article 7 of Directive 2004/49/EC of the European Parliament and of the Council
KOMMISJONSAVGJERD av 19. juli 2010 om felles tryggleiksmål som nemnt i artikkel 7 i europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/49/EF [meld under nummeret K(2010) 4889] (2010/409/EU) EUROPAKOMMISJONEN HAR med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, med tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/49/EF av 29. april 2004 om sikkerhet på Fellesskapets jernbaner og om endring av rådsdirektiv 95/18/EF om lisenser til jernbaneforetak og direktiv 2001/14/EF om fordeling av jernbaneinfrastrukturkapasitet, innkreving av avgifter for bruk av jernbaneinfrastruktur og sikkerhetssertifisering (jernbanesikkerhetsdirektivet)( 1 ), s¾rleg artikkel 7, med tilvising til rekommandasjonen frå Det europeiske jarnbanebyrået om den første serien med felles tryggleiksmål, som vart retta til Kommisjonen 18. september 2009, og ut frå desse synsmåtane: 1) I samsvar med direktiv 2004/49/EF bør dei felles tryggleiksmåla innførast gradvis for å sikre at eit høgt tryggleiksnivå kan haldast ved lag og, når det er naudsynt og praktisk mogleg, betrast. Desse måla bør omfatte verktøy for å vurdere tryggleiksnivået og innsatsen til operatørane, både på EU-plan og i medlemsstatane. 2) I artikkel 3 bokstav e) i direktiv 2004/49/EF er felles tryggleiksmål definert som dei tryggleiksnivåa som dei ulike delane av jarnbanesystemet (t.d. jarnbanesystemet for konvensjonelle tog, jarnbanesystemet for høgfartstog, lange jarnbanetunnelar eller linjer som vert nytta berre til godstransport) og systemet som heilskap minst må oppnå, uttrykt som kriterium for risikoakseptering. I synsmåte nr. 7 i kommisjonsvedtak 2009/460/EF av 5. juni 2009 om vedtakelse av en felles sikkerhetsmetode for vurdering av oppnåelsen av sikkerhetsmål, som nevnt i artikkel 6 i europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/49/EF( 2 ) står det at det på grunn av mangelen på harmoniserte og pålitelege opplysningar om tryggleiksnivået for delar av dei jarnbanesystema som er i drift i ulike medlemsstatar, ikkje er mogleg å utarbeide den første serien av felles tryggleiksmål for delar av jarnbanesystemet (som t.d. det konvensjonelle jarnbanesystemet, jarnbanesystemet for høgfartstog, lange jarnbanetunnelar eller linjer som vert nytta berre til godstransport). 3) Artikkel 7 nr. 3 i direktiv 2004/49/EF krev at den første serien med utkast til felles tryggleiksmål bør byggje på ei gransking av dei eksisterande måla og tryggleiksnivåa for jarnbanesystem i medlemsstatane. I samsvar med den metoden som vart innført ved vedtak 2009/460/EF, skal den første serien med felles tryggleiksmål byggje på nasjonale referanseverdiar. Desse vart rekna ut ved hjelp av dataseriar som byggjer på europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 91/2003 av 16. desember 2002 om statistikk over jernbanetransport( 3 ), og vart lagde fram av Eurostat 6. mars 2009 for tidsrommet 2004-2007. For kvar jarnbanerisikokategori skal det høgste akseptable risikonivået for ein medlemsstat vere 1) den nasjonale referanseverdien, dersom denne er lik eller lågare enn det tilsvarande felles tryggleiksmålet, eller 2) det felles tryggleiksmålet, dersom den nasjonale referanseverdien er høgare enn det tilsvarande felles tryggleiksmålet, i samsvar med del 3 i vedlegget til vedtak 2009/460/EF. ( 1 ) TEU L 164 av 30.4.2004, s. 44. ( 2 ) TEU L 150 av 13.6.2009, s. 11. ( 3 ) TEF L 14 av 21.1.2003, s. 1.
2 4) Den første serien med felles tryggleiksmål bør vurderast som det første steget i ein prosess. Med denne første serien vert det innført ei harmonisert og klar ramme som gjer det mogleg å overvake og sikre tryggleiksnivået for dei europeiske jarnbanene på ein effektiv måte. 5) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er nemnt i artikkel 27 nr. 1 i direktiv 2004/49/EF TEKE DENNE AVGJERDA: Artikkel 1 Føremål og definisjonar Ved denne avgjerda vert det innført verdiar for den første serien av felles tryggleiksmål på grunnlag av nasjonale referanseverdiar, i samsvar med artikkel 7 nr. 3 i direktiv 2004/49/EF og etter den metoden som er fastsett i vedtak 2009/460/EF. I denne avgjerda skal dei definisjonane som er fastsette i direktiv 2004/49/EF, forordning (EF) nr. 91/2003 og vedtak 2009/460/EF, nyttast. Artikkel 2 Nasjonale referanseverdiar Dei nasjonale referanseverdiane for dei ulik medlemsstatane og for dei ulike risikokategoriane er fastsette i kapittel 1 del 1.1-1.6 i vedlegget. Artikkel 3 Felles tryggleiksmål Den første serien med felles tryggleiksmål for dei ulike risikokategoriane er fastsette i kapittel 2 i vedlegget. Denne avgjerda er retta til medlemsstatane. Artikkel 4 Adressatar Utferda i Brussel, 19. juli 2010. For Kommisjonen Siim KALLAS Visepresident
3 VEDLEGG 1. Nasjonale referanseverdiar (NRV-ar) 1.1. Nasjonale referanseverdiar for risiko for passasjerar (NRV 1.1 og NRV 1.2) Medlemsstat NRV 1.1 ( 10 9 ) ( * ) NRV 1.2 ( 10 9 ) ( ** ) Belgia (BE) 53,60 0,456 Bulgaria (BG) 250,00 2,01 Tsjekkia (CZ) 40,60 0,688 Danmark (DK) 7,55 0,0903 Tyskland (DE) 10,90 0,11 Estland (EE) 50,20 0,426 Irland (IE) 6,22 0,0623 Hellas (EL) 54,00 0,485 Spania (ES) 40,90 0,391 Frankrike (FR) 21,90 0,109 Italia (IT) 55,00 0,363 Latvia (LV) 50,20 0,426 Litauen (LT) 88,60 0,683 Luxembourg (LU) 28,80 0,225 Ungarn (HU) 250,00 2,01
4 Medlemsstat NRV 1.1 ( 10 9 ) ( * ) NRV 1.2 ( 10 9 ) ( ** ) Nederland (NL) 11,70 0,0941 Austerrike (AT) 29,00 0,335 Polen (PL) 127,00 0,939 Portugal (PT) 33,90 0,267 Romania (RO) 250,00 2,01 Slovenia (SI) 11,80 0,175 Slovakia (SK) 17,70 0,275 Finland (FI) 26,80 0,248 Sverige (SE) 5,70 0,0557 Det sameinte kongeriket (UK) 6,22 0,0623 (*) NRV 1.1 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant passasjerar per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på passasjertogkilometer per år. Passasjertogkilometer skal her forståast som den trafikkmåleininga som berre gjeld passasjertog. (**) NRV 1.2 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant passasjerar per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på passasjerkilometer per år. Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal i ( * ) og ( ** ) forståast slik det er definert i artikkel 3 bokstav d) i vedtak 2009/460/EF.
5 1.2. NRV-ar for risiko for personale (NRV 2) Medlemsstat NRV 2 ( 10 9 ) ( * ) Belgia (BE) 21,10 Bulgaria (BG) 11,00 Tsjekkia (CZ) 17,40 Danmark (DK) 9,10 Tyskland (DE) 13,30 Estland (EE) 17,00 Irland (IE) 8,33 Hellas (EL) 77,90 Spania (ES) 8,33 Frankrike (FR) 6,68 Italia (IT) 22,50 Latvia (LV) 55,10 Litauen (LT) 36,90 Luxembourg (LU) 13,70 Ungarn (HU) 11,90
6 Medlemsstat NRV 2 ( 10 9 ) ( * ) Nederland (NL) 6,69 Austerrike (AT) 25,40 Polen (PL) 18,60 Portugal (PT) 76,00 Romania (RO) 11,00 Slovenia (SI) 31,00 Slovakia (SK) 1,50 Finland (FI) 8,28 Sverige (SE) 3,76 Det sameinte kongeriket (UK) 8,33 (*) NRV 2 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant personale per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år. Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal her forståast slik det er definert i artikkel 3 bokstav d) i vedtak 2009/460/EF.
7 1.3. Nasjonale referanseverdiar for risiko for brukarar av planovergang (NRV 3.1 og NRV 3.2) Medlemsstat NRV 3.1 ( 10 9 ) ( * ) NRV 3.2 ( ** ) Belgia (BE) 143,0 Opplysningar manglar Bulgaria (BG) 124,0 Opplysningar manglar Tsjekkia (CZ) 302,0 Opplysningar manglar Danmark (DK) 55,9 Opplysningar manglar Tyskland (DE) 69,9 Opplysningar manglar Estland (EE) 168,0 Opplysningar manglar Irland (IE) 31,4 Opplysningar manglar Hellas (EL) 743,0 Opplysningar manglar Spania (ES) 131,0 Opplysningar manglar Frankrike (FR) 78,9 Opplysningar manglar Italia (IT) 50,7 Opplysningar manglar Latvia (LV) 240,0 Opplysningar manglar Litauen (LT) 530,0 Opplysningar manglar Luxembourg (LU) 97,3 Opplysningar manglar Ungarn (HU) 244,0 Opplysningar manglar
8 Medlemsstat NRV 3.1 ( 10 9 ) ( * ) NRV 3.2 ( ** ) Nederland (NL) 128,0 Opplysningar manglar Austerrike (AT) 181,0 Opplysningar manglar Polen (PL) 264,0 Opplysningar manglar Portugal (PT) 508,0 Opplysningar manglar Romania (RO) 124,0 Opplysningar manglar Slovenia (SI) 365,0 Opplysningar manglar Slovakia (SK) 249,0 Opplysningar manglar Finland (FI) 151,0 Opplysningar manglar Sverige (SE) 74,2 Opplysningar manglar Det sameinte kongeriket (UK) 23,0 Opplysningar manglar (*) NRV 3.1 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant brukarar av planovergang per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år. (**) NRV 3.2 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant brukarar av planovergang per år som følgje av alvorlege ulukker/[(talet på togkilometer per år talet på planovergangar)/sporkilometer]. Opplysningane om talet på planovergangar og sporkilometer var ikkje pålitelege nok på tidspunktet for datainnsamlinga (dei fleste medlemsstatane har sendt inn opplysningar om strekningskilometer i staden for sporkilometer). Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal i ( * ) og ( ** ) forståast slik det er definert i artikkel 3 bokstav d) i vedtak 2009/460/EF.
9 1.4. Nasjonale referanseverdiar for risiko for personar som er klassifiserte som «andre» (NRV 4) Medlemsstat NRV 4 ( 10 9 ) ( * ) Belgia (BE) 1,90 Bulgaria (BG) 6,45 Tsjekkia (CZ) 5,28 Danmark (DK) 10,30 Tyskland (DE) 4,41 Estland (EE) 18,50 Irland (IE) 6,98 Hellas (EL) 6,45 Spania (ES) 4,93 Frankrike (FR) 6,98 Italia (IT) 6,98 Latvia (LV) 18,50 Litauen (LT) 18,50 Luxembourg (LU) 4,43 Ungarn (HU) 6,45
10 Medlemsstat NRV 4 ( 10 9 ) ( * ) Nederland (NL) 3,16 Austerrike (AT) 14,20 Polen (PL) 18,50 Portugal (PT) 4,93 Romania (RO) 6,45 Slovenia (SI) 7,14 Slovakia (SK) 5,28 Finland (FI) 10,30 Sverige (SE) 10,30 Det sameinte kongeriket (UK) 6,98 (*) NRV 4 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant personar i kategorien «andre» som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år. Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal her forståast slik det er definert i artikkel 3 bokstav d) i vedtak 2009/460/EF.
11 1.5. Nasjonale referanseverdiar for uvedkommande personar på jarnbaneanlegg (NRV 5) Medlemsstat NRV 5 ( 10 9 ) ( * ) Belgia (BE) 75,5 Bulgaria (BG) 190,0 Tsjekkia (CZ) 657,0 Danmark (DK) 134,0 Tyskland (DE) 106,0 Estland (EE) 1850,0 Irland (IE) 94,7 Hellas (EL) 906,0 Spania (ES) 184,0 Frankrike (FR) 69,7 Italia (IT) 122,0 Latvia (LV) 1520,0 Litauen (LT) 2030,0 Luxembourg (LU) 83,7 Ungarn (HU) 534,0
12 Medlemsstat NRV 5 ( 10 9 ) ( * ) Nederland (NL) 28,2 Austerrike (AT) 117,0 Polen (PL) 1110,0 Portugal (PT) 948,0 Romania (RO) 190,0 Slovenia (SI) 273,0 Slovakia (SK) 477,0 Finland (FI) 294,0 Sverige (SE) 98,1 Det sameinte kongeriket (UK) 94,7 (*) NRV 5 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant uvedkommande personar på jarnbaneanlegg per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år. Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal her forståast slik det er definert i artikkel 3 bokstav d) i vedtak 2009/460/EF.
13 1.6. Nasjonale referanseverdiar for samfunnsrisiko (NRV 6) Medlemsstat NRV 6 ( 10 9 ) ( * ) Belgia (BE) 273,0 Bulgaria (BG) 364,0 Tsjekkia (CZ) 1010,0 Danmark (DK) 218,0 Tyskland (DE) 206,0 Estland (EE) 2320,0 Irland (IE) 131,0 Hellas (EL) 1820,0 Spania (ES) 351,0 Frankrike (FR) 179,0 Italia (IT) 235,0 Latvia (LV) 1850,0 Litauen (LT) 2510,0 Luxembourg (LU) 219,0 Ungarn (HU) 1000,0
14 Medlemsstat NRV 6 ( 10 9 ) ( * ) Nederland (NL) 166,0 Austerrike (AT) 354,0 Polen (PL) 1530,0 Portugal (PT) 1510,0 Romania (RO) 364,0 Slovenia (SI) 697,0 Slovakia (SK) 740,0 Finland (FI) 461,0 Sverige (SE) 188,0 Det sameinte kongeriket (UK) 131,0 (*) NRV 6 er uttrykt som talet på drepne og vegne alvorlege personskadar som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år. Det samla talet på drepne og vegne alvorlege personskadar skal her forståast som summen av alle drepne og vegne alvorlege personskadar som vert tekne med i utrekninga av alle dei andre nasjonale referanseverdiane.
15 2. Verdiar som skal tildelast den første serien med felles tryggleiksmål (CST) Risikokategori CST-verdi ( 10 9 ) Måleiningar Risiko for passasjerar CST 1.1 250,0 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant passasjerar per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på passasjertogkilometer per år CST 1.2 2,01 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant passasjerar per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på passasjerkilometer per år Risiko for personale CST 2 77,9 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant personale per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år Risiko for brukarar av planovergang CST 3.1 743,0 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant brukarar av planovergang per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år CST 3.2 Opplysningar manglar( * ) Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant brukarar av planovergang per år som følgje av alvorlege ulukker/[(talet på togkilometer per år talet på planovergangar)/sporkilometer]. Risiko for «andre» CST 4 18,5 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant personar i kategorien «andre» som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år Risiko for uvedkommande personar på jarnbaneanlegg CST 5 2030,0 Talet på drepne og vegne alvorlege personskadar blant uvedkommande personar på jarnbaneanlegg per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år Risiko for samfunnet som heilskap CST 6 2510,0 Det samla taket på drepne og vegne alvorlege personskadar per år som følgje av alvorlege ulukker/talet på togkilometer per år (*) Opplysningane om talet på planovergangar og sporkilometer, som er naudsynte for å rekne ut dette felles tryggleiksmålet, var ikkje pålitelege nok på tidspunktet då opplysningane vart innhenta (dei fleste medlemsstatane melde t.d. om linjekilometer i staden for sporkilometer osv.).