SVANØY arena for kunst og kultur
Låve is in the air - ny tid, nye bruksområde
Vi har ikkje lenger behov for dei gamle låvane slik dei står i dag, noko som gjenspeglar seg i forfall - eller nye idear. Dette er også statusen for låven på Hovudgården på Svanøy. Låven vår har husa meir enn dei fleste andre låvar rundt om i landet, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim. Han ramsar opp funksjonar som resirkuleringsanlegg for fisk, avlsstasjon for and og gås og sist i rekka Svanøy Røykeri frå 1991 til dei investerte i eit funksjonelt og moderne nybygg. No er tida inne for å tenke heilt nye tankar. I staden for at låven skal tærast av tidas tann, vil vi fylle den med nytt liv. Denne gongen skal menneske og kultur stå i sentrum. Kunst og kultur er paraplyen i prosjektet, men vi er opne for alle gode innspel, fortel ein engasjert primus motor. Berre høystålet aleine er på 460 m 2 og det er her vi vil starte forvandlinga. Her skal vi gå frå tørka høy til høg musikk, seier styreleiar Terje Standal. Nye funksjonar krev sjølvsagt ein del ombygging og investering, men vi har stor tru på at dette skal bli suksess. Så langt ser vi berre muligheiter. I første omgang ser vi føre oss konsertar, bryllaupsfestar og andre jubileum. Aktivitet i alle rom er det store målet, men vi startar i høystålet. Låven på Svanøy er mykje større enn ein gjennomsnitts vestlandslåve, så dette kan ikkje bli anna enn spennande. Etasjen under låven rommar den gamle fjøsen, og under der igjen er det ein tom gjødselkjellar så her er det berre fantasien som avgrensar. Muligheitene er mange. Kva med eit kunstgalleri, eller ein øl- og vinkjellar? Forvandlinga av låven skapar begeistring på øya, og eit samla styre meiner det er eit viktig fellesprosjekt, som kan få store ringverknader. Låven skal vere med å gjere Svanøy endå meir spennande og attraktiv, noko som vil slå positivt ut for til dømes butikken, gjestehamna, kroa, røykeriet og hjortesenteret. Dette vil vere med å løfte øya vår til å bli endå meir unik enn den er frå før. STYRET FOR STIFTELSEN SVANØY HUS Terje Standal, Elin Tveit Sveen, Ove Inge Vågen, Hans Terje Anonsen og Haakon Blaauw
Nytt liv i gammal låve av arkitekt Rune Melvær Illustrasjon: ivest Consult
Når nye aktivitetar skal fylle den gamle låven, er det nødvendig med visse bygningsmessige endringar. Utfordringa er å få gjennomført desse, utan at den historiske og antikvariske verdien vert borte. Det er også viktig å legge til rette for at bygget tilpassast ny bruk i alle plan. Låven er ein vesentleg del av bygningsmassen på Svanøy Hovudgård og kulturlandskapet rundt. Difor er eksteriøret viktig å bevare som det er. Innvendig må ein derimot gjere tiltak for å kunne nytte bygningen fullt ut. Sokkeletasjen som før romma fjøs og stall har varierande golvnivå. Takhøgda er enkelte stader så låg at ny bruk av romma vert vanskeleg. Etasjeskilje mellom sokkeletasjen og det store låverommet over er i dårleg forfatning grunna elde og endringar som er gjort i nyare tid. For å løyse dette, byggjer ein nytt etasjeskille, som vert litt høgare enn det gamle. Dette gjev brukbar takhøgd i heile sokkeletasjen, samstundes som ein får kontroll på både bereevne og brannbelastning av det nye dekket. Nytt etasjeskilje vert utført i betong og får opplegg på innsida av den tjukke muren som omsluttar sokkeletasjen.det eksisterande golvet vert nytta som forskaling og vert rive i etterkant. Alt av verneverdi som lafteveggar o.l. vert ståande. Golvet kjem ikkje i konflikt med grindverkkonstruksjonen, sidan denne ligg ytterst på muren. På betonggolvet vert det lagt flytande golvbord. Grindverkskonstruksjon, køyrebru og takkonstruksjon vert ikkje endra. Dører og rømningsvegar vert tilpassa nytt golv. Nye rømningsvegar mot aust vert utført som labankdører som vert kopiar av eksisterande dør. Til slutt vil eg takke for godt samarbeid med fylkeskulturavdelinga i Sogn og Fjordane, Amanuensis Kolbjørn Nesje Nybø og ikkje minst pådrivar og dagleg leiar for Stiftelsen Svanøy Hus Johan Trygve Solheim. Håper på mykje liv og røre i den gamle låven!
«Enhetslåven» av Kolbjørn Nesje Nybø
Store raude låvebygningar med låvebru har ei tid blitt sett på som typiske for Norge, og dei blir gjerne kalla «enhetslåven». Namnet har dei fått fordi dei samla alle driftsfunksjonane som før var spreidde rundt på gardane i mindre bygningar, under eitt tak. Utviklinga av bygningstypen skjedde i løpet av 1800-talet og hadde samanheng med «det store hamskiftet» innanfor norsk landbruk. Det kanskje viktigaste karaktertrekket ved desse låvane er den konsekvente og gjennomtenkte utnyttinga av tyngdekrafta. Dei har gjerne innkøyring av fór og fórlager i ein stavbygd øvste etasje, og fjøs og stall i en lafta etasje like under denne. Nedst finn vi gjødselkjellar i mur med port for utkøyring av gjødsel. Eit viktig trekk ved enhetslåvane er også måten terrenget er utnytta i samband med innkjøyringa til låven. Dei mest avanserte enhetslåvane hadde to låvebruer slik at hesten slapp å snu inne på låven. Låven på Svanøy Hovudgård er bygd av driftige Haugianarar, og er blant dei mest avanserte enhetslåvane, og for å vere bygd på Vestlandet må den kunne seiast å vere svært avansert. Til dømes er både gjødselkjellar og fjøs bygd i solide murverk som er bortimot ein meter tjukt. Det meste blei gjort før 1846, men den siste utstikkande fløyen i sør med gjødselkjellar, kom til i 1856. Konstruksjonen i den luftige trepanelte låvedelen som ligg over heile bygningen, er også spesiell. Den er bygd i vestnorsk grindverk med stavar, betar og stavlegjer i uvanleg store dimensjonar. Denne typen grindverk er heilt spesiell, og finnast berre på Vestlandet. Alle foto er tekne av Oddleiv Apneseth. Du finn fleire av dei flotte bileta hans i boka «Norges låver» av Eva Røyrane. Boka er eit viktig dokument for ettertida ettersom mange låvar i dag står til forfall. Låven ved Svanøy Hovudgård vil til liks med låven ved Norsk Hjortesenter bli tatt vare på for ettertida ved å gje dei nye funksjonar som stettar dagens behov.
STIFTELSEN SVANØY HUS N-6914 Svanøybukt Kontaktperson: Daglig leder Johan Trygve Solheim Telefon. + 47 57 75 21 80 E-post: johan@svanoy.com Internett: www.svanoy.com A til Å - www.atilaa.no INGEN VAMPKONSERT UTAN GODE VENER