Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2015!

Like dokumenter
Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Møteprotokoll. Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: og Tid: Faste medlemer som møtte:

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Fylkeshuset i Molde Dato: Faste medlemer som møtte:

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

For dei som reiser kollektivt er det mogleg å ta buss til Surnadal. Sjekk 177.no for reiserute.

Regional planstrategi

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Møteprotokoll. Møtestad: Finnøya Havstuer, Sandøy Dato: Tid: 20:00 Protokoll nr: 2/2017. Faste medlemer som møtte:

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Møteprotokoll. Møtestad: Molde Fjordstuer, Molde Dato: Tid: Protokoll nr: 1/2015. Faste medlemer som møtte:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: 12.00

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Møteprotokoll. Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: Tid: 17:00. Medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Møteinnkalling Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Quality Hotel Alexandra, Molde Dato: Tid: 14:30

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

UNGDOMMENS FYLKESTING 2012

Simpelt (enkelt) fleirtal: det framlegget som får flest røyster vinn. Dette kan vere under 50 % om det er meir enn to framlegg.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Ungdommens fylkesting

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Sjur August Waagbø Åse Kristin Ask Bakke Marcus Svenning Audun Moen Skei.

UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge

Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, mob Til dette møtet er både faste- og varamedlemmar innkalla.

Vedtekter for fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane

Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar

Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2013!

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Møteprotokoll. Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: Protokoll nr: 6/2015. Faste medlemer som møtte:

Møteinnkalling. Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Scandic Parken, Ålesund Dato: Tid: 14:30

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: 12:00

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset Hanna Nautvik Nesset. Nesleiar. Medlem

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hatmosø Hoem Leiar AP Ingeborg Forseth Medlem Møre og Romsdal fylkeskommune

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Rødts landsmøte. Konstituering. Fordi fellesskap fungerer

Regional planstrategi - RPS

Vedtekter for Vestland SV

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til koordinator på e-post: eller mobil nr

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Ålesund frå november 2011 på Rica Parken Hotel.

Rådet for funksjonshemma

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Nominasjonsreglement for xx lokallag

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kap 1 Innleiande fastsettingar

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Lisa Follestad. Politisk fadder Ørsta Volda ungd.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Reglement Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutvalg i Vest-Agder Vedtatt i Fylkestingets møte

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Romsdal vidaregåande skole, Molde, møterom B114 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Namn Funksjon Representerer. Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Namn Møtte for Representerer

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Janne Katrin Hansen Sævik Daniel Haavardsen-Bråttvik

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 29 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta u

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Grand Hotel Bellevue, Åndalsnes Dato: 06.11.2015 Tid: kl. 14.00 Forfall skal meldast til Ingeborg Forseth - ingeborg.forseth@mrfylke.no og kontaktpersonen i kommunen du kjem frå. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling frå kontaktpersonen i din kommune. Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2015! Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) på Åndalsnes frå 6. 8. november 2015 på Hotell Grand Bellevue. Ungdommens fylkesting er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket og her diskuterer ein viktige saker som gjeld ungdom. Vedtak fatta av UFT er rådgivande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Laurdag kveld blir det festmiddag for alle deltakarane på UFT. Alle må difor ha med seg eit pent antrekk. For alle representantar under 18 år skal foreldre/føresette ha sett sakspapira og sette seg inn i reglementet før du kjem til UFT. Før du kjem til Åndalsnes 6. november rår vi deg til å: Lese gjennom sakspapira du får tilsendt. Sakspapira ligg også på ungweb.no. Diskutere sakene med ungdomsrådet ditt, venner, klassen, elevrådet eller andre rundt deg. Førebu deg til open runde og finn ei sak du brenner for. Kvar delegat skal opp på ein talarstol å seie noko kort om denne saka. Maks eit minutt. HUGS! Meld ifrå til Ingeborg Forseth, e-post ingeborg.forseth@mrfylke.no om du må ha spesiell diett (diabetes, cøliaki, vegetarianar) eller har allergiar eller andre ting som arrangør bør vite om. Ønskjer du å stille til val til Ungdomspanelet (UP)? Alle som stiller til val i år, må levere inn eit søknadsskjema på førehand. Skjemaet ligg på https://mrfylke.no/politikk/politiske-organ/ungdomspanelet. Det vil bli gitt meir informasjon om val til nytt ungdomspanel under UFT. Frist for å stille til val til nytt Ungdomspanel er kl. 14.00 laurdag den 7. november. Reise til og frå Åndalsnes Kontaktpersonen i din kommune skal hjelpe deg med å planlegge reisa til og frå Åndalsnes om du treng hjelp til det. Vi rår deg til å bruke TIMEkspressen og at du nytter ungdomskortet om du har det. Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Du betalar sjølv for reisa og får tilbakebetalt reiseutgiftene etter UFT. Fylkeskommunen dekker berre utgiftene som samsvarar med reisestrekninga. Hugs derfor å ta vare på reisekvitteringar. På UFT vil reiserekningsskjema bli gjennomgått. Merk at fylkeskommunen ikkje dekkjer kjøp av ungdomskortet. Side1

Under Ungdommens fylkesting gjeld følgjande: Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er strengt forbode, og fører til at føresette og kontaktpersonen i din kommune blir varsla. Ein vil så bli heimsendt for eiga rekning og må betale for hotell og kost sjølv. Kom presis. Følg med på programmet og den informasjonen som blir gitt. Innan kl. 24.00 skal alle vere på romma sine. Etter midnatt skal det vere stille. Det vil alltid vere vaksenpersonar til stades på hotellet. Desse vil bli tydeleg presenterte under møte. I tillegg vil alle namneskilta innehalde informasjon om namn og telefonnummer til vaksne. Dersom nokon må forlate hotellet/området skal ein vaksen eller nokon i ungdomspanelet godkjenne fråveret. Det er verken tid eller lov til å forlate hotellet under samlinga. Alle skal bu i fleirsengsrom, og vert plasserte av oss saman med personar av same kjønn. Korleis får du ordet under Ungdommens fylkesting Når du skal snakke under Ungdommens fylkesting må du bruke ein talarstol med mikrofon slik at vi er sikre på at alle får med seg det du seier. Det kan verke litt skummelt i byrjinga, men ein blir fort vant med det. Under møtet må ein gje teikn til møteleiarane når ein ønskjer å ta ordet. Rekk opp skiltet ditt med ditt delegatnummer slik at møteleiar kan sjå og registrere det. Når du får eit lite nikk frå møteleiar kan du ta ned skiltet og gjere deg klar til innlegget. Open runde Fredag skal det vere open runde på Ungdommens fylkesting. Vi vil at alle delegatane skal opp på talarstolen og seie kven dei er, kor dei kjem frå og så nemne ei sak dei brenn for. Det skal vere eit kort innlegg på eit minutt. Spør ein politikar! Ungdomspanelet utfordrar nokre ungdomspolitikarar frå fylket til å stille opp i eit panel og vi let UFT deltakarane få stille dei spørsmål. Fotografering Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta ein del bilete og film og dette vil kunne bli brukt under og etter UFT av fylkeskommunen i våre publikasjonar og på nett. Om ein ikkje ønskjer å bli fotografert eller filma send ein e-post om dette til Ingeborg Forseth på e-post ingeborg.forseth@mrfylke.no. Alt av informasjon om årets Ungdommens fylkesting kan du finne på ungweb.no. Har du spørsmål, ta kontakt med Ingeborg Forseth. Til slutt, vi gler oss til å møte deg på Åndalsnes, og er sikre på at vi kjem til å få det kjempekjekt! Med helsing Marcus Svenning Ingeborg Forseth leiar i ungdomspanelet UNGkoordinator 940 37 375 Mobil 900 13 983/71258721 ungdomspanelet@mrfylke.no ingeborg.forseth@mrfylke.no www.ungweb.no Facebookgruppa: Ungdomspanelet i Møre og Romsdal! Instagram: ungdomspanelet_mr Twitter: #uftmr Side2

Saksnr Innhald Uoff UFT 1/15 Konstituering UFT 2/15 Val av redaksjonskomite UFT 3/15 Årets ungdomskommune 2015 UFT 4/15 Økonomiplan 2016-2019 med budsjett for 2016 UFT 5/15 Årsrapportar for ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet UFT 6/15 Kommunereformen - status quo UFT 7/15 Nasjonalt ungdomsråd UFT 8/15 "Vi er alle litt skeive" - prosjektet UFT 9/15 Utfordringar, moglegheiter og planar i Møre og Romsdal UFT 10/15 Fråfall i den vidaregåande skolen - med fokus på ungdom med innvandrarbakgrunn UFT 11/15 Handlingsprogram for ungdomspanelet UFT 12/15 Val av ungdomspanel 2015 Godkjenning av protokoll Side3

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65917/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 1/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Konstituering Bakgrunn Før ungdommens fylkesting (UFT) formelt kan starte å diskutere politiske saker, må vi konstituere møtet. Dette vil si at innkallinga, sakslista og dagsorden godkjennast. Det må veljes møteleiarar som skal leie møtet på ein objektiv og rettferdig måte. Under konstitueringa må også UFT vedta kven som skal føre protokollen og vere teljekorps. Forretningsorden er eit viktig møtedokument som seier korleis møtet skal gjennomførast. a. Godkjenning av innkallinga Første invitasjon til ungdommens fylkesting vart sendt ut til alle ungdomsråd/kommunar per brev 3. juni 2015. 18. august 2015 vart det sendt ut praktisk informasjon og informasjon om påmelding. I oktober vart alle sakspapira gjort tilgjengelege på ungweb.no og sendt per post til kommunane sine kontaktpersonar. Vedtektene (reglane for Ungdommens fylkesting) slår fast at: 2.11: Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møtet bør arrangerast i oktober/november. Vedtektene til UFT seier også at innkallinga skal sendast ut to månader før UFT skal arrangerast. UFT godkjenner innkallinga til Ungdommens fylkesting 2015. b. Val av møteleiarar For å kunne gjennomføre eit godt møte er vi avhengige av gode møteleiarar. Dei skal sjå til at sakene blir rett behandla etter vedteker og forretningsorden. Møteleiarane skal passe på at alle sider av saka kjem fram i debatten, at alle blir høyrde og at alle som ønskjer å uttale seg får dette. I tillegg skal dei prøve å følgje vedtatt dagsorden. Ungdomspanelet legg fram forslag til møteleiarar under UFT - 2015. Ungdommens fylkesting vel Monica Molvær og. Side4

c. Val av protokollførar Protokollførar har ansvaret for protokollen til ungdommens fylkesting. Protokollførar skal registrere alle endringsforslag og føre alle delegater og alle vedtak korrekt inn i protokollen. Etter møtet ferdigstiller protokollførar protokollen og sender den til protokollunderskrivarane for gjennomlesing og godkjenning. Etter dette blir protokollen tilgjengelig på ungweb.no. Eit referat gjengir møte i større eller mindre grad, heilt opp til dei som har møte. Ein protokoll gjengir berre kven som var på møte, det som vart bestemt og dei som vart vald. Ungdomspanelet foreslår konsulent Ann Torill Vaksvik som protokollførar. Ungdommens fylkesting vel konsulent Ann Torill Vaksvik som protokollførar. d. Val av to delgatar som skal skrive under møteprotokollen Ungdommens fylkesting vel (namn) til å underskrive møteprotokollen. e. Val av valnemnd Det skal setjast ned ei valnemnd på UFT sett saman av avtroppande medlem(er) av ungdomspanelet, representantar frå UFT som ikkje stiller til val, og ein person frå administrasjonen eller ein av dei politisk valde utsendingane frå fylkeskommune. UFT skal ha minst halvparten av medlemene. Ungdommens fylkesting vel konsulent Kari Rundmo, UP nestleiar Åse Kristin Ask Bakke og UP medlem Solveig Buvik til å sitte i valnemnda. f. Godkjenning av forretningsorden Forretningsorden er reglementet (spelereglane) for eit møte. Ved å vedta forretningsorden for Ungdommens fylkesting vil ein prøve å unngå diskusjonar om gjennomføring, votering og val under møtet. I tillegg er forretningsorden eit godt dokument for ordstyrarane å halde seg til når dei skal styre møtet. I tillegg må forretningsorden vere i samsvar med gjeldane vedtekter. Vedtektene for UFT/UP har eit punkt som regulerer møtet: 2.16: Ungdomspanelet sine medlemer har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i Ungdommens fylkesting og kan dermed ikkje vere kommunerepresentant på Ungdommens fylkesting. Med unntak av leiaren i Ungdomspanelet som har både stemme-, tale- og forslagsrett. Medlemer av Ungdomspanelet kan heller ikkje vere kommunerepresentant. Det er derfor viktig med utfyllande reglar for møtet for å avklare kven som skal tale når, korleis votere og gjennomføre møtet på ein god måte. Side5

Gjennom godkjenning av forretningsorden er alle delegatane med på å vedta spelereglane for møtet. Alle kan komme med endringsforslag under denne saken. Når ein vedtar endeleg forretningsorden med eventuelle endringar er det dette som gjeld for resten av møtet. Likevel er det viktig å understreke at Ungdommens fylkesting kan endre på forretningsorden (spelereglane) under møtet, men då må ein ha 2/3 fleirtal. Etter at forretningsorden er endra, er det med andre ord vanskeligare å endre på den. Det står ikkje noko i vedtektene til UFT at det må vere 2/3-fleirtal for å endre forretningsorden. Ungdomspanelet foreslår likevel at UFT vedtar eit slikt kvalifisert fleirtal for å sikre trygge og stabile møtereglar. Forslag til forretningsorden vil bli nøye gjennomgått under møtet og alle moglege spørsmål vil bli svart på. Ungdomspanelet foreslår følgjande forretningsorden: Forretningsorden UFT 2015: 1. Representantane frå kommunane har tale, forslag og stemmerett. Leiaren i ungdomspanelet har også tale, forslag og stemmerett. 2. Ungdomspanelet, koordinator for ungdomspanelet og ordstyrarane har tale og forslagsrett. 3. Representantane kan gje andre tale- og forslagsrett i enkeltsaker. 4. Det blir valt to ordstyrarar som leiar møtet. 5. Med unntak av ordstyrarar må alle som får ordet bruke talarstolen. 6. Taletida på innlegg skal ikkje vere lengre enn fire -4- minuttar. Kvar representant kan få ordet inntil to -2- gonger i same sak, da med maksimalt fire -4- og to -2- minutt. Representantar som ber om replikk på eit innlegg må gjere det før innlegget er avslutta. Ein replikk varer maksimalt førtifem - 45- sekund. Svarreplikk varer maksimalt tretti -30- sekund. Møteleiar kan foreslå å sette strek og avgrense taletida. 7. Etter strek er satt, kan ikkje forslag trekkjast eller nytt forslag framsettast. 8. Alle forslag som relaterer seg til saker skal leverast skriftleg. 9. Protokolltilførsler kan forlangast av delegata og ungdomspanelet. Protokolltilførsler må gjerast kjent innan saka er avslutta og må leverast skriftleg innan møtet er slutt. 10. Voteringar(stemmegiving) skjer ordinært ved at ein viser delegatskiltet sitt. Ved personval skal det gjennomførast skrifteleg votering om det er meir enn ein som stiller til val. 11. Val av nytt ungdomspanel. Valkomiteen vil kl. 09.00 søndag den 08.11.15 presentere sitt forslag til nytt UP. Etter dette vil det bli ein pause på 15 minutt. I løpet av denne pausen skal alle benkeforslag leggast fram. Det vil seie at delegatane kan fremme nye kandidatar enn dei valkomiteen har foreslått. Forslaget må grunngis utifrå omsyn til kjønn, geografi og eigenskaper og ein må seie kven ein ynskjer ut. Etter pausen er det ikkje mogleg å fremme nye kandidatar. Side6

12. 2/3 fleirtal kan vedta å endre eller fråvike forretningsorden under møte. Ungdommens fylkesting vedtar forretningsorden med eventuelle endringar. g. Godkjenning av saksliste Ungdomspanelet foreslår følgjande saksliste til Ungdommens fylkesting 2015: 1/15 Konstituering 2/15 Val av redaksjonskomité 3/15 Årets ungdomskommune 2015 4/15 Økonomiplan 2016-2019 med budsjett for 2016 5/15 Årsrapportar for ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet 6/15 Kommunereforma status quo 7/15 Nasjonalt ungdomsråd 8/15 Vi er alle litt skeive 9/15 Utfordringar, moglegheiter og planar i Møre og Romsdal 10/15 Fråfall i vidaregåande skole med fokus på ungdom med innvandrarbakgrunn 11/15 Handlingsprogram for ungdomspanelet 12/15 Val av UP Ungdommens fylkesting godkjenner sakslista. h. Val av teljekorps Ungdommens fylkesting vel Åse Kristin Ask Bakke og Åse Kristin Bjørneraas Hopen til teljekorps. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side7

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65918/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 2/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Val av redaksjonskomite Bakgrunn I større saker der det kjem inn mange endringer og/eller tilleggsforslag til vedtak er det lurt å sette ned ein redaksjonskomité. Ein redaksjonskomité skal hjelpe ungdommens fylkesting (UFT) med å samle alle innkomne forslag til eit heilskapleg forslag som vil bli presentert for UFT, og som UFT deretter kan stemme over. Ungdomspanelet foreslår å opprette ein redaksjonskomite under årets UFT. Ungdomspanelet (UP) ønskjer at Even Hendseth og Rebekka Strandmann Hansen sitt i redaksjonskomiteen. Even Hendseth og Rebekka Strandmann Hansen blir valt inn som medlemer frå UP i redaksjonskomiteen. Det blir valt to delegatar frå UFT til redaksjonskomiteen: 1. 2. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side8

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65919/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 3/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Årets ungdomskommune 2015 Bakgrunn Kvart år deler ungdommens fylkesting ut pris til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. 3. juni og 18. august 2015 vart det sendt ut informasjon om prisen. Frist for å nominere var 1. oktober 2015. Til årets tildeling er det nominert tre kommuner: Eide kommune, Kristiansund kommune og Molde kommune. Alle kommunene vil får 15 min. til å presentere sin kommune fredag 6. november. Deretter vil det bli avstemning. Retningsliner for Årets ungdomskommune: 1. Prisen "Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal" blir delt ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal. 2. Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å: Legge til rette for medverknad for ungdom Skape gode møtestader for ungdom Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen 3. Prisen delast ut i innan april året etter at kåringa er gjort og gjeld inneverande år. 4. Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke. 5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til ungdomspanelet innan den annonserte fristen. 6. Nomineringsbrevet må innehalde ei grunngjeving for nomineringa. 7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylke, samt å annonsere prisen godt. 8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen. 9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkome nominasjoner før dei leggast fram for ungdommens fylkesting. 10. Medlemer i ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens Fylkesting. 11. Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet vert lukka under handsaminga. Side9

12. Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre i Årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom. 13. Ungdomspanelet tek atterhald om retten til ikkje å dele ut prisen. Retningslinene vart revidert av ungdomspanelet i Møre og Romsdal i møte 08.11.13. Årets ungdomskommune 2015 er: Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side10

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65920/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 4/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Økonomiplan 2016-2019 med budsjett for 2016 Bakgrunn Kvar haust legg administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune fram ei økonomiplan, og i november skal økonomiplan for 2016 2019 med budsjett for 2016 bli lagt fram. I år vil økonomiplana bli presentert i ein pressekonferanse 2. november 2015. Den skal vidare behandlast i hovudutvala 9. november, i fylkesutvalet 17. november og i fylkestinget 8. desember. Plana vil bli lagt fram for ungdommens fylkesting i november og det er så opp til tingsamlinga om UFT ønskjer å ta saka til vitande eller om UFT har kommentarar. Saka blir lagt fram utan forslag til vedtak. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side11

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65921/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 5/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Årsrapportar for ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet Bakgrunn Ungdomspanelet sin årsrapport Vedtektene til ungdommens fylkesting (UFT) slår fast at: 2.3 Ungdommens fylkesting skal ha ein årsmøtefunksjon overfor ungdomspanelet, der ungdommen rapporterer til ungdommens fylkesting om sitt arbeid. Ungdommens fylkesting lagar ei plan for kva saker ungdomspanelet bør arbeide med det kommande året. Det er ungdommens fylkesting som vel representantar til ungdomspanelet. Ungdomspanelet vil her rapportere frå det siste året. Det blir høve til å stille utdjupande spørsmål til ungdomspanelet under møte. Rapporten blir delt ut under tingsamlinga. Elev- og lærlingombodet sin årsrapport Det står ikkje noko i vedtektene om at elev- og lærlingombodet skal rapportere til UFT. Ungdomspanelet ønskjer likevel at dette blir gjort som ei orientering til UFT. Det blir høve til å stille utdjupande spørsmål til ombodet under møte. Rapporten blir delt ut under tingsamlinga. Saka blir fram utan forslag til vedtak. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side12

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.10.2015 66725/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 6/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Kommunereforma - status quo Bakgrunn Alle kommunane i Møre og Romsdal er i gang med arbeidet med kommunereforma. Kommunereforma er ei omfattande reform som har til hensikt å betre kommunestrukturen. Det er mykje som kan tyde på at kommunane vil verte større. 1. juli 2016 skal alle kommunar ha fatta vedtak ynskjer dei å bli større? Slå seg saman med naboen? Resultatet av dette arbeidet skal dei unge i dag leve med og bo i. Det er difor viktig at dei unge stemmene vert høyrt. Det er frå sentralt hold klart formidla at ungdom må involverast i prosessane lokalt. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har uttala at ein ikkje kan diskutere reforma utan å invitere med dei unge. Ungdomspanelet har vore mykje involvert og engasjert i prosessen, og har mellom anna vore i dialogmøte med Jan Tore Sanner. Ungdomspanelet ønskjer at ungdom i Møre og Romsdal skal engasjere seg og er bevisste si rolle i denne prosessen for å kunne ha moglegheit til å medverke og påverke utviklinga for kommunen sin. Ungdommens fylkesting tek saken til orientering. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side13

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.10.2015 66724/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 7/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Nasjonalt ungdomsråd Bakgrunn Under eit møte med barne-, likestilling- og inkluderingsminister Solveig Horne blei det etablert kontakt med tilsvarande medverknadsorgan i andre fylker rundt om i landet. Det blei foreslått å etablere eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom. Dette er tenkt likestilt med statlig seniorråd, som er eit rådgjevande organ for saker som er relevant for målgruppa. Det har hittil i år vore tre -3- møter for å planlegge etablering av eit nasjonalt ungdomsråd. Som resultatet av desse møta blei følgjande forslag til vedtak lagt fram, og vedtatt av forsamlinga (alle fylkesdekkande ungdomsorgan var tilstade). - Nasjonalt ungdomsråd skal likestillas med statlig seniorråd ved at rådet etablerer seg som eit nasjonalt rådgjevande- og høringsorgan for, og av, Stortinget. - Nasjonalt ungdomsråd skal utstedes eit mandat til å uttale seg i saker som angår ungdom. - Nasjonalt ungdomsråd skal få økonomisk og administrativ støtte frå Stortinget. - Nasjonalt ungdomsråd bør i tillegg ha muligheit til å meine noe i alle saker som ungdom har en meining om. Ungdommens vil at UP skal halde fram med å jobbe opp mot opprettelsen av et nasjonalt ungdomsråd. (Om første punkt ikke blir vedtatt vil punkter under gå bort som en følge av den avgjørelsen). Ungdomspanelet skal arbeide for at det blir oppretta eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom med nemnde punkter som grunnlag. Alle møte blir lagt til Trondheim på grunn av reisevei og geografisk plassering i landet. At det blir oppretta eit interimstyre inntil eit faktisk styre blir valt. Dette for å skape struktur på prosjektet. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side14

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.10.2015 66726/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 8/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 "Vi er alle litt skeive" - prosjektet Bakgrunn Det er kome klart til uttrykk at ungdommens fylkesting har ønskje om at ungdomspanelet skal rette fokus mot perfeksjonspresset i samfunnet. Mange unge følar sterkt på utsjånadspress, noko som påverkar den psykiske helsa. Det er òg mange utfordringar knytt til homofili og seksualitet. Det vart difor vedteke under ungdommens fylkesting 2013 at ungdomspanelet skal arbeide målretta for å skape eit rausare samfunn med plass til alle. Som eit resultat av dette har ungdomspanelet starta arbeidet med ein omfattande kampanje, som førebels har namnet «Vi er alle litt skeive». Kampanjen skal mellom anna involvere instagramkonkurranse, utstillarar, konsert og gjester med relevante foredrag. Kampanjen skal gå over nokre månader, med ei festivalliknande avslutning sommaren 2016. Ungdommens fylkesting ønskjer at ungdomspanelet skal halde fram med arbeidet med kampanjen i kommande periode. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side15

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 17.10.2015 66720/2015 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UFT 9/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Utfordringar, moglegheiter og planar i Møre og Romsdal Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune har ei rekke viktige ansvarsområde som har direkte innverknad på samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Dei viktigaste er: vidaregåande opplæring (24 vidaregåande skolar og to fagskolar) samferdsel (veg, ferjer, kollektivtransport, skoleskyss m.m.) nærings- og samfunnsutvikling regionale forskingsfond kultur (kulturformidling m.a. kultursekken, kulturtilskot, fylkesbiblioteket) kulturminner friluftsliv folkehelse tannhelse internasjonalt utviklingsarbeid vassforvalting, havressursforvalting, akvakulturforvalting og viltforvalting planlegging (lage planar for fylkeskommunen, følgje opp kommunane sine planar og legge fram statistikk og analysar) Fylkeskommunen lagar i desse dagar ein regional planstrategi som skal seie noko om korleis fylkeskommunen skal arbeide med desse ansvarsområda dei neste fire åra. Kva er regional planstretegi? Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 skal vedtakast av fylkestinget i april 2016. Dokumentet skal innehalde: Kva er dei største utfordringane i fylket Kva er dei største moglegheitene i fylket Kva planar trengst for å møte utfordringane og moglegheitene Kvifor planlegging? For at arbeidet med regional planstrategi skal gi meining, må vi kjenne til kvifor vi driv med planlegging i fylkeskommunen (det same gjeld for planlegging i kommunane). Noko forenkla kan vi seie at formålet er å: Få samfunnet til å utvikle seg i den retningen vi ønsker Gi klare spelereglar og føreseielege rammevilkår for alle Ivareta demokratiske rettar som openheit, deltaking og medverking Ein kommunal eller fylkeskommunal plan kan jamførast med ein kontrakt, ein kontrakt mellom kommunen/fylkeskommunen og innbyggarane. I planen skal det komme fram kva ein ønskjer, kva ein ikkje ønskjer, kva ein vil prioritere, kva ein ikkje vil prioritere, kva ein vil tillate og kva ein ikkje vil tillate. Side16

Det er eit lovkrav at fylkeskommunen og kommunane i planleggingsprosessane legger til rette for medverking, engasjement og samarbeid. I plan- og bygningslovens formålsparagraf er det sagt tydeleg at omsynet til barn og unges oppvekstvilkår skal ivaretakast. Kommunane skal ha ein person som har fått eit spesielt ansvar for å passe på at barn og unge sine behov og interesser blir tatt omsyn til i planlegginga. I utarbeidinga av utkastet til regional planstrategi har ungdomspanelet komme med innspel både til kva som er utfordringar og moglegheiter i fylket og korleis unge ønsker å medverke i plansaker. Dei har og komme med forslag til kva som må til for at Møre og Romsdal skal vere attraktivt nok til at de vel å busette seg her i framtida. Forslag til Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 I forslag til Regional planstrategi 2016-2020 er det teke utgangspunkt i følgjande målsettingar: Gode og inkluderande lokalsamfunn og byar Godt og breitt kultur- og fritidstilbod God og tilstrekkeleg kompetanse God konkurransekraft og nyskaping Gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar Gode oppvekst- og levekår God miljømessig berekraft I planstrategien blir det gjort greie for alle planane som fylkeskommunen har. For kvar plan er det lista opp tidspunkt for når planen blei vedtatt og kva som er formålet og innhaldet i planen. Det blir gitt ei vurdering av planen og ei tilråding om kva som skal skje med planen. Skal den reviderast, fullførast eller vidareførast uendra? Skal det lagast nye planar? Det blir føreslått ni nye regionale planar/planoppgåver, fullføring av seks planar som er starta opp, og vidareføring av 6 regionale planar. Dersom du ønsker å lese meir om forslaget til regional planstrategi før UFT på Åndalsnes, kan du gå inn på denne nettsida: www.mrfylke.no/regionalplanlegging Oppdrag høyringsuttale Før fylkestinget vedtek planstrategien, skal t.d. kommunar, regional stat, næringsliv og kulturliv ha moglegheit til å kommentere og gi sine innspel på prioriteringane i planstrategien. Høyringsfrist på Møre og Romsdal sin regionale planstrastegi er satt til 1. februar 2016. Det er viktig for fylkeskommunen at også ungdom i Møre og Romsdal gir si tilbakemelding på kva framtid dei ønskjer for Møre og Romsdal. Ungdommens Fylkesting (UFT) vert derfor utfordra til å gi sitt innspel, eller høyringsuttale, på Regional planstrategi 2016 2020. Dette skal UFT arbeide med i grupper på Åndalsnes. Gruppene vil få tildelt eit av dei sju temaa i kapittel 3 i forslag til regional planstrategi: Bulyst, inkludering og sentrumsutvikling Side17

Kultur- og fritidstilbod Kompetanse (utdanning) Verdiskaping (næringsutvikling) Samferdsel Oppvekstvilkår, folkehelse og tannhelse Berekraftig bruk av areal- og naturressursar Oppgåveteksten blir utdelt på UFT. Alle kan førebu seg på svare på følgjande spørsmål; - Kva skal til for at du vil velje å busette deg i Møre og Romsdal når du er ferdig med utdanninga di? Svara frå gruppearbeida vil vere grunnlaget for UFT sitt høyringssvar. Ingunn Bekken Sjåholm ass. fylkesplansjef Side18

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.10.2015 66845/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 10/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Fråfall i den vidaregåande skolen - med fokus på dei minoritetsspråklege Bakgrunn Ved utgangen av september var det busett om lag 7000 flyktningar i Noreg. Det er 29 prosent fleire enn på same tid i fjor. Samtidig venta 5112 busettingsklare flyktningar i mottak, 516 av desse var einslige mindreårige. Kommunane har no vedteke å busetje om lag 11 400 flyktningar i 2015. Møre og Romsdal fylke har hatt ei tredobling av talet på innvandrarar sidan 2007. I dag utgjer innvandrarar 11,2 % av befolkninga i Møre og Romsdal. Nokre kommunar har over 16% innvandrarar. Straumen av flyktningar til Europa og til Noreg fører til at kommunane må ta imot og busette fleire enn tidlegare. Kommunenes introduksjonsprogram skal gje flyktningar grunnleggjande ferdighetar i norsk og innsikt i norsk samfunnsliv, og førebu for deltaking i yrkeslivet. Regjeringa si målsetting er at minst 55 prosent av deltakarane starter i jobb eller utdanning direkte etter avslutta program. I 2014 avslutta 3189 personer introduksjonsprogrammet og 44 prosent av dei gjekk direkte over i arbeid eller utdanning. Det er eit mål at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ein del som ikkje fullfører i løpet av fem år, fullfører på eit seinare tidspunkt. Gjennomføringa beskriv resultatet av opplæringa for elevane som begynner i vidaregåande opplæring for første gong, fem år etter at dei begynte på Vg1. Ungdom som kommer inn til Noreg med grunnskole frå eiget land og starter på vidaregåande med lite norskkunnskap og har ikkje føresetnad for å gjennomføre vidaregåande skole, grunna språkutfordringar og dette gjev oss igjen utfordringar i utdannings-sektoren. Erfaringar Molde vaksenopplæringssenter har gjort seg over lang tid i forhold til innvandrarungdom i alderen 16-24 år med kort butid i Noreg er; Elevane våre manglar, eller har eit avgrensa nettverk. Dei treng nokre som kan støtte og rettleie, og dei treng nokre som kan vise dei all den implisitte informasjonen som vi har og som de ikkje har. Dei behøv ein rettleiar som kan støtte både på fag og det personlege, og då særleg i overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Elevane har liten eller ingen skolebakgrunn før dei kom til Noreg. Dette gjør sitt til at dei nødvendigvis ikkje veit kva dei skal spørje om Side19

Vurdering Rådgivar Gunhild Dahle frå Regional og Næringsavdelinga, rådgivar Berit Brudeseth frå Utdanningsavdelinga og Ragnhild Berthinussen frå Molde vaksenopplæringssenter ønskjer innspel frå ungdommens fylkesting via følgjande gruppespørsmål: Fråfall i vidaregåande skule er ei stor utfordring for elevane sjølve og for samfunnet. Mange av dei som fell i frå er elevar med innvandrarbakgrunn. Kva er årsaka og korleis kan vi løyse det? 1. Kva kan skulen gjere? 2. Kva betyr mangfald og korleis kan mangfald verte noko positivt for deg og dine medelevar? 3. Korleis kan ein betre sjansane til elevar med innvandrarbakgrunn til å greie vidaregåande opplæring? Innspel frå gruppearbeida blir tatt med i det vidare samarbeidet mellom Utdanningsavdelinga, Regional og Næringsavdelinga og Molde Vaksenopplæringssenter. Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side20

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65922/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 11/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Handlingsprogram for ungdomspanelet Bakgrunn Ungdommens fylkesting (UFT) skal handsame og vedta kva ungdomspanelet skal fokusere på og jobbe mot den neste perioden. For å gjere det mest mogleg oversiktleg vert dette samla i eit dokument; handlingsprogrammet. UFT står fritt til å bestemme kva saker ungdomspanelet skal jobbe med i perioden 2015/2016. UFT kan vedta mange ulike saker, eller vedta at ungdomspanelet skal jobbe med berre nokre få. Færre saker i handlingsprogrammet vil gje ekstra fokus og tid til sakene, medan fleire saker vil føre til mindre tid, men breiare fokus. I fjor blei følgjande handlingsprogram vedteke: Ungdomsdemokrati Ungdomspanelet skal: ha tett kontakt med ungdomsråda og følgje opp arbeidet dei gjer, slik at ein lettare kan sørgje for at alle ungdomsråda fungerer strålande. UFT meiner at ungdomspanelet må gjere det enklare for ungdomsråda å ta kontakt med UP. tilby skoleringar og foredrag som ein del av arbeidet opp mot ungdomsråda oppfordre ungdomsråda til å gjennomføre ein meir demokratisk valprosess. vere ein aktiv pådrivar for at ungdom blir høyrt i saken om kommunereforma. prøve å få til eit prosjekt med Aktiv Ungdom følgje opp prøveordninga med stemmerett for 16-åringar Utdanning Ungdomspanelet skal: jobbe for å betre og utvikle undervisningsevalueringa. jobbe for at elevane er betre kjent med sine rettar og klagemoglegheiter, spesielt med tanke på det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet. undersøke moglegheitene for at elevane deltek i tilsettinga av lærarar jobbe for at flest mogleg lærarar får tilbod om etter- og vidareutdanning. jobbe for eit betre samarbeid med Elevorganisasjonen (EO). sjå etter moglegheiter for samarbeid med andre aktuelle aktørar. jobbe for betre seksualundervisning og betre informasjon rundt voldtekt og homofili. Side21

Samferdsel Ungdomspanelet skal: arbeide for at omsynet til dei mjuke trafikantane blir ivareteke. jobbe for å betre skysstilbodet til elevar i vidaregåande opplæring. jobbe for digital betaling på kollektivtransport i fylket, og at eit sanntidssystem kjem på plass. arbeide for at alle store kommunar skal innføre nattbuss viss Trygt heim for ein 50-lapp er ugunstig Helse Ungdomspanelet skal: jobbe for at lærarar skal kunne grunnleggjande førstehjelp. jobbe for å betre skolehelsetenesta i fylket jobbe for å betre helsestasjonstilbodet i fylket jobbe for å få tannhelsetilbodet til å vere gratis heilt til fylte 20 år. Oppfølging av vedtak frå UFT 2014 Ungdomspanelet skal: følgje opp alle vedtak frå ungdommens fylkesting 2014 Andre saker Ungdomspanelet skal: evaluere arbeidsrutinane sine og jobbe for å effektivisere sitt arbeid jobbe for å leggje til rette for ein bustadsmarknad tilpassa unge. jobbe for at alle har moglegheit til å nytte seg av e-val. prøve å få til at ungdommens fylkesting vert arrangert i årets ungdomskommune om dette lar seg gjere. ha sine oppstartsseminar i årets ungdomskommune jobbe for å vidareutvikle nettsida ungweb.no arbeid aktivt for å gjere Møre og Romsdal til eit grønt og miljøvennleg fylke evaluere størrelsen på handlingsprogrammet og kor omfattande det er i løpet av 2015. Redaksjonskomiteen vil under ungdommens fylkesting utarbeide eit forslag til handlingsprogram for 2015/2016. Ungdommens fylkesting vedtek følgjande handlingsprogram for ungdomspanelet 2015/2016: Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side22

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 13.10.2015 65923/2015 Ingeborg Forseth Saksnr Utval Møtedato UFT 12/15 Ungdommens fylkesting 06.11.2015 Val av ungdomspanel 2015 Bakgrunn Ungdomspanelet er ungdommens fylkestings arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Ungdomspanelet (UP) skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune og partnarskap, samt drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og sette i verk ungdommens fylkesting sine intensjonar. Eit år i ungdomspanelet er svært spennande, gjev unike muligheiter til å bli kjent med andre ungdommar, det politiske systemet i fylket, samt dra på forskjellige kurs og seminar. Men det er og tidkrevjande og ein må ha tid til både skule og/eller arbeid og ta del i arbeidet i UP. Alle som stiller til val som medlem i UP må levere inn eit søknadskjema på førehand. Skjemaet ligg på ungweb.no (https://mrfylke.no/politikk/politiskeorgan/ungdomspanelet) Ein valkomité vil innkalle aktuelle kandidatar til intervju under tingsamlinga. Søndag vil dei leggje fram si innstilling (forslag til kandidatar) for ungdommens fylkesting. Alle som kunne tenkje seg å stille til val eller har spørsmål om det å sitte i Ungdomspanelet, kan ta kontakt på e-post: ungdomspanelet@mrfylke.no. Ungdommens fylkesting gjer det endeleg valet av nye medlemmar. Vedtektene seier: Samansetting 3.6: Ungdommens fylkesting vel 9 medlemer til ungdomspanelet. Medlemene av ungdomspanelet skal veljast frå representantane på ungdommens fylkesting og det sitjande ungdomspanelet (faste medlemer og vara). Alle dei tre regionane bør vere representert. Det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova. Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. 3.7: Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden. Representantane blir valde for to år, men halvparten vert skifta ut kvart år. Det blir i tillegg valt ei varamannsliste på 5 personar. Ved fråfall frå eit fast medlem av ungdomspanelet blir fyrst vara nummer 1 spurt om å stille, om ikkje vedkommande kan stille blir nummer 2 spurt osv. Side23

3.8: På Ungdommens fylkesting blir det kvart år valt leiar og nestleiar for ungdomspanelet. I ekstraordinære høve kan ungdomspanelet konstituere ny leiar og nestleiar frå faste medlemer av ungdomspanelet. Fast medlem Leiar: På val (1 år) Nestleiar: På val (1 år) Medlem: På val (2 år) Medlem: På val (2 år) Medlem: På val (2 år) Medlem: På val (2 år) Medlem: Even Hendseth, Halsa (1 år) - ikkje på val i 2015 Medlem: Aurora Dimmen Bratli, Ulsteinvik (1 år) - ikkje på val i 2015 Medlem: Simon Sandnes, Midsund (1 år) - ikkje på val i 2015 Varamedlem Vara nr. 1: På val (1 år) Vara nr. 2: På val (1 år) Vara nr. 3: På val (1 år) Vara nr. 4: På val (1 år) Vara nr. 5: På val (1 år) Ungdommens fylkesting 2015 vel følgjande til medlemer og varamedlemer til nytt ungdomspanel: Marcus Svenning leiar ungdomspanelet Side24

Godkjenningavprotokoll Side25