INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

Velkommen til Tussejuv barnehage!

INFORMASJONSHEFTE Flatdal barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Månadsbrev for Rosa september 2014

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Informasjon til foreldre

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Trollnytt for januar og februar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

Tilbakeblikk på mars:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonshefte Tuv barnehage

- Mars 2016 på Nøtteliten

AVDELINGSPLAN

ÅRSPLAN FLATDAL BARNEHAGE

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Handlingsplan Lye SFO

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Bli kjent med Orre Barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Bjørnehiet SFO - informasjon

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Du må tru det for å sjå det

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

LEIK OG VENNSKAP I OLDEN BARNEHAGE V/ Kari Samuelsen Nesdal, Kenneth Lie og Signe Opdal

Mehamn barnehage Årsplan 2007/2008. Årsplan

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsplan for Hare November

Transkript:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Heidi Haugerud/Nina Merete Bakkåker Opningstid: Måndag til fredag kl.07.30 16.30 Stengd i veke 29, 30, 31 og f.o.m. jolaften t.o.m. 1.nyttårsdag. Barnehagen er og stengd 5 dagar som personalet har planlegging. Seljord kommune si heimeside: www.seljord.kommune.no Juni 2017 1

Organisering Flatdal barnehage er organisert saman med Heddeli barnehage. Barnehagen er likevel ei sjølvstendig eining og har sin eigen årsplan og eige samarbeidsutval. Alt innhald i barnehagen er bygd på Lov om barnehaga, Handlingsplan for undervisningssektoren i Seljord kommune, nasjonal og lokal rammeplan. Barnehagen har 24 plassar. Barnegruppa er saman morgon og ettermiddag, men delar seg i små grupper ute og inne. Mellom om lag kl. 10.00-12.30 blir barna dela i grupper etter alder. Barna er etter tur "dagens hjelpar". "Dagens hjelpar" hjelper til i samling og fruktmåltid. Praktisk arbeid blir, når det er mogeleg, gjort saman med barna. Informasjonsrutinar Informasjon og planar for kortare periodar heng på oppslagstavla ved inngangsdøra. Planane får foreldra også med seg heim eller på e-post. På oppslagstavla heng praktisk informasjon, beskjedar til heimane og lister som fortel kva for barn og vaksne som er i barnehagen til ei kvar tid. Årsplanen, som er barnehagen sitt program for barnehageåret, kjem i august/september. Dagsrytme 07.30 Barnehagen opnar. 08.00 09.00 Frukost. Leik ute og inne. 10.00 13.00 Arbeid i grupper. Samlingsstund, leikegrupper, spelegrupper, formingsgrupper, kulturformidling, bibliotek, matlaging, gymsal, gapahuk, turar, måltid, kvilestund, garderobe. 11.15 Formiddagsmat 13.00 16.30 Leik ute og inne. Bibliotek onsdagar. 14.15-14.45 Ettermiddagsmåltid. Brød, frukt, grønsaker. 16.30 Barnehagen stenger. Alle klokkeslett gjennom dagen er omtrentlege. Dei minste barna et og søv etter avtale med foreldra. 2

Starten på dagen Barna kryssast inn av foreldra( p.g.a. brannforskrifter) og vaskar hender (reduserer smitte) Barn og foreldre går inn i leikerommet og helsar god morgon. Leiken ute og inne I leikeperiodar deler barna seg i grupper slik at nokre leikar ute og nokre leikar inne. Leiken har ein sentral plass i livet i barnehagen. Leiken har si eigenverdi difor skal personalet ta omsyn til leiken sin eigen kultur og gje plass og rom for den. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring, barna lærer å samarbeide og å utvikle språket. Leiken skal variere i tema. Måltid Måltida blir laga med sunn og næringsrik mat; brød, pålegg, mjølk, frukt og grønsaker. Barna er med på å lage eit varmt måltid to gongar i månaden. Under formiddagsmaten kl.11.15 skal barna oppleve glede over måltidet og lære generell bordskikk, som å sende mat, vente på tur, ete fint og takke for maten. Barna skal øve seg på ferdigheiter som å smøre, skjære ost og å helle mjølk. I samband med måltida skal barna også oppleve ulike smakar, lære om hygiene og søppelsortering. Måltidet startar med bordvers. Samling I samlinga skal barna øve opp konsentrasjon og stimulere språket. Dei skal bli kjende med song, musikk, lokal kulturuttrykk og litteratur. Faste innslag i samlinga er opningssong, dagens hjelpar, forteljing, bok, månadens dikt og song. Barna skal erfare fellesskap og ei gryande forståing av kva demokrati er. Speling Nokre barn og ein vaksen spelar spel. Barna skal erfare å vente på tur og å samarbeide. Speling hjelper til å utvikle språk, omgrep og matematikkforståing. Lesing Barna skal bli glad i bøker og vite korleis ein handsamar bøker. Å lese bøker styrker språkutviklinga. Barna skal bli lese for kvar dag. Vi brukar biblioteket. Kunst, kultur, forming Barna skal møte ulike kunstartar og kulturelle uttrykk. Barna skal erfare ulike materiale og teknikkar. Barna skal utvikle fantasi og kreativitet. 3

Gymsal Barna skal utvikle koordinering av kroppsdelar og fin- og grovmotorikk. Dei skal lære regelleikar, ringleikar, samarbeid og å vente på tur. Matlaging Barna skal erfare korleis ein førebur måltid, slik som middagsrettar, kor forskjelleg mat kjem frå, kva for mat kroppen har behov for, og mathygiene. I matgruppene gjer vi erfaringar med måling, veging, tal og omgrep. Barna skal lære å rydde etter eit måltid og sortere søppel. Kvilestund Barna skal få høve til å slappe av høyre lydbok, musikk og bli lese for. Garderobe Barna skal lære å kle på seg sjølve og gjere erfaringar om kva slag klede som er passeleg til ulikt ver og årstider. Barna oppmuntrast til å hjelpe kvarande og dei skal halde orden i garderobehylla si. Turar og Gapahuk Barna skal bli kjende i bygda. Barna skal bli kjende og glade i naturen. Dei skal erfare naturen gjennom årstidene. Barna skal få kjennskap til tre, blomar og dyreliv i området. Vi har fokus på miljøvern. Når vi går i bygda har vi og fokus på trafikkopplæring. Slutt på dagen Ei dagbok ligg på kommoden i gangen. Der står det litt om korleis dagen har vore. Snakk gjerne med barnet ditt om kva som har skjedd i løpet av barnehagedagen. Nokre gonger står det ein PC med bilete frå dagen. Ta gjerne kontakt med personalet om du vil høyre meir. Foreldra kryssar barnet ut (p.g.a. brannforskrifter) og seier i frå når dei går. 4

Høgtider og merkedagar Fødselsdagar blir markera med fødselsdagssong, vi sender opp "rakettar", flaggar og har bilete av fødselsdagsbarnet i gangen. Fødselsdagsbarnet er " dagens hjelpar". Fødselsdagsinvitasjonar skal ikkje leverast ut i barnehagen. Dyrsku'n. Tema knytt til dyrsku'n. FNdagen og verdsbarnedagen blir markera ved å bli betre kjend med tradisjonar frå andre kulturar som er representera i barnehagen. Jol og advent blir markera med tradisjonell bakst, jolepynt, songar og forteljingar. Samefolkets dag 6. feb. blir markera med samefolkets flagg og tradisjonar. Fastelavn blir markera med bollebakst og karneval. Barnehagedagen i mars. Nasjonal markering omkring tema knytt til barnehagar. Påske blir markera med egna litteratur, songar, formingsaktivitetar og sett i samanheng med våren. 17.mai blir markera med forteljingar om 17.mai. Barna blir kjend med nasjonalsongen, og andre 17.mai songar. Barna lærer om flagget og om kvifor vi feirar 17.mai. Markering av høgtider knytt til andre tradisjonar og kulturar blir gjort i samarbeid med heimane. Innhald i barnehagen Personalet ynskjer å skape ein barnehagedag fylt med leik, læring, humor, glede og tryggleik. Barna skal utvikle sosial handlingsdugleik, språk, kommunikasjonsevne og venskap. Slike ferdigheiter vil vere med på å jamne ut sosiale forskjellar, førebygge diskriminering, vere helsefremmende og likestille gut og jente. Barnehagane i Seljord har utvikla "språkpermar " der innhald i barnehagen om lokal kultur, dikt, rim, reglar, bøker, drama song, musikk og nærliggande tema er skissera for dei ulike aldersgrupper. Oppfølging av det enkelte barn. Når eit barn har fått plass i barnehagen blir barnet og foreldra invitera til eit besøk i barnehagen. Etter det fyrste besøket blir foreldra oppmuntra til å kome ofte på besøk fram mot barnehagestart. Barnet treng tid til å bli kjend i barnehagen og få tillit til nokon av dei vaksne. Foreldra må difor sette av tid til å fylgje barnet i barnehagen dei fyrste dagane og vere tilgjengelege ved behov i startfasen. Barn har ulike behov for tid til å bli trygg i barnehagen, barnet må få den tid det treng. Mange arbeidsplassar gjev inntil 3 dagar permisjon for tilvenning i barnehagen. Kvart barn har sin kontaktperson som hjelper barnet til å bli kjend og trygg i barnehagen. Når barnet starter i barnehagen er kontaktpersonen viktig. Etterkvart får barnet like mykje med andre i personalet å gjere. I samtalar og observasjonar har personalet fokus på korleis barnet opplever barnehagelivet. Det er foreldresamtalar to gonger i året der utviklinga til barnet blir tatt opp med foreldra. Tema kan vere helse, trivsel, læring, leik, sosialt samspel Foreldre og personalet 5

finn saman ut kva ein skal legge vekt på i oppfølginga av barnet. Siste året i barnehagen skal barna bli kjend med skulen. Barnehagen og skulen har ei samarbeidsavtale. Barns rett til medverknad Barn har rett til å medverke i korleis barnehagedagen skal vere. Rammeplan for barnehagar krev at barna skal vere med å bestemme i sitt eige barnehageliv. Personalet forstår omgrepet slik at kvart barn har rett til å bli sett, høyrd, respektert og til å deltake og prøve seg fram. Vi jobbar difor systematisk med den vaksne si rolle i møte med det enkelte barn og barnegruppa. Det siste året før skulestart er barna meir systematisk med på å planlegge innhaldet i barnehagedagen. I denne prosessen skal barna og få eit innblikk i kva demokrati er. Dokumentasjon og vurdering. Barnehagen tek vare på noko av arbeida til barna fram til barna sluttar i barnehagen. Alt blir samla i ei mappe som barna får med seg når dei sluttar. Det enkelte barn og barnegruppa sitt utbytte av barnehagedagen blir vurdera gjennom observasjon, i personalmøte, i foreldresamtaler og i samtaler med det enkelte barn. TRAS og MIO er enkle kartleggingsverktøy for språk, omgrep og sosiale ferdigheter. Vi nytter desse som eit hjelpemiddel til oppfølging av det enkelte barn. Kartleggingsskjema blir makulera når barnet sluttar i barnehagen. Nokre av arbeida til barna blir stilt ut eller hengt opp til utstilling. Utstillingane blir gjort i samarbeid med barna. Kvar dag skriv personalet i ei dagbok korleis dagen har vore. Nokre dagar blir det lagt inn bilete på PC i gangen. Barna er med på å finne ut kva for bilete som skal leggast inn og kva for bilete av dei sjølve som alle skal få sjå. I personalmøter, foreldremøter, samarbeidsutval, samtalar med foreldra og barna og på planleggingsdagar blir barnehagen vurdera i forhold til lokale og sentrale målsettingar. Barns rett til medverknad i barnehagelivet sitt, korleis personalet møter det enkelte barn, barnegruppa og vaksenrolla, blir vurdera og reflektera omkring på personalmøter. Vi nyttar ulike metodar for vegleiing. 6

Samarbeid mellom heim og barnehage. Personalet ynskjer eit godt samarbeid med heimen. Vi erfarer at det daglege møtet morgon og ettermiddag er den beste arena for kontakt. Dersom det er noko du lurar på eller noko du ikkje er nøgd med, vil vi gjerne ha tilbakemeldingar. Barnehagen skal tilpasse seg mange forskjellege heimar, ynskjer og behov. Difor er personalet avhengig av å høyre kva føresette meiner for å gjere ein best mogeleg jobb. I løpet av barnehageåret har vi nokre arrangement med føresette. Det er to foreldresamtaler og to foreldremøter i året. Avtalar om å bli med kvarandre heim skal avtalast med føresette i forkant av barnehagedagen. Når andre enn foreldra hentar, skal barnehagen ha beskjed. Sjuke barn. Folkehelseinstituttet har laga retningsliner for sjuke barn og barnehageopphald. Barnehagane i Seljord fylgjer desse. Informasjon om sjuke barn og barnehageopphald ligg på Seljord kommune si heimeside under barnehage og lenka sjuke barn og barnehage. Klede og utstyr. Alle klede barna bruker i barnehagen bør vere merka. Barna må ha skiftliggande i barnehagen. Barna må ha klede etter årstida. Vi er mykje ute i all slags vær. Barna må difor ha godt med klede til forskjellig ver. Alle må ha med seg ei drikkeflaske til vatn. Dei som søv må ha med vogn. Foreldreråd og samarbeidsutval Alle foreldra er medlem av foreldrerådet. Rådet skal vere eit forum der føresette kan møtast og drøfte ynskjer og behov, og kome med innspel til barnehagen. Leiar og nestleiar blir vald for kvart barnehageår. Samarbeidsutvalet består av leiar av foreldrerådet, ein personalrepresentant og ein representant for eigar (dvs. ein politikar). Styrar er sekretær. Samarbeidsutvalet skal drøfte barnehagens innhald, fastsette årsplan og fremme kontakt mellom barnehagen og heimane. 7