HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 200603106-43 Arkivnr. 329.T04 Saksh. Ragnhildstveit, Jomar Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 02.10.2012 25.10.2012 BOSTON AS - SØKNAD OM FORLENGING AV SKJELSANDKONSESJON I BØMLO KOMMUNE SAMANDRAG Boston AS har søkt om forlenging av skjelsandkonsesjonen sin i Bømlo kommune, som omfattar dei to konsesjonsområda Nordøyane og Utfatet. Søknaden har vore på høyring utan at det kom spesielle merknadar. Ut frå moment som skal vurderast ved konsesjonshandsaming, vert det rådd til å forlenge konsesjonen som omsøkt i fem år, på same vilkår som før. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får Boston AS forlenga konsesjon for opptak av skjelsand frå dei to områda Nordøyane og Utfatet i Bømlo kommune. 2. Årleg opptak av massar er: Inntil 10.000 m3 frå Nordøyane og inntil 8.000 m3 frå Utfatet. 3. I området Nordøyane vert det ikkje tillate med skjelsandopptak i perioden 15. juli til 15. september av omsyn til ærfugl i mytetida. 4. Ved opptak av skjelsand frå området Nordøyane må skjelsandopptakar vere spesielt merksam på det automatisk freda kulturminnet ved Hespriholmen aust for konsesjonsområdet, og forvisse seg om at skjelsandopptak ikkje skjer utanfor konsesjonsområdet. 5. Konsesjonen gjeld til 07.03.2017. 6. Konsesjonen vert elles gitt på dei vanlege vilkåra for skjelsandkonsesjonar som vil framgå av konsesjonsdokumentet i samsvar med sentralt rundskriv av 1.4.93. Vedlegg: Søknad med kart. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Jan Per Styve regionaldirektør
FYLKESRÅDMANNEN, 13.09.2012: Søkjar Boston AS frå Karmøy hadde konsesjon for opptak av skjelsand frå dei to områda Nordøyane og Utfatet i Bømlo kommune fram til 7.3.12. Selskapet fremja søknad 4.5.12 (vedlagt med kart) om forlenging av konsesjonen i fem år. Søknaden Det er søkt om konsesjon på same vilkår som før, bortsett frå ein reduksjon i opptaket frå Utfatet, frå inntil 15.000 m3 årleg til inntil 8000 m3 årleg. Skjelsanden skal i følgje søknaden brukast til jordforbetring i landbruket og til reinsing av bekkar. Tidlegare konsesjonshandsaming Skjelsandkonsesjonar kan søkjast forlenga med inntil 5 år av gongen. Konsesjonen som no er søkt forlenga har opphav i ein konsesjon gitt til eit anna selskap i 1996, og som deretter har blitt forlenga, og i 2007 overteken av Boston AS, etter følgjande vedtak i fylkesutvalet 23.04.07, sak 89/07: I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, vedtek fylkesutvalet følgjande: 1 Imperator Maritime AS får konsesjon for opptak av skjelsand frå dei to områda Kjennskjera- Kjennholmane og Holsøyane. Opptak skal gjerast med grabb. 2 Boston AS får konsesjon for opptak av skjelsand frå dei to områda Nordøyane og Utfatet. Området Nordøyane vert redusert til ca 162 dekar, etter avgrensing av området mot nord i samsvar med saksframlegget. I området Nordøyane vert det ikkje tillate med skjelsandopptak i perioden 15. juli til 15. september av omsyn til ærfugl i mytetida. Ved opptak av skjelsand frå området Nordøyane må skjelsandopptakar vere spesielt merksam på det automatisk freda kulturminnet ved Hespriholmen, og forvisse seg om at skjelsandopptak ikkje skjer utanfor konsesjonsområdet. 3 Konsesjonane gjeld til 7.3.2012. 4 Konsesjonane vert elles gitt på dei same vilkåra som gjaldt for konsesjonen til Sønstabø Holding AS for perioden 7.3.02-7.3.07, og elles på dei vanlege vilkåra for skjelsandkonsesjonar i samsvar med sentralt rundskriv av 1.4.93, slik det vil framgå av konsesjonsdokumenta. Saksopplysningar Kommuneplanen I kommuneplanen sin arealdel, vedteken 3.4.06, er dei omsøkte konsesjonsområda lagt ut som område for råstoffutvinning (pbl 85 20-4 1. ledd nr. 3). Konsesjonsområda er omgitt av FFNF-område (Ferdsle, Fiske-Natur, og Friluftsområde). Kommuneplanen sin arealdel er den same som gjaldt ved konsesjonshandsaminga i 2007. I framlegg til ny kommuneplan for Bømlo 2012-2024, som no er på høyring (sjå høyringssak på KURE-møtet 2.10.), er dei omsøkte konsesjonsområda framleis lagt ut til råstoffutvinning (pbl 11-7 Nr. 1 Bebyggelse og anlegg). Skjelsandopptak og ressursoverslag på konsesjonen På konsesjonsområdet Nordøyane er det i følgje pliktig årsrapportering teke opp i alt 28.340 m3 skjelsand. Opptaka er gjort i 2002 (3.300 m3) og årleg i perioden 2006-2011. Størst årleg opptak er gjort i 2008, med 7.500 m3. I søknaden er det antatt å vere 150.000 m3 skjelsand i konsesjonsområdet Nordøyane. På konsesjonsområdet Utfatet viser årsrapporteringa at det til saman er teke opp 5.550 m3 skjelsand. Det er gjort opptak i 2002, 2008 og 2010. I søknaden er det antatt å vere 16.000 m3 skjelsand på Utfatet. 2
I NGU-rapport 96.040 Skjellsandforekomster i Bømlo kommune, Hordaland, er det innanfor konsesjonsområdet Nordøyane vist eitt område med sikker skjelsand på ca 20.000 m2, som med 4 meters tjukne vil innehalde 80.000 m3 skjelsand. Innanfor konsesjonsområdet er det i tillegg kartlagt to område med mogeleg skjelsand. Samla areal på dei to delområda med mogeleg skjelsand er ca 19.000 m2, som med 3 meters tjukne gir ca 57.000 m3 mogeleg skjelsand. I NGU-rapporten er det på Utfatet vist eit areal med sikker skjelsand på ca 40.000 m2, som med 3 meters tjukne gir 120.000 m3 skjelsand. Ovanståande viser at søkjar vurderer Utfatet som ein langt mindre førekomst enn kva NGU har vurdert ut frå si kartlegging. Skjelsand Ressursoverslag og opptak så langt i Hordaland Skjelsand er knuste kalkskal frå skjel og andre marine organismar. Det meste av skjelsandressursane ligg mellom holmar og skjer langt ute mot havet. Der er det liten tilførsel av mineralsand samtidig som bølgjeenergien er stor nok til å knuse skala. Nydanning av skjelsand føregår så langsamt at ein reknar skjelsand for ein ikkje-fornybar ressurs. Skjelsandressursane i Hordaland er grovt kartlagt av Norges geologiske undersøkelse (NGU) i perioden 1988-1995 og 2010, med støtte frå fylkeskommunen og dei fleste aktuelle kommunane. Totalt har ein stipulert at det er ca 115,6 millionar m3 mogeleg og sikker skjelsand i fylket, derav ca 52.3 millionar m3 sikker skjelsand. Hordaland og Rogaland er dei best kartlagde fylka, og Hordaland vert rekna som det største skjelsandfylket i landet. Samla opptak av skjelsand i Hordaland i perioden 1991-2010 er på vel 0,7 millionar m3. Dei seinare åra har årleg (rapportert) opptak av skjelsand i Hordaland lege på ca 30.000-40.000 m3. Ut frå NGU si skjelsandkartlegging er det stipulert å vere ca 6,3 millionar m3 sikker skjelsand i Bømlo kommune, og i tillegg ca 12,7 millionar m3 mogeleg skjelsand. Retningsliner ved konsesjonshandsaming Løyve til opptak av skjelsand vert gitt i medhald av Lov 21. juni 1963 nr. 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (kontinentalsokkellova). Etter lova ligg retten til skjelsandressursane til staten. Fylkeskommunen er delegert konsesjonsmynde for opptak av undersjøisk skjelsand, sand og grus etter lova. I rundskriv 1.4.93 er det fastsett retningslinjer ved sakshandsaming og tildeling av konsesjonar. Sjå lenkje til rundskrivet på www.hordaland.no/skjelsand. Det er føresett at fylkeskommunen ikkje kan utelate, endre eller leggje til vilkår utan samtykkje frå departementet. Dette er likevel ikkje til hinder for at den enkelte fylkeskommune kan gjere lokale tilpassingar innafor ramma av konsesjonsvilkår som er fastsett i rundskrivet. Vedtak om konsesjon skal meddelast eller ikkje er eit enkeltvedtak, jf. forvaltingslova 28 flg. Enkeltvedtak skal grunngjevast (jf. 24-25). Vedtaket skal fattast etter ei skjønsmessig vurdering, der fordelane med tiltaket vert vurdert opp mot dei ulemper det vil medføre. Klageinstans er Nærings- og handelsdepartementet. Av forarbeida til kontinentalsokkellova går det fram at føremålet med lova er å gje norske styresmakter ein klar heimel til å føre kontroll med undersøking og utnytting av undersjøiske naturførekomstar. Miljømessige og geografiske forhold vil såleis vere relevante moment ved vurderinga. Å prioritere søkjarar frå eige fylke vil derimot vere eit utanforliggjande omsyn. Det er ein føresetnad at fylkeskommunen, før vedtak vert gjort, lagar ei skriftleg tilråding til spørsmålet om konsesjon skal gjevast eller ikkje. Tilrådinga skal som eit minimum innehalde eit resymé av dei ulike høyringsfråsegnene og ei vurdering og konklusjon i den konkrete saka. Fylkeskommunen kan ikkje treffe vedtak om konsesjon i strid med bindande arealplan, med mindre det aktuelle planmyndet samtykker. I samsvar med rundskriv 1.4.93 har det vore praksis at søknadar 3
om konsesjon for opptak av skjelsand vert sendt til fylkeskommunen, og at fylkeskommunen sender søknaden på høyring til høyringsinstansane. Opptak av skjelsand som omsøkt, må reknast som eit vesentleg terrenginngrep etter plan- og bygningslova (jf. pbl 20-1, 1. ledd bokstav k.). Slike tiltak krev løyve frå kommunen. Etter naturmangfaldlova 7 må prinsippa i 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit. Vurderingane etter prinsippa i 8-12 skal framgå av vedtaket. Om konsekvensutgreiing Etter forskrift om konsekvensutgreiing fell omsøkte tiltak inn under 3 bokstav e, dvs tiltak som skal vurderast etter 4 i forskrifta. For slike tiltak (tiltak nr. 23 i vedlegg II til forskrifta) er fylkeskommunen ansvarleg mynde, og handsaminga skal knytast opp til kontinentalsokkellova. Etter 5 i forskrifta skal ansvarleg mynde tidlegast råd ta stilling til om eit tiltak fell inn under kriteriane i 4 i forskrifta. Vurderinga skal ta utgangspunkt i opplysningar gitt av søkjaren og på elles føreliggjande og kjent kunnskap. Ansvarleg mynde skal i nødvendig grad ta kontakt med vedkomande mynde for å avklare om kriteriane i 4 kjem til anvendelse. Dersom ansvarleg mynde etter ei vurdering har funne at eit tiltak som vert omfatta av 3 ikkje fell inn under kriteriane i 4, skal dette gå fram ved høyringa av søknad om løyve. Høyringa - samandrag av høyringsfråsegner Søknaden vart sendt på høyring til dei obligatoriske høyringsinstansane 27.6.12, med høyringsfrist 7.9. Bømlo kommune Kommunen gav fråsegn ved høyringa i 2007, og rådde då til å gje konsesjon på same konsesjonsvilkår som før, fram til rullering av kommuneplanen. Kommunen gav elles fråsegn i FUV-sak 61/12, der ein annan søknad om skjelsandkonsesjon i kommunen var på høyring. I fråsegna der rådde kommunen til å gje forlenga konsesjon på same vilkår som tidlegare. Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga Ved høyringa i 2007 hadde Fylkesmannen ikkje merknadar til omsøkte opptak ved Utfatet. Men for området Nordøyane merka Fylkesmannen at området der inngjekk i eit viktig myteområde (fjørfellingsområde) for ærfugl i Hordaland og at det var viktig at fuglane ikkje vart uroa i den tida. Fylkesmannen meinte difor at det ikkje burde takast opp skjelsand frå området Nordøyane i perioden 15. juli til 15. september. Fiskeridirektoratet, region Vest (29.8.) Området der opptaket skal skje ved Nordøyane er i eit område sett av til fiske i Fiskeridirektoratet sine registreringar, men Fiskeridirektoratet har ikkje registrert at opptak av skjelsand har vore i stor konflikt med fiskeri i området. Fiskeridirektoratet vil ikkje gå imot ei forlenging med same konsesjonsvilkår som før. Hordaland fylkeskommune, akvakulturinteresser Det er vurdert å ikkje vere konflikt i forhold til akvakulturinteresser. Frå konsesjonsområdet Nordøyane er det ca 1.2 km i austleg retning til næraste akvakulturlokalitet Sylvøyane, godkjent for matfisk av laks og aure, og det er mange holmar og mindre øyar imellom. Frå konsesjonsområdet Utfatet er det ca 1,9 km til næraste akvakulturlokalitet Klungsholmen nordaust for Espevær, godkjent for matfisk av laks og aure. Kystverket Vest / Karmsund Havnevesen Kystverket Vest oversendte 10.8. saka til Karmsund Havnevesen som rette instans for handsaming etter lov om havner og farvann. Det er ikkje motteke fråsegn frå Karmsund Havnevesen. 4
Forsvarsbygg Bergens Sjøfartsmuseum (31.8) Museet viser til tidlegare søknader om forlenging av konsesjonen (brev frå Bergens Sjøfartsmuseum datert 10.01.2007). Då søknaden ikkje synest å innebere endringar i tiltaksområdas omfang, har museet ingen innvendingar mot ei vidareføring av konsesjonen. Museet sine interesser er ivaretekne gjennom konsesjonsvilkår nr. 18. Museet minnar for sikkerheits skuld om at det på Hespriholmen, ca. 150 m Ø av lokalitet Nordøyane, er registret steinbrot frå steinalderen, med utkasta massar på sjøbotnen. Heile lokaliteten, over og under vatn, er automatisk freda jf. lov om kulturminne, 4b. Den marine delen av steinalderlokaliteten kan stå i fare for å bli utsett for ras dersom store mengder skjelsand blir teke ut i det godkjente området. Museet oppmodar om at det blir teke omsyn til dette t.d. ved å avgrense uttak av skjelsand i størst mogeleg grad i den austlege delen av lokaliteten om mogeleg. Sidan tiltaksområdet framleis er uendra har museet ingen andre merknader til søknaden enn det som tidlegare er kommentert. Mattilsynet, distriktskontoret for Bergen Telenor Telecom Solution AS Vurdering Høyringa vert rekna som gjennomført, då ingen har bedt om utsett høyringsfrist. Det kom ikkje innvendingar mot forlenging av konsesjonen som omsøkt. I forhold til tidlegare konsesjonshandsamingar for dei to konsesjonsområda trengs det no ei vurdering ut frå Naturmangfaldlova (jf. 7-12), og ny vurdering i forhold til det automatisk freda kulturminnet på Hespriholmen, etter opptak i konsesjonsperioden og samla opptak. Hespriholmen: Ved søknaden om forlenging i 2007 (FUV-sak 89/07) vart nordgrensa til konsesjonsområdet Nordøyane flytta ca 200 meter lenger sør, slik at konsesjonsområdet vart monaleg mindre, og faren for utrasing vart då redusert. Det vart i saka i 2007 vurdert at det ikkje syntest å vere fare for utrasing av massar i nærleiken av Hespriholmen om ein held seg til opptak av skjelsand innanfor konsesjonsområdet. Som vist over er det teke opp vel 25.000 m3 skjelsand frå området Nordøyane i perioden 2006-2011 og vel 28.000 m3 samla, noko som er relativt mykje, og som t.d. tilsvarar volumet til eit 4 meters djupt basseng med areal som ein fotballbane (100x70x4). I alle fall inntil nærare kartlegging, er det viktig at opptak av skjelsand ikkje skjer aust og nordaust for konsesjonsområdet. Ved opptak av skjelsand frå området Nordøyane må difor skjelsandopptakar vere spesielt merksam på det automatisk freda kulturminnet ved Hespriholmen, og forvisse seg om at skjelsandopptak ikkje skjer utanfor konsesjonsområdet. I dei generelle vilkåra ved skjelsandkonsesjonar står det blant anna følgjande to punkt: Ved opptaket skal det unngåast at det vert danna steile skråningar med fare for utgliding/utrasing av strandmassar, kunstige marbakkar eller djupe hol, og at konsesjonshavar tek på seg å føre kontroll med at utrasing ikkje skjer. Vert det under opptaket oppdaga kulturminne som keramikk, eller andre lausfunn, skipsdelar, vrak og anna, skal verksemda straks stansast og fylkeskommunen skal underrettast om funnet. Verksemda må ikkje skade eller øydeleggje slike funn, jf lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne. Eventuelt erstatningskrav som følgje av tiltaket påkviler søkjaren. Det vert vurdert at kunnskapsgrunnlaget (jf. Naturmangfaldlova 8) er godt nok for å gjere vedtak i saka. Fylkeskommunen har fått utført fleire undersøkingar og innhenta fleire faglege vurderingar av 5
mogelege skadeverknader for det biologiske mangfaldet ved opptak av skjelsand. Det er også gjort undersøkingar i andre fylke. Undersøkingar og vurderingar som er gjort tyder på at dei eventuelle skadeverknadane for det biologiske mangfaldet er av lokal og heller kortvarig karakter. Vurderinga etter Naturmangfaldlova 8 er difor at dagens kunnskapsgrunnlag står i rimeleg forhold til risikoen for skade på det biologiske mangfaldet ved dei moderate opptaka av skjelsand i forhold til kartlagde ressursar. Dei enkelte skjelsandførekomstane bør ikkje tømast heilt, jf. forvaltningsmål for naturtypar og økosystem i naturmangfaldlova 4. Dei omsøkte bruksformåla (jordforbetring i landbruket og reinsing av bekkar) må reknast som samfunnsnyttige formål. Konklusjon Ut frå retningsliner ved konsesjonshandsaming, med vurdering av fordelar og ulemper ved tiltaket, vert det rådd til å forlenge skjelsandkonsesjonen. Det vert rådd til å forlenging på same vilkår som før, bortsett frå at årleg opptak frå Utfatet vert tilrådd redusert til inntil 8.000 m3 årleg, som omsøkt. 6