Støtteeining fag og utvikling Sakshandsamar: Helga Bakken Tlf: 57 62 96 39 Mobil: Vår ref. 12/3635-12 Arkiv U71 Dykkar ref. Husbanken Region Vest



Like dokumenter
Husbanken Region vest

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Handlingsprogram 2015

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Helga Bakken Arkivsaksnr.: 12/ Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS)

Kommunedelplan for oppvekst

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

BUSTADPLAN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Framlegg til Planprogram. Kommunedelplan. Helse-sosial-omsorg Rådmannen. Vedteken xx.xx.15, P-sak /2015

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Frivilligpolitisk plattform

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kommunedelplan Bustadsosial handlingsplan

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Om bustadtilpassing i Lindås kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Avtale om partnarskap

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Byggje bu leve Boligsosial strategi Meld. St. 17 ( ) Melding til Stortinget

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

FORANALYSE BUSTADSOSIALT ARBEID SOGNDAL KOMMUNE

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKT av februar 2007

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN STORD KOMMUNE

Forslag til forskrift

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Programplan

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Transkript:

Sogndal kommune Støtteeining fag og utvikling Sakshandsamar: Helga Bakken Tlf: 57 62 96 39 Mobil: Vår ref. 12/3635-12 Arkiv U71 Dykkar ref. Dato 19.09.2013 Husbanken Region Vest Søknad om deltaking i bustadsosialt velferdsprogram Vi viser til invitasjonen til å søkja om opptak i bustadsosialt velferdsprogram. Vi ønskjer å delta i programmet. Vi har forventningar til at deltaking i programmet vil gje: ein betra busituasjon for dei vanskelegaste stilte i Sogndal og i Sogn ein meir samordna bruk av dei bustadsosiale verkemidla i kommunen betre samordning av det bustadsosiale arbeidet intern i kommunen og med instansar utafor kommunen læring frå andre kommunar som deltek i programmet tilgang til Husbanken sin kompetanse og støtte i programmet. Forankring av bustadpolitikken i planverket til kommunen Kommuneplanen viser kommunen sine visjon og verdiar for framtida. Visjonen er: «Fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal». Vidare heiter det under temaet gode bu- og oppvekstvilkår: «I Sogndal skal det vera godt å bu, leva og veksa opp, med tilrettelagde bu-, arbeids- og aktivitetstilbod for alle innbyggjarar. Dette skal m.a. skje gjennom å arbeida for at: alle bustadområde skal ha tilgjenge til uteareal for sosiale- og fysiske aktivitetar særleg viktig er barns leikeområde og grøntareal. sikre universell utforming i nye buområde ha fokus på støy og trafikktrygging i bustadområde arbeide for mangfaldige bumiljø, med omsyn til etnisk bakgrunn, sosial- og aldersspreiing arbeida for varierte butilbod til grupper med særskilte behov.» Med bakgrunn i kommuneplanen har kommunen peika på to hovudoppgåver i bustadpolitikken: Vi skal (1) leggja til rette for ei utvikling som gjer at kommunen er god å bu i for alle og vi skal (2) ivareta bustadbehova til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Organisatorisk er det eit skilje mellom utbyggjaroppgåvene og dei bustadsosiale oppgåvene. Denne søknaden omhandlar dei bustadsosiale oppgåvene. Postboks 153 Tlf.: 57 62 96 00 Bankgiro: 3705.15.54222 6851 Sogndal Fax:57 62 96 01 Bankgiro for skatt: 6345.06.14205 E-post: postmottak@sogndal.kommune.no Org.nr.: 936 401 651

2 Generelt om Sogndal kommunen Bustadmarknaden i Sogndal er prega av folkevekst og tilflytting høgt tal studentar og elevar i høve til talet på fastbuande at kommunen er vertkommune for eit desentralisert asylmottak og for Indre Sogn psykiatrisenter at vanskelegstilte ikkje kjem inn på bustadmarknaden. Folketalet i Sogndal er aukande. Utviklinga sidan 2000 er som følgjer: 2000 2005 2010 2013 Personar 6661 6792 7035 7477 Auken i folketalet er kome i Sogndal sentrum. Prognosar for folketalsutvikling viser at kommunen vil halda fram med å veksa. Ein del av auken i folketal er innvandrarar, m.a. arbeidsinnvandring og flykningar. For 2013 har kommunestyret vedtak å auka mottak av flyktningar frå 20 til 35 personar under føresetnad av at vi klarer å skaffe bustader til alle. For perioden 2014-2016 har vi vedteke å busetja 30 flykningar årleg. Familiesameining kjem i tillegg. Det er 2700 studentar som er knytt til Høgskulen sine studietilbod i Sogndal. Dekningsgraden for studenthyblar er på 14 prosent. Kommunen er vertskommunen også for store deler av det vidaregåande skuletilbodet i regionen, og det betyr at mange unge frå 15-16 år er hybelbuarar i vår kommune. Talet på studentar og elevar gjev stort presse i leigemarknaden i Sogndal sentrum. Vi har eit privat desentralisert asylmottak med ca. 170 bebuarar i kommunen. Mottaket dekkjer heile bustadbehovet sitt på leigemarknad. Dei generelle levekårstilhøva i Sogndal ligg jamt med eller over landsgjennomsnittet. 1 Dei fleste bur i einebustader eller småhus. Innslaget av blokkutbygging har vore aukande dei siste åra. Vi ser og ein auke i profesjonelle utleigeaktørar som kjøper opp private bustadhus og omdisponerer dei til hybelhus. Dei siste åra har det vore til dels kraftig vekst i bustadprisane i sentrumsområde, både når det gjeld sal av hus og på utleigemarknaden. Denne utviklinga har heva terskelen for vanskelegstilte for å kome inn på bustadmarknaden, både som eigar og leigetakar. Bustadsosiale utfordringar i Sogndal 1. Organisering av det bustadsosiale arbeidet Det bustadsosiale arbeidet i kommunen er i dag organisert i fleire tenesteeiningar. Tenesteeining pleie og omsorg har ansvaret for omsorgsbustader og heimetenester til eldre og fysisk funksjonshemma uavhengig av alder. Tenesteeining helse og sosial har ansvaret for bustader og heimetenester til psykisk utviklingshemma, personar med alvorlege psykiske liding og rusavhengige og for busetjing av flyktningar. Helse- og sosialeininga er og ansvarleg for å forvalta Husbanken sine lån- og tilskotsordningar. NAV Sogndal har ansvaret for å skaffe mellombels bustad til bustadlause, økonomisk rådgjeving og yter økonomisk sosialhjelp. Tildeling av omsorgsbustader skjer i tverrfagleg samarbeidsgruppe (TSG) når det gjeld eldre og fysisk funksjonshemma. Dei andre bustadane vert tildelte av den einskilde tenesteeining. I 2011 oppretta vi ei tverrfagleg bustadrådgjevingsgruppe. Gjennom denne gruppa prøver vi å nå fleire i gruppa uføre og andre vanskelegstilte. Tenestetorget yter generell informasjon om kommunale husvære, deler ut søknadsskjema og tek i mot søknader. FDV (forvaltning, drift og vedlikehald) driftar dei kommunale utleigebustadane. 1 ) Folkehelseprofil 2013, Folkehelseinstituttet

3 Vi manglar systematisk informasjon om korleis dei som har det vanskeleg på bustadmarknaden fordeler seg på følgjande målgrupper: økonomisk vanskelegstilte fysisk funksjonshemma psykisk utviklingshemma langtidspasientar innan psykisk helse rusmisbrukarar sosialt vanskelegstilte anna funksjonshemming. Dette skuldast fleire forhold, t.d. ulike fagsystem for behovsregistrering eller at vi ikkje nyttar noko fagsystem i det heile. Dessutan er det slik at dei dokumenta som inngår i det årlege styringshjulet (plan, tiltak, evaluering og justering av plan) er presentert på einingsnivå og ikkje på kommunenivå, noko som gir lite samordna informasjon om omfanget av dei bustadsosiale utfordringar i kommunen. Vi manglar m.a. informasjon om og rutinar for: samla oversikt over tilgjengeleg kommunale bustader for ulike brukargruppe framtidig behov for kommunale bustader og venteliste til kommunale bustader oversikt over butid i ulike typar kommunale bustader. gode rutinar for handsaming og oppfølging av søknader om kommunal bustad. 2. Bustadbehov for innbyggjarar kommunen skal skaffe bustad til Bustader til eldre og pleietrengane Behovet for institusjonsplassar og omsorgsbustader er godt dokumentert gjennom det planarbeidet vi har gjort for å førebu og leggja til rette for gjennomføring av samhandlingsreforma. Vi er for tida i plan- og designkonkurranse for utbygging av Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS). SOHS skal ha 45 plassar fordelt på 20 plassar til langtidsopphald og 25 til korttidsopphald. Planlegginga skal og visa korleis vi kan utvida tilbodet med ytterlegare 40 plassar rundt 2025, for å kunna ta den raske veksten i omsorgsbehovet som då skjer på grunn av ei aldrande befolkning. Gitt same dekningsgrad som i dag når det gjeld institusjonsplassar og omsorgsbustader, vil det framtidige behovet for institusjonsplassar og heildøgns omsorgsbustader vera større enn den utbygginga som er under planlegging. Det er eit mål at vi utvikla tenestene, for å redusere behovet for omsorgsbustader og institusjonsplassar. Viktige tiltak vil vera meir førebygging, tidleg innsats og utprøving av nye løysingar knytt til velferdsteknologi, nye buformer og organisering. Dette er strategiar og tiltak som vert arbeidd med i kommunen sin helse- og omsorgsplanen. I det bustadsosiale velferdsprogrammet ynskjer vi å prioritera andre grupper. Unge uføre og funksjonshemma Kommunane har over tid fått større ansvar for å ivareta omsorgsbehova til brukarar som har store og samansette funksjonshemmingar og hjelpebehov, og oppfølging i bustad er for mange ein føresetnad for å kunna meistra bu- og livssituasjonen. Vi ser ein auke i talet på innbyggjarar med stort/omfattande hjelpebehov, særleg i gruppa under 67 år. På kort sikt er det behov for 5 nye bueiningar som inkluderer bustader både med og utan heildøgnsbemanning. For personar med samansette vanskar, der rus og psykiske problem dominerer, har det i løpet av det siste året vore 11 personar som har hatt trong for kommunal bustad. Dei fleste er unge folk. Dette er innbyggjarar som ikkje klarar på eige initiativ å skaffe bustad. Dei er gjerne blitt kasta ut der dei har budd som følgje av manglande betaling av husleige, bråk og støy, vanskjøting av huset m.m. Vi

4 har ikkje oversikt over behovet for tenester og buoppfølging for desse personane. I dag er desse svingdørsbrukarar på bustadmarknaden inn og ut av kommunale bustader, inn og ut av private hus eller hytter og periodar utan eigen bustad. Kommunane vil som del av samhandlingsreforma få ansvaret for psykiatriske-/rus pasientar som er utskrivingsklare frå sjukehus. Her har vi eit udekka behov for fleksible bustader tilpassa brukargruppa. Busetjing av flyktningar Flyktningar som buset seg i kommunen er mellom dei som har vanskeleg for å kome inn på den ordinære bustadmarknaden. I år skal vi ta imot 35 flyktningar, for perioden 2014-2016 30 flykningar kvart år. Dei som kjem hit på grunn av nære familieband til flyktningane kjem i tillegg. Vi har i løpet av dei seinare åra kjøpt fleire husvære som vert nytta til utleige for flyktningar, og i dag bur det 57 flyktningar i kommunale utleigehus og 29 i private bustader. I utgangspunktet har dei kommunale bustadane ei leigetid på inntil 3 år, men det kan søkjast forlenga butid. Vi veit at mange bur lengre enn 3 år, men vi veit ikkje kor lang den gjennomsnittlege butida er. Anslag over framtidig behov for nye kommunale bueiningar 2014/1 2016 2020 2025 2030 5 Institusjonsplassar/omsorgsbustader 45 40 Unge - uføre/funksjonshemma 5 Rus og psykiatri 5 3 Avlastning - funksjonshemma 4 Akuttbustader rus/psykiatri 2 Flyktningar 20 13 3. Samarbeid med andre instansar Erfaringar viser at det kan vera vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden etter behandling i institusjon for rus og eller andre helseproblem. Tilsvarande er det ved overgang frå å vera under omsorg av barnevernet til å skulla etablera seg i eigen bustad. Vi har etablert kontakt med Helse Førde HF og Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) når det gjeld utskriving av pasientar heimehøyrande i Sogndal og Sogn om behovet for tenester og bustad etter behandling ved ISP. Indre Sogn psykiatrisener har den siste tida redusert det døgnbaserte tilbodet sitt, og denne utviklinga vil venteleg bli ytterlegare forsterka gjennom samhandlingsreforma. Desse endringar vil gje større teneste- og bustadbehov i kommunane. Viktige samarbeidspartar i dette arbeidet vil vera både helseføretak og nabokommunane. Dersom Sogndal kommune vert deltakar i Husbanken sitt bustadsosiale program, vil den kompetansen kommunen får verta spreidd til andre kommunar i Sogn. Domfelte som kjem ut frå fengsel har også vanskeleg med å kome seg inn på bustadmarknaden. Vi har inngått ein samarbeidsavtale med Kriminalomsorgen Region Vest. Avtalen skal sikra at vi saman oppfyller dei pliktene vi har overfor domfelte. Tilfredsstillande bustad og ulike former for oppfølging er ofte sentralt punkt når det gjeldspørsmål om tilbakeføring av domfelte og innsette til samfunnet. Det kan vera aktuelt å etablere ein avdeling av Vik fengsel i Sogndal for butrening for innsette i Vik fengsel. For å leggje til rette for busetting og integrering av flykningar har vi inngått ein samarbeidsavtale med IMDI Integrerings- og samarbeidsdirektoratet om busetjing og integrering av flykningar. Mål og strategiar Hovudmål med deltaking i det bustadsosiale velferdsprogrammet er: Fleire vanskelegstilte i Sogndal skal ha ein stabil og varig busituasjon.

5 For å nå dette hovudmålet ønskjer vi gjennom deltaking i programmet å nå tre delmål med fleire tiltak knytt til kvart delmål. Tiltaka under kvart delmål vil bli vidareutvikla og supplert gjennom programarbeidet. Hovudmålet skal nåast gjennom følgjande delmål og strategiar: Delmål 1: Vi skal ha nok og tenelege kommunale bustader til dei vanskelegstilte. Vi vil arbeide med følgjande aktivitetar innafor dette delmålet: få ein betre oversikt over behovet for og omfanget over kommunale bustader for vanskelegstilte, m.a. ved å vurdere og avklare kva registreringssystem/fagsystem som vi skal nytte for å sikre ein regelmessig oppdatering av behovet for kommunale bustader for vanskelegstilte vurdere fleksible butilbod som sikrar ein kommunal bustadmasse som kan nyttast av fleire målgrupper blant dei vanskelegstilte på bustadmarknaden nytte velferdsteknologi i dei kommunale bustadene slik at den som nyttar bustaden kan klare seg sjølv i større grad utvikla verkemiddel og rutinar som sikrar overgang frå leige av kommunal bustad til leige/eige i den ordinære bustadmarknaden for innbyggjarar som ikkje skal ha varig tilrettelagd kommunal bustad utvikle verktøy for å få oversyn over gjennomsnittleg butid (gjennomstøyming) i kommunale bustader. Delmål 2: Vi skal sikre samordna tenester til dei vanskelegstilte på bustadmarknaden få oversikt over alle bustadsosial verkemiddel og vurdera eigen praksis i bruk av bustadsosiale verkemiddel samordna tildeling av kommunale bustader med andre kommunale tenester til personar med samansette problemstillingar/tenestebehov, m.a. vurdere bruken av individuell plan samordna kommunale verkemiddel og statlege verkemiddel retta mot dei vanskelegstilte på bustadmarknaden, m.a. vurdere bruken av og samansetjinga av ansvarsgrupper laga rutinar for butrening/bustadoppfølging vurdera korleis bustad som eit verkemiddel kan styrkja det førebyggjande helsearbeidet (jf. samhandlingsreforma og auka vekt på førebygging). Delmål 3 Vi skal sikre ei god og effektiv organisering av det bustadsosiale arbeidet i kommunen avklara korleis det bustadsosiale arbeidet skal synleggjerast i det fireårige plansystemet til kommunen (planstrategi og kommuneplan) og det årlege styringssystemet (økonomiplan med handlingsprogram og verksemdsplanar) vurdera og ev. endre den kommunale organiseringa av det bustadsosiale arbeidet og utarbeide rutinar som tydeleggjer ansvaret til alle einingane i kommunen som deltek i det bustadsosiale arbeidet vurdera eit interkommunale samarbeidet både innafor tenesleleveranse og erfaringsutveksling med nabokommunar innan bustadsosialt arbeid etablera samhandlingsarena mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege organ på det bustadsosiale området.

6 Organisering av programarbeidet Formannskapet vil vera programeigar. Søknaden om deltaking er handsama av formannskapet i møte 3. oktober. Rådmann vil jamleg rapportere om framdrifta i programmet til formannskapet. Rådmann er ansvarleg for gjennomføring av programmet. For å sikra gjennomføring, koordinering og kontinuitet skal det tilsetjast ein prosjektleiar i programperioden. Det vil bli oppretta ei styringsgruppe med rådmann og tenesteleiarane for dei einingane som er involverte. Det vil også bli oppretta ei prosjektgruppe som er sett saman av fagpersonar som kjenner feltet. Dei avdelingane som har oppfølgingsansvar for utsette grupper og dei som forvaltar dei bustadsosiale verkemidla, inkludert dei kommunale bustadane, vil delta i prosjektgruppa. Dette er representantar frå NAV Sogndal, helse og sosialtenesta inkl. flykningetenesta, pleie og omsorgstenesta, kommunalteknikk /FDV og barnevernet. Vi vil også opprette ei referansegruppe som vil følgje programmet og gje innspel til arbeidet. Representantar frå brukarråda og brukarorganisasjonar vil bli invitert til referansegruppa, i tillegg til sentrale offentlege instansar som fylkesmannen, Helse Førde HF, Bufetat og Kriminalomsorga. Finansiering For å gjennomføra oppgåvene som er knytt til punkta over, meiner vi at det er behov for ein ressurs tilsvarande ei stilling for ein periode på 4 år. Kommunen vil i tillegg nytta eigne ressursar i prosjektgruppa i programmet. Framdrift Dersom kommunen kjem med i det bustadsosiale velferdsprogrammet, vil vi straks lyse ut stillinga som prosjektleiar. Vi legg til grunn at prosjektleiar kan ta til i stillinga om lag 4 månader etter at kommunen er teken opp i programmet. Vi ønskjer parallelt med tilsettingsprosessen å gjennomføre foranalysen i programmet. Etter tilsetting av prosjektleiar vil programmet bli organisert opp med styringsgruppe, prosjektgruppe og referansegruppe. Det vil bli utarbeidd ein prosjektplan med tiltak, fristar og rapporteringspunkt. Dersom Husbanken ser behov for fleire opplysingar i samband med handsaming av denne søknaden, ber vi dykk ta kontakt med rådmann Jostein Aanestad (jostein.aanestad@sogndal.kommune.no) eller rådgjevar Helga Bakken (helga.bakken@sogndal.kommune.no). Med helsing Jarle Aarvoll ordførar Jostein Aanestad rådmann rådmann