Sakshandsamar, innvalstelefon Mari Katrine Berg, 5557 2326 Vår dato 03.02.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/405 460 Dykkar referanse Ragn Sells AS avd Sunnhordland Eldøyane 130 5411 Stord Rapport frå inspeksjon ved Ragn Sells AS avd Sunnhordland Dato for inspeksjonen: 08. januar 2015 Rapportnummer: 2015.051.I.FMHO (farleg avfall) og 2015.024.I.FMHO (sorteringsanlegg) Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Vidar Høivangli, Kristoffer Bekkevold, Jan Olaf Bommen og Trond Leganger Frå Fylkesmannen i Hordaland: Astrid Holte og Mari Katrine Berg Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader frå inspeksjonen. Dersom vi ikkje får melding om faktiske feil i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen i Hordaland fann eit avvik og har gitt ein merknad under inspeksjonen innan følgjande tema: Lagring av farleg avfall Avvika og merknadene er nærare omtalt frå side 4 og utover i rapporten. Ragn Sells AS avd Sunnhordland må sende ei skriftleg stadfesting innan 20. februar på at avvik er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side to. Astrid Holte senioringeniør Mari Katrine Berg overingeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Stord kommune, Jan Olaf Bommen Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Ragn Sells AS avd Sunnhordland Risikoklasse: 3 Besøksadresse: Eldøyane 130, 5411 Stord Postadresse: Postboks 49, 2001 Lillestrøm E-post: 08899@ragnsells.no Telefon: 08899 Kommune: Stord Organisasjonsnr.: 978 596 916 Bransjenr. (NACE-kode): 38.110 Innsamling av ikkje-farleg avfall Eigar (org.nr.): 952 187 627 Løyve sist oppdatert sorteringsanlegg: 22.08.2005 Siste tilsyn sorteringsanlegg: 15.-17.06.2011 Løyve sist oppdatert farleg avfall: 22.08.2005 Siste tilsyn farleg avfall: 26.09.2013 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Rapporten er utarbeida etter tilsyn ved Ragn Sells AS avd Sunnhordland 8. januar 2015. Tilsynet vart gjennomført for å følgje opp avvik funne under inspeksjon 26. september 2013 og for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova med forskrifter blir haldne. Rapporten beskriver avvik som blei avdekka, og gjer soleies ingen fullstendig tilstandsvurdering av bedriftas miljøarbeid eller miljøstatus. Følgjande hovudtema vart kontrollert: Ved mottak for farleg avfall: Status for avvik i tilsynsrapport 2013.078.I.FMHO Ved sorteringsanlegget: Avfallsmengder og -typar gjennom anlegget Mottakskontroll og registrering av avfall Lagring og vidarelevering av avfall Drift av anlegg og oljeutskiljar Utsleppskontroll Internkontroll 3. Oppfølging etter kontrollen Ved mottak for farleg avfall fann Fylkesmannen ingen avvik eller merknader innan dei områda som vart kontrollert. Inga tilbakemelding er nødvendig, og saka er avslutta. Ved sorteringsanlegget pliktar verksemda snarast å rette opp avviket som er omtalt i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, må de innan 20. februar sende ei skriftlig tilbakemelding med dokumentasjon som viser korleis avviket er retta, gjerne med bildedokumentasjon. 2
Varsel om tvangsmulkt Dersom vi ikkje får tilbakemelding med dokumentasjon på at avviket er retta innan 20. februar, vil Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. forureiningslova 73. I vedtaket om tvangsmulkt blir det sett ein ny frist for å sende inn dokumentasjon. Dersom denne fristen ikkje blir heldt, må verksemda betale tvangsmulkta. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på 50 000 kroner. Verksemda kan kommentere dette varselet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan to veker etter at denne rapporten er motteken, jf. forvaltningslova 16. 4. Kontrollgebyr Fylkesmannen varsla i e-post sendt 6. januar 2015 at Ragn Sells AS avdeling Sunnhordland vil få eit gebyr på 12 200 kroner for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Dette er gebyrsats 3. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har fått denne rapporten, jf. forvaltningslova 28. Klagen må innehalde den eller dei endringane de ønskjer. Den bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 6. Dokumentunderlag forureiningslova forureiningsforskrifta avfallsforskrifta internkontrollforskrifta løyver av 24. desember 1996 (sorteringsanlegg) og 14. mai 2001 (farleg avfall) med seinare endringar Informasjon om regelverket finn de på www.miljodirektoratet.no og www.regelhjelp.no. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevnaden (til dømes brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 3
Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1: Utsortert farleg avfall i sorteringshall mangla merking og lagringa var uoversiktleg Avvik frå: Løyvet punkt 3.11 om handtering av spesialavfall (farleg avfall) Avfallsforskrifta 11-5 om forsvarleg oppbevaring av farleg avfall Kommentar til regelverket: Farleg avfall skal lagrast slik at det ikkje er fare for forureining. Det inneber mellom anna orden og oversikt, ryddig og åtskilt plassering og tydeleg merking. Avviket er basert på følgjande observasjonar: Farleg avfall som vart sortert ut i sorteringshallen vart lagra på eige område. Området var uoversiktleg og mangla tilstrekkeleg merking av dei ulike typane farleg avfall. Det vart opplyst at nytt system for handtering av utsortert farleg avfall i sorteringshallen skulle komma på plass snarast. 7. Merknader Vi har gitt følgjande merknad: Merknad 1: Vi føreset at verksemda gjennomfører risikoreduserande tiltak i tråd med eigne planar Kommentar: Risikovurderinga er oppdatert i tråd med det som blei etterspurt i endeleg rapport datert 16. desember 2013. Verksemda har i den skriftlege tilbakemeldinga til Fylkesmannen omtalt planlagde tiltak for å redusere risikoen, men gjennomføring av nokre av tiltaka er forsinka på grunn av eigarskifte. Mellom anna gjeld dette bygging av større tak, kvalitet på tett dekke, tett betongkant som hindrar søl på området rundt trau for oppsamling av spillolje, og etablering av nytt område med rister og avgrensa rom under for lagring av utrygge IBC er og om-emballering av alle typar stoff. 8. Andre forhold Eigarskifte Anlegget skifta eigarar ved årsskiftet, og implementerer no rutinar frå ny eigar. Fylkesmannen ber om å få sendt tilstandsrapporten som vart utarbeida i forbindelse med overdraging av ny eigar. 4
Nytt løyve Fylkesmannen har varsla revisjon av løyvet. Det er planlagt ei samanslåing av konsesjonen for sorteringsanlegget og konsesjonen for farleg avfall til heller å verte omfatta av ein felles konsesjon. I den nye konsesjonen vil vi oppdatere krava, og mellom anna vurdere å setje krav til at lagring av farleg avfall skal skje under tak og på tett fast dekke med oppsamling av eventuell avrenning, men at annan lagringsmåte kan godtas dersom verksemda dokumenterer at den gir minst like lav risiko og like god miljøbeskyttelse. Under tilsynet vart det opplyst at verksemda planlegg utviding, og at dei vil sende søknad og be om eige møte om dette. Utslepp frå oljeutskiljar I e-post datert 12. november 2014 meldte Ragn Sells AS avd Sunnhordland om eit førhøgd analyseresultat på 390 mg/l frå prøvar for olje i vatn tatt frå oljeutskiljar ved sorteringsanlegg. Fylkesmannen har gitt løyve til utslepp via oljeutskiljar, men i utsleppsløyvet for sorteringsanlegget er det ikkje sett spesifikke krav til oljeinnhald. I forureiningsforskrifta 15-7 og i løyvet for mottak og mellomlagring av farleg avfall av 14. mai 2001, er det sett ei grense på oljeinnhald i vatn reinsa i oljeutskiljar på maksimalt 50 mg olje per liter vatn. Denne verdien kan brukast som rettleiande norm, og på bakgrunn av dette vurderer vi den rapporterte verdien som ein høg verdi. I oppfølgingsmåling mottatt per e-post 19. november 2014 hadde verdiane sokke til under 50 mg/l. Verksemda melder at det ikkje har vært uhell, utslepp eller andre driftsforstyrringar som kan forklare dei forhøgde verdiane, og dei har heller ikkje motteke meldingar om utslepp eller oljefilm ved utløpet frå utskiljaren. Verksemda har bestilt kontroll av oljeutskiljaren, og Fylkesmannen ber om å få tilsendt kontrollrapporten når den ligg føre. Verksemda må rekna med at det vert sett krav til oljeinnhald i oljehaldig avlaupsvatn i nytt løyve. Informasjon Under tilsynet vart verksemda informert om den nye nettstaden for deklarering av farleg avfall (avfallsdeklarering.no) og at det kan kome nye krav om finansiell sikkerheitsstilling for maksimal mengde lagra farleg avfall dersom avfallsforskrifta kap. 11 om farleg avfall vert endra. 5