INFORMASJONSHEFTE 2017 2018 LYEFJELL BARNEHAGE.
Lyefjell barnehage Lyefjell barnehage er ein kommunal barnehage som starta opp våren 1984. Barnehagen ligg flott til like ved Lye skule og idrettshall. Fint naturområde til turar med barna. Vi har gode lokale som fremmer leik, læring og varierte aktivitetar. Askeladden har 25 plasser for barn i alderen 3-6 år, Nøtteliten har 15 plasser til barn i alderen 0-3 år. Time kommune sin visjon er: Trygg og framtidsretta. Lyefjell barnehage sin visjon er: Tid til det enkelte barn. Lyefjell barnehage har eit pedagogisk grunnsyn som set det enkelte barn i sentrum. Kvart barn skal bli møtt med forståing og innleving, og få høve til å utvikla seg gjennom eit godt samspel med andre barn og vaksne. Barna skal ha ei kjensle av at dei blir sett, høyrt og at vi har tid til dei. Dette byggjer på teori frå Dialog pedagogisk modell. Denne modellen har dialog og samspel mellom menneske i sentrum. Den seiar at evna barna har til å kommunisera, i eit gjensidig samspel med andre og omverda, er grunnleggjande for barnet si utvikling på alle område. Leiken er barnet sin genuine væremåte og læringsmetode. Så leiken får stor plass i barnehagen vår. Vi ønskjer å stimulera den naturlege nysgjerrigheta og løfta fram kvardagslæring i alle aktivitetar. Leik og læring går hand i hand. Leiken har eigen verdi og er viktig i barnekulturen. Leiken utviklar fantasi og skapar evne. Den er eit hjelpemiddel for språk, tanke, kjensle, moral, fysisk og sosial dugleik og sjølvbilete. Vi er bevisste korleis vi nyttar tida vi har saman med barna. Vi lever i ein hektisk kvardag, og noko av det viktigaste vi kan gje barna er tida vår. Vi ønskjer å gje barna ei kjensle av at vi har heile dagen. Dette er noko vi ønskjer skal prege rutinesituasjonar og organiseringa i barnehagen. Tid til å sjå det enkelte barn og barnegruppa, og tid til å gje tilbakemelding og oppfølging. Lyefjell barnehage har ein estetisk læringsstil. Den kunnskap ein får gjennom sansane, refleksjonen over sanseinntrykk og erkjenning gjennom sansing skaper læring. Alle kan sanse og oppleve, og dersom ein lærer å setje ord på dette, vil ein vera i stand til formidle kunnskapen sin på ein god måte.
INFORMASJON Barnehagen har eiga nettside, gå inn på Time kommune, Lyefjell barnehage. På denne sida kan du finne årsplanen, mnd.plan, bilete m.m. www.minbarnehage.no/lyefjell DAGEN I Lyefjell barnehage Klokke 07.00 Rolig leik og barnestyrt aktivitet 07.30. Frukost fram til kl.08.50. 09.10 Morgon samling. 09.30 Inndeling i grupper. Mulighet for kvile/søvn. Måltid.10.30- Nøtteliten. 11.30 Askeladden. Muligheit for kvile/søvn 11.45 Uteleik 14.00 14.30 Måltid Barnestyrt aktivitet. 16.30 Barnehagen stenger. Innhald Barnehagen åpnar Frukost blir servert i barnehagen. Brødmat og havregrøt. Barna går i grupper/samling/tur. Føresette avtaler når barnet skal sove/kvile med personalet. Mat: Brød, pålegg,frukt og grønnsaker. Barna får smørje med kniv og velje pålegg. Varmt måltid av og til. Leik ute. Foreldra snakkar med personalet om kor mykje barnet skal ete ved 14.15 måltidet, før dei skal heim. På formiddagen deler vi barna inn i grupper med ulike aktivitetar. Etter måltidet kl.11.30-12.00 går barna ut og leikar, og nokon tar seg ein kvil. I barnehagen legg vi stor vekt på leik og læring gjennom heile dagen. OMSORG, LEIK OG LÆRING Omsorg, leik og læring er ein sentral del av barnehagen sitt daglege innhald. I tillegg legg me stor vekt på sosial og språkleg kompetanse, samt dei sju fagområda. Vi arbeider med programmet VÆRE SAMMEN som har sitt hovudmål å heve kompetansen hos alle tilsette i barnehagen. Dette går på å implementere den autoritative vaksenrolla, med varme og grensesetjande vaksne. Vi vil ha fokus på samspel mellom positive vaksne og barn, og mellom barn-barn. Programmet har fokus på haldningar og åtferd, tillit og respekt, og anerkjenning av barndommen sin eigenverdi. Barnehagen skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera eit utfordrande og trygt sted for fellesskap og vennskap.
* Barna vert delte inn i grupper etter alder og modning. * Vi jobbar med fagområda kommunikasjon, språk og tekst. Kropp, rørsle og helse. Kunst, kultur og kreativitet. Natur, miljø og teknikk. Etikk, religion og filosofi. Nærmiljø og samfunn. Tal, rom og form. * Vi vil gi barna impulsar, utfrodringar, erfaringar og mestringsopplevingar. * Barna skal få stor medverknad. Medverknad handlar om korleis menneske samhandlar, lyttar til og respekterer kvarandre i eit fellesskap. Å ha rett til medverknad handlar ikkje om å bestemme. Det handlar om at alle er ein del av eit fellesskap, kor ein må vise respekt og inkludere, uansett meiningar og haldningar. Det formelle ansvaret ligger hos dei ansvarlige vaksne. * Leik er den viktigaste måten å lære på. Barna har høg kompetanse og engasjement i leik. Vi ynskjer å ytterlegare styrke denne livs- og læringsforma gjennom å legge tilrette for leik både fysisk og organisatorisk. Vekeplan Askeladden 25 barn 3-6 år. Annie/Brit/Merete Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tema: Antal rom og form Tema: Leik Tema: Fysisk aktivitet Tema: Språk og forming Tema:Sosial kompetanse Vi lærer om yrke -bonde -helsefag arbeidar LEIK inne og ute Møte for personalet Kan ta med leike første tysdag i mnd. Turdag fra kl.09.30-13.00 Vi lærer å bruke kroppen til å klatre, springe, rulle, hinke, krype hoppe osv.. 5 års klubb. Vi lærer om skule forberedande aktivitetar Turdag fra kl.09.30-13.00 Vi lærer om å vente på tur, stå i kø, sei takk, kjenne på følelser glede og meistring. Barn Turid/ May Ellen Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tema: Fysisk aktivitet Tema: Leik Tema: Antal rom og form Tema:Sosial kompetanse Tur dag fra LEIK kl.09.30-13.00 inne og ute Vi lærer å bruke kroppen til å klatre, springe, rulle, hinke, krype hoppe osv.. Møte for personalet Kan ta med leike første tysdag i mnd. Vi lærer om yrke -bonde -helsefag arbeidar Turdag fra kl.09.30-13.00 Vi lærer om å vente på tur, stå i kø, sei takk, kjenne på følelser glede og meistring. Tema: Språk og forming Vi har leikegrupper der vi legger inn forming og språktrening.
NØTTELITEN 15 barn 0-3 år Bodil, Maren, May Rita, Karin, Kirsti og Møyfrid Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tema: Antal, rom og form Tema: Leik Tema: Fysisk aktivitet Tema: Sosial kompetanse Tema: Språk og forming Delt samling Rød gruppe barn født i 2015 Gul gruppe barn født i 2016 Rød gr TUR (Tur med 7 barn og to vaksne, 3 barn i bhg med 1 vaksen) Gul gr.- Uteleik. Vi er ute på føremiddagen Leik og læring Gymsal? Starte med rød gruppe i gymsal. Gul gruppe starter i oktober Uteleik Delt samling rød og gul gr. «Være sammen» Leikegrupper med aktivitetar ute og inne. Vi lærer å dele, vente på tur, sei takk, og lytte til kvarandre. Fellessamling med alle barna på avdelinga Rød gr. på tur (Tur med 7 barn og 2 vaksne 3 barn i bhg. Gul gr. uteleik/ formingsaktivitet KONTAKTPERSON Alle i personalgruppa er dagleg kontaktperson for ei lita gruppe med barn. Denne vaksne er spesielt viktig for barnet i oppstartfasen og skal hjelpa det å verta trygg og finna seg godt til rette her i barnehagen. Det er pedagogisk leiar som har ansvar for mål, og at dei vert lagt til grunn for arbeid rundt kvart enkelt barn. Kontaktpersonen har den daglege kontakten og skal leggja til rette for leik og aktivitet tilpassa kvart enkelt barn, og sikre at det får utvikle seg optimalt. *Sjå barnet. Gjennom medverknad ivareta barnet sin rett til å bli sett, høyrt og teke med på råd. *Ansvar for «boka/permen» til barnet. Barnet får bok/perm der de limer inn bilete av familien. Skrive informasjon mellom heim og barnehage. *Oppfølging med heimen. Ansvar for å ta bilete og dokumentere barnet sin kvardag i barnehagen. *Observera barnet og arbeida målretta i forhold til enkeltbarn og deira behov. *Lage fødselsdag for barnet. Observere i fôrkant av foreldresamtale.(det er samtaler ved behov, minst to i året, om du vel å ikkje koma må du skrive under på eit skriv som dokumenterer det.) Kvifor kontaktperson: For å sjå det enkelte barnet og sikre medverknad frå barnet. For å sikre vårt pedagogiske grunnsyn.
FØDSELSDAG Den dagen barnet fyller året, får han/ho krone, og vi har ei samling for barnet der barnet sit på kongestolen og bestemmer songar og leik. Alle barna på gruppa seier fine ord til bursdagsbarnet. Til måltidet har dei ofte fruktspyd, fruktsalat eller noko anna godt. Vi fokuserer på eit sunt kosthald og ein sunn kropp. Av den grunn skal ein ikkje ha med is, kaker o.l. på fødselsdagen sin. Barnehagen skal også i eigne måltid ha fokus på sunt kosthald. I Lyefjell barnehage satsar me på å gje barna ernærings messig fullverdige måltider. Det er smørjemåltid med grovbrød til lunsj og av og til varmt måltid. Fruktmåltid på ettermiddagen og tilbod om brød. Barna får mjølk og vatn til alle måltid. Gruppene Nøtteliten Gruppe RØD 2-3-år Maren Steinsland -ped.leiar 100% Karin Budeng -assistent 80% Eileen Svensen -assistent 40% Gruppe GUL 1-2-år Bodil Lima Helliesen -ped.leiar 100% Kirsti Simonsen barne og u-arbeidar 80% May Rita Hadland Lea -ergoterapeut 50% Møyfrid Nesse -assistent 50% Askeladden Gruppe 4-5 år Annie Kleppa - ped.leiar 80% Brit Lindheim - assistent 60% Merete Vestly -assistent 60% Barn 3-4 år Turid Fosse - ped.leiar 100% May Ellen Birkeland -assistent 100% Styrar Berit Time Bø - 100%. Reinhaldar Vaktmeistar Jarle Hagen
HJARTEVENNEN VÅR. Vi har eit fadderbarn. I forbindelse med FN-dagen 24.okt. vil vi arrangere Kunstkafe, kor pengane vi får inn vil gå til fadderbarnet vårt. Då vil barna lære meir om barn i andre land og det å dele. PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Opningstider 07.00 16.30 Ferie Betaling Forsikring Opptak Oppseiing Frammøte Kryss: X Sjukdom Alle barna må ha 5 veker ferie kvart år, 3 veker må ein ta ut samanhengande i perioden 1. juni til skulestart. Skal meldast til barnehagen før 1.mai. Dei to siste vekene i juli er barnehagen stengt. Veke 29 og 30 i 2017. Vi har stengt 5 planleggingsdagar i løpet av året, dei kan reknast som ei ferieveke. Feriedagar skal varslast i god tid. Barnehagen er stengt julaften, nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag. Barnehagen er stengt veke 29 og 30 i 2018 Regulert etter satsar som vert fastsett av Time kommunestyre. Avgift må og betalast ved fravær. Ein kan søkja om redusert foreldrebetaling når husstanden har under kr.486 750,- årleg. Barna er ulykkesforsikra i det ordinære barnehagetilbodet. Dersom ulykka er ute ringer vi foresatte så fort som mogleg. Nyttar førstehjelp og tar eventuelt kontakt med lege. I ettertid fyller vi ut «rapport om uønska hending» som foresatte får kopi av, original blir arkivert i barnemappa. Styrar melder fra til Waco forsikringsselskap om større skadar som kan føre til erstatnings krav. Forelde får kopi frå Waco. Opptak om våren. Felles for heile kommunen. Ein beheld plassen til ein seier opp, flyttar til ein annan kommune eller startar på skulen. (Ein må sei opp før 1.3. om ein ikkje vil bruke/betale for sommaren som kjem.) Levering og henting. Barnet skal som hovedregel leverast og hentast av foreldre. Sei i frå om andre skal gjera det. NB: Hugs å lukke porten! Når de kjem og når de går heim blir barna kryssa inn/ut i ei bok av personalet. Derfor er det viktig at de alltid seier i frå når de kjem eller går heim med barnet. Gje alltid beskjed dersom barnet er sjukt eller har fri ein dag. Barnet skal vera heime v. feber og smittefare som diare og
oppkast. Ved vanlege barnesjukdomar vert alle varsla med oppslag i garderoben, eller ved direkte muntleg beskjed når de leverer og hentar. Kl.09.30. Måltid Medisin Vedtekter Klede Plan. dag Denne tida er me klar for tur ut, dersom barnet kjem etter Kl. 09.00. er det greit om vi får beskjed på førehand pr. tlf./ sms. Nøtteliten : 46848700. Askeladden : 46916813 Barnet blir då igjen med dei som er inne, eller kontakter dei som er på tur. Barna får frokost i barnehagen, grøt og brød mat. Midt på dagen får barna brød og pålegg som dei smører sjølv. Til ettermiddagsmåltidet blir barna servert knekkebrød og frukt. Dersom det skal takast legemiddel i barnehagen, skal foreldra inngå skriftleg avtale med barnehagen om dette. Ta kontakt med personalet. Time kommune har eigne vedtekter som gjeld for kommunale barnehagar. Desse finn ein på heimesida. Det er viktig med gode klede til alle årstider. (Hugs å merk: klede og sko) Ta med innesko, klesskift, støvlar og regnklede som kan henge i barnehagen. Barnehagen er stengt desse dagane. (sjå skuleruta) 14 august, 17 november, 2 januar, 30 april, og 11 mai. I garderoben heng plakat frå Folkehelsa : "Syke barn og barnehagar" til info. Ved alvorlege smittsame sjukdomar blant barn eller vaksne, har vi eit varslingssystem som varslar alle pr.telefon. Styrar er ansvarleg for varslinga. Teieplikt : Alle tilsette skriv under på teieplikta, også vikarar og studentar. Alle medlemmane i SU har også teieplikt. Vi har ikkje lov å fortelje noko om barn/foreldre til uvedkomande. Opplysningsplikt: Vi har opplysningsplikt til barnevernet. Brannøving : Vi har brannøving 2 gongar pr år, 1 kvar haust og vår. Fridag = er når de ringjer same dag. Feriedag = når de gjer beskjed seinast ein dag før. DEI VANSKELEGE DAGANE Barnehagen har ein handlingsplan ved alvorlege ulykker og dødsfall blant barn, foreldre og personal. Ved langvarig sjukdom hjå barn: Vi held kontakten ved å senda /levera helsingar, teikningar og brev frå barnehagen. Ved dødsfall i barnet sin nære familie: Vi markerer dette med lystenning. Ein vaksen fortel om det som har skjedd i nær forståing med heimen. Vi er vare for barna sine tankar, kjensler og reaksjonar. Vi sender blomar til heimen.
NY I BARNEHAGEN! Vi vil ønske deg som ny i Lyefjell barnehage hjarteleg velkommen. Vi vil ha oppstartsamtale om våren eller ein av dei første dagane i august. På samtalen fortel de om barnet og informerer oss om kva som er viktig for dykk. FYRSTE DAGEN: Barnet og foreldra bør være saman heile tida. Kontaktpersonen tar imot og gjer seg kjent med barnet. Snakk positivt om barnehagen og ver trygg overfor barnet at dette blir kjekt. Du steller barnet og er med i leik og rutinesituasjonar. ANDRE DAGEN: Velkommen til ein ny dag i barnehagen i lag med personal, foreldre og barn. Det er lurt med korte dagar i starten tilvenningsperioden. TREDJE DAGEN: Denne dagen kan du gå i frå barnet nokre timar dersom du kjenner at det er rett for barnet og deg. Det er viktig at du seier tydeleg at du skal gå frå barnet og kjem igjen som avtalt med barn og personale. Du kan vinke og seie ha det bra. Du må vera førebudd på at barnet kan grine. Men ver trygg på at vi ringer dersom det ikkje går over etter ei lita stund. Du kan ringe når som helst og spør korleis det går med barnet i barnehagen. Det er viktig for oss at også de som foreldre er trygge på at barnet har det godt i barnehagen. Hugs å vera tilgjengeleg på telefon til ei kvar tid. Ikkje la dagen verta for lang i starten. Bruk god tid ved henting. Du kan vera i lag med barnet heile 3. dagen i barnehagen om du vil. Du kan delta i leik og stell. Ei veke med tilvenning er fint, for at barnet skal bli trygg på alt det nye. Du regulerer dette i lag med personalet ut frå barnet sine behov. FJERDE DAGEN: Leik og bli kjent dag. Personalet lager plan for dagen. FEMTE DAGEN: Leik og bli kjent dag. Du kan gå i fra barnet og kontaktpersonen overtar ansvaret. OVERGANG FRÅ NØTTELITEN TIL ASKELADDEN: Barn som skifter frå Nøtteliten til Askeladden vil og få ein ny barnehage Me har hatt sammarbeid på tvers av avdelingane vår og sommar, slik at barna skal bli kjende med personale og rom. Barna får ny plass i garderoben og nokon får ny kontaktperson. Ta kontakt dersom du ønskjer oppstartsamtale på Askeladden. Frå fyrste veke startar vi med dagsrytme. Det vil sei faste tider for leik, tema, måltid, turar og fargegrupper. I starten vil turdagane ver ute på leikeplassen i barnehagen. Fokus den første månaden vil vera: *Innarbeida rutinar og reglar. *Lage gode fellesskapsaktivitetar. *Vi bruker tid på bilete av familien til barnet, samtale og blir kjent. *Har fokus på leik, bli kjent og lære namn. MÅL: Tilit til eigne tankar, kjensler og ideer og utrykke dette overfor andre på ein akseptabel måte.
Lyefjell barnehage Sentervollen 29, 4347 Lye Tlf 51 48 82 74 Tlf Askeladden 46916813 Tlf Nøtteliten 46848700 e-post: berit.time.bo@time.kommune.no www.minbarnehage.no/lyefjell Time kommune P.b.38, 4349 Bryne tlf 51 77 60 00 e-post: postmottak@time.kommune.no www.time.kommune.no