Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 1 - August

Like dokumenter
Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 1 - August

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Informasjon og kvalitetsplan

Årsplan for

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Handlingsplan Lye SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Foreldremøte 19. september 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Sandeid skule SFO Årsplan

Bjørnehiet SFO - informasjon

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Respekt på Rommetveit skule

«Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling»

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Velkommen til Kleppskulen

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Elevundersøkinga 2016

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Foreldre ved Ål ungdomsskule

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Informasjon til foreldre

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Hefte for foreldrekontaktar

Vekebrev. Måndag, tirsdag, torsdag og fredag kl Bussar og taxi reiser ca. kl

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Fysisk aktivitet og kosthald

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Transkript:

Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 1 - August Me ønskjer velkommen til eit nytt skuleår med byggeplanar ute og inne og mykje godt læringsarbeid saman med elevane. Spesielt velkomne er dei som er nye elevar hos oss denne hausten. Straks skulen var slutt, var det gravemaskin i gang i Skulebakken. Den er no utvida og skikkeleg oppgradert. Me har venta lenge, men så blei det eit godt resultat til slutt! Når det gjeld nybygget er det lite nytt akkurat no. Men våren 2017 blei det utført eit god planarbeid slik at teikningane skulle vera klare til sommaren. Det blei dei, og no er det tid for å få inn anbud på byggearbeidet. Så håper me på byggestart før 2017 er over.

Kommentaren: Endring Bore Nytt s.2 Nokre trur kanskje at skulen er slik den alltid har vore? Det er langt frå slik. Dei foreldra som kjem med sine 6-åringer til skulen vil få sjå at skulen har endra seg sidan dei sjølv gjekk der. Dei som har gått på Bore skule vil nok kjenna att klasserom og skulen elles, men skulen endrer seg litt år for år. Og slik må det vera. Det er ny forsking innan skule og det er store endringer i dei tekniske hjelpemiddel som blir brukt. Klepp kommune prøver å følgja godt med i det som skjer, sjølv om me ikkje alltid er først. Samarbeidet kommunen har med andre i Jærskulen er eit godt døme på dette. Her er det sterkt fokus på det som gir god læring og å få til eit godt læringsmiljø. Eit anna døme er at alle elevane vil få læringsbrett i løpet av dette skuleåret. Nokre trinn starta i fjor og resten vil få over nyttår (1. klasse får no i haust). Dette er ei satsing me ser fram til med stor forventning. Borekrinsen har og endra seg år for år. Det starta for mange år sidan med ny skule i Verdalen då «byggefeltet» utvida seg fort. Så har både byggefeltet og skulen blitt utvida. Det har vore store byggeprosjekt øvst i Verdalen og no er det bygging i gang på Sporafjellet. Som følgje av dette har også skulen blitt utvida. Den starta i 1975 med 236 elevar, 12 klassar og 12 lærarar. Hausten 2017 startar me med 422 elevar, 24 klassar og om lag 60 tilsette. Då er ikkje 7. trinn med i tala. Me ser med spenning fram mot eit nytt skuleår med endringer i undervisning og med planar for endring av skulen både ute og inne.

FAU iinformerer: Alle foreldre med barn i skulen er automatisk med i foreldrerådet. Dette blir leia av arbeidsutvalet (FAU) som har to representantar frå kvart trinn på skulen. Bore Nytt s.3 FAU har sett opp ein plan for kva kvart trinn skal bidra med i samarbeidet skule heim. Denne oversikten vil bli lagt ut på heimesida. FAU er ein samarbeidspart for skulen i arbeidet for at borna skal få eit godt skulemiljø. Det er opp til FAU kva dei vil engasjera seg for i skulemiljøet. Det er vanleg at dei har eit felles foreldremøte, og i tillegg har FAU arrangement som styrker miljøet og som kan gje inntekt til beste for borna. Ta gjerne kontakt med FAU: FAU.boreskule16@gmail.com Kvar haust har klassane foreldremøte: Dette året vil alle møta bli halde på same dagen. Dette er litt vanskeleg for dei som har søsken i fleire klassar. Me har likevel prioritert å ha det slik for at foreldra skal sleppa å møta mange kvelder. Foreldremøta blir tysdag 5. september - 1. 3. klasse: fellesmøte i gymsalen kl.1800 og klassemøte etterpå (ca. 19.30) - 4. 6. klasse: klassemøte kl.18.00 og fellesmøte i gymsalen etterpå (kl.19.30) Fellesmøte i gymsalen er ei samling arrangert av FAU saman med skulen der me får besøk av Stine Sofie-stiftelsen.

Foreldrekontaktane må gjera avtale med sine lærarar om når dei vil ha eit samarbeidsmøte. Det kan gjerne vera greitt å ordna dette trinnvis slik at heile trinnet har møte same kvelden. Til nye elevar/foreldre Som de har forstått, så er dette skulen sitt informasjonsblad der me prøver å gje det meste av vår informasjon. Me legg det no berre ut på heimesida, men vil likevel samla informasjon på denne måten nokre gonger i løpet av skuleåret. I tillegg vil kontaktlærar og skuleleiinga gje sin informasjon på heimesida og på foreldremøte. Det vil alltid vera mykje nytt å setja seg inn i når ein elev tek til på skulen for første gong eller flyttar til ny skule. Ordensreglane våre er eigentleg enkle: Du skal visa respekt, ansvar og omsorg. (sjå reglane som ligg på heimesida vår) Eit av punkta i reglane er at det skal ikkje brukast utesko i undervisningsromma. Derfor må borna ta av seg sko og skifta til innesko. Dersom dei ikkje har teke med innesko, går dei på sokkane inne. Det er derfor lurt at dei får med seg innesko merka med namn. og det er lurt med ein merkeaksjon ved skulestart: skriv namn i klede og sko etterlys/sjå etter sakna klede gjennom året hald kontroll på at gym.tøy/ badetøy kjem heim etter bruk.

GÅ-AKSJON Så er det altså igjen tid for skule og ny kvardag for elevane. Og ein del av skulekvardagen er skulevegen til og frå skulen. Vi oppfordrer sterkt til ein «gå-aksjon» i forhold til skulevegen. Det er sjølvsagt mange som vil bruke sykkel noko som er greitt når dei har alder til dette men det er og ein del som blir køyrde til skulen. Det er dette me helst vil unngå. Borna har godt av å få denne lufteturen som start på dagen og kan finna gode «turkameratar» for vegen til og frå skulen. Dette er og ei førebuing til det byggearbeidet som vil starta i løpet av året. Då vil det bli kaos dersom elevar skal setjast av ved skulen der det vil vera mykje annan trafikk. Me oppfordrer derfor også til at borna bruker ein veg til skulen som mest mogleg unngår trafikken. Og. for at det skal bli ein trygg og god start (og slutt) på dagen hadde det vore fantastisk om det var vaksne som kunne delta på skulevegen av og til. Nokre stader har dei starta «gåbuss» til skulen der vaksne/foreldre er «sjåfør» for borna. Noko å tenka på også i Verdalen!? BORE-NYTT er skulen sitt informasjonsblad som vi legg ut eit par gonger i halvåret. Det kan vera lurt å abonnera på det du ønskjer på heimesida. Då får du melding om nytt som er lagt inn. BORE SKULE har ein administrasjon som består av rektor Reidar Harberg Reidar.harberg@klepp.kommune.no ass. rektor Målfrid Vignes Tveit Malfrid.vignes.tveit@klepp.kommune.no sekretær Cathrine Bruland bore.skule@klepp.kommune.no SFO-leiar Therese Kvindesland bore.sfo@klepp.kommune.no TELEFON kontoret: 51 78 84 50 SFO: 51 78 84 70

PERSONALET Endringer i personalet 2017-2018 Dette året er det ein del endringer i og med at det er fleire nye tilsette. Desse nye lærarane er tilsette: - Janne Bekkum - Henriette Lunde - Bente Johnsen Nicholas - Elise Vinsevik - Marthe Tonstad Vårvik - Margrethe Pedersen Aksland er tilsett som miljøterapeut fordi Hilde Johanne Ueland begynner på Tu skule i august. Me ønskjer desse velkomne til eit godt arbeidsfellesskap både med oss på skulen og med foreldre. Målfrid Vignes Tveit er vår nye ass. rektor. Ho kjem frå lærarjobb i Sandnes og gler seg til ein ny arbeidsoppgåve på Bore skule. Me ønskjer også henne velkommen til arbeidet med elevar og foreldre. Sjå elles informasjon på kvart trinn om kven som skal arbeida i klassane. GODT OPPVEKSTMILJØ Opplæringslova 9a omtalar elevane sine rettar og har fleire punkt om det fysiske og psykiske miljøet. (Lovparagrafen og anna informasjon finn du på skulen si heimeside klikk på den blå firkanten merka Jærskulen) Skulen er pålagd å arbeida aktivt for eit positivt elevmiljø og er pålagd å ha eit skulemiljøutval. Foreldre som ikkje er nøgde med oppvekstmiljøet for sitt barn, tek dette opp med skulen. Skulen vil då straks ta dette opp og undersøkja saka.

PALS Bore skule Positiv atferdsstøtte i skolen atferdssenteret Bore Nytt s.6 Då Pals er grunnlaget for reglar og oppførsel tek me med litt om Pals her ved skulestart. KVA ER PALS? Det er eit program som skal gje Positiv Atferdsstøtte, godt Læringsmiljø og Samhandling Dette betyr at me har - Palsreglar som fortel korleis me kan visa respekt, ansvar og omsorg på dei ulike arenaer på skulen - Brakort som me deler ut til elevar som viser positiv oppførsel og tydeleg viser respekt, ansvar og omsorg. - Konsekvenser når dei bryt reglane på skulen. - Hendingsrapport når me gir konsekvens. Desse blir registrerte i vårt datasystem for å gje oss informasjon om kva som skjer på skulen. - MF-Pals som er ein modul som fortel oss korleis me skal forhalda oss mot mobbing.(sjå elles skulen sin plan for sosial kompetanse på heimesida som seier meir om dette) Etter at elevane er komne i gang på skulen, har me ei spesiell Pals-veke (første veka i sept.) der me bruker ein del av tida til å læra reglane og sjå kva dei betyr. Dette året er reglane justerte/ forenkla ein del. Denne veka skal vera ein positiv start på skuleåret og me har derfor ulike aktivitetar i grupper gjennom veka. SAMLING I BALLBINGEN Me avslutter kvart år denne veka med ei samling ute i ballbingen. Fredag 8. september blir det derfor samling kl.11.00 der me vil ha song og felles framføring som foreldre sjølvsagt er velkomne til å sjå.

VERDIAR OG REGLAR PÅ SKULEN Meir læring for alle Me vil at borna skal oppleva målretta undervisning og opplæring variert og tilrettelagt undervisning Palsreglane våre er respekt ansvar omsorg Me har så desse underpunkta til reglane: Høyr etter og følg beskjeder Hald armer og bein for deg sjølv Rydd opp etter deg La andre sine ting vera i fred Snakk fint til og om kvarandre Ver inkluderande Foreldra sitt ansvar er å: Vera tydelege vaksne og setja grenser Fokusera på viktige verdiar som rett og galt, likeverd, toleranse, respekt, empati og god språkbruk Vera positive og gode rollemodellar sjå eigne feil, seia unnskyld og overhalda eigne lovnader Ha null toleranse for mobbing og vald Snakka positivt om skulen med barna Stimulera og motivera til læring ved høgtlesing Gjera barna trygge på seg sjølve gjennom utfordringar og ansvar Skapa gode rutinar for sunt kosthald, fellesmåltid og søvn Engasjera oss i barnas miljø barnehage, skule og fritid Skapa trygge rammer, visa kjærleik og omsorg Fokusera på nytteverdien av læring og oppmuntra til skulearbeid Heimearbeid er nødvendig for at borna skal få øving i det dei arbeider med på skulen. Det er foreldra sitt ansvar å sjå til at heimearbeid blir gjort å melda frå til læraren dersom heimearbeidet ikkje er høveleg for barnet.

Skulen sine utviklingsområde I utviklingsplanen for dette året held me fram med satsinga: Tilpassa opplæring Delmåla er: Elevane får mål for læringa som gjer undervisninga tydeleg. Elevane skal få tilbakemeldingar/framovermeldingar om korleis dei står i høve til kompetansemåla. Elevane får undervisning som er variert og gir motivasjon. I tillegg har me mål om Eit trygt og godt læringsmiljø (vidareutvikling av Pals). Elevane opplever inkludering og medverknad. Du finn heile planen på heimesida som vedlegg under nyttig info. SMITTEHINDRING Kvart år vil me sjølvsagt oppleva i skulen at barn blir sjuke og at det kan koma smittsame sjukdommar blant borna. Dei tre tinga vi spesielt nemner er - Brennkoppar - Augekatarr - Lus (ved mogleg smitte får heimane melding) Desse må behandlast på rett vis før elevane kjem på skulen og er i kontakt med andre elevar. Spør helsesøster dersom du lurer på noko. ÅRSPLAN Her er ein årsplan som gir oversikt over ein del arrangement og fridagar. AUGUST Torsdag 17. - Skulestart kl. 08.20 SEPTEMBER 4. 8. - Palsveke Tysdag 5. - Foreldremøte Fredag 8. - Samling i ballbingen kl.11.00 13. 15. - fotografering av elevane

OKTOBER 2. 5. - DKS litteratur for 1. 4. trinn 9. 13. - Haustferie for elevane Onsdag 25 - Haustsamling i gymsalen (nn 0900 bm 1030) NOVEMBER Fredag 17. - Planleggingsdag DESEMBER Måndag 4. - Songar i advent Onsdag 14. - Julemusikal Torsdag 21. - Juletregang i gymsalen (siste dag før jul - slutt 11.45) JANUAR Onsdag 3. - Skulestart 8. 17. - DKS Visuell kunst for 5. 7. trinn 25. 26. - DKS konsert for 1. 7. trinn Måndag 29. - Foreldremøte for 5-åringar Onsdag 31. - Foreldremøte 1. og 3. trinn FEBRUAR 5. 9. - Lese- og skriveveke Tysdag 6. - Foreldremøte 2. og 6. trinn Torsdag 8. - Foreldremøte 4. og 5. trinn 12. 16. - Vinterferie? - Mexico Lexico MARS Onsdag 21. - Påskegudsteneste 26. 2. april - Påskeferie APRIL Onsdag 25. Måndag 30. MAI Tysdag 1. Onsdag 9. Torsdag 10. Fredag 11. Torsdag 17. Fredag 18. Måndag 21. Måndag 28. - Matematikkdag - Fri for elevane - Fri for elevane - Elevane slutter kl.11.45 - Kr. Himmelfartsdag - Fri for elevane - Grunnlovsdagen - Fri for elevane - 2. pinsedag - Foreldremøte nye 1.kl.

JUNI Måndag 4. - Fri (2. pinsedag) Måndag 11. - Besøksdag 5-åringane 11. 15. - Temaveke Barn i andre land Torsdag 14. - Open skule 1700-1900 Tysdag 20. - 6. klasse sin avslutningsfest Torsdag 21. - Ta sjansen Torsdag 22. - Siste skuledag elevane slutter 11.45 MJØLK/FRUKT Me har på skulen lagt vekt på at borna skal ha eit skikkeleg måltid i skuledagen. Me har no to måltid -- matpausen kl.10.05 når dei kjem inn frå friminutt. Då får alle ro til måltidet og me ønskjer at alle har med mat. Me har i tillegg ein kort matpause før siste økt der dei kan spisa litt frukt eller resten av matpakka. Det er sjølvsagt ei frivillig sak om borna vil bestilla mjølk, frukt og yougurt, men me synes det er ei grei ordning at dei slepp å ta med drikke heimanfrå. Då unngår me søl i ranselen og dei får god mjølk til maten. Me ber foreldra gjera si bestilling sjølv ved å gå inn på nettet på adressa: www.skolemelk.no eller www.skolefrukt.no. Det ligg lenker til dette på vår heimeside. Mat på tur Dersom klassen skal på tur, tek dei med vanleg nistemat og drikke. Ved avslutning til jul og sommar kan dei ta med chips, kjeks og ½ l brus. Fråvær Når eleven må vera vekke frå skulen, må dei føresette søkja om dette i god tid. 1-2 dagar kan du melda frå om til lærar på School-Link (også ved sjukdom). Fleire dagar (opp til 2 veker) søkjer du om på elektronisk skjema (sjå heimesida).

Viktige notat Bore HUGS: MELDINGAR blir no gitt i School Link. Elevane treng derfor ikkje meldingsbok. LÆREBØKENE Dersom dei har med heim lærebøker, må dei hugsa å ta dei med att den dagen dei skal ha dei på skulen. NB: Det er viktig å leggja varebind på bøkene! Eleven kan bli ansvarleg for erstatning ved øydelegging/tap av bøker. Nytt s.12 UTSTYR som vi ønskjer at den enkelte kan ha sjølv: BLYANT og VISK er viktige reiskap som alltid må ligga klare i ranselen fargar, saks og limstift til bruk heime GYMN.TØY/BADETØY Lærarane vil senda melding heim når dei skal ha gymnastikk og at dei då skal ta med eige tøy og gymsko/sokkar til bruk i gymnastikksalen. Frå 2. 6. årstrinn har alle borna symjeopplæring i bassenget på ungdomsskulen. I den perioden dei har symjing, er det viktig at dei tek med seg det rette utstyret: badetøy, badehette, såpe og handkle. Dei kan ikkje delta i symjing utan rett utstyr! DAGSRYTMEN Rammen for dagane er uendra: Måndag kl. 08.20 14.00 Tysdag kl. 08.20 11.50 Onsdag kl. 08.20 14.00 Torsdag kl. 08.20 13.00 NB: Start kvar dag kl.08.20 Fredag kl. 08.20 11.45 kl. 14.00 for 5.- 6.