Kulturhusvert/ vaktmeister har fullmakt til å visa vekk leigetakar ved brot på punkta over.



Like dokumenter
Alle i aktivitet! Lukke til med store og små aktivitetar i Radøyhallen!

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Sektor for oppvekst av plangruppe: Wibekke Gundersen Mork Cecilie Bjørlykke Mariann Båtnes

BRANNINSTRUKS FOR SISOF SINE STUDENTBUSTADER

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

MÅL: Rutinen skal beskrive innhold og omfang samt sikkerhet og forsvarlighet i svømmeundervisningen i Lunner kommune.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

1. MÅL MED REGLEMENTET 2. BRANNVERN VED UTLEIGE AV KOMMUNALE BYGG OG ANLEGG 3. UTLEIGEREGLEMENT FOR SKULAR OG FLEIRBRUKSAREAL

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Krisesituasjonar kva gjer vi?

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Til deg som bur i fosterheim år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KVINNHERAD KOMMUNE. Hausten Ephorte saksnr.2011/242

1. Partar i leigeavtalen

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Hægebostad kommune Enhet for plan og drift

Informasjonshefte Tuv barnehage

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

HOVEDREGEL: Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon

Forbrukerrådets husleiekontrakt

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Psykologisk førstehjelp i skulen

Brukarrettleiing E-post lesar

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

GLOPPEN KOMMUNE. Handlingsplan for handtering av kriser i barnehagane. Vedteken av oppvekstutvalet den 3. oktober 2001

Varsel om oppmålingsforretning

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Team Hareid Trygg Heime

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Melding om behov for representant

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Respekt på Rommetveit skule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i


Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

mmm...med SMAK på timeplanen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Føretak: (heretter kalla mottakaren) Telefonnummer: Postnummer: Poststad: Organisasjonsnummer: E-postadresse:

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Rådgjevarkonferanse 2009

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bruk av reiserekning i Agresso

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Korleis handtere vanskelige /trugande pasientar?

Kvalitetsplan mot mobbing

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

BEREDSKAPSPLAN FOR STRYN FOTBALL

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

AVTALE LEIGE AV KOMMUNALE BYGG. opp til eitt år. Mellom Time kommune (utleigar) og..(leigetakar) er i dag inngått følgjande avtale:

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Transkript:

- 1 - Stord kulturhus Postboks 414 5403 Stord Dagleg leiar: Trond L. Onarheim 53 49 69 60 kulturhuset@stord.kommune.no trond.leirvik.onarheim@stord.kommune.no ANSVARSERKLÆRING 2010 Symjehallen i Stord kulturhus skal vera ein møtestad der tryggleik og hygiene alltid er i fokus. Utleigar er ansvarleg for at gjeldande lovar og forskrifter vert følgt opp, difor er det naudsynt at alle leigetakarar innfrir dei krava me stiller til utleige. Ei kvalitetssikring på dette er at denne ansvarserklæringa og alle vedlegga vert leste og skrive under. Dette er ein føresetnad for å tilgong til badeanlegget. Dagleg leiar er kontaktperson når det gjeld symjehallen. Under utleiga vil det alltid vera ein ansvarleg kulturhusvert/ vaktmeister på jobb som du kan retta deg til. Mobilnummer til kulturhusvert er 910 00 393. Leigetakar erklærer å stetta følgjande krav: 1. Det skal alltid vera ein bassengleiar (fylt 18 år) til stades med godkjent livredningskurs og stadfesting på at bassengleiar kan dykka ned til fire meter. Kurset kan ikkje vera eldre enn 1 år gamalt. Rettleiande kompetansekrav sjå side 3. 2. Det skal fyllast ut namn på ansvarlege (Side 2) og denne skal sendast til Kulturhuset, enten på e-post eller med brevpost (sjå adresser over). NB! Dette må vera motteke før utleiga tek til. Leigetakar er innforstått med at ein kan bli nekta tilgong til symjehallen dersom dette ikkje er innlevert. 3. Dersom det ved utleigetidspunkt viser seg at ingen av bassengleiarane er til stades, vil leigetakar ikkje få tilgong til symjehallen. Sats for utleiga vil likevel bli fakturert som vanleg om det ikkje på førehand er avtala noko anna med dagleg leiar. 4. Lesa grundig retningslinjer, alarm- og brannplan som gjeld for symjehallen i Kulturhuset, og sjå til at desse vert følgt opp. Alle desse dokumenta ligg som vedlegg til denne avtalen, og heng på vaktrommet i symjehallen. Leigetakar er ansvarleg for at alle bassengleiarar får utdelt vedlegga, og at dei set seg inn i dei. 5. Ved meir enn 25 personar i bassenget, skal det vera ein ekstra vaksen person på land i lag med bassengleiaren. Er det meir enn 50 personar i bassenget må det nyttast to godkjente badevakter. Det er ikkje tilrådd å ha meir enn 80 personar samstundes i badeanlegget. 6. Bassengleiar har ansvar for å sjå til at det ikkje er personar att i symjehallen når utleigeperioden er over og skal låsa alle tilkomstvegar inn til bassenget. 7. Dersom leigetakar gjer skade på utleigar sitt anlegg/ inventar/ utstyr er leigetakar erstatningspliktig. Leigetakar pliktar å opplysa om dette til kulturhusvert eller dagleg leiar for kulturhuset. Kulturhusvert/ vaktmeister har fullmakt til å visa vekk leigetakar ved brot på punkta over. For leigetakarar som ikkje har naudsynt kompetanse, kan Kulturhuset vidareformidla førespurnadar som gjeld livredningskurs til godkjent instruktør. Vedlegg 1: Underskrift til ansvarleg leigetakar. Vedlegg 2: Kompetansekrav bassengleiarar (s.3) Vedlegg 3: Alarmplan symjehallen (s. 5-6) Vedlegg 2: Retningslinjer for symjehallen (s. 4) Vedlegg 4: Brannplan symjehallen (s.7)

- 2 - Denne sida returnerast ferdig utfylt til Kulturhuset Eg erklærer med dette å ha lese Stord kulturhus si ansvarserklæring (side 1) punkt 1-7, og vil med mi underskrift stadfeste at denne vert følgt opp. Eg stadfestar at alle ansvarlege bassengleiarar har livredningskurs og har gjennomført dykking og opphenting av person/ dukke på 4 meters djup. Eg skjønar at brot på avtalen kan føra til utestenging frå framtidig leige/ eventuelle krav om erstatning. Firma/ organisasjon Ansvarleg leigetakar (blokkskrift) Signatur ansvarleg leigetakar Fødselsdato Mobilnummer Epost til ansvarleg leigetakar Utleigetidspunkt Utleigetidspunkt Om det skjer endringar i høve ansvarlege, skal det sendast inn oppdatert informasjon om dette. Denne informasjonen kan gjerne sendast på e-post til kulturhuset.

- 3 - Vedlegg 1: Rettleiande kompetansekrav bassengleiarar KOMPETANSEKRAV BADEVAKTER/BASSENGLEIARAR Godkjent årleg livredningsprøve Alle bassengleiarar skal ved praktisk prøve vist at ho/ han kan utføra: Grunnleggjande livredning som bassengleiar: Teori og praktisk prøve skal omfatta Hoppa/ stupa frå 3 m. høgd Symja direkte 100m på bryst og 100m på rygg Dykka og henta opp ei livredningsdukke eller partner frå 4 m. djup Føra i land ein person (20 m.) og direkte gjennomføra hjerte- lunge- redning (HLR) på øvingsdukke Varsling til naudnummer/ intern varslingsplan Korleis opptre ved skader/ ulukker/ akutte sjukdommar Behandling av skada person Undersøkja medvitslaus og medviten person Kunna gjera greie for alarmplan/ instruks Alle kompetansebevis/kursbevis gjeld i eitt år etter det er stempla og underskrive av instruktør. Kompetansebevis må fornyast årleg ved repetisjonskurs. Badevakter må vera fylt 18 år.

- 4 - Vedlegg 2: Retningslinjer symjehallen RETNINGSLINJER - SYMJEHALLEN I KULTURHUSET 1. Ansvarstilhøve Ansvarstilhøva er oppdelt slik: Grunnskular: Offentleg bading: Trening idrettslag: Anna utleige: Stord kommune, rektorane Stord kommune, avdelingsleiar Kulturhuset Idrettslaga a) Leigetakar stiller med eigen badevakt med godkjent livredningskurs - må underteikna ansvarserklæring. b) Leigetakar leiger badevakt frå kulturhuset som er ansvarleg. 2. Ansvarshavande Alle ansvarshavande må under utleige stetta følgjande krav: o Ha godkjente bassengleiarar/ badevakter i høve kompetansekrav (vedlegg) som har satt seg inn i alarm/ brannplan og livredningsinstruks (oppslått i symjehall/vaktrom). Rundskriv 1-2008 (UDir 24.04.2008) gjeld ved skulebading og bør vera rettleiande for all utleige. o Alle badevakter skal ha årlege kontrollkurs i livredning. o Alle badevakter må kunna utføra opphenting av person på 4 meters djup. 3. Leigetakars ansvar Når leigeperioden er over må alle brukarane opp av bassenget og alle dører inn til symjehallen må låsast dersom leigetakar ikkje har nøkkel er det leigetakar sitt ansvar å gje melding til kulturhusvert (53 49 69 56) på huset. Symjehallen skal berre vera tilgjengeleg for ansvarlege bassengleiarar. Symjehall og garderobar skal vera rydda etter at leigeperioden er over. Dersom leigetakar kjem til urydda hall/ garderobar må leigetakar gje melding om dette til vaktmeister slik at ansvaret kan leggjast på rette vedkommande. Sjå elles ordensreglar. 4. Ulukker (Rapport/skadeskjema på vaktrommet) Ved uhell/ulukker skal livredningsinstruks/ alarmplan følgjast! Ansvarshavande skriv rapport om ulukka til avdelingsleiar denne skal leverast til vaktmeister. 5. Ordensreglar 1. Bassengleiarar/ badevakter er ansvarlege for tryggleiken i bassenget, og brukarane må retta seg etter instruks frå desse. 2. Badevaktene har rett til å visa vekk brukarar som ikkje rettar seg etter skrivne eller uskrivne lover for god framferd. Dette kan føra til utvisning 3 6 månadar. 3. Badevaktene skal setja opp banetau ved utløpet av sklie når denne er i bruk. 4. Badevaktene kan stengja stupetårnet/ sklie dersom dei finn det naudsynt. 5. Barn som ikkje er symjedyktige må ha følgje av foreldre eller andre føresette i bassenget. 6. Barn åleine som er symjedyktige må vera over 10 år. 7. Brukarane av bassenget skal dusja før og etter dei nyttar basseng eller badstove. 8. Det kan berre nyttast badedrakt/ bukse i vatnet. 9. Badevaktene er ansvarlege for at det vert rydda i hall og garderobar etter bruk. 10. Kulturhuset er ikkje ansvarleg for bortkomne gjenstandar i garderobar o.l. Symjehallen er felles eigedom. Alle må i felles interesse gjera sitt til at dei badande alltid får ei trygg og god oppleving! Stord, august 2008 Trond L. Onarheim, avdelingsleiar

- 5 - Vedlegg 3: Alarmplan Alarmplan ved ulukker 05.09.2008 Stord kulturhus Side 1 av 2 1. Den som oppdagar ulukka Alle tilsette, leigetakarar og brukarar som observerer ei ulukke eller skade har plikt til å hjelpa for å hindra skade på liv og helse. Ein som ligg skada i symjebassenget må først og fremst bringast i land slik at førstehjelp kan utførast. Dersom den som oppdagar ulukka ikkje sjølv kan foreta førstehjelp, skal ein gjera det ein kan for å tilkalla assistanse ved å ropa eller henta hjelp. Ved mistanke om skade i nakke eller rygg skal hovud/ nakke haldast mest mogleg i ro for å unngå forverring av skaden. 2. Varsling Melding om ulukke skal så raskt som mogleg gis til 113. (Bruk 0 for summetone på interntelefon). Det er betre å vera føre var dersom det er tvil om omfang av skade. Informer alarmsentralen om: o Kven som ringjer o Kvar pasienten er o Omfang av skade Det er tryggleiksalarm i symjehallen. Den skal utløysast med det same ein alarmsituasjon oppstår. Den utløyser alarmklokke i resepsjon og ringer automatisk vaktmeistertelefonen. Ansvarleg vaktmeister/ kulturhusvert kan då assistera med varsling/ kontakt via naudnummer. 3. Skadestadleiing Den ansvarlege badevakt/ bassengleiar/ kulturhusvert skal leia førstehjelpsarbeidet fram til ambulanse er på staden. 4. Førstehjelp 4.1 HLR (Hjarte og lungeredning) Det er kritisk at tilsynelatande livlause personar får tidleg og korrekt hjelp. Tre tilstandar kan vera aktuelle: A) Pasienten reagerer på berøring og/eller tilrop, og pustar sjølv. - Pass på pasienten og ring 113 ved behov. B) Pasienten reagerer ikkje på berøring og/eller tilrop, men pustar sjølv. - Legg pasienten i sideleie og ring 113. C) Pasienten reagerer ikkje på berøring og/eller tilrop, og pustar ikkje. - Start HLR, medan nokon andre ringer 113. HLR: Start med 30 kompresjonar, 2 innblåsingar, 30 kompresjonar. Hald fram med dette til ambulanse kjem. Tel høgt! Byt innbyrdes dersom mogleg. 4.2 Sirkulasjonssvikt Alvorleg skadde pasientar kan få sirkulasjonssvikt. Sirkulasjonssvikt vil seia at blodtrykket har falt så mykje at organa i kroppen ikkje får tilført nok blod. Årsak kan vera bløding, hjartesvikt, blodforgifting eller ein kraftig allergisk reaksjon.

- 6 - Alarmplan ved ulukker 05.09.2008 Stord kulturhus Side 2 av 2 Teikn på sirkulasjonssvikt Sirkulasjonssvikt fører til kald, bleik og klam hud og rask puls. Dersom sirkulasjonssvikta får utvikla seg, kan den skada bli medvitslaus. Kva gjer du: Du legg nokon i sjokkleie ved å leggja dei på ryggen og løfta beina opp. Nokon kan halda beina, eller dei kan kvila på ein stol eller anna passande objekt. Sløve og medvitslause pasientar med teikn på sjokk skal og leggjast i sjokkleie, dersom ein greier å halda luftvegane opne. I sjokkleie er ikkje luftvegane opne av seg sjølv, hovudet må haldast bakover og haka løfta. Bløding For å stansa ein ytre bløding: Trykk direkte mot den staden som blør. Dersom du har eit reint tøystykke, kan du leggja det mot staden som blør før du trykker. Dersom bandasjen vert gjennomfukta av blod, skal du ikkje fjerna den, men leggja ein ny oppå. Hald trykket lenge. Med bandasje og elastisk bind kan du laga ein trykkbandasje. Løft den blødande kroppsdelen så høgt du kan, hugs å halda fram med å trykka mot staden som blør. Gje omsorg Det er ei stor psykisk påkjenning å bli alvorleg sjuk eller skadd. Ein vert overvelda, redd og engsteleg. Du kan gje den omsorg og trøyst som dempar angsten og smertene ved å snakka roleg og positivt med pasienten. 5. Når ambulansen kjem Når du skal overlata ansvaret for ein pasient til ambulanse- eller hjelpemannskapa, må det skje utan tidstap og farlege misforståingar. o o Vis veg for ambulansen og mannskapa. Gje ein god rapport fortel kven du er, kva har skjedd, korleis tilstanden til pasienten er, kva førstehjelp som er gjort. 6. Når pasienten er henta Skadestadleiar skriv avviksrapport med skildring av hendingsgangen, som leverast til avdelingsleiar. Avviksrapport ligg på vaktrom i symjehallen. Det er ei psykisk belastning å gå gjennom eit førstehjelpsarbeid, så kontakt nokon nær deg eller avdelingsleiar dersom du treng nokon å snakka med.

- 7 - Vedlegg 4: Brannplan BRANNVERNUTSTYR SYMJEHALLEN 08.09.2008 Stord kulturhus o Den som oppdagar ulukka Alle tilsette, leigetakarar og brukarar som observerer eit branntilløp har plikt til å gjera det ein kan for å tilkalla assistanse. Rop hjelp, utløys manuel meldar, eller ring kulturhusvert/ vaktmeister på 910 00 393 eller 53 49 69 56. o Leigetakarar Leigetakar må setja seg inn i rømingsvegar og kvar brannslokkingsutstyret er plassert. Leigetakar må ved brannalarm varsla kulturhusvert/ vaktmeister og evakuera lokalet via næraste naudutgong. Brannslange i vaskesentral ved inngang til hallen Brannslange i ribberom ved enden av hallen Handsløkkjeapparat i vaktrom o Retningslinjer for personalet: 1. Vaktmeister/ kulturhusvert er hovudansvarleg ved branntilløp. Utløys tryggleiksalarm eller ring 910 00 393/ intern 69 56. 2. Start evakuering: 2.1 Få publikum opp av bassenget. 2.2 Før publikum via garderobane til naudutgang på baksida av huset. 2.3 Sjekk at det ikkje er publikum att i garderobane, badstua og mellomgangen. 3. Lukk vindaugo og dører, og forlat avdelinga. Kvar enkelt som jobbar i avdelinga, har ansvar for å kjenna til kvar brannvernutstyret er plassert, og kunna nytta det.