Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Administrasjonsutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 19.10.2016 Tid: 09:00 Dersom Du ikkje kan møte, ber ein om at Du melder frå til sentralbordet snarast råd. Vararepresentantane møter berre etter nærare innkalling. Jarand Felland Ordførar Liv E Beck Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr RS 16/111 RS 16/112 RS 16/113 Innhald Referatsaker Gunhild Hæge Dalen - Stadfesting på oppseiing av stilling som sjukepleiar ved for tida Helse- og omsorgsetaten Martha Tovsland Taraldlien - Oppseiing av delar av stillinga som off. godkjent sjukepleiar ved helse- og omsorgsetaten Elzbieta Treska -Oppseiing av fast stilling som reinhaldar ved for tida teknisk etat Delegerte vedtak DS 16/52 Dordi Fosse Didriksen - Svar på søknad om permisjon i perioden 010117-300617 DS 16/53 John Fredrik Kleve - Svar på søknad om redusert stilling i perioden 010117-311217 Politiske saker PS 16/18 Tilsetting av rådmann i Tokke kommune X PS 16/19 PS 16/20 Arbeidsgjevarmonitor 2016 - Tokke kommune Ny prosedyre - Handtering av kritikkverdig forhold i Tokke kommune Lukka
Referatsaker RS 16/111 Gunhild Hæge Dalen - Stadfesting på oppseiing av stilling som sjukepleiar ved for tida Helse- og omsorgsetaten RS 16/112 Martha Tovsland Taraldlien - Oppseiing av delar av stillinga som off. godkjent sjukepleiar ved helse- og omsorgsetaten RS 16/113 Elzbieta Treska -Oppseiing av fast stilling som reinhaldar ved for tida teknisk etat
Delegerte vedtak DS 16/52 Dordi Fosse Didriksen - Svar på søknad om permisjon i perioden 010117-300617 DS 16/53 John Fredrik Kleve - Svar på søknad om redusert stilling i perioden 010117-311217
Politiske saker
Tokke kommune Arkiv: 411 Saksnr.: 2016/1735-14 Saksbeh.: Hans Kristian Lehmann Direkte tlf.: 35075201 Dato: 07.10.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 16/18 19.10.2016 Kommunestyret Tilsetting av rådmann i Tokke kommune Saksdokument: Saksutgreiing: Stillinga som rådmann i Tokke kommune blei lyst ut i Kommunal Rapport 1. september og i TA, Varden og Vest-Telemark Blad 3. september. Innan søknadsfristen som var sett til 19 september kom det inn sju søknader: Kristian Espeland, Seljord Frank Helgestad, Tokke Dag K. Flater Hwang, Oslo John Kleiv, Vinje Egil Kongsbakk, Skien Harriet Slaaen, Seljord Frank Steinsvik, Grue Administrasjonsutvalet sette ned eit tilsettingsutval av ordførar Jarand Felland, varaordførar Tone Dale Solvang, opposisjonsleiar Hilde Alice Vaagslid og hovudtillitsvald Anne Vadder Midtbø med kst. rådmann Hans Kristian Lehmann som sekretær. Tilsettingsutvalet har gjennomført intervju med tre søkjarar og gjort ein grundig sjekk av referansar. Etter ei samla vurdering har tilsettingsutvalet blitt samde om fylgjande innstilling: Tilsetjingsutvalet si tilråding: 1. John Kleiv blir tilsett som rådmann i Tokke kommune.
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2016/2052-1 Saksbeh.: Niina Laaksonen Direkte tlf.: 35075201 Dato: 07.10.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 16/19 19.10.2016 Arbeidsgjevarmonitor 2016 - Tokke kommune Vedlegg: 1 Arbeidsgjevarmonitor 2016 2 Statistikk - Tokke kommune Saksdokument: Saksutgreiing: Arbeidsgjevarmonitoren frå KS er ein årleg statistikk- og faktapublikasjon som beskriv utviklinga og gjev bilete av sentrale arbeidsgjevarrelaterte område. Årets statistikk er den femte i rekkja. Arbeidsgjevarmonitoren er basert på tre ulike datakjelder: Ei landsomfattande spørjeundersøking blant rådmenn og fylkesrådmenn, KS PAI-register og Statistikk sentralbyrå. Rådmannen si tilråding: 1. Arbeidsmiljøutvalet tek Arbeidsgjevarmonitor 2016 til orientering
Tokke kommune Arkiv: 440 Saksnr.: 2016/1790-1 Saksbeh.: Niina Laaksonen Direkte tlf.: 35075201 Dato: 02.09.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Arbeidsmiljøutval 16/16 14.09.2016 Administrasjonsutvalet 16/20 19.10.2016 Ny prosedyre - Handtering av kritikkverdig forhold i Tokke kommune Vedlegg: 1 Handtering av kritikkverdig forhold i Tokke kommune 2 Varslingsplakaten Saksdokument: Saksutgreiing: Tokke kommune har valt ny metode for å kunne løyse konfliktar på best mogeleg mote. Metodikken heiter «faktaundersøkelse» og baserar seg på krav frå arbeidsmiljølova, juridiske krav til god saksbehandling og viktige psykologiske perspektiv knytta til blant anna rettferd. Metodikken er utvikla for arbeidsmiljøsaker der tilsette meiner det har oppstått uheldige eller klanderverdige forhold og der det blir levert klage eller varsling med påstandar om for eksempel mellommenneskelege konfliktar, fryktkultur og trakassering. Toppleiarar hadde hausten 2015 kurs (3 dagar) om metodikken. Mellomleiarar fekk saman med toppleiarar kursdag i mars 2016 samt to dagar i juni. Både tillitsvalde og verneapparat har fått informasjon om metodikken i juni 2016. I tillegg til dette har hovedverneombud, hovudtillitsvalt og personalsjef vore i kurs (5 dagar) med tema «jus og psykologi». Ståle Einarsen frå arbeidsmiljøspesialistane har også hatt innføring i metodikken både med hovudtillitsvale, verneomboda, politikar og leiinga hausten 2015 samt fagdag for tilsette og politikarar mars 2016. Møte var obligatorisk for tilsette.
Personalavdelinga har på våren 2016 laga ny prosedyre som gjeld metodikken. Prosedyren er laga i samråd med tillitsvale, verneapparat, toppleiarar, mellomleiarar og Ståle Einarsen. I tillegg til ny prosedyre er varslingsplakat endra slik at det er samanheng mellom prosedyre og varslingsplakaten. Rådmannen si tilråding: 1. Arbeidsmiljøutvalet vedtek ny prosedyre og endra varslingsplakat. Prosedyre og varslingsplakat vert gjeldande frå møtedato. 2. Administrasjonsutvalet tek dette til orientering. Saksprotokoll i Arbeidsmiljøutval - 14.09.2016 Framlegg til nytt pkt 3: Evaluering av faktaundersøkinga hausten 2017 Samrøystes vedteke. Vedtak 3. Arbeidsmiljøutvalet vedtek ny prosedyre og endra varslingsplakat. Prosedyre og varslingsplakat vert gjeldande frå møtedato. 4. Administrasjonsutvalet tek dette til orientering. 5. Evaluering av faktaundersøkinga hausten 2017. Gjennomgang av IA planen på avdelingane er ikkje gjennomførd, pga for liten tid, kjem seinare i haust. Møte på avdelingane ved sjukefråver over 10% er gjennomførd. 1. SAMT har hatt kartlegging av styrkeromet i Tokkehallen. Dårleg ventilasjon/temperatur/inneklima. 3. 1 skademelding frå omsorg. 4. Leiarar må melde frå om avvik, der det er folk er det avvik. 5. Må gjennomføre vernerunder om våren, pga budsjett. 7. Interkommunalt samarbeid, verneombud med i styringsgruppa. Omorganiseringar i etatane, verneombod med.