MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / nov 2016
Laurdags kafeen i Hillesvågen. Nordhordland Husflidslag starta i 2009 opp med Laurdagskafé i Husflidens Hus i Hillesvågen. Laget hadde då inngått ei avtale om leige av huset til kafé og kursverksemd med Hillesvåg Ullvarefabrikk. Laget såg at det her var gode moglegheiter til å skape blest og interesse for lagets aktiviteter samt rekruttere nye medlemmer. Kundar i fabrikken sin butikk om laurdagane kunne stikke innom og få seg noko varmt. Opningstider er frå kl. 10.00-14.30. Kafeen vert drive på dugnad. Det er frivillige medlemmer som serverer stompekaker og kaffi. Det er og moglegheit til å kjøpe utstilte varer produsert av lagets medlemmar. Kafeen er ikkje ei stor inntektskjelde, men talet på gjestar har auka jamt og trutt gjennom åra. Det første året var det ofte berre fire - fem som stakk innom, mens det no,på gode dagar, kan vere opp til 25-30 gjestar. Det vert og gjort avtale med større grupper som tingar mat på førehand. Dei har og gjerne ei omvising i fabrikken og deretter besøk i butikken, ein vinn - vinn situasjon for begge partar. Når Bunads eller Broderinemda har ansvar for kafeen faste laurdagar kan dei hjelpe kundar om dei har spørsmål om ulike teknikkar og anna. Prisane har ikkje auka desse sju åra, Stompekaker kr 5 og kaffi kr25, då kan du Her er Ane som har omvising på fabrikken for ei gruppe 2 Frå ein laurdag på kafeen. Folk har med seg spøt eller anna handarbeid, og har nokre kjekke timar saman.
Handarbeidstreff Pilfletting. Den 5 september var Lise Dyrhovden gjest på Handarbeidstreffet, kor ho viste oss korleis me kan lage fiskar med pil. Det blei produsert ulike små og store, rare og flotte fisker den kvelden. Bileta talar vel for seg sjølve. 3
Nye åpningstider for Husflidsstova SA. Maandag onsdag 9:00-16:00 Torsdag 10:00-18:00 Fredag 9:00-16:00 Lørdag etter avtale. Adressa til Husflidstova er nå: Blombakken 1, 5911 Alversund 4
Husflidens dag i Husflidens hus i Hillesvågen. Raudlisteteknikkar, her presentert med spinning og stompekaker. På Handarbeidstreffet i oktober fekk me besøk av initiativtaker til Peer Gyntgensaren, Britt Elin Skogseide. Ideen er å strikka heile Peer Gynt -stykket inn i 562 gensarar. Tekst framme og bak og med eigaren sitt navn og kva nummer den er i rekka, strikka på eine ermet. På bilete ser me mellom anna Elin Hantho som er med på prosjektet. Arild fekk vera modell. Her viser Elin og Arild to av dei ferdigstrikka modellane. Diskusjonen gjekk om fargar, garn og detaljer, og Britt Elin var både morsom og engasjerande å høyre på! 5
Ullveka var i år frå 21 til 30 oktober. Ullveka vart offisielt opna av ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Knarvik Senter. Her var det moteoppvisning av ullplagg frå ulike aktørar, sjølvsagt og frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Natt på fabrikken trekkjer alltid mykje folk. Til boklanseringa var det påmeldt om lag 100 stykker (damer!) Boklansering av Sagakofter. Både forfattar av boka og forlaget var tilstades under presenteringa av boka. På første rad sat forfattarane av ulike bøker i sjangeren Sagabøker. Kofter i boka er strikka etter inspirasjon frå Sagabøkene. På fabrikken kunne me, mellom anna, oppleve verdensmeister i strikking, Hazel Tindall og Minnie Mouatt, demonstrere strikking med eit strikkebelte. Ho strikkar med lange pinner som vert stukke inn i beltet. Hege fylgjer interessert med. Og noko å bita i må alle ha! Lappar, syltetøy og rømme fekk bein å gå på! 6
Åkleutstillinga i Galleri Rustica ein del av Ullveka 2016 Ei fantastisk utstilling, sett i stand av Ranveig Reigstad, Elin Alver og Kristi Skintveit. Bileta er frå føredraget på Galleri Rustica, der dei fortalde om dokumenteringa, historia og rekonstrueringa av nokre av åkleda. 7 7
POST TIL PRIMSTAVEN www.husflid.no/nordhordland Husflidstova SA Postboks 49 Telefon: 56 36 07 44 Blombakken 1 post@husflidstova.no 5911 ALVERSUND Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@hfk.no ingrid@eidsnes.org eller arhagene@online.no eller nordhordland.husflidslag@outlook.com Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger 8