Fjell kommune Arkiv: 216 Saksmappe: 2017/895-14204/2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 29.05.2017 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 58/17 Komité for drift og forvaltning 06.06.2017 Vurdering av skulevegen via Foldneskrysset Grunnavågsvegen til Foldnes skule Samandrag av saka: Opplæringslova 7 1, seier: «Elevar i 2. 10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.» FAU ved Foldnes skule meiner at elevar som må passere strekninga Foldneskrysset Grunnavågsvegen på Foldnesvegen (FV 209), har særleg farleg skuleveg. Elevar i 1. klasse har grunna avstand, rett på fri skyss på den aktuelle strekninga. Ein ber derfor om vurdering av skulevegen for elevar frå 2. 7. trinn, som i dag må gå på strekninga. Det aktuelle vegstrekket er smalt, uoversiktleg og utan fortau. Det er berre plass til eit køyretøy. Det er lys på strekninga, men det er ikkje vegskulder å gå på. Det er heller ikkje mogleg å gå snarveg i terrenget for å unngå dette strekket. Trafikkmengda har auka dei seinare åra. I tillegg til fleire bilar og bussar, går det tungtrafikk til det nye kloakkreinseanlegget på Våge, og anleggstrafikk til Larslia. Innstilling: Komité for drift og forvaltning vedtek: «Elevar på Foldnes skule frå 2. 4. klasse som må passere strekninga Foldneskrysset krysset v/ Grunnavågsvegen, får fri skyss til og frå undervisningstida året rundt.» «Elevar på Foldnes skule frå 5. 7. klasse som må passere strekninga Foldneskrysset krysset v/ Grunnavågsvegen, får fri skyss til undervisningstida,(mørkeskyss), i perioden f.o.m. veka etter skulehaustferien t.o.m. veka før skulevinterferien.» Straume, den 29.05.2017 Steinar Nesse Rådmann Wilhelm Anglevik Skulesjef 1
Handsama i Komité for drift og forvaltning - 06.06.2017: Pedagogisk konsulent Nina Høiem var til stades under behandlinga av saka. Ved spørsmål knytt til innstillinga vart det vist til likebehandlingsprinsippet av tilsvarande saker, der behovet for tiltak vert differensiert etter alder på barna som brukar skulevegen grunna modningsgrad. Høiem understreka likevel at det alltid er rom for enkeltvedtak dersom det er einskildelevar med særskilte utfordringar. Høiem viste også til at tiltak kan justerast dersom det oppstår særskilte endringar knytt til vegarbeidet som pågår i området. Innstillinga vart elles samrøystes vedteken. Vedtak i Komité for drift og forvaltning - 06.06.2017: Komité for drift og forvaltning vedtek: «Elevar på Foldnes skule frå 2. 4. klasse som må passere strekninga Foldneskrysset krysset v/ Grunnavågsvegen, får fri skyss til og frå undervisningstida året rundt.» «Elevar på Foldnes skule frå 5. 7. klasse som må passere strekninga Foldneskrysset krysset v/ Grunnavågsvegen, får fri skyss til undervisningstida,(mørkeskyss), i perioden f.o.m. veka etter skulehaustferien t.o.m. veka før skulevinterferien.» Dokument vedlagt saka: Trygg trafikk: «Veileder - særlig farlig eller vanskelig skolevei» Saksopplysningar: FAU ved Foldnes skule meiner at elevar som må passere strekninga Foldneskrysset krysset ved Grunnavågsvegen på Foldnesvegen (FV 209), har særleg farleg/vanskeleg skuleveg. FAU har derfor bedt om vurdering av skulevegen til dei elevane som har under 4 km til skulen, og må gå på strekninga. 2
Fakta om strekninga frå Foldneskrysset Grunnavågsvegen på Foldnesvegen (FV 209): Strekninga er smal, uoversiktleg og utan fortau. Det er berre plass til eit køyretøy. Fartsgrensa er 50 km/t. Det er lys på strekninga, men ved våt vegbane, regn og snø minkar sikta. Det er ikkje vegskulder å gå på. Det er ikkje mogleg å gå snarveg i terrenget for å unngå strekket. Trafikkmengda er stor, særleg i morgonrushet. Det går mange/ofte bussar på den smale vegen. Det er tungtrafikk i samband med nytt kloakkreinseanlegg på Våge. Fjellvar frakter steinmasser på strekninga. Det er anleggstrafikk til/frå Larslia. At foreldre køyrer barna til skulen, aukar trafikkfaren for dei som går eller syklar. På haust/vinterstid, kan vegbana bli glatt og ytterlegare innsnevra grunna frost og snø. I samband med «Kommunedelplan for trafikksikring 2017 2020» hadde trafikksikringsgruppa eit særleg fokus på at dei mjuke trafikantane skal kunne ferdast så trygt som mogleg i trafikken. På FV 209, Foldnesvegen er det i planen foreslått å få på plass heva gangfelt med intensivbelysning og å få på plass fortau der det manglar. Foreldra og barna vil ikkje vente på at desse sikringstiltaka/investeringane er gjort. Foreldra seier dei treng trygg skuleveg for barna sine no. Rett til skuleskyss: Retten til fri skyss gjeld berre i samband med obligatorisk opplæring, det vil seie til/frå skuletida/undervisningstida. Barn i skulefritidsordninga (SFO) er derfor ikkje omfatta. Elevar som har full plass i SFO får ikkje fri skyss. Elevar som har plass i SFO berre om morgonen eller ettermiddagen, har rett til fri skyss ein veg, (til/frå undervisningstid). Leksehjelp er heller ikkje omfatta av skyssreglane. SFO og leksehjelp er frivillige tilbod som etter lova reknast som fritidstilbod. I kommentarane til 13 7 i Opplæringslova, skulefritidsordninga er dette presisert: Departementet ser det ikke som naturlig å innføre en rett til skyss etter et tilbud om leksehjelp der deltakelse er frivillig. Det eksisterer heller ingen rett til skyss etter skolefritidsordningen Opplæringslova 7 1, seier: «Elevar i 2. 10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.» I merknader frå ot.prp. nr 46 (1997 1998) til 7 1, står mellom anna: «Retten til skyss når skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, gir rett til skyss når skulevegen er kortare enn fire kilometer for klassetrinna 2 10 og når skulevegen er kortare enn to kilometer for 1. klasse/førskulen. Både tilstanden til skulevegen, klima, trafikkforholda på vegen og forhold knytte til den enkelte eleven er viktige når kommunen skal vurdere om skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg.» 13 4 i opplæringslova seier: «Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskuleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.» Ansvaret for skuleskyss er delt mellom fylkeskommunen og kommunen. Hordaland fylkeskommune sitt ansvar: Hordaland Fylkeskommune er etter lova ansvarleg for skyss grunna avstand. All skuleskyss for 3
1. klassingar som har over 2 km til skulen og 2. 10. klassingar som har over 4 km vert organisert av SKYSS på vegne av fylket. På strekningar der det ikkje går rutebuss, er Hordaland Fylkeskommune ansvarleg for at det blir sett opp skulebuss (eller drosje dersom det gjeld få elevar). EKSEMPEL PÅ FYLKESKOMMUNAL SKULESKYSS: *2 km for 1. klasse *4 km for 2. 10. klasse *Skyss ved delt bustad (50/50 el 40/60 % deling) *Skyss for funksjonshemma som går på nærskulen *Skyss av midlertidig skadde Transportør skuleåret 2017/2018 på fylkeskommunale vilkår: Nettbuss på Sotra, Tide på Bjorøy og Bergen Taxi for elevar på medisinsk grunnlag som går på nærskulen! Fjell kommune har ansvar for: Å vurdere og fatte vedtak om ein skuleveg er særleg farleg eller vanskeleg på bakgrunn av objektive fakta som vegstandard, fartsgrense osb og subjektive fakta som alder på elevane t dømes. Vedtak kan gjelde for heile eller delar av året; mørkeskyss gjeld til skulen og vinterskyss gjeld til/frå skulen i perioden veka etter skulehaustferien fram til skulevinterferien. EKSEMPEL PÅ KOMMUNAL SKULESKYSS: *Strekningar som Komité for drift og forvaltning har karakterisert som særleg farleg eller vanskeleg Transportør skuleåret 2016/2017 på desse vilkår på strekningar/tider der det ikkje går rutebuss: Turbuss Vest Transportør skuleåret 2017/2018 på desse vilkår på strekningar/tider der det ikkje går rutebuss er ikkje avklart *Alternative opplæringstilbod *Innføringsklassane på Tranevågen og Knappskog *Funksjonshemma som får undervisning på spesialavdeling Økonomiske og administrative konsekvensar: Frå august 2017, vil det på Foldnes skule etter det vi veit no, være 44 elevar i 1. 4. klasse som ikkje går i SFO som må gå den aktuelle strekninga til/frå skulen. Det ser ut til å bli 43 elevar frå 5. 7. klasse som skal same vegen og heller ikkje fyller avstandskriteria i Opplæringslova. I følgje SKYSS som organiserer både rutebuss og skuleskyss grunna avstand, er det lite/ingen ledig kapasitet på dei bussrutene som passar best til skulestart på Foldnes skule kl 08.30. I tillegg til utgifter til busskort etter skuletid for 2.- 4. klasse på årsbasis, vil ein derfor måtte leige buss for å frakte elevane til skulen. I dag er det Turbuss Vest som har køyring på kommunale vilkår. Skuleskyss på kommunale vilkår blir lagt ut på anbod i desse dagar, leverandør frå og med skuleåret 2017/2018 skal være klar 1. august. Priser på rutebuss: *Ein barnebillett kostar 19,- *Eit skuleår er 190 dagar *Mørkeskyss (berre til skulen) /vinterskyss (tur/retur) er 90 dagar 1. 4. kl: 44 elevar x 190 skuledagar x tur/retur-pris 38,- = 317.680,- 1. 4. kl: 44 elevar x 190 skuledagar x tur-pris 19,- = 158.840,- 5. 7. kl: 43 elevar x 90 skuledagar x tur-pris 19,- = 73.530,- Leige av buss til elevane: (Pris er ut frå gjeldande avtale med Turbuss Vest. Ny anbodsrunde i sommar). *190 skuledagar = 10 månader *90 skuledager = 5 månader Stor buss (over 16 elevar), ein tur pris pr månad, minimum 25.000,- x 10 mnd = 250.000,- Stor buss (over 16 elevar), tur/retur pris pr månad, minimum 50.000,- x 10 mnd = 500.000,- Stor buss (over 16 elevar), ein tur pris pr månad, minimum 25.000,- x 5 mnd = 125.000,- Minibuss (inntil 16 elevar), ein tur pris pr månad, minimum 19.000,- x 5mnd = 95.000,- 4
Utgifter ved vedtak om fri skyss for 1. 4. klasse, og mørkeskyss for 5. 7. klasse_ Alternativ 1: Stor buss 2.-4. kl, ein veg (tur) pris pr månad, minimum 25.000,- x 10 mnd = 250.000,- Stor buss 5. -7. kl, ein veg (til skulen) pris pr månad, minimum 25.000,- x 5 mnd = 125.000,- Busskort ein veg 1. 4. kl (retur): 44 elevar x 190 skuledagar x tur-pris 19,- = 158.840,- Årlege utgifter totalt minimum = 533.840,- Alternativ 2: Om ein kan klare seg med ein stor buss og ein minibuss om morgonen Stor buss 2.-7. kl, ein veg pris pr månad, minimum 25.000,- x 10 mnd = 250.000,- Minibuss 2.-7. kl, ein veg pris pr månad, minimum 19.000,- x 5mnd = 95.000,- Busskort ein veg 1. 4. kl: 44 elevar x 190 skuledagar x tur-pris 19,- = 158.840,- Årlege utgifter totalt minimum = 503.840,- NB! I tillegg kan det blir utgifter til skyss ein veg for SFO-barn som ikkje har full plass! Det vil bli noko meir administrasjon for skulesekretærane ved Foldnes skule for å legge inn søknader om busskort på returreise og bestille ekstrabusser om morgonen. Vurdering: Opplæringslova 13 10 andre ledd, seier: «Kommunen/fylkeskommunen og skuleeigaren for privat skule etter 2 12 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte.» Moment i vurdering av: Foldneskrysset Grunnavågsvegen på Foldnesvegen (FV 209): Strekninga er smal, uoversiktleg og utan fortau. Det er berre plass til eit køyretøy. Fartsgrensa er 50 km/t. Det er lys på strekninga, men ved våt vegbane, regn og snø minkar sikta. Det er ikkje vegskulder å gå på. Det er ikkje mogleg å gå snarveg i terrenget for å unngå strekket. Trafikkmengda er stor, særleg i morgonrushet. Det går mange/ofte bussar på den smale vegen. Det er tungtrafikk i samband med nytt kloakkreinseanlegg på Våge. Fjellvar frakter steinmasser på strekninga. Det er anleggstrafikk til/frå Larslia. At foreldre køyrer barna til skulen, aukar trafikkfaren for dei som går eller syklar. På haust/vinterstid, kan vegbana bli glatt og ytterlegare innsnevra grunna frost og snø. Vurderinga skal i tillegg til dei nemnde faktorane ta omsyn til alder på eleven og sjå objektive og subjektive faktorar i samanheng. Utvikling av syn og evne til å «lese» trafikkbiletet aukar i stigande grad i takt med auke i alder. Å bevege seg i trafikken vil alltid medføre ein viss fare. For at skulevegen skal bli omfatta av vedtak må det ligge føre ein særleg fare eller vanske. Rådmannen ser i vurderinga også til vedtak på andre strekningar på skulevegar i Fjell kommune. Det er eit viktig prinsipp at elevar i same alder med nokolunde same trafikale forhold blir behandla tilnærma likt. Rådmannen meiner at trafikktilhøva og vegstandard på den aktuelle strekninga er av ein art som kan gje rett til fri skyss på grunnlag av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. 5
Han tilrår at strekninga frå Foldneskrysset til Grunnavågvegen på Foldnesvegen, (FV 209) klassifiserast som særleg farleg og vanskeleg skuleveg for dei yngste elevane. 1. klassingane har fri skyss grunna avstand (over 2 km). Elevar i alderen frå 2. 3./4. klasse er framleis leikne og impulsive. Dei har vanskar med å ta andre sitt perspektiv. Til dømes vil dei tru at om dei ser bilføraren, så betyr det også at bilføraren ser dei. Rådmannen tilrår at 2. 4. klasse får fri skyss tur/retur året rundt. For elevane på mellomtrinnet kan ikkje rådmannen sjå at den same strekninga er særleg farleg eller vanskeleg i den lyse årstid. Elevar flest på dette alderstrinnet har god grovmotorikk. Dei kan også i større grad tolke og dra nytte av det dei ser og høyrer. Men i vinterhalvåret når det er mørkt om morgonen og det kan være glatt eller enno smalare vegbane grunna brøytekantar, vil skulevegen kunne opplevast utrygg og særleg farleg eller vanskeleg. Etter skuletid er trafikkmengda ikkje så stor som i rushtida, og det er lyst også vinterstid. Elevar frå 5. 7. klasse skal og bør gå til og frå skulen i størst mogleg grad, men bør tryggast i den mørke årstida på den tid av dagen når trafikken er størst. Rådmannen tilrår fri skyss for elevar på 5. 7. alderstrinn på veg til skulen (mørkeskyss) i perioden frå og med veka etter skulehaustferien, til og med veka før skulevinterferien. 6