1905 - Hornindal kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Høyanger kommune

Solund kommune

Førde kommune

Askvoll kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Gaular kommune

Jølster kommune

Sogndal kommune

Flora kommune

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Aurland kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til deg som bur i fosterheim år

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Naustdal kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

«Ny Giv» med gjetarhund

Bremanger kommune

Minnebok. Minnebok NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Møteprotokoll for møte i

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. For seint. Libretto

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Teknikk og konsentrasjon viktigast

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Gloppen kommune

Stryn kommune

Gulen kommune

Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Med god informasjon i bagasjen

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Lærdal kommune

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

/

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

DIS- Sogn og Fjordane

Sommartur til Sverige,

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Søking til skuleåret

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Transkript:

Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og kongeval. I Hornindal, som så mange stader elles, var kyrkja røystestad ved begge folkerøystingane i 1905. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Hornindal. Hornindal kommune i 1905 Ved folketeljinga i 1900 budde det 1610 personar i dåverande Hornindal kommune, som omfatta området på begge sider av Hornindalsvatnet. Området frå og med Navelsaker og Holmøyvik vart i 1965 overført til Eid kommune, medan resten av kommunen vart slegen saman med Stryn. I 1977 vart Hornindal igjen eigen kommune. Området som vart overført til Eid, vart ikkje tilbakeført. Kommunen omfatta i 1905 eitt kyrkjesokn, Hornindal hovudsokn. Kommunen var eige lensmannsdistrikt og tinglag. Tinglaget høyrde til Sunn- og Nordfjord fogderi. Kommune var i 1895 delt i ni skulekrinsar med 263 born i skulepliktig alder og fire lærarar, O. N. Lødøen, L. O. Svor, O. I. Olsen Rygg og O. M. Holmøy ( skulestyrar). Holmøyane arbeidsskule, den fyrste arbeids- og snikkarskulen i sitt slag i landet, låg også i gamle Hornindal kommune. Kommunen hadde eiga jordmor. Olina Rødal frå Tafjord var i 1905 meierske ved Hornindal Meieri på Tomasgard. D/S Dølen var ein trufast slitar på Næringsliv og sørvistenester. Jordbruk var den viktigaste næringa, men mange hadde ulike former for heimeindustri/handverk som tilleggsnæring, til dømes ljåsmiding. Hornindal var kjend for ljåane sine og bygda var meir som eit senter for dette handverket. I Amtmannsmeldinga for Nordre Bergenhus Amt frå 1900 står det å lese at mest halvparten av vaksne menn smidde ljåar og "...de selger sine vare helt nordover til Nordland." Det var fleire sagbruk i bygda og møller på mest kvar ein gard. Det var eit meieri i kommunen i 1905, Hornindals Andelsmeieri. Hornindalsvatnet var rikt på fisk og gav grunnlag for viktig matauk. Sommarturismen med overnattingstilbod og skyssteneste var blitt ein del av næringslivet, og det var tre hotell i kommunen,

Side 2 av 7 Hornindalsvatnet. Begge folkerøystingane vart haldne på Grodås, og det vel grunn for å tru Dølen frakta folk frå dei andre bygdene langs vatnet, dårlege vegar som det var. Raftevolds Hotel, Hotel Grodaas og Hotel Kjos. Hornindal sparebank var etablert i 1898. Det var fem som dreiv handel i kommunen, P.J.Storevik i Holmøyane og R. K. Grodås, O. M. Raftevoll og R.Sørensen. Tettstaden og den viktigaste handelsstaden var Grodås. Samferdsle og kommunikasjon Hovudvegen i kommunen var ein del av den populære turistruta Stryn - Hornindal - Norangsdalen - Øye, og var med og danna grunnlag for hotella i kommunen. Vegen frå Stryn kom ned til Øyane og tok seg vidare austover gjennom Grodås og vidare til Hellesylt på Sunnmøre. Dette var også ein del av den Trondhjemske Postveg. Det var også 4,1 km køyreveg frå Eid til Grimsnes i dåverande Hornindal kommune. Også innan sjølve kommunen var det bygt nokre korte vegstrekningar som kunne køyrast. Presten Elias Blix har ein sentral plass i 1905- markeringa. Fedrelandssalmen hans 'Gud signe vårt dyre fedreland' vart sunge meir enn nokon gong før. Målsaka blømde i denne perioden, og Blix sine nynorsk salmar var ei kampsak. Mange stader stemde dei for å innføre desse salmane i kyrkja. Dampbåten D/S "Dølen" trafikkerte Hornindalsvatnet, Grodås - Nor, med post, varer og passasjerar frå 1881 til 1951, og i 1888 kom konkurrenten M/S "Duen". Dampbåttrafikken var viktig for kommunen, for kommunestyret gav kommunal garanti for farten. Det var tre postopneri i kommunen; på Grodås, i Heggjebygda og Holmøyane var det postopneri. Kommunen var også knytt til telefonnettet gjennom det privateigde Nordfjord Telefonselskab. Grodås, Haugen, Kjøs, Maurset, Lødemel og Tomasgard fekk privattelefon alt i 1893. ".. i spændt Forventning.." I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ragnhild Fredriksdotter Lødøen, 1863 til 1920, var jordmor i Hornindal frå 1865 til 1902, og vikarierte lenge etter den tid. Jordmora hadde ein viktig rolle i det lokale helsestellet. Det var langt til lege så jordmora var god å ha som medisinsk kunnig. Ein utflytta honndøl, busett i Bergen, fortel i eit lesarbrev, datert 14. juli i Gula Tidend at han har vore heime i Hornindal ein tur denne sommaren og det som opptok folk meir enn noko anna var " Situationen. Det er som ein draum dette som hev hendt i Landet i den siste Tid, tykkja dei. Dei hadde ikkje tenkt so stort, at det norske Folk skulde vaaga dette Spennetaket. Gjev me maatte naa fram! Hornindalen er rein Vinstrebygd. " Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika sameleis. Samferdsle med bygging av veger og kamp om nye stoppestader for Fylkesbaatane var aktuell saker.

Side 3 av 7 Ei anna viktig sak var utbygging av helsestellet. Amtstinget hadde i 1901 løyvt midlar til opplæring av sjukesystrer for å betre helsestellet i kommunane, men vedtaket fall. Honndølene tilhøyrde mindretalet og då fylkestinget i 1905 tok opp spørsmålet om løyving til sjukehus i Lærdal, uttalte kommunestyret at det måtte opprettast sjukehus i kvart lækjardistrikt, med amtsstøtte på 20 prosent. Kommunestyret søkte tilskot frå Nordfjord Sparebank om å vøle taket på kyrkja, søkte Postverket om statstilskot til dampskipsfarten på Hornindalsvatnet, prioriterte vegprosjekt, handsama skjenkjeløyve til hotella, overtok ein ny vegparsell på hovudvegen frå Stryn, valde styremedlemer til dampbåten "Dølen" osv. Bilethoggar Anders Svor laga som ungdom ein kongskross med portrett av kong Oscar II. Dette er eitt av to 1905-minnesmerke som finst i Svormuseet i Hornindal. Nyhende om stort og smått Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Fjordenes Blad, 21.06.1905, melde om ei rasulukke under vegarbeidet ved Hornindalsvatnet. Ein svær stein kom susande og trefte ein vegarbeidar i bakhovudet og ryggen. Til all lukke kom han straks " - under legebehandling og det skal være håb om, at han kan komme sig igjen". Fram til 1905 hadde over 500 honndøler emigrert til Amerika, mange heilt på slutten av hundreåret. Banda til heimbygda var sterke, og Fjordenes Blad kunne i desember fortelje at dei hadde samla i hop heile kr 5600 til orgel i Hornindal kyrkje. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og bonde Ole R. Svor vart då vald til ordførar, eit verv han hadde fram til 1913. Vilhelm Hesselberg var sokneprest. Magnus Kirkhorn som var lensmann og postopnar på Grodås, døydde i oktober dette året. R. M. Kirkhorn vart då konstituert som lensmann. Magnus Kirkhorn hadde vore lensmann i kommunen sidan 1872. Han var ein føregangsmann innanfor jordbruk og samfunnsliv, m.a. ein av stiftarane av Hornindals sparebank. Lærar Ole N. Lødøen var ein stor pedagog og utvikla eineståande visuelle læremiddel som vakte stor merksemd både i inn- og utland. Biletvevaren Brita Lund, 1886-1966, vart også kjend utanfor bygda. Ho hadde separatutstillingar både i Norge, Sveits og USA. Lag og organisasjonar Lag- og organisasjonsarbeidet har lange og sterke tradisjonar i Hornindal. 1905 finn vi skyttarlag, misjonsforeining, ungdomslag og partiet Venstre. Dei to sistnemnde vart skipa same året, i 1885, og hadde sterk innverknad på mykje av det som skjedde i kommunen. Ungdomslaget stod sterkt og hadde sterk legitimitet, m.a. av di mange av prestane var leiarar i laget. I 1905 var sokneprest Hesselberg leiar i laget. Målrørsla var ei av fanesakene til ungdomslagsrørsla og Venstre, og denne saka hadde lange tradisjonar i det radikale miljøet i Hornindal. Dei kjende målmennene Haakon Aasvejen og Johannes Aashamar hadde tidlegare drive både friskule for born i grunnskulealder og Hornindal

Side 4 av 7 Folkehøgskule i bygda. Dette hadde sett spor, og alt i 1905 var det nytta ein del lærebøker på "landsmål" i skulen. Men Blix-salmane hadde dei enno ikkje teke i bruk kyrkja. I eit lesarinnlegg i Gula Tidend dette året vert ungdomslaget oppmoda om å syte for å ta saka opp att. Men innsendaren ber om at dei arbeider godt for saka før ho vert teken opp til ny røysting. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Den politiske situasjonen var spent og nasjonalkjensla blomstra. Fjordenes Blad sin meldar i Hornindal skildrar nasjonaldagen slik: "Straalende deiligt var veiret. Skogen stod grøn. Flagene vifted. Det var saa vakkert i aar den 17de mai. Kl. 5 eftmd. talte pastor Hesselberg i kirken. Prækestolen var omsvøbt af flag. Mange folk var samlet. Det var en sand hugnad at sidde i kirken og høre Hesselbergs mandige og greie tale. Den var baaret af tro og elsk til fædreland og kirke. Blixs fædrelandssalme blev sunget. Kl. 8 samledes man ved Knud Grodaas hus, hvor S i n d r e talte. Paa sin vanlige rolige og greie maade talte han. Skildred forholdene i 1814 og maned til værn og kamp for den frihed og selvstændighed, som vi den gang vandt". 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk ut over i landet venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Det var knappe fire dagar mellom vedtaket i Stortinget og fyrste pinsedag. Med den tids postgang og kommunikasjonar vart dette for knapp tid. Kunngjeringa nådde ikkje fram, så presten i Hornindal løyste dette med å be ei "Særlig bøn for fædrelandet". Stikkord for preika var "Pinseunderets Betydning." Ein tekst som skulle høve godt for dagen og det som hadde hendt. Under preika i Hornindal den 18.07 var kunngjeringa komen, og presten kunne endeleg få lese opp "Kundgjørelse til det norske folk om unionens opløsning." Dette var sjølvsagt gamalt nytt for honndølene, men truleg like kjært å høyre frå preikestolen. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Valsokna omfatta eitt prestegjeld, og Hornindal valsokn tilsvara Hornindal kommune. Valstyret for august var

Side 5 av 7 samansett av: lensmann Magnus Kirkhorn som var formann, varaordførar Lars O. Svor, Jørgen G. Rognæs og John O. Ytrehorn. Formann i valstyret for november var konstituert lensmann R. M. Kirkhorn. Medlemane var elles dei same som ved augustrøystinga. Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. I begge røystingane vart det røysta i Hornindal kyrkje, men ved folkerøystinga i november, som gjekk over to dagar, vart det røysta i kommunelokalet på Grodås siste dagen. "Efter afstemningen var slut den første dag, (den 12te) forsegledes urnen med lensmandens segl. Den paafølgende dag (den 13de) fortsattes afstemningen i kommunelokalet". Her talde dei også opp røystene denne dagen. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Hornindal valsokn: 332 personar (menn) hadde røysterett. Det vart avgjeve 313 røyster og heile 282 menn møtte fram personleg. Ingen av røystene vart forkasta, og alle røysta ja. Frammøteprosenten for Hornindal var 94,3. Røystestyret har notert seg fylgjande om frammøtet: "Af herredets stemmeberettigede er borteværende fra distriktet ( for det meste i Nordland - 7 personer) og gamle og sløve som ikke afgav stemme 5 personer. Når disse 12 er fradraget, er kun 7 personer udeblevne fra mødet." Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei). Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Underskriftsinnsamlinga vart ordna på ulike måtar. Gjennom opprop i avisene vart kvinnene oppmoda om å skrive seg på listene. I Fjordenes Blad 12.08 gjev redaktøren si fulle støtte til aksjonen : "Vi giver dette oppråb til landets kvinder vor varme tilslutning. Det vil utvilsomt styrke Noregs stilling i disse alvorlige tider, at ogsaa vaare kvinder er med at slaa ring om landets selvstendighed. Lad os nu be at alle Norges kvinder bli med!". Avisa oppmoda vidare ".. kvinder i de øvrige av vore bygder til at ta sig av sagen og sørge for at faa lister udlagt paa bekvemme steder." Avisa melder den 30.08 at det vart samla inn 257 underskrifter på Eid, men dei nemner ikkje andre lister. Dette tyder likevel ikkje at det ikkje vart samla inn underskrifter i Hornindal. Bygda hadde sterke målfolk og mange venstrefolk, typiske alliansepartnar for initiativtakarane. Folkerøystinga i november - ein knipen siger for kongedømme

Side 6 av 7 Resultatet av folkerøystinga i november for Hornindal valsokn: 330 hadde røysterett. Landet over var det noko mindre interesse for å røyste ved dette valet. Slik var det også i Hornindal. Denne gongen var det "berre" 245 som røysta. 130 røysta ja (for kongedømme), medan 115 personar, heile 46,9 prosent, røysta nei (for republikk). Med dette valresultatet plasserte Hornindal seg som republikanarkommune nr 2 her i fylket. Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Prins Carl hadde fått det svaret han ville ha for å ta på seg oppgåva som Norges konge. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Gleda var stor hos dei kongetrugne, og Johan Ytrehorn sende same dagen eit gratulasjonsbrev til venen Edvard Liljedahl, skulemeister, klokkar og kyrkjesongar i kommunen. "Gratulerer med dagen, den skjønneste i vor historie. Haakons og Olav trone gjenreist. Digterens spaadom er gaaet i opfyldelse: Hvad Norge vor skal det atter vorde, paa land, paa bølge og i folkerang. Haakon 7de Norges mand Lenge raabes: " Leve han." "Den fullbyrdede nationale frigjørelse" På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudsteneste i mange kyrkjer rundt om i landet. I Hornindal noterte presten etterpå i dagsregisteret i kyrkjeboka: "Takkegudsteneste i anledning af den fuldbyrdede nationale frigjørelse. "Af Herren er dette skeet (..) Tekst salme 118, 23-24." Mange stader i landet skipa dei også til folkefestar i desember for å markera det hendingsrike året 1905. I Hornindal, ein kommune med ei sterk frilynt ungdomslagsrørsle der sjølvråderetten var ei av kampsakene, med ivrige målfolk og venstrefolk og eit levande folkemusikkmiljø, kan det godt henda at dei også skipa til folkefest, sjølv om det vart kongedømme og ikkje republikk som mange honndøler ynskte. Artikkelnummer: KAL/SFF-422.1444

Side 7 av 7 Forfattar og datering: Kjerstin Risnes, 2005. Prenta kjelder: Avisa Fjordenes Blad. 24.05, 21.06,, 26.07, 11.10, 22.12, 1905. Avisa Gula Tidend. 21.07.1905. Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901. Gjerde, Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane, grensendringar gjennom tidene. I Kjelda. Nr. 3. 2002. Lothe, Anders. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.1950. Haugen, Pål og Ytrehorn, Jon: Ljåsmeden i den gamle honndalsmia. I Historisk årsskrift. Nr.3. 1987. Hornindal historielag. Tomasgard, Paul. O. Det første organiserte ungdoms og idrettsarbeidet i Hornindal 1884/85. I Historisk årsskrift. Nr.1. 1985. Hornindal historielag. Norges Handelskalender. Nordre Bergenhus Amt. 1904. Lillestøl, Karl. Hornindal herad gjennom hundrad år. 1837 til 1937. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv SFF-92025 Brev frå John Yttrehorn, Hornindal. Kommunearkivet i Hornindal: Møtebok for formannskapet, 1837-1937. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, møtebokregister, formannskapsprotokollar NRK Sogn og Fjordane Nasjonalbiblioteket Fylkesarkivet, Kulturhistorisk atlas/leksikon Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no