Vegadressering i Nord-Aurdal Namneframlegg til 2.gongs høyring Høyringsfrist 17.6.2011 Besøksadresse: Postadresse: Telefon: Telefaks: Organisasjonsnummer: 961381908 Rådhuset Postboks 143 61359000«Sse_Tlf 61359001«Sse_Fax E-post: nak@nord-aurdal.kommune.no»» Jernbanevegen 22 2901 Fagernes www.nord-aurdal.kommune.no
Møte 23.mai 2011 merknader til framlegg vegnamn i Nord-Aurdal. Til stades Ivar Aars, Gulbrand Anmarkrud (innkalla serskild), Håkon Bakkene, Oddveig Hyseth, Bergljot Strand, frå administrasjonen Jan Stundal (kultur), Jo Dalen (Bygg og Næring). Merknader vart gjennomgått og endringar foreslått (med feite typer). Framlegg og merknader frå nemndi står i kursiv. 1 Kristin Ulsnes Adolfsson -Veg til høgre nedst i Gjølmyrvegen. "Vi bor i Drammestyrten 3. All post sendes til denne adresse og har alltid kommet fram. - "eget veiskilt som er påkostet selv". Namnet verkar useriøst (som offentleg vegnamn), og me trur det er mange som ville mislikt å flytja inn til denne adressa. Namnet er òg mot retningslinene kommunen har fastsett. Skal vegen har eige namn, bør det drøftast ut frå retningslinene og eldre namn i området. Dette gjeld ikkje høyringa. Må handsamast seinare. 2 Siv Byfugllien/Vegnavnkomiteen i Etnedal -Steinsetbygdvegen frå Garlikrysset til etnedalsgrensa. Vegkomiteen ønsker å slutte seg til dette forslaget. Tidligere vedtak er Etnedalsvegen. Det er kommet mange innspill på at vi bør kalle hovedveien gjennom Etnedal for Etnedalsvegen. Vi tenker at dette (å beholde Etnedalsvegen) kan være uheldig, i og med at det er såpass store vegparseller vi snakker om. Det er derfor ønskelig at nevnte vegparsell i Nord-Aurdal kan endres til Steinsetbygdvegen, som foreslått i høringsdokumentene. Steinsetbygdvegen blir fasthaldi som framlegg frå Nord-Aurdal stadnamnnemnd. 3 Tone Dahl -Røyrosvegen. Strekninga er i flere generasjoner blit kalt Husabygda av bygdefolket. Foreslår Husabygdvegen, Husavegen eller Husabygde. Det er mange namn på Hus- i kommunen, og Røyrosvegen høver betre. -Midtmovegen. Av bygdefolket kalt Moarasten fordi det ligger gårder kalt Moen, Midtmoen, Nymoen, Sørmoen og Smedmoen langsmed denne vegen. Foreslår Moarasten, Moarastvege eller Moavegen. Moavegen finst som vegnamn elles, men Moarasté bør likevel kunne fastsetjast, og høver med målføret. 4 Ola N. Døvre Det er mange alternative mulegheiter til endinga -vegen: linna, stigen, goto, reksla, bakkatn, og sikkert fleire. I.Aars: Variasjon i sisteledd er fastslått prinsipp, men må vurderast ut frå topografi og eldre namn bruk. -Skriulegeret må skrivast Skreolægeret. e-lyden i valdresmål blir elles skrvii med e, trong e (é) dels med i. Æ-lyd bør berre nyttast ved klår æ-uttale, som er sjeldan, men vel kan nyttast inntil tjukk l (ælvé, kælv). -Kølhus må bestå som områdenamn. Dette er så innarbeidd i daglegtale. Problemet er Kølhus som bruk i bygdi, men her er truleg samanfall eit lite problem. Framlegg: Kølhus blir områdenamn. -Kva med Hundslægeret istellafor Hunnslægeret? Uttala skal vera hovudprinsipp, og det er hunn. Framlegg: Hunnslegeret
-Steinbui må endrast til Steinbue. Steinbué er korrekt ut frå det me no praktiserar (é for trong e, open i). -Kalvavegen bør kallast Kælvavegen, synest eg. Kælvavegen synest rimeleg om ein skal nytte æ-lyd i det heile.men Etnedal nyttar Kalvavegen. Framlegg: Kælvavegen. Putteskardvegen bør kallast Putteskålvegen. Putteskålvegen er rett ut frå uttala. -Kjørlivegen er oppteken. Kjørlivegen er namnet på vegen som går frå Valdres Skisenter nordvestover til Trølldalsmyra. I gamle dagar var det ei sag synna Stølsvegen/ Svarthamarvegen. Den heitte Kjørlisage. Flytjing av namnet Kjørlivegen er foreslått frå nemndi i møte 26/4. -Trølldalsvegen må vera vegen som går frå Øvrebygdvegen ved Åsdokke opp til Trølldalsmyrn. Trølldalsvegen bør bli namnet her. -Bør ikkje Lågsrud skrivast Låksrud? Jo, Låksrud er nytta i bygdeboki( side 60). -Kvednavegen går heilt opp til Skogstadvegen, meiner eg. Det var her folk frakta kornet sitt ned til Holdalsfoss for å få det male. Kvednavegen bør gå heilt opp til "Skogstadvegen " -Gigstadvegen er nok rett. Men det gått og med Jistabakkatn. Gistadvegen er innarbeidt, og Gistad skrivemåten i bygdeboki ( side 505). -Veg fra Skrautvålsvegen austover til bruk 15/17, 15/67-68 m. fl. heiter Gamlevegen. Den var del av den Bergenske kongeveg. Rett nok gjekk ikkje den heilt ned til noverande Skrautvålsveg, her, men tok av litt lenger opp før han held fram nord-vestover. Myravegen har vore brukt om denne vegen, i seinare tid. Men Gamlevegen skal vera det rettaste. Gamlevegen er nytta i Fagernes, og var nytta tre stader i kommunen før to av dei (Aurdal, Leira) vart endra etter offisielt ynskje (på landsplan, unngå same namn fleire stader i ein kommune). 5 Anne Marit og Bjarne Framnes -Liagrendvegen. Vegen gjennom Liagrenda kallast vanlegvis for Liagrendingsvegen. Sør-Aurdal ynskjer og nyttar Liagrendvegen, som også er nytta av aurdøler. Båe namn er i bruk. -Skålebakkatn: Slettevegen betre namn frå Songevøllen - gjerne heilt forbi Sveineslette og Dokkaslette, då sæterlaget heiter Slette eller Sletteseterid n. Det måtte då bli vegen vidare mot Skålebakkad n som kunne kallast Skålebakkad n. Sør-Aurdal ynskjer Skålebakkatn. Endingi -atn er i Nord-Aurdal nytta i Aurdal, -adn i Ulnes/Svenes/Skrautvål.
Vedtake tidlegare -Vegen bortover kommuneskogen forbi Kjeringputten mot Nørdre Tørkjellstølen og vegen frå Vestringsbygda kunne heite Kommuneskogvegen. Skarsvegen er tidlegare vedteki namn her. -Vegen vestover frå Songevøllen kunne vel heite Søreistølvegen der de har skrive det inn, og heilt til Tørgrimstølen. Ja, Søreistølvegen bør kunne vedtakast. -Vegen frå Søreistølvegen mot Langevatnet kunne heite Langevassvegen. Dusandisvegen høyrest ukjent ut for oss som held til der. Langevatn er eit vanleg namn i kommunen. Dusandis er ein bekk her. -Vegen som tek av Søreistølvegen mot Haraldstølane, kunne heite Haraldstølvegen. Ja, Haraldstølvegen bør bli namn på vegen til Haraldstølatn. 6 Randi Haug -Veg 2 på Førsøddin: Jeg foreslår at også veg 2 får navnet Førsøddin. Navnet er innarbeidet og naturlig for alle boliger på Førsøddin. Raunebakkin og Førsøddin er tidlegare vedtekne vegnamn her. 7Marius Moberg -Førsøddin. Finn ikkje framlegg til namn, og vil gjerne ha: Kveldsolvegen evt. Nørre Førsøddin, og Morgensolvegen, evt Sørre Førsøddin. Vegene har vedtekne namn: Førsøddin og Raunebakkin (på sørsida). Ikkje med i høyringa. Vedtake tidlegare. Evt. endring må takast opp att i Stadnamnnemnda. 8 Jahn Børe Jahnsen -Hva heter lokalvegen fra kirken til butikken? Vegen er namnlaus, og kan førebels ha adresse til hovudvegen. - Hvorfor Nøsavegen gjennom Hippesbygda mot Vaset? Hvorfor ikke heller Vasetvegen? Det er dit de fleste skal. Hvorfor ikke beholde Panoramavegen? Kommunestyret har vedteki Nøsavegen (endring frå Panoramavegen) -Vegen over Fødnesåsen fra Rantrudvegen. Nederst fra Rantrudvegen heter det Rennekastvegen. Denne henger så vidt sammen med vegen videre over åsen, kun ved dårlige traktorspor. Vegen videre bør hete Fødnesåsvegen. Vegen nordover på vestsida heter Ellinghaugvegen. Rennekastvegen, Ellinghaugvegen og Fødnesåsevegen er med i framleggi frå nemndi. -Rosendalsvegen i Hippesbygda heter lokalt Høllavegen etter garden Holden (Høllen). Hvorfor kaste vrak på et gammelt navn? Rosendal kan ikke være noe gammelt navn der. Høllavegen bør bli namnet på vegen frå Nøsavegen til Brekkudn. -I området ved Gomostølen / Skørvestølen ble en rekke veger navnsatt og skiltet for 10-15 år siden og navnene er i god hevd blant hytteeiere og for vegstyret (Skørvestølsvegen). Det er følgende navn: Nedenfor Gomostølen i motsatt retning av Skørvestølsvegen: 1. Huldrevegen. Knut Hermundstad har skrevet om hulder nederst på Gomostølvollen.
Lenger ned for Gomostølen går to sideveger parallelt: Den nordligste er 2. Oskarsbakkin, oppkalt etter avdøde Oskar Johnsrud i Ulnes, grunneier i området. Den sørligste er 3. Båtånbakkin, går ned til Båtåne. Innover Skørvestølsvegen går en veg til høyre etter at du har krysset Båtåne. Denne sidevegen er 4. Bjødnavegen, det var gammelt bjørnetrekk her. Videre innover Skørvestølsvegen tar 5. Semlevegen av til venstre. Hytteplanen for området på 1970-tallet het Hippe-Simle, og Semlegardene er grunneiere. Videre rett fram deler vegen seg i to: Rett fram er 6. Haugastølsvegen, den fortsetter i skogen øst for hyttene, men er etter hvert helt gjengrodd før den treffer på tuftene etter Haugastølen, det var heimstøl til Haugen, før gard, nå bare et jorde, i Hippesbygda. Denne vegen over myr var stølsveg i tørre somre. Veg til høyre oppover er 7. Mattisbakkevegen, den ender på den gamle stølsvollen til Mattisbakke, navnet finnes på kart ca. 1840. Dette var stølsveg i våte somre. Aller innerst svinger vegen til høyre, da er man egentlig i den eldgamle 8. Sleinevegen (kommer av slepkjøring) mellom Liaset og Rugnus Nystøl. Framlegg om å stadfeste desse: 2 Oskarsbakkin, 3 Båtånbakkin, 5. Semlevegen, 6 Haugastølsvegen, 7 Mattisbakkvegen (utan e). Nr 1, 4 og 8 har fyrsteledd som kolliderar med andre namn i kommunen, og bør ikkje stadfestast som offisielle vegnamn. 9 Sigbjørn Kullhuset -Vestringslinna: I dagligtale i Aurdal Linna. Linnegrinde der vegen krysser Gamlevegen. Ingen her taler om Vestringslinnegrinde eller Vestringslinna. Foreslår at vegnavnet blir Linna. Vestringslinna er tidlegare vedteki vegnamn. Linna er nytta i talemålet fleire andre stader, og blant noverande framlegg er Tonsåslinna. Det er vanleg at ein lokalt nyttar stutte namn som folk noko lengre vekk legg stadnamn til foran (til dømes Brøtin lokalt, Håvrudbrøtin elles). -Osibergvegen. Veg frå Eggum Bakeri til Hyllo bygd for ca 20 år siden og gitt navnet "Hyllovegen", samtidig traktorveg i sløyfe fra bommen mot Kviteberg og tilbake til hovedvegen ved Haugebakken. Denne vegen ble gitt navnet Lobrøtavegen (Lobrøtin gammel plass ved bommen). For 2 år siden bekostet jeg ny bilveg fra Hyllo og til Osibergo. Navnet på denne vegen er Osibergvegen og den er ca 500 m lang. Det er forvirrende når brukene i området er kallet "Bergatn.. Hyllutn.. og Osiberge" på kartet. Bergatn og Hyllutn er flertallsform og det stemmer ikke med virkeligheten. De siste som bodde der var Olav i Bergo, Ola på Hyllo og Knut på Hyllo. Ingen sa "Olav i Bergatn, Ola og Knut på Hyllutn". Ønskelig å beholde Hyllovegen som vegadresse. Hyllo er dativ fleirtal av Hylludn, og i målføret vekslar stadnamn mellom nemneform (Bergatn) og dativform (Bergo). Vegene Lobrøtavegen og Osibergvegen på dei nemnde nye vegen er ikkje nødvendige å gje offisielle namn på no. Vegen opp til Hyllo treng namn, og me endrar då framlegget til Hyllavegen, som truleg er rettast målføreuttale på samansetjingi ved Hylludn. 10 Kristin Dagsdatter Malm -Kvitingsvegen bør vera utan genitivs-s.: Kvitingvegen synest korrekt ut frå vanleg uttale. -Gråndalsvegen har lenge vori skilta utan genitivs-s
Gråndalsvegen med genitivs-s synest rimeleg ut frå uttala. Etter lov om stadnamn skal samansetjingslyden fylgje målføret i offentlege namn. -Damtjednvegen har i svært mange år hatt skilt "Damstølvegen". Navnet er godt innarbeidet. Damtjednvegen er truleg eldre namn, og bør behaldast.damstølen ligg ikkje her, men ved vegen før ein kjem til Damtjednet (hytte bygd av Ole Trøen). -Auståsvegen er på "folkemunne" alltid kalt Åsvegen. Vegen her har i minst 10 år vært skiltet "Øståsvegen". Både Åsvegen og Auståsvegen er nytta om vegen. Auståsvegen bør behaldast. -Engitjednvegen: I-endelser er ukjent og virker svært kunstig på Aurdalsåsen. Framlegg Engetjednvegen. Her er ikkje i-ending, men i i samansetjing, som etter retningslinene bør nyttast. Engitjednvegen bør behaldast. -Engistølvegen: Bruk e, ikkje i, om navnet skal brukes. Denne vegen har alltid vært kalt Engadn, som jo også er et fint navn. Hvorfor skal alle navn slutte på "-vegen"? Engatn er namn på stølen, ikkje vegen. Ut frå uttala er det mest naturleg å halde på Engistølvegen. -Freningsvegen: Bør ikke ha genitivs-s og bør skrives med æ, fra det opprinnelige ord "fræn". Freningsvegen. Æ-lyd bør berre nyttast inntil tjukk l. -Ragnillstølvevegn. Bør hete Ragnhildstølvegen, som de som har støler der, bruker. (sjå nedanfor under merknader frå Magne Onstad). 11 Magne Onstad -Ragnillstølsvegen. Stølen har i alle år hatt navnet Ragnhildstølen, så vi skjønner ikke hvor nemnda har fått navnet Ragnillstølsvegen fra. Alle kart og navneskilt viser også Ragnhildstølen. Ragnhildstølsvegen må bli navnet. Framlegget Ragnillstøl- er ut frå bygdeuttale, som er norm for namngjeving. Men namn som er innarbeidde vil vera argument hin vegen. Etter bygdeuttale verkar det elles rimeleg ikkje å ha genitivs-s i namnet. Framlegg: Ragnhildstølvegen, alternativt Ragnillstølvegen. 12 Knut Vidme Skattebo -Skogstadvegen. "Det nye boligfeltet" i Skrautvål kaller vi Skørvaåsen - fra fotballbanen til enden av åsen sør for Skrautvål skule. Det er etablert Vel-forening "Skørvaåsen Vel". Namneframlegg Skørvaåsen. Skørvaåsen er namn på sjølve stadion, garden Skørvé er på nordsida. Vegen ved skula er no stengd, og det er rimeleg med to vegnamn: 1 Veg frå Skørvaåsen forbi Kletteberget/Klettisberget (ved aldersbustadene) ned til Bergsrud. Framlegg: Klettisberget. 2 Veg frå Skrautvålvegen og nordover til bustadfeltet synna stadion (Skørvaåsen). Framlegg: Skørvaåsen.
13 Inger Stensli -Svarthamarvegen frå gamalt og også i dag, kallar vi denne vegen for Stølsvegen. Det blir også brukt ved skilting når vegen er stengd, og ved anbud og omtale ellers. Stølsvegen er vanleg mange stader, og Svarthamarvegen er tidlegare vedteki namn. -Høvssjøvegen mot Abbortjednet og Høvssjøen. Dette tjernet er av lokale kalla Kattultjednet. Framlegg: Kattultjednet. Nemndi har ikkje konkludert her. Namn på vatn kan synast problematisk som vegnamn, slik at til dømes Kattulvegen ville vera betre. -Putteskardvegen. Området med hytter, dei øverste heiter Surtind. Nemndi har endra framlegget til Putteskårvegen ut frå målføret. Eventuell endring elles er ikkje drøfta. Surtindvegen ville vera mogleg. -Idavøllvegen. Idavøllen er kun ei hytte av nyare tid. Vegen inn til Leirin der stølen til Arnold Skaar ligg går i området som kallast Kisteinhaugadn: forlag Kisteinhaugadn. Idavøllvegen er innarbeidt som vegnamn. -Rantrudvegen. Kjærstad heiter frå gamalt Lensebrøtin (kjem av lensing av tømmer). Lensebrøtin har vori uynskt av eigarar der på grunn av assosiasjon med å vera lens for noko. 14 Steinar Tvedt -Gjølmyrvegen frå RV51 til Gjølmyr/Liaset ulogisk da man ved å kjøre denne vegen til endes kommer til stølslaget Liaset uten å kjøre over Gjølmyr i det hele tatt. Framlegg: Liasetvegen fra Rv51, Gjølmyrvegen fra liasetvegen til Gjølmyr. Gjølmyrvegen og Liasetvegen (tek av frå Gjølmyrvegen) er vedtekne i kommunestyret før, og namneendring må då eventuelt opp som eiga sak. 15 Robert van der Veen -Buttilhaugvegen."Jeg synes at Dere burde bruke det eksisterende navnet av veien. Navnet av veien til huset mitt har allerede et navn som er: Høgehaugvegen". Økonomisk kart har Høgehaugvegen. Høgehaugen er namn andre stader, og på Fødnes ligg Høgvindvegen, slik at forvekslingar kan skje. Buttilhaugvegen var vald frå Mønavegen til Buttilhaugen, for å unngå fleire vegnamn der. Hjemli er vanleg namn på bruk ved Buttilhaugen. Huskop bruk der, Huskopen var ein kjend person i bygdi, og Huskop er bruksnamn der i 1905. Framlegg: Huskopvegen, alternativ Høgehaugvegen, Buttilhaugvegen, Hjemlivegen. 16 Teknisk etat -Geiteryggvegen bør få med noverande Naustedokkvegen, som bør flytjast til veg som kan køyrast fram til Naustedokké. Geiteryggvegen blir forlenga til å gå heilt fram til Tisleivegen. -Gråsteinvegen og Midtliavegen er same veg, og eitt namn bør vera nok. Gråsteinvegen framlegg om heile vegen, Midtliavegen går ut. -Leirin som områdenamn er sers ynskjeleg, då mange hytter er veglause (til dels på øyar). Leirin som områdenamn bør difor kunne godkjennast.
-Naustedokkvegen går ikkje heilt fram til Naustedokki, og vegnamnet bør flytjast. Naustedokkvegen blir flytt til krysset ved Forosetvegen, ned til dammen og vidare til Naustedokké og til Feten. -Robølsvegen er definert to gonger i framlegget, ulik strekning. Robølsvegen over Robølsstølatn frå Auståsvegen og attende til Auståsvegen. -Rogndokkvegen. Vegen blir namnsett i Vestre Slidre, men har ein stutt strekning i Nord- Aurdal, og felles namn er ynskjeleg. Nord-Aurdal bør nytte det namnet Vestre Slidre vedtek. Målføret har Raundåkké, og formannen har sendt melding til Gunnar Hauge (namnekomiteen i V. Slidre) og ynskt målføreform i namnet. -Tonsvegen er gardsnamn på 220 meter, og treng ikkje eige namn. Fleire namn med fyrsteledd Ton er bra å unngå, og me foreslår då at Tonsvegen fell ut, og får adresse til Tonsåslinna. -Ølsjøbakkatn: Vegen går ikkje vidare gjennom stølslaget. Vegen får namn berre fram til stølslaget.